Page 1

Kunde magasin Sogn og Fjordane Energi

8 2013


Fastpris på straum? Med låge straumprisar på sommaren får kundesenteret vårt ofte spørsmål om det løner seg å binde straumprisen før hausten. Dette spørsmålet er det ikkje noko fasitsvar på. Det viktigaste du må ta omsyn til når du vurderer å binde prisen, er ditt eige budsjett. Har du ein stram økonomi og behov for god oversikt over utgiftene kvar månad, bør du absolutt vurdere ei fastprisavtale. Den store fordelen med ein fastpris er at du slepp å bekymre deg for høge pristoppar. Ulempa er at du i nokre tilfelle kan kome til å betale meir for straumen enn det du ville gjort med flytande pris. Skilnaden på fastpris og flytande pris går på risiko. Vel du ein flytande pris tar du all risiko for prissvingingar. Med ein fastpris er det straumleverandøren din som tek denne risikoen.

Å binde seg til ein fastpris kan gje både “gevinst” og “tap” om du samanliknar med marknadsprisen. Ingen kan svare sikkert på kva som løner seg før i etterkant. Mange lurar også på kva tid det lønar seg mest å binde seg til ein fastpris. Dette kan ein heller aldri vere sikre på. Ofte er prisane lågast om sommaren, men dette er ingen garanti. Vi har fleire eksempel på somrar med høg pris og haustar med prisfall. Marknaden vert påverka av mange faktorar, vêret er ein av desse. Det er ingen tvil om at prisane kan falle framover om vi no får ein våt haust.

Visste du at du finn meir informasjon om straumprisar og produkt på sfe.no?


Marknadskommentar August 2013

Juli månad vart både varmare og tørrare enn normalt. Dette står i sterk kontrast til juni månad, då nedbørsmengdene var nesten 60 % over normalen. Etter den tørre vinteren var det underskot på den hydrologiske balansen (summen av snø, markvatn og vassmagasin). Dette vart betydeleg forbetra av nedbøren i juni. Prisnivået i sommar har vore betydeleg høgare enn fjorårets sommar, til tross for det våte junivêret. Årsaka er bra kapasitet i vassmagasina etter den tørre vinteren. Med bra kapasitet kan ein planlegge produksjonen utover året, og det vert mindre «tvungen» produksjon til låge prisar. Frå midten av april (pris 50 øre/kWh inkl. mva) fall spotprisane til under 30 øre/kWh i slutten av juni. Etter dette har ein tørrare vêrtype medført stigande prisar, og i slutten av juli månad ser vi prisar rundt 35 øre/kWh. Når hausten kjem og temperaturane senker seg, vil etterspurnaden etter kraft auke. Viss vêret vert omtrent «som normalt» framover vil dette tilseie svakt stigande prisar utover hausten og vinteren. Kraftprisane i framtidsmarknaden tilseier at vi kan sjå prisar på nesten 40 øre/kWh på slutten av året. Vil du vite meir om kraftmarknaden og dei ulike avtaletypane vi tilbyr kan du gå inn på den nye heimesida vår – ww.sfe.no. Med beste helsing, Bjarne Dybvik Kraftdirektør

Priser inkl. mva frå 10.2 – 10.8 (gjennomsnitt pr veke).

Sparetips Både varmepumper og ventilasjonsanlegg treng tilsyn og service, og august er ei god tid for dette. Rett vedlikehald gjev lågare energibruk og forlengjer levetida til anlegget.

Du kan gjere noko sjølv

Reinhald som ikkje inneber bruk av skrujern kan du gjere sjølv. Reingjer filter, rister og ventilopningar for støv og fett. Sjekk brukarmanualen for vedlikehaldsinstruks og bruk støvsuger eller mildt såpevatn der det er eigna.

Bestill service no

Varmevekslaren må vere rein for å virke optimalt. Ulydar i ventilasjon eller varmepumpe kan bety utslitte lager. Dårleg effekt på varmepumpa kan bety at den treng etterfylling av gass. Bruk fagfolk til dette for å sikre rett funksjon.


Vinn billettar! Eitt av våre sponsorsamarbeid er Gloppen Musikkfest som går av stabelen på Sandane frå 29. august til 1. september. Dette er den einaste klassiske musikkfestivalen i fylket.

Bergen Filharmoniske Orkester står for årets opningskonsert. I tillegg byr festivalen på kjente fjes som Arve Tellefsen og fylkets eiga Sigrid Moldestad.

I år er temaet JUBEL! Gloppen Musikkfest feirar 10-årsjubileum, i tillegg vert blant anna fylkets 250-årsjubileum feira med ei rad konsertar, kåseri og seminar.

Vi loddar ut billettar til konserten “Ti tonen har fått hele mitt sinn” med Sigrid Moldestad fredag 30. august. Send ein e-post til billettar@sfe.no om du ønskjer å delta.

Sogn og Fjordane Energi Bukta, 6823 Sandane Tlf: 57 88 47 47 E-post: kundesenter@sfekraft.no

sfe.no

Kundemagasinet august 2013  

I kundemagasinet for august kan du lese meir om valet mellom fast eller flytande pris på straumen.

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you