Spelemannen frå Korsneset

Page 1

Cover printed 1+0 (black) on Geltex LS, with gold foil debossing on spine and front. Savanna material 24 (9+15) mm onto front and back.

Karl Gustav Korsnes er 18 år og nest eldst i syskenflokken. Han drøymer om ei framtid som musikar. Då han kjem inn i Kong Oscar IIs Garde i Kristiania, ser draumen ut til å gå i oppfylling. Men etter at eldstebroren seier frå seg odelen, må Karl Gustav ta over den karrige garden på Korsneset.

S KA L D

L E S ER S ØKER B O K

ISBN 978-82-7959-274-7

Spelemannen frå Korsneset er ein lettlesen historisk roman, basert på livet til Karl Gustav Karlsen Korsnes (1883–1942). Han komponerte mange slåttar gjennom heile livet. I biblioteket i Valldal er 200 av slåttane hans arkivert.


Utgitt med støtte av Leser søker bok. Innkjøpt av Leser søker bok.

Grafisk form: Øystein Vidnes Font: Bennet Text av Richard Lipton Papir: 90 g Munken Print Trykk og innbinding: United Press, Lativa © SKALD 2018

www.skald.no ISBN 978-82-7959-274-7


I HIM M EL SL ÅT T EN II DEN L A NGE R EISA III GA R DIST EN I V L I V ET PÅ KOR SN ESET

9 49 81 139



1 Kveldssola ligg mjuk og fargar det grå stovehuset. Vindaugo gløder som bål. Fjorden langt der nede er mørk og djup. Geitene mekrar. Karl Gustav sit på ein stein og kviler. Han tørkar sveitten med lommeduken. Han har nett vore i fjellet og henta ned to geiter. Dei låg under ein heller. Han sklei og ramla to gonger før han fekk tak i dei. Ryggen verker. Han lyfter armane og strekkjer seg. Kvar dag er eit slit. I går gjekk det ras, og løypestrengen stoppa. Far og han arbeidde i mange timar for å få strengen laus att. Karl Gustav dreg handa gjennom håret. Ei uro har sett seg i kroppen. Han ventar på eit brev. Han er 18 år og vil ut i verda. Vekk frå denne karrige plassen. Han tek opp ein mosedott, gnir han til smular og drysser dei utover. Rett etter nyttår var han på sesjon i Ålesund. Det gjekk særs bra. Derfor har

9


han søkt seg til Garden i Kristiania. Det er ein fin stad å starte. Dersom han blir teken inn. Karl Gustav ser mot himmelen, der blått har blitt rosa. Det er så vakkert. Augo blir våte. Han tørkar seg med handbaken. Noko byggjer seg opp. Tonar leikar i hovudet. Han nynnar og smiler. Nynnar ein gong til og reiser seg. Går inn i huset og finn blyant og papir. Fela tek han under armen. Han må skrive ned slåtten før han blir borte. Karl Gustav arbeider med slåtten til langt utover natta. I stovehuset ligg familien og søv. Han sit ute, attom løa. Det er lyst nok til å skrive notar, sjølv om sommaren er på hell. Notepapiret ligg oppå ei fjøl. Blyanten skrapar i papiret. Han skriv og nynnar, nynnar og skriv. Han ser over det han har skrive. Legg frå seg blyanten og tek opp fela. Grev i lomma og hentar opp ein sordin. Det kilar i handa då bogen treffer strengane. Han spelar stilt, så ingen i stovehuset skal høyre. Tonane er mjuke og lette som ein vind.

10


Det er som Karl Gustav flyg. Flyg med musikken. Høgt, høgt. Han får eit sug i magen. Blir svimmel av lukke. Så landar han mjukt saman med siste tonen. Dette er meir enn ein vanleg slått. Det er ein slått til himmelen og til gleda. Himmelslåtten skal han heite. Karl Gustav stryk over fela som ho var eit lite barn. Han har bygd fela sjølv med hjelp av far. Ho er av finaste or som dei henta frå fjellet. Han held opp fela. Ser på ho. Ho liknar ein kvinnekropp. Runde, fine former. Fingrane leikar seg på strengane. – Vi klara det, kviskrar han. – Du og eg. Vi høyrer saman. Så legg han fela i kassa og geispar. Må få seg litt svevn.


2 Brått er det morgongry. Mor tek Karl Gustav i skuldra og ristar. – Du må vakne. Karl Gustav blunkar. Det er som han nett har sovna. – Eg orkar ikkje, mumlar han. – Eg har arbeidd med ein slått i heile natt. – Det gjer du støtt, seier mor. – Men no må du ro til Tafjord. Eg treng mjøl. – Kan ikkje Susanna? – Nei! Ho skal ta klesvask. – Far, då? – Han skal hogge ved. Mor lyfter opp dyna. – Opp med deg! Eg må ha mjøl. Det er heilt tomt. Få med sukker og gjær også. Og be dei skrive i boka. Karl Gustav sukkar. Det er langt til Tafjord. Han høyrer mor si stemme: Skrive i boka. Tre små ord ho har sagt tusen gonger. Tre små ord som han hatar. Å stå framfor disken utan pengar kjennest som å tigge. Pengar manglar nesten alltid på Korsneset.

12


Blikket vandrar ut av glaset. Han har arbeidd i heile sommar. Vore slåttekar og hjelpemann på bygg. Har spara alt. Skal han ta av dei pengane til varene? Han ser på mor. Ho ser sliten ut. Nei! Han rettar ryggen. Pengane er hans. Han treng dei. Kanskje får han brev i dag? Som om mor har lese tankane hans, seier ho: – Det har kome post til oss. Dei flaggar raudt på kaia i Fjøra. Du kan hente etter Tafjord. Men kom hit med mjølet fyrst. Eg må bake. Ho gjev han ei brødskive. – Du treng mat. – Takk, mor. Karl Gustav tek skiva i handa og går. Tygg og smattar. Mor sitt syltetøy finst det ikkje maken til. Nede i fjøra tek Karl Gustav båten ut av naustet. Han hoppar oppi og ror med kraft. Båten skjer gjennom sjøen. Det går kvitt om baugen. Salt sjølukt riv i nasen. Årene sig ned i sjøen og kjem opp igjen. Ned og opp. Han ror i rytme. Gjev fin fart. Ned og opp. Ned og opp.

13


Ein ny slått surrar i hovudet til Karl Gustav. Dei kjem heile tida, desse slåttane. Han legg inn årene og leitar i lommene. Ingen blyant og ikkje papir heller. Men stemma kan han bruke. Ho er alltid med. Karl Gustav dreg pusten og syng ut. Songen ljomar i fjellsidene. Kjem tilbake som ekko. Så legg han årene ut i sjøen igjen. Er snart i Tafjord no. Karl Gustav hoppar i land og dreg opp båten. Han går nynnande inn i butikken. Olufine smiler mildt bak disken. – Eg skal ha mjøl, gjær og sukker. Olufine spring att og fram og småpratar heile tida. Karl Gustav gruer for det som skal kome. – Sånn, seier Olufine. – Det var vel alt. Karl Gustav kremtar og tek sats. – Mor vil at du skriv i boka. Det blir stilt ein augneblink. Han ser ned. Det knip i magen. Olufine sukkar. Ho opnar boka og skriv. Karl Gustav er letta. Han veit at dei betalar det dei skuldar. Men det kan ta tid. Han skunder seg og ror heimover. Slåtten sit framleis i hovudet. Han må skrivast ned, må bergast.

14


Då båten skrapar mot steinane i støa på Korsneset, hoppar Karl Gustav i land. Varene legg han i kassa til løypestrengen. Han nynnar på slåtten oppetter bakken. Ein flokk med geiter stenger vegen. – Ha dykk vekk, ropar han. – Eg har ikkje tid til slikt. Dei stirer forundra. Dei er vane med klapp og godord. – Ja vel. Kom her då, seier han og klør den fremste geita under haka. Han dyttar dei venleg og varsamt. Geitene er viktige for familien. Geitosten frå Korsneset er vidgjeten. Folk kjem langvegs frå for å kjøpe. Oppe på tunet spring han bort til løypestrengen og sveivar varene oppover. Han tek seg ikkje tid til å kople til vasshjulet. Armane er sterke. Han sveivar og nynnar om att og om att, heilt til kassa er oppe. Karl Gustav gjev varene til mor og skundar seg inn i stova. Finn papir og blyant og tek fram fela. Han nynnar, spelar og nikkar, og prikkar ned notar i all hast. Slåtten er berga. På den vesle hylla i framskåpet ligg slåttane oppå kvarandre.

15


Cover printed 1+0 (black) on Geltex LS, with gold foil debossing on spine and front. Savanna material 24 (9+15) mm onto front and back.

Karl Gustav Korsnes er 18 år og nest eldst i syskenflokken. Han drøymer om ei framtid som musikar. Då han kjem inn i Kong Oscar IIs Garde i Kristiania, ser draumen ut til å gå i oppfylling. Men etter at eldstebroren seier frå seg odelen, må Karl Gustav ta over den karrige garden på Korsneset.

S KA L D

L E S ER S ØKER B O K

ISBN 978-82-7959-274-7

Spelemannen frå Korsneset er ein lettlesen historisk roman, basert på livet til Karl Gustav Karlsen Korsnes (1883–1942). Han komponerte mange slåttar gjennom heile livet. I biblioteket i Valldal er 200 av slåttane hans arkivert.