«Frå Mumletjønn til Gnuldrehei» – boka som samlar våre villaste og vakraste stadnamn

Page 1

Foto: Ruben Solér isbn 978-82-430-1285-1

9

788243 012851

www.spartacus.no

2019

og Våre villaste namn raraste stad

Gøril Grov Sørdal (f. 1974) kjem frå Vik i Sogn og er journalist i NRK. Ho leia TV-serien Nomino på NRK1 hausten 2015 og 2016, og i 2018 gav ho ut boka Nomino. Historia om norske stadnamn.

Frå Mumletjønn til Gnuldrehei

Denne boka er det endelege beviset på at ­stad­namna våre er alt anna enn kjedelege, Noregskartet er fullt av vakre, stygge, koselege, grove, morosame, ­strenge og rare namn. Trur du at du kjenner heim­ fylket ditt? Tru om att! Du skal ikkje sjå vekk ifrå at Hurrahølet, Homse, Vomma, Pølsesvingen, Krok­ slåttplutten eller Lortegrauten ligg rett om hjørnet.

Gøril Grov Sørdal

Er Setersetersetra landets snålaste stadnamn, eller er Der bikkja beit mannen rarare? Er Hildre vakrare enn Silkebekken, finst det trivelegare gatenamn enn Wienerbrødskjæringa og grovare stadnamn enn Kattrasshølet og Svartfitta? Klarar du å seie Litl­ klokklumpen feilfritt ti gongar på rad, og stinkar det i Rompeskogen, tru?

Gøril Grov Sørdal Frå

Mumletjønn

til

Gnuldrehei



Frå Mumletjønn til Gnuldrehei Våre villaste og raraste stadnamn


Innhald

Frå Mumletjønn til Gnuldrehei. Våre villaste og raraste s­ tadnamn © Spartacus Forlag AS, 2019

1. Forord

Omslagsdesign: Kjetil Waren Johnsen / Wisuell Design 2. Nammenam Bokdesign og sats: Spartacus Forlag AS 3. DeiPremier grove Pro 12/13,5 Sett med Garamond 4. Kort Papir: Maestro Print 120og g godt 5. Munnfullen Trykk: UAB Balto Print Printed in EU 6. Heilt bananas

7. «Hode, skulder, kne og tå»

ISBN 978-82-430-1285-1 8. Gatelangs

9. Dei nye 10. Kvil i fred 11. Tull og Tøyserud 12. Dei søte 13. Rare Risør 14. Heilt fjernt 15. Dei strenge 16. Dei vakre 17. Favorittane 18. Kviss

Det må ikkje kopierast frå denne boka i strid med åndsverklova eller med avtalar med KOPINOR. SPARTACUS FORLAG AS P.b. 6673 St. Olavs plass, 0129 OSLO spartacus.no

4


Innhald Forord 6 Nammenam 9 Heilt bananas 17 Kort og godt 37 Munnfullen 45 Dei grove 51 «Hode, skulder, kne og tå» 65 Gatelangs 73 Dei nye 85 Kvil i fred 97 Tull og Tøyserud 111 Dei søte 121 Rare Risør 129 Heilt fjernt 135 Dei strenge 151 Dei vakre 161 Favorittane 171 Kviss 185 Fasit 193 Litteratur 197


Forord Noreg er eit underleg land! Eg har besøkt Husvegg på Jæren, Hjemmeluft i Alta, Minnesota i Feios, Helvete i Gausdal og Waterloo i Leksvik, og reisa mi har vore så rar og fin at eg fekk lyst til å ta med dykk alle på ferda. Difor skreiv eg denne boka, for kva er vel betre enn å reise land og strand rundt medan du sit heime i godstolen? Det er både billigare og meir behageleg, du slepp maset frå baksetet, og du kan ta ein tissepause akkurat når du vil. Det er forresten lenge til reisa mi er over, på lista mi over komande turmål står Setersetersetra i Hemne, Der bikkja beit mannen i Risør, Dum og Dåsa i Kvinnherad, Texas i Manndalen og Homse i Hå. Dessutan skal eg svinge innom Hengekusa heime i Vik i Sogn for å sjekke om plassen fortener namnet sitt. Det var fyrst i 2010, då eg blei programleiar for Språkteigen på NRK P2, at eg starta å interessere meg for stadnamna våre, og då eg sidan laga Nomino, ein TV-serie om emnet, blei eg totalt nerd. For ei som alltid har likt historie og språk, var dette lovleg seint, men kanskje passerte stadnamna under radaren min fordi dei er litt anonyme og beskjedne? Dei er jo som luft for oss, dei er rundt oss på alle kantar, dei har alltid vore der, så me tek dei for gitt. Det slår oss ikkje at namna på vegskilta me køyrer forbi kvar dag, kan vere interessante, men ta ein ekstra titt neste gong og spør deg sjølv: «Kvifor heiter det dette akkurat her?» Då eg tok til å stille dette spørsmålet, opna det seg ei skattkiste av små og store historier, eg lærte 6


utruleg mykje nytt om språket og om landet vårt, om byen eg bur i, og om staden eg kjem frå, eg lærte til og med ein del om meg sjølv og min eigen identitet. Og sist men ikkje minst, eg heldt på å le meg i hel. Er du ute etter ei bok som forklarar kva stadnamna betyr, kor gamle dei er, korleis dei oppstod, og kor viktige dei er for oss, så bør du lese den fyrste boka mi om stadnamn, Nomino. Ho er artig, ho òg, men denne boka har eg skrive med eitt mål for auge; eg vil du skal oppdage at stadnamna våre kan vere rasande artige! Bur du ved Møsnuken, Syltevorpa eller Vrangbenet, så synest du kanskje ikkje desse namna er det minste rare, men det synest eg. Dei er heilt vedunderleg rare! No er det ikkje slik at alle stadnamn fortener ståande applaus, namn som Fjell, Storvatnet og Kirkegata går det 13 av på dusinet, men det finst mengder av fabelaktige namn der ute, og for ei breidde dei viser! Noreg kan by på vakre Hildre og rare Timpeltut, tøysete Fjertberget, korte He og lange Finnkongkeilnæringen, internasjonale Klondyke, og ikkje minst alle dei underlege og artige namna, som Rompeporten, Skrukkefylla, Gåomkring, Utro, Kjøkkenet, Begravelse, Blindtarmen, Mumillom, Tusjeguttberget, og min personlege favoritt, Setersetersetra. Til og med Namnlausvatnet, som det finst uventa mange av, er eit artig namn, sjølv om dei som står bak, ikkje var i eit særleg kreativt humør den dagen. Noregskartet kan vere uventa underhaldande og rart, og har du fem minutt til overs, kan eg anbefale deg ein snartur innom www.norgeskart.no. Zoom deg inn på eit tilfeldig område i nærleiken og sjå kva du finn, du kjem garantert til å få deg ei overrasking eller to. God fornøyelse! 7


16


Heilt bananas


Krampenes Galten Purka Sofaen Buksevatnet

Bakaromnen

Fleskmoen Snørken Snappen Dødsriket Sprithola Vatnvatnet Helvete Fjellfjellet Verdens ende

Kuklumpen Homo Utro Alvoret Setersetersetra Latræva Urin Kukkeluren Glisebikkja Tjukkefarbroren

Litltissvatnet, Stortissvatnet og Midtitissvatnet

Northugsvingen Eklisgrenda

Yes-hølen

Dumma

Ølet

Bergeberget Dunkehybelen

Hinkomhank Bleiesonen Store Skrekken Dåsa Dum Posemosen Tomatsvingen Rundtomkring Jammerdalen Trassholmen Homse 18 Snerten Sokken Husvegg Mumletjønn

Peder-sitt-nes Jammerdalen


-nes

Hjelpe meg så mange underlege stadnamn som finst! Og det er me som har laga dei alle saman, me kan ikkje skulde på nokon andre. Om dei norske stadnamna er ein indikasjon på korleis me nordmenn er skrudde saman, er det sanneleg eit merkeleg folkeferd som trer fram. Skrukkefylla høyrest ut som ein gjeng pensjonistar på fylletur, og kva i all verda går føre seg på Omgang og på Utro? Er det mogleg å fullføre noko på Nesten, og er det assistanse å få på Hjelp? Er det like kjipt som det høyrest ut som i Snokdalen og på Søpla? Er Hjemmeluft eit firma som installerer varmepumper, kryr det av våryre budeier på Springkåtfjellet, og blir ulydige gutar sende marsj av garde opp på Tusjeguttberget om dei skriblar på veggane? Er det trygt å drikke vatnet i Slevebekken, korleis ser det ut i Mumillom og på Julle mu, kva søren er ein skrikkeboll, og kva har han i Skrikkebolldalen å gjere? Det er tydelegvis ingen grenser for kva ein plass kan heite. Gå inn på www.norgeskart.no, skriv inn nokre vilkårlege ord i søkjefeltet, og du vil garantert bli overraska, noregskartet er fullt av perler som Møsnuken og Timpeltut, Vrangbenet, Fullpantmoen, Bamsesvam, Husvegg, Bente-Støveren, Syltevorpa, Tobakken, Stoppen og Sniken. Ein reaksjon eg ofte får, er: Kven har godkjent desse namna? Svaret er enkelt; 19


det finst ingen reglar. Ja, i nyare tid har det kome til restriksjonar og reglar for gatenamn og for bevaring av gamle stadnamn, men ingen kan hindre deg i å dikte opp nye namn. Det har me alltid gjort, både fordi me har bruk for stadnamn, og fordi me likar å fleipe. Ser me eitt eller anna i naturen som liknar på noko, så er det fort gjort å kalle staden opp etter det han liknar på, Trollpikken er ikkje åleine, det finst mange rumper, pupper, testiklar og pikkar der ute. Det er berre fantasien vår det står på, difor er det nesten litt trist at det finst stadnamn som Namnlausvatnet, Namnlauselva og Namnløsmyra. Men slike namn er på sett og vis artige, dei òg, for det faktum at dei har fått slike namn, gjer at dei ikkje lenger er namnlause. Rett ved Namnlausåsen i Nord-Odal ligg forresten Taska, Stygghaugen, Gørrmyrvika og Trautåa, så ein kan vel seie at åsen slapp billig frå det. Ein annan ås er Dum. Han er verken meir eller mindre intelligent enn andre åsar, likevel heiter han altså Dum, og rett ved, på andre sida av Kvinnheradsfjorden, ligg Dåsa. Artig kommune, Kvinnherad. Ein av mine personlege favorittar er Setersetersetra, eit namn som brukte lang tid på å bli såpass underleg. Det var ein gong ei seter i Hemne som blei til ein gard, og denne garden blei heitande Seter. Den nye setra til garden Seter blei kalla Setersetra, og då Setersetra òg blei ein gard, blei setra til Setersetra kalla Setersetersetra. Heilt logisk, og heilt bananas. Medan namnet Setersetersetra brukte fleire generasjonar på å bli artig, oppstår andre på eit blunk, som Latræva på Smøla. Kven som har æra for dette namnet, er det ingen som veit, men vedkomande har truleg vore kjapp i kjeften. Namnet oppstod på slutten av 1920-talet, då hamna på Veiholmen blei rusta opp Det var hardt arbeid å køyre vekk 20


steinmassane, arbeidskarane måtte ofte ta ein pust i bakken, og dei kvilte seg alltid på same staden. Ein dag var det ei vittig sjel som kalla denne kvileplassen Latræva, og tadaa! Eit stadnamn var fødd. Kva med Litltissvatnet? Kan dette namnet ha oppstått etter ein kald symjetur med påfølgjande badetiss? I så fall, korleis oppstod Stortissvatnet? Hohoi! Visst finst det stadnamn som viser til utovertissar av varierande storleik, til dømes blir fjellet Hamarøyskaftet òg kalla Hamarøykuken, men dei fleste Tiss- og Piss-namna har eit litt anna opphav. Det finst tallause Tissvatn, Pissbekkar og Pissaren her til lands, for ikkje å gløyme fossen Piss-spruten i Målselv, og desse vatna, bekkane og fossane har som regel namn etter korleis dei ser ut. Er vatnet gult? Ja, då er det vel ein Pissebekk eller eit Tissvatn. Står vatnet ut i ein stråle? Me kallar det Pissaren, eller Pissspruten. I Lierne blir det nesten for mykje av det gode, rett ved Stortissvatnet ligg Litltissvatnet og Midtitissvatnet, Tissvasselva, Tissvasstjønna og Tissvassklumptjønnin. Har du interesse for språk og peiling på stadnamn, har du kanskje lyst til å rekke opp handa og seie; – Hei du, Syltevorpa, Nesten og Skrukkefylla har heilt logiske forklaringar, og veit du kva namnet betyr, blir det ikkje særleg komisk. Og du har sjølvsagt heilt rett. Ta berre Homse, eit gardsnamn i Rogaland. Namnet kjem av mellomaldernamnet Hvammssær, som betyr ‘sjøen i den vesle dalen’. Reint vakkert! Over tid blei Hvammssær til Homse i daglegtalen, men heller ikkje det hadde vore særleg rart om ikkje slangordet homse i tydinga ‘homofil’ hadde dukka opp for kring 100 år sidan. Fram til slangordet blei kjent over heile landet, var Homse eit vanleg etternamn på Jæren, og om nokon på 21


Ålgård såg brørne Homse kome spaserande på 1960- og 1970-talet, kunne dei seie: – Der kjem Homsane. Men kvifor ikkje late ordbok og stadnamnleksikon ligge og berre more seg over assosiasjonar og spørsmål som dukkar opp når ein ser underlege og uvanlege stadnamn? Livet er for kort til å late slik enkel underhaldning ligge. Og du, hald deg unna Armknekkermyra, Flatlusåsen og Nåleputa, det er aldri godt å vite. Mumillom

Dal i Ringebu

Posemosen Marker Potettjuven

Skjer i Kristiansund

Rompeporten

Vik i Gran

Kolabygda Forsand Fleire gardar heiter Rundtom Rundtom og Rundtommen Utro Gard i Roan Buseneset Stavanger Dunkehybelen Gol Lakenet, Dyna og Puta

Tre skjer i Rygge

Kukkeluren

Nes i Eid

Spring forbi

Skjer i Lillesand

Holme i Røyken og skjer i Hjelp Hvaler 22


Husvegg Gard i Hå Hinkomhank Hurdal Snøkkekampen

Berg i Os

Tjukkefarbroren Gulen Bamsesvam

Holme i Øystre Slidre

Søpla Holme i Hvaler Snørrhaugane Aurland Drittsekktjønn

Tjern i Audnedal

Bleiesonen

Bekk i Kvam

Timpeltut

Haug i Etne

Stolposen Tjern i Beiarn Møsnuken

Fjell i Os

Pungmyra Steinkjer Jammerdalen Overalt Snørrmosen

Myr i Marker

Tobakkpungdalen Nærøy Skrukkehølet

Mo i Larvik

Nesten Gard i Ullensaker og gard i Stange Perfekt Åsnes Brokaskiten

Skjer i Austevoll

Syltevorpa

Gard i Fræna 23


Kjeppen

Nes i Lom og tjern i Nes

Riket Gard i Lillehammer I enden av heia

Topp i Lindesnes

Spionkopen

Ås i Narvik

Klinestad Gard i Sandefjord Knappholet*

Tunnel i Hyllestad

Promperudtjenn

Tjern i Nes

Knekken Søkk i Arendal Knullen Jorde i Bykle Skitfjellet Sør-Varanger Suggetjønn

Tjern i Birkenes, tjern i Hjartdal og pytt i Bø

Makkvika Hadsel Minkemosen

Tjern i Rælingen

Gnuldrehei

Fjell i Bygland

Bekk i Lom og elv i Nordre Dumma Land Hylestad Kyrkje i Valle Nåleputa Skjer i Kvitsøy Knerten Mange Puddefjorden Bergen Strevsomheten

24

Bakke i Harstad


Grøt** Mange Vrangen Mange Slime Gard i Oslo Feten Mange Urin

Ur i Rauma, Molde og Tokke, og li i Vestnes

Hjemmeluft*** Alta Mæ Eplehuse Audnedal Grautfatet

Isbre i Skjåk, botn i Sør-Fron og tjern i Stjørdal

Sprithola Hamarøy Per Halvor-rompa

Nes i Trysil

Ne i romann

Jorde i Audnedal

Stovegolvet

Ås i Stord

Kjøkkenet Mange Bakaromnen Mange Stolen Mange Krakken

Gard i Vindafjord og gard i Re

Skapet Skjervøy og Frøya Sofaen Askøy og Skjervøy Tusjeguttberget

Haug i Øyer

Glisebikkja

Seter i Balestrand

25


Gard i Lyngdal og gard i Lene Ringsaker Omgang Fyrlykt i Gamvik Inkognito terrasse

Oslo

Husløs Grend i Fredrikstad Snokdalan

Dal i Bodø

Pissebytta Grunne i Giske Rompeskogen Sandnes Skriken Gard i Rakkestad Slutningen

Gard i Vestby

Snørken

Fjell i Bardu og Salangen

Spretten Haug i Trondheim Vrangbenet

Sund i Hvaler

Sokken Vik i Grimstad Judaberg Bygd i Finnøy Svelgen Mange Slutten Gard i Nes Makrellbekken****

Larvik, Eidsvoll og Oslo

Krampenes

Vadsø og Lebesby

Skrekkens gru

Sva i Drangedal

Slåen Mange Tom 26

Gard i Vestby, Råde og Løten


Sprøyten Fjell i Selbu Harryheia Vestvågøy Julle mu Hvaler Begravelse

Husmannsplass i Råde

Sæden Gard i Arendal Trynedalen Larvik Utskot Gard i Samnanger Varmedokka Dal i Iveland og gard i Evje og Hornnes Svenskehølet

Li i Nord-Odal

Mum Li i Ørsta Dum Ås i Kvinnherad Lampeland

Gard i Flesberg

Syltern Gard i Brønnøy Uggdal Gard i Tysnes Snappen Loppa og Sandefjord Tosken

Stryn, Fet og Molde

Pollen Mange Månen Mange Havet

Li i Ullensvang, myr i Bergen, tjern i Froland og li i Sunndal

Vaksinen***** Os

27


Pleggen Nes i Gaular Snerten

Skiptvet, Sund og Engerdal

Springkåtfjellet

Ås i Sauherad

Stolpen Mange Ørevatn Vatn i Åseral Strippa Fredrikstad Soprum Gard i Aurskog-Høland Snøkkene Høgde i Os Vetle og Store Dustingen

Fjell i Vaksdal

Spretthaddin

Li i Tinn

Nonnetten

Ås i Seljord og Kviteseid

Trommeskinnmyra Nesodden Dyster Gard i Ås Kuklumpen

Fjell i Grane

Tomatsvingen Hjartdal Pipola Bygd i Sør-Varanger Trassholmen Larvik Bulken Bygd i Voss Springen Skjer og grunner i Herøy, Lindesnes og Mandal Mumletjønn

Tjern i Kristiansand

Paven Stjørdal og Sirdal 28


Rasle Slette i Nord-Fron Stoppen Gard i Lier Blostrupmoen Alvdal Springhoppa

Grunne i Frøya

Trulse Bru i Larvik Sniken Hvaler, Porsgrunn, Bodø, Ringerike og Vanylven Gard i Gjesdal og bakke i Tobakken Agdenes Time Kommune i Rogaland Gard i Ringerike og gate i Klekken Rollag Skrikkebolldalen Indre Fosen Sylvknapp

Flyplass i Valle

Treskoen Vik i Sarpsborg Lensmannsknappen

Berg i Åsnes

Fjertberget Vågan Minusodden

Nes i Roan

Pinebenken

Nes i Naustdal

Rundtomkring

Snuplass i Fredrikstad

Sildegapet

Fjord i Vågsøy

Tjukkebygdi

Bygd i Voss

Bukseparet

Sti i Valle 29


Armknekkermyra Trysil Albogesvingen

Høl i Åmot

Trekroner Holme i Kristiansand Nardo Gard i Trondheim Skrukkefylla

Vatn i Flå

Østre søndre Hjelpstein

Gard i Vestre Toten

Sædingsklubben

Haug i Karlsøy

X-vatnet og Z-vatnet

To vatn i Bremanger

Peder-sitt-nes Vadsø Bente-Støveren

Gard i Ringerike

Slaveribekken Trysil Brennevinsholet

Hå og Kviteseid

Piken Gard i Rennebu Den liste enden

Nes i Bygland

Kvisvik Bygd i Tingvoll Slevebekken Odda Bleie

Gard i Ullensvang, med Ytre, Indre og Midtre Bleie

Ølsjøen Vindafjord

30

Flatlusåsen

Høgde i Tynset

Brødløs og Brødlaus

Mange

Buksevatnet

Fusa og Karlsøy


Fullpantmoen

Gard i Stor-Elvdal

Pappahølet Rana Vesle Skrekken og Store Skrekken

To nabofjell i Nore og Uvdal

Rassballen te ho Kari Futerød Fredrikstad Latter Grend i Måsøy Nebb

Gard i Indre Fosen

Brennoppvika Aurskog-Høland Fullskjegga

Slette i Gloppen

Svigermorsvingen Lier Fandensdal Drangedal Litle Himmerike

Høgde i Flekkefjord

Himmerik

Her og der

Helvete****** Overalt Paradis Overalt Dødsriket******* Lødingen Politistaken******** Hvaler Dopskytterberget Stange Vatnvatnet Bodø Fjellfjellet Ås i Bodø Vollvollen

Tolga, Os, Meråker og Holtålen

31


Bergeberget

Bygd i Elverum

Setersetersetra Hemne Verdens ende Mange Yes-hølen Høl i Rauma Latræva Smøla, Berg, Gjemnes, Dyrøy, Snillfjord og Vestvågøy Homse Gard i Hå Alvoret Gjemnes og Hitra Barfot Gard i Bamble Homo*********

Gard i Lierne og i Grong

Fredagshølet

Vik i Hvaler

Den dumme

Skjer i Sola

Litltissvatnet, Stortissvatnet og Midtitissvatnet

Lierne

Den endelause dalen

Birkenes

Leieren Sarpsborg Dompidal

Ringsaker og Søndre Land

Kåten Gard i Våler Eklisgrenda Orkdal Enden Mange Faenshølet

Vik i Færder

Lotteriet Åsnes og Tysnes

32


Dunsæd Gard i Flekkefjord Filletassen

Holme i Hvaler

Pitlingen Bygd i Sokndal Fisebu Hamn i Larvik Fleskeknollen

Holme i Hvaler

Bleiehaug Leikanger Forbanna Rumpa

Slåtteteig i Eid

Nerdvika Gard i Smøla Hessihompan

Fjell i Saltdal

Hinke Li i Fyresdal

* Ein ordførar som på 60-talet klarte å få bygd veg til ei veglaus grend i Hyllestad, fekk ein 50 meter lang tunnel kalla opp etter seg. Ordføraren heitte Bruknapp, og tunnelen er framleis kjend som Knappholet. ** Sorry, men gardsnamnet Grøt kjem rett og slett av norrøne grjót, ‘stein’. *** Namnet Hjemmeluft har ingenting med inneklima å gjere, sjølv om det i ein turistbrosjyre blei omsett til engelske Home air, staden heiter eigentleg Jiemmaluovta, som på sjøsamisk betyr ‘selungevika’. Truleg blei Jiemmaluovta til Hjemmeluft då norskspråklege i Alta tilpassa det samiske namnet til sitt eige språk. Det finst mange -luovta-namn i Finnmark, og sidan luovta liknar på det norske ordet luft, blei 33


Jiemmaluovta, Builuovta, Ruoššaluovta og Dáhpeluovta til Hjemmeluft, Byluft, Russeluft og Tappeluft. **** Makrellen er då ingen ferskvassfisk? ***** Sju nordmenn har Vaksinen som etternamn. ****** Det finst minst 200 Helvete i Noreg, og ein av dei, ein slåtteteig høgt oppi ei bratt skråning i Svisdalen på Nordmøre, fekk namnet sitt fordi han var så trasig og vanskeleg å slå. Ein gong det kom ein prest til gards og spurde etter mannen i huset, fekk han som svar: – Han far er i Helvete og slår. ******* I Dødsriket dumpa ein kondemnerte og utrangerte båtar. ******** Fekk namnet Politistaken då politibåten grunnstøytte der i 2007. ********* Grong kan òg skilte med Homoholmen, Homoneset og Homofjellet. Gardsnamnet Homo kjem av ‘høg mo’.

34



Foto: Ruben Solér isbn 978-82-430-1285-1

9

788243 012851

www.spartacus.no

2019

og Våre villaste namn raraste stad

Gøril Grov Sørdal (f. 1974) kjem frå Vik i Sogn og er journalist i NRK. Ho leia TV-serien Nomino på NRK1 hausten 2015 og 2016, og i 2018 gav ho ut boka Nomino. Historia om norske stadnamn.

Frå Mumletjønn til Gnuldrehei

Denne boka er det endelege beviset på at s­ tad­namna våre er alt anna enn kjedelege, Noregskartet er fullt av vakre, stygge, koselege, grove, morosame, ­strenge og rare namn. Trur du at du kjenner heim­ fylket ditt? Tru om att! Du skal ikkje sjå vekk ifrå at Hurrahølet, Homse, Vomma, Pølsesvingen, Krok­ slåttplutten eller Lortegrauten ligg rett om hjørnet.

Gøril Grov Sørdal

Er Setersetersetra landets snålaste stadnamn, eller er Der bikkja beit mannen rarare? Er Hildre vakrare enn Silkebekken, finst det trivelegare gatenamn enn Wienerbrødskjæringa og grovare stadnamn enn Kattrasshølet og Svartfitta? Klarar du å seie Litl­ klokklumpen feilfritt ti gongar på rad, og stinkar det i Rompeskogen, tru?

Gøril Grov Sørdal Frå

Mumletjønn

til

Gnuldrehei