Issuu on Google+

Lustramarknaden 9. – 15. juni 2014 Kulturveke i Luster – eit nytt reisemål i Sogn

Den store marknadsdagen er laurdag 14. juni

Da e’ i Luster da skjer!!!

Tivoli Utstillingar Show Henning Lad

Kjell Einar Ormberg


– Me treng slike festdagar ein gong i året – Dette trur eg rett og slett er bra for helsa og det er med å styrkar identiteten vår som lustringar. Etter fjorårets rekordbesøk er det med stor optimisme at ordførar Ivar Kvalen bur seg på årets storinnrykk; Lustramarknaden 2014. – Marknaden har hatt ei svært fin utvikling dei siste åra, og me satsar friskt på enno litt fleire i år. Dette er ein unik måte å marknadsføra lokalt næringsliv, frivillige lag og organisasjonar, og kommunen på. Men Ikkje minst er det eit svært godt høve til å samlast og ha det kjekt og triveleg i lag. Ønskjer nye lustringar velkomne Kvalen meiner marknaden har halde seg stabil i mange år, men at både aktivitet og besøkstal har auka dei siste åra. – Kva status vil du sei at marknaden har fått? – Eg meinar at Lustramarknaden no har etablert seg som ein av dei største og mest varierte marknadsdagane i Sogn. Det at det kjem besøkande frå heile Sogn og Fjordane, og utflytte sogningar som tek seg ein tur heimom eller ei helg i Sogn er ekstra gledeleg. Men særleg har det gleda meg å sjå besøkande frå dalføra austom fjella tek turen til Luster desse dagane. – Kven er i målgruppa for ei veke som dette? – Lustramarknaden rettar seg mot alle aldersgrupper og interesseområde. Dette er sjølvsagt festdagar for oss lustringar, men me vil gjerne att besøkande kjem for å sjå og oppleve kor kjekt og fint me Opplag Layout Trykk Redaksjonelt ansdvar Redaksjonelt Annonser

har det her i Luster. Dette er ein god måte å marknadsføre kommunen som ein god plass å flytte til på. Nye lustringar er spesielt velkomne. Mange krefter i sving Å planlegge ei heil veke med arrangement rundt om i kommunen, samt den store marknadsdagen på laurdag, krev mykje planlegging og arbeid. Personar frå næringsliv, handelsstand, lag og organisasjonar og kommunen legg ned ein stor innsats for å skape denne sommarfesten – for deg og meg. – Marknadsstyret har på nytt fått fram eit spennande og variert program, eit program som også syner mykje av aktiviteten og mangfaldet i kommunen. Gjer ein ordførar stolt – Kvifor vil du oppmoda folk om å ta turen nettopp til Luster denne kulturveka i midten av juni? – Eg tenkjer vel at det handlar om «å bli sett». Dei med vilje og kreativitet serverar nokre godbitar i form av topp opplevingar, men også produkt og idear til framtidig glede for oss som forbrukarar. Her kan

14.000. Kjem ut i Luster, Sogndal, Leikanger, Årdal, Balestrand, Vik, Høyanger, Aurland og Lærdal IHP as Ingvald Husabø Prenteverk as Marknadsnemnda Erling Bjørnetun, Ragnhild Myklemyr, Linda Watten Monica H. da Silva

2 – Lustramarknaden 2014

ein sjå det stor mangfaldet av bedrifter og organisasjonsliv, gjera ein god handel, eta god mat, oppleva flott musikk og dans, men ikkje minst er det å treffa mennesker og ha det triveleg og sosialt i lag nokre dagar viktig for kropp og sjel. Sjølv knyter han gode minner til den tradisjonsrike sommarfesten i Luster. – Lustramarknaden assosierer eg med mykje blide folk og glade ungar som spring rundt , flott musikk, god mat og dagar med optimisme og framtidstru. Alle me som «brenn» for og er engasjerte for lokalsammfunnet ynskjer å løfta fram alt dette på den beste måten. Difor har det også vore svært kjekt å sjå at så mange tek turen til Luster desse dagane, det gjer ein ordførar stolt.

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


– Me kan spela kvarandre gode Mangeårig programkoordinator for Lustramarknaden og kultursjef i Luster kommune, Erling Bjørnetun, framhevar Lustramarknaden som eit viktig knutepunkt for kultur, næring og gode opplevingar. – Styrken ligg i samarbeidet. Sjølv om me enkeltvis er små, kan me saman spela kvarandre gode. Det forutset sjølsagt at me VIL samarbeida, noko som gir godt grunnlag for å skapa ei rekke nye opplevingar, forklarar han. Sterkare identitet Bjørnetun meiner også at marknaden på fleire måtar har styrka sin eigen sjøltillit dei siste åra. – Me har fått meir tru på å framheva lokale aktørar og artistar. Eg opplever det som stoltheita over det me driv med har vakse, og at ein i dag har meir tru på det lokale. Folk vil identifisera seg med det som vert skapt lokalt og som attpåtil føregår nettopp her. God planlegging må også ta noko av æra for den solide posisjonen denne kulturveka har opparbeidd seg til. – Me byrja allereie i januar å leggja ein plan for denne marknaden, og då hadde me også ei rimeleg tid i førevegen gjennomført ei kritisk evaluering av den førre. Trivsel er eit viktig stikkord, og

me vil skapa møteplassar der folk kan nyta sommardagar til t.d. fin musikk, fagleg inspirasjon og nye arena som alt frå kulturlandskap og stiar til bygningar som mange ikkje har vore innom - og i hyggjeleg lag. Denne kulturveka har også vorte ein viktig arena for både frivillige lag og organisasjonar og privatpersonar som ikkje minst står opp med idear, og vil og kan arrangera noko. Der næring møter kultur Når det kjem til den kommersielle biten meiner Bjørnetun at kontaktbygginga er vel så viktig som sjølve handelen. – Den lokale handelsstanden og næringslivet møter eit publikum og får marknadsført seg på ein enkel måte. Dei får vist fram kva dei driv med, skapar ein god dialog og fleire vidarefører kontakten med potensielle kundar i dagane etterpå. Aktørar innan landbruket har lenge utmerka seg her, men dei siste åra har også firma som t.d. bilforhandlarar strøyma til. Marknadsdelen gir også lokale produsentar, som til dømes lokalprodusentar av saft og syltetøy frå Kroken og flatbrød, lefse og ost frå Veitastrondi, moglegheit til å bli løfta fram. Med andre ord: småskala-produsentar får her eit unikt høve til å marknadsføra og framheva at fleire aktørar i Sogn har gode kvalitetspodukt å tilby.

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Meir fokus på dei yngre – Er de bevisste på at marknaden skal famna heile familien? – Me har vorte meir bevisste på å arrangera noko også for dei unge. Faktisk er det eg hugsar best frå tidlegare marknader, då 3000 tilskodarar hadde samla seg for å sjå og høyra Smurfane inne på sjølvaste Rådhusparken. Det var eit profesjonelt opplegg, med god lyd og full trøkk. Då innsåg me som arrangørar at me truleg hadde undervurdert småbarnsfamilien som målgruppe på dette arrangementet. Og med Lustrabalder har me dessutan fått eit viktig bidrag til kulturimporten av meir kjende artistar. – Får de som arrangørar gode tilbakemeldingar når innslaga slår an? – Ja, eg hugsar særskilt i fjor då svenske Youngblood, med Christer Sjølie frå Gaupne, spelte her. Dei gjer det storslagent i Sverige, men me var usikre på kor godt folk her kjende til dei. Responsen var fantastisk, og folk var overveldande positive – noko salet av CD’ar like etter konserten prova. Men det som faktisk har vore med på heva arrangementet er dei konstruktive og gode samtalane om «ny vri», om programskaparar som «har noko å fara med», og sist men ikkje minst: lokale arrangørar som får heile denne veka til å bli «eit nytt reisemål i Sogn»… Lustramarknaden 2014 – 3


4 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


9. juni

Lustraløpet er for alle (Luster) Aldri har me høyrt nokon klage på Lustraløpet, seier Arne Ingjald Lerum, medlem i ”Sauradn-kameratane”. I 1989 byrja ei gruppe menn å jogge til Sauradn, innerst på sørsida av Barsnesfjorden i Sogndal. Kvar måndagskveld møttest dei på Fosshaugane, og saman jogga dei innover langs fjorden. Dei byrja å kalle seg Sauradn-kameratane, og sidan har dei heitt dette. Kvart år møter dei opp på Lustraløpet i Luster, for å delta i aktivklassen. SOSIALT - Me er veldig nøgde med heile opplegget. Ingen klagar på noko, og alt er berre kjekt. Mykje folk, og flotte premiar, ler Arne Ingjald Lerum, fast medlem i joggegruppa. Sidan gongen i 1989 har dei fortsett å møtast på Fosshaugane. Det varierer kven som er med og joggar kvar gong, men det er alltid nokon som dukkar opp. - No joggar me i alle retningar på eit fast tidspunkt kvar måndag. Me joggar aldri same løypa to gonger på eitt år, men prøver nye løyper, fortel Lerum. AKTIVE - Når me har sprunge Lustraløpet pleier eg å ha ein fest nede ved fjorden på Nes. Eg trur kanskje oppmøtet på sjølve løpet blir litt ekstra stort på grunn av dette, ler han. Etter eit kjekt og aktivt løp, kosar me oss med god mat, drikke og musikk i godt selskap. - Dei er ein flott gjeng, som har delteke i omtrent alle år. Dei utgjer ein god del av deltakarane i aktiv-klassen, og er viktige for antalet, seier Svein Tore Heltne. Han er sjef for Lustraløpet, ei rolle han har hatt i mange år no. LØPET Sjølve Lustraløpet startar ved campingplassen på Nes, og sluttar ved Luster Oppvekstsenter, i sjølve Luster. Eit løp på 10 gode kilometer. I år blir det arrangert

for 28. gong, og landar i pinsa, noko som kan lokke endå fleire med, og ut på tur. - Det er eit todelt løp. Trim passar for alle og byrjar på føremiddagen. Her kan alle som ynskjer delta, og mange små born er med i barnevogn, seier Heltne. Aktiv-klassen er nokre timar seinare. Det er ein konkurranse, og her spring du på tid. PREMIAR - Frå campingplassen på Nes til ungdomshuset på Høyheimsvik er det ein eigen konkurranse i spurt på ca. 2 kilometer. Her blir det kåra beste mann, og beste kvinne. Inne på skuleplassen i Luster er det dekka med bord og stolar. Mange tek turen hit berre for å sjå på dei som kjem i mål. Det er gratis betasuppe til alle som deltek, og moglegheit for å få kjøpt det utanom. Mange kjem berre fordi det er sosialt. Etter alle er komne i mål blir det delt ut prisar til vinnarane, samt premie for kvart 5. år ein har delteke. SKULEMUSIKKEN Me pleier å vere rundt 240 deltakar, og i 2011 hadde me rekord med heile 273 deltakarar, fortel Heltne. Anna Margrethe

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Tråve frå Lærdal er ho som har vunne løpet flest gonger. Om ho kjem i år blir det 20. gongen ho deltek, og kun to personar har delteke i alle dei 27 åra. Det er bra gjort, konstaterer han. For nokre år sidan bestemde skulemusikken i Luster, Dale Skulemusikk, seg for å delta på sjølve løpet. Dei går og spelar samstundes. Berre det er ein heil presentasjon i seg sjølv, smiler Heltne. NY DELTAKAR Ei annan som har delteke på Lustraløpet så lenge ho kan hugse er May-Tone Feten Høyheim frå Høyheimsvik. – Eg har gått Lustraløpet i 17 år. Eg kan ikkje hugse eitt år eg ikkje har delteke, fyrste gongen sat eg i vogn. Einar Berdal, kjærasten hennar, skal vere med å gå i år. – Eg har ikkje delteke før, men i år skal me gå saman, seier han. - Det er kjekt å gjere noko som heile bygda deltek på. Det er sosialt, kjekt, og ein får trim. Det har rett og slett blitt ein tradisjon å gå Lustraløpet, og difor gjer eg det om att og om att, smiler MayTone. Lustramarknaden 2014 – 5


Gaupnetunet Prøv den nye uteserveringa vår Under lustramarknaden held me ope 12.00-23.00 fredag, laurdag og søndag

199,-

Stor pizza frå kr.

Me lagar tidlause kvalitetsmøbler i heiltre Tel: 418 55 255. Internett: www.sonnesynsag.no

Fyrste del av oppussinga er klar, no har me fleire nyoppussa rom! Gaupnetunet A/S E-post: post@gaupnetunet.no Tlf. 992 06 110 Føl oss på facebook.com/Gaupnetunet

– fra topp til tå frisør • hudpleie • fotpleie • aromaterapi • solarium • aquamassasje Tlf: 57 68 31 00 • Gaupne • www.perry.no

Marknadstilbod:

Vi har eit av markedets beste hud- og hårpleieprodukt.

Kjøp minst 2 hårprodukt og få med 1 gratis gåvekort på Aquamassasje Aquamassasje: Kjøp 5 behandlingar og få med 2 behandlingar gratis på kjøpet

Årets bølge- og krølltang frå Babyliss PRO kr Normapris kr 2860,-

10%

2499,-

på alle hårprodukt 12., 13. og 14. juni.

Opningstider: Mandag og fredag 9.00 - 17.00 Tysdag og torsdag 9.00 - 21.00

6 – Lustramarknaden 2014

Onsdag 9.00 - 19.00 (drop in) Laurdag 9.00 - 14.00 (drop in) Salongen blir også open i heile sommar.

Prøv vår spesialshampo frå Wella SP. God å ha om ein skal vera i klor- og saltvatn eller ein skal vera mykje ute i sol. Anbefalast!

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


9. og 10. juni

Konsertar med Kringslått Kringslått er rimeleg godt kjende for mange sogningar og kanskje særleg lustringar. To røynde spelmenn frå kvar si bygd under Jostedalsbreen utgjer denne gruppa: trekkspelaren Helene Myklemyr frå Jostedalen/Skjolden, og felespelar-

en John Oddvar Kandal frå Breim i Nordfjord. Begge er godt forankra i folkemusikk- og gamaldansmiljøet, har lang fartstid som spelemenn, og er kjende for godt og drivande samspel. Duoen dyrkar i størst grad musikken frå

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

bygdene kring Jostedalsbreen; Sogn, Nordfjord og Nord-Gudbrandsdalen . I tidlegare tider var det tette band og jamn kontakt mellom desse bygdene, og det gjenspeglar seg også i den musikalske uttrykksforma. Dette vil Kringslått ta fram att og synleggjere, og på den måten vidareføre tradisjonen. Kringslått har eksistert i fem år, og har i løpet av denne tida hatt oppdrag av ymse slag, alt frå kyrkjekonsertar, jubileums - og institusjonskonsertar, og sjølvsagt dansespeling. På denne måten spenner også repertoaret over fleire stilartar og sjangrar. På Lustramarknaden i 2014 vil Kringslått opptre med tre konsertar fordelte på dei tre omsorgssentera i Gaupne, Hafslo og Luster. Repertoaret denne gongen er henta frå populærmusikken på 1950, -60 og -70 talet, men sidan det er grunnlovsjubileum i år vert det også henta fram nokre klassiske perler som publikum skal få syngja med på. Programma er kome i stand ved eit samarbeid med Folkeakademiet Luster og Den Kulturelle Spaserstokken. Lustramarknaden 2014 – 7


Du finn oss på Lustramarknaden

Tveiten AS

Fortun Bensinstasjon AS

Tel.: 56 52 14 00 www.tveiten-bil.no

Tel.: 57 68 61 57 www.fortunbenst.no

8 – Lustramarknaden 2014

salg@subarusogn.no ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


10. juni

Kunsten å skapa ein attraktiv arbeidsplass Det årlege næringsseminaret i høve Lustramarknaden får denne sommaren ein ny vri. No vil Bård Huseby diskutera kvar skoen eigentleg trykker. Ved å belysa ulike aspekt ved rekruttering av kompetanse til distrikta, vonar han fleire vil kjenna si besøkstid på seminaret 10.juni. – Me ønskjer å ta opp tema som dei lokale bedriftene er opptekne av. I år ønskje me å belysa korleis bedrifter kan tiltrekka seg arbeidskrafta dei treng, gjerne uavhengig av kva arbeidsoppgåver og løn dei kan tilby. Å halda på arbeidskraft og den gode kompetansen handlar om meir enn berre å kunne tilby spennande arbeidsoppgåver. Det sosiale spelar ei enormt stor rolle, og her skin det gjennom kven som har lukkast. Nasjonal problemstilling Huseby seier det er eit kjent fenomen at mange kommunar slit med fråflytting og mangel på arbeidskraft. – Ein ny studie gjort for Distriktssenteret syner at fire av fem kommunar i landet driv med tilflyttingsarbeid, men at effekten ikkje har vore som dei ønskja. Me ønskjer difor å belysa utfordringane i vår region, samt sjå på kva bedrifter me kan læra noko av, forklarar Huseby. Deler erfaringar Årets seminar er ope for alle og vil haldast i dei nye lokala til Digital Etikett på Grandane i Gaupne. For å dela sine erfaringar med problemstillinga kjem Aud Inger Sviggum frå Adecco, Alexander Lien frå Massiv Lust og Kjetil Hovland frå Digital Etikett.

– Kjetil og Alex har begge god erfaring med å skapa attraktive arbeidsplassar. Ved å skapa gode miljø lukkast dei med å halda på og ivareta sine tilsette, fortel Huseby. Gjensidig avhengigheit Lokale næringsverksemder bidreg ikkje berre til vekst og arbeidsplassar. Skal ein tru Huseby spelar eit levande lokalsamfunn ei stor rolle også når det kjem til å lukkast som reisemål. – Det å ha fjell, fjordar og bre er me ikkje aleine om. Men det at folk i tillegg kan leva, bu og driva med næring her, det gjer området unikt. Huseby som til dagleg driv Fjærland Fjordstue hotell presiserer at han også sjølv har kjent på utfordringa ved å rekruttera folk til stillingar i reiselivsbransjen.

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

– Eg opplever det som utfordrande å finna folk som er villige til å arbeida kveldar, helgar og ved spesielle arrangement. Han presiserer at Sogn har blitt eit mekka for folk som vil kombinera arbeid med natur og fjellsport. – Me har eit svært internasjonalt miljø i Fjærland, både når det kjem til arbeidskraft og besøkjande. Det er ikkje nødvendigvis sjølve arbeidet som lokkar folk hit, men det attraktive miljøet rundt. – Kva forventingar har du sjølv til seminaret? – I fjor var det bra oppmøte frå dei lokale bedriftene. Eg trur og håpar at bedrifter som kjenner kvar skoen trykker vil koma også i år. Eg trur dei fleste kjenner denne problemstillinga.

Lustramarknaden 2014 – 9


Autorisert bil- og karosseriverkstad Service - me tek service på alle personbilmerke, nye og eldre. Eu-kontroll - som offentleg godkjent kontrollorgan utfører med kontrollar. Karosseriverkstad - opprettning, rustsvising, lakkering og ruteskift- alt til konkurransedyktig prisar. ESSO bensinstasjon med konkurranse dyktige prisar på drifstoff. Butikken har godt utval av olje, bilpleie- og anna bilrekvisita. ASPEN miljøbensin 2 og 4t.

Avery Dennison NTP 6868 Gaupne Tel: 57 68 05 00* e-mail: ntp@ntp.no

Godt utval av kioskvarer. Hengarar til utleige. Døgnpris kr 250,- for stor hengar. AGA gass forhandlar. 35 øre bonus på drivstoff. Forbukersamvirkets medlemskort-bonus på alt hjå ESSO-stoff. E-post: hafslo-bilsenter@hafslo.no

Hafslo Bilsenter as Tel: 57 68 35 55

Luster Kunstlag Er med under Lustramarknaden! Stand i Gaupne fredag og laurdag 12-15. Utlodning! Kunstutstilling av Olav Thune i møterommet 2.etasje- i Pyramiden 12-17 alle dagar. Kunstutstilling av Åslaug Høyseter i Gaupnetunet.

Identitet er ikkje betalt med pengar, men auka lokalkunnskap kan kjøpast – her… Produksjon og omsetjing av lokalhistoriske publikasjonar har aldri vore større. På standen til kommunen og i servicetorget på rådhuset får du kjøpt både bygdebøker, skulesoge, lokalhistoriske årbøker og mykje anna lokalhistorisk materiell. Tingingskupong og nærare presentasjon av t.d. bygdebøkene til kommunen finn du også på våre heimesider: www.luster.kommune.no

Velkommen til plask og moro! Sjå vår heimside:

www.lustrabadet .no Lik oss på Facebook for oppdateringar: Lustrabadet 10 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


10. juni

Bli med på ei fantastisk reise i kultur og natur Luster er fremst på innovativ formidling av endringar i natur, kultur og samfunn Naturarvprosjektet i Luster har i samarbeid med lokale aktørar har laga eit nytt reiselivstilbod. Rundreisa «Landskap i Luster» tek publikum med til 12 spektakulære landskapsrom ved Jostedalsbreen, Jotunheimen, Sognefjorden, Urnes Stavkyrkje, Feigefossen berre for å nemna nokre. I tillegg til faste installasjonar, reisehefte og mobilquiz får du ei oppleving av dagens natur og kulturlandskap. Dette gratis tilbodet er ein nyskapande raud tråd gjennom det fantastiske naturog kulturlandskapet i Luster kommune. Munthehuset i Luster var senter og møtestad for kultureliten under nasjonalromantikken. Hit reiste kunstnarane for å teikne skisser til ei stor mengde kjende og hittil ukjende verk. Mellom anna teikna Tidemand og Gude skisser til Brudeferden i Hardanger ved Lustrafjorden. Landskap i Luster presenterer desse måleria i same landskapsrom som kunstnarane teikna sine skisser. Spelet mellom måleria og dagens situasjon formidlar tydelege endringar: Breaane går attende, gardsbruk vert nedlagde, vegetasjonen veks og bygder veks. Kunnskapen vert formidla via eit reisehefte og ein mobilapplikasjon der deltakarane vert aktivt utfordra gjennom nyskapande quiz-spel. Med Landskap i Luster vert ei tradisjonelt betraktande og statisk landskapsoppleving meir dynamisk og involverande.

På Lustramarknaden 2014 kan du få vera med på eit miniseminar med same temaa: tysdag, den 10. juni kl. 19.00 på rådhuset i Gaupne. Her får du møta Nils Messel som til dagleg arbeider ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Han vil presentere nokre av dei viktigaste kunstnarane fra 1820 – 1850 - åra som har besøkt området, t.d.: Flintoe, Dahl, Baade og Gude og nokre til i tillegg til kunstverk som har relevans for området. Torkjel Solbraa er prosjektleiar for Naturarvprosjektet i Luster kommune. Ved å syne fram landskapsmåleri og bilete frå dei same områda i notid gjer han greie for endringar som har skjedd i naturen og samfunnet i Luster. Bjørg Hovland, lokal kulturarbeider og forfattar av boka Folkedrakter og bunader frå Sogn, vil på sin særeigne måte formidle observasjonar og detaljar direkte frå kunstverket. Programmet er kome i stand ved eit samarbeid mellom Naturarvprosjektet i Luster kommune, Luster kunstlag og Folkeakademiet Luster. Landskap i Luster – ei kunstreise Skann følgjande QR-kodar for å sjå app’en:

Informasjonen undervegs er nedskriven av lokalhistorikarar, Luster kunstlag, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Fortidsminneforeningen. Android

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Iphone

Lustramarknaden 2014 – 11


• 36 år i Gaupne • Vekst • Dyktige fagfolk • Breitt utval • Anerkjente merkevarer • Eigne merkevarer

Gaupne Coop byggekonto – ein enkle måte å betala på

12 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


11. juni

Ludvik Kjellevold syner og lærer Gunnar korleis songen skal spelast.

Rein Elgersma tek kjapt etter det Ludvik gjer, på gitaren sin.

Kulturskulekonserten 2014 På gamle yrkesskulen i Gaupne har kulturskulen basen sin. Om ettermiddagane kan du høyre reine, fine tonar frå ulike instrument gjennom dørene. I desse tider er dei i full gong med å øve til konsert i parken under Lustradagane. Onsdag før sjølve marknadshelga, skal fleire elevar få prøve seg på scena. PIANO - Du har vel ikkje sceneskrekk spør musikklærar Ludvik Kjellevold, eleven sin, Gunnar Elgersma på 13 år. Gunnar har gått på kulturskulen i over tre år. Han spelar piano, noko han trivst godt med. Eg likar å spele, og eg likar kulturskulen, seier han. Gunnar sit ved pianoet og spelar songar han har lært av musikklæraren. Saman vel dei ut songar han kan spele på scena, under konserten. – Du har ei stund til å øve deg på, så dette skal nok gå bra, smiler Kjellevold. MEIRSMAK Nokre veker før Lustramarknaden må elevane ved kulturskulen bestemme seg for om dei vil vere med å opptre, eller ikkje. - Me ynskjer at dette skal vere ei god oppleving, og at den skal gi meirsmak. Det kan verke litt skummelt for enkelte, men me ynskjer jo at mest av alt skal det vere morosamt, seier Kjellevold.

Etter Gunnar sin time er ferdig, kjem storebror, Rein, inn døra. Han er 16, og har gått på kulturskulen i godt over åtte år. To musikalske brør som er glad i det dei driv med. Rein spelar gitar, og medan Ludvik nynnar songen, klimprar dei ivrige på kvar sin gitar. ØVING Begge brørne bur i Jostedalen og får dermed ei reiselengd på tre mil kvar veg, for å kome seg til musikktimane. Rein spelar ”Smak av honning” på gitaren sin, medan Kjellevold bestemmer at denne må han spele på konserten. Ein skikkeleg sommarklassikar, meiner han. - Eg har lært mykje, og eg øver kvar dag heime, fortel Rein. - Eg øver også kvar dag! Nesten, skyt veslebror, Gunnar, inn. Dette er eit bra tilbod, og fleire burde faktisk utnytte det. Eg har spelt i mange år, så eg snakkar av erfaring, smiler Rein. UTVIKLING - Rein har synt ei flott utvikling, skryt Kjellevold. Han, og mange av dei andre elevane, lærer på naturmetoden. Dei lyttar, og høyrer etter musikken. Så spelar dei utifrå det. Rein klimprar konstant på gitaren, og heng seg på det som musikklærar Kjellevold byrjar å spele.

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

- Det blir litt fri speling no, sidan dei er dei siste elevane innom for i dag, fortel Kjellevold. KONSERTEN Ludvik Kjellevold har vore lærar ved kulturskulen i mange år no. Kulturskulen er blitt interkommunal, og samanslått med Leikanger og Sogndal. På konserten under Lustradagane kan alle få delta, men som regel er det flest lokale som entrar scena. - Ofte har me opplevd at deltakarane har kome til under sjølve konserten. På førehand har dei bestemt seg for å ikkje delta, men når dei er der så får dei lyst likevel. Dette gjer til at innslaga kan bli fleire og fleire på sjølve kvelden, men det er berre kjekt, smiler Kjellevold. Brørne Elgersma ser fram til konserten, og lovar å øve iherdig fram til dess. - Det blir nok kjekt, seier dei. Alle som vil kan få kome å sjå og høyra på i Parken i Gaupne onsdag 11. kl. 18.00. Grillbua vert open onsdag. Me ynskjer alle, både vener og uvener velkomne, legg Kjellevold til.

Lustramarknaden 2014 – 13


DU FINN OSS PÅ LUSTRAMARKNADEN! Besøk vår stand ved rådhuset og bli med på:

Energi konkurranse Premiering:

3 stk gåvekort

à kr.

1000,-

Trekning på Scena før kåringa av årets bedrift.

Stolpeklatring Folkeakdemiet Luster formidlar helsefremjande, kulturelle aktivitetar i dei ulike bygdene i heile kommunen. I 2013 medverka 13 kollektive medlemslag og eit samla publikumstal på meir enn 5770 til heile 73 opplevingar. Er DU ein av dei som kunne tenkt deg å vera med i Folkeakademiet sitt arbeid? Ta kontakt med ein av dei som no er styremedlemar: Astrid Veum, Hafslo Frode Stenberg-Eriksen, Luster John Halveg, Marifjøra Kjell Sindre Schmidt, Marifjøra Maria Molland, indre Hafslo Mary Aasen, Jostedal Reidulf Kjørsvik, Gaupne Turid Øiene, Skjolden

14 – Lustramarknaden 2014

Lurer du på korleis det er å klatre til topps i ei mast? Kom og besøk vår stand på Lustramarknaden på laurdag! Då får du høve til å prøva deg!

6868 Gaupne • Telefon 57 68 29 00 • Fax 57 68 29 20 E-post firmapost@lusterenergiverk.no • www.lusterenergiverk.no

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


12. juni

Kyrkjekonsert i Gaupne kyrkje Torsdag 12. juni kl. 19.30

Grunnlovsmarkering i praktfulle tonar frå 1814 Medverkande: Organist Roland Johansson (orgel, piano) og distriktsmusikar Hans Holgersson (cello). Arrangør: Kyrkja i Luster

Rogen som er væpna med sabel. Men så ein dag dukkar ein sjarmerande mann med rosa hår og ein god idè opp…

I ei kulturveke som denne er det viktig å inkludere vårt publikum som også er i barnehagen. Med fire førestillingar, derav to i Gaupne og to på Hafslo vonar me på å samle dei fleste i barnehagane og kanskje også nokre førsteklassingar til ei ekte teaterførestilling… Det er ganske mange som har lyst til å

vere ei prinsesse, for alle veit at prinsessa er den vakraste i heile landet. I denne forestillinga møter me ei prinsesse som er svært vakker, men som diverre også er svært sur. Faktisk er ho den suraste i heile landet. Både robotar, dyr og soldatar gjere sitt beste for å få prinsessa til å le, men alle mislukkast og endar opp med å bli jaga på dør av kongen si brølape,

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

”Prinsessa som ikkje ville le” er ei moderne soloforestilling bygt på det kjende norske folkeeventyret om Tyrihans som fekk kongsdottera til å le. Skodespelar Line Starheimsæter er både prinsesse i superdårleg humør og forteljar på ein gong. Og leikefigurane får lov til å vera med og spela historia når den suraste prinsessa gjennom tidene prøver å få bukt med einsemda på barnerommet sitt. Line Starheimsæter har utarbeida konseptet og regien for forestillinga, og fungerar også som produsent. Forestillinga er tilpassa for born og vaksne frå fire år. Lustramarknaden 2014 – 15


Gå våren i møte med kvalitet fra Honda Gå våren i møte med kvalitet fra Honda

Honda IZY HRG 465 SD

Honda Miimo 500 Honda IZY HRG 465 SD

Honda HRX 537 VK

NYHET! Honda Miimo Robotklipper

Honda HRX 537 VK

Honda Miimo 500

Importør: Berema AS, www.berema.no

Din Honda Fagforhandler:

NYHET!

Honda Miimo Robotklipper Importør: Berema AS, www.berema.no

DELELAGER, SERVICE OG VEDLIKEHOLD Din Honda Fagforhandler:

DELELAGER, SERVICE OG VEDLIKEHOLD 16 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


13. juni

Ervingen – Ivar Åsen som skuleframsyning I samarbeid med Folkeakademiet Luster kan vi tilby skuleframsyninga Ervingen – Ivar Aasen. Denne oppsetjinga er forkorta og komprimert til ca 45 min. samanlikna med den opprinnelege av Aasen, som hadde premiere i 1855 på Det Norske Teatret. Ivar Aasen må seiast å vera ein av dei viktigaste nasjonsbyggjarane i Noreg på 1800-talet. Innhaldet i Ervingen har også element i denne retninga og framsyninga er såleis ein fin måte å markere grunnlovsjubileet på. Mange av melodiane som vert nytta i stykket er komponerte av Ruth Oline Lødemel, sett bort frå 5 kjente og kjære, som er tradisjonelle.

Laurdag 14. juni kl 12.00 Bli med på

BALLONGSLEPP

SPANANDE PREMIAR FOR STORE OG SMÅ Heile dagen i Rådhusparken: -små overraskingar

www.luster-sparebank.no

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Lustramarknaden 2014 – 17


Du treff oss på Lustramarknaden! Hans Roald, Håkon og Audun kjem. Me har med oss demobilar frå VW, Audi og Skoda.

Berge & Co AS Sogndal 57 67 57 00 - www.berge.no 18 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


14. juni

To purke og ein gris… Med solid musikalsk erfaring og ei eit repertoar som fengslar eit publikumshjarta – særleg i Sogn, har Norill Terese Norheim (toradar), Mathilde Skjæret (fele) og Henning Lad (song+gitar) utvida det mykje omtala bandet sitt med «tre musikalske griser»: Asbjørn Røneid (fotside fela), Leif Arne Øvrebø (slagverk) og Arve Bjørn Røneid (trekkspel) . For dei mest observante kan me stadfesta at bilete er teke under debut-konserten i 2013. No har gruppa hatt god tid på seg til å ruga fram eit spenstig og minst like godt program som publikum skal få servert gratis frå scena i Rådhusparken. Her vert det mykje moro…med musikk attåt. Konserten har kome i stand ved eit samarbeid med Folkeakademiet Luster.

VELKOMEN til

BRUKTMARKNAD MED BARN/UNGE som sel sjølv bøker, leketøy, klær og sportutstyr! Salet startar kl. 11 ved rådhuset Der finn du også kyrka si sommarprogram, brosjyrer, bøker og en å prate med. Kyrkja i Luster ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Lustramarknaden 2014 – 19


Annonse

20 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


Annonse

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Lustramarknaden 2014 – 21


SAMLAST PÅ NY: (f.v) Einar Solheim, Trygve Ormberg, Leon Lunde og Kjell Einar Ormberg gjorde det stort med Sogn Gamaldansorkester, her avbilda i høve Vestlandsmeisterskapen i gamaldansmusikk på Voss, seint på 80-talet. I juni samlast Einar, Leon og Kjell Einar atter ein gong på ei scene i Rådhusparken i Gaupne, no også med god hjelp frå Arve Bjørn Røneid. 22 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


14. juni MANGE STRENGER Å SPELA PÅ: Det var grøne marker i Mørkridsdalen då denne krabaten kom til verda tidleg i mai. Den muntre bonden, musikaren og barnehagearbeidaren er ikkje i beit for arbeid når lembinga står på for fult.

Allsidig humørspreiar samlar troppen til comeback Kjell Einar Ormberg veit kva strenger han skal spela på for få det til å rykkja i smilebandet så vel som dansefoten. I høve årets Lustramarknad samlar den muntre skjoldingen gamle bandkameratar til comeback. Snart 20 år sidan førre konsert står han atter ein gong på scena samen med gjengen i Skjolden danseorkester. – Me tykte det var kjekt å bli spurt og hadde alle veldig lyst å få det til. Då det var klart at alle kunne stilla, samla me oss til første øving i påska, fortel Ormberg. Musikk som fenger Orkesteret blei starta av far til Kjell Einar, Trygve Ormberg, i 1982. Som ein del av det blomstrande gamaldansmiljøet i Sogn utmerka dei seg på kappleikar, gav ut to kassettar og fekk si velfortente speletid på radio. Med seg frå den opphavlege besetninga har han Leon Lunde og Einar Solheim, i tillegg til god hjelp frå Arve Bjørn Røneid.

– Kva kan folk venta seg av konserten i sommar? – Det vil bli ei god blanding av sjølvkomponerte låtar og lokale melodiar. «På tvers i Haugabakken», blir sjølvsagt ein del av repertoaret. Sjølv vil eg spela både toradar og trekkspel, og i tillegg har me med oss både bass og gitar. Tidleg krøkjast Ormberg blei sjølv oppfostra på folkemusikk på 70-talet, og var ikkje store karen då han fyrst byrja opptre som 8-åring. Med lange tradisjonar for musikk i slekt og nærmiljø, visste han tidleg kvar vegen ville gå. – Musikken eg fekk gjennom far min har nok vore det som har inspirert meg mest, fortel han. Når han blir spurt om framtida til folkemusikken, legg han likevel ikkje skjul på at tidene har endra seg. – Det var eit aktivt miljø i folkemusikken på 80- og 90-talet, men har vore ein markant nedgang dei siste åra. Særskilt på trekkspel ser det ut til å vera litt utfordrande å rekruttera dei unge. - Men

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

nokon utfordringar skal me ha, legg han brått til og smiler. – Det har jo alltid gått litt i bølgjedaler, og eg trur først og fremst at det er viktig at musikken blir framført ein del. Og nettopp her har han sjølv gjort ein innsats. I regi av Folkeakademiet turnerta han i 2012 rundt om i fylket og var då også innom fleire skular, for å dela si humørfylte gleda for den tradisjonsrike musikken. – Alle må få ei moglegheit til å vera med og delta sjølve. Heidra for innsatsen For Ormberg sitt engasjement og talent for toradar, trekkspel, viser og stev har utvilsamt nådd ut til folk. Seinast i vinter fekk han påskjønning for sitt årelange bidrag til folkemusikken, då han med godord i hopetal mottok kommunen sin kulturpris. Ordføraren refererte då til topplasseringar på kappleikar, musikalsk allsidigheit og omtala han like gjerne som «Luster sin blidaste kar».

Lustramarknaden 2014 – 23


24 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


14. juni

Rytme til 1000… Rodolfo Nava er fødd og oppvaksen i ei av verdas aller største byar, Mexico City. Tidleg vart han introdusert for musikk i heimen der begge foreldra spelte piano og storebroren høyrde mykje på klassisk musikk. I tillegg var tanta konsertpianist og likte å ta han med på konsertar. Rodolfo sjølv byrja spele piano då han var 6 år gamal, fløyte då han var 9, og som 13-åring trommer. Trommene har sidan vore hans store lidenskap. Instrumentet slagverk som solistinstrument er relativt nytt, berre 80 år gamalt. Alle trommer og cymballar som inngår i eit moderne slagverk, slik vi kjenner det i dag, vart spelt enkeltvis før, gjerne i klassisk orkester. Med bakgrunn frå Musikk-konservatoriet og Jazzakademiet på Musikkhøgskulen i Mexico City, grunnla Rodolfo i 1980 trioen «Reunion de Jazz Experimental» og i 1983 fusjons-septetten «Banda Elástica». Sistnemde er eit musikkhistorisk viktig

band, og den aller fyrste avantgardegruppa i Mexico. «Banda Elástica» har no spelt i lag i over 30 år. I 2006 var dei inviterte til Norge, og hadde konsertar i Oslo og Trondheim. Grunnen til at Rodolfo flytta til Norge, var at han i 1991 møtte norske Maria som studerte i Mexico City. Han hadde ingen planar om å forlate Mexico. Der var han godt etablert og følte han hadde forpliktelsar overfor familie og musikkpartnarar. Men åra gjekk, og kjærleiken vann til slutt. No bur han i Luster med Maria og tvillingane deira.

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Rodolfo beherskar alle stilartar innan musikk. På konserten i Rådhusparken under Lustramarknaden har han valt å dela med oss m.a. skikkeleg god, gamal Rock´n Roll. Konserten er komen i stand ved eit samarbeid med Folkeakademiet Luster.

Lustramarknaden 2014 – 25


26 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


15. juni

Miniputt-turnering på Gaupne stadion På søndag den 15. møtest miniputtar frå heile indre Sogn til spennande opplevingar og kamp om ballen… I.L. Bjørn er vertskap for denne turneringa og det er venta ei tilstrøyming på minst 450 Spelarar, og erfaringsmessig minst det tilsvarande tal med supportarar, leiarar og talentspeidarar…

Kom innom oss på Lustramarknaden! Fredag/laurdag Lokalmat Grillmat Mange gode tilbod Velkommen til ein god handel!

Gaupne ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN 2014

Lustramarknaden 2014 – 27


Kulturveka i Luster 9.-15- juni Dato Dag kl.

Aktivitet

Stad

Medarrangør

09.06

Måndag 11.00

Lustraløpet

Nes - Luster

Luster i.l.

09.06

Måndag 11:30

Konsert med Kringslått

Hafslo omsorgssenter Folkeakademiet Luster

09.06

Måndag 16:30

Konsert med Kringslått

Gaupne omsorgssenter Folkeakademiet Luster

10.06

Tysdag

12.00

Kunstutstilling

Solvorn

10.06

Tysdag

16.30

Konsert med Kringslått

Luster omsorgssenter Folkeakademiet Luster

10.06

Tysdag

16.30

Næringsseminar

Gaupnegrandane

Digital Etikette

10.06

Tysdag

19.00

«Landskap i Luster»

Gaupne – rådhuset

Naturarvprosjektet /

Galleri Walaker 300

Folkeakademiet Luster/

Luster kunstlag

11.06

Onsdag

12.00

Kunstutstilling

Solvorn

Galleri Walaker 300

11.06

Onsdag

18.00

Kulturskulekonserten 2014

Parken, Gaupne

Sogn kulturskule

12.06

Torsdag

12.00

Kunstutstilling

Solvorn

Galleri Walaker 300

12.06

Torsdag

2 stk Barneteater

Gaupne

Folkeakedemiet Luster

12.06

Torsdag

20.00

«Musikk frå 1814»

Gaupne kyrkje

Kyrkja i Luster Kommune

13.06

Fredag

12.00

Kunstutstilling

Solvorn

Galleri Walaker 300

13.06

Fredag

2. stk Barneteater

Hafslo

Folkeakademiet Luster

13.06

Fredag

Ervingen – Ivar Åsen

Gaupne

Folkeakademiet Luster

13.00

Fredag

Lustrabalder

Parken, Gaupne

Parken

14.06

Laurdag 11.00

Folkemusikk-konsert

Rådhusparken

Folkeakademiet Luster

14.06

Laurdag 11.00

Bruktmarknad

Rådhusplenen

Kyrkja i Luster

14.06

Laurdag 13.00

Rodolfo Nava «Rytme til 1000» Rådhusparken

Folkeakademiet Luster

14.06

Laurdag 13.20

To purke og ein gris

Rådhusparken

Folkeakademiet Luster

14.06 Laurdag 14.00

Prisutdelingar

Rådhusparken

14.06

Laurdag 15.00

The Block Locks

Rådhusparken

Folkeakademiet Luster

14.06

Laurdag 21.00

Lustrabalder

Parken, Gaupne

Parken

15.06

Søndag

10.00

Fotballturnering-miniputtar

Gaupne stadion

I.L. Bjørn

15.06

Søndag

12.00

Kunstutstilling

Solvorn

Galleri Walaker 300

21.00

28 – Lustramarknaden 2014

ALLE TRIVST PÅ LUSTRAMARKNADEN


Lustramarknaden 2014