__MAIN_TEXT__

Page 1

PILEGRIM I SELJE

SEL JA KLOSTER Ingen reiser derfrå urørt


Velkommen til Selje Selje er eitt av dei 4 regionale pilegrimssentera på kystpilegrimsleia. Kystpilegrimsleia er ei av dei 9 godkjende pilegrimsleiene og europeiske kulturvegar i Noreg. Leia er ein del av St. Olavsvegane til Trondheim og Nidaros. Nøkkelstaden/heilagmålet i Selje er øya Selja og klosteranlegget der. Selja er også målet for Sunnivaleia – ei pilegrimsvandring som knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Sunnivaleia er også del av kystpilegrimsleia.


Selja vart i 996 det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvson fann relikviar opp i hola som legenda fortel var her Sankta Sunniva leid martyrdøden. Sankta Sunniva, den gudfryktige kongsdottera, som flykta frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding. Gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar til Selja for å ære Sta. Sunniva og Seljumennene. Sunnivahellaren oppe i fjellsida ved klosteranlegget, seiast å vere fødestaden til kyrkja i Noreg. Øya Selja er ei av dei heilage øyene som finst rundt om i verda. The Holy Island of the North. Ho er framleis eit lite katolsk bispedøme. I dag kjem pilegrimar igjen til Selja, og vi ønskjer å legge best mogleg til rette for deg. Pilegrimsarbeidet skal ha ei tydelig kyrkjeleg forankring, men skal samtidig være open og inkluderande for menneske med ulik tru, kultur og tradisjon. I brosjyra her finn du m.a. informasjon om båtruter og vandrestiar ute på øya Selja, kyrkjene våre og nokre viktige turvegar som vi trur har vore vegar for pilegrimar i tidlegare tider. Vegen over Berstadeidet er også ei vandring på Sunnivaleia, som også er del av kystpilegrimsleia. Vi ønskjer deg velkommen til Selje, og nøl ikkje med å ta kontakt om du har spørsmål som du ikkje finn svar på her i brosjyra.

Selje pilegrimsstove Tlf: 404 46 011 E-post: selje.turistinfo@stad.kommune.no Pilegrimsstova ligg på turistinformasjonen i Selje sentrum. Kom innom for stempel i passet, informasjon om området, lokale suvenirar, eller lese ei bok. For meir informasjon: www.facebook.com/seljepilegrimssenter Sunniva- og klosterutstillinga I Selje pilegrimsstove er der også ei Sunniva- og klosterutstilling. Utstillinga viser klosteret si historie opp gjennom tidene. Her er også eit eige stille rom, der du kan be eller søkje ro før turen går vidare. Opningstider Måndag–fredag: 08.00–15.30. Sommar sjå seljakloster.com for info.


Selja kloster Opplev sagaøya Selja, staden der historia om den første helgenen, den einaste kvinnelege helgenen, nokre av landets første kyrkjer og eit av dei eldste klostera i «landet langt nord» byrja – og framleis lever, tusen år seinare. Å kome ut hit er som å stige inn i eit eventyr. Det er di eiga historie. Du ber litt meir av ho i deg når du dreg herifrå. Sigrid Undset på Bø I 1926 var Sigrid Undset på ferie på Selja saman med Geijer-stamfamilien. Ho freista å få kjøpt seg ei tomt på Bø – Tunold-gården, men det lukkast ikkje. Ho var så oppteken av Selja og Sta. Sunniva at ho i 1926, same året som ho fekk Nobels litteraturpris, skreiv ferdig eit eige manus, Den hellige Sunniva, som ho fekk kunstnaren Gøsta af Geijerstam til å illustrere. Boka Dato: 28.05.2020 1:7500 kom ut på tysk i 1932Målestokk: og først ut på norsk i år 2000!

Transport ut til Selja Klosterbåten: 990 46 022 Går både til Bø og Klostervågen Rutetider for turistrute: www.seljamonastery.com Koordinatsystem: UTM 32N Tegnforklaring For info om offentleg rute (skulerute og tingingsrute på sommaren) sjå www.kringom.no


Kystpilegrimsleia

Sunnivaleia

Kystpilegrimsleia er ei vakker og spektakulær reise langs Noregs viktigaste ferdselsveg. Reisa startar i Egersund og endar ved Nidaros domkyrkje i Trondheim. Både norske og utanlandske pilegrimar valfarta langs kystleia til Nidaros, som var det viktigaste pilegrimsmålet i NordEuropa fram til reformasjonen i 1537. Gulatinget, Kvernsteinsbrota i Hyllestad og Svanøy Hovedgård er, saman med Selja kloster og Kinnakyrkja, fem sentrale kulturhistoriske stader langs Vestlandskysten og er nøkkelstadar på kystpilegrimsleia. Dei eksisterte i ei brytningstid med store samfunnsendringar: overgangen mellom vikingtid og mellomalder. Kvar på sin måte har dei 5 stadane spela ei viktig rolle då kristendommen begynte å få fotfeste i landet. Leia har 26 nøkkelstadar langs kysten, og med Selje som eit av dei regionale pilegrimssentra. I tillegg til gode vandreruter er det gode moglegheiter for å nytte både eigen båt eller offentleg transport. Sunnivaleia er siste etappe på leia før Selja. Meir info: pilegrimsleden.no

I mellomalderen var kysten den fremste ferdselsvegen. Dei fleste langvegsfarande pilegrimar reiste sjøvegen og stogga ved Kinn og Selja. I tillegg til Selja sin status som heilagstad og bispesete, gjorde plasseringa rett ved det lumske Stadhavet øya til eit geografisk og sosialt knutepunkt. I dag kjem atter pilegrimar til Kinn og Selja. Sunnivaleia heiter pilegrimsleia som går langs kysten frå Kinn, over Bremangerlandet til Måløy og endar i Selje. Ho er ein del av Kystpilegrimsleia til Nidaros. Leia er no tilrettelagt og merka mellom Kinn og Selja. Ei pilegrimsvandring langs norskekysten byr på andre opplevingar og utfordringar enn innlandsrutene. Det vakre og ville kystlandskapet, skore tvers over av fjordar og med det mektige Atlanterhavet brusande inn rundt øyane byr på storslegen natur, naturkrefter som fyller hjarte og sjel, men også roleg hav til ettertanke og refleksjon. Meir informasjon om turen og ruta: sunnivaleia.no


sisjon: -2093.97, 6908726.03 tsystem: EPSG:25833 ato: 27.05.2020

Gamle postvegen Rimstadalen–Berstad Vegen frå Berstad til Rimstad er om lag 11 km. I 1830-åra vart det oppretta postveg over frå Eide i Moldefjorden over til Bryggja. Vegen frå Rimstad kjem ned ved garden Berstad, heimen til Paul Berstad, folketonesamlar og songar. Vegen har også vore nytta av pilegrimmar. Ei lita historie som Helga Berstad, mor til Paul Berstad, fortalde, er om Sigrid Undset som kom gåande over Berstadeidet og skulle vidare til Selja kloster. Ho hadde blitt gjennomvåt, og kom ned i stova på Støylane for å skifte på seg tørre kle. Vegen over Berstadeidet var også kyrkjeveg. Når folk frå Rimstad skulle til kyrkja i Selje, tok dei vegen over Berstadeidet til Berstad og rodde derifrå ut Moldefjorden

til Selje. Heilt fram mot 2. verdskrigen hadde folk frå Rimstad båt liggjande på Berstad til bruk når dei tok på kyrkjeferd. Like eins kunne folk frå Berstad ta vegen over fjellet og vitje kyrkja på Totland. I Berstaddalen ligg Øydegarden Dyrstad. Vegen frå Berstadvatnet og opp til dei gamle tuftene er bratt, og garden har i følgje gamle kjelde, blitt lagd øyde av skred fleire gongar. Garden er nemnd første gong i 1612. I 1997 organiserte Moldefjorden Grunneigarlag rydding av øydegarden Dyrstad. På nordsida av Berstadvatnet er ei kjelde med svært godt vatn. Denne kjelda frys ikkje til om vinteren. Her brukte postføraren alltid å sløkkje tørsten når han gjekk forbi, og den dag i dag vert kjelda kalla Pisanibekken. Garden Berstad er den inste garden på sørsida av Moldefjorden. Arkeologiske funn viser at det har vore folk her heilt tilbake til steinalderen, fast busetnad truleg frå vikingtida. Skrivne kjelder har ein frå 1520. Frå 1695-1780 var garden bustad for lensmannen i Stad skipreide, og eitt av husa på garden var tingstove. I gamlefjøsen på Berstad er det i dag eit gardsmuseum. Kvernhusa på garden vart bygde på 1850-talet. Alle vart restaurerte på 1990-talet. Det er funne to vikinggraver der den gamle bygdevegen gjekk.


Vegen over Mannseidet I uminnelege tider har folk nytta vegen over Mannseidet mellom Moldefjorden og Kjøde i staden for å gje seg i kast med det farlege Stadhavet. Ei ferd over Mannseidet i dag er ei ferd gjennom delar av norsk vegbygging si historie. Vegen er ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet. Vegen er nemnd både i Snorre og i Eigilssoga. Frå å vere ein enkel fotsti vart vegen truleg seinare utbetra til tjodveg (allmannveg), seinare kongveg eller hovudveg, slik Gulatingslova kravde. Desse vegane skulle fylle krava som ridevegar og sledevegar. Vegen over eidet er ca. 3 km lang med en

vegbane dekka av vegetasjon. Den er stort sett fri for tre og busker, og fleire stader er vegen kryssa av nyare vegar. Pilegrimar nytta Mannseidet på ferda si til den heila øya Selja. I Kristin Lavransdatter skriv Sigrid Undset om Feginsbrekka (fegin: glad), der pilegrimane på veg til Nidaros fekk første synet av reisemålet sitt. Kanskje har Mannseidet vore ei feginsbrekke for pilegrimane på veg til Selja. Ein stad på toppen av fjellet heiter Korsen. Kan hende har det her stått ein kross der dei reisande kunne bøye seg og takke for at dei hadde kome trygt fram. Fleire dansk-norske kongar har teke vegen over Mannseidet. Christian V i 1685, Fredrik 4 i 1704 og Kong Christian 6, dronning Sophia og hennar mor på deira kongeferd i 1733 .

Pilgrims-Kongsveg Mannseidet Dato: 30.01.2020

020 Norkart AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti © Mapbox © OpenStreetMap

Målestokk:

1:7500

Koordinatsystem: UTM 32N


som han hadde hatt med seg frå austanfrå [Austlandet], og dei som var komne til han i Hordaland og Rogaland. Då kong Olav kom til tinget der, baud han dei kristendomen, der, som andre stader, og for di kongen hadde ein stor herstyrke der, vart dei skræmde. På slutten av talen sin baud kongen dei to vilkår, anten at dei skulle ta mot Kristendomen og la seg døypa, eller at dei skulde halda slag med han. Men då bøndene såg at det ikkje var råd for dei å slåst med kongen, så vart det avgjort at alt folket ville la seg kristna.» Vegen går vidare over fjellet langs den gamle kyrkjevegen. Denne er godt merka, og du vil bruke 3-4 timar på vegen over fjellet.

art AS/Geovekst og kommunene/NASA, Meti © Mapbox © OpenStreetMap

klaring

Kyrkjevegen Liset–Dragseidet Frå Leikanger på Stadlandet var vegen over Dragseidet til Liset og vidare til Selje ein mogleg veg for pilegrimar som kom sjøvegen nordfrå. Her føl ein vegen frå Leikanger, forbi kyrkja og opp stien (den gamle ferdslevegen) til Krossen som er reist på staden til minne om kristninga av fire fylke på denne staden i 997. Det var Olav Tryggvason som gav folket (bøndene) valet om å la seg døype eller halde slag. Dei valde dåp og kristendom. Hendinga på Dragseidet er omtala i Heimskringla (av den islandske sogeskrivaren Snorre Sturlason (1179-1241), i soga om Olav Tryggvasson der det står: «Same hausten [997] stemnde kong Olav bøndene til tings frå 4 fylke på Stad på Dragseid; der skulde det koma folk frå Sogn og Fjordane og Sunnmøre og Romsdal. Kong Olav for dit med mykje folk,

Kyrkjer i området Ervik kyrkje Ervik kyrkje vart vigsla i 1970. Ho er bygd ved den gamle kyrkjegarden, som truleg er frå tidleg på 1500-talet. Kyrkjegarden i Ervika er særmerkt der han ligg heilt i sjøkanten i Ervika med Erviksanden som næraste nabo. I tårnet heng skipsklokka frå St.Svithun – hurtigruteskipet som forliste 20.09.1943 – etter å ha blitt bomba av britiske fly. Reiarlaget gav skipsklokka til bygdefolket s takk for redningsdåden dei utførte i samband med forliset. På kyrkjegarden i Ervika står det eit klokketårn. Der heng ei klokke som opphaveleg hang i kyrkja på Bø, støypt i 1315. Klokka vart omstøypt i 1844. I tårnet er det også minnetavle over dei russarane som omkom i arbeidsleirane som låg i Ervika. Leikanger kyrkje Den gamle kyrkja på Bø vart flytta frå garden Hove til garden Leikanger på Stadlandet i 1866. Etter kvart vart ho for lita på Stadlandet, og i 1895 vart ho utvida med


m.a. nytt tårn med våpenhus. Kyrkja vart no dobbelt så stor. Kyrkja vart restaurert i 1966, men mykje av den gamle materialen sit att både i veggar og golv. Katekismetavla frå 1500-talet og preikestolen frå 1592 vart med på flyttinga frå Bø, og står no i Leikanger kyrkje. Kyrkja vart bygd av materialane frå Selje kyrkje, som hadde stått i bygda Selje sidan 1654. I kyrkja heng tre altartavler; frå Bø, Selje og Leikanger. Den eldste er frå 1600, den andre frå 1694, og den tredje er frå 1895. Preikestolen er frå Selja, datert 1592. I 1895 vart kyrkja mykje utvida under leiing av arkitekt Lars Sølvberg. Den fekk då plass til nesten dobbelt så mange som før Kyrkja har vore soknekyrkje i Leikanger sokn sidan 1997. Selje kyrkje Selje kyrkje stod ferdig i 1866. Den nye kyrkja i Selje vart oppført like ved den gamle kyrkja. Ei stund kan dei to kyrkjene ha stått ved sidan av kvarandre. Den nye kyrkja vart bygd utanfor og i kant med den gamle kyrkjegardsmuren.

Men sine 600 sitjeplassar var ho ei av dei største kyrkjene på landsbygda i Bjørgvin. Arkitekt var Frederik Hannibal Stockfleth. I samband med feiringa av tusenårsjubileet for Selja som heilagstad, fekk kyrkja eit prosesjonskors som er laga i Irland. Selje kyrkje var den første i Nordfjord som fekk orgel. Orgelet i kyrkja blei kjøpt brukt frå Tyskland i 1890. Det blei bygd av Albert Hollenbach, ein anerkjent tysk orgelbyggjar. Han var kjend for å byggje instrument av høg kvalitet. Sankt Jetmund kyrkje Sankt Jetmund kyrkje på Åheim er ei langkirke fra 1155. Byggverket er i marmor og stein. Kyrkja vart reven i 1863, men gjenreist og vigsla på nytt i 1957. Opne kyrkjer Selje kyrkje er open alle kvardagar frå kl. 09.00–20.00 i tidsrommet 22. juni til 14. august. Alle er velkommen inn! Kyrkja i Ervik er open for omvising etter avtale tysdag og fredag 22. juni–14 august, kl. 11.00–14.00. Omvising bestillast ved turistinformasjonen ein dag før, på tlf. 404 46 011.


Praktisk informasjon REISA TIL SEL JE Køyreavstandar til Selje sentrum • Nordfjordeid: 1 t • Måløy: 45 min • Stryn: 1 t 45 min • Ålesund: 3 t • Bergen: 6 t • Oslo via Otta/Stryn: 8 t • Oslo via Sogndal: 8 t 20 min • Trondheim via Otta/Stryn: 8 t. • Trondheim via Molde: 8,5 t. Reise med båt Norled har to daglege avgangar frå Bergen, Florø og ei rekkje andre stopp langs leia. Kombiner gjerne båt og fly på reisa. Sjekk rutetider på www.norled.no Reise med fly • Florø og Sandane, har direktefly frå Oslo og Bergen. • Ålesund lufthavn Vigra ligg 3 timar unna med bil, og har direktefly frå dei største byane i Noreg. • Bergen lufthavn ligg 6 timar frå Selje med bil. • Ørsta-Volda lufthamn, Hovden, Sogndal lufthavn og Førde er andre aktuelle flyplassar. Sjekk rutetider på wideroe.no

TRANSPORT I SEL JE OG UT TIL SEL JA Klosterbåten Tlf. 990 46 022 Går både til Bø og Klostervågen Rutetider for turistrute: www.seljamonastery.com For info om offentleg rute (skulerute og tingingsrute på sommaren) sjå www.kringom.no Taxi Selje Taxi: Tlf. 57 85 64 86 Stadlandet Taxi: Tlf. 57 85 72 42 Buss Det går buss mellom Selje, Leikanger og Flatraket (vidare til Måløy/Nordfjordeid). Sjekk rutetidene her: www.kringom.no

UTLEIGE Bilutleige www.nabobil.no eller Werner Drage, Leikanger på tlf 908 26 454 Kajakk og sykkel 200,- per pers per døgn. Gratis for alle under 18 år. Henvend deg til turistinformasjonen.

GUIDING Stadt naturguiding Fotturer mellom himmel og hav www.stadtnaturguiding.no

SANITÆRANLEGG I gult bygg ved Seljesanden finn du dusj, vaskemaskin, tørketrommel og toalett. Nøkkel til dusj og vaskerom får du på turistinformasjonen i sentrum.

OVERNATTING Flatraket Rorbu Vederhus, Nordpoll Tlf. 57 85 81 39 / 456 04 561 Rorbu/låvehus, 4 sengeplasser Borks.de Skottneset Feriesenter AS Tlf. 57 85 82 76 Hytter 2–3 soverom, hus 4 soverom, camping/telt Skottneset.no Selje Doktorgarden Tlf. 909 30 357 4 x doble rom doktorgarden.business.site Frimannsbuda Tlf. 913 62 654 Rom Facebook Grendabu Tlf. 907 64 398 Hytte grendabu.net Lunde rorbu Tlf. 986 19 852 Leilighet, 4 sengeplasser lunderorbu.com Hannebua Tlf. 909 19 202 2 leiligheter i ei rorbu. Totalt 12 sengeplassar. Dobbeltsenger. Nabben Inn Tlf. 479 00 075 Leilighet, 4 soveplassar nabben.no Rundereim hytter Tlf. 414 54 555 hytter rundereimhytter.com Selje camping og hyttesenter Tlf. 57 85 62 34 6 hytter, totalt 32 sengeplassar seljecamping.no Sætren rorbuer Tlf. 909 56 609 3 hytter, totalt 12 sengeplassar Facebook


Stadlandet Bygda Yoga skule Tlf. 915 50 407 bygdayogaskule.com

Doktorgarden Tlf. 909 30 357 Kafé/restaurant doktorgarden.business.site

Ervik Surfshop Tlf. 405 39 920 Låve (hus) erviksurfshop.com

Frimannsbuda Tlf. 913 62 654 Kafé Facebook

Erviksanden camping Tlf. 975 50 407 Camping Facebook

Selja Stova Tlf. 475 17 628 Kafé Facebook

Jon Ervik Tlf. 907 60 794 / 971 95 762 Hytte

Stadlandet Stad hotell Tlf. 948 66 836 Restaurant og pub stadhotell.no

Otneimhyttene Tlf. 473 70 757 Hytter Booking.com Stad hotell Tlf. 948 66 836 Hotell stadhotell.no Stad Surfing «Strandro» 57 85 69 44 Rom/seng stadsurfing.no Vestkapp Camping Tlf. 900 99 778 Camping/hytter vestkappcamping.com Sjekk også andre overnattingsstader på airbnb.no

SPISESTADER Selje Bunnpris/shell Tlf. 57 85 65 45 Gatekjøkken Bunnpris.no/shell.no

Vestkapp restaurant Tlf. 908 19 825 Restaurant vestkapp.business.site Fru Inga Tlf. 906 65 029 Restaurant facebook.com/fruinga Kafe Strandro Tlf. 480 76 542 Kafé stadsurfing.no/cafe Korsen Pub og Kafe Tlf. 407 35 840 Kafé Facebook

HANDEL

Coop Prix Selje Tlf. 57 85 92 70 Matvarer Mandag–Fredag 08–22 Laurdag 08–20 Coop.no Frisørhuset Vi2 Tlf. 57 85 66 44 Frisør Glez salong Tlf. 957 08 918 Frisør Hove aktivitetssenter Tlf. 995 83 471 Interiør/utsal handverk Facebook Stadlandet Joker Stadlandet Tlf. 57 88 34 71 Matvarer Mandag–Laurdag 09–18 joker.no Bunnpris Stad Tlf. 57 85 74 55 Matvarer Mandag–Laurdag 09–20 Bunnpris.no Ervik surfshop Tlf. 405 39 920 Surfeutsyr Erviksurfshop.com Karamia Frisør Tlf. 455 15 951 Frisør Facebook

Flatraket Joker Flatraket Tlf. 57 85 81 91 joker.no

Fryd frisør Tlf. 57 85 82 75 Frisør Facebook

Selje Bunnpris Selje/ Shell Tlf. 57 85 65 45 Matvarer/bensin Mandag–Fredag 08–22 Lørdag–Søndag 09–22 Bunnpris.no

Vår sin butikk Bakeri Torsdag og fredag 13–15 Facebook


SELJA KLOSTER www.seljakloster.com

Profile for Stad kommune

Pilegrim i Selje  

Ei brosjyre om pilegrimsturar i Selje, stadar for overnatting og servering. Besøk og gjerne www.seljakloster.com og www.einstadistad.no for...

Pilegrim i Selje  

Ei brosjyre om pilegrimsturar i Selje, stadar for overnatting og servering. Besøk og gjerne www.seljakloster.com og www.einstadistad.no for...

Profile for stad2020
Advertisement