Page 7

Ytste Skotet

5

Her veks det solblom. Den lokka ei ung kvinne dit ingen har budd på meir enn 50 år.

Forma minner om ein prestekrage, men blomen er heilt gul og står i fare for å drukne ut av den norske floraen. KariAnne Nilsen er på veg dit solblomen lokka henne. Ho har kjole og kvit strømpebukse, trass i at ho skal krysse ein fjord og gå 225 høgdemeter. Dette er jo berre vegen heim. Ingen grunn til å gjere noko nummer ut av det. Du kjem deg opp du også, og er velkomen når som helst, spesielt når sola varmar og dagane er lange. Ei kort fjordkryssing, og så ein bratt, men vakker veg til topps. Etter ei stund kjem ein til ei gamal utmarksløe. «Her kan ein sjå solblom frå mai til august,» fortel Kari-Anne. Vegen vidare går oppover og oppover, heilt til fjellsida flatar ut. Dette er Ytste Skotet, ein av mange gardar på usannsynlege plassar langs Storfjorden. Ein gong var garden ein av dei største kornprodusentane i Stordal kommune, og den var i drift heilt fram til dei siste flytta herifrå i 1954. I dag eig Storfjordens Venner garden, og Ytste Skotet høyrer til under stiftinga Sunnmøre Museum. Kari-Anne Nilsen er museumsstyrar, men også mykje meir. Ho nøyer seg ikkje med å halde hus i dei eldgamle tømmerbygningane i sommarsesongen, slik tidlegare styrarar har gjort. Heile året bur ho her, trass rasfare og einsemd. Ikkje for å bevise < Kari-Anne Nilsen klarer seg utan straum og innlagt vatn.

at det går an, men for å drive garden. «Buuak, buuak, buuak!» Matmor kryssar tunet i stor fart, for ei høne er i naud. Utbrytaren rømer frå hønsehuset fleire gonger for dag, men angrar seg alltid, og då treng ho hjelp til å kome inn att til flokken. Når redningsaksjonen er gjennomført, finn Kari-Anne fram ved og tenner opp i omnen. Her er verken straum eller innlagt vatn. All mat­laging skjer på gamlemåten. I løa ventar haugar med høy som ikkje er så tørt som det burde vere. Sola er på sjeldan vitjing, og høyet blir flytta ut for å lufte seg. Deretter ber det vidare inn i skogen, der Josefine gøymer seg. Ei hostande og astmatisk ku, men sprek likevel. Når lauva blir gule, går ho og kalven hennar lett den lange vegen over fjellet til Ramstaddalen, for å vere på vinterbeite i Sykkylven. Tre fjellgardar klorar seg fast her oppe, Ytste Skotet, Me-Skotet og Inste Skotet. På Inste Skotet ventar saueflokken. Ein kravstor gjeng. Vêren stangar om han ikkje får kos. Under lamminga krinsar ørna forbi på jakt etter bytte. Då er buhunden god å ha. Han veit å seie frå, og ikkje berre om ørn. Skjor, linerle eller eit jetfly; Buster gøyr uansett. Når hausten kjem skal lamma slaktast, og då må dei båtvegen til Stranda. Om eitt av dei stikk av på vegen, tek natur 25

52 opplevingar på Sunnmøre  

Vakre, spennande Sunnmøre! NRK-journalist Rebecca Nedregotten Strand skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden...

Advertisement