Page 1

Organisasjons nr. 992 443 774

Bankkonto 1503.51.65646

Årleg utdannings- og yrkesvalsmesse for kommunane Austevoll, Fusa, Os, Samnanger og Tysnes Arrangeres i 2017 i Nore Neset Aktivitetshus, Hagavik, Os 8. og 9. November 2017.

Austevoll

Fusa

Os

Samnanger

Tysnes

Os kommune er med å finansiera Bjørnefjordmessa.

Messa skal visa kva for bedrifter, offentlege verksemder og utdanningsinstitusjonar som fins i Bjørnefjordområdet og tilgrensa område. Dette kan vera bedrifter med særlege rekrutteringsbehov, og bedrifter som kan hende berre ønskjer å profilera seg i høve til ungdom og foreldre. Ein viktig funksjon på messa vil vera å synleggjera mogelege lærlinegplassar i bedriftene.


Målgruppe Messa si målgruppe er elevar frå alle ungdoms- og vidaregåande skular i regionen. For desse elevane vil det å delta på messa bli ein del av skuledagen. Messa vert ein del av pensum i Utdanningsfaget i ungdomsskulen. Elevane skal førebu seg til messevitjinga og messa vil bli følgd opp i undervisninga. Det er om lag 1700 elevar i denne kategorien. Elevar frå skular i tilgrensa område vil og bli inviterte til messa.

Ei anna målgruppe er vaksne, som ønskjer påfyll av utdanning, omskulering eller rehabilitering. På messa vil dei møta utdanningsinstitusjonar som byr på vidareutdanning, og bedrifter som byr på nye og alternative yrkesval. Å velja yrke i ei brytningstid Det første sjokket har lagt seg. Det synes ikkje å ha gått så ille med norsk næringsliv som ein kunne frykta etter 2015, sjølv om mange firma og enkeltpersonar og deira familiar kjenner belastningar. Reorganisering, nye produkt og bruk av eksisterande teknologi til nye føremål viser at vilja til omstilling er stor. Ein ingeniør starta grøtbutikk i Stavanger; og ein annan finner arena for sine kunnskapar i skulen og tar


pedagogisk tilleggsutdanning. Men grunnbehova fortsetter å vera dei same – kanskje med større grad av fokus på dei praktiske yrkesfaga. Kva skal til for å skifta meining? Korleis vil ein som såg for seg eit lengre studium skifta fokus og velja t.d. tømrar utdanning med muligheit for seinare studiar? Han eller ho må snakke med folk med relevant erfaring og kunnskap. Det finn dei på Bjørnefjorden utdanningsmesse i 2017.

Utstillarar I Bjørnefjordregionen ligg fleire av dei leiande bedriftane i landet innan maritime aktivitetar. Og slik vil det vera i overskodelig tid. Ein finn omfattande fiskeindustri og tilhøyrande skips-bygningsindustri. I Store deler av bjørnefjord bassenget finns ein omfattande havbruks- og oppdrettsnæring. Det vert drive framifrå forsking frå Universitetet i Bergen og frå lokale avdelingar av forskingsinstitutt innan marine fag. I tillegg er her ei allsidig næringsverksemd og offentlige aktivitetar. Målet vårt er å presentera eit breitt utval av desse aktivitetane saman med utdannings-institusjonane som førebur elevar til å ta del i slik verksemd.

Rettleiing til utstillarar og annonsørar Heimesida vår er å finna på: http://bjørnefjorden-utdanningsmesse.no/index.html Standard stand er 3 m brei med sideveggar på 1,5 m. Standen kan utvidast i modular på 1,5 m. Straum, internett-tilkopling, bord og stolar er inkludert i prisen. Middag 9. ovember er og inkludert i prisen.


Standard stand kostar kr 4500,-. Utviding per 1,5 m kr 1000,- I lista over utstillarar vil namna kunne søkjast direkte på internett. Utstillarar og andre kan støtta Lions humanitære arbeid ved å kjøpa søkbar annonseplass med logo på heimesida for kr 2000,-. Skjema for bestilling av stand og annonse er lagt ut på vår heimeside. Kontakt oss

Prosjektansvarleg Thorleif Eikeland thorleif.eikeland@gmail.com Prosjektleiar Bjørn Solheim bjorn.solheim@mac.com Vaksenopplæring og rehabilitering Per Solberg solberg.per@online.no Kasserar Bjarne Drange bjarnedrange@gmail.com Salgsansvarleg Erik Bøe eboe2@online.no Riggansvarleg Ragnar Lyssand ragnar.lyssand@gmail.com Øvrige komitémedlemmar Wenche Lyssand Sverre Holm Kjell Aarbakke Helga Vikøyr Rød Harald Grotle

wenchelyssand@gmail.com sverrholm@gmail.com kjelliaa@hotmail.no helgaroed@gmail.com harald.grotle@me.com

Os Lions Club er arrangør av Bjørnefjorden utdanningsmesse. Hovudsponsor er Os kommune.

Os kommune Økonomisk overskot frå messa går i sin heilheit til Lions humanitære arbeid lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Som utstillar og/eller annonsør støttar du dette arbeidet.

Infobrosjyre nett  

info om Bjørnefjorden utdannigsmesse 2017

Advertisement