Page 1

VELKOMMEN TIL

VIGRESTAD SKULEKORPS

INFORMASJONSHEFTE TIL NYE MUSIKANTAR OG FORELDRE/FØRESETTE


Velkommen til skulekorpset Å vera musikant i eit skulekorps er sosialt, lærerikt og gildt for deg som spelar instrument. Her er du med i ei stor gruppe av interesserte musikantar i alderen 9-19 år. Og som foreldre får vi utvida vårt sosiale nettverk ved å delta i dugnader og arbeidet i korpset. Tal medlemmer i korpset har dei seinare åra vore mellom 35-50 musikantar Vigrestad Skulekorps er eit brass band korps. Dette betyr at vi spelar på messinginstrument – kornett, euphonium, flûgelhorn, trombone, horn, althorn m.fl. I tillegg har vi sjølvsagt også slagverk med ulike

trommer, pauker osv. I korpset lærer du å spela instrument etter noter gjennom undervisning i små grupper eller enkeltvis for di instrumentgruppe. Men for å verte ein god musikant som klarer å spela riktig og å få fram klare og reine tonar, må du bruke ein del tid på å øve heime også. Du trur kanskje at korpset bare spelar på 17. mai? I Vigrestad Skulekorps har vi mange andre speleoppdrag gjennom året. I tillegg deltek vi på to ulike konkurransar for skulekorps, og vi brukar mykje tid på å

øve inn flotte og varierte musikkstykker til desse konkuransane. Dessutan reiser vi kvart år på sommartur både i inn- og utland. I 2013 skal vi til Evje, medan vi i 2012 var på festival på Bornholm i Danmark. Vi håpar at de får mange gilde og gode år i eit av dei eldste og største skulekorpsa på Jæren. Velkommen til Vigrestad Skulekorps.


Musikant i skulekorpset Du kan starte i Vigrestad skulekorps når du går i 3,klasse/du vert 9 år. Då vert du kalla aspirant.

Øvingar Øvingstidene til korpset fylgjer skuleruta, dvs. det er ikkje øvingar i skulen sine feriar.

Øvingane er på Vigrestad Skule, År nr. 2 i korpset er du junior. Juniorane pleier å Nymannsvegen 2 på ha eige juniorkorps når Vigrestad. dei er mange nok, og dei Aspirantar får undervisdeltek i konkurransar og spelar ning i smågrupper (aspirantgrupper) ein gong i ved tilstellingar. veka i eit år. Det er fokus på å lære noter, og På vårparten i år nr. 2 å handtere instrumentet vert du teken opp i horiktig slik at du får lyd i vudkorpset, og vert då det. kalla musikant. Du kan spela i hovudÅr nr. 2 i korpset er du korpset fram til du fyller 19 år, då må du gå junior. Det er fortsatt undervisning i eigne over i eit vaksenkorps. grupper/enkeltvis for juniorane ein gong pr. veke.

I hovudkorpset er øvingar i smågrupper/enkeltvis inndelt etter dei ulike instrumenta ein gong pr. veke. I tillegg er det øving kvar torsdag for heile korpset kl. 19.00 – 20.45. Det er obligatorisk å delta på alle øvingane. Dette fordi at du skal verte god til å spele ditt instrument, og fordi at vi skal få øve inn musikkstykker i samspel for heile korpset. Ingen vert heller ein god fotballspelar eller ballettdansar utan å øve mykje både aleine og saman med andre.


utfordringar når ein både skal vera Dirigenten og musikantkompis og instruktører undervisar for instruktørane, men Dirigenten har det det gjev også eit godt musikalske ansvaret miljø i korpset. Men vi i korpset, og er den må ha forståing for at som bestemmer kva dei eldste musikantane som skal spelast og korleis. Fellesøvingane ikkje er utdanna musikkpedagogar, slik i hovudkorpset vert gjennomført av at musikantar/ juniorar/aspirantar må dirigenten i korpset. respektere og innrette Dirigenten/dei eldste musikantane har seg etter sine også undervisninga av undervisarar. juniorane og aspirantane Uniform og I Vigrestad Skulekorps har vi tradisjon for at dei eldste musikantane underviser dei yngre musikantane. Dette gjev sjølvsagt litt

instrument Skulekorpset eig instrumenta som musikantane, juniorane og aspirantane spelar på. Dette er dyre

instrument, som vi må be om at vert teke godt vare på og behandla forsiktig. Instrumenta må ikkje ligge og slenge heime slik at sysken får herje med dei. Vigrestad Skulekorps har ein uniform som musikantane lånar medan dei er i korpset. Uniformen består av: uniformsbukse, uniformsjakke, slips og uniformshatt. Musikanten må sjølv halde: kvit skjorte, svarte sokkar og svarte sko. Aspirantane og juniorane har ikkje eigne uniformar


innanlandstur. , men nyttar ein raud genser (som dei får utdelt frå korpset) og eigne svarte sko og svarte sokkar ved arrangement.

Sommartur Sommarturen er eit av dei store høgdepunkta i korpset. Målet med sommarturen er å ha ein kjekk tur som gjev gode sosiale opplevingar for korpset som gruppe, og som motiverer til å stå på i korpset. På denne turen deltek musikantane i hovudkorpset, dvs. at aspirantane må vente til året etterpå.

Desse turane går både innanlands og utanlands, der målet er å få til ein utanlandstur kvart 3. år. Vidare vekslar vi på å delta på korpsfestivalar og å ha eige opplegg med innlagte speleoppdrag. Turane dei siste åra har gått til: Gøteborg i Sverige 2004, Oslo 2005, Tyskland i 2006, Mandal i 2007, Evje i 2008, England i 2009, Bø i Telemark i 2010, Kristiansand i 2011, Bornholm i Danmark i 2012 og Evje i 2013.

Normalt må musikantane sjølv betale ca 50% av kostnaden til turen, ca kr. 1.000 – 3.500. Då er reise, opphald, mat og aktivitetar dekka. Lommepengar kjem i tillegg.

Aktivitetar gjennom året – årsplan Hovudkorpset har ei rekke faste aktivitetar og speleoppdrag gjennom året.

Øvingane i korpset vert nytta til å øve inn Under sommarturen er ulike musikkstykker vi borte 3-5 dagar, alt knytta opp til dette. etter om det er utanlands- eller


Aspirantar og juniorar deltek bare musikalsk i dei interne arrangementa som er basaren på våren og julegrøten i desember, i tillegg til at juniorkorpset deltek i Rogalands Mesterskapet. Resten av aktivitetane er retta mot musikantane i hovudkorpset. Vigrestad Skulekorps deltek i to årlege konkurransar for skulekorps:

divisjon, juniorane deltek med eiga framføring og aspirantane deltek i seminar med aspirantar frå andre korps i regi av NMF Rogaland. • Stavanger Open – denne underhaldningskonkurransen føregår seint på hausten. Det vert gitt poeng både for musikalsk prestasjon og underhaldningsprestasjon.

Vi deltek i desse konkurranse fordi • Rogalands Mesterska- konkrete mål å jobbe pet (RM) for skulekorps mot motiverer musikantane til å yte, og på våren – dette er dermed til å verte betre ein konkurranse med bedømming ut frå musi- musikantar. Vi erfarer også at dette kalsk prestasjon sveisar musikantane Hovedkorpset deltek i hovedkonkurransen i sin godt saman, då vi må

prestere saman som ei gruppe. I helga før desse to konkurranse har vi alltid ei seminarhelg, med intensiv øving av programmet for konkurransane. Deltaking i konkurransane og seminarhelgene er obligatorisk, fordi korpset må øve inn det musikalske programmet som ei gruppe. I tillegg spelar sjølvsagt korpset ved 17. mai, ved tenning av julegrana 1.

fredag i advent med meir.


I oversikten på forrige side har vi årsplanen for 2012, som viser programmet gjennom 2012. Denne aktiviteten er relativt fast frå år til år. Enkelte år blir det også andre speleoppdrag i tillegg til dette, typisk ved aktivitetsdag Sjøredningsmuseet på Varden, julemarkering på asylmottaket på Nærland mm.

Økonomi

desse 25% moderasjon på kontingent og sommarturar. Medlemskontingent skal betalast i desember. Å drifte Vigrestad Skulekorps kostar ca kr. 250-350.000 pr. år, noko avhengig av om det er utanlandstur eller ikkje. I tillegg kjem dirigentlønna som kommunen betaler, då dirigent er tilsett i kommunen

Dugnadsinntekter Medlemskontingenten utgjer ca 30-45% av sum inntekter i for medlemmer i korspet. Resten er skulekorpset er kr. 600 pr. år. Dersom det kommunalt tilskot, tllskot frå Norges er fleire sysken som Musikkorps Forbund går i korpset, får

til kjøp av instrument, sponsorgavar, kompensasjon frå Lotteritilsynet, samt eigenbetaling på sommartur, mm.

Dugnad For at skulekorpset skal gå rundt økonomisk, er vi avhengige av at foreldre og føresette til alle musikantar i korpset deltek på dugnadar. Alle foreldre/føresette blir delt inn i dugnadskomitear, som er ansvarlege for å gjennomføring av denne dugnaden.


Dugnadskomiteen må alltid involvere foreldre ut over eigen komite for å klare å gjennomføre «sin» dugnad. Det er to dugnader som involverar alle/dei fleste foreldre/ føresette; kakebaking og kakesalg 17. mai og loddsalg til vårbasaren Dugnadsåret fylgjer kalenderåret. Som foreldre/føresette kan ein be om å bli sett opp i ein av fylgjande komitear: • kalk- og gjødselsalg i februar/mars • seminarkomite for seminara vår og haust

• vårbasaren i april • 17. mai kakesalg • Vigrestaddagane og loppemarken • Julegrøt og utlodning i desember

Styret i skulekorpset Styret er valgte foreldre/føresette til musikantane i korpset. Styret står for det praktiske og administrative arbeidet og tilrettelegginga i korpset. Vi ynskjer at du som foreldre/føresett skal få nytte din kompetanse og bakgrunn til beste for korpset.

Sjølv om du kanskje ikkje synes at styrearbeid er det du kan best, er det mange ulike oppgåver som kan løysast med litt innspel og rettleiing frå dei andre i styret. Så ikkje ver redd for å seie ja når du blir spurt om ta din tørn i styret I Vigrestad Skulekorps har me fylgjande styreverv/funksjonar og funksjonstid:


• Styreleiar – 1 år • Nestleiar – 2 år • Kasserar – 2 år • Sekretær – 2 år • Komiteleiar – 2 år • Materialforvaltar – 2 år • Styremedlem - 2 år • Varamedlem – 2 år I tillegg er dirigent medlem av styret, saman med ein tillitsvalgt for musikantane.

Informasjon om aktivitetar i korpset Vigrestad Skulekorps har eiga heimeside www.vigrestadskulekorps.no og eiga facebook-side. Her blir det løpande lagt ut informasjon

om aktivitetar i korpset. Informasjon til foreldre/føresette og musikantar vert også sendt ut på mail, så vi må difor få din mailadresse ved innmelding i korpset

Informasjon nye musikanter vigrestad skulekoprs  
Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you