Page 1

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane Kortversjon basert pĂĽ vedtak i fylkestinget i juni 2018

www.sfj.no

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 1


KORT ANALYSE - KVA HAR VI OPPNÅDD

3

Kvifor ein regional plan for verdiskaping Kva har vi oppnådd så langt? Viktige utfordringar for fylket

4 5 6

HOVUDMÅL 7 Overordna føringar og strategi Overordna ansvar for gjennomføringa

8 10

SATSINGAR 11 Reiseliv 11 Fornybar energi 14 Sjømatnæringane 16 Olje og gass 18 Landbruk 20 Kunnskap og nyskaping 22

REGIONAL PLAN FOR VERDISKAPING – KORTVERSJON Dokument basert på verdiskapingsplanen av 2014 og rullert plan av 2018.

Side 2

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


KORT ANALYSE - KVA HAR VI OPPNÅDD

Bilete frå fotokonkurransen klimaomstilling. Energibruk i bygg Foto: Casper Helmark Andersen

Kva slags dokument er dette? Arbeidet med verdiskaping er forankra i ein regional plan vedteken i 2014. I 2015 kom det til ein industristrategi og i 2016 vedtak om å inkludere satsinga landbruk. I juni 2018 rullerte fylkestinget verdiskapingsplanen med vekt på ei drøfting av kva vi har oppnådd så lang og kva justeringar som trengst. Desse nemnde dokumenta er gjeldande politikk. I saka for fylkestinget 13. juni 2018 lova administrasjonen ei kortutgåve som sydde saman desse dokumenta.

Frå fylkesmeisterskap yrkesfag, Sogndal vgs 2018 Foto: Steffen H. Starheim

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 3


Kvifor ein regional plan for verdiskaping Fylkestinget har sett folketalsutviklinga i fylket sentrum for planarbeidet. Verdiskapingsplanen er utvikla med dette som bakteppe. Når framtidige generasjonar skal velje stad å bu, er attraktive arbeidsplassar eit viktig grunnlag for valet. Det er særleg viktig å få større del av etableringane av kunnskapsintensive og kreative arbeidsplassar. Kunnskapsintensive arbeidsplassar er både basert på fagutdanning og på høgare utdanning. Skal Sogn og Fjordane lukkast med å få tak i ein rimeleg del av dei nye arbeidsplassane må det offentlege verkemiddelapparatet, utdannings- og forskingsinstitusjonar og næringslivet arbeide godt i lag. Samarbeidet er omtala som partnarskapen. På leiarnivået er partnarskapen organisert gjennom næringsforum. Verdiskapingsplanen er utvikla av partnarskapen. Omstilling og nyskaping er i siste instans næringslivet sitt ansvar. Planen handlar om felles tilrettelegging for utviklingsarbeidet.

Kommunikasjon enten det er i form av breiband eller tradisjonell samferdsle, er del av ein slik strategi for å binde saman miljø. I tillegg er fylket i den gunstige situasjonen at vi har verdifulle ressursar å bygge verdiskaping på; matproduksjon, natur- og kulturbaserte opplevingar og varierte energiressursar. Vestland fylke vert ein realitet frå 2020. Partnarskapen ønskjer å gå inn i dette samarbeidet med oppdaterte planar for arbeidet. Verdiskapingsplanen vart derfor gjennomgått og rullert i juni 2018. Vi er samde om at fram til at Vestland fylke har fått sine strategiske planar på plass, så arbeider vi operativt og prioriterer utvikling av lokale næringsmiljø i «gamlefylket». Fram til nye planar er utvikla for Vestland, er samarbeidet over fylkesgrensene basert på verdiskapingsplanen.

Eit kunnskapsbasert og nyskapande Sogn og Fjordane handlar om å få kunnskapsdeling og nettverk til å fungere godt. Å investere i langsiktig kompetanseutvikling og evne til kunnskapsdeling er ein nøkkel for å halde fram som eit fylke med eit allsidig og konkurransedyktig næringsliv. Flinke folk er den viktigaste ressursen vår.

Ønskjer du utfyllande informasjon om verdiskapingsplanen? •

Regional plan for verdiskaping 2014–2025

Rullert verdiskapingsplan vedteken av fylkestinget i juni 2018

Side 4

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Kva har vi oppnådd så langt? Fylkespartnarskapen næringsforum oppsummerte i 2018 desse 7 resultata som spesielt viktige: •

Sogn og Fjordane har eit allsidig næringsliv, slik at at vi har komme oss godt gjennom nedturen innan petroleumsnæringane.

Arbeidet med «eit kunnskapsbasert Sogn og Fjordane» har gjort oss meir medvitne om kva sterke sider næringslivet i fylket har. Kunnskapssatsinga er ankerfesta i desse analysane.

Vidaregåande skular styrker rolla si som regional utviklingsaktør.

Forskingsmobilisering er langt betre integrert i næringsutviklingsarbeidet i fylket. Forskingsrådet har vorte mykje betre inkludert i regionalt utviklingsarbeid.

Landbruket blir effektivisert og modernisert. Verdien næringa skaper får aksept.

Utbygginga av breiband.

Partnarskapsarbeidet, altså Næringsforum, fungerer godt. Vi er godt informerte om kva andre arbeider med. Vi greier å sjå heilskapen i viktige utviklingsoppgåver.

Foto: Falkeblikk

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 5


Ein figur som samanfattar viktige utfordringar for fylket Figuren viser næringanes lokaliseringskvotientar i Sogn og Fjordane (grøne søyler), altså i kva grad dei er over- eller underrepresentert i Sogn og Fjordane samanlikna med landet elles. Verdien 0 betyr her at næringa utgjer same prosentandel av dei sysselsette i Sogn og Fjordane som i landet som heilskap. Som du ser har jordbruket den høgste lokaliseringskvotienten her i fylket, medan kunnskapsintensive tenesteytande næringar er mest underrepresentert.

Næringanes over- eller under representasjon i Sogn og Fjordane, og deira bidrag til nasjonal arbeidsplassutvikling 2

40

1,5

30

1

20

0,5

10 0

0

-10

-0,5

-20

-1

-30

Lokaliseringskvotientar SFJ

Side 6

50

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Næringanes bidrag til nasjonal arbeidsplassutvikling

Bidrag til nasjonal arbeidsplassutvikling 2007-17)

Lokaliseringskvotientar Sogn og Fjordane (2017)

Dei blå punkta viser korleis næringane bidreg til arbeidsplassutviklinga i landet totalt. Poenget er å få fram at vi har relativt stor del av dei sysselsette innanfor næringar der arbeidsplassutviklinga er svak (jordbruk, industri), og få innanfor næringane som veks godt.


HOVUDMÅL

Overordna mål for verdiskapingsplanen 500 nye arbeidsplassar kvart år

Her finn du analyser og indikatorar knytt til mål og delmål Analyser: Fylkesspegelen Indikatorar for resultatvurdering: Verdiskapingspanelet

Foto: Oskar Andersen

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 7


Foto: Steinvik Fiskefarm AS

Overordna føringar og strategi Heilskap Regional planstrategi bind verdiskapingsplanen saman med regional strategi for senterstruktur og tettstadutvikling, regional transportplan, regional strategisk plan for kysten, regional plan for kultur (under utvikling) og regional plan for klimaomstilling (Sjå www.sfj.no). Prinsippa for samfunnsansvar og berekraftig utvikling er føring for arbeidet. Vi vil utvikle indikatorar som skal styrke vurderingane av det å ta samfunnsansvar. Kultur for samhandling Verdiskapingsplanen er ein partnarskapsplan. Det er naudsynt at vi dreg i same retninga. Det er naudsynt at vi lærer av røynslene i lag. Og vi bør feire i lag når vi ser at aktiviteten fører til investeringar som gir attraktive arbeidsplassar for framtida. Smart spesialisering Verdiskapingsplanen skal knytast til den europeiske plantradisjonen «smart spesialisering» der vi legg større vekt på fornying og omstilling basert på konkurranseføremonene vi har. Følgjene for arbeidet er auka vekt på: • Få god innsikt i kva kunnskap vi har som kan brukast på nye forretningsområde; t.d. innan det grøne skiftet eller som følgje av ny teknologi

Side 8

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


• Organisere møteplassar der målet er å identifisere nye forretningsområde der nærings- og kompetansemiljøet har konkurranseføremoner • Spesialisering betyr ikkje å arbeide for å få ein meir einsidig næringsstruktur, men tvert om å utnytte mangfaldet til å utvikle nye næringar gjerne på tvers av bransjar. Gode døme så langt er hydrogensatsinga i fylket og etablering av Lefdal Mines Datacenter. • Langsiktig oppbygging av forskings-, utdannings- og utviklingskompetanse inklusiv evne til å etablere, utvikle og omstrukturere innovasjonsnettverk godt forankra i lokale næringsmiljø. Arbeidet til Maritim Forening og samarbeidet med Noregs Forskingsråd om eit teknologiløft er døme på dette. Forsking og internasjonalt samarbeid er viktige føresetnader for utvikling Innovasjon i næringslivet i vårt område skjer ofte som resultat av små steg som betrar produktiviteten. Den «tause kunnskapen» som finst i arbeidsstokken er sentral og må gjerast synleg. Forskingsinnsats vert stadig viktigare. Vi tenkjer kunnskapsdeling forskarar – næringsliv og ikkje einsidig kunnskapsoverføring. For å få tilgang til avanserte kunnskapsmiljø og god praksis er internasjonalt samarbeid nødvendig.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 9


Overordna ansvar for gjennomføringa

Fylkesutvalet vedtek årleg handlingsplan for arbeidet. Næringsforum vil konsentrere sitt arbeid om det arbeidet innan kunnskap og nyskaping og rolla som styringsgruppe for reiseliv. Petroleumsrådet har ansvaret for satsinga olje og gass. Fylkesmannen har ansvaret for landbrukssatsinga og fylkeskommunen for satsingane retta mot sjømatnæringane og fornybar energi. Problemstillingar som gjeld dei sistnemnde bransjane vert drøfta i næringsforum etter behov. Næringsforum har ein gang i året møte med Hovudutval for næring og kultur og ein gang pr år med SIVA og Noregs forskingsråd. Næringsforum er leia av Sogn og Fjordane fylkeskommune og er samansett slik: • • • • • • • • •

Side 10

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane KS – Sogn og Fjordane NAV – Sogn og Fjordane Fiskeridirektoratet Vest NHO – Vestland LO – Sogn og Fjordane Innovasjon Norge – Vestland Høgskulen på Vestlandet Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ Nærings- og kulturavdelinga og Opplæringsavdelinga

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


SATSINGAR

Foto: Blak-ah, Wikipedia

1. Reiseliv Sogn og Fjordane har naturattraksjonar i verdsklasse, og naturen og det levande kulturlandskapet gjer fylket til eit eksotisk reisemål for resten av verda. Hovudutfordringa i næringa er å få til auka lønsemd som gjev grunnlag for utvikling av verksemdene og fleire arbeidsplassar som er heilårlege. Samstundes må reiselivsverksemda vere berekraftig med omsyn til miljø og sikre at lokalsamfunna taklar stor reiselivsverksemd, med lokal verdiskaping.

1.1 Mål Visjonen for reiselivssatsinga er at Sogn og Fjordane skal bli ein av verdas fremste regionar for berekraftige, naturbaserte opplevingar med høg kvalitet i møte med engasjerte menneske og unik fjordnatur – fjord, bre, fjell, fossar, kyst og hav – som skal styrkje grunnlaget for lønsam, heilårleg næringsverksemd, trivsel og busetnad i heile fylket. Vi har sett tre overordna mål for satsinga på reiseliv: • • •

auka verdiskaping fleire heilårsarbeidsplassar i reiselivsnæringa eit meir berekraftig reiseliv

1.2 Aktivitet Fylkesmannen har leia eit arbeid for å sikre berekraftig reiselivsutvikling. Dette er no avslutta, og ti prinsipp for berekraft er formulert som føring for alt reiselivarbeidet (sjå boks på neste side).

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 11


Brufjorden med utsikt til Kinn og Reksta Foto: Anne-Kjersti Stavø Stenehjem

Program for infrastrukturutvikling: Fleire heilårsarbeidsplassar gjennom auka tilgjengelegheit og fleire gjestedøgn Målsettinga med dette programmet er å oppnå auka turistvolum i fylket gjennom utvikling, drift og koordinering av infrastruktur og andre fellestiltak. Fagutdanning og kunnskapstilgang er viktig for at reiselivsnæringa i fylket kan løfte seg. Kompetanseheving og evne til å ta i bruk kunnskap er òg viktig for at reiselivsaktørane kan ha evne til å omstille seg i takt med trendar og marknader. Hovudansvar vert lagt til infrastrukturprogrammet. Det vert arbeidd med å utvikle ei reiselivskunnskapsklynge i fylket, med utgangspunkt i kunnskapsmiljøet i Sogndal.

Avtale om bedriftsretta innsats: Auka verdiskaping – fleire og sterkare reiselivsbedrifter i Sogn og Fjordane Målsettinga for denne delen av reiselivssatsinga er å auke verdiskapinga hos reiselivsbedriftene gjennom utvikling av bedriftene, bedriftene sine aktivitetar og bedriftsretta tiltak. Mat og reiseliv Temaet mat og reiseliv vert utvikla med ansvar lagt til Fylkesmannen, hjå landbruksavdelinga. Lokal mat blir stadig meir etterspurd, og her ligg eit stort potensial for å skape arbeidsplassar. Både Fylkesmannen og Innovasjon Norge har innsats retta mot lokalmat. Eit nytt program vil bli utvikla. I dette arbeidet vil det vere naudsynt å sjå på rollefordelinga for å sikre at ressursane som blir satsa på lokalmat og reiseliv vert nytta på ein effektiv måte. Politisk arbeid Reiselivsnæringa i distrikts-Norge er avhengig av nasjonale rammevilkår for å utvikle seg, og for at ressursane i fylket kan nyttast fullt ut. Desse er kritiske suksessfaktorar som må løftast politisk for å nå måla:

Side 12

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


• fellesgodefinansiering • offentleg finansiering av destinasjonsselskap som pådrivarar for reiselivsutvikling i sine regionar • utnytting av verneområde i fylket til bruk i reiselivsverksemd • trong for utvikling av gode måleverktøy for utvikling av reiselivsnæringa med omsyn til mellom anna gjestedøger

1.3 Ansvar Næringsforum er styringsgruppa for reiselivssatsinga. Fylkeskommunen har ansvar for programstyret for infrastruktur medan Innovasjon Norge har ansvaret for aktørprogrammet retta mot bedrifter. Fylkesmannen har ansvar for utvikling av eit nytt program med arbeidstittelen «Lokalmat og reiseliv».

Ti prinsipp for eit berekraftig reiseliv Ta vare 1. 2. 3. 4.

på natur, kultur og miljø Kulturell rikdom Ta vare på og vidareutvikle landskapet sin fysiske og visuelle integritet Biologisk mangfald Miljø og ressurseffektivitet

Styrking av sosiale verdiar 5. Å ta vare på og styrkje lokal livskvalitet og sosiale verdiar 6. Lokal kontroll og engasjement 7. Jobbkvalitet for reiselivstilsette 8. Tilfredse gjester og tryggleik; opplevingskvalitet Økonomisk levedyktig 9. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsdestinasjonar gjennom lokal verdiskaping 10. Økonomisk levedyktige og konkurransedyktige reiselivsbedrifter Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 13


Satsingar

2. Fornybar energi Sogn og Fjordane har rike tradisjonar og stor verdiskaping innan fornybar energi. Utbygging, oppgradering og vedlikehald av kraftproduksjon gjev aktivitet og moglegheiter for lokal verdiskaping. Ein viktig meirverdi av ei satsing på fornybar energi er reduserte klimautslepp

2.1 Mål Det overordna målet for bransjesatsinga innan fornybar energi er å auke lokal verdiskaping gjennom framtidsretta samarbeid og kunnskap. Vi har sett to kvalitative delmål for satsinga: • Det grøne skiftet gir rom både for nyskaping og tradisjonelle utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt. Vi skal arbeide for å identifisere område for nyskaping, skape informasjonsflyt og medverke til gode koplingar mellom næringsliv og forsking for å styrke utviklinga av innovative idear. Vi skal spesielt vidareutvikle satsinga på hydrogen, og synleggjere nye forretningsområde innan maritim fornybar energi. • Interessehevding. Vi skal arbeide for at kraftoverskot i regionen skal kome industri- og næringsutvikling til gode gjennom tilgang på rimeleg energi.

2.2 Aktivitet Fornying basert på det grøne skiftet

Forum for grøn energi (FGE) har som føremål å auke verdiskaping knytt til planlegging, utbygging, drift og bruk av fornybar energi i Sogn og Fjordane, samt legge til rette for teknologiutvikling knytt til fornybar energi og energiøkonomisering. FGE er ein sentral aktør for å nå måla i verdiskapingsplanen, og vil særleg ta ansvar for møteplassar og få fram informasjon om aktuelle prosjekt, satsingar og trendar. Slik vil dei bidra til auka kunnskap og auka deltaking frå næringslivet i fylket. Side 14

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Vision of The Fjords Foto: sverrehjornevik.com/Flåm AS

I samarbeid med Noregs forskingsråd har partnarskapen prioritert ei kompetansemeklar-teneste for nyskaping innan energisektoren. Denne tenesta tek utgangspunkt i kva bedriftene treng, jamfør FoU. Regional plan for klimaomstilling skildrar betringspunkt der det vil vere naturleg å utfordre næringslivet til å utvikle løysingar. Anbodspolitikken i fylkeskommunen kan til dømes gi grunnlag for nyskaping i næringslivet ved krav om null-utslepp.

Arenastatus til prosjektet Hydrogenregion Sogn og Fjordane

Det vert no søkt om Arenastatus til Hydrogenregion Sogn og Fjordane for å utvikle samspelet mellom aktørane i næringsmiljøet, viktige forskingsmiljø og verkemiddelapparatet. Maritim forening Sogn og Fjordane (MFSF) og deira medlemsverksemder er sentrale i arbeidet.

Maritim fornybar energi

Maritim forening Sogn og Fjordane har etablert seg som eit sterkt leverandørnettverk. Utgangspunktet er maritim og petroleumsretta næring. MFSF orienterer seg etter kvart også sterkare i retning fornybar energi knytt til havrommet. Det er difor naturleg å sjå MFSF som ein sentral aktør i høve fellesinitiativ inn mot marin og maritim fornybar energi.

Rammevilkår

Sogn og Fjordane er blant fylka med høgast kraftoverskot i landet. Modellar for nettleige og andre sentrale mekanismar påverkar forholdet mellom tilgang på kraftproduksjon og kraftpris. Arbeidet med oppfølging og påverknad av rammevilkåra er viktig. Samarbeidande kraftfylke er eit viktig samarbeidsorgan for slik oppfølging – sjå www.kraftfylka.no

2.3 Ansvar Nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen har ansvar for gjennomføring. Det vert arbeidd med partnarskapsavtalar med Maritim foreining og Forum for grøn energi. Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 15


Foto: Harald Grotle

3. Sjømatnæringane Sjømat frå Sogn og Fjordane skal kjennast att på høg kvalitet, og der vi gjennom alle ledd i verdikjeda har omsut for natur, miljø og dyrevelferd og har nytta best tilgjengeleg kompetanse og teknologi. Samarbeid mellom havbruk, kyst- og havfiske, fiskeindustri, sal og eksport er ein føresetnad for å lukkast.

3.1 Mål Hovudmålet for satsinga er å auke verdiskapinga og tal arbeidsplassar i sjømatnæringane. Vi skal arbeide for å forsterke havbruksnæringa som motor for marin verdiskaping i fylket, og legge til rette for ei berekraftig auke i produksjonen. Vi vil bidra til opparbeiding og formidling av kunnskap som grunnlag for kunnskapsbasert forvalting og utvikling av sjømatnæringane. Vi har vidare sett tre delmål: • Styrke tilgang til kompetanse og arbeidskraft i sjømatnæringane. Vi skal arbeide for å utvikle ei attraktiv fagutdanning i vidaregåande opplæring retta inn mot verdikjedene i sjømatnæringane, styrke rekrutteringa til fiskeflåten og utvikle desentraliserte læringsarenaer for å oppdatere kunnskapsgrunnlaget hjå tilsette i sjømatnæringane. • Legge til rette areal for vidare vekst i sjømatnæringane Vi skal arbeide for at volumauke skjer basert på dokumentert kunnskap om kva naturmiljøet toler. • Innovasjon og nyskaping i sjømatnæringane. Vi skal arbeide for å utvikle verdikjeder og foredling for å skape nye arbeidsplassar, ved å etablere arenaer og nettverk som kan bidra til auka grad av foredling. Side 16

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


3.2 Aktivitet Arealplanlegging Tilgang til areal er ein av dei største føresetnadane for ein framtidig berekraftig vekst i akvakultur-næringa. Pr i dag er det lagt ut sjøareal til produksjon av laks, aure, torsk, blåskjel og makroalgar (tang og tare). Fylket har mellom anna ein unytta produksjonsakse frå indre fjordstrok til ope hav med eit betydeleg verdiskapingspotensial. Det er viktig å ivareta sjøareal som har stor verdi for fiskeria i fylket. Det er òg behov for å legge til rette eigna næringsareal for både fiskeindustri og leverandørindustri på land. Planarbeidet skal bidra til oppdatering av kystsoneplanar der ein legg opp til samarbeid på tvers av kommunegrenser. Arbeidet skal bidra til å sikre areal både på sjø og land for vidareutvikling av oppdrettsnæringa. Arealplanlegginga må bygge på kunnskap om miljøforsvarleg utvikling av næringa.

Rekruttering og kompetanse innan sjømatnæringane Både fiskeri- og akvakulturnæringa har gjennom fleire år blitt oppfatta som lite attraktive karrierevegar. Næringa peikar på manglande rekruttering som ein stor flaskehals. Det er difor eit mål for programmet å utvikle eit så attraktivt utdanningsopplegg på vidaregåande skule at det vil tiltrekke seg mange søkjarar. Skal vi lukkast i dette, må vi tenke nytt og bygge på eit samspel mellom dei vidaregåande skulene, sjømatnæringane og kunnskapsinstitusjonar. Å sikre kompetanse gjennom desentraliserte undervisningstilbod tilpassa dei som har sitt virke i bedriftene, vil vere svært viktig for sjømatnæringane. Fiskeindustrien rekrutterer i stor grad arbeidskraft frå utlandet. Her vil det vere viktig å ha med eit integreringsperspektiv i arbeidet.

Innovasjon og nyskaping i sjømatnæringane Innovasjon er hovudkjelda til produktivitets-forbetringar og auka konkurransekraft i sjømatnæringane. Innovasjon finn ikkje berre stad som nye bedriftsetableringar, det kan óg realiserast gjennom at eksisterande bedrifter tek i bruk nye driftsformer, produksjonsmetodar, teknologi, eller at ein utviklar nye produkt eller tenester. Arbeidet skal femne om sjømatnæringane som heilskap og leverandørindustrien.

Rammevilkår I arbeidet med rammevilkår for næringa vil vi mellom anna prioritere kunnskapsutvikling for å sikre berekraftig utvikling av sjømatnæringane, påverknad nasjonalt og internasjonalt for å redusere risiko for ureining av havmiljøet, politisk arbeid for å utvikle verkemiddelordningar som styrkjer innovasjon og nyskaping. Sogn og Fjordane har enno plass til fleire akvakulturlokalitetar og auka produksjon gitt at kunnskapsgrunnlaget vert utvikla. Vi bør arbeide for at nye konsesjonar kjem til fylket.

2.3 Ansvar Nærings-og kulturavdelinga koordinerer arbeidet. Det er oppretta eit programstyre for satsinga og to programgrupper for høvesvis arealplanlegging og for rekruttering og kompetanse. Innovasjon og nyskaping vert følgt opp med oppdragsbrev til Innovasjon Norge og Regionalt forskingsfond.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 17


4. Olje og gass Ein stor del av petroleumsproduksjonen i Noreg finn stad utanfor kysten til Sogn og Fjordane. Ein finn fleire oljefelt utanfor kysten vår; nokre av dei meir kjende og største er blant anna Snorre, Statfjord, Gullfaks, Kvitebjørn og Valemon. Samanlikna med nabofylka er Sogn og Fjordane underrepresentert i olje- og gassnæringa, og det trengst innsats for å betre og å halde på posisjonen.

4.1 Mål Det overordna målet for satsinga er vekst i petroleumsrelatert sysselsetting i fylket. Delmål er nærare skildra under aktivitet og ansvar.

4.2 Aktivitet og ansvar Den petroleumsretta innsatsen er delt i to: •

Petroleumsrådet har ansvar for politisk påverknad og som hovudkontaktpunkt i fylket overfor myndigheitsorgan, operatørselskap, osb.

Maritim Foreining Sogn og Fjordane har på si side ansvar for å engasjere og utvikle leverandørindustrien i fylket.

Petroleumsrådet

Petroleumsrådet er oppretta av fylkestinget og har eit hovudansvar for olje- og gass innan fylket. Rådet er leia av fylkesordføraren. Mandatet til petroleumsrådet er å arbeide for å styrkje industriell utnytting av olje- og gassressursane i Sogn og Fjordane. Side 18

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Foto: OLF/Tom Haga

Petroleumsrådet skal halde seg oppdatert om utviklinga innan olje- og gassektoren og prioritere særleg desse felta: •

feltutbyggingar

ilandføring

industriell utnytting av gass på land

Florø som drifts- og baseby

konsesjonsrundar

Maritim foreining Sogn og Fjordane Maritim Foreining Sogn og Fjordane (MFSF) er ei interesseforeining med 65 medlemsverksemder, lokaliserte i 14 av dei 26 kommunane i fylket. Dei skal særleg prioritere slik aktivitet: •

Strategisk arbeide for at verksemder får størst mogleg ringverknader av feltutbyggingar på nasjonalt og internasjonalt nivå.

Medverke til å utvikle og kvalifisere leverandørverksemdene gjennom styrka samarbeid, kompetansebygging, marknadskunnskap og synleggjering

Auke dei regionale ringverknadane av eksisterande og nye feltutbyggingar samt riving av utdaterte installasjonar.

Danne bindeledd mellom leverandørar og oppdragsgjevarar. Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 19


Foto: Gaute Dvergsdal Bøyum

5. Landbruk Landbruk er viktig for mattryggleiken i framtida, og handlar om forvaltning av felles naturressursar. Gode vilkår for landbruket er òg viktig for å oppretthalde busetnad og lokal verdiskaping i store delar av fylket.

5.1 Mål Vi har valt ut nokre arbeidsområde der Sogn og Fjordane kan auke tal arbeidsplassar og verdiskaping i landbruket. Det har vore viktig å avgrense dette til område der vi sjølve kan påverke utviklinga gjennom eigen innsats. Vi har sett følgjande fire delmål for satsinga innan landbruk: Sogn og Fjordane skal •

auke lokal verdiskaping ved produksjon og foredling av mjølk, kjøt, frukt/bær og trevirke

auke tal arbeidsplassar og folketalet i aktive landbruksbygder

samordne innsatsen for å løyse utfordringar og utvikle nye lønsame produksjonar

vere ein aktiv medspelar i utforminga av den nasjonale politikken på landbruksområdet

5.2 Aktivitet Det følgjande er prioriterte område for arbeidet innan kvart delmål for landbrukssatsinga. Kvart av punkta er nærare omtalt i verdiskapingsplanen. Området mat og reiseliv er omtalt under kapitlet om reiseliv. Side 20

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Verdiskaping ved produksjon og foredling • Mjølk og storfekjøt: omstilling til lausdrift og fleire ammekyr • Grovfôr: auka produksjon av lokalt fôr • Regional merkevare: avklare vidare arbeid med prosjektet Lam frå Sogn • Skogbruk: utarbeide områdeplanar for skogsveg • Hagebruk: mobilisering for auka fruktdyrking • Lokal mat: fleire bedrifter som foredlar mjølk • Mat og reiseliv: fleire reiselivsbedrifter som profilerer seg på lokal mat

Sysselsetting og busetnad •

Rekruttering til landbruket: Gjere naturbruk til ei fagleg attraktiv linje ved Mo og Øyrane vgs og Sogn jord- og hagebruksskule, og vidareutvikle «Agronomutdanning for vaksne» som ei fleksibel og næringsretta utdanning

Nytte avløysarlaga som arbeidsgjevar og arbeidsformidlar

Busette og integrere personar frå andre land i bygdene

Medverke til at fleire får kjøpe gardsbruk

Forsking, utvikling og innovasjon •

Samordna FoU-innsats: Samordna innsats for auka bruk av FOU, aktiv bruk av Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF), utvikle lokale og regionale varemerke

Kompetanse og rådgjeving: Sikre ei god rådgjevingsteneste til primærprodusentane, støtte opp om fylkesdekkande faglege møteplassar, gje tilbod om fadderordning for nye bønder

Nasjonale rammevilkår •

Sogn og Fjordane skal vere ein aktiv medspelar i utforminga av den nasjonale politikken på landbruksområdet og gje årlege innspel til jordbruksforhandlingane

Sikre Sogn og Fjordane som eit prioritert beiteområde med årleg uttak av rovdyr

Sikre regional bruk av nasjonale støtteordningar og utarbeide ordningar som er felles for det nye fylket Vestland

5.3 Ansvar Landbruksavdelinga ved Fylkesmannen har ansvar for satsinga. Satsinga er del av Landbruksdepartementet si bestilling til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane om bygdeutvikling (Regionalt bygdeutviklingsprogram i Sogn og Fjordane). Dette vert utarbeidd i samarbeid med faglaga, Innovasjon Norge, KS og fylkeskommunen.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 21


Rocketfarm AS leverer robotar og teknologi til industrien. Foto: © Rocketfarm AS

6. Kunnskap og nyskaping Kunnskap og nyskaping er ei satsing på tvers av bransjesatsingane. Fornying av næringslivet kan mellom anna skje ved at kunnskap på tvers av bransjar gir grunnlag for nyskaping. Difor er kunnskap og nyskaping slått saman til éi satsing.

6.1 Mål Store omstillingsutfordringar kan illustrerast med nokre få stikkord: eit kunnskapsbasert næringsliv, ny teknologi, miljøutfordringar, globalisering og sentralisering. I tillegg står store deler av partnarskapen ovanfor ei organisasjonsendring der det nye regionnivået Vestland fylke vert utvikla. Regionreforma vil styre prioriteringar og tidsbruk dei kommande åra. Partnarskapsarbeidet er derfor konsentrert om nokre få prioriterte siktemål: • Før regionreforma er formelt etablert, satsar vi for å bygge opp gode, lokale innovative miljø. • På lengre sikt satsar vi for å sikre at gode modellar i utviklingsarbeidet vårt vert ivaretekne og vidareutvikla i det nye Vestland fylke.

Side 22

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Partnarskapsarbeidet er konsentrert om fire operative arbeidsområde: Prioriterte partnerskapstema - verdiskapingsplanen Innovasjoninfrastruktur

Arbeidskraftbehov og utdanningsstrategiar • oppfølging av regional kompetansestrategi

Innovasjonsnettverk • lokale “klynger”

Bedriftsretta arbeid

Innovasjon på tvers av bransjar Møteplassar

Kunnskapsintensive tenesteytande næringar

Målsettingar for kvart arbeidsområde er nærare skildra under aktivitet og ansvar.

6.2 Aktivitet og ansvar Arbeidskraftbehov og utdanningsstrategiar Arbeidskraftbehov: Basert på NAV-analyse og vurdering er manglande kapasitet og kompetanse i arbeids-styrken i Sogn og Fjordane ei utfordring både på kort og lang sikt. Situasjonen krev utvikling av strategiar og tiltak for å utvikle arbeidsstyrken, og medfører høgare krav til samhandling og mobilisering. Utdanning: Desse måla står sentralt i det vidare arbeidet: 1. Legge til rette for heile og attraktive utdanningsløp som gjer at kompetansen og arbeidskrafta i større grad blir i Sogn og Fjordane. 2. Styrke rekrutteringa til real- og yrkesfagutdanningar. Ansvar: NAV og fylkeskommunen ved opplæringsavdelinga.

Innovasjonsnettverk Fysisk infrastruktur: Både breiband og samferdsle knyter saman næringsmiljø. Breibandkvaliteten er særleg viktig for å kunne knyte saman bedrifter, verkemiddelapparatet og forskingsmiljø med geografisk avstand. Vi viser til breibandstrategien og regional transportplan. Kunnskapsdeling: Kjernen i innovasjonsarbeidet er kunnskapsdeling. I overgangen til nytt fylke vil vi prioritere lokale innovasjonsnettverk. Vil vi prioritere innovasjonssystem som dekker vid geografi først når det nye fylket er etablert. Prioriterte målsettingar: • Maritim Foreining etablert som innovasjonsnettverk for nyskaping innan det såkalla havrommet. • Forum for Grøn Energi etablert som innovasjonsnettverk for fornybar energi. Når utviklingsprosjekt innan fornybar energi har energibrukarar som målgruppe, ligg det til rette for nyskaping på tvers av sektorar. • Etablering av Teknologicampus i Førde. Ansvar: Nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 23


Møteplassar Aktiviteten møteplassar er ein strategi for å skape omstilling og fornying. Aktiviteten er ankerfesta i industristrategien og i arbeidet med forskingsmobilisering, til dømes i tenesta VRI4 , og i prosjektet Teknoløft som blir sett i gang i 2018. Vi prioriterer møteplassar som styrkar målet om å skape attraktive arbeidsplassar, som er basert på at kompetansen vi har i fylket, og som handlar om ny teknologi og/eller om å løyse samfunnsutfordringar. Prioritert målsettingar: • Gjennom VRI4 og EU-nett skal vi oppnå fleire FoU-søknader frå fylket til regionale, nasjonale og internasjonale FoU-program. • Gjennom teknologi møteplassar skal vi setje omstilling knytt til digitalisering på dagsorden i mindre bedrifter. • Vi vil skape fornying og omstilling ved å bringe saman bedrifter for konkret problemløysing. Aktuelle samfunnsutfordringar er det grøne skiftet og velferdsteknologi. I tillegg kan bedrifter setje eigne utfordringar på dagsorden. Investorforum: Det vert arbeidt med å kunne tilby betre tilgang til risikoviljug eigenkapital til bedrifter, særleg i ei tidleg fase. Dette for å gjere det lettare å starte og utvikle bedrifter. Som ein del av dette etablerer vi kontakt med investormiljø, og vurderer å få til ein møteplass for investorarar. Ansvar: Nærings- og kulturavdelinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Kunnskapsintensive tenesteytande næringar Desse bransjane har god sysselsettingsutvikling nasjonalt, med godt betalte og attraktive arbeidsplassar. Sogn og Fjordane må få ein større del av desse arbeidsplassane for å nå målet om arbeidsplassvekst. Privat kunnskapsintensiv og kreativ tenesteyting har ringverknader. Bedriftene er viktige kunnskapsleverandørar for offentleg sektor og for industrien og primærnæringane. Måleindikatorane er ei utvikling av tal arbeidsplassar og verdiskaping på line med fylka utanom dei 5 sørnorske storbyfylka. Aktivitet: •

Innovasjon Norge sin avtale om innsats held fram. I tillegg til bedriftsfinansiering har Innovasjon Norge fleire ikkje-finansielle verkemiddel som vil bli brukt i satsinga, som kompetanseprogram, og spesialistkompetanse på fleire fagfelt.

• SIVA er operatør for næringshage- og inkubatorprogrammet. Begge programma skal dokumentere utvikling av kunnskapsintensiv tenesteyting og samarbeid med FoU-miljø. • Partnarskapen er samde om å utvikle felles retningsliner i aktiv bruk av innkjøpsregelverket, dette for å utvikle konsulentbransjen. Ansvar: Innovasjon Norge og SIVA.

Politiske problemstillingar •

Utflytting av statlege arbeidsplassar; mellom anna for å styrkje næringsmiljø.

Utvikling av opplæringsinfrastrukturen ved hjelp av ny teknologi og ved betre samspel mellom vidaregåande opplæring og høgare utdanning.

Side 24

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane


Askedalen 2, 6863 Leikanger Telefon: 57 63 80 00 E-post: post@sfj.no www.sfj.no Foto framside: Lefdal Mine Datacenter

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane

Side 25

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane  

REGIONAL PLAN FOR VERDISKAPING – KORTVERSJON Dokument basert på Verdiskapingsplanen av 2014 og rullert plan av 2018.

Verdiskapingsplan for Sogn og Fjordane  

REGIONAL PLAN FOR VERDISKAPING – KORTVERSJON Dokument basert på Verdiskapingsplanen av 2014 og rullert plan av 2018.

Advertisement