Page 1

Kunst og kultur for alle! www.skulesekken.no


2

Kunst og kultur for alle! Den kulturelle skulesekken (DKS) skal tilby alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring eit mangfaldig tilbod innan kunst og kultur. Tilbodet komande skuleår er sett saman av ulike kunst- og kulturuttrykk i eit stor spenn frå musikk og scenekunst til filmverkstad og forfattarbesøk. DKS skal samarbeide med Teaterfestivalen i Fjaler til hausten, og vil neste vår arrangere festivalen «Spetakkel 2018» i delar av fylket. Vi håpar tilboda vil gje elevane gode møte med profesjonell kunst og kultur i skulen, og ynskjer lukke til med arbeidet! Godt skuleår!

Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane Øyvind Høstaker, fagkoordinator Trygve Apalset, rådgjevar Guro Høyvik, rådgjevar Solfrid Bygstad, turnekonsulent Øyvind Lyslo, produsent


3

Foto: David Zadig Foto: Lars Opstad/Kulturtanken


Produksjon

Uttrykk

Innhald

Alderssteg

Kommunar

Dans vêret

Dans, litteratur

Eit kunstfagleg prosjekt som vil bruke lesing, dans og leik til å lære

1.-4.

Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund, Bulandet

Tankelaboratoriet

Teater

Song, musikk, teater – og teikning på storskjerm

1.-4.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Hus i hodet

Visuell kunst

Utstillinga viser ulike bygg frå heile verda, frå det store til det vesle, frå eventyrpalass til utedo

1.-4.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Farfars bombekrater

Teater

Eit nært og konkret bilde på korleis krig kan påverke ein heilt vanleg famile

1.-4.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Teaterfestivalen i Fjaler

Musikk, teater

Ein dag på Teaterfestivalen i Fjaler med ulike framsyningar innan teater, musikk og tetatersport

1.-4. 5.-7.

Askvoll, Fjaler, Hyllestad

Kouame møter barna

Musikk

Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn

1.-4. 5.-7.

Gulen, Høyanger, Solund, Bulandet

ALO

Musikk

Samisk musikk i tradisjonsrik og moderne form

1.-4. 5.-7.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Spetakkel 2018

Ulike kunstartar

DKS-festival for 1.-7.steg i Førde og Flora. Nasjonale og internasjonale aktørar

1.-4. 5.-7.

Flora, Førde, Gaular, Jølster, Naustdal

God helg!

Musikk

Konsert med Møremusikarane

1.-4. 5.-7.

Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Luison og Cuba

Musikk

Cubansk salsa i trioformat

1.-4. 5.-7.

Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Solund, Bulandet

Stor overraskelse

Musikk

Alt er 100 % improvisert, når hiphoptrioen Stor Overraskelse inntek gymsalen med storm

1.-4. 5.-7.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

DrumDrum!

Musikk

Tre danske toppmusikarar med ein karismatisk trommeslagar i midten

1.-4. 5.-7.

Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Solund, Bulandet

Tonane som traff

Musikk

Distriktmusikarane i Førde med fengande favorittar

1.-4. 5.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

KORK

Musikk

KORK på overraskingsbesøk

1.-4. 5.-7.

Avtrykk

Visuell kunst

Mobil verkstad med tresnitt

5.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn, Vågsøy

Freseskyflyet

Litteratur

Møte med forfattar og teiknar

5.-7.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Animasjonsverkstad

Film

Elevane får lage sin eigen animasjonsfilm

5.-7.

Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund, Bulandet

Møtepunkt himmel og jord

Kulturarv

Ressurskasse som skulane kan bestille med tema: dei fire verdsreligionane

1.-4. 5.-7. 8.-10.

På bestilling

Adoptert nynorskforfattar

Litteratur

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn viser gjennom ord og bilete kor viktig det nynorske språket er for han

8.-10.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Fantasiatango

Musikk

Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft

8.-10.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Duo Montes Kitcher

Musikk

Internasjonale gitarvirtuosar frå to kontinent

8.-10.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Invasjon

Teater

Teaterstykke om kampen mellom tillit og fordømming, som stiller spørsmål til frykt-retorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn

8.-10.

Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn, Vågsøy

Good time Charlie

Musikk

Blues på nynorsk med Good Time Charlie

8.-10.

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Giovanni frå Dalen

Musikk

Konsert med Distriktsmusikarane i Sogn

8.-10.

Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal, Solund

Filmhjelp.no

Film

Eit kort kurs om film og det å lage film. Elevane lagar sjølve ein kortfilm

8.-10.

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Eikefjord skule

Fear infection

Dans

Ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema

8.-10.

Askvoll, Fjaler,Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund

Tidskapselen

Kulturarv

Kva har vi med oss frå fortida og kva skal vi vise framtida?

9.

Heile fylket

Den norske islamisten

Film

Ein film om Ubaydullah Hussain og rektrutering til IS

vg1

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Fugletribunalet

Teater

Teaterstykke bygd på boka «Fugletribunalet»

vg2 vg3

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Språklege forvandlingar

Litteratur

Tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når eit meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna?

vg3

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Tracks

Dans, video, filosofi

Ei fysisk, visuell og auditiv reise

vg1

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Sunniva no

Musikk, dans

Danseframsyning bygd på legenda om St.Sunniva og dei assosiasjonane ho vekker i oss i dag

vg2

Alle dei vidaregåande skulane i fylket


Innhald Dans vêret side 9 Tankelaboratoriet side 10 Hus i hodet side 11 Farfars bombekrater side 12 Teaterfestivalen i Fjaler side 13 Kouame møter barna side 14 ALO side 15 Spetakkel 2018 side 16 God helg! side 17 Luison og Cuba side 18 Stor overraskelse side 19 DrumDrum! side 20 Tonane som traff side 21 KORK side 22 Avtrykk side 23 Freseskyflyet side 24

Animasjonsverkstad side 25 Møtepunkt himmel og jord side 26 Adoptert nynorskforfattar side 27 Fantasiatango side 28 Duo Montes Kircher side 29 Invasjon side 30 Good Time Charlie side 31 Giovanni frå Dalen side 32 Filmhjelp.no side 33 Fear infection side 34 Tidskapselen side 35 Den norske islamisten side 36 Fugletribunalet side 37 Språklege forvandlingar side 38 Tracks side 39 Sunniva no side 40

5


6

Om Den kulturelle skulesekken Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar og bygger på at «Kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for det enkelte mennesket sin personlegdom og livskvalitet» St.meld. nr. 8 2007–2008 Den kulturelle skulesekken (DKS) vart i 2001 vedteken som Stortinget si nasjonale satsing på kunst og kultur til barn og unge. Og frå regjeringshald heiter det at ein «har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet». Der eit hovudmål skal vere «å medverke til gode vilkår for å formidle kunst og kultur», og vidare at «Kunst, kultur og kulturarv er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå». Frå 01.01.17 vart Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge overordna etaten for Den kulturelle skulesekken.

Frå skuleåret 2017–2018 blir «Tidskapselen» eit tilbod til alle 9. klassane i fylket.

Det er fylkeskommunen som administrerar ordninga for Sogn og Fjordane, der kvar elev i grunnskulen får tre til fire profesjonelle kunst- og kulturtilbod kvart skuleår. I tillegg er det tilbod til alle elevane i vidaregåande opplæring. Nasjonale og lokale aktørar Dei ulike framføringane er delt mellom kunst- og kulturutrykka; musikk, scenekunst, visuell kunst, litteratur, film og kulturarv. Kvart av kunst- og kulturutrykka er knytt til ein nasjonal aktør. I tillegg til dette har fylkeskommunen eit stort nettverk av utøvarar og grupper ein samarbeider med. I skuleåret 2016–2017 var dette mellom andre Sogn og Fjordane teater, distriktsmusikarane, fylkesbiblioteket, musea i fylket og lokale utøvarar. Økonomi DKS vert finansiert av overskotet til Norsk tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane for grunnskulane og fylkeskommunen 2/3. Fylkeskommunen brukar sin del til turnear og har også ansvaret for å dekke kostnadane knytte til administreringa av ordninga. Frå 2018 vil fylket overta ansvaret for heile musikktilbodet i DKS. Les meir om Den kulturelle skulesekken


Kontaktinfo Nettside Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har nettsida www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane. Facebook På facebook kan du følgje sida vår, gje tilbakemeldingar og få nyhende om aktuelle saker.

Kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar»

E-post postmottak.kultur@sfj.no

Kvar haust vert det arrangert ein kulturkonferanse for alle som arbeider med og er interesserte i Den kulturelle skulesekken (DKS). Konferansen er eit fora for å diskutere, utveksle og oppleve tema som omhandlar DKS, UKM og kulturskulane.

Telefon 57 63 80 00

Konferansen vert arrangert 14. og 15. september i Førde.

Postadresse Sogn og Fjordane fylkeskommune Nærings- og kulturavdelinga, Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde

Påmelding og informasjon vert sendt til skulane og er tilgjengelig på www.skulesekken.no

7


ig

d avid Za Foto: D

i r a g n i n y s m a Fr g 1.–4. ste

8

8 1 0 2 – 2017 eg

5.–7. st

eg

8.–10. st

vg1

vg2

vg3


Dans vêret!

1.–4. steg

«Dans vêret!» er eit kunstfagleg prosjekt som vil bruke lesing, dans og leik til å lære. Barna (8-12 år) skal bli utfordra til å bruke heile kroppen når dei skal tenkje på vêr og klima. Dei får høve til å prøve ut og uttrykke eigne røynsler og haldningar. Slik vil prosjektet gå nye vegar for å auke lesegleda og gi kunnskap om viktige tema. Barna skal få møte ein dansar og ein musikar, men dei skal også sjølve få danse med. Dei skal få bruke både tanke og kropp for å forstå korleis vêret blir til. Boka «Når det regnar i Afrika» av Erna Osland er den faglege ressursen, og nyskriven musikk og lydbilde er med å tydeleggjere og engasjere. Medverkande: Marion Rodgers Løseth, musiker og Mirte Bogaert, dansar / Hanne Vatnøy, musiker og Lisa Colette Bysheim, dansar Uttrykk: Dans, litteratur Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund og Bulandet

9

Les meir om tilbodet Foto: Ine Terese Hogstad


1.–4. steg

10

Tankelaboratoriet Møt Reddharen, Sinnataggen, Firkanten og Hermegåsa. Alle ønskjer å bli forstått, men opplever stadig det motsette. I «Tankelaboratoriet» leitar vi etter vegen ut av misforståing gjennom ei humoristisk og sårbar undersøking av å vere til. Vi forskar i eksistensielle og gjenkjennelege problem - ved hjelp av Anne Marit Sæther sine levande teikningar, Gro Dahle sine undrande songtekstar, og Ragnhild Faanes og Erlend Smalås sitt undersøkande lydunivers. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Ragnhild Faanes, musikar Erlend Smalås, musikar Anne Marit Sæther, skodespelar Teater 1.-4. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet

Foto: Gilles Berger


Hus i hodet

1.–4. steg

Dette er eit prosjekt som handlar om forventning, estetikk, sjølvforståing, realfag, arkitektur og engasjement. Alle barn har eit ønskje om å «byggje og bu», ein stad å leike og drøyme. Gjennom utstillinga får barna reflektere over kva eit hus er, kva det betyr og korleis vi tenkjer rundt det. Samtidig får elevane demonstrert enkle geometriske, konstruksjonsmessige prinsipp gjennom dialog, leik, samarbeid - og utan avansert teknologi. Medverkande: Morten Kildevæld Larsen Uttrykk: Visuell kunst Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet Foto : Ku ltu

rska tten

11


Farfars bombekrater

1.–4. steg

«Fortel for meg, då farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!»

5.–7. steg

12

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

I denne spennande teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos til middag, ikkje ha lov til å gå med nisselue eller høyre på radio, og stadig vekk måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Kva skjer når doktorhuset vert treft av ei bombe i aprildagane i 1940?

Adele Lærum Duus Teater 1.-7. steg Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal

Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus spelar ut historiene som farfaren hennar fortalde då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebyte, bilete og musikk. Historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater». Framsyninga gir eit nært bilete av korleis krig kan påverke ein heilt vanleg familie, og viser korleis håp, humor, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelige kår. Les meir om tilbodet


Teaterfestivalen i Fjaler

1.–4. steg

I samarbeid med Teaterfestivalen i Fjaler inviterer Den kulturelle skulesekken elevar i 1.–7. steg til ein TEATERDAG der elevane får sjå tre framsyningar på ein dag. Det blir eit variert program av høg kvalitet. Barna får delta og vere aktivt med i framsyningane.

5.–7. steg

Mørkemodig av kompaniet Katma er ein magisk, eventyrleg og poetisk framsyning om alt det vakre som berre finst når det er mørkt. Med hovudtelefonar på øyrene blir publikum leia gjennom ei oppdagingsferd inn i ein framand skog. Ønskedrøm er ei framsyning å gje liv til barna sine draumar. Med stort engasjement vil skodespelarane inspirere barna til å sjå mulegheiter og glede seg over draumane sine.

Foto: Mariell Amélie Lind-Hansen

Drum Drum! Sjå side 20 for info. I tillegg vil skodespelar og regissør Jeff Pedersen ha minikurs i scenekamp for dei største elevane. Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Teater, musikk, teatersport 1.-7. steg Askvoll, Fjaler og Hyllestad

13

Les meir om tilbodet Foto: Det andre teateret


1.–4. steg

5.–7. steg

14

Kouame møter barna «På språket mitt (Gban) i Elfenbenskysten finst det ikkje eit ord for å synge, for å spele eller for å danse. Berre «Sah», som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme og tromming!» (Kouame Sereba) Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn. Alle menneske har rytme, det har ikkje noko med etnisk bakgrunn å gjere. For Kouame Sereba er det viktig å syne at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk, men noko alle kan få stor glede av.

Foto: Rikskonsertane

I Noreg har vi gode føresetnader for å utvikle ein naturleg rytmesans, sjølv om mange trur at det må eit varmt klima til. I Afrika vert det spelt på trommer og dansa til både kvardag og fest, til fødsel, dåp, bryllaup og gravferd. Slik blir den afrikanske musikktradisjonen formidla vidare frå generasjon til generasjon. Trommer, song og dans står sentralt i ritual, festar og forteljingar, og i ulike livsfaser som fødsel, oppvekst og død. Dette er kjernepunkt i den afrikanske kulturen. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Kouame Sereba Musikk 1.-7. steg Gulen, Høyanger, Solund og Bulandet

Les meir om tilbodet


ALO I konserten Alo blir vi kjende med dei tre barndomsvenene Marit, Espen og Klemet. Dei fortel om oppveksten sin og om å vere vener, og dei fortel om å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikken dei spelar, i både tradisjonsrik samisk form og moderne klangdrakt. «Alo» er eit samisk ord, og kan omsetjast med «alltid». Slik vi ynskjer at venskap frå barndomen skal vere - for alltid.

1.–4. steg

5.–7. steg

Foto: Rikskonsertane

Medverkande: Marit Hætta Øverli, joik Espen Høgmo, joik og trommer Klemet Anders Buljo, joik, gitar og lyd Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.–7. steg Kommunar: Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal Les meir om tilbodet

15


1.–4. steg

5.–7. steg

16

Spetakkel 2018 SPETAKKEL 2018 er ein festival for elevar på 1.–7. steg i kommunane Flora, Førde, Naustdal, Gaular og Jølster. Festivalen skal spegle det store mangfaldet innan DKS, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Kulturtanken og Ultimafestivalen. Det er også lagt opp til eit samarbeid med kulturskulane, og skulane i dei aktuelle kommunane vil vere viktige medspelarar. Festivalen går føre seg tysdag 24. april på Westcon-verftet i Florø og på Hellenes (gamle Ankerløkken) i Førde torsdag 26. april. Elevane vil få oppleve både nasjonale og internasjonale artistar og kunstnarar på høgt nivå.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Foto: Lars Opstad/ Kulturtanken

Musikk, scenekunst, visuell kunst 1.-7. steg Flora, Førde, Gaular, Jølster og Naustdal

Les meir om tilbodet

Foto: Øyvind Lyslo


God helg!

1.–4. steg

Tenk deg at eleven og klassen din sit rundt eit bål og høyrer historier bli fortalde. Slik er det på denne konserten også: Elevane sit rundt musikarane og lyttar, ser på dei, instrumenta deira og får «fortalt» mange historier med ulikt innhald. “God helg!” skal gje ei kjensle av å gå inn i helga etter ei god veke. Endeleg kan du bruke mykje tid til det du likar best! Musikarane på scena gjer det dei likar aller best, og det er å spele musikken sin for barna og dei andre blant publikum. Dei har faktisk laga all musikken dei spelar sjølv også. Med Møremusikarane i gruppa Fjord & Fjell.

Uttrykk: Medverkande: Målgruppe: Kommunar:

5.–7. steg

Musikk Øystein Sandbukt, gitar Jo Inge Nes, slagverk Peter Wergeni, saksofonar, fløyte Audun Skorgen, bass 1.-7. steg Aurland, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal

17 Les meir om tilbodet Foto: Elin Johansen Lyngstad


1.–4. steg

5.–7. steg

18

Luison og Cuba Det er ikkje lett å sitte stille når cubanske rytmar frå denne trioen slepp til! Bandet Luisón og Cuba spelar tradisjonell Cubansk musikk, same sjanger som her til lands er best kjend igjennom Buena Vista Social Club og latinobylga som feia inn over landet på 90-talet. Sjefen i bandet er den kubanske perkusjonisten, songaren og komponisten Luisón Medina Capote. Han har som musikar ein litt uvanleg bakgrunn som profesjonell fotballspelar med mange landskampar for Cuba bak seg. På konserten vil både musikken og bilete gje publikum ein smakebit frå Luison sine barne- og ungdomsår på Cuba, og elevane vil vert introdusert for både cubansk musikk og dans.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Luison Capote, song, perkusjon Ricardo Ortega, piano Yasser Morejon Pino, bass Musikk 1.-7. steg Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Solund og Bulandet

Les meir om tilbodet

Foto: Ola Sundström


Stor overraskelse Ingen førebuingar når det gjeld innhaldet - det er konseptet på denne konserten. Alt er 100 prosent improvisert når hiphoptrioen Stor Overraskelse inntek gymsalen med storm. Forresten, sa vi gymsalen? I vinter måtte ein skule utanfor Drammen evakuere på grunn av gassutvikling i gymsalen like før bandet skulle gå på scena. God grunn for avlysning, eller? Ikkje for Nils m/Skills, Skranglebein og Droolian, som like godt tok med seg anlegget ut i null grader på skuleplassen og improviserte der i staden for.

1.–4. steg

5.–7. steg

Forvent ein skuletime på rim, ein skuletime med humor, rytmar, teatersport og hugs at det er de, elevane, som avgjer kva tema som det skal rappast om. Medverkande: Per Olaf Hoff Mydske, rapping Nils Bjelland Grønvold, rapping Julian Sommerfeldt, beatboxing Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal Les meir om tilbodet

19


DrumDrum!

1.–4. steg

Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DrumDrum! Ho har med seg to danske toppmusikarar: Den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Dei tre musikarane har spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei har latt seg inspirere av nokre av dei største namna i jazzhistoria. På konserten vil du få høyre Benita sine eigne melodiøse komposisjonar, i tillegg til danske folkesongar og musikk influert av både brasiliansk og afrikansk musikk.

5.–7. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Benita Haastrup, slagverk Kaare Munkholm, vibrafon Jens Skou Olsen, kontrabass Musikk 1.-7. steg Askvoll, Fjaler, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Solund og Bulandet

Les meir om tilbodet

20

Foto: Øyvind Lyslo


Tonane som traff Musikk kan både røre ved oss og begeistre oss. Nokre melodiar likar vi rett og slett så godt at dei blir favorittlåtar, og andre kan setje seg i øyret utan at vi kan gjere noko med det. Distriktsmusikarane i Førde har i denne nyproduksjonen sett saman ein fengande musikalsk meny med eit utval melodiar som har hatt mykje å seie for dei, og dei håpar også at tonane skal treffe publikum.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

1.–4. steg

5.–7. steg

Christine Marøy, song Jacob Wyrtz, gitar Henri Eftevand, fiolin Musikk, klassisk 1.-7. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet

21

Foto: Øyvind Lyslo


1.–4. steg

5.–7. steg

22 22

KORK KORK er ei forkorting for Kringkastingsorkesteret. Dei kjem til Sogn og Fjordane med både fullt symfoniorkester og med to produksjonar for barneskulen i einskilde kommunar. Barna får bli kjende med ZOOK frå NRKTV og Maren på jakt etter kammermusikken. I tillegg kjem KORK med ulike grupper musikarar som skal på snarvisitt på skulane i programmet «Musikarane kjem». samarbeid med Gloppen Musikkfest.

I

Medverkande: KORK Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Les meir om tilbodet

Foto: Anne Liv Ekroll


Avtrykk Tresnitt er den eldste grafiske teknikken, og han er framleis like aktuell i vår digitale tid. Med «Avtrykk» ynskjer Nasjonalmuseet å rette merksemd mot tresnitt som medium og uttrykk. I denne verkstaden får elevane utforske kva som er muleg med denne grafiske teknikken.

5.–7. steg

Dei får også sjå verk av kunstnarduoen Cathrine Dahl og Ørjan Aas, som arbeider med tresnitt i ukonvensjonelle format i svartkvitt. Biletspråket deira er ofte henta frå video, teikning og fotografi. Historier vert fortalde på nytt, gjerne lag på lag og blir til nye univers.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Visuell kunst 5.–7. klasse Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet

23

Cathrine Dahl og Ørjan Aas


Freseskyflyet

1.–4. steg

Møt Snutt, oppfinnaren av Frese-sky-flyet, isbjørnungen Burrr, Surfe-Sofie, Heng I hop og alle dei andre i landet Gnore like ved Nordpolen. Når isen smeltar og havet stig, skjer det dramatiske ting med livet til både isbjørnar og menneske.

5.–7. steg

For kva skal ein isbjørnunge med vasskrekk gjere når isflaket han klamrar seg til forsvinn under han? Og kan verdens største oppfinnar greie det umoglege - endre klimaet slik at det på nytt blir is på Nordpolen? Forfattaren Rolf Losnegård fortel og les frå den elleville klimaboka om Frese-sky-flyet saman med illustratøren Fredrik Rysjedal som tek oss med inn i teiknarens verkstad der personar og spennande situasjonar får liv. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

24

Rolf Losnegård, forfattar Fredrik Rysjedal, teiknar Litteratur, visuell kunst 1.-7. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet Fredrik Rysjedal


Animasjonsverkstad Elevane vert delte inn i mindre grupper, og ved hjelp av eit nettbrett, ein animasjonsboks og dukker lærer dei å lage animasjonsfilmar. Kurset gir kunnskap om korleis ein kan fortelje historier, elevane får sjølve prøve seg, og dei får lære å bruke nettbrettapplikasjonen. Ved å flytte figurane sine litt og litt, og ta eitt og eitt bilete kjem etter ei lita stund ei historie til liv.

5.–7. steg

Film er 24 bilete i sekundet! Foto: Johan Moen

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Johan Moen, fotograf, regissør Charlotte Rintler, kunstner, illustratør og animatør Film 5.-7. steg Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Naustdal, Solund og Bulandet

Les meir om tilbodet

25


1.–4. steg

5.–7. steg

26

Møtepunkt himmel og jord «Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk» - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka. «Møtepunkt himmel og jord» består av ein innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion. Ressurskassen vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse. Sentrale emne i «Møtepunkt himmel og jord» er religiøst mangfald og integrerings-problematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege samanhengar.

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Visuell kunst 1.-7. steg På bestilling

Les meir om tilbodet

Foto: Johan Moen


Adoptert nynorskforfattar Kven er eg eigentleg? Dette spørsmålet har forfattaren Brynjulf Jung Tjønn frå Feios i Sogn og Fjordane stilt seg ofte. Då han vaks opp følte han seg annleis enn dei andre barna og lengta bort. Han flytta til Oslo og slutta å skrive på nynorsk. Men etter ei stund skjønte han at dette var feil. Etter å ha vakse opp med nynorsk, forstod han at nynorsken var alt for viktig del av identiteten hans. I denne produksjonen vil Tjønn gjennom ord og bilete vise kor viktig det nynorske språket er for han, kor tett språk og identitet heng saman, og korleis ei reise tilbake til fødelandet Sør-Korea fekk han til å forstå kvifor han blei forfattar.

8.–10. steg

Medverkande: Brynjulf Jung Tjønn Uttrykk: Litteratur Målgruppe: 8.–10. steg Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal Les meir om tilbodet

Foto: Fredrik Arff/Cappelen Damm

27


Fantasiatango

8.–10. steg

28

Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft. Musikken til trioen er rytmisk og utadvend i den eine augneblinken og melankolsk og sørgmodig i den neste. Musikken er komponert av Johanna Juhola, og instrumentet hennar trekkspel (akkordeon), står i sentrum. Musikken er instrumental, og finsk tango ligg som ei inspirasjonskjelde i bakgrunnen. Johanna har også med seg gitaristen Roope, som spelar alt frå bassliner, loops, effektar og rytmeelement og er «eit heilt orkester i seg sjølv». Tredjemann i gruppa er ikkje på scena, men er lydmann som også deltek musikalsk med mange effektar som fargelegg musikken til trioen. Johanna Juhola Trio har gjeve ut fleire album og cd-en Fantasiatango har fått gode kritikkar i mange land.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Johanna Juhola, trekkspel Roope Aarnio, gitar, vokal, Hannu Oskala, lyddesign, elektronikk Musikk 8.-10. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet

Foto: Sami Perttilâ


Duo Montes Kitcher Internasjonal gitarduo med røter frå to kontinent Duo Montes Kircher er ein internasjonal gitarduo som har tre tiår bak seg som kunstnarar, og over 20 CD-innspelingar. Alfonso Montes frå Venezuela og Irina Kircher frå Tyskland møtte kvarandre midt på 80talet, og sidan har dei spelt konsertar over heile verda som Duo Montes Kircher. Dei har hausta strålande kritikkar og mange lovord for det særprega repertoaret sitt som inneheld både latin-amerikansk, rytmisk og klassisk musikk. Gled dykk til eit møte med gitarmusikk av ypperste klasse.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

8.–10. steg

Irina Kircher, gitar Alfonso Montes, gitar Musikk 8.-10. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal

Les meir om tilbodet Foto: U. Glaser

29


8.–10. steg

Invasjon Kven og kva er Albukasem? Kva betyr dette mystiske ordet ? For nokre vener på ungdomskulen blir det til ein magisk formel som kan møte kva utfordring som helst. Eit adjektiv som skildrar det utenkjelege. Ein identitet som kan skjule kva som helst. Snart tar det av. Albukasem er over alt. Han vert sjølve symbolet på det uangripelege, ukjente. Han kan klandrast for kva som helst. Hvis han berre kunne fangast og blitt stilt til ansvar for det. Mytene spinn og kjerna av sanning vert meir og meir utviska.

8.–10. steg

30

«Invasjon» er eit teaterstykke som set kampen mellom tillit og fordømming i sving, og som stiller spørsmål om frykt-retorikk og framandskepsis i eit multikulturelt samfunn. Saman med skodespelarane vil regissør Frode Gjerløw leite etter individa som hamnar mellom barken og veden i eit svart-kvitt samfunn. Kor langt skal vi gå i den vestlege verda før vi ser bjelken i vårt eige auga? Det er tid for Invasjon! Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Sogn og Fjordane teater Teater 8.–10. steg Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Stryn og Vågsøy

Les meir om tilbodet


Good Time Charlie «Jubelblues» er den siste plata frå Good Time Charlie der tekstane er på nynorsk. Det er framleis energisk Rhythm & Bluesmusikk som er den musikalske merkevaren. Musikken til Good Time Charlie høver for barn i alle aldrar, og mange av songane er det lagt opp til å synge med på. Plata har blitt møtt med strålande kritikkar, og syner at nynorsk passar svært godt til blues. På deler av konserten skal elevane også få delta aktivt.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Arle Hjelmeland, vokal Morten Skage, bass Steinar Karlsen, gitar Einar Olsson. trommer Musikk 8.-10. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal

8.–10. steg

Les meir om tilbodet

31 Foto: Oddleiv Apneseth


Giovanni frå Dalen På denne konserten vil elevane få møte Distriktsmusikarane i Sogn i ei framsyning med musikalske sjekketriks godt pakka inn i eit skrått blikk på kjærleik i musikken. Ein berømt cellist og ein konsertpianist møter ein bonde med skjulte talent. Då kan alt skje.

8.–10. steg

32

Medverkande: Bjørn Gisle Seter, song Hans Holgersson, cello Dorina Komani, piano Uttrykk: Musikk Målgruppe: 8.–10. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Høyanger, Hyllestad, Naustdal og Solund

Les meir om tilbodet

Foto: Øyvind Lyslo


Filmhjelp.no Gjennom verkstaden får elevane høve til å bli meir medvitne kva som er muleg med film. Målet er å inspirere dei til sjølvstendig utforsking av filmmediet. Verkstaden skal syne korleis elevane, ved hjelp av eige utstyr, kan lage film utan at det kostar noko. Eleven kan nytte eigne mobiltelefonar og datamaskinar. Kurset tek føre seg dei mest grunnleggande trekka innan filmarbeid og viser elevane vegen mot eit ferdig produkt. Elevane skal utarbeide filmar, og målet er at dei skal sitte igjen med nyttig kunnskap om film og filmproduksjon.

8.–10. steg

Dagen vert avslutta med premiere på filmane elevane har laga. Foto: Anderas Altermark

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Andreas Aldermark og Runar Tafjord Film 8.-10. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund + Eikefjord skule

33 Les meir om tilbodet


Fear infection Gjennom eit fysisk og urbant språk, og med spesialkomponert musikk, tek «Fear Infection» opp tema som frykt, usikkerheit og redsle. I framsyninga får elevane møte seks dansarar som alle har opplevd frykt av ulike slag. Dei har kjempa seg gjennom vanskane, bygd nytt mot og ny styrke, 8.–10. og dei har lært å tru på seg sjølve og eiga utvikling. steg

34

Fear Infection er ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema. Framsyninga kan inspirere til ettertanke og opne for samtalar om tema som det elles kan vere vanskeleg å snakke om.

Foto: Bård Gundersen/Gundersen & meg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Team Braza Dans 8.-10. steg Askvoll, Fjaler, Flora, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal og Solund

Les meir om tilbodet


Tidskapselen Frå og med dette skuleåret vil elevane på 9. steg i fylket få eit nytt, spennande og lærerikt tilbod innan kulturarv. I samarbeid har DKS og Musea i Sogn og Fjordane utvikla «Tidskapselen», som vert eit årleg tilbod. Målet er at elevane skal bli betre kjende med kulturarv og museumsarbeid, og med museet i sitt eige nærmiljø. «Tidskapselen» har to deler. Ei generell innføring i museumsarbeid og kulturarv, der elevane får lære om samfunnsoppdraget og oppgåvene eit museum har. Dei får vite kvifor vi har museum, kva mål dei har, og korleis dei arbeider. Elevane får også spesifikk informasjon om og vert kjende med den museumsavdelinga dei besøkjer. Kva er dette museet sitt oppdrag og si målsetjing. Kva er det særskilde dei skal formidle og ta vare på?

9. steg Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Musea i Sogn og Fjordane Kulturarv 9. steg Heile fylket

Les meir om tilbodet

35 Foto: Lars Opstad/ Kulturtanken


Den norske islamisten Ein film om Ubaydullah Hussain og Profetens Ummah.

Vg1

Kvifor har Ubaydullah Hussain valt å tale IS si sak i Noreg? Korleis treffer bodskapen hans norske ungdomar? Korleis har livet i Noreg - mellom to kulturar og to religionar - påverka Ubaydullah Hussain til å bli den han er i dag? Korleis greier Ubaydullah Hussain å overtale andre til å dra til Syria? Korleis påverkar den massive motstanden Ubaydullah Hussain? Ubaydullah Hussain avslører korleis hatet mot vesten oppstår, han gir eit bilde av eit tankesett som lokkar mange vestlege ungdomar til IS. Filmen viser logikken som ligg bak når frustrerte norske ungdomar let seg fascinere av Ubaydullahs retorikk. Målet med Foto: Volt FilmCurry Film filmen er å gi innsikt i eit ekstremt miljø, der ungdomane sine handlingar får store konsekvensar for ungdomane sjølve og for familiane deira. Vidare er det eit mål å gi sjåarane ei meir direkte innsikt i farane som PST definerer som den største trusselen mot Noreg. Regissør Adil Khan Farooq og formidlar Anders Fitje vil følje filmen på turneen og ha ein samtale med elevane etter visninga.

36

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Film Vg1 Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet


Fugletibunalet I Fugletribunalet møter vi Alis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Etter ein sterk debut med «Veke 53», sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Sogn og Fjordane teater har teke boka «Fugletribunalet» til scena.

Vg2 Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Sogn og Fjordane teater Teater Vg2 og vg3 Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Vg3

Les meir om tilbodet

37


Språklege forvandlingar Vi les stadig omsette tekstar, i rettleiingar, i aviser og på nettsider. Vi les tekstingar i filmar og TV-seriar og ikkje minst les vi omsette tekstar i litteraturen. Men tenkjer vi eigentleg over kva som skjer når eit meiningsinnhald blir overført frå eit språk til eit anna? I denne verkstaden får elevane møte den erfarne omsetjaren Jon Rognlien og prøve seg på både filmteksting og litterær omsetjing. Elevane skal tekste utdrag frå ein TV-serie, finne eigne løysingar og diskutere grunnleggjande spørsmål knytt til språk.

vg3

38

Medverkande: Jon Rognlien, omsetjar Uttrykk: Litteratur Målgruppe: Vg3 Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet

Foto: Bente Bjerke


Tracks Ei fysisk, visuell og auditiv reise. På eit stort lerret flashar bilete frå eit handhalde kamera, i samspel med aktørane. Skuggane frå aktørane speglar seg i lerrettet og skapar eit fortetta uttrykk. Temaet er det å vere annleis - outsideren, rebellen. Det handler om å vere usikker, om tvil og opprør.

vg1

Framsyninga er såleis eit innspel til dei unge om at det er viktig å gjere opprør, om at det er sunt å prøve og feile.

Medverkande: Martin Langlie, musikar, teknikar, turneleiar Owen de Moniqe Ridley, dansar Anne Lise Pettersen Rønne, dansar Dagfinn Ritland, formidlar Uttrykk: Dans, video, musikk, samtale Målgruppe: Vg1 Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket

39

Les meir om tilbodet

Foto: antero hein


Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Sunniva no Ein danseproduksjon som reflekterar kring tema i legenda om St.Sunniva og dei mange notidige assosiasjonane den vekker i oss. I følgje legenda reiste Sunniva frå heimlandet sitt, og la ut i det ukjende for å kunne halde fram i trua på Gud. Ho var villig til å døy for trua si. Det er lett å sjå likskapen mellom Sunniva si farefulle reise frå Irland til Noreg, og hendingar vi kjenner frå vår eiga tid. Vi er heller ikkje framande for ordet martyr.

vg2

40

Medverkande: Gro Marie Svidal, fele, hardingfele Torill Steinjord, dans Vetle Springgard, dans Martin Myhr, dans Uttrykk: Musikk, dans Målgruppe: Vg2 Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket Les meir om tilbodet Sunniva no er ein samproduksjon mellom Førdefestivalen, Sogn og Fjordane Teater og Svidal/Brantzeg. Den hadde urpremiere under Førdefestivalen 2017.


NÌrings- og kulturavdelinga Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde 57 63 80 00 postmottak.kultur@sfj.no www.sfj.no www.skulesekken.no Framsidefoto: Ine Terese Hogstad

41

Den kulturelle skulesekken 2017  

Kunst og kultur for alle! Den kulturelle skulesekken (DKS) skal tilby alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring eit mangfaldig tilb...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you