Page 1

Kunst og kultur i skulesekken! skuleĂĽret 2018/19

www.skulesekken.no

www.skulesekken.no


Kunst og kultur i skulesekken! Den kulturelle skulesekken (DKS) tilbyr alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring eit mangfaldig tilbod innan kunst og kultur. Tilbodet komande skuleår er sett saman av ulike kunst- og kulturuttrykk i eit stort spenn frå musikk og scenekunst til filmverkstad og forfattarbesøk. DKS samarbeider med Teaterfestivalen i Fjaler til hausten og har fleire av Sogn og Fjordane teater sine produksjonar på programmet. «Tidskapselen» gir elevar på ungdomstrinnet eit møte med musea i fylket. Vi vonar tilboda vil gje elevane gode møte med profesjonell kunst og kultur i skulen, og ynskjer lukke til med arbeidet! Godt skuleår!

Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane Øyvind Høstaker, fagkoordinator Trygve Apalset, rådgjevar Guro Høyvik, rådgjevar Solfrid Bygstad, turnekonsulent Øyvind Lyslo, produsent

2


3

Foto: David Zadig Foto: David Zadig


Produksjon

Uttrykk

Innhald

Steg

Kommunar

Dans vêret!

Litteratur/ Scenekust

Eit kunstfagleg prosjekt som nyttar lesing, dans og leik til å lære.

1.-4.

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Eventyrskatten

Visuell kunst

Utstilling der elevane møter nokre av høgdepunkta innan norsk eventyrillustrasjon.

1.-4.

Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Om bare Lyseblå kunne bli superhelt

Scenekunst

Kva er det som gjer at nokre fell utanfor? Kva er det som gjer at klovnen Lyseblå mislukkast i å vere gut?

1.-4.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Teaterfestivalen i Fjaler

Scenekunst

Ein dag på Teaterfestivalen i Fjaler med ulike framsyningar.

1.-7.

Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Distriktsmusikarane i Sogn

Musikk

Ny produksjon med distriktsmusikarane i Sogn.

1.-7.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Smeltedigelen

Musikk

Ein musikalsk smeltedigel med blanding av uttrykk og stilartar i ein variert meny frå opera til pop.

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

På geitevis

Musikk

Mange av dei mest kjende dikta og songane til Vinje presentert på ein engasjerande og folkemusikalsk måte.

1.-7.

Askvoll, Fjaler, Florø, Gaular, Hyllestad, Naustdal

Superiopera

Musikk

Superiopera kjem til jorda med eit skattekart fylt av gåter som ho skal bruke for å finne den magiske musikkeliksiren, og ho treng hjelp!

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Jølster, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Kouame møter borna

Musikk

Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn.

1.-7.

Askvoll, Fjaler, Florø, Gaular, Hyllestad, Naustdal

Ekornes i 100

Musikk

Møt ein av landets aller beste musikarar i ei oppleving av klangar og rytmar. Til meir respons han får, til meir energi vert frigjort.

1.-7.

Gulen, Høyanger, Solund

Forfattarmøte: Maria Parr

Litteratur

Maria Parr les frå bøkene sine og snakkar med elevane om det å skrive i håp om at det skal inspirere borna til eiga skriving og skaping.

1.-7.

Solund, Høyanger, Gulen

Luison og Cuba

Musikk

Cubansk salsa med dansefot!

1.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Jølster, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Farfars bombekrater

Litteratur/ Scenekunst

Eit nært og konkret bilete på korleis krig kan påverke ein heilt vanleg famile.

1.-7.

Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund

Tonane som traff

Musikk

Distriktmusikarane i Førde med fengande favorittar.

1.-7.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Førde

Les for livet!

Litteratur

To framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim.

5.-7.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Levande bilde

Film

Rask og spanande oppsummering av filmen si utvikling gjennom 115 år

5.-7.

Gaular, Høyanger, Gulen, Flora, Naustdal

Verken fugl eller fisk

Visuell kunst

Ein undrande og fargerik workshop der elevane byggjer fuglar og fisk ved hjelp av små plastbitar funne på norske og europeiske strender.

5.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Animasjonsverkstad

Film

Elevane får lage sin eigen animasjonsfilm.

5.-7.

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Avtrykk

Visuell kunst

Mobil verkstad med tresnitt.

5.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal.

Freseskyflyet

Litteratur

Møte med forfattar og teiknar.

5.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Møtepunkt himmel og jord

Kulturarv

Ressurskasse som skulane kan bestille med dei fire verdsreligionane som tema.

1.-10.

På bestillling

Tidskapselen

Kulturarv

Kva har vi med oss frå fortida og kva vil vi syne framtida?

9.

Heile fylket

Filmhjelp.no

Film

Eit kort kurs om film og det å lage film. Elevane lagar sjølve.

8.-10.

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Good Time Charlie

Musikk

Good Time Charlie byr på blues både på engelsk og nynorsk, og syner at blues er ein sjanger som kan fornye seg igjen og igjen utan å miste røtene av syne.

8.-10.

Askvoll, Fjaler , Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund

Forfattarbesøk Terje Thorkildsen

Litteratur

Forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing.

8.-10.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Fear infection

Scenekunst

Ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema.

8.-10.

Førde, Sogndal, Vik

Eg er i går

Dans/Scenekunst

Teater basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år.

8.-10.

Flora, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Årdal, Selje

Frå bygd til beat

Musikk

Ein norsk gut frå Mandal oppdagar ein felles identitet med amerikansk hip-hop kultur.

8.-10.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

ISLA

Dans/Scenekunst

Ei framsyning basert på kroppsrørsle og kroppskontroll, med typiske innslag frå sirkuset; akrobatikk og den kinesiske pålen,

Vg1, Vg2, Vg3

Alle dei vidaregåande skulane

Ambulance

Film

I 2014 braut det ut krig i Gaza, og frå første dag vart Jabaly med og filma eit ambulanseteam.

Vg3

Alle dei vidaregåande skulane

Sameblod

Film

Ein film som også utforskar ungdomsopprør, sjølvrealisering og økonomisk makt.

Vg1, Vg2

Alle dei vidaregåande skulane

Forelska & forrykt

Scenekunst

Kjende Shakespeare-tekstar spelast ut i ei verd der kjønn er som regnbogen – eit spektrum av variasjonar: likskap og kontrastar, lys og skygge.

Vg1, Vg2, Vg3

På bestilling

Nasjonal prøve

Scenekunst

Klassen er samla til nasjonal prøve, men ingen klarer å konsentrere seg. Alle snakkar om han som ikkje er til stades.

Vg1, Vg2, Vg3

Vidaregåande skular i Nordfjord

4


Innhald Dans vêret! side 9 Eventyrskatten side 10 Om bare Lyseblå kunne bli superhelt side 11 Teaterfestivalen i Fjaler side 12 Distriktsmusikarane i Sogn side 13 Smeltedigelen side 14 På geitevis side 15 Superiopera side 16 Kouame møter borna side 17 Ekornes i 100 side 18 Maria Parr side 19 Luison og Cuba side 20 Farfars bombekrater side 21 Tonane som traff side 22 Les for livet! side 23 Levande bilder side 24

Verken fugl eller fisk side 25 Animasjonsverkstad side 26 Avtrykk side 27 Freseskyflyet side 28 Møtepunkt himmel og jord side 29 Tidskapselen side 30 Filmhjelp.no side 31 Forfattarbesøk Terje Thorkildsen side 32 Fear infection side 33 Good Time Charlie side 34 Eg er i går side 35 Frå bygd til beat side 36 ISLA side 37 Ambulance side 38 Sameblod side 39 Forelska & forrykt side 40 Nasjonal prøve side 41

5


6

Om Den kulturelle skulesekken Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar og byggjer på at «kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for det enkelte mennesket sin personlegdom og livskvalitet» (St. meld. nr. 8 2007–2008). Den kulturelle skulesekken (DKS) vart i 2001 vedteken som Stortinget si nasjonale satsing på kunst og kultur til barn og unge. Og frå regjeringshald heiter det at ein «har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet.» Der eit hovudmål skal vere «å medverke til gode vilkår for å formidle kunst og kultur», og vidare at «kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå».

Nasjonale og lokale aktørar Dei ulike framføringane er delt mellom kunst- og kulturutrykka musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film og kulturarv. Fylkeskommunen har eit stort nettverk av nasjonale aktørar, og lokale utøvarar og grupper ein samarbeider med. I skuleåret 2017–2018 var dette mellom andre Sogn og Fjordane teater, distriktsmusikarane og fylkesbiblioteket. «Tidskapselen» eit tilbod der alle 9. klassane i fylket får oppleve ein DKS-dag på sitt museum. Økonomi DKS vert finansiert av overskotet frå Norsk tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane til eigne tilbod i grunnskulen og 2/3 av dei vert brukt til turnéar i regi av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for å dekke kostnadene knytt til administreringa av ordninga.

Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge er den overordna etaten for Den kulturelle skulesekken. Det er fylkeskommunen som administrerer ordninga i Sogn og Fjordane, der kvar elev i grunnskulen får tre til fire profesjonelle kunst- og kulturtilbod kvart skuleår. I tillegg er det tilbod til alle elevane i vidaregåande opplæring.

Les meir om Den kulturelle skulesekken


Kontaktinfo Nettside Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har si eiga nettside www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane. Facebook På Facebook kan du følgje oss, gje tilbakemeldingar og få nyhende om aktuelle saker. E-post postmottak.kultur@sfj.no

Kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar» Kvar haust vert det arrangert ein kulturkonferanse for alle som arbeider med og er interesserte i Den kulturelle skulesekken (DKS). Konferansen er eit forum for å diskutere, utveksle og oppleve tema som omhandlar DKS. Konferansen er eit samarbeid med UKM (Ung Kultur Møtast) og kulturskulane, og vert i år arrangert 20.-21. september i Førde. Påmelding og informasjon vert sendt til skulane og er tilgjengeleg på www.skulesekken.no

Telefon 57 63 80 00 Postadresse Sogn og Fjordane fylkeskommune Nærings- og kulturavdelinga, Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde

7


ig

d avid Za Foto: D

m a r g o r P 8

g 1.–4. ste

9 1 0 2 – 2018 eg

5.–7. st

eg

8.–10. st

Vg1

Vg2

Vg3


Dans vêret!

1.–4. steg

«Dans vêret!» er eit kunstfagleg prosjekt som nyttar lesing, dans og leik til å lære. Borna (8-12 år) skal bli utfordra til å bruke heile kroppen når dei skal tenkje på vêr og klima. Dei får høve til å prøve ut og uttrykkje eigne røynsler og haldningar. Slik vil prosjektet gå nye vegar for å auke lesegleda og gi kunnskap om viktige tema. Borna skal få møte ein dansar og ein musikar, men dei skal også sjølve få danse med. Dei skal få bruke både tanke og kropp for å forstå korleis vêret blir til. Boka «Når det regnar i Afrika» av Erna Osland er den faglege ressursen, og nyskriven musikk og lydbildet er med å tydeleggjere og engasjere. Medverkande: Ine Therese Hogstad - dans Hanne Vatnøy - musikk Uttrykk: Dans, litteratur Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn Les meir om tilbodet

9

Foto: Ine Terese Hogstad


1.–4. steg

Eventyrskatten I utstillinga møter elevane nokre av høgdepunkta innan norsk eventyrillustrasjon. Dei får kjennskap til teikningar av troll og Askeladden, av prinsesser og eventyrlege dyr. Dette er teikningar som i stor grad har prega korleis vi ser føre oss skikkelsane og karakterane i dei norske folkeeventyra. Levande bilete, musikk og eventyrforteljing vert brukt for å skape ei rik oppleving for elevane. På same tid vert merksemda retta mot teikningane som illustrasjonar: korleis skildrar og utdjupar teikningane scenene i teksten? Utstillinga er produsert av Nasjonalmuseet i samband med 200-årsjubileet for eventyrsamlarane Peter Christen Asbjørnsen (1812–1885) og Jørgen Moe (1813–1882). Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Linn Magnhild Valderaune Visuell kunst 1.-4. steg Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund. Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

10 Les meir om tilbodet Foto: Nasjonalmuseet


Om bare Lyseblå kunne bli superhelt

1.–4. steg

I denne framsyninga møter du Lyseblå. Han er redd, og på skuleplassen står han ofte åleine. Han får ikkje vere med når dei andre gutane spelar fotball, fordi han er for dårleg. Han får heller ikkje vere med når dei leikar superheltar, for Lyseblå likar bamsar og grin ofte. Lyseblå drøymer om å vere superhelt slik at lærarane og dei andre borna skal sjå at også han får til noko og ikkje berre er ei pyse og ein dott i universet. Katja Brita Lindeberg rettar blikket mot forventningane vi møter små gutar med, i alt snakk om superheltar og idrettsstjerner. Kva er det som gjer at nokre fell utanfor? Kva er det som gjer at klovnen Lyseblå mislukkast i å vere gut? Medverkande: Dagfinn Tutturen og Morten Anda Berg alternerer i rolla som Lyseblå Uttrykk: Teater Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: 2018: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal 2019: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy Les meir om tilbodet

Foto : To rle

if Kv

inne

slan

d

11


1.–4. steg

5.–7. steg

12

Teaterfestivalen i Fjaler Den kulturelle skulesekken samarbeider også i år med teaterfestivalen i Fjaler om ein DKS-dag på festivalen. Vi inviterer alle elevane på 1.-7. steget i Fjaler, Hyllestad og Askvoll til å sjå og oppleve 3 unike framsyningar i løpet av ein dag. I år står desse framsyningane på programmet; • • •

Foto: x

Om bare Lyseblå kunne bli superhelt Goodbye Kitty Ringeren i Notre-Dame

Velkomen til ein spennande festivaldag! Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Teater 1.-7. steg Askvoll, Fjaler og Hyllestad

Foto:xx

Les meir om tilbodet

Foto: Torleif Kvinnesland Chrisander Brun LP


Ny konsertproduksjon med Distriktsmusikarane i Sogn

1.–4. steg

Distriktsmusikarane i Sogn, Yuko på piano, Leif på trombone og Bjørn Gisle på song, byr på ein heilt ny produksjon hausten 2018. Programmet er i skrivande stund ikkje heilt klart, men vi kan garantere ein fengande konsert sett saman av ein variert musikalsk meny med både innlagte overraskingar og medverknad frå elevane. Meir informasjon om programmet kjem seinare på www.skulesekken.no

5.–7. steg

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musikk 1.–7. steg Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet

Foto: Jane Edwards, Deakin University

13


1.–4. steg

5.–7. steg

14

Smeltedigelen Bli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel, og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny frå opera til pop. På konserten vert det både klassisk musikk av Bach og opera av Handel, godt blanda saman med populære låtar av nyare dato. Elevane skal også medverke på deler av konserten.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musikk 1.-7. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Les meir om tilbodet

Foto: Øyvind Lyslo


På geitevis «På Geitevis» tek utgangspunkt i Aasmund Olavson Vinje sitt liv og dikting i samband med 200-årsjubileet. Vinje var frå Telemark og er kjend som både forfattar, journalist og lærar og var ein av dei fyrste som aktivt nytta nynorsk både i dikt og prosa. På denne konserten vert mange av dei mest kjende dikta og songane hans presentert på ein engasjerande og folkemusikalsk måte. Den raude tråden i framsyninga er geita, som Vinje sjølv skildra i visa Blåmann, Blåmann. Det å ha slik ei forståing for og kjærleik til eit dyr er noko som mange kjenner seg att i. Konserten er produsert i samarbeid med Førdefestivalen.

1.–4. steg

5.–7. steg

Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Florø, Gaular, Hyllestad, Naustdal Les meir om tilbodet

15 Illustrasjon Jorun Marie Kvernberg


1.–4. steg

5.–7. steg

Superiopera Superiopera Crescendo Diminuendo Quarto Terso Fermate Legato Cantabile den tredje, heiter ho, romvesenet som landar i klasserommet eller gymsalen på skulen din. Der møter ho Feleonora Frederikke Fiola Klang, den superflinke felespelaren. Superiora kjem frå den vakre planeten Superiora dell´Aria, ein planet med fossefall av sølv og blomar i krystall der alle kan synge dei herlegaste songar. Men når den intergalaktiske skurken Anti Musicatirius kjem til Superioa dell’Aria, vert det heilt bekmørkt. Han hatar musikk og stel den magiske eliksiren som trengst for å kunne synge desse vakre songane. Dette er krise, for utan songane kan dei ikkje leve og all musikk vil døy ut! Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Bremanger, Eid, Gloppen, Jølster, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy Les meir om tilbodet

16


Kouame møter barna

1.–4. steg

«På språket mitt (Gban) i Elfenbenskysten finst det ikkje eit ord for å synge, for å spele eller for å danse. Berre «Sah», som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme og tromming!» (Kouame Sereba) Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn. Alle menneske har rytme, det har ikkje noko med etnisk bakgrunn å gjere. For Kouame Sereba er det viktig å syne at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk, men noko alle kan få stor glede av.

5.–7. steg

Foto: Kulturtanken

I Noreg har vi gode føresetnader for å utvikle ein naturleg rytmesans, sjølv om mange trur at det må eit varmt klima til. I Afrika vert det spelt på trommer og dansa til både kvardag og fest, til fødsel, dåp, bryllaup og gravferd. Slik blir den afrikanske musikktradisjonen formidla vidare frå generasjon til generasjon. Trommer, song og dans står sentralt i ritual, festar og forteljingar, og i ulike livsfaser som fødsel, oppvekst og død. Dette er kjernepunkt i den afrikanske kulturen. Medverkande: Kouame Sereba Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Florø, Gaular, Hyllestad, Naustdal Les meir om tilbodet

17


Ekornes i 100

1.–4. steg

100 trommer frå 100 land på instrument som er opptil 100 år gamle! Møt ein av landets aller beste musikarar i ei oppleving av eksotiske klangar og heftige rytmar. Når Kenneth Ekornes spelar, ser han heile tida føre seg ulike landskap som han omformar til labyrintar av lyd. Kenneth Ekornes både med seg eit trommesett som er 100 år gammalt og elektroniske slagverksinstrument. Kenneth har i løpet av dei siste 20 åra besøkt meir enn 50 av dei landa instrumenta hans kjem frå.

5.–7. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Kenneth Ekornes Musikk 1.-7. steg Gulen, Høyanger, Solund

Les meir om tilbodet

18 Foto: Øyvind Lyslo


Forfattarmøte: Maria Parr Maria Parr er barnebokforfattar fra Fiskå i Møre og Romsdal. Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

1.–4. steg

5.–7. steg

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyri (Heidi) og Astrid Lindgren. I dette programmet vil Maria Parr lese frå bøkene sine, snakke med elevane om det å skrive i håp om at det skal inspirere borna til eiga skriving og skaping. Parr vil også lese frå bøkene sine, og mot slutten av økta vil ho svare på spørsmål frå elevane. Medverkande: Maria Parr Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Solund, Høyanger, Gulen Les meir om tilbodet Foto: Agnete Brun

19


1.–4. steg

5.–7. steg

20

Luison og Cuba Det er ikkje lett å sitje stille når cubanske rytmar frå denne kvartetten slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk, same sjanger som her til lands er best kjend igjennom Buena Vista Social Club og latinobylga som feia inn over landet på 90-talet. Sjefen i bandet er den kubanske perkusjonisten, songaren og komponisten Luisón Medina Capote. Han har som musikar ein litt uvanleg bakgrunn som profesjonell fotballspelar med mange landskampar for Cuba bak seg. På konserten vil musikken gje publikum ein smakebit frå Luison sine barne- og ungdomsår på Cuba, og elevane vil vert introdusert for både cubansk musikk og dans. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Luison Capote - song, perkusjon Ricardo Ortega - piano Hades Heriberto Hernandez Rodriguez - timbales, perkusjon Yasser Morejon Pino - bass Musikk 1.-7. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Jølster, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Les meir om tilbodet


Farfars bombekrater «Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gongen du nesten vart arrestert!» I denne spennande teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos til middag, ikkje ha lov til å gå med nisselue eller høyre på radio, og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Kva skjer når doktorhuset vert treft av ei bombe i aprildagane i 1940?

Medverkande: Adele Lærum Duus Uttrykk: Teater Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund

1.–4. steg

5.–7. steg

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus spelar ut historiene som farfaren hennar fortalde då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebyte, bilete og musikk. Historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater». Framsyninga gir eit nært bilete av korleis krig kan påverke ein heilt vanleg familie, og viser korleis håp, humor, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår. Les meir om tilbodet

21


1.–4. steg

5.–7. steg

22

Tonane som traff Musikk kan både røre ved oss og begeistre oss. Nokre melodiar likar vi rett og slett så godt at dei blir favorittlåtar, og andre kan setje seg i øyret utan at vi kan gjere noko med det. Distriktsmusikarane i Førde har i denne produksjonen sett saman ein fengande musikalsk meny med eit utval melodiar som har hatt mykje å seie for dei, og dei håpar også at tonane skal treffe publikum.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Christine Marøy - song Henri Eftevand - fiolin Jacob Wyrtz - gitar Musikk 1.-7. steg Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal, Førde

Les meir om tilbodet

Foto: Øyvind Lyslo


Les for livet! I Les for livet! får elevane i 5. til 7. klasse vere med to framtidsmenneske på ei intens reise gjennom verdsrommet. Berre litteraturen kan få dei to tilbake til seg sjølve, tilbake til jorda. Heim. Dei to menneska elevane møter i framsyninga Les for livet!, er fanga i romsonden Littera. Etter at klimaendringar gjorde jorda uleveleg i år 2118, måtte menneska flytte til ein romstasjon. No, mange tusen år seinare, er det mogeleg å bu på jorda igjen, men for å få lov til vende tilbake, må dei to i romsonden løyse eit livsviktig oppdrag! Foto: Rob Houchen

5.–7. steg

Ved å gi smakebitar av alt det framifrå som blir skrive for born og ungdom på nynorsk og setje det inn i ein spanande kontekst, vil vi gi elevane lyst til å lese vidare på eiga hand. Les for livet! reiser viktige spørsmål knytt til identitet, behovet for samarbeid og venskap, og syner fram kor viktig litteratur kan vere for menneska og samfunnet dei lever i. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Siri Beate Fossum Kim Helge Strømmen Litteratur 5.-7. steg Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Les meir om tilbodet

23


Levande bilder I dag sender vi snapchat og lagar filmar på smarttelefonen vår. Vi går på kino, ser film og TV-seriar, og ikkje minst speler vi dei mest fantastiske videospel, som tek oss inn i heilt andre verder. Men korleis veit vi kva som er kva og kvar kjem alle desse levande bilda ifrå?

5.–7. steg

24

Gjennom forteljingar og videodøme gjev denne produksjonen ei rask og spanande oppsummering av filmen si utvikling gjennom 115 år, for å sette dagens mediebilete for barn og ungdom i samanheng. Foto: Bård Gustavsen

Medverkande: Mikal Hovland Uttrykk: Film Målgruppe: 5.-7. steg Kommunar: Gaular, Høyanger, Gulen, Flora, Naustdal Les meir om tilbodet


Verken fugl eller fisk - i et hav av plast Kvifor er det så mykje plast i havet? Kvar kjem all plasten frå? Kva skjer med fuglar og fisk når dei et plast? Dette er spørsmål miljøkunstnarane Kari Prestgaard og Astor Andersen tar opp i møtet med elevane. “Verken fugl eller fisk” er ein undrande og fargerik workshop der elevane byggjer fuglar og fisk ved hjelp av små plastbitar funne på norske og europeiske strender. Bilda som vert laga på workshopen kan skrivast ut slik at skulane kan lage eigne utstillingar med kunstverka elevene produserer.

5.–7. steg

“Verken fugl eller fisk” har gjenbruk, resirkulering og økologi som sentrale emne. Workshopen er eit godt utgangspunkt for tverrfagleg læring og er godt tilpassa Kunnskapsløftet.

Medverkande: Kari Prestgaard Astor Andersen Uttrykk: Visuell kunst Målgruppe: 5.-7. steg Kommunar: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy Les meir om tilbodet Foto: Prestgaard/Andersen

25


Animasjonsverkstad

5.–7. steg

26

Elevane vert delte inn i mindre grupper, og ved hjelp av eit nettbrett, ein animasjonsboks og dokker lærer dei å lage animasjonsfilmar. Kurset gir kunnskap om korleis ein kan fortelje historier, elevane får sjølve prøve seg, og dei får lære å bruke nettbrettapplikasjonen. Ved å flytte figurane sine litt og litt og ta eitt og eitt bilete, kjem etter ei lita stund ei historie til liv. Film er 24 bilete i sekundet! Foto: Johan Moen

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Johan Moen - fotograf, regissør Charlotte Rintler - kunstner, illustratør og animatør Film 5.-7. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet


Avtrykk Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, og han er framleis like aktuell i vår digitale tid. Med «Avtrykk» ynskjer Nasjonalmuseet å rette merksemda mot tresnitt som medium og uttrykk. I denne verkstaden får elevane utforske kva som er mogleg med denne grafiske teknikken.

5.–7. steg

Dei får også sjå verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas, som arbeider med tresnitt i ukonvensjonelle format i svartkvitt. Biletspråket deira er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på nytt, gjerne lag på lag og blir til nye univers.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design Visuell kunst 5.–7. klasse Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal.

Les meir om tilbodet

27

Cathrine Dahl og Ørjan Aas


Freseskyflyet

5.–7. steg

28

Møt Snutt, oppfinnaren av Freseskyflyet, isbjørnungen Burrr, Surfe-Sofie, Heng I hop og alle dei andre i landet Gnore like ved Nordpolen. Når isen smeltar og havet stig, skjer det dramatiske ting med livet til både isbjørnar og menneske. For kva skal ein isbjørnunge med vasskrekk gjere når isflaket han klamrar seg til forsvinn under han? Og kan verdens største oppfinnar greie det umoglege - endre klimaet slik at det på nytt blir is på Nordpolen? Forfattaren Rolf Losnegård fortel og les frå den elleville klimaboka om Freseskyflyet saman med illustratøren Fredrik Rysjedal som tek oss med inn i teiknarens verkstad der personar og spennande situasjonar får liv. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Rolf Losnegård, forfattar Fredrik Rysjedal, teiknar Litteratur, visuell kunst 5.–7. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet Fredrik Rysjedal


Møtepunkt himmel og jord «Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk» - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka. «Møtepunkt himmel og jord» består av ei innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion. Ressurskassen vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse.

1.–4. steg

5.–7. steg

8.–10. steg

Sentrale emne i «Møtepunkt himmel og jord» er religiøst mangfald og integreringsproblematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege samanhengar.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Visuell kunst 1.–10. steg På bestilling

29 Les meir om tilbodet Foto: DKS


Tidskapselen Også dette skuleåret vil elevane på 9. steg i fylket få kulturarvtilbodet «Tidskapselen». I samarbeid har DKS og Musea i Sogn og Fjordane utvikla tilbodet, der målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø. «Tidskapselen» har to delar. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

9. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musea i Sogn og Fjordane Kulturarv 9. steg Heile fylket

Les meir om tilbodet

30 Foto: Lars Opstad/Kulturtanken


Filmhjelp.no Gjennom verkstaden får elevane høve til å bli meir medvitne kva som er mogleg med film. Målet er å inspirere dei til sjølvstendig utforsking av filmmediet. Verkstaden skal syne korleis elevane, ved hjelp av eige utstyr, kan lage film utan at det kostar noko. Elevane kan nytte eigne mobiltelefonar og datamaskinar. Kurset tek føre seg dei mest grunnleggande trekka innan filmarbeid og viser elevane vegen mot eit ferdig produkt. Elevane skal utarbeide filmar, og målet er at dei skal sitje igjen med nyttig kunnskap om film og filmproduksjon.

8.–10. steg

Dagen vert avslutta med premiere på filmane elevane har laga. Foto: Anderas Altermark

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Andreas Altermark, Runar Tafjord og Geir Magne Pedersen Film 8.-10. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

31 Les meir om tilbodet


Forfattarbesøk med Terje Torkildsen Dette er eit forfattarbesøk der Terje Torkildsen les frå bøkene sine og snakkar med elevane om litteratur og lesing. Torkildsen har jobba som standup-komikar i tjue år og brukar mykje humor i formidlinga si. Forfattarbesøka hans vert gjerne kalla for standup-bokbad.

8.–10. steg

32

Han skreddarsyr alltid opplegget etter ønskje frå lærarane og spørsmål frå elevane.

Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 8.–10. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Leikanger, Balestrand Les meir om tilbodet

Foto: Marius Vervik


Fear infection Gjennom eit fysisk og urbant språk, og med spesialkomponert musikk, tek «Fear infection» opp tema som frykt og redsle. I framsyninga får elevane møte seks dansarar som alle har opplevd frykt av ulikt slag. Dei har kjempa seg gjennom vanskane, bygd nytt mot og ny styrke, og dei har lært å tru på seg sjølve og eiga utvikling. «Fear Infection» er ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema. Framsyninga kan inspirere til ettertanke og opne for samtalar om tema som det elles kan vere vanskeleg å snakke om.

8.–10. steg Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Dans 8.-10. steg Førde, Sogndal, Vik

Les meir om tilbodet

33


Good Time Charlie «Jubelblues» er den siste plata frå Good Time Charlie der tekstane er på nynorsk. Det er framleis energisk Rhythm & Bluesmusikk som er den musikalske merkevaren. Musikken til Good Time Charlie høver for born i alle aldrar, og mange av songane er det lagt opp til å synge med på. Plata har blitt møtt med strålande kritikkar, og syner at nynorsk passar svært godt til blues. På delar av konserten skal elevane også få delta aktivt.

Medverkande: Atle Hjelmeland, vokal Morten Skage, bass Steinar Karlsen, gitar Einar Olsson. trommer Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.-10. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund

8.–10. steg

Les meir om tilbodet

34 34 Foto: Oddleiv Apneseth


Eg er i går Alvhild og veslesystra rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpna som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Systrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og ein må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv. Historia er sann, fortald av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid kjent på skuld for det som skjedde. Som den eldste av systrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen. Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i «Eg er i går». Manuset er basert på intervju med eit knippe av seniorane i fylket i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det fyrste fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

8.–10. steg

Sogn og Fjordane teater Scenekunst 8.-10. steg Enkelte kommunar i fylket

Les meir om tilbodet

35


8.–10. steg

Frå bygd til beat

8.–10. steg

36

På denne konserten fortel artisten Son of Light (André Hadland) historia om seg sjølv og korleis han oppdaga hiphop. Etter at han såg filmen “Beat Street” i 1984 opna det seg ei heilt ny verd. Han vart lidenskapeleg oppteken av musikken og gjorde alt for å finne ut meir om ein sjangar ingen før hadde høyrt om i Mandal. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock, kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned! Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar?

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

André Hadland (aka Son of Light) - vokal André Viervoll - orgel Øystein Hvamen Rasmussen - slagverk Musikk 8.–10. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet

Foto: Naustdal barne og ungdomsskule


ISLA “ISLA” er basert på draumar og hallusinasjonar til tre karakterar som etter eit skipshavari hamnar på ei aude øy. Dei er åleine og heilt avhengige av kvarandre. Livet på øya set klare grenser, og dei tre kjem opp i utrulege situasjonar og vel merkelege strategiar og løysingar for å overleve. Ei framsyning basert på kroppsrørsle og kroppskontroll, med typiske innslag frå sirkuset; akrobatikk og den kinesiske pålen, og vi blir minna om det hårfine skiljet mellom dans og fysisk teater. Uttrykk: Dans/Scenekunst Målgruppe: Vg1, Vg2 og Vg3 Kommunar: Alle vidaregåande skulane i fylket

Vg1

Vg2

Vg3

Les meir om tilbodet

37

Foto: de Pilo Gallizo


Ambulance Dokumentarfilmen «Ambulance» er laga av Mohamed Jabaly. Han er frå Gaza og har levd der så godt som heile livet. I 2014 braut det ut krig i Gaza, og frå fyrste dag vart Jabaly med og filma eit ambulanseteam. Jabaly risikerte livet for å filme dei som også risikerte sine liv for å hjelpe sivile. «Ambulance» vart ferdigstilt og produsert i Noreg, og resultatet blei ein rå film som fortel historia om å leve i krig og om korleis helsepersonell set seg sjølv i fare for å hjelpe andre.

Vg3

Under denne DKS-turneen vil Mohamed Jabaly sjølv reise rundt med filmen, samtale med elevane og svare på spørsmål. Samtalen blir leia av Anders Fitje.

Uttrykk: Film Målgruppe: Vg3 Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket

38

Les meir om tilbodet

Foto: Jabfilm


Sameblod Elle Marja, 14, er ei reindriftssamisk jente. Ho blir utsett for rasisme på 1930-tallet, og rase-biologiske undersøkingar på kostskule. Ho byrjar å drøyme om eit anna liv, og for å oppnå det, må ho endre seg, og bryte alle band med eigen familie og kultur. Sameblod er ein film som også utforskar ungdomsopprør, sjølvrealisering og økonomisk makt. Vi får sjå korleis eit samfunn kollektivt kan påføre menneske skamkjensle som fører til sjølvforakt og øydelagde familiar. Etter filmvisinga vil elevane få møte og samtale med skodespelar Lene Cecilia Sparrok og formidlar Anders Fitje.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Vg1

Vg2

Film Vg1 og Vg2 Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet

39 Foto: Sophia Olsson/ Storytelling Media


FORELSKA & FORRYKT På William Shakespeare si tid fekk ikkje kvinnene stå på scena, og dei kvinnelege rollene i framsyningane til Shakespeare vart ofte spelt av unge gutar.

Vg1

Vg2

Vg3

40

I dag er kjønnet ditt framleis med på å bestemme kva du kan gjere og kva du ikkje kan gjere. Regissør Frode Gjerløw har gjort eit utval i Shakespeare sine tekstar inspirert av kjønn og identitet. I motsetnad til etablerte kjønnsnormer der menneskeflokken er delt i to: mann og kvinne… Yin og Yang… positiv og negativ… vil tekstane av Shakespeare spelast ut i ei verd der kjønn er som regnbogen – eit spektrum av variasjonar: likskap og kontrastar, lys og skygge. Publikum får møte kjende tragediekarakterar som Hamlet, Macbeth og Lady Macbeth, Romeo og Julie, fletta saman med utdrag frå komediar og romansar som Helligtrekongersaften og Ein midtsommarnattsdraum, der kjønn både vert viska ut og bytta om. I kjernen ligg ei kjærleikshistorie som byr på forelsking, hemnlyst og galskap. Ei vill, vakker og eventyrleg framsyning. Uttrykk: Teater Målgruppe: Vidaregåande Kommunar: På bestilling Les meir om tilbodet Foto: xx


Nasjonal prøve Alt dreiar seg om ein gut som ikkje er her. Pulten hans står tom og gapande i klasserommet. Vidar er problemeleven som er flytta til ein annan skule, men fråværet hans bråkar meir enn nærværet. Klassen er samla til nasjonal prøve, men ingen klarar å konsentrere seg. Alle snakkar om han som ikkje er til stades. Nokre er triste, og andre let som om dei er triste. Det er komplisert med Vidar. I ein augneblink er han snill og kul, i den neste er han frekk og trugande. Så kjem nyhenda om at det har kome trugsmål om skyting på den nye skulen hans.

Vg1

Vg2

Stykket er skrive av Maria Tryti Vennerød, og Sogn og Fjordane Teater har fått i stand eit samarbeid med dramalina ved Firda vidaregåande skule. Skodespelarane Reidun Melvær Berge og Wilhelm Støylen er med, i tillegg til 12-13 dramaelevar og lærar Vibeke Oskal. Regien er ved Jeff Pedersen og samarbeidsprosjektet går over eit heilt år.

Vg3

Uttrykk: Teater Målgruppe: Vidaregåande Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i Nordfjordeid

41

Les meir om tilbodet Foto: Oddleif Apneseth


NÌrings- og kulturavdelinga Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde 57 63 80 00 postmottak.kultur@sfj.no www.sfj.no www.skulesekken.no Framsidefoto: Lars Opstad

42

Profile for Sogn og Fjordane fylkeskommune

Den kulturelle skulesekken 2018 Sogn og Fjordane  

Kunst og kultur i skulesekken! Skuleåret 2018/19

Den kulturelle skulesekken 2018 Sogn og Fjordane  

Kunst og kultur i skulesekken! Skuleåret 2018/19

Advertisement