Page 1

Årsmelding 2016

”Saman leier vi Sunnmøre inn i framtida” Giske - Haram - Hareid - Herøy - Norddal - Sande - Sandøy - Skodje - Stordal - Stranda - Sula - Sykkylven - Ulstein - Vanylven - Vestnes Volda - Ørsta - Ørskog - Ålesund


Innhold Innleiing 3 Om Sunnmøre Regionråd IKS 4 Organisasjonen 4 Representantskapet 4 Styret 5 Administrasjonen 5 Revidert strategi 2016 - 2019 6 Politisk arbeid og møter 7 Lånekassa i Ørsta Høyringsfråsegner og uttaler Møte med Helse Møre og Romsdal HF Arena Sunnmøre Sunnmøre Soningssenter Sunnmøre Regionråd i media 8 Arbeidet med kommunereforma 9 Interkommunalt samarbeid 11 Samhandling innan helse 11 Skule- og barnehageutvikling 11 Ungdomstrinnsatsing 13 Energiøkonomisering 14 Innovasjonsskulen 15 Avslutning 16 Kreditering: Fotografi i årsmeldinga Vedlegg: Rekneskapen for 2016

2

17


Innleiing Sunnmøre Regionråd har i fleire år vore med og lagt til rette for samarbeidsprosjekt mellom deltakarkommunar innan store område for kommunal tenesteproduksjon som barnehage, grunnskule, ungdomsskule og helsetenester. Innan tekniske tenester har vi prosjekt om energieffektivisering og fornybar energi. Dette kan du lese meir om i denne årsmeldinga.

Sunnmøre Regionråd vedtok i 2016 ein revidert strategi for perioden 2016-2019 med visjonen «Saman leier vi Sunnmøre inn i framtida.» Strategien vart til etter ein grundig prosess i styret (og med involvering av tilsette) før han vart handsama i representantskapet.

2016 var eit godt år for Sunnmøre Regionråd økonomisk sett med eit årsresultat (inkl. finans) på kr. 212.000,-. Inntektene (drift+finans) var knapt 10,9 millionar kroner. Eksterne tilskot utgjorde over 60% av driftsinntektene, og sikra eit høgt aktivitetsnivå.

Foresightstudien Sunnmøre i framtida frå 2010 trakk opp to scenarier på Sunnmøre fram mot 2030; eit der Sunnmøre overbeviser og eit der Sunnmøre vert fillerista. Ser ein tilbake på dei snart sju åra som har gått sidan foresightstudien vart gjort, kan ein vel seie at Sunnmøre har fått oppleve litt av begge deler.

Rekneskapen finn ein bakerst i årsmeldinga.

Sunnmøre Regionråd vil med revidert strategi 2016-2019 stå sterkare som organ for å fremje sunnmørske interesser. Vi vil vere samlande, synlege og utviklingsorientert på vegne av Sunnmøre. Ved å spele godt i lag på Sunnmøre aukar vi sjansen for å vinne kampane med andre regionar i inn- og utland om arbeidsplassar og tilflytting. Til det treng vi ein region der bykommunar og landkommunar skin i glansen av kvarandre. Sunnmøre Regionråd har i fleire år arbeidd ut frå slagordet «Utvikling gjennom samarbeid» - eit slagord vi tek med oss vidare i revidert strategi mot 2019. Arbeidet med kommunereforma fram mot underteikning av intensjonsavtalar i 2016 styrka dialogen mellom kommunane på Sunnmøre. Sunnmøre Regionråd var sekretariat og forhandlingsleiar. Vedtaka i kommunereforma vedkjem ikkje regionrådet, men det gode samarbeidet ønskjer vi å byggje vidare på i eit nytt prosjekt om demokrati i kommunane.

3


Om Sunnmøre Regionråd IKS 3.2 Styret

Sunnmøre Regionråd IKS er regional utviklingsaktør og samarbeidsorgan for 19 kommunar på Sunnmøre og i Romsdal med nærare 150 000 innbyggjarar. Medlemskommunane er Giske, Haram, Hareid, Herøy, Norddal, Sande, Sandøy, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Ulstein, Vanylven, Vestnes, Volda, Ørsta, Ørskog og Ålesund.

Styret i Sunnmøre Regionråd består av ordførarar og rådmenn som vert valde av representantskapet (jf. selskapsavtalen § 7). Representantskapet vel også styreleiar og nestleiar. Det vart halde 6 styremøter i 2016. Til saman vart 54 saker handsama på desse møta. Styret arbeidde med revidert strategi for Sunnmøre Regionråd 2016-2019 i tillegg til saker om kommunereform, regionreform og samferdsel.

Selskapet sitt føremål går fram av selskapsavtalen § 3: «Sunnmøre Regionråd er eit felles organ for deltakarkommunane. Selskapet har som målsetting å bidra til ei positiv utvikling i regionen samla og i deltakarkommunane. Selskapet skal vere ein aktiv regional pådrivar med vekt på regional samfunnsutvikling og næringsutvikling og interkommunalt samarbeid. Selskapet skal drive med regional strategiutvikling, vere ein regional utviklingsaktør og fremje saker som utviklar regionen.

Styret fram til årsmøtet 27. mai 2017 var som følgjer:

Styreleiar Anders Riise (ordførar i Hareid kommune) Styremedlem/nestleiar Vebjørn Krogsæter (ordførar i Haram kommune) Styremedlem Jan Ove Tryggestad (ordførar i Stranda kommune) Styremedlem Lena Landsverk Sande (ordførar i Vanylven kommune) Styremedlem Synnøve Vasstrand Synnes (rådmann i Ørskog kommune) Styremedlem Astrid Eidsvik (rådmann i Ålesund kommune) Styremedlem Wenche Solheim (rådmann i Ørsta kommune)

Sunnmøre Regionråd skal vektlegge offentleg partnarskap og partnarskap mellom kommunar og næringslivet, vere ein arena for samhandling på Sunnmøre med vekt på regional utvikling, nærings- og kompetanseutvikling, regionalrammevilkår og samferdsel og vere eit bindeledd mellom politikk, næringsliv, utdanning, helse og andre regionale og statlege styringsorgan.» Jf. vedteken strategi for perioden 2012-2015 er regionrådet sine satsingsområder effektiv samhandling for dei kommunale tenestene, regional næringsutvikling og fremming av felles interesser overfor fylke og stat.

Varamedlem

Organisasjonen

Varamedlem Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune) Varamedlem Geir Inge Lien (ordførar i Vestnes kommune) Varamedlem Knut Erik Engh (ordførar i Ulstein kommune) Varamedlem Marit Elisabeth Larssen (rådmann i Giske kommune) Varamedlem Einar Vik Arset (rådmann i Ulstein kommune)

3.1 Representantskapet Representantskapet er Sunnmøre Regionråd IKS sitt høgste organ, og består av ordførarane i deltakarkommunane (jf. selskapsavtalen § 6). Det vart halde 4 møter i representantskapet i 2016. Til saman vart 45 saker handsama på desse møta. Sakene var mellom anna kommunereforma, regionreforma, interkommunalt plansamarbeid, byregionprogrammet i Ålesundregionen, kollektivløft for Ålesundregionen, revidert strategi for Sunnmøre Regionråd 2016-2019, grunnlagsdokument Nasjonal transportplan 2018-2029, demokratiprosjekt og strategisk næringsplan. Fylkesmannen i Møre og Romsdal deltok på 3 av møta.

4


* På representantskapsmøtet nr. 3 2016 14. oktober 2016 vart Marit Larssen vald til nytt styremedlem i staden for Einar Vik Arset. May-Helen Molvær Grimstad vart vald til nytt varamedlem til styret i staden for Marit Larssen.

På årsmøtet 27. mai vart det vald nytt styre

Styreleiar: Jan Ove Tryggestad (ordførar i Stranda kommune) * Nestleiar: Vebjørn Krogsæter (ordførar i Haram kommune) * Styremedlem: Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune) Styremedlem: Lena Landsverk Sande (ordførar i Vanylven kommune) * Styremedlem: Dag Olav Tennfjord (ordførar i Skodje kommune) Styremedlem: Synnøve Vasstrand Synnes (rådmann i Ørskog kommune) Styremedlem: Einar Vik Arset (rådmann i Ulstein kommune)

Styret vart etter dette

Styreleiar: Jan Ove Tryggestad (ordførar i Stranda kommune) Nestleiar: Vebjørn Krogsæter (ordførar i Haram kommune) Styremedlem: Eva Vinje Aurdal (ordførar i Ålesund kommune) Styremedlem: Lena Landsverk Sande (ordførar i Vanylven kommune) Styremedlem: Dag Olav Tennfjord (ordførar i Skodje kommune) Styremedlem: Synnøve Vasstrand Synnes (rådmann i Ørskog kommune) Styremedlem: Marit Larssen (rådmann i Giske kommune)

* Vald for eitt år i staden for to, då dei vart valde inn i førre styret i 2015.

Varamedlem Varamedlem: Geir Inge Lien (ordførar i Vestnes kommune) Varamedlem: Arnulf Goksøyr (ordførar i Herøy kommune) Varamedlem: Jørgen Amdam (ordførar i Volda kommune) Varamedlem: Wenche Solheim (rådmann i Ørsta kommune) Varamedlem: Marit Larssen (rådmann i Giske kommune)

Varamedlem

Varamedlem: Geir Inge Lien (ordførar i Vestnes kommune) Varamedlem: Arnulf Goksøyr (ordførar i Herøy kommune) Varamedlem: Jørgen Amdam (ordførar i Volda kommune) Varamedlem: Wenche Solheim (rådmann i Ørsta kommune) Varamedlem: May-Helen Molvær Grimstad (rådmann i Sykkylven kommune)

3.3 Administrasjonen

Administrasjonen i Sunnmøre Regionråd bestod i 2016 av: Dagleg leiar Jan Kåre Aurdal, rådgivar Vegard Sperre Austnes, rådgivar Erlend Krumsvik , rådgivar Per Ivar Lied (til 30. juni 2016), kommunikasjonsrådgivar Ingvild Liadal, prosjektleiar energieffektivisering Einar Haram, utviklingsrettleiar Torunn Måseide og pedagogisk koordinator Nils Magne Abelseth.

5


Strategi 2016 - 2019 I 2016 vart strategien til Sunnmøre Regionråd revidert. Det vart utarbeidd ein ny visjon for selskapet, nye kjerneverdiar, nye slagord, nye strategiske mål og nye tiltak. Regionrådet si rolle i å fremje sunnmørske politiske interesser vart understreka.

Strategi mål 2 2.1 Vi besøker næringslivet og kompetansemiljøa i regionen med tema innovasjon og utvikling. 2.2 Vi arrangerer årleg Sunnmørskonferansen i januar med tema regional konkurransekraft. 2.3 Vi utarbeider strategisk næringsplan for Sunnmøre i eit globalt perspektiv. 2.4 Vi vurderer eigna modell for organisering av samarbeidet mellom kommunar og næringsliv, til dømes i form av eit «Sunnmøre Utvikling AS.» 2.5 Fokus på dei unge i forhold til utdanning og arbeidsliv. 2.6 Fokus på moglegheiter innan grøn energi, i dette ligg både energieffektivisering og fornybar energi.

Visjon: «Saman leier vi Sunnmøre inn i framtida» Kjerneverdiar: «Samlande, synleg og utviklingsorientert» Slagord: «Utvikling gjennom samarbeid»

Mål

Mål 1: Fremjing av sunnmørske politiske interesser Mål 2: Fremje eit mangfaldig arbeidsliv Mål 3: Utvikling av kommunale tenester

Strategi Strategi mål 1

1.1 Vi er «på» dei store politiske sakene heile tida. 1.2 Sakene går som gode politiske prosessar internt i regionrådet, og då spesielt opp mot representantskapet («Sunnmørsrådet»). 1.3 Representantskapet gjer klare vedtak. 1.4 Vi driv lobbyverksemd frå sak til sak, ved jamnlege kontakt og møter med Mørebenken på Stortinget og andre politikarar. 1.5 Vi har kompetanse innan informasjon og samfunnskontakt, synast godt i media og er aktive i samfunnsdebatten. 1.6 Vi arrangerer årleg Arena Sunnmøre for formannskapa i kommunane.

Strategi mål 3 3.1 Rådmannsgruppa vurderer kvart av dei interkommuale fag-/tenestesamarbeida i regionrådet sin regi. 3.2. Rådmannsgruppa vurderer fortløpande å starte nye prosjekt for å støtte effektiv utvikling av kommunale tenester, jf. her også prosessane kring kommunereforma.

6


Politisk arbeid og møter 5.1 Lånekassa i Ørsta

5.4 Arena Sunnmøre

Ei av hovudmålsettingane til Sunnmøre Regionråd er å fremje eit mangfaldig arbeidsliv på Sunnmøre. Sunnmøre Regionråd engasjerte i 2016 seg for å bevare Lånekassa sitt kontor i Ørsta som var trua av nedlegging.

Arena Sunnmøre fann stad 25. oktober 2016 og samla formannskapa frå deltakarkommunane. Temaet i 2016 var offentleg innovasjon. Spørsmålet til drøfting var om offentleg innovasjon krev ei endra politikarrolle.

Først gav Sunnmøre Regionråd uttale til styret i Lånekassa der ein bad dei om å ikkje foreslå for Kunnskapsdepartementet å leggje ned kontoret i Ørsta. Då dette ikkje førte fram, vart det halde møter med statssekretær og statsråd i Kunnskapsdepartementet om saka.

Mellom innleiarane var professor Eva Sørensen frå Roskilde Universitet og Nord Universitet som snakka om at samskaping (mellom offentlege og private aktørar for å skape det gode samfunn) krev ein ny praksis for leiing.

5.2 Høyringsfråsegner og uttaler

Sunnmøre Regionråd starta prosessen med nytt fengsel på Sunnmøre i 2012. Etter valet i 2015 vart det konstituert ei ny prosjektgruppe som skulle arbeide for å realisere planane for nytt soningssenter. Styringsgruppa består av prosjektleiar Dag Olav Tennfjord (ordførar Skodje kommune), Bente Vikhagen Glomset (rådmann Skodje kommune), Erlend Krumsvik og Jan Kåre Aurdal frå regionrådet, Heidi Hansen frå Nordplan, Per Sigurd Våge frå Kriminalomsorga og Eva Vinje Aurdal (orførar Ålesund kommune). Prosjektgruppa arbeider kontinuerleg med denne saka overfor Justisdepartementet, Mørebenken og andre sentrale politikarar. Samtidig så skal Kriminalomsorga utarbeide ein KVU for Vestlandet før ein tek stilling til vidare utbygging. Dette arbeidet skal starte i 2017. Lokaliseringa er avklara for lengst, og arbeidet med detaljregulering av tomta vert truleg ferdigtilt i 2017. Siste året har vi arbeidd mykje med bl.a. midlar til prosjektering. Deler av prosjektgruppa besøkte også Bergen Kretsfengsel våren 2016. Det var nyttig å sjå korleis eit større fengsel er organisert.

5.5 Sunnmøre Soningssenter

Sunnmøre Regionråd kom med høyringsfråsegner og uttaler i ei rekkje saker, mellom desse var: • Støtteerklæring til Ålesund kommune sin søknad om å verte utviklingssenter for sjukeheim og heimeteneste i Møre og Romsdal. • Ordføraropprop om at HV 11 må styrkjast og ikkje leggjast ned. • Innspel til Stortingsmelding om bærekraftige byar og sterke distrikt. • Uttale om at det må prioriterast tilstrekkelege økonomiske ressursar til vidare utvikling av Nødnett i regionen. • Høyringsfråsegn om plangrunnlaget til Nasjonal transportplan 2018 - 2029. • Uttale om fagleg organisering av NTNU i Ålesund der ein tok til orde for at framhald av eigne institutt ville vere best for å sikre ein vellukka fusjon. • Fråsegn med krav om at fagtilbodet ved neonatalavdelinga i Ålesund vert ivareteke.

Prosjektgruppa ser at vi må halde saka varm og bruke fleire muligheiter til å få dette prosjektet i hamn. Politisk påverknad er ein måte, og heilt sikkert den viktigaste.

5.3 Møte med Helse Møre og Romsdal HF Sunnmøre Regionråd arrangerte møte med Helse Møre og Romsdal i Volda 29. januar 2016 vedkomande Nasjonal helse- og sjukehusplan, Strategi 2030 HMN og Utviklingsplan HMR 2030.

7


Regionrådet i mediebildet Mørenytt

Tidens Krav

Sunnmøre Regionråd ber i ein uttale om Nødnett at det blir prioritert økonomiske ressursar til tiltaket, og viser til røynsle frå stormen Tor i januar.

Sunnmøre Regionråd støttar Kristiansund i å få løn og rekneskapskontoret til politiet.

Sunnmørsposten

NRK Møre og Romsdal

Både Ålesund kommune og Sunnmøre Regionråd har bede om økonomiske garantiar for drift av neonatal intensiv ved Ålesund sjukehus. Dette fordi dei fryktar at ytterlegare funksjonar blir flytta til St. Olavs.

Regionrådet sin prosjektleiar i energieffektivisering og energiøkonomisering, Einar Haram i samarbeid med Haram kommune, fekk endelig vise fram sitt forbileteprosjekt - Eidet omsorgssenter.

NRK Møre og Romsdal

Mørenytt

Leiaren i Sunnmøre Regionråd meiner det er viktig for Strynefjellsvegen å få støtte i den nasjonale transportplanen.

Lånekassen i Ørsta, ordførarane på søre og regionrådet kunne endeleg feire då ein fekk behalde distriktskontoret.

8


Arbeidet med kommunereforma Uavhengig av utfallet i kommunereforma har arbeidet medført at betre kunnskap om kvarandre, og auka tillit til kvarandre gjennom betre vennskap, har styrka samhaldet mellom kommunane på heile Sunnmøre. I denne valperioden har vi eit sterkt interkommunalt samhald som ein aldri før har erfart, og som vår region haustar gode erfaringar frå i etterkant av arbeidet med kommunereforma. Sunnmøre Regionråd har totalt vore innvolvert i 7 kommunereformprosjekt, der arbeidet med alternativ «Indre Stordfjord», mellom Sykkylven, Stranda, Stordal og Norddal, ikkje vart vidareført inn i 2016. Nedanfor er ei kort oppsummering av arbeidet med dei einskilde kommunereformprosjekta gjennom 2016.

Arbeidet med kommunereforma i 2016 var ei vidareføring av det gode arbeidet som var lagt ned i 2015. Fokus tidleg på året var å få alle dei nye politiske toppleiarane og dei nye forhandlingsutvala opp på ei tilsvarande forankring som arbeidet med kommunerefoma hadde oppnådd i kommunane før valet i 2015. Etter det Sunnmøre Regionråd IKS erfarer av tilbakemeldingar frå våre eigarkommunar, vart dette arbeidet tilfredstillande levert. Det som har prega arbeidet med kommunereforma på Sunnmøre har vore dugnadsinnsatsen mellom politikarar og administrativt tilsette. Det har vore ei samhandling mellom partar som ein ikkje har erfart tidlegare, og det har blitt bygd relasjonar på fleire nivå. Særleg ynskjer Sunnmøre Regionråd å framheve at det har blitt ein styrka respekt mellom politikk og administrasjon, og særleg ein styrka relasjon mellom våre eigarkommunar. Storfjord kommune I

Regionkommune Ålesund

(Skodje, Ørskog, Vestnes, Stordal og Norddal kommune)

(Ålesund, Sula, Giske, Skodje, Sykkylven, Haram, Sandøy, Ørskog, Stordal og Hareid kommune).

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Erlend Krumsvik.

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Erlend Krumsvik.

Arbeidet i Sonderingsgruppa vart avslutta 2. februar 2016.

Norddal, Stranda og Ulsteinvik kommune gjekk ut av prosjekta innan utgangen av januar 2016.

- Haram kommune gjekk ut av prosjektet i 2015, men tok initiativ til å bli med i forhandlingane.

- Felles informasjonsmøte til kommunestyre og ungdomsråd måndag 29. februar 2016.

Forhandlingane vart gjennomført følgjande dagar; 9. februar og 11. februar og 17. februar og 8. mars og 9. mars.

Arbeidet med Sonderingsgruppa vart avslutta onsdag 3. februar. Forhandlingane vart gjennomført følgjande dagar; 19. februar, 1. mars, 15. mars og 16. mars.

- Haram og Vestnes kommune avslutta forhandlingane etter møtet 11. februar.

- Signeringsmøte 18. mars 2016 ved Høgskulen i Ålesund med alle forhandlingspartane.

Signeringsmøte 17. mars 2016 i Norddal kommune, med Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal kommune.

9


Stranda og Sykkylven

Volda og Ørsta

Stranda og Sykkylven kommune

Volda og Ørsta kommune

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Erlend Krumsvik.

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Per Ivar Lied.

Sunnmøre Regionråd har ikkje vore engasjert inn i utgreiinga eller sonderingar mellom kommunane.

Utgreiingar og sonderingsarbeid ferdigstilt på slutten av 2015.

Forhandlingene vart gjennomført følgjande dagar; 18. februar, 4. mars og 11. mars.

- Felles kommunestyremøte i Loen 20. - 21. januar. Med ungdomsråd, tillitsvalte, kommuneleiingar.

Signeringsmøte 17. mars 2016 i Stranda kommune, mellom forhandlingspartane.

Forhandlingane vart gjennomført følgjande dagar; 29. januar, 4. ferbruar, 11. ferbruar, 18. februar, 22. februar og 15. mars. Signeringsmøte 15. mars 2016 i Furene, mellom forhandlingspartane.

Runde kommune

Storfjord kommune II

Ulstein, Herøy, Hareid, Sande og Vanylven kommune.

Stordal og Norddal kommune

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Per Ivar Lied.

Forhandlingane vart leia av Sunnmøre Regionråd v/ Erlend Krumsvik.

Arbeidet i Sonderingsgruppa vart avslutta 6. januar 2016.

Etter initiativ frå Stordal kommune gjekk Stordal og Norddal kommune til nye forhandlingar om intensjonsavtale for kommunesamanslåing.

Forhandlingane vart gjennomført følgjande dagar; 25.01, 27.01, 01.02, 08.2, 12.02, 12.02, 22.02, 29.02 og 04.03.

Forhandlingane vart gjennomført følgjande dagar; 17.11, 06.12 og 13.12.

Signeringsmøte 20. mars 2016 i Ulstein kommune, mellom forhandlingspartane.

Signeringsmøte 13. desember 2016 i Stordal kommune, mellom forhandlingspartane.

Møte- og aktivitetsnivået går langt ut over det som kort blir skissert innanfor kvart kommunereformprosjekt ovanfor. Det har vore praktisert eit prinsipp om at møter i dei ulike kommunereformprosjekta skal leggjast til alle involverte kommunar. Ordføraren i vertskommunen har alltid blitt oppfordra til å presentere eiga kommune, og på denne måten blir ein betre kjent med kvarandre.

Norge tidlegare. Dei ulike politiske vedtaka i kommunereforma vedkjem ikkje arbeidet til Sunnmøre Regionråd. Arbeidet med kommunereforma har blitt finansiert av skjønnsmidlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Utan desse midlane hadde ikkje Sunnmøre Regionråd IKS vore i stand til å gjennomføre dette arbeidet. Fylkesmannen har også gitt Sunnmøre Regionråd gode råd og god rettleiing i arbeidet.

Vi kan notere oss for ein mulig norgesrekord, då kommunereformprosjekt «Ålesund kommune» samla 10 kommunestyre til felles samling. Vi har ikkje kunnskap om at ei slik samling har blitt gjennomført i

10


Interkommunalt samarbeid Samarbeid

8.1 Samhandling innan helse

Oppvekst har eit nært samarbeid med Torunn Måseide, som er tilsett som Utviklingsrettleiar for den nasjonale satsinga Ungdomssteg i Utvikling (UiU) sidan januar 2014, med formell tilsetting frå 1.april 2014.

Sunnmøre Regionråd er koordinator for eit nettverk av helseleiarar frå 18 kommunar som sidan 2011/2012 har hatt faste møter om lag 5 gongar i året. Bakgrunnen foretableringa av nettverket var samhandlingsreforma «Rett behandling – på rett stad – til rett tid».

Vi tek begge del i arbeidsutval- og nettverkmøta i regionen. Vi samarbeider om store prosjekt, kurs, konferansar og seminar i tillegg til andre satsingar frå fylkesmann og stat. Nils Magne Abelseth, som er tilsett som Pedagogisk koordinator, har primært ansvar for det interkommunale barnehage- og skuleeigarnettverket og saker som gjeld satsingar på barnehage og barnesteget. Han har også ansvar for samarbeidet mellom skule og næringsliv.

I 2016 vart det handsama 35 saker på dei 5 møta. Tema var kunnskapsdeling, samråd, samarbeid om uttaler, oppnemning av felles representantar, prosjektarbeid, forhandlingar med Helse Møre og Romsdal om samhandlingsavtale, velferdsteknologi, fagleg dialog med Helse Møre og Romsdal HF på ulike nivå (seksjon, klinikk, samhandlingsavdeling og adm. dir.) og dialog med andre (t.d. Helsedirektoratet.)

Arbeidet i det interkommunale barnehagenettverket: Det interkommunale barnehagenettverket har hatt fokus på kompetanseheving i barnehage. Det har vorte satsa sterkt på å skolere personell utan godkjend utdanning og med lite erfaring. Det vart gjennomført kurs i Kompetanseheving for assistentar med liten eller ingen erfaring i regi av Fagerlia vidaregåande med støtte frå fylkesmannen også i 2016. Det har vore stor interesse for kursa.

Sunnmøre Regionråd er i tillegg sekretariat for Lokalt samhandlinsgutval for Volda sjukehusområde og Lokalt samhandlingsutval for Ålesund sjukehusområde. Oppgåvene til desse utvala går fram av delavtale 12 til samhandlingsavtalen mellom kommunane og Helse Møre og Romsdal.

Vi har gjennomført 3 kurs og det tredje starta opp i september 2016. Samarbeid med BORK: Planlegging av oppstart mot fagbrev. Dette er eit tilbod til dei som har kompetanse/ gjennomgått kompetanseheving for å ta fagbrev. Førskulelærarutdanning: Studentane ved den desentraliserte førskulelærarutdanninga i regi av Høgskulen i Volda heldt fram dette året.

Det er 4 møter per år, 2 rundt Volda sjukehus og 2 rundt Ålesund sjukehus.

8.2 Skule- og barnehageutvikling

Integrering og språkopplæring: Dette har vore eit fokusområde for det interkommunale barnehagenettverket og det er gjort eit stort arbeid for å dele kunnskap og kompetanse innan dette fagfeltet. Styrarutdanning: Vi starta eit arbeid med å få oppretta styrarutdanning for barnehageleiarar i Ålesund.

Prosjekt Skule- og barnehage utvikling har som mål å: • Skape ein sterk kunnskaps region på Sunnmøre i skule og barnehage. • Sikre kvalitets- og komp tanseheving og fagleg og organisatorisk utvikling i skule og barnehage.

Det er stor etterspørsel og interesse for dette i kommunane i regionen. Etter ein anbodsrunde, der Høgskulen i Volda hadde det beste tilbodet, vart dette starta opp i Ålesund frå hausten 2016 med ca. 30 s tudentar. Ein fekk OU-midlar frå KS til dette prosjektet.

Året 2016 i Sunnmøre Regionråd Oppvekst

Det har vore totalt 6 nettverksmøte for kommunalsjefar, konsulentar, rådgjevarar og skule- og barnehageansvarlege på nordre Sunnmøre. I forkant av møta har arbeidsutvala tatt opp saker og satt agendaen. Arbeidsutvala både for barnehage- og skulesatsing i regionen har hatt fokus på behov i kommunane på nordre Sunnmøre.

11


Mentorutdanning: Det vart starta eit arbeid med å få til mentorutdanning i Ålesund. Høgskulen i Volda vart kontakta og samarbeid oppretta. Denne utdanninga vert ein del av ei masterutdanning og kjem i gang frå hausten 2017.

kvalifisert. Her har vi undersøkt i alle kommunar og funne ut at det er store behov for vidareutdanning i engelsk, norsk og matematikk. Nettverket for skule vedtok i 2016 at ein skulle satse på å få lagt KfKutdanning til Ålesund.

Arbeidet i det interkommunale skulenettverket:

Arbeidet med dette vart starta og ein avtale med NTNU om studium i Eng 1 vart avklart rett før nyttår 2016.I dei andre faga er det fortsatt Høgskulen i Volda vi samarbeider med. Dette er eit viktig arbeid for regionen og det er heilt avgjerande at eit godt regionalt samarbeid ver vidareført. UDIR og skuledirektøren i Møre & Romsdal er veldig tydelege på det.

Ungdomtrinn i Utvikling (UiU) Dette er eit område Torunn Måseide er tilsett i. Det har vore eit nært samarbeid med Oppvekst om oppstartinga/ gjennomføring av dette prosjektet. Utdanningsdirektoratet si satsing på Ungdomssteget har ein strategi som er bygd på Stortingsmelding 22: Motivasjon, Meistring og Mulegheiter. Det er ei nasjonal satsing med støtte til lokalt utviklingsarbeid i klasseleiing, rekning, lesing og skriving. Satsinga har 3 sentrale virkemiddel: Skulebasert kompetanseutvikling, lærande nettverk og pedagogiske ressursar. Det vart laga ein strategi for satsinga lokalt hausten 2014 som er følgt til no. Satsinga omfattar alle ungdomsskular og kombinertskular i regionen. Satsinga har fokus på utviklingsarbeid, profesjonsutvikling og kollektive prosessar i forhold til organisasjonsutvikling. Med fokus på meir praktisk, variert og relevant undervisning er målet å få ned fråfallet i den vidaregåande skulen. Arbeidet med å forankre satsinga i kommunar og skular har hatt fokus heile året 2016.

Fagdagen-2016:

Kurs 1: IKT i skulen Sikker bruk av IKT i barnehage og skule Pedagogisk programvare Kurs 2: Relasjonskompetanse/relasjonsbygging, arbeid mot mobbing, læringsmiljø Fagdagane i august-2016 hadde fokus på IKT i skulen og Relasjonskompetanse/ relasjonsbygging/ arbeid mot mobbing/læringsmiljø. Alle klassar ved skulane fekk desse tilboda. Målet er kompetanse og inspirasjon ved skulestart for lærarar i regionen, i forhold til behov som er meldt av skuleeigar. Godt oppmøte på begge kursa og gode tilbakemeldingar frå deltakarar og kommunar.

Vurdering for læring

Dette er ei stor nasjonal satsing med fokus på vurdering som fremmer læring gjennom heile grunnskuleløpet. Dei 4 prinsippa om mål for timen, kriterier for å nå måla, konstruktiv tilbakemelding og elevinvolvering har hatt fokus i denne satsinga og arbeid i interkommunale lærande nettverk er sentralt. Erfaringsdeling har gitt mange gode innspel til vidare arbeid på kvar av skulane som har deltatt i satsinga. Fylkesmannen gav midlar til vidareføring av denne satsinga i 2016. Dette prosjektet omfattar såleis alle skular i region nordre Sunnmøre. Dette er eit område som går inn i det meste ein arbeider med innan Oppvekst.

Hausten 2016 vedtok nettverket for skule at ein skulle satse på praktisk/estetiske fag på fagdagen i 2017. Samarbeid med NTNU er etablert også på dette området.

Skule og næringsliv, realfag:

Teknologi i praksis. Sunnmøre naturfaglærarforum vart stifta 28.oktober 2014 etter initiativ frå realfagslærar ved Blindheim Ungdomsskule. Det vart også arrangert kurs i regi av NTNU Ocean Space Explorer med deltakarar frå heile Sunnmøre. Dette er eit viktig ledd i å styrke realfaga i skulen.

Ungt Entreprenørskap

Rektorutdanninga

Samarbeidet mellom Ungt Entreprenørskap og Sunnmøre Regionråd held fram og regionrådet har arrangert kurs i både Elevbedrift og Innovasjonscamp i løpet av 2016. Mange av kommunane på Sunnmøre har arrangert innovasjonscampfinalar ved eigne skular i 2016. Det vart bestemt at dei skulane som gjennomfører slike finalar skal inviterast til å vere med på ein regionfinale i Ålesund i juni 2016. Denne finalen vart gjennomført på Parken Kulturhus 9. juni med 500 elevar, lærarar og inviterte til stades. Arrangementet var svært vellukka og skal gjentakast i 2017.

Skulenettverket la ned eit omfattande arbeid for å få på plass rektorutdanning i regionen. Ålesund er senteret i regionen vår og i 2016 gjennomførde vi første runde med eit kull på over 40 studentar! Frå hausten starta andre kullet opp med over 30 studentar. Begge kulla i nært samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane. For å få til ei slik utdanning i Ålesund er det viktig at alle kommunane i regionen vår står samla og samarbeider. Dialogen med skuledirektøren er også tett.

Vidareutdanning

Sentrale politikarar har vedtatt å innføre Kompetanse for Kvalitet (KfK). Dette er ei reform som seier at alle som underviser i basisfaga i barneskulen skal ha 30 studiepoeng i faget og alle som underviser i desse faga på ungdomstrinna skal ha 60 studiepoeng for å vere

12


Samarbeid med Høgskulen i Volda

Fleire og fleire kommunar i regionen bruker Ungt Entreprenørskap sine program både på barnesteget og ungdomssteget for å fremme samarbeidet mellom skule og næringsliv. I 2016 la Ålesund kommune ned eit stort arbeid for å få gjennomført Ålesundsløypa, som inneber eit systematisk arbeid med Ungt Entreprenørskap sine program på ulike årstrinn for alle grunnskular. Ein ønskjer å utvikle og tilpasse «Ålesundsmodellen» til andre kommunar. Mange har starta på dette arbeidet.

Heile 2015 og våren 2016 brukte vi til å fullføre satsinga Vurdering for Læring og førebu oss til å gå inn i satsinga Ungdomstrinn i Utvikling. Frå august 2016 har alle ungdomsskulane og kombinert skulane på nordre Sunnmøre samarbeidd med Høgskulen i Volda om sitt sjølvvalde satsingsområde og klasseleiing. Den første store felles samlinga for alle ungdoms - og kombinert skular i regionen var 9. februar-2016 på Color Line Stadion, i Ålesund. Alle skulane møtte med to eller fleire deltakarar og Høgskulen skisserte sine planar for satsingsperioden. Frå august 2016 har alle ungdomsskulane og kombinert skulane på nordre Sunnmøre samarbeidd med Høgskulen i Volda om sitt satsingsområde. Dette arbeidet går over 1,5 år til jul 2017.

Maritim næring

Sunnmøre Regionråd har eit godt samarbeid med maritim næring og ulike opplæringskontor i regionen. Vi er aktivt med i møter rundt rådgjevartenesta både lokalt og på fylkesnivå. Målet er å bidra til å gi dei unge innsikt i lokalt næringsliv og dei muligheitene som finns.

Kollektivt fokus

Ungdomstrinn i utvikling er ei nasjonal satsing og satsingsområda er dei grunnleggjande ferdigheitene i rekning, lesing, skriving i alle fag og klasseleiing eller læringsleiing som Høgskulen i Volda kallar det. Gjennom satsinga er det eit klart mål at skulen skal utvikle seg meir kollektivt og mellom anna nytte kollegarettleiing og erfaringsdeling på og mellom skular som verktøy for å bli ein meir lærande organisasjon. Likeeins skal kvar leiar og lærar utvikle sin profesjon som leiar av læring gjennom utprøving og refleksjon for å kunne gi kvar elev meir læring.

Møteplassar og nettverk

I alle satsingar Sunnmøre Regionråd Oppvekst organiserer er det fokus på å skape møteplasser som gir rom for samarbeid på alle nivå. Det gjeld både skule og barnehage. Erfaringsutveksling og kunnskapsbygging på tvers av kommunegrenser er viktig og nødvendig i eit godt regionalt samarbeid.

8.3 Ungdomstrinn i utvikling Generelt om satsinga Ungdomstrinn i utvikling

Ressurslærarar

I 2014 vart det laga ein strategi for satsinga Ungdomstrinn i Utvikling I regionen. Som Utviklingsrettleiar har eg arbeidd etter denne og nytta strategien som verktøy for kvar vi vil med dette arbeidet. Bakgrunn for Ungdomstrinn i Utvikling er Stortingsmelding 22: Motivasjon, Meistring, Muligheiter. Denne stortingsmeldinga kom som eit resultat av lave elevprestasjonar på ulike testar som til dømes Pisa og Tims rundt 2000 og eit behov for å lære av ande land som til dømes Canada, der elevane presterte betre. Denne figuren viser hovudområder for satsinga. Den skal vere skulebasert som betyr at det er behova på eigen skule som skal ligge til grunn for det arbeidet kvar skule gjer og den støtta som blir gitt frå Høgskulen i Volda.

Kvar skule i regionen har ein eller fleire ressurslærarar som skal vere pådrivarar for satsinga på eigen skule. Desse blei valt i løpet av våren 2016. Ressurslærarane får opplæring av Utdanningsdirektoratet sentralt og deltok på 3 samlingar i 2016. Ressurslærarane har og eit eige nettverk i regionen som er leia av Utviklingsrettleiar.

Skuleeigar og skuleleiar

I løpet av den tida satsinga varer arrangerer også Utdanningsdirektoratet opplæringssamlingar for skuleeigarar og leiarar. Den første felles nasjonale samlinga var 3-4. mai 2016 og ei samling i oktober. Skuleeigar sin rolle er sentral i satsinga som pådrivar for UIU i eigen kommune og rektor er ansvarleg for satsinga på sin skule. I tillegg har Høgskulen i Volda leiarrettleiing for skuleeigar, rektor og ressurslærarar i alle kommunar. Knut Roald har instruert skuleeigar i regionen om eigen rolle og ansvar for å utvikle lærande møter som gir inspirasjon til skuleutvikling Sykkylven og Sula, Giske og Skodje. Stranda og Ålesund arbeider åleine.

Mål og tiltak

Målet for Ungdomstrinn i Utvikling er meir praktisk, relevant, utfordrande og variert undervisning som skal motivere til betre læring og auka gjennomføring i vidaregåande skule. Tiltaka er skulebasert kompetanseutvikling, der alle tilsette og leiing deltek, lærande nettverk og pedagogiske nettressursar som ligg på Utdanningsdirektoratet sine nettsider og på nettsidene til dei nasjonale sentra Lesesenteret, Skrivesenteret, Matematikksenteret og Åtferdssenteret.

13


8.4 Energieffektivisering

Utviklingsrettleiarrolla

Utviklingsrettleiar samordnar arbeidet med UIU i regionen i samarbeid med kommunar og Høgskulen i Volda. Utviklingsrettleiar er og ein pådrivar i arbeidet og reiser rundt til kommunar og skular for å følgje prosessar tett på skulane og gi innspel om gode grep for å kome vidare. Utviklingsrettleiar skal vere ein samspelar både for kommunar og skular og samarbeide med Høgskulen i Volda for å skape god dialog og gode prosessar.

Regionrådet bistår mange av deltakarkommunane med å realisere tiltaka i energi- og klimaplanane deira. Vidare følgjer regionrådet opp myndigheitene sin politikk når det gjeld reduserte utslepp av co2 og nox. Forventa resultat av arbeidet er reduksjon av energiforbruket for kommunane på nordre Sunnmøre er minst 25 % i forhold til forbruket i 2009, det vil seie 28 millioner kwh. Resultat vert 365 millionar kroner i akkumulert gevinst etter 25 år ved energipris på 0,8 kr/kwh.

Torgdag for alle

Pulje 5 skulane i Vurdering for læring avslutta si satsing med Torgdag på Valderøy barneskule der alle skular kunne komme med si utstilling og sitt arbeid knytt opp mot vurdering for læring og få innblikk i korleis andre har jobba. Ein lærerik dag der erfaringsdeling og gode døme på utviklingsarbeid hadde fokus.

Status når det gjeld utskifting av LED armatur er: Kontrakter for kommunane Giske, Haram, Norddal, Sandøy, Sande, Skodje, Stordal, Stranda, Sula, Sykkylven, Vanylven, Vestnes, Ørskog og Ålesund er etablert og arbeidet er i full gang. Vi arbeider med å få på plass kontrakt for Volda kommune.

Oppsummering

Det blir gjort mykje godt arbeid på alle skular for å gi kvar elev meir læring. Alle skular har eit kollektivt fokus for å bli ein lærande organisasjon med felles mål, felles strategi for å nå målet. Samarbeidet med Høgskulen i Volda fungerer godt og gir retning og struktur til arbeidet. Det er viktig å ta dette prosjektet vidare etter 2017 då dei statlege midlane tek slutt. Det er viktig å ha ei god regional ordning for skuleutvikling og godt samarbeid på tvers av kommunar og skular gjer dette arbeidet meir berekraftig og robust!

Ved utgangen av 2016 er det skifta ut ca 8300 HQL armaturer med nye LED armaturer. Den totale energireduksjonen for disse armatura er ca. 7,3 millionar kwh. Imidlertid har ikkje kommunane betalt for meir enn 62 % av dette på grunn av varmetap i armatur. Dermed blir energireduksjonen for kommunane ca. 4,5 mill kwh. Sidan ein starta opp i 2012 har kommunane til saman fått eit akkumulert økonomisk resultat på ca. 15,8 millionar kroner. Inkludert i dette er utbetaling frå ENOVA med ca. 3,74 millionar kroner. Regionrådet har arbeidd for å få i stand EPC- kontrakter (energisparekontrakter) for raskast mogleg å få realisere det sparepotensialet som er kartlagt ved energimerking og energikartlegging. No er Volda kommune og Herøy kommune, samt eit mindre prosjekt i Sykkylven kommune, i gang. Prosjektleiaren utarbeider stadig nye søknadar til Enova til investeringar i prosjektet og innan utgangen av 2016 hadde ENOVA gitt tilsagn om 28,5 millionar kroner sidan starten på prosjektet i 2011. Eidet Omsorgssenter i Haram vart 95% ferdigstillt i 2016 . Dette er eit forbildeprosjekt i samarbeid mellom Enova, Haram kommune og Sunnmøre Regionråd med omsyn på å utnytte og styre energibruken på ein best mogleg måte . Alle kommunane i Sunnmøre Regionråd arbeider aktivt for å redusere utsleppa av co2 gjennom å realisere vedtaka i energi- og klimaplanane. Kommunane er difor med på å gjere sitt til at verda kan nå togradersmålet i 2020. Spesielt innan transportsektoren på land og til sjøs er det stort potensial. Sunnmøre Regionråd deltok på energimesse i Hannover i Tyskland i april i år. Vi fikk bekrefta at hydrogen i samferdselssektoren og som energilager for straum produsert ved hjelp av fornybar energi (vindmøller, solcellepanel, småkraftverk) er under stor utvikling.

14


8.5 Innovasjonsskulen

Sunnmøre Regionråd er prosjektleiar for økonomi og organisering i prosjektet Hellesylt Hydrogen HUB til Stranda kommune. Prosjektet skal vurdere om det er lønsamt å produsere hydrogen ved hjelp av energi frå småkraftverka i Stranda kommune. Planen er å levere hydrogen til ei ferje som skal trafikkere fjorden frå Hellesylt til Geiranger.

Sunnmøre Regionråd har i samarbeid med Høyskolen i Lillehammer (HiL) gjennomført eit skreddersydd innovasjonsstudium for kommunane. Studiet er basert på ”Nasjonal Innovasjonsskole for kommunesektoren”, som er utvikla av HiL på oppdrag frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Trondheim kommune si driftsavdeling heldt 18. mars 2016 kurs for rådmenn og administrativt personell om korleis dei driftar eigedomsavdelinga si. 30 personar deltok. Sunnmøre Regionråd gjennomførte energianalyse for den nye hallen ein tenkjer i bygge i Ørsta sentrum. Med dei tiltaka Sunnmøre Regionråd har vore engasjert i (inkl. gatelys og der ein har sett i gong energioppfølgingssystem) sparer kommunane om lag 6,8 millionar kWh pr. år. Dette utgjer ein økonomisk gevinst på ca. 5, 44 millionar kroner pr. år.

Det formelle utdanningsløpet vart gjennomført skuleåret 2015-2016, med avsluttande eksamen sommeren 2016. Eksamen har bestått av ei gruppeoppgåve og ein individiell eksamen. Studiet har gitt deltakarane 30 studiepoeng på masternivå. 40 studentar leverte endeleg prosjektoppgåve og 32 gjekk opp til eksamen. Blant dei rangerte karakterane A til C. 21 % av deltakarane fekk A, 41% fekk B og 38% fekk C. Innovasjonsskulen hadde deltakarar frå kommunane Ålesund, Sandøy, Ulstein, Volda, Skodje, Haram, Norddal, Ørsta og Sula. Undervisninga var lagt opp med ein kombinasjon av undervisning, øvingar, gruppearbeid, presentasjonar og drøftingar i plenum, I tillegg eit viktig sosialt program på kvar samling, som bygg under grunnlaget for utvikling gjennom samarbeid kommunane i mellom.

Samlingar

15. - 17. september 2015 Union Geiranger 03. - 04. november 2015 Ålesund Waterfront 08. - 09. desember 2015 Thon Hotel Fosnavåg 19. - 21. januar 2016 Studietur til København 14. - 15. mars 2016 Ålesund Waterfront 26. - 27. april 2016 Union Geiranger Juni 2016 Eksamen

Alumnisamlingar med næringslivet 20. januar 2017 Storfjord Hotel

Hausten 2016 vart nytta til å planlegge det vidare arbeidet med Innovasjonsskulen, der målet er å knyte kontakt mellom næringsliv og kommunane. I påvente av forprosjektet knytt til Demokratiprosjektet vart fyrste alumnisamling saman med næringslivsorganisasjonane på Sunnmøre gjennomført tidleg i 2017.

15


Avslutning Sunnnmøre Regionråd IKS hadde i 2016 2 fast tilsette. I tillegg var det i alt 6 tilsette (5 frå 1. juli 2016) på tidsavgrensa prosjekt. Blant dei tilsette var det 6 menn og 2 kvinner. I styret var det 4 kvinner og 3 menn (bortsett frå i perioden 27. mai 2016 - 14. oktober 2016 då det var 4 menn og 3 kvinner). Selskapet driv ikkje med produksjon eller anna verksemd som forureinar det ytre miljøet. Arbeidsmiljøet er godt og sjukefråveret tilnærma lik null. I årsrekneskapen er føresetnaden om drift av Sunnmøre Regionråd lagt til grunn, då det etter styret si oppfatning ikkje er forhold som tilsier noko anna. Ålesund 12. mai 2017

Styret

16


Vedlegg

17


18


19


20


21


Årsmelding Årsmeldingen er et fellesprodukt med bidrag fra prosjektleiarane og administrasjonen.

Redaksjon Vegard Austnes Ingvild Liadal

Grafisk design og trykk Ingvild Liadal Ålesund kommune Ålesund kommune

Hustrykkeriet

Bilder i årsmeldinga Sande kommune Vestnes kommune

Geir Magne Sætre Reidun Bjlverud

Ulstein kommune Per Eide Giske kommune

Børge Sandnes

Hareid kommune

Victoria Ernstsen

Herøy kommune

Herøy kommune

Norddal kommune Monika Høydal Lingaas Skodje kommune

Skodje kommune

Stranda kommune

Stranda kommune

Ørsta kommune Ålesund kommune

22

Erlend Krumsvik Ålesund kommune

Årsmelding Sunnmøre Regionråd IKS 2016  
Årsmelding Sunnmøre Regionråd IKS 2016  
Advertisement