Page 34

Fo rs ke r n es ve rkt ø y

34

Norsk Ordbok, Universitetet i Oslo

4

Kontaktperson: Andreas Tandberg | Tlf.: 22 85 57 53 E-post: andreas.tandberg@iln.uio.no | www.no2014.uio.no

Lag ordbok med oss! Har du lyst til å sjå korleis ei ordbok blir til? I bua til Norsk Ordbok lagar vi ordbok av publikum sine eigne ord. Du blir med på heile prosessen! Norsk Ordbok 2014, som til dagleg lagar ei stor, vitskapleg dokumentasjonsordbok over nynorsk språk og norske dia­ lektar, inviterer alle som kjem på Forskingstorget, til å vere med på å lage ordbok. Ta med eit ord frå dialekten din, så legg vi det inn i systemet vårt via ein elek­ tronisk redigeringsapplikasjon. Til slutt kjem ordet ut på ein stor skjerm, som ein ordentleg ordboksartikkel med ordklasse­ informasjon, definisjon og døme. Det blir dess­utan mogleg å skri­ ve ut artikkelen, slik at kvar og ein kan få med seg det ferdige produktet heim.

På laurdagen blir det i år som i fjor eit etymologipanel. Her kan du stille spørsmål om opphavet til eit ord direkte til tre skarp­ skodde språkforskarar. Lurer du på kvar orda våre kjem frå? – Ta dei med og kom til bua vår på laurdagen! I tillegg til alt dette kan du søkje i dei elektroniske databasane til Norsk Ordbok, bla i dei åtte banda av ordboka som er komne ut så langt og elles spørje oss om alt som har med norsk språk å gjere. BOD 4

Norsk Ordbok 2014

Forskningstorget 2010  

Programbrosjyre

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you