Page 10

Nybrente kaffibønner.

Før og etter brenning.

Månadene det tek frå modent kaffibær blir ferdig bønne kan øydeleggast på nokre få minutt om ein ikkje bryggar med omsorg. Gunnar Lillevold er både omsorgsfull og nøyen. Han veg kaffien og vatnet, før brygginga skjer på ideal­temperaturen 96 grader i mellom to til tre og eit halvt minutt. Du kan også kjøpe med deg ein pose nybrente bønner heim, men hugs å behandle den fint, for oksygen er kaffien sin verste fiende. Smaken byrjar å endre seg så snart ein kverner bønnene. Difor bør dei behandlast som ei ferskvare, kvernast for kvar gong ein skal lage seg ei kanne og helst vere oppdrukne innan ein månad. Perfeksjonismen rår på Ålesund sitt einaste kaffibrenneri, men også ei lun stemning, herlege lukter og smakar det er vanskeleg å motstå. Skiltet utanfor seier det meste: God kaffi, punktum.

Named after an exotic South American bird, Jacu Coffee Roasters is run by Oliver Hanken, Anne Birte Bjørdal Hanken and Gunnar Lillevold, and is the only coffee roasting shop in Ålesund.The Jacu (penelope ochrogaster) flies around the coffee plantations of South America, only eating the best berries from the coffee plants. Established in 2011, Jacu is perfect for the discerning coffee drinker. The beans used are handpicked and dried, before being roasted. Lillevold experimented in his kitchen at home before the roasting machine arrived at Jacu. Split second timing makes the difference between caramel and coal, and Lillevold recalls with a smile how often his smoke alarm went off. Coffee beans pop similar to popcorn as they are roasted and the initial small, green beans grow to twice their size and turn dark brown. Today, the burning profile established by Lillevold has been keyed into a computer, which regulates the roasting and airflow through the machine. Just as much care is taken when making the cup of coffee with the water and coffee being carefully weighed, and the water being heated to 96°C. All this attention has led to Jacu’s reputation spreading to the US, where the American blog “dearcoffee­ iloveyou” recorded flattering comments in 2011.

Fakta: • På 1950-talet var det minst fire kaffibrenneri i Ålesund. • Noreg ligg på verdstoppen i kaffidrikking. Allereie på 1850-talet åtvara legestanden mot kaffikonsumet i norske heimar. • Kaffien kom til Noreg 1600-talet, men slo ikkje an før midt på 1800-talet.

110 smak

Gunnar Lillevold bryggar kaffi. >

52 opplevingar på Sunnmøre  

Vakre, spennande Sunnmøre! NRK-journalist Rebecca Nedregotten Strand skildrar turar i fjellet, vêrharde fyrtårn, kajakkpadling på fjorden...