Issuu on Google+

MÅLTIDET ET KUNSTPROSJEKT I GRONG I REGI AV BOLYSTPROSJEKTET

Vårt mål er å skape økt tilflytting og bolyst ved satsing på inkludering og trivsel.


Utvikle situasjonar som kan gi gode møte mellom invandrarar og norske. Utforske gode og dårlege romopplevingar i Grong sentrum.

Kunstprosjekt Grong kommune 2013 Målsetting:

Arbeidsmåte.

Tidsperiode

Utvikle situasjonar som kan gi gode møte mellom invandrarar og norske.

Workshop

Oppstart workshop mai 2013

Utforske gode og dårlege romopplevingar i Grong sentrum.

Målgruppe: •

Blanding av utanlandske og norske ungdommar.

Idè: I dei fleste kulturar ligg måltidet som ei sentral handling. Måltidet kan være bærar av mykje informasjon; den som inviterer kan fokusere på tradisjon eller eksperimentering, og gjestene kan være lyttande, forteljande eller spørjande. Her kan idèar utviklast, konfliktar diskuterast og trivielle opplevingar formidlast. Her kan trivsel, forståing og samhandling utviklast.

Arbeidstitel. ”Måltidet”

Konkretisering. 1. Definere kva kvalitetar eit uterom må ha, når det skal nyttast som ramme kring eit måltid. 2. Finne eit uterom for måltidet i Grong sentrum. 3. Utvikle og møblere dette uterommet så det vert egna for handlinga måltid.

Gjennomføring. 1. samling: Finne uterommet. Kunstnarisk målsetting er bevisstgjering kring omgrepet rom. Sosial målsetting er å etablere ei gruppekjensle. I plenum snakker vi om kva rom kan være. Prøver nokre romøvingar. Seinar deler vi oss i mindre grupper, og arbeider med å finne uterom i Grong sentrum, som har ulike kvalitetar. Testar også ut nokre handlingar i dei ulike romma. (Deltakarane tek med seg matpakke og campingstol for å prøve ut nokre av uteromma) Resultata vert presentert i plenum. 2. samling: Teste ut potensialet i eitt eller to av uteromma.

Avslutning kunstprosjekt oktober 2013 Vi ser for oss å starte med ei samling pr veke, så kan det være interessant å samlast over fleire dagar i nokre fasar av prosjektet. Kan det være interessant å tenke seg eit sommarfritidsopplegg der vi td. bruker ei heil veke?

Budsjett Vi har eit ønske om å diskutere idèskissa før vi set opp eit budsjett. Det vil være avgjerande for budsjettet om vi kan rekne med ressursar frå kommunen og ei eventuell foreldregruppe. Dette er tenkt som ei skisse av våre tankar kring eit kunstprosjekt som skal handle om ungdom og integrering – eit grunnlag for vidare diskusjon med prosjektgruppa. Viktige suksessfaktorar vil være: •

å få kontakt med ei ungdomsgruppe, som er samansatt av norsk ungdom og innvandrarungdom

at prosjektet går over ein lengre periode, slik at deltakarane kan utvikle nye relasjonar.

Kunstnarisk målsetting er bevisstgjering kring kvalitatar i uterom. Sosial målsetting er å meine noko om rom og å våge å presentere for andre. Etter dette kan ein velje å avslutte kunstprosjektet. Ein kan sjå på det som ei hending eller eit temporært verk. Eit slikt kunstverk bør sjølvsagt dokumenterast på ulike måtar. Men ein kan også velje å arbeide vidare med nokre av dei fysiske elementa og bearbeide dei slik, at dei vert ståande att som eit meire permanent kunstverk. I den prosessen kan ein da velje å omorganisere gruppa; nokre vil kanskje avslutte her og nye kan kome til.

Oppfølgingsprosjekt Ut frå desse erfaringane kan ein tenke seg, at det kan utviklast ei ungdoms- / elevverksemd som arbeider med redesign av vraka gjenstandar, som forretningsidé.

4. Gjennomføre sjølve måltidet.

Mære, 8. juni 2012

5. Evaluere prosessen.

Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg Kunstnarar

2


Det skal bli synlig i Grong at vi er en internasjonal kommune gjennom bruk av kunst og utsmykning. Innbyggerne skal føle stolthet ved å bo i en internasjonal kommune.

Innledning Kunstprosjektet er en del av bolystprosjektet som har som hovedmål: Skape økt tilflytting og bolyst ved satsing på inkludering og trivsel. Kunstprosjektet har hatt et en egen arbeidsgruppe som har jobbet med delmål 2 i prosjektet: Det skal bli synlig i Grong at vi er en internasjonal kommune gjennom bruk av kunst og utsmykning. Innbyggerne skal føle stolthet ved å bo i en internasjonal kommune.

Arbeidsgruppa har hatt fem møter underveis. Arbeidsgruppa gikk tidlig inn for et samarbeid med Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg som har bred erfaring fra lignende prosjekter. Prosjektbeskrivelsen fra kunstprosjektet måltidet ligger vedlagt. Vedlagt er også rapporten fra Nyjordet/Gilberg som danner hoveddelen av sluttrapporten for kunstprosjektet.

Det er fra arbeidsgruppa og fra Nyjordet/Gilberg kommet fram ønske om en ekstern evaluering av prosjektet. Både den kunstneriske delen og den integreringsmessige delen. Det er tatt kontakt med Trøndelag forskning og utvikling for å gjennomføre denne evalueringa. Kostnadene er regnet til ca kr 100 000 som er lagt inn i regnskapet.

Vedlagt er også bilder tatt av Nyjordet/Gilberg samt av Aina Bye som var innleid til å ta bilder av de ferdige kunstverkene.

Grong 7. oktober 2013

Økonomi: Se eget regnskap for prosjektet med kommentarer på side 7.

Arbeidsgruppa har bestått av følgende: Jorunn Lilleslett

Grong kommune

Øystein Viem

Grong næringsforening

Habtom Abay Bahatta

Bosatte flyktninger

Inger Seem Anneli Sund

Ungdomsrådet(deltok kun i oppstarten)

Erik Seem Prosjektleder

Jeg mener dette ble et svært vellykket prosjekt på alle måter. Det fungerte bra som integreringsarena og som arena for å skape kunst. Prosjektet må sies å være nyskapende med stor overføringsverdi til lignende arbeid i andre kommuner. Det må også nevnes at tilbakemeldingene fra ungdommene har vært svært positive, særlig gjelder det muligheten de fikk med å være ansatt som kunstner som sommerjobb i kommunen. Prosjektet fikk også god pressedekning med to fine oppslag i Namdalsavisa. I tillegg til rapporten fra Nyjordet/Gilberg legges det ved bilder tatt av dem samt bilder tatt av fotograf Aina Bye.

3


Rapport kunstprosjektet ”Måltid”

Grong kommune, sommar 2013

Gjennomgang. Kunstprosjektet ”Måltid” vart gjennomført to gonger med to ulike ungdomsgrupper i Grong kommune, veke 26 og 27, samt veke 28 og 29. Det var 10 ungdommar pr gruppe. Første gruppe hadde 4 innvandrarungdommar og 6 norskungdommar. Andre gruppe hadde 4 norskungdommar og 6 innvandrarungdommar. Opplegget var tilnærma likt for begge gruppene: 1. dag: • •

Presentasjon av deltakarane og av opplegget. Leiting etter gode uterom i / ved Grong sentrum som egnar seg til møteplass / spiseplass. Presenterte forslaga i plenum og valgde eitt uterom som alle kunne samarbeide om.

2. dag: •

Laga presentasjonsmodell og prøvde ut ulike idéar i denne.

3. dag: • •

Ungdommane presenterte idéane sine for teknisk etat i kommunen, og fekk løyve til å bruke området og til å gjennomføre idéane sine. Testa ut idéane i fullskala i uterommet.

4. dag: •

Arbeidde i målestokk 1:10 med elementa til uterommet.

5. dag: • •

Inviterte gjester til avslutningsmåltidet. Gjestene skulle være myndigheitspersonar som arbeidde med integrerings- og ungdomssituasjonen i Grong. Arbeidde vidare med elementa til uterommet M 1:10.

6. dag: • •

Valgde ut element til produksjon. Starta produksjonen.

7. dag: • •

Praktisk gjennomgang av handverksprinsipp vi skulle nytte oss av. Produksjon

8. dag: •

Produksjon

9. dag: • •

Produksjon Montering

10. dag: • • • • • • • • •

Montering Matlaging Gjennomføring av måltidet Opning av møteplassen Presentasjon av kunstprosjektet Kvar deltakar presenterte sitt element i uterommet Servering av mat. Gjestane presenterte seg. Ungdommane stilte kritiske spørsmål til gjestane om kva dei gjer for å utvikle Grong til ein attraktiv oppvekststad for ungdom med ulik etnisk bakgrunn.

Det fungerte bra som integreringsarena og som arena for å skape kunst. Prosjektet må sies å være nyskapende med stor overføringsverdi til lignende arbeid i andre kommuner.

4


forts. Rapport kunstprosjektet ”Måltid” Vurdering i høve målsetting. 1. målsetting ”Utvikle situasjonar som kan gi gode møte mellom innvandrarar og norske” Konklusjon: ”Måltidet” opna for at alle deltakarane fekk vist seg fram i gruppa, både som faglege og sosiale individ. Ungdommane ga kvarandre respekt for den bakgrunnen og for dei framtidsvisjonane kvar einskild hadde. Dette vart ei slags avmystifisering av enkeltindividet, slik at gruppa tok til å bruke individa fordomsfritt som ressurspersonar. Dette ga ei opning for at relasjonar kunne byggast.

2. målsetting ”Utforske gode og dårlege romopplevingar i Grong sentrum” Konklusjon: Gjennom prosessen måtte deltakarane ta stilling til kva område dei opplevde som gode og som dårlege i samanhengen møtestad. I mindre grupper måtte dei utforske romkvalitetar og kva potensiale som dei ulike uteromma hadde. I plenum måtte dei så argumentere for sine synspunkt. Dette fungerte godt og var ein bevistgjerande prosess. Når deltakarane fann nye kvalitetar i nærområdet sitt, opplevde dei også Grong som ein god base for liva sine.

Vurdering i høve til idé. Uterom vert lett eit abstrakt omgrep for dei fleste. Difor innførte vi fort nokre funksjonar som hadde med gjennomføringa av avslutningsmåltidet å gjere. Prosessen vart da meir konkret, slik at det vart lettare å utvikle idéar og å kommunisere kring uttrykka vi prøvde ut.

plass for reell deltaking frå ungdommane. I ein bolystkontekst ser vi på gjenstandane som sekundære, medan sjølve prosessen og hendingane kring denne er det viktigaste for å gje ungdommane oppleving av å kunne påverke sin livssituasjon og i få innsyn i korleis demokratiske prosessar går føre seg. Utifrå vår erfaring, vil vi difor tilrå Grong kommune å bruke ressursane på å gjennomføre fleire slike temporære prosessar, i staden for å lage permanente kunstverk. Fleire av ungdommane i kommunen får da ta del i skapande tverrkulturelle prosessar. Dette vil vidare kunne nyttast i merkevare- og omdømmebygging av kommunen. Kommunen kan kvart år invitere nye kunstnarar til å arbeide med ungdommar kring gitte problemstillingar. Verka kan kanskje stå eit års tid, slik at kunstprosjektet får ein kontinuitet, men heller ikkje lengre enn at folk vert nyfikne på kva som vil skje vidare.

Vurdering av avslutningsmåltidet. I det daglege kommunelivet er det som oftast vaksengenerasjonen som inviterer. Dei unge og spesielt innvandrarane er på vitjing. Vi snur på dette og seier at det etablerte skal vitje ungdommane og innvandrarane, på deira premissar. Dette i seg sjølv kan være ei grei øving å gjere, slik at det etablerte får ei kjensle av korleis det oppleves når andre set dagsorden. Gjennom avslutningsmåltidet får ungdommane vist seg fram som kreative ressursar for kommunen. Dei får også stilt spørsmål direkte til myndigheitspersonane kring tema dei opplever som viktige for sin livssituasjon. Dette gir ei positiv oppleving av dei demokratiske spelereglane våre, og viser konstruktive måtar for å ta opp konfliktfylte tema på. Samtalen er meire nyansert, og evnar å nærme seg gode løysingar, betre enn kva diskusjonen gjer.

Vurdering i høve til gjennomføring. Måten vi gjennomførte kunstprosjektet på, var heilt reelt i høve til korleis vi som kunstnarar arbeider med eigne prosjekt. Prosessane fram mot vedtaka som måtte gjerast, var prega av diskusjonar og argumentasjon. Inga avgjersle vart teki på grunnlag av avstemmingar. Alle avgjersler var eit resultat av samtale og argumentasjon. Alle var såleis med på å utvikle idéane. Dette var utviklande for deltakarane og avgjerande for at motivasjonen kring arbeidet heldt eit høgt nivå.

Vurdering av prosessen som integreringsstrategi. Språkforståing er ein viktig kvalitet for å lykkast med integreingsarbeidet. I den første gruppa følte dei utanlandske ungdommane seg trygge på språket, slik at det ikkje vart eit hinder for å kommunisere. Dette gjorde dei også tryggare i å hevde sine meiningar og å vise fram sine kvalitetar. I den andre gruppa hadde dei utanlandske deltakarane ei svakare språkforståing. Dette påverka tryggleiken i gruppa, slik at den kreative prosessen gjekk seinare. Når ein derimot kom over i produksjonsfasen og monteringsfasen, der det fysiske arbeidet var tydlegare i fokus, så endra også kommunikasjonen i gruppa seg; det vart enklare å kommunisere gjennom handling og difor tryggare for individet. Dette førte raskt til at det sosiale aspektet i prosjektet vart styrka. Det er også viktig å merke seg at kunstprosjektet ga dei framandspråklege deltakarane eit godt høve til å trene seg i språklege nyansar og faglege uttrykk. Ungdommane fekk også raske tilbakemeldingar på kva som ikkje var akseptabel framferd. Dette var med på å førebygge konfliktar og på å bygge respekt for andre kulturar sin måte å forholde seg til andre personar på. Vi ser også, at det å ha eit reelt prosjekt å samarbeide kring, gjer at ein har eit påskot til å ta kontakt, slik at relasjonsbygging får eit godt fundament å utvikle seg på.

Vurdering av kunstverka. Dei ulike kunstnariske arbeida kan ein sjå på som utprøvingar for ei eventuell seinare vidareføring mot eit endeleg og permanent kunstverk. Under arbeidet i Grong, har vi endra synet på verdien av å vidareføre desse arbeida fram til permanente kunstverk. Ein slik prosess vil krevje ein større del av profesjonelle aktørar, slik at det ikkje vert

5


forts. Rapport kunstprosjektet ”Måltid”

Oppsummering •

Viktig at dei kunstfaglege prosessane er reelle.

Viktig at ein engasjerer kunstnarar, som fagleg er trygge på sitt kunstnarlege virke, slik at dei tørr å opne opp prosessane og inkludere ungdommane i arbeidet.

Viktig at opplegget får gå over lang nok tid, slik at ungdommane rekk å etablere den sosiale delen av prosjektet.

Vi opplevde at ungdommane bygde seg opp faglege haldningar kring estetiske utfordringar i Grong sentrum.

Vi opplevde at ungdommane fekk ein plattform der dei kan bygge relasjonar vidare.

Vi opplevde at ungdommane tilegna seg reell kunnskap:

Om kreative prosessar

Om idéutvikling

Om håndverk og materiale

Om andre kulturar

Om språk og omgrep

Om saksgang i kommunen

Om å praktisere demokrati

Gjennom avslutningsmåltidet får ungdommane vist seg fram som kreative ressursar for kommunen. Dei får også stilt spørsmål direkte til myndigheitspersonane kring tema dei opplever som viktige for sin livssituasjon. Dette gir ei positiv oppleving av dei demokratiske spelereglane våre, og viser konstruktive måtar for å ta opp konfliktfylte tema på.

Vi opplevde også at ungdommane hadde eit tydeleg engasjement og at dei klarte å kome seg utanfor si eiga komfortsone. Begge gruppene var utan fråvær eller nemneværdig forseintkoming. Vi tolkar dette som at kunstprosjektet var særs vellykka og at det har i seg eit potensiale som absolutt kan vidareutviklast for bolystprosjektet i Grong.

Bjørg Nyjordet og Magnar Gilberg Kunstnarar Adresse Mære, 7710 Sparbu Telefon 74143081 Mobiltelefon 45277245 E-postadresse gilbergnyjordet@hotmail.com Mære, 2. oktober 2013.

6


Regnskap- kunstprosjektet ”Måltidet” i Grong sentrum Lønn sommerhjelp ungdom Honorar til Nyjordet/Gilberg Planlegging og gjennomføring av tiltaket. Egeninnsats Forsikring Husleie, verksted Leie av verktøy Mat/drikke til måltidet Materiale Innleidkompetanse og evaluering Uforutsette utgifter SUM Finansiering KORO Egne midler Egeninnsats Grong kommune Norsk kulturråd SUM

Regnskap

Søknad

w w w. sk r ytha ls. n o

2013

Regnskap Kommentarer

156 047 172 600 50 000

0 172 600 50 000

lønn 20 ungdommer i 10 dager se egen kontrakt arbeidsgruppa+prosjektleder+kulturkonsulent

0 10 000 0 5 374 3 139 0 100 000 497 160

2 000 5 000 5 000 10 000 250 000 50 000 7 400 552 000

Dekket av eksisterende forsikring Regning fra Grong videregående skole Gratis fra Grong kommune

150 000 297 160 50 000 0 497 160

183000 136000 50000 183000 552000

Tilskudd fra KORO Merforbruk egne midler(161 160) 100 timer a kr 500 Avslag på søknaden

Temporært verk krevde ikke dyre materialer Ble ikke nødvendig, utover Nyjordet/Gilberg Utgifter til en ekstern evalueringsrapport

”MÅLTIDET” ET KUNSTPROSJEKT I GRONG I REGI AV BOLYSTPROSJEKTET. Med støtte fra KORO(kunst i offentlig rom)

7


Rapport Kunstsprosjekt