Page 9

Juvet landskapshotell

10

Ein stad du kan sove så nær naturen som du kan kome, utan å vere ute.

Det gjer ingenting om regnet fell stritt eller vinden bles hardt. Utsikta er vakker uansett, bak glasveggane på Juvet landskapshotell. Ei isblå, frådande elv, sylslanke bjørkestammar, mosegrodde steinar og saftig bregne. Landskapet er invitert på besøk i kvart einaste av dei sju rektangulære reira, som kviler langs elva Valldøla utan å setje spor. Kvart reir har si utsikt. Dei gigantiske glasflatene dannar eit vidvinkelfotografi i evig endring. Frå eitt kan du fylgje elva sin uendelege vassflaum, frå eit anna ser du ut på eit trolsk motiv med skjelvande lauv og dansande linerler. Det er det ytre som tel, men det er vakkert inne også. Ein neddempa venleik som ikkje skal ta glansen frå utsikta. Frå enkle, men komfortable designmøblar kan du lene deg tilbake og ha underhaldning i timevis. Berre sjå ut vindauga. Ein kan takke ein veg for at denne landskapsutstillinga i hotellform finnest. Vegen går forbi like ved og kryssar juvet som har gjeve hotellet namn. På Alstad går Valldøla gjennom eit trongt og dramatisk gjel. Det er berre nokre få meter over juvet, men meterane er lange nok og elva stri nok til at ein vil tenke seg om både ein og to gonger før ein freistar å hoppe over. Det gjorde ikkje Gudbrand. Segna seier at han tok sats for å kome unna med brurerovet sitt. Difor har naturattraksjonen langs vegen som slynger seg opp Valldalen og seinare blir til den berømte Trollstigen fått namnet Gudbrandsjuvet. Heilt sidan Trollstigen opna i 1936 har dette vore ein populær stoppestad. I samband med vegvesenet si ambisiøse satsing på nasjonale turistvegar fekk stoppestaden eit arkitektonisk andletslyft.

Jan Olav Jensen og Børre Skodvin har skapt ei plattform som skal gje turistane best mogleg utsikt til juvet, utan at naturen tek skade av populariteten. Eit bølgjande byggverk i rusta metall snirklar seg over elva. Jensen & Skodvin hadde fleire idear. Dei drøymte om å skape eit hotell i dette landskapet, med små rom på pålar i naturen. Knut Slinning elskar naturen her. Han drøymte om næringsutvikling i området og tente på ideen. Timinga var god, han hadde fått tilbod om å kjøpe Burtigarden på Alstad, ein av dei største og eldste gardane på Indre Sunnmøre, med røter tilbake til 1500-talet. Passeleg nær den nasjonale turistvegen. Midt i den overveldande naturen. Dei gamle husa vart bevarte, i kufjøsen kan du ete og i stallen kan du ha fest. Likevel er det nybygga som vekkjer oppsikt, og oppsikta strekk seg langt. Juvet landskapshotell opna i 2010. Allereie før det var ferdig hadde verdas mest kjende arkitektur- og interiørmagasin, Wallpaper, skrive om det. Sidan har hundrevis av artiklar om det vesle hotellet i Valldal kome til. «Design er ein større attraksjon enn raudvin», seier Knut Slinning. Omtalen er gull verd. Folk kjem frå Japan, Argentina, Brasil, ja, heile verda for å oppleve dette. Om dagen legg hotellsjefen til rette for at dei skal få kome endå tettare på den utsikta dei vaknar opp til. Fjella trakk Knut Slinning hit og dei deler han gjerne med gjestane. Opp til den 1762 meter høge Trollkyrkja, og ned att på puddersnøen. Ein kan også få nærkontakt med ville stryk i Valldøla. Valldal Naturopplevingar sender natur 45

52 opplevingar på Sunnmøre  

Vakre, spennande Sunnmøre! NRK-journalist Rebecca Nedregotten Strand skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden...

Advertisement