Page 1

Kunst og kultur for alle!

www.skulesekken.no


2

Kunst og kultur for alle! Den kulturelle skulesekken (DKS) skal sikre alle elevar i grunnskule og vidaregåande opplæring eit mangfald av kunstog kulturopplevingar av høg kvalitet. Tilbodet for komande skuleår er sett saman av ulike kunst- og kulturutrykk i eit stort spenn frå musikk, dans og teater til arkitekturutstilling, animasjonsverkstad og forfattarbesøk. Vi håpar tilboda vil gje elevane gode møte med profesjonell kunst og kultur i skulen, og ynskjer lukke til med arbeidet! Godt skuleår!

Den kulturelle skulesekken Sogn og Fjordane Øyvind Høstaker, koordinator DKS Trygve Apalset, rådgjevar Guro Høyvik, rådgjevar Solfrid Bygstad, turnèkonsulent DKS Øyvind Lyslo, produsent skulekonsertar


3

Foto: David Zadig


Program Den kulturelle skulesekken

1.–4. steg Alderssteg

5.–7. steg

8.–10. steg

vg1

vg2

vg3

Produksjon

Uttrykk

Innhald

Kommunar

Katta i sekken

Teater/ litteratur

Teaterframsyning med opplesing, musikk og gjøgleri

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Dans vêret

Dans/ litteratur

Eit kunstfagleg prosjekt som vil bruke lesing, dans og leik til å lære

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Tankelaboratoriet

Teater

Song, musikk, teater og teikning på storskjerm

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Farfars bombekrater

Teater

Eit nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein heilt vanleg famile

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Vesleblakken

Teater

Dramatisering av novella "Vesleblakken"

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Kouame møter barna

Musikk

Bli med Kouame Sereba til Vest-Afrika!

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

ALO

Musikk

Samisk musikk i tradisjonsrik og moderne form

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Smeltedigelen

Musikk

Distriktsmusikarane i Gloppen blandar musikalske stilartar på sin måte. Kanskje skapar dei noko heilt nytt?

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Stor overraskelse

Musikk

Alt er 100 % improvisert når hiphoptrioen Stor Overraskelse inntek gymsalen med storm

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Drumdrum

Musikk

Tre danske toppmusikarar med ein karismatisk trommeslagar i midten

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Dans for livet

Film

Ein musikalsk og visuell film om eit sjarmerande naturbarn

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Freseskyflyet

Litteratur

Møte med forfattar og teiknar

Flora, Solund, Hyllestad, Gulen

Barn ingen adgang

Visuell kunst

Morosam og lærerik utstilling med leikne tilnærmingar til by- og stadsutvikling

Førde

YOKAI

Teater

Ei teaterframsying som kombinerer dans, magi, poesi og rein idioti

Gaular, Askvoll, Fjaler, Naustdal, Høyanger

Dit peppern gror

Film

Møte med filmskaparen si reise gjennom AustAfrika

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn, Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Førde

Animasjonsverkstad

Film

Elevane får lage sin eigen animasjonsfilm

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Møtepunkt himmel og jord

Kulturarv

Dei fire verdsreligionane er tema i denne innhaldsrike ressurskassa som skulane kan bestille

På bestilling

Filmhjelp.no

Film

Eit kort kurs om film og det å lage film. Elevane lagar sjølve ein kortfilm

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Giovanni frå Dalen

Musikk

Musikalske forviklingar med Distriktsmusikarane i Sogn

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Fear infection

Dans

Ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema.

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Bawke

Film

Filmskaparen tek oss med inn i og bak filmen Bawke

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Frå Bygd til Beat

Musikk

Ein engasjerande hip-hopkonsert tett på artisten Son of Light (André Hadland)

Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Snakk om språk

Litteratur

Diskusjon og refleksjon kring språk og identitet

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Thea Hjelmeland

Musikk

Fylket sitt nye kritikarroste stjerneskot på musikkhimmelen

Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal + alle vidaregåande skular

Fantasiatango

Musikk

Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Mhoo

Musikk

To jenter med gitar og ein bassist byr på fleirstemt speleglede inspirert av støvete solnedgangar og meksikanske landskap

Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Do not feed the trolls

Teater

Om råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internettroll

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Privattimen

Teater

Om språket som maktmiddel

Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Kom heimatt, gut!

Teater/ musikk

Kan ein leve av draumen på bygda?

Alle dei vidaregåande skulane i fylket


Innhald Katta i sekken side 9 Dans vêret side 10 Tankelaboratoriet side 11 Farfars bombekrater side 12 Vesleblakken side 13 Kouame møter barna side 14 ALO side 15 Smeltedigelen side 16 Stor overraskelse side 17 Drumdrum side 18 Dans for livet side 19 Freseskyflyet side 20 Barn ingen adgang side 21 YOKAI side 22

Dit peppern gror side 23 Animasjonsverkstad side 24 Møtepunkt himmel og jord side 26 Filmhjelp.no side 27 Giovanni frå Dalen side 28 Fear infection side 29 Bawke side 30 Frå Bygd til Beat side 31 Snakk om språk side 32 Thea Hjelmeland side 33 Fantasiatango side 34 Mhoo side 35 Do not feed the trolls side 36 Privattimen side 37 Kom heimatt, gut! side 38 5


6

Om Den kulturelle skulesekken Den kulturelle skulesekken er ei nasjonal satsing på kunst og kultur til alle elevar, og bygger på at «Kunst og kultur gjev opplevingar som kan vere avgjerande for det enkelte mennesket sin personlegdom og livskvalitet» St.meld. nr. 8 2007-2008 Kunst og kultur «er identitetsskapande, og medverkar til å gjere oss medvitne om kven vi er og kvar vi kjem frå», og Regjeringa «har som mål at Noreg skal verte ein leiande kulturnasjon som legg vekt på kunst og kultur i alle delar av samfunnslivet». Frå 01.01.17 vert Rikskonsertane og DKS ei ordning under namnet Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken Norge. Det er fylkeskommunen som administrerer ordninga i Sogn og Fjordane, der alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule kvart år får fleire profesjonelle kunst- og kulturtilbod. Nasjonale og lokale aktørar Gjennom DKS skal barn og unge få oppleve eit breitt kunst- og kulturutrykk; musikk, scenekunst, visuell kunst, arkitektur, litteratur,

film og kulturarv. For å få til dette, samarbeider fylkeskommunen med mange ulike nasjonale og lokale aktørar og utøvarar. I skuleåret 2015–2016 var dette mellom andre Norsk Scenekunstbruk, Nasjonalmuseet, Rikskonsertane, Sogn og Fjordane teater, distriktsmusikarane og fylkesbiblioteket. Økonomi DKS vert finansiert av overskotet til Norsk tipping. Kommunane disponerer 1/3 av midlane for grunnskulane og 2/3 av dei vert brukt til turnèar i regi av fylkeskommunen. Fylkeskommunen har ansvar for å dekke kostnadene knytte til administreringa av ordninga, og Rikskonsertane finansierer musikkproduksjonane og stillinga som musikkprodusent. Les meir om Den kulturelle skulesekken


Kontaktinfo Nettside Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har nettsida www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og dei ulike produksjonane. Facebook På facebook kan du følgje sida vår, gje tilbakemeldingar og få nyhende om aktuelle saker. E-post postmottak.kultur@sfj.no Telefon 57 63 80 00 Postadresse Sogn og Fjordane fylkeskommune Næring og kulturavdelinga, Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde

Kulturkonferansen «Felles barn, felles ansvar» Kvar haust vert det arrangert ein kulturkonferanse for alle som arbeider med og er interesserte i DKS. Konferansen er eit forum for å diskutere, utveksle tema knytte til DKS. I 2016 blir konferansen arrangert 8.-9. september i Førde, og arrangørar er kulturskulane og fylkeskommunen v/DKS og UKM. Meir informasjon vert sendt til skulane og er tilgjengeleg på www.skulesekken.no

7


avid Foto: D

i r a g n i n y s m a Fr g 1.–4. ste

8

7 1 0 2 – 2016 eg

5.–7. st

eg

8.–10. st

vg1

vg2

vg3

Zadig


Katta i sekken – Lurivar og det hemmelege skrinet

1.–4. steg

I framsyninga møter tunkatten Lurivar ein kunstmålar som elskar illustrasjonane i biletbøkene han har med seg. I tillegg har målaren med seg eit skrin som han passar godt på. Lurivar bryr seg ikkje så veldig om illustrasjonane i bøkene, han er mest interessert i orda og forteljingane, men han er veldig nysgjerrig på kva som er oppi skrinet til kunstmålaren. Saman presenterer dei nynorske biletbøker for barna og boltrar seg i fantasifulle ord og flotte illustrasjonar. Etter kvart får Lurivar sjå at det hemmelege skrinet er eit målarskrin, og kunstmålaren viser korleis ein med litt måling kan illustrere glitrefine forteljingar. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Geir Vegar Hoel og Maria Halseth Teater/litteratur 1.–4. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

9 Les meir om tilbodet


1.–4. steg

10

Dans vêret! ”Dans vêret!” er eit kunstfagleg prosjekt som vil bruke lesing, dans og leik til å lære. Barna (8-12 år) skal bli utfordra til å bruke heile kroppen når dei skal tenkje på vêr og klima. Dei får høve til å prøve ut og uttrykke eigne røynsler og haldningar. Slik vil prosjektet gå nye vegar for å auke lesegleda og gi kunnskap om viktige tema. Barna skal få møte ein dansar og ein musikar, men dei skal også sjølve få danse med. Dei skal få bruke både tanke og kropp for å forstå korleis vêret blir til. Boka «Når det regnar i Afrika» av Erna Osland er den faglege ressursen, og nyskriven musikk og lydbilde er med å tydeleggjere og engasjere. Medverkande: Ine Terese Hogstad og Hanne Vatnøy Uttrykk: Dans/litteratur Målgruppe: 1.-4. steg Kommunar: Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal Les meir om tilbodet


Tankelaboratoriet Møt Reddharen, Sinnataggen, Firkanten og Hermegåsa. Alle ønskjer å

1.–4. steg

bli forstått, men opplever stadig det motsette. I “Tankelaboratoriet” leitar vi etter vegen ut av misforståing gjennom ei humoristisk og sårbar undersøking av å vere til. Vi forskar i eksistensielle og gjenkjennelege problem - ved hjelp av Anne Marit Sæther sine levande teikningar, Gro Dahle sine undrande songtekstar, og Ragnhild Faanes og Erlend Smalås sitt undersøkande lydunivers. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Anne Marit Sæter, Ragnhild Faanes og Erlend Smalås Teater 1.-4. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Les meir om tilbodet

11

Foto: Gilles Berger


1.–4. steg

12

Farfars bombekrater “Fortel for meg då, farfar! Fortel om krigen! Om bomba som fall gjennom huset, om soldatane, og om den gangen du nesten vart arrestert!” I denne spennande teaterframsyninga får elevane oppleve dramatiske, rare, triste og morosame historier om kvardagslivet i en doktorfamilie på Voss under andre verdskrig. Korleis var det å måtte ete lungemos til middag, ikkje ha lov til å gå med nisselue eller høyre på radio, og stadig måtte søke dekning på grunn av flyalarm? Dramatisk vart det då doktorhuset vart treft av ei bombe i apridagane i 1940. Denne historia dannar ramma for Farfars bombekrater. Forfattar og skodespelar Adele Lærum Duus spelar ut historiene som farfaren hennar fortalte då ho var liten, gjennom forteljing, dramatisering, rollebyte, bilete og musikk. Desse historiene kan ein også lese i biletboka «Farfars bombekrater». «Farfars bombekrater» gir eit nært og konkret bilde av korleis krig kan påverke ein heilt vanleg familie, og viser korleis håp, humor, medkjensle med andre menneske og motstandskraft kan bestå, trass i svært vanskelege kår. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Adele Lærum Duus Teater 1.-4. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet


Vesleblakken Framsyninga Vesleblakken er ei dramatisering av novella med same namn av Rendalsforfatteren Jacob Breda Bull. Novella vart gjeven ut i samlinga Prestegårdshistorier (1914), og på sett og vis gjort udødeleg då Nordahl Rolfsen tok den med i «Lesebok for folkeskolen».

1.–4. steg

Novella vert framstilt som eit autentisk barndomsminne frå forfatteren sin oppvekst: Ein liten gut er dødssjuk, og legehjelp må hentast frå Tynset. Vesleblakken er både den raskaste hesten på garden og barna sin kjæraste ven, og det fell på drengen Ola Jonsen Styggpåjord å drive hesten til døde for å hente legen tidsnok. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Peder Opstad og Markus Scarth Tønseth Teater 1.-4. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet

13 Foto: Atle Knudsen


1.–4. steg

5.–7. steg

14

Kouame møter barna “På språket mitt (Gban) i Elfenbenskysten finst det ikkje eit ord for å synge, for å spele eller for å danse. Berre “Sah”, som er alt på ein gong - samhald, glede, fest, rytme og tromming!” (Kouame Sereba) Rytmesansen er universell og uavhengig av kulturell bakgrunn. Alle menneske har rytme, det har ikkje noko med etnisk bakgrunn å gjere. For Kouame Sereba er det viktig å syne at talent for rytme ikkje er noko mystisk og eksotisk, men noko alle kan få stor glede av.

Foto: Rikskonsertane

I Noreg har vi gode føresetnader for å utvikle ein naturleg rytmesans, sjølv om mange trur at det må eit varmt klima til. I Afrika vert det spelt på trommer og dansa til både kvardag og fest, til fødsel, dåp, bryllaup og gravferd. Slik blir den afrikanske musikktradisjonen formidla vidare frå generasjon til generasjon. Trommer, song og dans står sentralt i ritual, festar og forteljingar, og i ulike livsfaser som fødsel, oppvekst og død. Dette er kjernepunkt i den afrikanske kulturen. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Kouame Sereba Musikk 1.-7. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet


ALO

1.–4. steg

I konserten Alo blir vi kjende med dei tre barndomsvenene Marit, Kari og Klemet. Dei fortel om oppveksten sin og om å vere vener, og dei fortel om å vekse opp i den samiske kulturen. Historiene kjem fram gjennom joik og musikken dei spelar, i både tradisjonsrik samisk form og moderne klangdrakt. ”Alo” er eit samisk ord, og kan omsetjast med ”alltid”. Slik vi ynskjer at venskap frå barndomen skal vere - for alltid.

5.–7. steg

Medverkande: Marit Hætta Øverli, joik Kari Heimen, joik og trommer Klemet Anders Buljo, joik, gitar og lyd Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.–7. steg Kommunar: Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet

Foto: Rikskonsertane

15


1.–4. steg

5.–7. steg

Smeltedigelen Distriktsmusikarane i Gloppen Bli med inn i Distriktsmusikarane i Gloppen sin musikalske smeltedigel og opplev deira unike blanding av uttrykk og stilartar i ein variert musikalsk meny. Elevane medverkar også på deler av konserten. Medverkande: Distriktsmusikarane i Gloppen Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.–7. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

16

Foto: Øyvind Lyslo


Stor overraskelse Ingen førebuingar når det gjeld innhaldet - det er konseptet på denne konserten. Alt er 100 % improvisert når hiphoptrioen Stor Overraskelse inntek gymsalen med storm. Forresten, sa vi gymsalen? I vinter måtte ein skule utanfor Drammen evakuere på grunn av gassutvikling i gymsalen like før bandet skulle gå på scena. God grunn for avlysning, eller? Ikkje for Nils m/Skills, Skranglebein og Droolian, som like godt tok med seg anlegget ut i null grader på skuleplassen og improviserte der i staden for. Korleis det gjekk kan de sjå her.

1.–4. steg

5.–7. steg

Forvent ein skuletime på rim, ein skuletime med humor, rytmar, teatersport og hugs at det er de, elevane, som avgjer kva tema som det skal rappast om. Medverkande: Per Olaf Hoff Mydske, rapping Nils Bjelland Grønvold, rapping Julian Sommerfeldt, beatboxing Uttrykk: Musikk Målgruppe: 1.-7. steg Kommunar: Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora Les meir om tilbodet

17


1.–4. steg

5.–7. steg

18

DRUMDRUM! Den karismatiske trommeslagaren Benita Haastrup er kvinna bak DRUMDRUM! Ho har med seg to toppmusikarar frå Danmark: den virtuose vibrafonisten Kaare Munkholm, og den garva bassisten Jens Skou Olsen. Musikarane har alle tre spelt tallause konsertar rundt om i heile verda, og dei er inspirerte av nokre av dei største namna i jazzhistoria. På konserten får barna høyre tonar inspirert av både Duke Ellington, brasiliansk og afrikansk musikk, danske folkesongar og ikkje minst nokre av Benita sine eigne melodiøse komposisjonar. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Foto: Rikskonsertane

Benita Haastrup – perkusjon Kaare Munkholm – vibrafon Jens Skou Olsen - bass Musikk 1.-7. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet


Dans for livet Dans for livet er ein musikalsk og visuell film om eit sjarmerande naturbarn som satsar ambisiøst innafor eit uvanleg felt, ikkje minst uvanleg for jenter: Halling solodans. Vilde bur midt i ein skog i Gransherad (Telemark) saman med bror Even på 15 år, far Hans Andre, mor Kari Anne, ein dølahest som heiter Lunvinn, eit esel med namn Andreas Fernando og 6 geiter.

5.–7. steg

Ho er, uavhengig av kjønn, allereie ei av Norges beste i halling fridans i si aldersgruppe. Hennar største mål til no var Landskappleiken på Geilo 2014. Men prestasjonar er ikkje det viktigaste for Vilde; hennar største ønskje og mål er at den kreftsjuke bestefaren skal overleve sjukdomen lengst muleg. Ho tenkjer at kan ho vise kor glad ho er i han og i sjølve livet - hennar eiga kraft i naturen og dansen - så vil bestefaren overleve sjukdomen lenger enn legane trur. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Erlend E. Moe, filmskapar Film 5,-7. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet

19

Foto: Sant & usant


Freseskyflyet

5.–7. steg

Møt Snutt, oppfinnaren av Frese-sky-flyet, isbjørnungen Burrr, Surfe-Sofie, Heng I hop og alle dei andre i landet Gnore like ved Nordpolen. Når isen smeltar og havet stig, skjer det dramatiske ting med livet til både isbjørnar og menneske. For kva skal ein isbjørnunge med vasskrekk gjere når isflaket han klamrar seg til forsvinn under han? Og kan verdens største oppfinnar greie det umoglege - endre klimaet slik at det på nytt blir is på Nordpolen? Forfattaren Rolf Losnegård fortel og les frå den elleville klimaboka om Frese-sky-flyet saman med illustratøren Fredrik Rysjedal som tek oss med inn i teiknarens verkstad der personar og spennande situasjonar får liv.

20 20

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Rolf Losnegård, forfattar Fredrik Rysjedal, teiknar Litteratur/visuell kunst 5.-7. steg Flora, Solund, Hyllestad, Gulen

Les meir om tilbodet Foto: Fredrik Rysjedal


Barn ingen adgang Kven bestemmer korleis vi skal ha det der vi bur? Politikarane? Arkitektar, ingeniørar og entreprenørar? Eller vi som lever våre liv på dei plassane som skal utviklast? Og korleis kan barn og vaksne best samarbeide, når vi alle skal planlegge vidare korleis heimstaden vår skal bli?

5.–7. steg

Barn ingen adgang! er ei morosam og lærerik vandreutstilling om korleis by- og stadutvikling føregår, og kva for rolle barn og andre innbyggarar spelar i planprosessen. Utstillinga er organisert som ei samanhengande fortelling der elevar/publikum vert inviterte til å engasjere seg i tema som: barn, by, medverknad, og planprosess, gjennom ni soner med leikne tilnærmingar til innhaldet. Denne utstillinga kan vere med å sette søkelys på korleis barn og unge best muleg kan delta, og bli høyrt. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Bjørn-Are Vollstad, arkitekt Visuell kunst, arkitektur 5.-7. steg Førde

21

Les meir om tilbodet

Foto: DOGA


YOKAI

5.–7. steg

22

I eit aude landskap, i midten av ingenstad, møter vi ei gruppe underlege personar. Med små tre og papirmåker i lommene byrjar dei å orkestrere verda slik dei ser ho. Ei nøye planlagd bilulykke, ein særs glupsk torsk og ein miserabel julekveld er berre noko av oppstyret yokai’ane steller i stand. Ved å kombinere dans, magi, poesi og rein idioti, fortel Collectif Krumple ei historie om våre desperate forsøk på å finne håp i tider fylte av fortviling. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Collectif Krumple Scenekunst 5.-7. steg Gaular, Askvoll, Fjaler, Naustdal, Høyanger

Les meir om tilbodet Foto: Krumple theater/James Coote


Dit peppern gror Eli Gunnvor Grønsdal, journalist og filmskapar viser ni ulike filmklipp frå TV2-serien “Dit peppern gror”. Eli G var programleiar i serien som tok sjåarane med på ei reise gjennom Aust-Afrika, på motorsykkel. Turen startar i Addis Abeba, Etiopia, går vidare gjennom Kenya, Tanzania og til krydderøya Zanzibar, 3000 km. Mål: Å vise eit annleis og meir positivt bilete av Afrika.

5.–7. steg

Mellom klippa samtalar Eli G og elevane rundt haldningar, forestillingar og meiningar om mennesker, kultur, skikkar og fakta om Afrika. Utøvar snakkar også om kva som dannar haldningane våre og skilnaden på dokumentar og fiksjonsfilm. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Eli Gunnvor Grønsdal Film 5.-7. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn, Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

23

Les meir om tilbodet

Foto: Eli Gunnvor Grønsdal

Foto: Eli Gunnvor Grønsdal


5.–7. steg

24

Foto: Johan Moen


Animasjonsverkstad Elevane vert delte inn i mindre grupper, og ved hjelp av eit nettbrett, ein animasjonsboks og dukker lærer dei å lage animasjonsfilmar. Kurset gir kunnskap om korleis ein kan fortelje historier, elevane får sjølve prøve seg, og dei får lære å bruke nettbrettapplikasjonen. Ved å flytte figurane sine litt og litt, og ta eitt og eitt bilete kjem etter ei lita stund ei historie til liv. Film er 24 bilete i sekundet!

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

5.–7. steg

Johan Moen, fotograf regissør Charlotte Rintler, kunstner/illustratør og animatør Film 5.- 7. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet

25


Møtepunkt himmel og jord ”Først er eg tamil, så er eg hindu, så er eg norsk ” - Tenish (24) fødd og oppvaksen i Noreg med foreldre frå Sri Lanka. «Møtepunkt himmel og jord» består av ein innhaldsrik ressurskasse med utval av sentrale, autentiske gjenstandar knytt til kristendom, islam, hinduisme og buddhisme. Utanom å vere reine studieobjekt, kan det lagast flotte utstillingar på skulane knytt til kvar religion. Ressurskassen vert sendt kostnadsfritt til dei skulane som melder interesse.

5.–7. steg

Sentrale emne i ”Møtepunkt himmel og jord” er religiøst mangfald og integrerings-problematikk, og er godt tilpassa innhaldet i Kunnskapsløftet både for KRL og andre fag som t.d. norsk (med utvida tekstomgrep) eller i tverrfaglege samanhengar.

8.–10. steg

Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Visuell kunst 5.–10. steg På bestilling

Les meir om tilbodet

26

Foto: DKS


Filmhjelp.no Gjennom verkstaden får elevane høve til å bli meir medvitne på kva som er muleg med film. Målet er å inspirere dei til sjølvstendig utforsking av filmmediet. Verkstaden skal syne korleis elevane, ved hjelp av eige utstyr, kan lage film utan at det kostar noko. Eleven kan nytte eigne mobiltelefonar og datamaskinar. Kurset tek føre seg dei mest grunnleggande trekka innan filmarbeid og viser elevane vegen mot eit ferdig produkt. Elevane skal utarbeide filmar, og målet er at dei skal sitte igjen med nyttig kunnskap om film og filmproduksjon.

8.–10. steg

Dagen vert avslutta med premiere på filmane elevane har laga.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Andreas Aldermark og Runar Tafjord Film 8.-10. steg Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet

Foto: Anderas Altermark

27


Giovanni frå Dalen På denne konserten vil elevane få møte Distriktsmusikarane i Sogn i ei framsyning med musikalske sjekketriks godt pakka inn i eit skrått blikk på kjærleik i musikken. Ein berømt cellist og ein konsertpianist møter ein bonde med skjulte talent. Då kan alt skje.

8.–10. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Bjørn Gisle Seter - song Hans Holgersson - cello Dorina Komani - piano Musikk 8.–10. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet

28

Foto: Øyvind Lyslo


Fear infection Gjennom eit fysisk og urbant språk, og med spesialkomponert musikk, tek «Fear Infection» opp tema som frykt, usikkerheit og redsle. I framsyninga får elevane møte seks dansarar som alle har opplevd frykt av ulike slag. Dei har kjempa seg gjennom vanskane, bygd nytt mot og ny styrke, og dei har lært å tru på seg sjølve og eiga utvikling. Fear Infection er ei spennande, rå og sterk danseframsyning med aktuelle tema. Framsyninga kan inspirere til ettertanke og opne for samtalar om tema som det elles kan vere vanskeleg å snakke om.

8.–10. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Team Braza Dans 8.-10. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

29 Les meir om tilbodet


Bawke Bawke er ein film som handlar om eit sentralt og aktuelt tema. Elevane blir introduserte for ein far og ein son på ei dramatisk flukt som endar på eit asylmottak i Noreg. Filmen legg vekt på forholdet mellom far og son, og viser oss ei rekkje etiske og menneskelege dilemma som hovudpersonane kjem opp i. Dette blir gjort på ein måte som først og fremst framhevar det universelt menneskelege. Vi kan alle kjenne oss att; på tvers av landegrenser og kulturell bakgrunn. Bawke er ein open film, då han korkje fortel korleis det endar eller kva vi skal meine om problema som blir tekne opp. Bawke gir ikkje svar, men stiller ei rekkje viktige spørsmål.

8.–10. steg

30

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Filmskapar Hisham Zaman Film 8.–10. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Les meir om tilbodet


Frå Bygd til Beat Denne konserten knyter saman hiphop og artisten Son of Light (André Hadland) si personlege historie. Etter at han såg filmen “Beat Street” i 1984 opna det seg ei heilt ny verd for Son of Light. Han vart lidenskapeleg oppteken av musikken og gjorde alt for å finne ut meir om ein sjanger ingen før hadde høyrt om i Mandal. Då han som ung gut ville høyre på hiphop i ein by der alt dreia seg om rock, kjende han korleis bygdedyret berre venta på å sable han ned! Korleis ein kvit gut frå Mandal fann ein felles identitet med ein hovudsakleg svart kultur er det ikkje så lett å forstå, men kanskje konserten vil gje eit svar? I dette prosjektet går Son of Light til røtene sine, nemleg å spele med levande musikarar i staden for programmerte rytmar, slik han gjorde då han var 19 år og ga ut plate saman med Helen Eriksen på plateselskapet Blue Note. Besetninga med orgel, trommer og rap byr på eit “dirty” og ope sound som er lett å like.. Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

André Hadland alias Son of Light, André Viervoll, Sigmund Nilsen Musikk 8.-10. steg Gloppen, Hornindal, Jølster, Selje, Vågsøy, Bremanger, Eid, Stryn

Les meir om tilbodet

8.–10. steg Foto: Pål Arve Myklebust

31


Snakk om språk! Opplegget har form som ei framsyning med aktiv deltaking frå tilhøyrarane. I samtalen kjem ein inn på haldningar til språk. Snakk om språk! er ikkje eit misjonsprosjekt som vil ha alle elevar til å snakke dialekt og skrive nynorsk. Målet er å skape refleksjonar kring språk og det å vere språkbrukar og å gjere elevane bevisste på at språk er viktig! Språk heng saman med identitet og det er viktig at ungdom er bevisste dei språkvala dei gjer.

8.–10. steg

32

I tillegg til å gje elevane ei oppleving i klasserommet, vil utøvarane også leggje til rette for refleksjon og diskusjon i etterkant av besøket.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Richard Olsen Malin Aakre (hausten 2016) Idun Losnegård (våren 2017) Litteratur 8. – 10. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

Les meir om tilbodet

Foto: Aasentunet


Thea Hjelmeland med band Thea Hjelmeland er ein av Sogn og Fjordane sine mest kjende artistar. Den unge artisten frå Førde har hatt stor suksess med sine plateutgjevingar, der den siste plata “Solar Plexus” fekk strålande kritikkar. På denne plata byr Thea på seg sjølv gjennom eit sterkt låtmateriale prega av ein stemmebruk få gjer henne etter. Ho nyttar stemma si nærmast instrumentalt og i eit stort register. Når vi legg til at musikken er kjenneteikna av mykje energi, catchy refreng og ikkje minst av Thea si traktering av ei mengd ulike strengeinstrument, trur vi at vi kan garantere ei konsertoppleving i fleire dimensjonar. Med seg på konserten har ho eit knippe dyktige musikarar med slagverkaren Peter Baden i front.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Thea Hjelmeland med band Musikk 8.–10. steg + vgs. Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal + alle vidaregåande skular i fylket

8.–10. steg

vg1

vg2

vg3

Les meir om tilbodet

33

Foto: Vegard Fimland


Fantasiatango Johanna Juhola Trio spelar tango med trekkspelet som drivkraft. Musikken til trioen er rytmisk og utadvend i den eine augneblinken og melankolsk og sørgmodig i den neste. Musikken er komponert av Johanna Juhola, og instrumentet hennar trekkspel (akkordeon), står i sentrum. Musikken er instrumental, og finsk tango ligg som ei inspirasjonskjelde i bakgrunnen. Johanna har også med seg gitaristen Roope, som spelar alt frå bassliner, loops, effektar og rytmeelement og er «eit heilt orkester i seg sjølv». Tredjemann i gruppa er ikkje på scena, men er lydmann som også deltek musikalsk med mange effektar som fargelegg musikken til trioen. Johanna Juhola Trio har gjeve ut fleire album og cd-en Fantasiatango har fått gode kritikkar i mange land.

8.–10. steg

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

34

Johanna Juhola, trekkspel Roope Aarnio, gitar, vokal, Hannu Oskala, lyddesign, elektronikk Musikk 8.-10. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora, Aurland, Balestrand, Førde, Leikanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik, Årdal

Les meir om tilbodet Foto: Sami Perttilâ


Mhoo Musikken til Mhoo høyrest mest ut som om han er skriven på reiser til Nashville i USA, til Mexico, Cuba, Spania og Brasil. Det høyrest ut som cowboyar i støvete solnedgangar, tog som køyrer gjennom flate kaktuslandskap, mexicanske trompetar, flamencokledde damer med svart hår og djupraude roser bak øyret. Mens gitarfingerspelet leikar lett og forventningsfullt av stad, høyrer vi også spor av lengt og triste farvel i den tostemte songen med dei lange linjene.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Miriam Kjølen, song, gitar, trompet Oda Karoline Dahl, song, gitar Erlend S. Hølland , kor, kontrabass, perkusjon Musikk 8.-10. steg Askvoll, Fjaler, Gaular, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Naustdal, Solund, Flora

8.–10. steg

Les meir om tilbodet

35


Do not feed the trolls Do Not Feed the Trolls er ei teaterframsyning som tar for seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internettroll. The Krumple ynskjer å sette lys på korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk forandrar seg når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. Inspirert av dagsaktuelle og verkelege hendingar isceneset kompaniet trollinga som skjer på nett, og lar publikum vitne noko som elles skjer i det skjulte. Framsyninga gir eit innblikk i kven som utgjer dei moderne trolla og kva som driv dei. Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelege konfronterer kompaniet tilskodaren med spørsmålet: Er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

vg1

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

vg2

36

Collectif Krumple Teater Vg1 og Vg2 Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet

Foto: Fredrik Brorgund


Privattimen Ein elev, ein professor og ei hushjelp. Kven er denne unge eleven som ikkje kan meir enn eit åtte år gamalt barn? Kven er denne merkelege professoren som skjuler ein sadistisk tyrann, og kven er hushjelpa som skal fortelje om det tragiske utfallet? I Privattimen vert ikkje språket berre brukt til kommunikasjon eller opplæring, men også som eit maktmiddel.

Medverkande: Uttrykk: Målgruppe: Kommunar:

Sogn og Fjordane teater Teater Vg2 Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet

vg2

37 Reidun Melvær Berge Foto: David Zadig

Kyrre Eikås Ottesen Foto: Oddleiv Apneseth


Kom heimatt, gut! Vi møter ein ung musikar som legg ut på ein siste tur til heimstaden sin. Han skal ta farvel med bygda og den døyande faren. Vêrfast åleine i barndomsheimen blir han mint om fortida si og kvifor han ville satse på musikken. Kan ein leve av draumen på bygda? Det er eitt av dei sentrale spørsmåla som guten stiller seg i denne monologmusikalen. Med nyskrivne songar og tekstar blir elevane dratt med inn i guten sitt avgjerande vendepunkt i livet.

vg3

38

Medverkande: Fredrik Høstaker Jostein Avdem Fretland Uttrykk: Teater/musikal Målgruppe: Vg3 Kommunar: Alle dei vidaregåande skulane i fylket

Les meir om tilbodet

Foto: Mariell Øyre


NÌring og kulturavdelinga Den kulturelle skulesekken Postboks 173, 6801 Førde 57 63 80 00 postmottak.kultur@sfj.no www.sfj.no www.skulesekken.no

39

Den kulturelle skulesekken 2016  

Kunst og kultur for alle! Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane har nettsida www.skulesekken.no med informasjon om skulesekken og de...

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you