Page 1

FOKUS


Forsidebilde: Ida Marie Carlsen


Fra alle oss i Fotoklassen 2017– 2018, til deg.


AMALIE KOLSTAD CHRISTOPHERSEN


ANDRÉ MOORE


HERMAN HARR KAMFJORD MARAAS


HOGNE GRAN ELVESTAD


HÃ…KON RYBAKKEN


IDA MARIE CARLSEN


JAKOB BRANDAL ØSTRINGEN


JOSEFIN GILBERT


KRISTINE LØKKE


MAJA-SOFIE ANGELL MOEN


MARGIT RØNNING OMHOLT


MARTIN APAYAUQ REITAN


ODA KÃ…SIN RUSTEN


OLE OSKAR ERIKSEN


PAULA JEE VASSKOG ULLALAND


SARA SOFIE NAESS


SIGRID HEGGDALSVIK


THOMAS GJELSTEN SVIUND


TUVA MARIE LIEN JOHANSEN


VILDE CHARLOTTE VANBERG ERIKSEN


Fotolinja på Sund Å møte opp første skuledag, spent og nervøs på korleis dei neste månadene blir. Og møte fleire nye andlet enn du kan hugse at du har gjort før. Ekstra spent på kven andre av dei hundre menneska du helsar på som skal gå same linje som deg. Fikle nervøst med kamera. Synes det er uvant men litt fint å arbeide med fotografi på denne måten. Lære at foto er så mykje meir enn å trykke på ein knapp. Bli trygg på det grunnleggande. Overraske deg sjølv over kva ein eigentleg kan få til. Glede seg til linjetid. Grue seg til helg. Vi tek bilete i den gylne åkeren utanfor skulen. Bli fascinert over kor vakkert det er på Sund. Bli forelska i lyset i det sola går ned og treff diskokula i klasserommet. Ikkje klare å la vere å fotografere fordi det er så fint. Tur ein søndag etter ein god frukost, og fotografere kanskje ikkje dine beste bilete men fine bilete likevel. Akseptere at ikkje alt går etter planen kvar gong, men at det nokre gonger er det beste. Plutseleg er det haustferie. Alle skal tilbake, og ut av bobla. For det er verkeleg slik. Det er ei boble, som ein høyrer alle snakke om, som ein ser skje på reality-tv. Kome tilbake til den gamle kvardagen og lure på om det heile eigentleg har vore ein draum. Snart tur til Berlin. Å kunne sitte saman med ho du ikkje har snakka så mykje med før. Smile breitt og le høgt fordi han som eigentleg kalla seg keisa,

berre har så utruleg mykje fint i hovudet. Finne på morosame sprell, bli enda betre kjent. Ikkje få sove på nattoget, men kunne lene hovudet på skuldra til sidemannen medan ein høyrer på musikk som på ein eller annan måte har blitt Sund for deg. Dele rom på hostell med fleire enn du trudde kom til å gå bra. Igjen bli overtydd om at det som regel går betre enn ein forventar. Fotografere i nye miljø. Heile tida lære noko nytt om seg sjølv og andre. Djupe samtalar på slitte hostellrom med billig snacks frå butikken over gata. Bli kjempelei alle saman og kunne trekke seg tilbake. Danse. Le. Og danse litt meir. Ingen tvang sjølvsagt. Kome tilbake etter tur, legge seg sliten i senga. Redigere bilete. Sortere bilete. Slette bilete. Berre vere få, fordi dei andre linjene framleis er på tur. Berre vere få, og sitte i peisestova til etter midnatt. Berre vere få, og å kunne ta imot dei andre linjene når dei kjem heim. Heim til Sund. Plutseleg jul. Ingen gjer jul som Sund. Julekalender i foredrags-salen. Peparkaker i spisesalen. Juleverkstad i peisestova. Og i tillegg til alt står sola berre lågare og lågare for kvar dag. Ein dag er sola nesten gått ned før ho har stått opp. Trekke inn i studio. Lære om lyssetting. Høre på diskomusikk med Janne.

Janne. Beundre og sette pris på ein lærar som brenn for faget sitt. Som du føler deg heldig som får lov til å bli kjent med. Som forklarer det så fint, det du ikkje skjønte for eit par timar sidan. Som er ganske tolmodig, sjølv om vi er tjue stykke som treng hjelp akkurat samstundes. Nytt år. Nye moglegheiter. Same, fine Sund. Kjenne det er godt å vere heime, men òg kjenne det har vore fint å savne Sund. Savne klassa. Savne lyset. Savne stemninga. Oppleve at det aldri er flaut å spørje om hjelp med innleveringar. Få ho ved sidan av deg til å vise deg akkurat den funksjonen i Photoshop. Å få ros for noko ein har arbeidt hardt med. Merke at ein blir betre. Bli glad fordi andre bli betre. Å kunne vere ærleg. Å kunne gråte saman. Le saman. Kome seg ut av lokalmiljøet ein har vakse opp i, få nye impulsar, få venar frå heile landet. Finne ut at alt ikkje alltid er så lett. Smake på vaksenlivet, men samtidig kunne vere i den trygge bobla av barndom. Gjere ting ein aldri ville gjort elles. Bli kjent med menneske ein aldri ville blitt kjent med elles. Tørre å gjere det ein før ikkje turte. Styrke sin eigen eksistens.


Redaksjon, Tekst & Design Josefin Gilbert

Amalie Kolstad Christophersen

Thomas Gjelsten Sviund

Paula Jee Vasskog Ullaland

Magasinet Fokus – Fotolinja Sund fhs 2017–2018  

FOKUS – Fotolinja ved Sund folkehøgskole 2017–2018

Magasinet Fokus – Fotolinja Sund fhs 2017–2018  

FOKUS – Fotolinja ved Sund folkehøgskole 2017–2018

Advertisement