Issuu on Google+

13 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

TEMA Pengane dine Pengevarsel – Eg legg ofte turen til Nordfjord og besøkjer familie og venner i staden for å bruke opp pengane på sydenturar, seier Eli Kari Gjengedal. Vêrdama i TV2 er blant kjentfolk som gir lesarane våre gode spareråd i dagens avis. Firda vil ta føre seg ulike tema annankvar tysdag framover.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


14 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

RAGNAR ÅMOT ■ Alder: 51 år ■ Sivilstand: Sambuar, ein son på 12 år ■ Bustad: Florø (men reknar seg som jølstring) ■ Yrke: Lærar ved Krokane barneskule ■ Hobby: Fotballdømming og skogsarbeid ■ Aktuell: Har tent gode pengar på aksjar og eigedomsinvesteringar

SPARERÅD – SPARING ER SUNT, ÅRET RUNDT ■ Dersom du er nøgd med seks prosent rente, så bør du setje pengane i banken. Om du vil tene meir, er andre investeringar lurare. ■ Kjøp aldri på avbetaling. Det vert dobbelt så dyrt. ■ Kjøp din eigen bustad. Sjølv om du må ta opp lån, så betaler du heile tida til deg sjølv. Å leige bustad tener du ingenting på. ■ Studentar og skuleungdom kan tene inntil 39 997 kroner utan å betale skatt. Pass på å jobbe i feriar, og utnytt dei skattefrie fordelane. Den sjansen får de aldri seinare i livet. ■ Unngå bruk av bankkort. Eg brukar berre kontantar. Ei undersøkning viser at folk som betalar med kort i butikkane, brukar meir enn dei som betaler kontant. Det betyr likevel ikkje at eg har mykje kontantar liggande heime til ei kvar tid. ■ Bruk avtalegiro til rekningar. ■ Sparing er sunt, året rundt. Ved sparing i aksjefond er det lurt med faste månadlege trekk. Då unngår du dei verste svingingane i marknaden. ■ Spar i eit globalt godt selskap. Om du har mykje pengar, så fordele risikoen. Sprei investeringane i bankobligasjonar, aksjar og eigedom. Aksjar er høg risiko, investering i eigedom i utlandet er relativ liten risiko og konto i banken er i dag det sikraste. Når bankrenta er høgare enn inflasjonen, taper ein ikkje på å ha pengane ståande der. ■ Ver klar over at det er stor risiko ved å låne for å spare i aksjar. Det kan gå bra, men du kan også risikere å tape alt.

TAP OG VINN MED SAME SINN: Ragnar Åmot har vore med på både opp- og nedturar i aksjemarknaden. I dag investerer han mest i fast eigedom i utlandet, fordi det er både sikkert og lønsam

– Den første millionen er vansk SPARING: Han har tapt mykje pengar, men tent endå meir. Det har gått sport i sparing for mannen som sparer stort i eigedom og aksjar – og smått ved å unngå å bruke bankkort. ANNE BRITT SANDØY Tekst

Jølstringen, småskulelæraren og fotballdommaren Ragnar Åmot, har hatt aksjar og pengeplassering som hobby i over 20 år. Han er provet på at også «vanlege» folk kan operere i ein vanskeleg bransje. – Det er ikkje noko fasitsvar, det er det som gjer

■ Ragnar Åmot har aksjesparing som hobby det så spanande, seier den sindige idrettsutøvaren, som har vore med på både opp og nedturar i aksjemarknaden desse åra. I 2004 tapte han 340 000 kroner på aksjar i Texus Biomed, eit selskap som skulle forske på nye medisinar mot kreft. – Aksjane vart skrivne ned. Heldigvis greidde dei å gjere det slik at vi fekk frådrag på 90 prosent av tapet, fortel Åmot.

Eigedom og skip Dei siste åra har han valt å trekkje seg meir ut av aksjemarknaden og heller satse på eigedom og

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

skip. For tre år sidan hadde han ein formue på tre millionar. No står den som 0. Pengane er ikkje vekke, men reinvesterte i fast eigedom og skip i utlandet gjennom investeringsselskapet Acta, som disponerer totalt 90 milliardar kroner, og som han meiner gjev gode råd om pengeplassering. – Eg har ein personleg

rådgjevar som ringer med jamne mellomrom. Han passar på pengane mine, som om det var hans eigne. Acta tek høge provisjonar, men det er verdt det, så lenge dei gjer det godt, meiner Åmot, som har fått dobla investeringane dei siste tre åra. Gjennom Acta investerer han i blokker i Sverige og Tyskland, hotell i USA og næringsbygg i dei

«På vanlege folk kan det verke som skattesnyteri, men vi berre utnytter eit system som er lagt opp slik» Ragnar Åmot

baltiske statane Estland, Latvia og Litauen. Han har også plassert pengar i skip, som vert leigde ut på langsiktige ontraktar til faste ratar.

Slepp formueskatt – Ein annan fordel med å investere i eigedom, er at investeringsselskapet også har ein del lån i desse prosjekta. Då slepp ein formueskatt, opplyser Åmot. Han fortel vidare at i motsetning til vanleg lønsinntekt, så betaler ein berre 28 prosent skatt av kapitalinntekter. – På vanlege folk kan det verke som skattesnyteri, men vi berre utnytter


TEMA PENGANE DINE 15 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Kostnadseffektiv løysing for ditt kontor Bizhub C203 Norges mest selde multifunksjonsmaskin for små og mellomstore bedrifter!

Med C203 får du inkludert i prisen mange av dei modulane du lyt betale ekstra for på andre modellar. • Den er klargjort for nettverk og kjem med ferdig installert nettverkskort. • Skanneren er rask og taklar dei fleste filtypar. • Kopieringa går raskt unna med 20 sider i minuttet både med farge og svart/kvitt utskrifter. • Den er kompakt men samtidig svært fleksibel. • Brukarvennlegheita er høg og det meste kan gjerast gjennom brukarpanelet med enkel layout og navigasjon. • Det er heller inga sak å tilpasse maskina til dei fleste typar kommunikasjonsløysingar.

t.

Hovudforhandlar i Sogn og Fjor dane

Frå 29.990,- eks. mva for C203 med 2 skuffer, skanner og dok. matar. Vi har også større modellar i same serien for dei som har større krav. Ta kontakt for meir informasjon!

Foto: Arne Stubhaug

kelegast eit system som er lagt opp slik, understrekar han. Ragnar Åmot meiner det er ein klar fordel å ha personleg rådgjevar. Dei presenterer nye prosjekt, og om det går dårleg, så kan ein gjere nye grep undervegs. – Eg har møte med min rådgjevar annakvar månad, og i tillegg ringjer han av og til. Både møte og telefonar er alltid på kveldstid, slik at det ikkje går ut over jobben min, seier Åmot som er lærar ved Krokane barneskule i Florø.

Humbug i bransjen Rundt 15 prosent av formuen har han plassert i brasilianske fond og aksjar i selskapet IOTA

(Independent Oil Tools AS, som driv med utleige og sørvis av oljeboringsutstyr). Desse investeringane styrer han sjølv. – Aksjane i IOTA har gått ned nærmare 30 prosent sidan eg kjøpte dei for to år sidan, men eg ser på dei som ei langsiktig investering. Ein lærer etterkvart at det går opp og ned, og må leve med og tole begge deler, meiner Åmot. For to år sidan tente fleire hundre tusen på dei aksjane han selde i DNO (Det norske oljeselskap). – Hadde eg helde på dei litt lenger, hadde vinsten vorte endå større. Det betyr alt kor tid du kjøper og kor tid du sel. Du må vere nøgd med

det du får, og ikkje gråte over spelt mjølk. Ragnar Åmot åtvarar mot at det er ein del humbug i aksjemarknaden. Det kan vere store aktørar som kjøper og driv opp kursen, og så sel igjen med god forteneste. – Det er ikkje så bra for oss småbrukarane. Det lønar seg å vere skeptisk, åtvarar Åmot, som meiner at det ofte vil løne seg å bruke rådgjevarar. – Når det gjeld investeringar, så hugs at det er den første millionen som er vanskelegast. Seinare går det lettare…

anne.britt.sandoy@enivest.net

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Flexilån – Er du klar, står pengane klare

Skal du kjøpe nytt hus, ny bil eller pusse opp? Då kan Flexilån gi deg den økonomiske handlefridomen du treng. Flexilån er eit fleksibelt lån basert på pant i bustad innanfor 80% av takst. Flexilån: Ramme kr 2 mill. Nominell rente per 17.12.07 = 6,20%* Effektiv rente ved utnytting: 20%: 6,81%; 50%: 6,55%; 100%: 6,47% * Gjeld fordelskundar. Etablering og depotgebyr kr 1000,- samt månadsgebyr kr 50,-. Du disponerer lånet sjølv, og kan overføre pengar til din brukskonto via Nettbank eller Telefonbank. Med Flexilån er pengane klare på konto når du er klar for å handle. For nærmare informasjon, sjå www.spv.no eller ring oss på 815 22 002.


16 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Inkasso på slankepiller meir v ■ Men Sogn og Fjordane er framleis best i klassen ØKONOMI: Dei fleste beløpa som går til inkasso, er på under tusenlappen. Hugo Mølmesdal i CrediCare meiner det er betalingsmoral og ikkje pengar det skortar på. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

– Manglande betaling av treningsavgift på helsestudio har vi også mange saker på. Folk kjøper årskort på treningsstudio, der dei skal betale månadlege avdrag, men etter kort tid finn dei ut dei ikkje gidd meir, og sluttar og betale. I alle desse tilfella har kjøpar inngått ein kontrakt, som dei ikkje oppfyller.

Single menn i 30-åra – Folk har ikkje lenger same respekt for å gjere opp for seg. Størstedelen av sakene vi behandlar, kunne lett ha vore unngått, fastslår Hugo Mølmesdal, som er administrerande direktør i inkassobyrået CrediCare i Førde.

– Vi som forbrukarar må tenkje gjennom kva vi går inn på, oppfordrar Mølmesdal. Mobil er ein tredje gjengangar hos inkassobyrået, men her er folk kjappe til å betale, for mobil er noko dei ikkje vil vere forutan.

Slankepiller Han fortel at spesielt mange postordrekjøp går til inkasso. Framover no reknar han med dei blant anna vil få inn ein del saker med manglande betaling av slankepiller, bestilt impulsivt på nyåret.

Folk har ikkje lenger same respekt for å gjere opp for seg Hugo Mølmesdal

FOLK ER SLØVE: Folk i dag har god råd og høg risikovilje. Dei er ikkje like flinke som tidlegare til å betale rekningane sine innan fristen, seier Hugo Mølmesdal. Til høgre på biletet sit Dag Gunnar Alværen.

Flest inkassorekningar vert sendt til single menn i 30-åra. Dei har høgst forbruk og høgast gjeld. Mølmesdal trur årsaka kan vere ein kombinasjon av samlivsbrot og det at menn har høgare risikovilje enn kvinner. – Kva skjer dersom du ikkje betalar inkassokrava? – Går det så langt at du får ein betalingsmerknad, så vil du få problem til dømes om du skal ta opp lån. Ein slik merknad kan sperre for mykje. Tidlegare vart ein slik merknad liggande i tre år etter at den var betalt, men no vert den sletta umiddelbart.

CREDICARE ■ CrediCare, tidlegare Vest inkasso, arbeider for betre kredittrutinar for små og mellomstore bedrifter i Norge. ■ CrediCare er eit av Norges ti største inkassobyrå med hovudkontor i Førde. Dei leverer også tenester innan fakturering og betalingsoppfølging. ■ Selskapet har 36 tilsette, 25 av dei jobbar i Førde. ■ Administrerande direktør er Hugo Mølmesdal. Han eig selskapet saman med Bernt W. Bertelsen.

Fleire saker til inkasso – Kva råd vil du gje til dei som har fått inkasso? – Dersom du har problem med å betale eller er usamd i kravet, så ta kontakt med ein gong. Folk bør også vere bevisste, og ha ein tanke for at det dei kjøper på kreditt faktisk skal betalast. Mølmesdal fortel at talet på inkassosaker har auka jamt og trutt dei siste ti åra, men samstundes får færre betalingsmerknadar. Tendensen er også at folk handlar meir på kreditt i gode tider, fordi dei reknar med det vil komme inn meir. I nedgangstider er folk generelt sett meir forsiktige. Folk i Sogn og Fjordane ligg framleis under landsgjennomsnittet for inkassokrav, men vi nærmar oss landssnittet til eldre vi vert. – Normalt er det dei yngste som dreg ned statistikken, men slik er det ikkje her i fylket. Når vi held dette opp mot folketalsutvikling og alderssamansetning, så er det snarare eit prov på at våre unge flyttar frå fylket, trur Hugo Mølmesdal.

DÅRLEGE BETALARAR Kort statistikk for 2007 ■ På landsbasis går fire millionar oppdrag til inkasso kvar år. Av desse vert om lag 160 000 registrerte som dårlege betalarar. ■ Kjønnsfordelinga viser at 65 prosent av dei dårlege betalarane er menn. (102 000 menn mot 56 000 kvinner). Kvinnene står for berre 20 prosent av krava. ■ I 2007 vart det registrert 2132 dårlege betalarar i Sogn og Fjordane. Av desse var 411 nye, samstundes som 518 kom ut av denne statistikken. Det er ein nedgang på rundt fem prosent. Med 2,5 prosent dårlege betalarar mot snittet på 4,2 prosent, er vi dei beste i landet. ■ Del av dårlege betalarar i aldersgruppa under 20 år i Sogn og Fjordane er 0,2 prosent, mot 0,6 prosent på landsbasis. ■ Del av dårlege betalarar i aldersgruppa over 50 år, er 26 prosent i Sogn og Fjordane, mot 22 prosent på landsbasis.

anne.britt.sandoy@enivest.net

Revisjon, skatt og bedriftsrådgivning.

MEST SMÅBELØP: Folk i dag er impulsive, og Mølmesdal i CrediCare.

Naustdalsvegen 1, 6800 Førde Tlf. 57 82 84 00, faks 57 82 84 01

Med 25 høyt kvalifiserte personer fordelt på tre kontorer bidrar vi med revisjon og rådgivningstjenester i hele fylket. Florø tlf: 57 75 25 25, Førde tlf: 57 72 13 80, Sogndal tlf: 57 67 65 70

Deloitte er en av Norges ledende multidisiplinære tjenesteytende virksomheter med ca. 750 ansatte. Deloitte er organisert i to juridiske enheter: Deloitte AS og Deloitte Advokatfirma DA. Våre klienter finnes såvel blant store internasjonale bransjeledende foretak som blant små bedrifter som er typiske for det norske næringslivet. Internasjonalt utgjør vi en del av Deloitte Touche Tohmatsu med 150.000 ansatte i over 140 land.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

• • • • • •

Rekneskap Lønn Fakturering Årsoppgjer Online tilknyting Økonomisk rådgjeving

A u t o r iser t re k nes k a ps fø ra rsel s k a p


TEMA PENGANE DINE 17 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

vanleg enn på bil Frå ubetalt faktura til betalingsmerknad

går inn på langvarige avtalar når det gjeld til dømes kjøp av slankepiller og årskort på treningssenter. - Tenk nøye gjennom alle slike avtalar, rådar administrerande direktør Hugo

Heilt kongle! Bli med Anna inn i det magiske Kongleriket sjå www.kongleriket.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

Hugo Mølmesdal i CrediCare fortel at det er lovar og reglar som sikrar deg som forbrukar rimelig tid til å gjere opp for deg, før du står i fare for å bli registrert med betalingsmerknad eller at det blir satt i gang rettsleg pågang. Her er nokre sentrale omgrep og aktivitetar i saksgangen: ■ Inkassovarsel. Før kravet vert teke opp som inkassosak, skal det være sendt eit inkassovarsel med 14 dagar betalingsfrist. Ver merksam på at du ikkje har krav på purringar ut over dette. ■ Betalingsoppfordring. Første brevet frå inkassobyrået er påført eit såkalla lett inkassosalær og gjev deg 14 dagar betalingsfrist. Er du ytterlegare 14 dagar forseinka, kan salæret blir fordobla (tungt salær) ■ Betalingsavtale. Dersom du ikkje klarer å betale innan fristen du har fått, bør du ta kontakt med inkassobyrået for å inngå ein betalingsavtale. På denne måten får du kontroll over situasjonen. ■ Oppmoding om utlegg (rettslig inkasso). For saker som ikkje let seg løyse på frivillig basis må inkassobyrået vurdere å ta ut oppmoding om utlegg. Dette kan resultere i at din arbeidsgjevar blir pålagt å trekke deg i lønn (eller trygd) eller at det vert teke i pant i andre eigendelar. Dette er ein dyr prosess og du blir pålagt å dekke store delar av omkostningane. ■ Betalingsmerknad. Om du ikkje held betalingsavtalen, eller inkassobyrået må sette i gang rettslig pågang vil du bli innrapportert med betalingsmerknad. Dette vil påverke din muligheit til å få lån eller andre kredittar. Du blir varsla før merknaden blir registrert, og har 30 dagar til å komme med motsegn eller rydde i forholdet. Dersom du meiner at inkassobyrået har gjort deg urett, kan du prøve saka for inkassoklagenemnda.


18 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Finans-fylket tel 1000 personar ■ Banksjef Arvid Andenæs:

Finansnæringa i fylket er undervurdert

FINANS: Om lag 1000 personar er sysselsette innanfor finans, forvaltning, rådgjeving, revisjon og jus her i fylket. Næringa er inne i ei rivande utvikling, men føler seg undervurdert. ANNE BRITT SANDØY Tekst og foto

– Vi har etterkvart eit stort og kompetent fagmiljø innanfor finans. Dette er langt viktigare for Sunnfjord og fylket enn kva politikarar og byråkratar er klar over, og det druknar i debatten rundt handel, reiseliv og industri, meiner Arvid Andenæs. Han minner om at det faktisk

brukar valuta som investeringsalternativ.

er finansinstitusjonane som skaffar framandkapitalen til bedriftene, og at arbeidsstokken her er viktig for næringslivet i kraft av sin posisjon og kompetanse.

Kompetanse

Skaffar kapital – Berre med utgangspunkt i vår eigen vekst, kombinert med det vi har gjort og gjer gjennom etableringa av Gjensidige Bank, så har vi skaffa fylket, og ikkje minst Sunnfjord, over 60 kompetansearbeidsplassar dei siste 18 månadane, seier banksjefen.

Valutaavdeling Sparebanken Sogn og Fjordane har blant anna bygd opp si eiga valutaavdeling. – Vi har no alle konsesjonar i orden, og har etablert det første

VALUTASJEF: Jan Arne Aasen har vore valutasjef i Sparebanken Sogn og Fjordane sidan 2002.

valutabordet i Sogn og Fjordane, fortel valutasjef Jan Arne Aasen. Eit valutabord kjøper og sel valuta i staden for aksjar. Kundane er bedrifter og privatkundar som skal betale til utlandet, folk med valutalån og kundar som

– Sidan 2006 har vi dobla avdelinga frå fire til åtte tilsette. Berre det siste halvåret har vi fått to nye medarbeidarar. Grunnen til dette er at vi har fått fleire oppdrag, og at vi i tillegg har overteke ein del arbeid som tidlegare låg i Oslo, opplyser Aasen. Arvid Andenæs meiner at sterke senter er heilt avgjerande for å knyte til seg kvalifisert arbeidskraft. – Vår erfaring viser, at det etterkvart som finansmiljøet vert større, er lettare å få tak i folk med kompetanse til nye stillingar, konkluderer banksjefen. anne.britt.sandoy@enivest.net

VALUTA I VEKST: Valutaavdelinga i Sparebank Stein Magne Andal (trainee, ny), Torgeir Stran

www.toyota.no

Vi feirar at Toyota er Norges mest kjøpte personbilmerke for sjuande året på rad!

Kjøp Toyota Auris SOL no og få valfritt utstyr for kr

Auris. Ein heilt ny Toyota Set deg inn i ein Toyota Auris og opplev korleis den har plassen til ein stor bil kombinert med køyreeigenskapane til ein kompakt bil. Her får du ein behageleg køyretur med god plass, moderne designløysingar og det siste innan tryggleikssystem. Velj mellom bensin- eller dieselmotorar på Auris Sol frå 90 til 126 hk. Pris frå kr 231.900,-.

12.000,-

Avgrensa tal

Pris: Nye Auris 1,4 bensin frå kr 223.300,-. Prisen inkluderer frakt-, leverings- og registreringskostnader. Auris blir levert med Toyota Eurocare inkludert i prisen. Vi har også gunstig tilbod på Toyota Finansiering og Forsikring frå Toyota Financial Services. Importør: Toyota Norge AS, Boks 665, 3003 Drammen. Avbilda modell er med ekstrautstyr. Nye Auris 1,4 bensin: Forbruk blanda køyring: 0,69 l/mil. Utslepp CO2: 163 g/km. Atterhald om trykkfeil.

Steinavegen 10, 6802 Førde Tlf. 57 72 2 10 1 00, www.toyota-forde.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


TEMA PENGANE DINE 19 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Sjølvleiing i Postbanken ■ BANK: Postbanken har endra struktur frå sentral vedtaksfullmakt til desentralisert fullmaktsnivå. – I dag ligg det kredittfullmakt ute ved kundesenteret, og du kan komme til Postbanken og få innvilga eit lån med ein gong, opplyser avdelingsbanksjef Margunn Horstad i Postbanken. I samband med dette vil banken gjennomføre eit utviklingsprogram i sjølvleiing for alle tilsette. – Sjølvleiing går på at dei tilsette skal ta best mogeleg tak i det nye handlingsrommet dei har fått og sikre gode løysingar for kunden. I tillegg skal dei gjennom kurset finne gode løysingar på eigen livsstil, og vi legg blant anna opp til treningsprogram som skal tilpassast kvar enkelt tilsett, seier Horstad.

Fjaler Sparebank veks ■ BANK: Banksjef Ingar Valvik opplyser at Fjaler Sparebank hadde stor vekst på dei fleste forretningsområde i 2007, og at han forventar ytterlegare auke i år. – Vi vil difor halde fast på tidlegare strategiar, og framleis vere ein sentral aktør i nærområdet.

ken Sogn og Fjordane har tilsett to nye det siste halve året, og tel no totalt åtte personar. Her ser vi Susan Fagerstrøm (ansvarleg for valutaadministrasjonen), Jan Arne Aasen (valutasjef), ndenes (kundemeklar, ny) og Kjell Ove Høydal (kundemeklar).

Foto: oskar-andersen.no

Kredittoppfølging satt i system gir bedre likviditet

www.gasta.no

3 produktpakker Faktura Betalingspåminnelse Inkasso

Betalingspåminnelse Inkasso

CrediCare tilbyr systemer for kredittoppfølging. Basert på felles mål om lønnsomhet og kundetilfredshet vil du høste fordeler som økt likviditet, besparing av tid og ressurser og følelsen av å alltid være à jour.

Inkasso

Ring 22 80 70 70 i dag for å få et godt tilbud! www.credicare.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


20 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Lånerente? Plassering? Slik svarar lok Vi har kontakta eit utval bankar her i fylket og bedt om konkrete svar om lån, sparing og kva dei spår for 2008. Ver merksam på at både innskots- og utlånsrenta vil variere dersom beløpa er større eller mindre.

Lån

SOGN OG FJORDANE

NORDEA

GJENSIDIGE

Arvid Andenæs, banksjef, Sparebanken Sogn og Fjordane

Tore Reksten, avdelingsbanksjef Sunnfjord Nordea Bank ASA

Jan Kaare Hellevang, adm. dir. Gjensidige Bank

Ingar Valvik, banksjef, Fjaler Sparebank

6,2 % (6,41 % effektiv) rente.

6,2 (6,41 % effektiv) rente.

6,2 % (6,38 % effektiv) rente.

5,95 % nominell rente fram til 08.02. Etter det stig den til 6,50 % (effektiv 6,69 %).

Plasseringskonto med 4,7 % rente (5,1 % frå 31.01).

Sparekonto med 4,45 % rente (4,85 % frå 29.01)

5,05 % (5,5 % rente frå 30.01).

4,2 % rente (4,75 % frå 08.02)

Med høg risikovilje, tilrår vi 70-80 % av midlane plassert i aksjefond og resten i bank eller rentefond. Vel gjerne 3-4 fond med ulike mandat og fordel investeringa over fleire månader. Er risikoviljen låg, bør 60–70 % vere banksparing og resten aksjefond. Forventa avkastning på aksjefond ligg 3–4 % over risikofri rente.

Prioriterer du høg avkastning og aksepterer verdisvingingar, anbefaler vi 65 % aksjar og 35 % rentefond. Med jamn avkastning 50 % av kvar. Med låg risikovilje, bør du ha 30 % i aksjefond og resten i rentefond.

Når bankrenta er så god som no, er banksparing eit risikofritt alternativ til fond. Sparing i fond gir normalt sett betre avkastning i ein femårsperiode, men det er vanskeleg å spå utviklinga.

Her ser vi på kunden sin risikoprofil. Aksjefond kan vere eit alternativ. Vi kan fordele innskotet på to eller fleire aksjefond, og kombinere med eit pengemarknadsfond, eller eit kombinasjonsfond for å redusere risikoen.

5,9 % rente. Nye fastrentetilbod kvar veke.

5,55 %. Kan endrast på kort varsel.

Tilbyr ikkje dette produktet på innskot.

6 % rente. Dette vert vurdert dagleg.

Stabilt rentenivå med ein auke på 0,25 % i løpet av fyrste halvår og kanskje ein tilsvarande reduksjon fram mot neste årsskifte.

Inflasjon og lønsvekst har auka i det siste. I tillegg er arbeidsmarknaden stram. Vi ventar at marknadsrentene normaliserer seg, og at vi får ein høgare kostnadsvekst i Norge. Med bakgrunn i dette, ventar vi at Norges Bank hevar renta med 0,25 % i mai.

I Norges Bank sin prognose for styringsrenta, er det forventa ein renteoppgang til på lån og innskot, før vi når toppen.

Vi forventar at første halvår i 2008 held fram slik 2007 slutta med relativt store svingingar. Styringsrenta frå Norges Bank vil truleg auke med inntil 0,5 % i løpet av året.

Eg skal kjøpe hus og treng 2 000 000 kroner i lån innanfor 60 % av lånetakst. Kva rente får eg om eg vel eit annuitetslån over 20 år?

Bankrente

FJALER

Eg har 200 000 kroner og må kunne bruke pengane på kort varsel.

Langsiktig plassering Eg har 200 000 kroner og treng ikkje pengane før tidlegast om fem år.

Rentebinding Dersom eg vel å binde innskotsrenta på 200 000 kroner i eit år. Kva rente får eg?

Utvikling i 2008 Korleis vert 2008 med omsyn til renteutvikling på lån og innskot?

Vi hjelper deg med: • Selskapsstifting • Omdanning • Alle aspekt ved rekneskapsføring • Årsoppgjer og likningspapir • Konsulentteneste elles

Ledig for nye oppdrag. Ta kontakt for pristilbod. IMS Regnskap Firdavegen 16 Pb 290 6802 Førde tlf 478 88 940 fax 57 83 21 71

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

I 25 år har vi levert rekneskapstenester til små og mellomstore verksemder i Sunnfjord. Vi er 16 tilsette som kvar dag jobbar med små og store oppdrag innan rekneskap, personal / løn, kontoradministrasjon og økonomisk rådgjeving.

VII SKULLE E GJERNE E VORE E FLEIRE!! Vii harr varierte e og g utfordrande e arbeidsoppgåverr till deg g med d økonomisk k utdanning/erfaring!! Ta a gjerne e kontaktt forr meirr info. Vii harr kontorr i Førde e og g Naustdal. For meir info, sjå vår heimeside: www.rekneskapsteneste.no eller kontakt Ranveig Indrekvam på tlf. 907 26 019 eller på epost: post@rekneskapsteneste.no

Førde:: tlff 57 7 82 2 58 8 60 Naustdal:: tlff 57 7 81 1 60 0 60


TEMA PENGANE DINE 21 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

kale bankar POSTBANKEN

DNB NOR

varmepumpe-

TESTVINNAR IGJEN!* ar!

VEST

e dag for kald t r o f m o

Toshiba Polar 10 - NY modell!

Varm k

Spar pengar og få auka komfort med Toshiba Varmepumpe. For skandinaviske forhold er det viktig at du vèl rett varmepumpe. Med Toshiba kan du være trygg på at du får ei pumpe som er tilpassa vårt klima, og samstundes får mest igjen for pengane.

Margunn Horstad, avdelingsbanksjef, Postbanken

Frode Pettersen Reinås, avdelingsbanksjef, DnB NOR

Atle Stalheim, regionbanksjef personmarknad, Sparebanken Vest

6,15 % (effektiv 6,36 %) rente

6,15 % (effektiv 6,24 %) rente

6,20 % (6,41 % effektiv) rente.

• Høgast effektfaktor: 5,4 ved ein utetemperatur på +7 grader, og 2,3 ved -15 grader! Gir rimelegast varme og lågt støynivå. • Jamn varme og betre inneklima • 8 grader vedlikehaldsvarme når hytta eller bustaden står ubrukt. • Gunstig finansiering over straum rekninga *) Testvinnar Teknisk Ukeblad okt. 2007 og Dine Penger nr 11/2007

Sparekonto 4,90 % rente

5,95 %

4,5 %

Ved kjøp tilbyr vi eit flott pumpehus i tre ferdig montert til berre

kr 990,rettl. kr 1990,-

• For meir informasjon om pumpene og testane sjå www.toshibavarmepumper.no

Tlf. 57 72 23 00 Avkastning og risiko heng saman. Ved fondsplassering vil ein over tid kunne forvente 3–6 % meir i snitt pr år enn i rentemarknaden. Enkelte fond vil i periodar gje monaleg meir. Alternativ er sparekonto.

Vi anbefaler kombinasjonsfond, men fortel kunden at det kan medføre risiko, som kunden sjølv må ta ansvar for.

Det avheng av kva risiko kunden er villig til å ta. Ut frå det vil vi setje saman ein portefølje som normalt vil innehalde ein del bankinnskot og ein del spreidd på ulike fond. Det er vanskeleg å spå konkret avkastning.

Tilbyr ikkje dette produktet på innskot.

5,55 % rente. Ny vurdering 15.02.

5,7 %. Kan endrast på kort varsel.

Det kan vere at Norges Bank hevar renta med 0,25 % ein gong til i vår, men då er toppen nådd. Kanskje renta vert sett ned noko til hausten, men det er for tidleg å spå om.

Renta kan auke med opp til 0,5 % på innskot og lån i løpet av året, men vi forventar at rentetoppen ikkje vil liggje særleg høgare enn dagens styringsrente.

Vi forventar at rentenivået flatar ut på dagens nivå, og at eventuelle endringar i 2008 vil vere marginale.

SS SPØR O M O Å S G O ! ALARM

TRYGGLEIK – VARME – TRIVSEL

www.sunnfjordenergi.no

Med Postbanken Rammelån er det du selv som bestemmer når og til hva du skal bruke pengene. Fordeler ved Postbanken Rammelån: • Du får innvilget en kredittramme på opptil 75 prosent av boligens verdi, og bestemmer selv når du vil benytte pengene. • Du kan selv overføre penger fra lånet i nettbanken innenfor den bevilgede rammen. • Lånet kan løpe avdragsfritt i inntil ti år, og renter betales månedlig, kun av benyttet kreditt. • Du slipper gebyrer hver gang du trenger mer lån.

Kan standard økonomisystem og skreddersøm kombineres?

Med Visma Business får du markedets kraftigste standard økonomisystem med regnskap, logistikk, salgs- og markedsstyring, timehåndtering og rapportering. Behov utover dette løses enkelt med integrert tilleggsfunksjonalitet. Systemet kan også tilpasses helt ned til den enkelte brukers behov. Selvsagt «snakker» Visma Business med de fleste systemene på markedet i dag.

Besøkk Postbanken n kundesenterr i Førdee ellerr ringg osss påå 948 8 79 9 000. u kan n ogsåå gåå innom m Postten. Du Postbanken- en del av DnB NOR Bank ASA

Nysgjerrig? Kontakt oss på telefon 815 59 340 eller se avans.no

Dale Senter 3. etg, 6963 Dale i Sunnfjord

Ta en prat med en finansrådgiver - det koster ingenting.

C e r t i f i e d Partner

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


22 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Spareråd frå kjentfolk

Foto: Eli E.Vengen

Foto: Arne Stubhaug

■ Korleis sparar du? ■ Kva spareråd vil du gje andre?

Bustad: Førde Yrke: Forlagsredaktør i Penna ■ Eg er verdas minst økonomiske person privat, men eg har eit aksjefond i Nordea som syslar og går sin gang. Med åra har eg vorte flinkare. No kan eg også kjøpe bukser på Lindex og Kappahl, i staden for dyre merkeklede. Dersom eg har tid, prøver eg å finne ut kvar det er rimeleg å kjøpe stort. Eg prøver også å unngå å bruke kredittkort. ■ Unngå å bruke kredittkort. Det kan du brenne deg på. Elles så er det eit godt råd å finne seg ein mann som kan styre slike ting. Det har eg gjort.

Heidi Grande Røys (40) Bustad: Florø Yrke: Fornyingsog administrasjonsminister

■ Som statsråd har eg ei heilt anna inntekt enn eg vanlegvis har som førskulelærar. Eg har difor lagt inn eit fast trekk frå lønskonto til sparekonto kvar månad i tillegg til at eg betalar ekstra ned på huslånet i desember. Som oppvarming fyrer eg med ved, og vi har ikkje lys på når vi er ute av huset. Eg har verken tid eller interesse av å skifte straumleverandør eller bank i tide og utide, men held meg til dei lokale. I det heile så lever eg nøkternt. Bilen er 20 år, og eg ser ikkje noko poeng i å skifte den ut så lenge den går. ■ Ha kontroll over økonomien. Lev etter den inntekta du har og ikkje på forskot. Ikkje ta opp forbrukslån. Prøv å leggje opp ein liten reserve, så du har noko i bakhand om kjøleskåp eller anna ryk.

Foto: Privat

Iris Loftheim Valaker (45)

Ole Johannes Øvretveit (40) Bustad: Sande i Sunnfjord Yrke: Frilans humorist

■ Er dette ein tulletelefon? Eg høyrer at folk snakkar om sparepengar, men eg har aldri hatt anna enn brukepengar. Eg tenkjer heller ikkje på sparing. ■ Køyr bilen til den dett frå kvarandre. Du kan reparere ein bil for 50 000 kroner i året for det som det kostar i rente for ein ny. Det mest miljøvenlege er ikkje å kjøpe miljøvenlege produkt, men å ikkje kjøpe i det heile.

Henning Rivedal (63) Bustad: Leikanger Yrke: Spesialrådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune

Foto: Arne Stubhaug

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

■ Eg prøver å spare på forbruk. Mitt store nyttårsforsett er å spare ved å investere i ein vedkomfyr i kjellaren. I år har vi installert ei luft til luft varmepumpe, som erstatning for oljefyren vi har hatt. Når vi fyrer med ved i tillegg, så trur eg vi skal greie å få ned kostnaden på energi ganske mykje. Innan tre år håpar eg også å få skifta ut Scorpioen med ein hybridbil. ■ Ikkje sett deg for store mål. Tenk miljø. Leit etter energivenlege ting som du kan tene på å ta i bruk, samstundes som du sparar miljøet.


TEMA PENGANE DINE 23 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Mine pengar Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR Eli Kari Gjengedal (36) Bustad: Øvsttun Yrke: Vêrmeldar og forretningsutviklar i Storm ■ I heile 2007 kjøpte eg ikkje klede i protest mot forbrukarsamfunnet. I følgje Framtida i våre hender så er eit moderat forbruk på klede 4000 kroner i månaden. Det vil seie at eg sparte 48 000 kroner. I kvardagen prøver å tenkje økonomi i alle ledd, og vel billige matvarekjeder når eg handlar forbruksvarer. Eg er veldig glad i å gå på restaurant, og må kutte ned på det når eg skal spare. Det er eit offer, men eg sparar masse pengar om eg kuttar ein til to turar i månaden. Når det gjeld ferie, så legg vi ofte turen til Nordfjord og besøkjer familie og vener i staden for å bruke opp alle feriepengane på ein sydentur. Sparepengane har eg i Sparebanken Sogn og Fjordane. Det er tryggast. Eg er ikkje så flink med fond og aksjar, men sparar til pensjon gjennom jobben. ■ Ver bevisst på kva du har bruk for. Spør deg sjølv om du verkeleg treng det. Svaret er ofte nei. Reparer øydelagde ting i staden for å kjøpe nytt. Det er både økonomisk og miljøvenleg. Det å vere kritisk i forhold til eige forbruk, gagnar både eigen økonomi og klima. Då vinn vi på mange felt.

FØR JUL TOK EG KONTAKT med forsikringsselskapet mitt for å teikne tilleggsforsikring på kamera og pc og i tillegg utvide innbuforsikringa. Det gjekk ikkje mange timane før eg fekk ein hyggeleg e-post frå ein kundebehandlar, som skreiv at no var forsikringa utvida. Og ikkje nok med det. Ho hadde funne ut at det var rom for meir rabatt. Difor skulle eg få 470 kroner inn på konto, i staden for å betale meir. Oppløfta av dette sende eg e-post til banken min og spurte om å få betre rente på huslånet. Det gjekk ikkje mange timar før også dette var innvilga. SÅ ENKELT ER det altså. Ein e-post eller to, og tusenlappar spart. Vi som forbrukarar har nok mykje å hente ved å vere aktive i forhold til bank og forsikring. Det er så lett å la ting skure og gå. Bruke same selskap som vi alltid har gjort, og rekne med at dersom vi er lojale, så vil vi få dei beste vilkåra. Men slik er det ikkje. Vi må sjølv ta initiativ til forbetring. MANGE AV OSS kan nok gjere meir når det gjeld sparing. Vi har det godt, og det er lett å gløyme morgondagen. Med framtidas pensjonsordning kjem nok eg, til liks med mange andre kvinner, dårleg ut. Ikkje nok med at eg valde å vere heime med ungane nokre år. No jobbar eg attpåtil deltid for å få kvardagen til å gå i hop og ha ein sjanse til å følgje opp dei same ungane.

Mitt spareråd for 2008 må vere å unngå vassvittige impulskjøp Hadde eg vore flinkare til å unngå impulskjøp, så hadde eg nok spart masse pengar. I SOMMAR KJØPTE eg akvarium på Netthandel. Eit kupp, men noko eg absolutt ikkje hadde verken bruk for eller direkte lyst på. Men har ein sagt a, så får ein seie b. Fiskar, sand, algemiddel, planter og så vidare vart kjøpt inn. Kostnaden her var mangedobla i forhold til investeringa av akvariet. Vel heime fylte eg vatn i impulskjøpet, berre for å oppdage at det lak! Full krise, omplassering av fiskar og fram med silikon. Akvariet vart til slutt tett, men ikkje noko spesielt vakkert med tjukke silikonsider. Berre silikonet kosta sikkert meir enn akvariet. No står det på kjøkkenet som eit svært synleg prov på at det burde gå an å bruke hovudet når ein handlar. MITT SPARERÅD FOR 2008 må difor vere å unngå vassvittige impulskjøp, og heller setje av pengar til pensjonen. I tillegg skal eg slutte å røykje. Igjen. Då sparar eg både miljø og lommebok. Statistisk sett vert det også større sjanse for at eg treng å sikre framtida. No har eg sagt det. Då står det berre att å fullføre. 1. februar er eg røykfri. Trur eg. anne.britt.sandoy@enivest.net

Foto: Eirik Hagesæter, Bergensavisen (BA)

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


24 TEMA PENGANE DINE FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Gjensidige aukar og utvidar ■ BANK: Gjensidige har planar om å tilsette mellom 15 og 20 nye medarbeidarar i 2008. I løpet av året vil dei også lansere produkt som skal vere skreddarsydd for landbruket gjennom å etablere ei eiga landbruksavdeling i banken. – Vår strategi om å utvikle banken til å ta posisjonen som Norges leiande nettbank ligg fast, opplyser administrerande direktør Jan Kaare Hellevang i Gjensidige Bank ASA.

Hjelp til sjølvhjelp på nettet ■ På Forbrukarrådet sine nettsider kan ein finne mange gode råd, testar, standardbrev og lover for forbrukarane. Adressa er: www. forbrukerportalen.no

Satsar stort på Kongleriket ■ BANK: Sparebanken Sogn og Fjordane lanserer no Kongleriket, eit heilt nytt sparekonsept for barn. Gjennom historier om dei spanande figurane i Kongleriket og aktivitetar i nærmiljøet skal barna lære seg om sparing og miljø. – Vi har fokus på å opplysning og kunnskap og vil engasjere ungane med konkurransar og aktivitetar både på den nye nettsida til Kongleriket og elles, fortel Lene Grande (biletet) som er leiar for marknadsavdelinga i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bank for dei rikaste ■ BANK: Fokus Merchant Bank er for tredje år på rad kåra til Norges beste privatbank for dei aller rikaste, skriv Bergens Tidende. For å vere kunde i banken må du som privatperson vere god for minst 25 millionar kroner. Direktør Ivar Heggem stadfestar overfor BT at ei rekkje av dei 100 rikaste i Sogn og Fjordane og Hordaland er kundar i banken. Det er økonomitidsskriftet Euromoney som står bak kåringa. Moderbanken til Fokus, Danske-Bank-konsernet, vart kåra til beste bank for heile Norden og Baltikum.

Sparbanken Vest vil styrkje profilen som regionbank ■ BANK: Sparebanken Vest kjøpte i fjor Fokus Bank sine kontor i Sogn og Fjordane i tillegg til at dei opna nytt kontor i Stryn. – Vi har no om lag 90 tilsette, og 26 000 kundar, opplyser Atle Stalheim, som er regionbanksjef, personalmarknad i Sogn og Fjordane. Han fortel at dei no har styrka marknadssida med to stillingar, Anne Katrin Bøyum, som kjem frå ei anna stilling i banken, og Stig Nord. – Vi er godt nøgd med å få Nord med oss som marknadsog informasjonsmedarbeidar. Hans nettverk og bakgrunn er uvurderleg for å styrke regionprofilen i Sogn og Fjordane, meiner Stalheim.

PENGAR Å SPARE: – Vi er ikkje flinke nok til å utnytte konkurransesituasjonen, meiner Ragnar Andenæs, som er leiar i forbrukarutvalet i Sogn og Fjordane. Arkivfoto: Vidar Gudvangen

Neste tema i Firda er:

større

spillerom

Skogbruk TT Kjem i avisa tysdag 29. januar. TT Annonsefrist 22. januar.

Med Rammelån blir du din egen banksjef Nå slipper du å gå i banken når behovet for utvidelse eller oppussing melder seg. Med pant i boligen øker du selv lånet ditt ved behov, og du styrer alt fra nettbanken. Kom innom et av våre bankkontorer, ring 04800 eller se på dnbnor.no

Du kan sende oss annonsebestilling på e-post til annonse@firda.no. Merk sendinga med «Tema – Skogbruk». Du kan òg ta kontakt med oss på telefon 57 83 33 00.

www.f irda.no

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE


TEMA PENGANE DINE 25 FIRDA TYSDAG 15. JANUAR 2008

Sluttar som banksjef i Nordea ■ BANK: Roy Stian Farsund sluttar no som banksjef i Nordea, og byrjar 1. april som avdelingssjef på næringsliv i Sparebanken Sogn og Fjordane. – I Nordea har eg jobba mest med privatkundemarknaden. No ser eg fram til å få nye og større faglege utfordringar, seier Farsund, som skal jobbe hovudsakeleg mot bedriftsmarknaden i indre Sunnfjord. Roy Stian Farsund har vore tilsett i Nordea i sju og eit halvt år. Dei siste to og eit halvt åra som banksjef i Førde.

– Hent inn fleire tilbod ØKONOMI: Ragnar Andenæs meiner forbrukarane er for slappe, oppfordrar alle til å be om tilbod frå fleire bankar, forsikringsog energiselskap. ANNE BRITT SANDØY tekst

– Vi er ikkje flinke nok til å utnytte konkurransesituasjonen, meiner Ragnar Andenæs, som er leiar i forbrukarutvalet. Lojalitet til same selskap over fleire år er i dagens samfunn eit gode for selskapet og ikkje for forbrukaren. – Det tek tid å følgje

■ Neste TEMA i Firda:

Skogbruk tysdag 29. januar

med. For mange er det nok også slik at dei får personleg forhold til ein person i det selskapet dei brukar, og føler det er lettast å halde seg til det. Eg er sjølv blant desse, vedgår Andenæs. Han vil likevel oppfordre folk til å bli flinkare til å utnytte konkurransesituasjonen, både når det gjeld bank, forsikring og energi. – Det er slingringsmonn, og for dei som vel å bruke litt tid for å undersøkje om det er mogeleg å få betre rente og vilkår, er det pengar å spare, seier Andenæs.

Tips oss om ■ tiltak i skogsnæringa ■ aktivitetar i skogen ■ nytt utstyr, nye idear, og nye metodar ■ folk med meiningar om drift og bruk av skogen ■ og finst det nokon som framleis driv med hest i skogen? Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957

SNAKK MED OSS OM:

Kjøpevettreglar ikkje». Sjekk alltid rettane dine etter forbrukarkjøpslova. 7. Seljar har rett og plikt til å undersøkje vara. Ved feil du sjølv ikkje er ansvarleg for, skal du ikkje betale for undersøking og reparasjon. 8. Ved reparasjon kan du krevje lånegjenstand om reparasjonen tek meir enn ei veke. 9. Seljar kan rette same feil to gonger. Etter dette kan du krevje ny vare, prisavslag eller heve kjøpet. 10.Har du betalt med kredittkort, og ikkje får tilbake pengane du har krav på frå seljar, kan du få dei frå banken (kortutstedar). Kjelde: Forbrukarrådet

- finansiering - sparing / plassering - forsikring - liv / skade

Ditt lokale finanshus

www.fjalerbank.no Tlf. 57 73 72 00

Inform Media - www.inform.as

1. Ta vare på kvittering eller annan dokumentasjon på kjøpet. 2. Du har 14 dagars angrerett ved kjøp på internett, telefon eller postordre. Du har ikkje angrerett i butikk. 3. Avtal byterett før du handlar. Du har ikkje automatisk rett til å byte ei feilfri vare. 4. Ein garanti skal gje deg noko ekstra, og kan aldri ta frå deg rettane i forbrukarkjøpslova. 5. Klag til seljar med ein gong du oppdagar feil ved vara. Du har minimum to års klagerett, fem år dersom vara er meint å vare vesentleg lenger enn to år. 6. Ikkje gje opp sjølv om seljar seier at «garantien gjeld

Enivest Breiband

Enivest

ADSL Enkel Pluss 1500 / 350 Ord. 298,-

Enivest

ADSL Ekstra 4500 / 550 Ord. 439,-

99,-

99,-

Enivest

ADSL Standard 3000 / 450 Ord. 348,Enivest

ADSL 2+ 20000 / 1000 Ord. 598,-

HASTIGHEITER INNTIL 20.000 kbps

Bestill heile døgnet på www.enivest.no eller ring oss på tlf. 57 00 91 00 (man.-fre. 08-16) Betal 99,- pr. mnd. fram til 01.04.2008. Gjeld nye ADSL kundar.

30415 - KJØDE STEINAR, HAFSTADVEGEN 27, 6800 FØRDE

99,-

99,-


15januar_08_pengane%20dine