{' '} {' '}
Limited time offer
SAVE % on your upgrade.

Page 1

Mandag-sider_SIDEMAL ODD 13.06.14 08.35 Side 9

9

FIRDA TIDEND • måndag 16. juni 2014

Sopran Caroline Wettergreen frå Bergen, sopran Kathrine Amdam Eckholm frå Ålesund, baryton Bernt Ola Volungholen frå Hedmark og tenor Eivind Kandal frå Gloppen fekk staånde applaus for framsyninga “Perler på en snurr” i Frislidlada onsdag kveld. Dei hadde med seg pianist Jacob Burhöi, medan Torstein Kollevåg er produsent for framsyninga.

Ståande applaus for “Perler på en snurr” i Frislidlada

SER æ Ny suksess for Eivind Kandal og co. NNER Publikum som tok turen inntil

35% rabat t

odukter ut juni

90

æ Besøkte Gloppen som del av sommarturné

til Frislidlada onsdag kveld blei servert operaperler på rekkje og rad og fekk ein god latter med på kjøpet. F.T: Benedikte Grov Opp låvebrua i bil entrar Eivind Kandal Frislidlada i rolla som Greven - klar for å servere publikum “Perler på en snurr - En komedieopera”.

Ny suksess Det er ikke først gong tenoren frå Kandalen saman med sopranane Caroline Wettergreen og Kathrine Amdam Eckholm og baryton Bernt Ola Volungholen besøkjer kommunen for å gi glopparane flotte opplevingar frå operaverda. I fjor hadde gruppa suksess med framsyninga “Trylledrikken” i Kandalen. I år har dei fire saman med pianist Jacob Burhöi og produsent Torstein Kollevåg lagt ut på sommarturné til Lifjorden, Hyllestad, Bygstad og Gloppen. Onsdag kveld var det Frislidlada sin tur til å romme ariar og duettar. Og mange hadde trassa regnværet for å oppleve Kandal, Wettergreen, Volungholen og Eckholm utfalde seg.

Fekk fram latteren Framsyninga operagruppa Operativet har sett saman er spunnen rundt det ulukkelege paret Greven

– Var det ikkje det her eg fekk opp i Kandalen? Bernt Ola Volungholen som Figaro og Eivind Kandal som Greven prøver seg på framstilling av elskovsdrikk. og Grevinnen, og det meir lukkelege paret Figaro og Susanna. Når Greven er ute etter Susanna innbyr det til forviklingar, mange sprell og solide dosar humor. Latteren sit laust i Frislidlada når Kandal og Volungholen set i gang med å lage elskovsdrikk. “Perler på en snurr” verkar å vere tilpassa både dei som har god kjennskap til opera og dei som opplever det som nytt. Blant nummera som blei framførde var der nok noko å dra kjensel på for dei fleste. Men kan det bli for mykje av det gode? - No kan vi ikke ha fleire kjedelege ariar. Operasjefen i Nordfjord sit og kjedar seg på sjette rad, bryt

Kathrine Amdam Eckholm og Bernt Ola Volungholen som Susanna og Figaro.

produsent Kollevåg plutseleg av, til latter frå publikum. Deretter framfører Kathrine Amdam Eckholm nydelege “O mio babbino caro”, medan Eivind Kandal dreg i gang “`O sole mio”.

SOLSKJERMING GARASJEPORTER VINDUSSPROSSER SOMMERkampanje! GODE PRISER

Ståande applaus Når den kring to timar lange framsyninga rundar av, haustar Kandal, Eckholm, Wettergren og Volungholen velfortent ståande applaus frå eit begeistra publikum. Og med ekstranummer og høvelege “Time to say goodbye/ Con te partirò” som avrunding for kvelden, blir den siste flotte perla sett på plass i rada.

NÅ!

Tenoren Eivind Kandal var på heimebane då han onsdag kveld besøkte Frislidlada med framsyninga “Perler på en snurr”. Frå hausten av tek Kandal til på mastergradsstudium ved Operaakademiet i København.

www.fasadeprodukter.no Ove Veberg tlf: 908 67 031

Åpent på mandager fra 12.00 – 17.00 Hafstavegen 32, 6800 Førde

Profile for TOKO-Productions

Perler På En Snurr 11.06.14  

Perler På En Snurr 11.06.14 i Frislidlada på Sandane

Perler På En Snurr 11.06.14  

Perler På En Snurr 11.06.14 i Frislidlada på Sandane

Advertisement