Issuu on Google+

11 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

TEMA Energi og miljø

Katten som tek miljøet på alvor Den miljøbevisste hannkatten unngår kjøt, og strekkjer seg langt for å få tomat og agurk til frukost. Matmor Astrid Dyrkorn Løland fortel om ein finspist vegetarianar, som ikkje tek til takke med kva som helst.

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


12 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Miljøk tten

■ Raptus elskar a ■ Går på plomme HYLLESTAD: Miljøbevisste Raptus (2) er ikkje heilt som andre kattar. Det beste han veit er steinfrie druer, og om hausten går han på plommeslang med matmor. ANNE BRITT SANDØY tekst ARNE STUBHAUG foto

– Han får agurk og tomat kvar dag, fortel Astrid Dyrkorn Løland frå Hyllestad. – Når han høyrer at vi skjer opp godsakene, så kjem han springande. Gløymer Astrid å servere den miljøbevisste kattemannen grøntfôret, så tek han saka i eigne potar, hoppar på bordet og hentar maten sjølv. Det er ikkje få gonger dei har funne tomatar med merke etter tennene hans.

Heller tomat enn hjortekjøt

SKIPSKATT: Raptus har ei ekstra klo på tre av potane sine, akkurat som den gamle skipskattrasen hadde. Matmor Astrid Dyrkorn Løland filosoferer litt over om det kan vere difor har er så glad i c-vitaminrik mat.

FESTMÅLTID: Ingenting smakar betre enn eit fat med steinfrie druer, tomat og agurk, meiner vegetarkatten Raptus.

- Innlogging, Direkte, , 0

VENTAR SPENT: Raptus ventar spent på at matmor Astrid Dyrkorn Løland skal verte ferdig med å skjere opp grønsakene og frukta han skal kose seg med.

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

Raptus var ikkje gammal før dei fann ut at han var litt sær i matvegen til katt å vere. – Eg hadde sett ei skål med druer på salongbordet, og oppdaga etter ei stund at golvet var fullt av halvetne druer og druesteinar. Då hadde Raptus vore på bordet og forsynt seg, ler Astrid.


TEMA ENERGI OG MILJØ 13 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

AGURK-HEKTA: Vegetarkatten Raptus elskar agurk og nektar å smake kjøt. Vanleg kattemat er rein sikringskost for å unngå å svelte i hel.

gurk og tomat eslang om hausten Druer er framleis det beste han veit, men om han får velje, så skal dei vere steinfrie. Steinane spyttar han ut. Kjøt likar Raptus ikkje. Ein dag gav Astrid han ei skål med rått hjortekjøt og ei skål med tomat. Vegetarkatten åt sjølvsagt tomatane. – Salat er han forresten også veldig glad i. Han åt kinakål med stor iver heilt til vi ein dag let han smake isbergsalat. Etter det har han nekta å ete kinakål. No skal han berre ha kvalitetssalat, humrar Astrid.

På plommeslang Andre favorittar er appelsin, klementin, pære og gulrot. Plommer plukkar han sjølv i sesongen. – I haust gjekk han og sneik under plommetreet i hagen og venta på at plommene skulle falle ned. Kom det ingen, så klatra han opp i treet og plukka sjølv. Han låg på toppen og åt og koste seg, flirer Astrid. Raptus fekk også smake heimelaga plommedessert og plommesylte. Begge delar gjekk ned på høgkant.

Har synda – Han er vel ikkje heilt normal. Kanskje det er fordi han har ekstra klør på tre av fire potar, slik som dei gamle skipskattane hadde.

Nyhende og kampanjetilbud på ei mengd peisar hos varmefag no! Vinterkupp!

SPAR.

8730,Fram til 1. mars

SKIPSKATT

90 m 2

- Innlogging, Direkte, , 0

REINTbrennende

Stilrein peis til kanonpris NORDPEIS ROMA

9995,NB! Avgrensa tal

Dei trong vel kanskje litt c-vitaminar ute på havet, trur Astrid og flirer. Men som alle oss andre, så syndar av og til den godaste vegetar- og miljøkatten litt mot sine eigne overtydingar. – I dag har han skuffa meg, sukkar matmor Astrid Dyrkorn Løland smilande, og ser ned på hannkatten som kroar seg i godstolen. – For første gong har han våga å smake middagspølse, og det verste er at det verkar som han likar det.

3-6 KW varmar opp

■ Skipskatt er ei folkeleg nemning på kattar med polydaktyli, det vil seie fleire tær enn normalt. Kattar med denne misdanninga vert av enkelte feilaktig oppfatta som ein eigen rase. ■ Nemninga skipskatt oppstod då kattar med polydaktyli viste seg å ha svært gode klatreeigenskapar, noko som var ein fordel på treskuter. Desse kattane vart difor føretrekte i rolla som muse- eller rottejegerar på skip. ■ Skipskattar er vanlegast hos katterasane Maine Coon og Pixie-Bob, men førekjem også hos huskattar. Kjelde: Wikipedia

www.varmefag.no

anne.britt.sandoy@firda.no

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


14 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

DYRT: Det kostar å vere miljøvenleg. Den økologiske brokkolien kostar 29,90 kroner, medan den konvensjonelle kostar berre 9,90.

DEBIO: Sjå etter Debio-merket når du skal handle, rådar Henning A. Hellebust.

HELST RÅKOST: – I råkosten kan du bruke spirer som du kjøper eller sår sjølv, nøtter, appelsin, hovudkål og anna, tipsar han.

Ikkje lett å tenkje miljø på ha MILJØ: – Når eg har først har bestemt meg for å handle økologisk, så kan eg ikkje sjå på pris. Då er det lett å verte demotivert, seier miljøbevisste Henning A. Hellebust. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Han vart med Firda til Svanemerkte Coop Extra på ein helgehandel med miljøprofil. Hellebust meiner det er rett og slett ei utfordring å tenkje klima og miljø når ein skal handle matvarer. – Eg gjer storinnkjøp ein gong i veka. Då går eg inn i butikken og reinskar hyllene for økologiske varer, før eg fyller på med konvensjonelle, fortel Hellebust.

Sjå etter debiomerket Med stø kurs for den store fruktog grøntavdelinga, fortel han at vi må skilje mellom miljø og klima. I dei fleste tilfelle vil det vere lågare klimautslepp på økologisk mat, men ikkje alltid. Han sjekkar om frukta er debiomerkt, og må skuffa konstatere at berre eit lite hjørne av metervis med frukt og grønt, er økologisk. Kanskje ikkje så rart når enkelte av dei økologiske grønsakene er tre gonger så dyre. Likevel legg Hellebust dei i handlevogna. – Eg må heile tida tenkje at dette gjer eg for å ta vare på både klima og helse, og at eg vil betale ti kroner meir i kilopris for epla,

■ Sjølv

økofundamentalisten Henning A. Hellebust slit med å vere miljøvenleg

for kanskje å leve eit år lenger. Salathylla er lang og freistande. Nokre få av salatane er dyrka i Norge. Hellebust tek ned ein rapidsalat. Studerer både den og innpakninga nøye.

Vill fisk og vilt kjøt – Skal det vere eit poeng i å prøve å handle miljøvenleg, så burde produkta hatt påført ein klimakode. Rett og slett ein fargekode som viste høge, middels eller låge klimaverdiar. Det er så mange omsyn å ta. Blant anna om det er dyrka økologisk og kortreist, men heller ikkje dyrka i drivhus, sukkar han. Hellbust brukar mykje fisk, og kjøper den konsekvent fersk. Han brukar alle typar vill fisk, og er nøgd med utvalet på Coop Extra, men styrer unna oppdrettslaksen, som han meiner vert mata med lite miljøvenleg fôr. I kjøtdisken finn vi berre ein type økologisk kjøt. Hellebust fortel at av og til kjem han over økologisk kjøtdeig, men økologiske pølser har han aldri sett.

Vanskeleg å finne alternativ – Eg pleier å kjøpe slakt av lokale bønder. I tillegg driv eg med sau og kjøper ein halv hjort kvart år. Du kan ikkje finne meir klimavenleg kjøt enn det, meiner han.

LUN OG JAMN VARME VARMEPUMPE/AIRCONDITION

HENNING A. HELLEBUST Alder: 36 år Bustad: Husbakken i Sandalen, Vassenden i Jølster Sivilstand: Gift, to barn Yrke: Leiar i Oikos Vest (25 prosent stilling), gardbrukar og etablerar av ei bedrift som driv med grøn omsorg og andelslandbruk, og journalist (10 prosent). Aktuell: Sjølverklært øko-fundamentalist

OIKOS ■ Oikos er fellesorganisasjonen for økologiske forbrukarar og produsentar. ■ Vart stifta 3. september 2000, og skal arbeide for å fremje måla og idégrunnlaget i økologisk landbruk og styrkje det økologiske miljøet i Norge. ■ Medlemmene består av både produsentar og forbrukarar. I 2007 hadde dei om lag 1800 medlemmer. Når det gjeld meieriprodukt er utvalet av basisvarer godt. Det er verre å finne gode alternativ når det gjeld pålegg og brød. I tilegg

til ost, finn vi økologisk fårepølse, og to brødsortar. – Det er vanskeleg å vere miljøvenleg, fordi matvaresystemet består av så mange ledd at det er umogleg å ha oversikt. Sjølv eg som driv med dette, har store problem med å få oversikt. Ta til dømes brød. Fordi om vi veit at det er bakt i Førde, og difor i utgangspunktet er kortreist, så er kornet uansett produsert på Austlandet eller i utlandet. I staden for å vurdere kvar enkelt matvare, er det enklare å følgje nokre prinsipielle reglar. Ein av dei er å velje økologisk sertifisert mat, rådar Henning A. Hellebust. Vi ser ned på den halvtomme handlevogna. Skal vi halde oss mette ei veke framover, lyt vi fylle på med mange konvensjonelle matvarer. Mykje må skje i daglegvarebransjen før vi kan vere sikre på at handelen vår er både klimaog miljøvenleg. anne.britt.sandoy@firda.no

KORTREIST: – Brus er ikkje bra for helsa. Må du ha øl, så kjøp norsk. Det aller beste er Balholm frå Balestrand. Kortreist, sunt og godt, påstår Henning A. Hellebust.

DAISEKAI POLAR 13

utmerkar seg med svært gode resultat i energistyresmaktenes test. Både Teknisk Ukleblad og Dine Penger kårer Toshiba til testvinnar i sine omtaler. Pumpa er spesialdesigna for nordiske forhold, og reinsar lufta for pollen, bakteriar, virus og luftparktiklar. Kjøp trygt hos din lokale, autoriserte Toshiba forhandlar.

Smart billån

Vi ønskjer å stimulere kundane våre til å gjere miljøbevisste val. Difor tilbyr vi 1 prosentpoeng rabatt på lån til bil med lågt CO2-utslepp.

renterabatt

Er du smart, tek du ansvar for å redusere CO2-utsleppet samstundes som du får eit rimelegare billån* og ein drivstoffgjerrig og avgiftsgunstig bil. *med salspant

EUROPAS STØRSTE ELEKTROKJEDE

FØRDE – TLF. 57 82 86 00

SOGNDAL – TLF. 57 67 24 11

KVITEVARER • AUDIO • VIDEO • SATELLITT • KOMMUNIKASJON • TELEFONPRODUKT • BELYSNING (FØRDE) • SMÅAPPARAT • SERVICE

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

www.ssf.no


TEMA ENERGI OG MILJØ 15 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Min køyrestil Anne Britt Sandøy Journalist

KOMMENTAR BRØD: To typar økologisk brød hadde butikken. – Det beste er å bake sjølv, meiner Hellebust. SYNSPUNKT: Daglegvaresjef Ørjan Alme på Coop Extra (t.h.) lytta nøye til kva økoaktivisten Henning A. Hellebust hadde å seie om vareutvalet i den Svane-merkte butikken. Alme fortel at mange spør etter økologisk mat, men let vere å kjøpe når dei ser prisen.

andletur

Sist veke køyrde eg frå Askvoll til Førde på turtal. Eg gira etter turteljaren i staden for speedometeret. Det var faktisk ganske moro. Eg hadde sjeldan høgt turtal, og brukte likevel ikkje lenger tid til Førde. Lurer på kor mykje drivstoff eg sparte. Eller kanskje eg heller skal lure på om eg sparte noko. FOR EG hadde ikkje lese nok om økokøyring før eg begynte å eksperimentere. Difor passa eg på å halde inn clutchen i ein del nedoverbakkar. Det kan ein nemleg spare bensin på, fortalde ein kompis for mange år sidan. Han var ein fattig mekanikar, som køyrde gamle vrak, og hadde heilt sikkert ein bil med forgassarmotor. Korleis i all vidaste verda kunne vel eg vite at dei slutta å produsere slike for over 20 år sidan? Som langt under middels interessert i bil, ikkje anna enn eit praktisk framkomstmiddel, så har eg ikkje registrert dette. Eg er sikkert ikkje den einaste. AV OG TIL har eg tenkt på min gamle køyrelærar. Eg har vore litt stolt over at eg framleis hugsar nokre av dei køyrereglane han lærte meg på slutten av 80-talet: Tredje gir i 50-sona, fjerde gir i 60-sona og kanskje femte når du køyrer på gode vegar med 80-sone. Men no har eg skjønt at eg burde ha gløymt dette for mange år sidan. Femte

Korleis i all vidaste verda kunne vel eg vite at dei slutta å produsere slike for over 20 år sidan gir kan brukast i 50-sona. Det fungerer faktisk heilt fint. Kjapp giring utan å presse bilen for mykje, er også lønsamt. Nye bilar skal ikkje blåsast reine, men køyrast jamt og fint. TURTELJAREN OG EG kjem nok til å verte gode vener. Det er lett å venje seg til å sjå på den. Verre er det at eg oftare bør sleppe taket i gassen, og i tillegg ha mindre kontakt med bremsepedalen. Av ein eller anna grunn verkar det som eg kjem fortare fram om eg køyrer på fram til krysset, bråbremsar, for igjen å gje fullt. Men det er visst berre noko eg trur. Skulle eg spare nokre sekund, så brukar eg dei opp fordi eg må fylle bensin oftare. Framover kjem eg nok kanskje til å verte meir hekta på bilkøyring. I alle fall om eg får kjøpt ein køyrekomputer, slik at eg kan konkurrere med meg sjølv om å spare drivstoff. FØR DEN ER på plass, har eg tenkt å lære og køyre med automatgir. Det har eg alltid unngått. Men etter som røynde folk seier, så er det mykje lettare med automat enn med manuell gir. Eg må berre rett og slett gløyme at eg har ein venstre fot og så måtte stange hovudet knallhardt i frontruta dei første gongene eg bremsar. Det vil vise seg om også denne lærdommen er forelda.

GK-konsernet er ledende på inneklima og tekniske installasjoner i bygg i Skandinavia. Vi leverer entrepriser og servicetjenester innen ventilasjon, byggautomasjon, kjøling og energi.

energi kjøling inneklima ventilasjon byggautomasjon

Gunnar Karlsen a.s

Brukte kvalitetstesta bildelar Spar pengar og miljø – tenk gjenbruk!

- for klagefritt innemiljø

Øyrane 7, Postboks 331, 6802 FØRDE Tlf.: 57 72 11 00 • www.gk.no

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

www.sunnfjordbil.no


16 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Sjekk drivstofforbruket

Sparar tusenlappar med fjordvarme

Bruk stearinlys

■ MOTOR: Dersom du planlegg å kjøpe ny bil, så kan du sjekke vegdirektoratets oversikt over drivstofforbruk og CO2-utslepp for nye personbilar på www.vegvesen.no. Gå først inn på «kjøretøy» i menyen og deretter «drivstoff og co2».

■ ENERGI: På Nordfjordeid vart det første fjordvarmeanlegget i verda sett i drift i februar 2004. Blant anna Eid Rådhus, Nordfjordeid sjukehus og kjøpesenteret Moengården Vest har ved hjelp av fjordvarme fått redusert energikostnadene sine med fleire hundre tusen kroner. Fjordvarme AS, som står bak anlegget, hentar varme frå 50 meters djup og er pionerar innan energisparing. No vil dei gjere dette konseptet tilgjengeleg også for andre tettstader og byar. Dagleg leiar Magne Hjelle, peikar spesielt ut Florø, Førde og Sogndal som satsingsområde her i fylket.

■ ENERGI: Har du mistanke om luftlekkasjar i huset, kan du føre eit stearinlys langs dører og lister. Dersom elden blafrar, er det eit teikn på lekkasje. Metoden er ikkje heilt nøyaktig, men kan gje ein indikasjon på kvar huset ikkje er heilt tett. Monter tettelist for å stoppe trekken.

– Vert like vanleg som kjøleskåp ■ Marit installerer varmepumpe både privat og på jobb FØRDE: Marit Navelsaker Bruland har ikkje angra eit sekund på at ho installerte varmepumpe i heimen. No gjer ho det same i butikken sin, Trapp Ned. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Lågare straumrekningar kombinert med betre komfort, gjer at fleire og fleire vel å installere varmepumpe. – Om få år er det like vanleg å ha varmepumpe som det er å ha kjøleskåp, spår Jan Helge Olset i Relacom, Førde. Relacom er ei av mange bedrifter som set inn luft til luft varmepumper i private heimar og verksemder.

Slepp råkalde hus – Dei fleste set inn varmepumper for å spare straum, men det einaste dei snakkar om etter å ha hatt den i eit par år, er kor mykje betre komfort det er i huset, ler montør Jan Erik Systad. Han fortel at veldig mange brukarar snakkar om tida før og etter varmepumpa. Spesielt eldre folk, som er vane med å fyre med ved, opplever det som godt at dei ikkje lenger treng stå opp til råkalde hus. No held Systad på å installere varmepumpe i butikken Trapp Ned i Førde. Huseigar Marit Navelsaker Bruland har hatt varmepumpe i privatbustaden i tre år. Den er ho så nøgd med, at ho bestemte seg for å få installert ei i butikken, i samband med oppussinga der. – Ei skapleg varmepumpe kostar ferdig montert frå 18 000 kroner og oppover. Den består av ein utedel og ein innedel med

VARMEPUMPE: Den gamle vedomnen er kasta ut, og karane i Relacom har vakuumert den nye varmepumpa. Frå venstre Reidar Losnegård, Jan Erik Systad, huseigar Marit Navelsaker Bruland og Jan Helge Olset.

rør i mellom, som må vakuumerast. Difor bør ei varmepumpe alltid monterast av autoriserte installatørar. Elles kan ein få problem med garantien om noko går gale, opplyser Olset.

Varme eller air condition Varmepumpene som dei sel, brukar ein del energi, for å gje att fire delar. Dette gjeld både om pumpa vert brukt til å varme eller kjøle huset.

– Ein del brukarar kontaktar oss og klagar på at pumpa kjøler i staden for å varme. Feilen er då ofte så enkel at pumpa står på «auto». Dersom temperaturen då overstig det pumpa er innstilt på, så kjøler den automatisk. Eit godt råd er difor å ha den innstilt på «heat», seier Olset. – Bør pumpa monterast nede ved golvet eller opp under taket? – Lufta vil for så vidt sirkulere

uansett, men generelt så vil eg seie at dersom den skal brukast til oppvarming så bør den stå nede, og dersom behovet for kjøling er størst, så bør den monterast høgt, rådar Jan Helge Olset. Han meiner at i ein einebustad som brukar 25 000 kwh i året, og som har elektrisk oppvarming i tillegg til vedfyring, vil spare om lag 5000 kwh pluss ved i løpet av eit år. anne.britt.sandoy@firda.no

Dei fleste set inn varmepumper for å spare straum, men det einaste dei snakkar om etter å ha hatt den i eit par år, er kor mykje betre komfort det er i huset Jan Erik Systad

www.blåfall.no

67 10 72 24

Småkraftutbygging Har du tenkt å utnytte dine fallrettigheter? Blåfall har spesialisert seg på utbygging av mindre vannkraftprosjekter i samarbeid med falleierne. Med utgangspunkt i falleiers ønsker, kan vi tilby: utredning og lønnsomhetsvurderinger konsesjonssøknad og finansiering utbygging og drift

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


TEMA ENERGI OG MILJØ 17 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

JØTUL STUDIO SOGN OG FJORDANE

KUPP

Bustadventilasjon med 90% varmegjenvinning! • Rein, frisk luft heile året • God luftfukt, gir svært lite BEST støv I TEST • Marknadens høgste virkningsgrad • Enkel betjening og vedlikehald • Varmekjøling veljer du med brytar • Lågt straumforbruk: 200 W

Jøtul F 371 Rettl. pris frå kr 16.990,–

No frå

13.990,-

Også andre gode tilbod – opptil

Panasonic/Daikin varmepumpe luft/luft

Prisar frå kr

15900,ferdig montert

-30% – ver snar!

KUPP

Fujitsu varmepumpe luft/vatn Vinnar Mest velutvikla av varmeog effektiv varpumpeprisen mepumpe for oppvarming av 2006 forbruksvatn til vassboren varme. Trygg mot legionella. • Varmt forbruksvatn • Låge installasjonskostnader • Blir lev. i tre str.: 6, 8 og 10 kW. Priseks.: Komplett frå 69.000,–

MILJØ FM FAG Førde Varme og Interiør Tlf. 57 72 10 60 www.fagmiljo.no

MEIR ENN DU TRUR!

Vassboren golvvarme – utan rør i golvet! • • • • • •

Jøtul S41W

-15%

30–50 % lågare energiforbruk Hindrar kulderas frå vindauge/vegg Sunt og behageleg inneklima Passar til alle typar bygg Nattesenking, hurtig oppvarming Vassboren varme eller elektrisk varme

Moderne peis for rettvegg/ sidefelt pipe, 2,6–8 kW/t Før 19.480,–

Ta kontakt, vi hjelper så gjerne!

NO

12.990,–

Mange andre gode tilbod – ta turen innom! Hafstadvegen 39 (tidl. Fretex) 6800 Førde www.fagmiljo.no

Mån-ons Torsdag Fredag Laurdag

10.00 – 17.00 10.00 – 19.00 10.00 – 17.00 10.00 – 15.00

OMNAR • GARDEROBE • GOLV • BELYSNING • INTERIØR • MØBLAR

Prius - bilen som viser at du tenker på mer enn deg selv

Prius fra kr 274.800,-

Steinavegen 10, 6802 Førde Tlf. 57 72 2 10 1 00, www.toyota-forde.no

Lågt forbruk, låge utslepp. Prius er bilen som gir deg meir av det gode: Meir plass for passasjerar og bagasje, meir avansert teknologi, betre ytelsar, mykje mindre forbruk og langt reinare samvit. Her får du også reine designlinjer og særprega, lekre detaljar som ingen andre bilar på marknaden kan vise maken til. Det er berre å glede seg. Dette blir ein prøvetur du aldri vil gløyme. Romsleg, sprek og praktisk. Prius har god plass til fem pluss masse bagasje. Og sjølv om forbruket er på mikrobil-nivå har du to kraftige motorar til rådvelde som tek den frå 0 til 100 på 10,9 sek. Alt takka vere Toyotas unike Hybrid Synergi Drivesystem, eit system der både elektromotor og bensinmotor jobbar saman gjennom ei avansert datastyring for å senke både forbruk og utslepp. Stillegåande og avansert. Prius utnyttar energien når du bremsar for å lade batteriet, og har ein knapp for rein elektrodrift i korte periodar. Ei silkemjuk trinnlaus girkasse sørgjer for at Prius flyt framover som ingen andre bilar du har køyrt. I tillegg har den drive-by-wire-teknologi, stabilitetskontroll, og du kan få eit avansert Park Assist-system* som faktisk lukeparkerer bilen for deg. Berre for å nemne noko. Tryggleik frå første kilometer. Sjølv om teknologien er avansert, så er det ingen grunn til bekymring. Over ein million Prius er kjøpt verda rundt, og komponentane i Hybrid Synergi Drive-systemet er av Toyotakvalitet og har ein 8 år/160 000 km garanti. Prius har også gått til topps i EuroNCAPs prestisjetunge tryggleikstest med heile 5 stjerner, og høgaste score nokosinne i test av tryggleik for barn.

Prius frå kr 274.800,-. Inkluderer frakt-, registrerings- og leveringskostnader. Prius vert levert med Toyota Eurocare inkludert i prisen. Vi har også gunstig tilbod på Toyota Forsikring og finansiering frå Toyota Financial Services. Importør: Toyota Norge AS, Drammen. Avbilda modell er med ekstrautstyr. Prius: Forbruk blanda køyring: 0,43 l/mil. Utslepp CO2: 104 g/km. *Leverast som ekstrautstyr. Med atterhald om trykkfeil. Vi tar forbehold om trykkfeil og endring av priser og spesifikasjon.e

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


18 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Plastepose-karusellen ■ Minst to millionar fyk ut frå daglegvarebutikkane i Førde kvart år FØRDE: To millionar plastposar, sannsynlegvis ein god del meir, strøymer ut av daglegvarebutikkane i Førde kvart år. Det viser ein ringjerunde Firda har gjort. ANNE BRITT SANDØY tekst

– Eg er sjokkert over plastposeforbruket, seier Gerd Birkeland, leiar ved daglegvareavdelinga på Coop Mega. Ikkje alle Førde-butikkane vil gje opp salstal for plastposar i 2007, men ut frå storleiken på samanliknbare butikkar, kan vi gå ut frå at daglegvarehandelen i Førde selde rundt to millionar plastposar i 2007. Det tilsvarer 100 fulle pallar.

Lite interesse for tøypose I tillegg til posane kundane faktisk betaler for, får mange med seg netta gratis, så dei reelle tala er mykje høgare. – Det er ein vanvittig skilnad på storleiken på innkjøpa våre og kva som faktisk vert selt av posar, fortel kjøpmann Frode Årdal på Spar i Handelshuset. Han trur dei får betalt for berre seks av ti posar. Denne erfaringa vert stadfesta av fleire butikkar Firda var i kontakt med. Dei fortel at ein del kundar ikkje vil betale for posar med reklame på, eller at dei ber om pose først når varene er kjøpte og betalte. Merethe Jakobsen Bruland i Rema 1000, Hafstadvegen, opplyser at kjeda no jobbar med å få inn meir miljøvenlege posar. Det eine alternativet dei ser på er 100 prosent nedbrytbare. Problemet med den typen er at posane vil verte monaleg dyrare. – Vi har også prøvd å selje handleposar i tøy, men interessa for dei var så lita at vi slutta med det, fortel Jakobsen Bruland. Rema har, som dei fleste butikkane i Førde, også pappøskjer som eit alternativ til posar. Desse er svært populære.

Plastposar over alt Gerd Birkeland i Coop Mega er sjokkert over plastposeforbruket til dei handlande, og lurer på kor mykje olje og energi

- Innlogging, Direkte, , 0

BEREPOSAR BEREPOSAR SELDE I FØRDE I 2007: ■ Rema 1000, Førde Torg: 301 088 posar ■ Rema 1000, Vie senter: 181 072 posar ■ Rema 1000, Hafstadvegen: 174 996 posar ■ Drageset Førde: 94 352 posar ■ Kiwi minipris AS, avd. Handelshuset: 57 724 posar ■ Coop Mega: ca 330 000 posar ■ Coop Extra: Gjev ut posane gratis. Dei gav ut 126 000 posar frå dei opna 4. oktober og fram til nytt år. ■ Spar (Bravo matsenter AS): 105 462 posar ■ Rimi Førde: Har ikkje tal ■ ICA MAXI Førde: Vil ikkje gje opp tal ■ ICA Nær Bruland: Vil ikkje gje opp tal ■ Lidl: Vil ikkje gje opp tal Det er daglegvarebutikkane sjølve som har gjeve oss desse opplysningane SJOKKERT: Gerd Birkeland, leiar i daglegvareavdelinga på Coop Mega i Førde, er sjokkert over plastposeforbruket til dei handlande.

det eigentleg går med til å dekkje plastposebehovet i verda. – Heile verda er fylte med dei. Sjølv om vi ser filmar frå all verdas elende, så kan du vere sikker på at plastposar, det har dei. Birkeland fortel at dei ventar på papirposar som skal erstatte ein del av plastposane. – Dei skal vere om lag like sterke som plastposane, men eg er spent på å sjå korleis dei taklar nedbøren her.

– Ikkje rett å forby p

anne.britt.sandoy@firda.no

– Å forby plastposar for å redusere avfallsmengda har inga meining, seier Bjørn Arild Hoem, som er president i foreininga European Plastic Film (EuPH) til Packnews.no.

POSESJOKK: Det er ikkje få posar Merethe Jakobsen Bruland i Rema 1000, Hafstadvegen i Førde, sel i løpet av eit år. Rema 1000 prøver å halde ein miljøprofil, og no ventar ho spent på kor mykje meir miljøvenlege dei nye posane som snart skal i handelen vil vere.

Mange forbrukarar i industrialiserte land ønskjer eit forbod mot plastposar, fordi dei vert oppfatta som eit sløseri og søppelproblem. Hoem meiner derimot at den einaste rette løysinga er å oppmuntre til

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

ombruk og å samle inn posane til resirkulering når dei er uttente. Han meiner også at bereposar av bioplast ikkje er rett å satse på, fordi dei ikkje vert komposterte på forsvarleg måte. – Eventuelle tiltak mot plastposen vil ikkje ha nokon positiv miljøeffekt. Dei vil derimot setje 50 000 industriarbeidsplassar ved 500 fabrikkar i Europa i fare, seier Hoem til Packnews.no. Han meiner at produksjon og transport av


TEMA ENERGI OG MILJØ 19 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

n

FEM OM PLASTPOSAR

Kor ofte kjøper du berepose når du handlar matvarer? Roger Kløvtveit (40) Bustad: Holmedal Yrke: Rådgjevar i Sogn og Fjordane fylkeskommune Eg kjøper stort sett pose kvar gong, fordi dei er så billige. Hadde dei kosta tre kroner, så hadde eg nok heller teke varene i lomma når eg handla noko lite. Posane brukar eg til å ha boss i. Eg måtte nok ha kjøpt andre posar til det, om eg ikkje hadde hatt bereposane, men dei kunne nok ha vore laga av eit lettare nedbrytbart materiale. Eg synest sjølv eg er miljøbevisst, og har blant anna sparepærer over heile huset.

Tenk miljø når du pussar opp!

Marianne Gjertsen (43) Bustad: Førde Yrke: Høgskulelærar på sjukepleieutdanninga I dag kjøpte eg berre ei flaske med brus, og då tok eg ikkje pose, men stort sett pleier eg å kjøpe det. Unntaket er når eg pantar flasker. Då brukar eg opp att posane som eg har med, dersom dei ikkje er grisete inni. Bereposane vert brukte til boss. Eg tenkjer eigentleg ikkje så mykje på miljø, men eg røykjer i alle fall ikkje.

Barn er spesielt utsette for avgassane i måling, ettersom immunforsvaret ikkje er ferdig utvikla og huda er tynnare enn hos vaksne. Produkt med dei off. godkjende miljømerka Blomsten og Svanemerket bør derfor vere eit førsteval.

Marino J. Ask (44) Bustad: Sogndal Yrke: Butikksjef og leiar i Sogn og Fjordane Turlag Altfor ofte. Eg er litt ubevisst i forhold til det å ta med pose, og burde nok brukt andre alternativ, som til dømes tøyposar. Men eg kjøper ikkje pose dersom eg greier å raske med meg varene i handa. Posane går til restavfall. I tillegg er dei fine til å bruke som fuktsperre i skiskoa. Eg er miljøbevisst i kvardagen og let verken fjernsyn eller pc stå i stand by-modus. Lysa er sløkte når vi er ute og vi fyrer med ved. Vi reiser sjeldan på ferie til utlandet, men held oss mest i nærområdet.

Foto: Arne Stubhaug

plastposar papirbereposar som er opp til ti gonger tyngre enn plastbereposane, genererer ei større mengd av gassane som får skulda for den globale oppvarminga. Hoem er overbevist om at plastposen har sin rettmessige plass hos konsumenten, fordi den er ein funksjonell, lett, sterk, billei og hygienisk måte å transportere mat og andre varer i. Mengda av dei i avfallet er også svært liten – problemet er at dei kan sjåast så godt.

Renate Olsen (27) Bustad: Førde Yrke: Student Eg pleier ikkje å ta med posar når eg skal handle, men eg har tenkt litt på at eg burde ha kjøpt tøyposar. Plastposane brukar eg til boss. Eg prøver å vere miljøvenleg, og sparer til dømes det eg kan på straum. Eg har søkt ungane, Theo Leander (3) og Maren (1 1/2), inn i ein barnehage som ligg nærare der vi bur. Når dei får plass der, skal vi gå og ikkje køyre bil til barnehagen. Torbjørn Kolås (30) Bustad: Eivindvik/Bergen Yrke: Jurist. Dagleg leiar i Eivindvik Grøn omsorg og i Sognefjord Invest AS. Nyvald leiar i Sogn og Fjordane Venstre. Vi har alltid med oss posar når vi handlar. Det har vi hatt i lang tid. Eg har ein svært miljøbevisst sambuar som passar på det. Eg bur delvis i Bergen og har inntrykk av at svært mange der er bevisste på kor mykje avfall det faktisk vert av plastposar og difor har med seg posar når dei handlar. Om du må kjøpe, så bruk ikkje plast, men papirposar. Dei nye papirposane er av god kvalitet og kan i tillegg resirkulerast. Eg tenkjer miljøvern kvar dag. Det vi tener mest på, er å skru ned temperaturen eit hakk. I tillegg slår vi av fjernsyn og lys når vi ikkje brukar dei.

Ta turen innom Neumann, og la oss fortelje deg meir om miljømålinga Beckers.

Neumann Bygg a/s, Flovegen 5, 6800 Førde Tlf. 57 82 85 00, fax. 57 82 85 01 www.neumannbygg.no

varmepumpe-

TESTVINNAR IGJEN!* t!

g miljøe

ngar o Spar pe

Toshiba Polar 10 - NY modell!

Spar pengar og få auka komfort med Toshiba Varmepumpe. For skandinaviske forhold er det viktig at du vèl rett varmepumpe. Med Toshiba kan du være trygg på at du får ei pumpe som er tilpassa vårt klima, og samstundes får mest igjen for pengane.

• Høgast effektfaktor: 5,4 ved ein utetemperatur på +7 grader, og 2,3 ved -15 grader! Gir rimelegast varme og lågt støynivå. • Jamn varme og betre inneklima • 8 grader vedlikehaldsvarme når hytta eller bustaden står ubrukt. • Gunstig finansiering over straum rekninga *) Testvinnar Teknisk Ukeblad okt. 2007 og Dine Penger nr 11/2007

Ved kjøp tilbyr vi eit flott pumpehus i tre ferdig montert til berre

kr 990,rettl. kr 1990,-

• For meir informasjon om pumpene og testane sjå www.toshibavarmepumper.no

Tlf. 57 72 23 00 SS SPØR O M O Å S G O ! ALARM

TRYGGLEIK – VARME – TRIVSEL

www.sunnfjordenergi.no - Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


20 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Trafikkskulen betaler elevane for spard bensin GLOPPEN: – Køyrer du miljøvennleg, får du utbetalt vinsten cash når vi kjem til Førde. Denne utfordringa får trafikkelevane ved trafikkskulane på Sandane før timen med langkøyring. Og dei tek utfordringa. SVEIN HEGGHEIM tekst og foto

16 kroner og 50 øre er høgste utbetalinga så langt. Men i det ligg eit redusert drivstofforbruk på tre desiliter på kvar tilbakelagt mil. Sett i eit heilårsperspektiv handlar det om innsparingar på 12 000 kroner.

Gode køyrevanar

elevane CO2-kvotar. Men det går ikkje, dermed blir det pengar i staden. På den måten får dei også sjå konkret korleis gode køyrevanar slår ut. Miljøvinsten kan vi berre forklare, smiler køyrelærar ved trafikkskulane på Sandane, Jan Bjørlo. Og responsen har ikkje uteblitt, faktisk har det gått nærmast sport i å køyre økonomisk dei åtte mila mellom Sandane og Førde. Det er nemleg strekninga Bjørlo brukar når hans elevar skal ha langkøyring. Han har teke utradisjonelle verkemiddel i bruk for å motivere elevane til å tenkje miljø, og legg ikkje skjul på at det handlar om å skape haldningar og gje dei framtidige bilførarane gode køyrevanar.

Sikrare bilførarar Sjølv er ikkje Bjørlo i tvil om at det gir sikrare bilførarar. Bilføra-

– Viss mogeleg kunne eg gitt

rar som også kjem både raskare og billegare fram til bilturens endestasjon enn ved å ty til køyring prega av harde akselerasjonar og heftige nedbremsingar. – Det handlar om å etablere forståing for verdien av gode køyrevanar. Sjølv er eg overtydd om at vi sender dyktige sjåførar ut i trafikken. Mange har vore gjennom eit opplæringsprogram over to år og tilbakelagt 40 000 kilometer langs landevegen før dei tek sertifikat. Slikt skaper haldningar og forståing for kva det handlar om, seier Bjørlo. Elevar ved Firda vidaregåande skule kan velje førarkort som valfag, og det er desse som går gjennom den omfattande opplæringa der trafikkskulen, elevane og foreldra inngår eit forpliktande samarbeid som strekkjer seg over to år. Men også elevar som følgjer den tradisjonelle opplæringa får utfor-

Slit med å leggje om køyrestilen

dringa Bjørlo meiner gjer elevane meir medvitne på innsparingane med å tenkje miljø og gode trafikkvanar. – Vi kan prate i det uendelege om verdien av å tenkje miljø og gode køyrevanar. Men ved å betale ut det dei faktisk har spart får elevane eit fysisk bevis på at faktisk er det pengar å spare, seier Bjørlo.

Det handlar om å etablere forståing for verdien av gode køyrevanar. Jan Bjørlo

toil-stasjonen og Esso-stasjonen, fortel Bjørlo. Han innrømmer lett at det er ein gimmick, ingen blir rikare eller fattigare. Det handlar om å synleggjere vinsten ved å køyre miljøvennleg. – Tenk deg at eleven buset seg på Sandane, men får jobb i Førde den dagen han skal ut i arbeidslivet. Han veit kva han faktisk kan spare dagleg, og med 200 arbeidsdagar årleg blir den totale innsparinga 12 000 kroner. Og samstundes reduserer han CO2-utsleppa med 40 prosent, seier Bjørlo.

Samde om snittforbruk Før køyreturen reknar han ut snittforbruket dei siste tre–fire dagane, og blir samd med elevane om at dette talet er rett. Neste trinn er den muntlege avtalen om at det ventar frisk kapital for kvar spart desiliter bensin når snittforbruket skal reknast ut når bilen blir parkert i Førde. – På Byrkjelo noterer vi dagens bensinpris, og legg nivået midt mellom prisen på Sta-

svein.heggheim@firda.no

Trur du bilen

BAKGRUNN ■ Nils R. Sandal var i haust på kurs med Jan Anker-Goli frå Ecodriving, ein av landets fremste ekspertar på miljøøkonomisk køyring. Der køyrde Sandal først ei løype utan rettleiing og etterpå same løypa med Anker-Goli som rettleiar. Han oppdaga då at han sparte 19 prosent i CO2utslepp når Anker-Goli kontrollerte køyringa hans.

– Eg burde ha vore mykje flinkare, ler fylkesordførar Nils R. Sandal når Firda ringjer for å høyre om han har teke i bruk den nye og meir miljøvenlege køyrestilen. – Det som har vore lettast å hugse, er å hoppe over eit gir, slik at eg held turtalet litt lågare. Eg hadde ikkje tenkt på at den gjekk an, humrar den tidlegare yrkessjåføren. Sandal har, som dei fleste av oss, alltid gira når bilen har gått

POTENSIAL: Nils R. Sandal innrømmer at han har eit stort forbetringspotensial når det gjeld miljøøkonomisk bilkøyring. Her er han på kurs med ein av Norges fremste ekspertar på området, Jan Anker-Goli.

opp i turtal, men oppdaga på kurset at det var gunstig å hoppe over eit gir for å halde lågare turtal. – Eg har også vorte flinkare

til å bremse ned tidlegare når eg nærmar meg eit lyskryss, for å få ei jamnare køyring, i staden for å bråstoppe rett framfor krysset, fortel han.

SVANEMERKA OMN I TOPPKLASSE

Varde Casa

Ein peisomn med mange flotte detaljar, stilrein design og avansert forbrenningsteknikk. Omnen har luftspyling som gjer at glasplatene held seg reine lengre. Topp- eller bakmontering. Svart eller grå. Ord. 14.900,Kampanjepris

9.990,-

Gjeld så lenge lageret rekk.

Farsund Bygg Postb. 111, 6801 FØRDE, Tlf. 57 72 18 00

Varde er den første vedomnprodusenten i Norden som er svanemerka! – Garanti for optimal og miljøriktig forbrenningsteknikk og produksjon.

Mån.–fre. 7.30–16.30 • Torsdag 7.30–18.00 • Laurdag 9.30–13.30

- Innlogging, Direkte, , 0

MILJØ: Folk i Sogn og Fjordane lever framleis i trua på at motoren vert daudkøyrd av mykje småkøyring og at det er lurt å «blåse han rein» av og til. – Bilar med elektronisk motorstyring kan ikkje verte daudkøyrde. Dette gjeld berre dei gamle forgassarmotorane, påstår Jan Anker-Goli frå Ecodriving. Han held kurs i økonomisk og miljøvenleg køyring, og meiner at mange bilførarar ikkje har greidd å lære seg og utnytte all den nye teknologien som bilfabrikantane har bygd inn i bilar dei siste 20–25 åra. – På normal køyring har dei

Men han innrømmer at bortsett frå dette, er ikkje dei nye køyrevanane så godt innarbeidde. – Eg har nok eit stort forbetringspotensial der. Det overraska meg kor stor effekt, både miljømessig og økonomisk, enkle grep om køyringa kunne utgjere. anne.britt.sandoy@firda.no

Priser fra*

9.900,-

NE-serien

N

*Pris gjelder CS/CU-CE-7 (4,0kW) inkl. mva ekskl. montasje

t e yh

CE-serien

Panasonic varmepumper - miljøvennlig oppvarming I eneboliger med vanlige panelovner kan luft til luft varmepumper på en enkel måte redusere strømforbruket til oppvarming med 60 %. Norges Naturvernforbund har inngått et samarbeid med Panasonic for å bidra til at flere tar varmepumper i bruk. Å ta i bruk varmepumper er en praktisk handling som reduserer energibehovet og bidrar til et bedre miljø! Høg effektfaktor – nærmeste Svært stillegående e-ion luftfilterteknologi Ta kontakt med din autoriserte–Panasonic forhandler.

Varmepumper reduserer energibehovet og bidrar til et bedre miljø

Norges mest solgte

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

|

Reduserte fyringskostnader

|

Autorisert forhandler:

FØRDE – TLF. 57 82 86 00 SOGNDAL – TLF. 57 67 24 11

Bedre inneklima

|

Godt for miljøet


TEMA ENERGI OG MILJØ 21 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

GODE VANAR: Jan Bjørlo gir rabatt til elevar som køyrer miljøvenleg. På langtur frå Sandane til Førde har den flinkaste spart 16 kroner i drivstoff. – Det handlar om å motivere til gode køyrevanar.

n din vert daudkøyrd av småkøyring? Seigliva mytar om køyrestil kostar 15 til 20 prosent ekstra ■ Folk i Sogn og Fjordane ligg etter i endring av køyrestil ■

fleste bilistar mykje å hente, om dei greier å leggje vekk gamle fordommar. Dei kan faktisk tene 15–20 prosent i drivstoff og CO2-utslepp, dersom dei går inn for å køyre økonomisk og miljøvenleg, meiner eksperten. Dette er hans beste spareråd:

eit eksperiment der han køyrde same strekning med og utan oppvarma motor. Forbruket var heile 30 prosent høgare med kald motor. ■ Planlegg køyreturen og tidspunktet for turen.

Før du køyrer

■ Bruk første gir berre ei til to billengder ved igangsetjing. Første gir brukar dobbelt så mykje drivstoff som andre gir. ■ Akselerer på andre og tredje gir.

■ Treng du å bruke bilen? ■ Bruk motorvarmar dersom temperaturen er under +5 grader. Ofte er det nok å bruke den ein halv time. Anker-Goli gjorde

Under køyring

■ Bruk høgast mogeleg gir som bilen dreg normalt i. Dess høgare turtal, dess meir energi (drivstoff ) brukar bilen. Du kan faktisk på rette strekningar bruke femte gir i 50-sona. I oppoverbakkar skal du ikkje gire ned, så lenge bilen greier å oppretthalde farten. ■ Hopp over siste gir før toppfarten. Skal du opp i fjerde, så gir 1, 2, 4. Skal du i femte, så gir 1, 2, 3, 5. ■ Slepp gassen tidleg, slik at bilen rullar inn mot kryss og

rundkøyringar. På nyare bilar stengjer motorstyringa for drivstoffet når du slepp gassen. ■ Unngå unaudsynte stogg. Har du for stor fart inn mot krysset, må du bremse meir og mister ein del av flyten i køyringa. ■ Ikkje ver for brå når du gjev gass. Kom kjapt, men behageleg opp i ønskt marsjfart. Då får du valt høgast mogeleg gir tidlegare. ■ Bilar med automatgir vel automatisk høgast mogeleg gir, men også her er det mogeleg å

spare pengar og miljø ved bevisst bruk av gassen. ■ Gløym gamle råd om å halde inne clutchen eller setje bilen i fri i nedoverbakkar. Det hjelper berre på dei gamle forgassarmotorane. ■ Rull på rørsleenergien. Slepp gassen og spar drivstoff når du kan. ■ Les trafikken.

Dei siste seigliva mytane ■ Stå aldri på tomgang. Det kostar 0,5 – 1 liter drivstoff i timen. ■ Stopp motoren, sjølv ved korte stogg. Det går ikkje mykje drivstoff å starte motoren att. anne.britt.sandoy@firda.no

Prosjektering, montering og vedlikehold av alle typer VVS- og inneklimaanlegg

Kan standard økonomisystem og skreddersøm kombineres?

Ta kontakt på

tlf. 57 83 71 60

Med Visma Business får du markedets kraftigste standard økonomisystem med regnskap, logistikk, salgs- og markedsstyring, timehåndtering og rapportering. Behov utover dette løses enkelt med integrert tilleggsfunksjonalitet. Systemet kan også tilpasses helt ned til den enkelte brukers behov. Selvsagt «snakker» Visma Business med de fleste systemene på markedet i dag.

Nysgjerrig? Kontakt oss på telefon 815 59 340 eller se avans.no

Dale Senter 3. etg, 6963 Dale i Sunnfjord

C e r t i f i e d Partner

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

Avd. Førde: Hornnes, 6800 Førde www.nvm.no


22 TEMA ENERGI OG MILJØ FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Arnt fyrer med ved og vatn FØRDE: Arnt Laukeland har installert ved til vatn-varmepumpe i huset sitt i Førde. No held han heten ved å fyre annankvar dag. ANNE BRITT SANDØY tekst og foto

Eg ville ha varmepumpe, og sidan eg har tilgang på gratis ved, så var det naturleg å bruke det som energikjelde Arnt Laukeland

Laukeland driv mykje med hogst, og difor var det naturleg å tenkje ved som oppvarming, då han bygde nytt hus. – Eg ville ha varmepumpe, og sidan eg har tilgang på gratis ved, så var det naturleg å bruke det som energikjelde, fortel Arnt Laukeland. I eit rom i kjellaren, har han installert ein stor fyrtank. Den matar han med ved i snitt annankvar dag i fyringssesongen, oftare om det er veldig kaldt. Ved sida av denne omnen står ein akkumulatortank på 4000 liter vatn som varmar opp sløyfene i golva og ein varmtvasstank. – Eg brukar mellom 7 og 8 mål ved i året. Det tilsvarer i overkant av 20 000 kWh med straum. Då greier eg å varme opp 240 kvadratmeter av huset og alt

varmtvatnet vi brukar, opplyser Laukeland. I tillegg til ved, brukar han om lag 1000 kWh med straum i månaden til lys og elektriske apparat. Han har også termostatstyrte elektriske kolbar i fyrtanken, som slår seg inn om han ikkje fyrer når temperaturen går ned. – Vedfyringsdelen kosta 110 000 kroner, og for meg som har gratis ved, er det ei god investering. Men denne typen varmepumpe vil ikkje løne seg for dei som må kjøpe veden, trur han. Arnt Laukeland har ikkje angra ein dag på at han installerte anlegget, sjølv om det medfører ein del arbeid å kløyve all veden, og at sjølve anlegget krev ein del plass. anne.britt.sandoy@firda.no

Tenk miljø og energi!

ÅTTE MÅL VED: Arnt Laukeland har ved til vatn-varmepumpe i huset. Han fyrer i denne omnen annankvar dag. Det er liter vatn. Vatnet i tanken varmar opp 240 kvadratmeter av huset pluss alt varmtvatnet.

Ta CO2 kvoten heime - i ditt eige hus

rull´n ut på loftet Spar miljøet Spar energi Lønsamt for samfunnet Lønsamt for deg

Etterisolér huset – unngå varmetap! Vi hjelper deg med planlegginga! Ny vedomn – stor miljøgevinst med nye, reintbrennande omnar!

Kampanje

www.byggmakker.no

så lenge lageret rekk

Dovre Cinderella ord. 9.920,- NO

7.990,-

Jøtul 250 ord. 9.330,-

7.990,-

NO

- Innlogging, Direkte, , 0

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34


TEMA ENERGI OG MILJØ 23 FIRDA TYSDAG 12. FEBRUAR 2008

Fem korte energispareråd:

Neste TEMA i Firda:

SENK VARMEN

Helse og trivsel

■ Dersom vi senker temperaturen frå 21 til 20 grader, kan vi spare om lag fem prosent av straumforbruket på oppvarming.

MYKJE VARME I VED

■ Ei famn med ved gjev om lag 3000 kWh varme i ein reintbrennande omn og erstattar ei tilsvarande mengde straum.

SPAREPÆRER

tysdag 26. februar

■ Dersom du vel sparepærer framfor vanlege lyspærer kan du spare om lag 400 kroner per lyspære i løpet av pæra si levetid.

Tips oss om ■ Trim- og aktivitetar for betre form ■ Helse- og velværetilbod ■ Nytt i medisinske behandling ■ Sosiale klubbar og trivelege møteplassar ■ Trendar innan personleg pleie ■ Folk med meiningar og synspunkt på helse og trivsel

VASK RETT

■ Fyll opp vaske- og oppvaskmaskina heilt før du startar vaskinga. Det er faktisk meir energieffektivt å bruke oppvaskmaskin, vaskemaskin og mopp enn å vaske på den «gammaldagse» måten.

ENERGIMERKING

nok til å varme opp den store, svarte akkumulatortanken, som inneheld 4000

Ta kontakt med Firdas tema-journalist Anne Britt Sandøy – tlf. 951 42 957 E-post: anne.britt.sandoy@firda.no

■ Hugs å sjekke energimerking når du kjøper nytt elektrisk utstyr. Den viser kor mykje straum apparatet brukar. A++ er best og G er dårlegast. Kjelde: Enova

Spar pengar og miljø med Sanyo varmepumpe -og la det sjå bra ut i tillegg!

ENERGI

Varmepumpe levert og montert av fagfolk!

7

NO KAN DU VELGE BLANT ULIKE FARGEPANEL til innedelen av dsstille tilfre pumpa, for å eller din eigen smak ege preg. husets personl

NYTT!

FD-HEAT 6,3 & 7,7

FD-Heat 6,3 MSZ-FD25VAH 6,3 kW COP 5,3 20 dB(A)

FD-Heat 7,7 MSZ-FD35VAH 7,7 kW COP 4,7 21 dB(A)

Ein vinnar for miljøet og lommeboka!

SANYO luft-luft

SANYO luft-vatn

varmepumper

CO2 varmepumpe

• Laga for nordiske tilhøve med garantert drift ned til -20 grader • Verknadsgrad opptil 5,0 (cop) • Energiklasse A • Ein av dei stillaste innedelane på marknaden, Quiet Mode • UV-rensing og pollenfilter • Serviceavtale • Topp resultat i Sveriges Provningsoch Forskningsinstitut.

Sanyo CO2 varmepumpe saman med varmtvassberedar produsert i Norden,er ei nyskapande teknisk løysing. Det gjev ein effektiv energisparande villavarme og vatn opp til 70 grader sjølv på kaldaste vinteren. Sanyo CO2 er like effektiv som jordvarme. • Taklar høge temperaturar • Energisparande og miljøvenleg • Effekt 4,5kw - full effekt ned til -15 grader

Rå styrke kombinert med sofistikert teknologi får du med FD-heat. FD-Heat har det beste innan høgteknologi og marknadens lågaste lydnivå.

Nye Mitsubishi Electric FD-Heat For deg som set høge krav til kvalitet,innsparing og yteevne!

Med ein COP på 5,3 og opptil 7,7kW varmekapasitet får du god og rimeleg varme til huset ditt. No har òg Mitsubishi Electric slått seg sjølv på lydnivå med utrulege 20dB(A)!

Fordelar ved kjøp av varmepumpe: • Reduserer fyringskostnadane med opptil 60% • Rensar lufta i bustaden og gir eit betre inneklima • Miljøvenleg • Gir betre komfort

Med FD-Heat får du ei overlegen varmepumpe til bustaden din!

16 10 år FirdavegenFirdavegen 16 6800 Førde6800 Førde 1998–2008 72 39 9057 72 39 90 Telefon: 57Telefon: Telefaks: Telefaks: 57 72 39 9957 72 39 99 www.fordeelektro.no www.fordeelektro.no

YIT Building Systems AS Vi leverer tenester innan • Elektroinstallasjon • Tele/data • Inneklima • Enøk/automasjon • Rør

Hafstadvegen 76 • 6800 Førde • Tlf 57723600

- Innlogging, Direkte, , 0

FørdeAS ElektroFørde ASElektro Førde Elektro

- 193.215.6.253 06.02.2009 14:52:34

www.elfag.no – NÅR DUTRENG ELEKTRIKAR


12februar_08_energi