Issuu on Google+

Kunde magasin Sogn og Fjordane Energi

11 2013


Søk om sponsorstøtte! Årleg bidreg SFE med sponsorstøtte til om lag 80 lag og organisasjonar i fylket. Gjennom desse samarbeida ønskjer vi å bidra til glede, bulyst og utvikling i dei lokalsamfunna vi er ein del av.

Harpefossen skisenter på Eid er eitt av våre sponsorsamarbeid. Dei har satsa stort dei siste åra med blant anna tilrettelegging for downhillsykling, ny varmestove og ny skiheis på Furuhogane.

Vi får mellom 150 og 250 søknader om sponsorstøtte kvart år. Dette er langt fleire enn vi har høve til å støtte, difor vert søknadene prioritert ut frå visse kriterium:

I år er vi med på ei luftig satsing, vi sponsar ein “BigAirBag”! Vi gler oss stort til skisesongen startar og håpar det blir mange luftige svev på Harpefossen framover!

• Føremålet må vere mest mogleg inkluderande, og engasjere så mange som mogleg i lokalsamfunnet eller regionen

Vil du søke om sponsorstøtte til ditt lag eller organisasjon? Vi har fire søknadsfrister i året, neste frist er 1. desember. Bruk søknadsskjemaet vårt som ligg på sfe.no.

• Søkjar bør ha ein ordna økonomi og eit tydeleg føremål med aktiviteten • Samarbeidet med SFE bør synleggjerast så langt det fell seg naturleg

Sjå fram til vintersesongen på Harpefossen med SFE sin “BigAirBag”!


Marknadskommentar I september månad var det mykje mindre nedbør enn normalt (6-7 TWh avvik frå normal Noreg + Sverige). Oktober har derimot vore varierande med omsyn til nedbør. Periodevis tørt, men og nokre dagar med svært mykje nedbør, slik at oktober samla kjem ut omtrent på normalnivået. Vêrutsiktene framover er prega av lågtrykksaktivitet med mykje nedbør og relativt varme temperaturar fram til og med første veka i november. I oktober har det fortsatt vore ein del uventa stopp i den svenskekjernekrafta, men utover månaden har mykje kome tilbake i produksjon. Mykje nedbør og dermed betra ressursar har pressa spotprisane noko ned dei siste vekene. For resten av 2013 og starten av 2014 , ventar kraftmarknaden no lågare prisar enn ein gjorde førre månad. Årsaka er overgangen til våt vêrtrend og betre magasinfylling. Fram til nyttår er det venta ein gjennomsnittleg kraftpris i Norden (områdeprisane vil kunne avvike litt) mellom 35-40 øre/kWh (inkl. moms), og deretter nokre øre høgare i januar og februar. Vil du vite meir om kraftmarknaden og dei ulike avtaletypane vi tilbyr kan du gå inn på heimesida vår – www.sfe.no. Med beste helsing, Bjarne Dybvik Kraftdirektør

Øre / kWh

November 2013

Priser inkl. mva frå 19.5– 19.12(gjennomsnitt pr. veke).

Sparetips Miljøvenleg fyring

Vinteren er komen til dei fleste stader i landet og straumbruken går opp. Pass på at du brukar oppvarming på ein bevisst, miljøvenleg og økonomisk måte. Vedfyring er eit miljøvenleg alternativ. Når du fyrer med ved, nyttar du 100% fornybar energi som ikkje bidrar til å auke CO2-utsleppa. Fyrer du rett, får du meir varme og mindre forureining.

Fyr rett

Sørg for god trekk! Elles vert det dårleg forbrenning, forureining og dårleg utnytting av veden. Bruk opptenningsved. Tenn opp med litt småved og legg på grovare ved når det er god fyr. Er det på tide å byte vedomn? I 1998 vart det innført strenge krav til nye vedomnar. Medan eldre omnar ofte utnyttar berre halvparten av energien i veden, kan moderne omnar utnytte 80% eller meir. Du finn fleire tips hos www.enova.no.


Bli med på julekonkurranse! Følg med på Facebook, 1. desember opnar vi første luka i adventskonkurransen vår. Vi lovar mange gode premiar og gode sjansar for å vinne!

foto framside: Nils Ola Strand

Vi er i midten av november, og gradestokken minnar oss på at det nærmar seg jul. SFE er godt i gang med juleførebuingane, og vi gler oss til å gjennomføre vår aller første adventskonkurranse.

Sogn og Fjordane Energi Bukta, 6823 Sandane Tlf: 57 88 47 47 E-post: kundesenter@sfekraft.no

sfe.no


Kundemagasinet november 2013