Byuniversitetet i Bergen. Freda og i full vigør.

Page 1

Trådane som bind saman desse bygningane vert synleggjorde gjennom forteljingar om så vel universitetshistorie som byhistorie. Lesaren vert invitert inn i hus som representerer eit mangfald i bergensk arkitekturhistorie og spenner vidt både i stilartar og føremål – alle utpeika som kulturminne med nasjonal verdi.

ISBN 978-82-7959-264-8

SKALD

9 788279 592648

BYUNIVERSITETET I BERGEN

UNIVERSITETET I BERGEN er landets einaste byuniversitet. Eit annleis universitetsområde som er vove tett saman med det historiske bymiljøet på Nygårdshøyden, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord.

Byuniversitetet i Bergen FREDA OG I FULL VIGØR


Boka er utgitt av Universitetet i Bergen i samarbeid med Skald forlag GR AFISK DESIGN: Øystein Vidnes FONT: Bennet Text av Richard Lipton & Dala Moa av Paul Barnes PAPIR: Munken Lynx 130 g T RY KK: Livonia © SKALD 2018 E-PO ST: forlag@skald.no www.skald.no ISBN 978-82-7959-264-8 Utgitt med støtte frå Riksantikvaren


Innhald VELKOMEN TIL UNIVERSITETET MIDT I BYEN / 7 BYUNIVERSITETET – EIT KULTURMINNE MED NASJONAL VERDI / 8 BYUNIVERSITETET BLIR TIL / 15 LANDEST ELDSTE MUSEUMSBYGNING NATURHISTORISK MUSEUM / 31 MUSÉHAGEN / 45 GARTNARBOLIGEN / 48 VEKSTHUSET / 52 MUSÉPLASSEN / 58 EIN VETERAN PÅ SYDNESHAUGEN FASTINGS MINDE / 61 FLAGGA FOR MUSÉET LANGES GATE 3 / 71 LANGES GATE 1 / 75 EIN SKULE FOR FLEIRE FØREMÅL SYDNESHAUGEN SKOLE / 79 PORTAL TIL DET AKADEMISKE LANDSKAPET HISTORISK MUSEUM / 89 EIT LANDEMERKE I SØR GEOFYSISK INSTITUTT / 101 KJERNEFYSISK LABORATORIUM / 110 HAGEANLEGGET / 112 NYBYGG PÅ OVERTID UNIVERSITETSBIBLIOTEKET / 115

GIGANTEN I ALLÉGATEN REALFAGBYGGET / 125 PERMANENT PLASSERT I BUSTADSTRØKET CHRISTIES GATE 20 / 137 MUSÉPLASSEN 1 / 144 CHRISTIES GATE 19, CHRISTIES GATE 17, CHRISTIES GATE 15, ROSENBERGSGATEN 39 / 153 VILLAVEIEN 9 / 163 PARKVEIEN 9 / 168 SYDNESHAUGKVARTALET: SYDNESPLASSEN 12 OG 13, ØYSTEINS GATE 1, ØYSTEINS GATE 3, DOKKEVEIEN 2B, SYDNESHAUGEN 4,8,10,12 OG 14 / 174 UIB OVERTEK LEDIGE SENTRUMSBYGG SOFIE LINDSTRØMS HUS / 185 DRAGEFJELLET SKOLE / 188 NYGÅRD SKOLE / 194 BJØRN CHRISTIANSENS HUS – PSYKOLOGIBYGGET / 200 KATALOG: FREDA BYGG / 206 KJELDER & NOTAR / 208



Velkomen til universitetet midt i byen! U N I V E R S I T E T E T I B E RG E N er stolt forvaltar av 38 freda bygg, 34 av desse er plasserte i eit unikt universitetsområde som strekkjer seg langs Nygårdshøyden frå Florida i sør til Dragefjellet i nord. Her syder det av liv kvar dag. 15 000 studentar og 3600 tilsette har sin daglege arbeidsplass i særprega, ærverdige gamle bygningar og i funksjonelle, moderne bygg tett på sentrale boligstrøk og travle bygater. Midt i området ligg Naturhistorisk museum, landets eldste museumsbygning, med Universitetsaulaen, dagens storstove der akademia møter samfunnet omkring. Denne boka tek deg med gjennom universitetshistoria til alle dei freda UiB-bygningane. Ho inviterer til studiar av staselege fasadar, ho opna dører inn til påkosta vestibylar, dekorerte trapperom og andre fine freda rom som i samarbeid med Riksantikvaren er tilpassa dagens bruk på universitetet. Bruk gjerne boka som vegvisar. God tur og god lesnad! Dag Rune Olsen REKTOR

Akademisk prosesjon ved opninga av det akademiske året i august 2018.

FØREORD

7


Byuniversitetet – eit kulturminne med nasjonal verdi DET SISTE TIÅRET har det føregått eit omfattande arbeid med freding av statleg eigde bygningar i Norge, ein prosess som 18. juni 2014 enda med forskriftsfreding av dei 34 bygningane som denne boka presenterer. Fredingane er del av Landsverneplan for Kunnskapsdepartementet der desse husa har fått status som kulturminne med nasjonal verdi. Landsverneplanen inneheld også ei nasjonal sektorhistorie, om korleis staten har løyst samfunnsoppdraget knytt til kunnskapsfeltet. Denne historia definerer Universitetet i Bergen som Norges einaste byuniversitet. Det var eit vedtak i Bergen bystyre i 1964 som avgjorde at Universitetet i Bergen skulle blir verande i sentrum. Det akademiske livet skulle utspelast på Nygårdshøyden og byggje vidare på arven frå Bergens Museum. I Byuniversitetet i Bergen – freda og i full vigør vert dette biletet, av eit universitet som har vakse fram i nabolaget Nygårdshøyden, utdjupa i ord og bilete. Intensjonen bak dei statlege fredingane var å sikre, bevare, vise og formidle verdiane ved dei enkelte bygningane og sektoren, og samstundes verne om den innbyrdes samanhengen mellom byggverk og anlegg. Altså ei freding der både

8

bygningane i seg sjølve og bygningane som del av ein større samanheng skal bevarast. Som eit ledd i å bevara bygningane ved Universitet i Bergen er det laga forvaltningsplanar til kvart enkelt bygg. Dette er dokument som fyrst og fremst er retta mot universitetet si eiga eigedomsforvaltning. Fokus i desse planane er å synleggjera kva som er kulturminneverdiane og korleis desse bør forvaltast antikvarisk riktig. Men for å kome dit måtte bygningane analyserast og endringshistorikken supplerast med historisk dokumentasjon frå arkiva. Det er dette materialet som i denne boka er samla og omarbeidd for eit vidare publikum, ført i pennen av Eva Røyrane og illustrert med bilete av Thomas Vindal Christensen. Husa vi vil invitere lesarane inn i representerer eit mangfald i bergensk arkitekturhistorie som spenner vidt både i stilartar og føremål. Trådane som bind saman desse bygningane vert synleggjorde gjennom forteljingar om så vel universitetshistorie som byhistorie. For byuniversitetet er resultat av ein lang sameksistens mellom byen og universitetet. Boka fortel korleis denne sameksistensen historisk starta i hopehavet mellom byvisjonar og


museumsvisjonar (seinare universitetsvisjonar), korleis byen gav plass til universitetet, og korleis universitetet har spelt på lag med og blitt utfordra av byhistoria i sine byggeplanar. For det er i relasjonen mellom byen og universitetet at byuniversitetet som identitet blir tydeleg. Det å vere byuniversitet fordrar sjølvsagt å vera lokalisert i en by, men også at universitetet har en by å vere der for. I relasjonen mellom universitetet og omverda, vert identiteten omtolka og reetablert, med dei freda sentrumsbygningane som felles verdiar. Kulturminneverdiane til universitetet er altså både av materiell og immateriell karakter. Byuniversitetet er eit område i ein bydel med rik og mangfaldig arkitekturhistorie. Men byuniversitetet representerer også ei forteljing om fellesskapet mellom byen og universitetet. Historiene i denne boka kan vanskeleg representere alle stemmene. Likevel har redaksjonen hatt som målsetting å formidle samanhengar og kompleksitet. For kvart hus har si unike historie, som for mange av dei starta lenge før universitetet vart oppretta i 1946. Men i dag er dei alle berarar av ein del av universitetshistoria. Når Eva Røyrane skildrar korleis Universitetet arkitektonisk flettar seg inn i byveven som gradvis tok form

på Nygårdshøyden frå sist på 1700-tallet, er det universitetshistoria som er renninga i veven. Byhistoria og historier frå bergensfamiliar er innslaget som gjev farge og mønster i vevnaden. Denne boka fortel historia sett frå Muséplassen med Christie sin sokkel som omdreiingspunkt. Men historia om desse bygningane tilhøyrer mange fleire enn dagens eigar og forvaltar. Kronologien i presentasjonen av bygningane viser korleis Bergens Museum, og seinare Universitetet, dels har vakse inn i eksisterande miljø, dels har skapt og utvida eit universitetsområde. Redaksjonen takkar UiB og Eigedomsavdelinga for tilliten til å lage denne boka, Anders Haaland og Siri Skjold Lexau for konstruktiv lesing av manus, Per Jonas Nordhagen for inspirasjon og raus deling av kunnskap og Sigmund Grønmo som med Museumsprosjektet på ny sette identiteten til byuniversitetet på dagsorden. Takk til Riksantikvaren som involverer seg i universitetet sine daglege utfordringar med å foreine vern og bruk. Viljen til å gå inn i desse ofte naturleg motstridande interessene er avgjerande for at Universitetet i Bergen kan kalla seg eit byuniversitet også i framtida.

Åse Tveitnes Kulturminneansvarleg ved UiB og redaktør

FØREORD

9


VED MUSÉET 1865: Eit folkehav har teke oppstilling langs vegen og på marka ved den uferdige museumsbygningen. Dagen er 7. juli 1865, «Den internationale fiskeriudstilling i Bergen» skal opna. Her er tilreisande frå mange land. Strilar i sin finaste stas har sessa seg på steingarden jamsides med flosshattane. Når prosesjonen har passert, kan dei stilla seg i kø for å sjå utstillinga av fiskereiskapar, båtar og fiskeprodukt. Dei første kvalskjeletta er på plass i nybygget til Bergens Museum, men muséet opnar ikkje offisielt før i 1867. Splitter nye Christies gate, byens nye aveny som endar ved inngangsdøra til det nye museet, er enno ikkje særleg bymessig. Tvert imot, på begge sider av den gruslagde kjerrevegen ligg ein solid steingard med torv oppå. Men paktarane på dei små gardsbruka Berge, Midttun, Nordre- og Søndre Haugen forstår at byen er på veg vestover, at tunet, beitelandet og slåttemarka deira snart vil bli tomteland for ein ny bydel.

30

Xylografi frå Illustreret Nyhedsblad 27. august 1865. Universitetsmuseet i Bergen.


Landest eldste museumsbygning NATU R H I STO R I S K M US E U M 186 5/ 1898 MUSÉP LA S S EN 3 M E D S I S E N T R A L E plassering på campus er Naturhistorisk museum i dag eit ikon for Universitetet i Bergen. Det såkalla Dyremuseet har vore ei kjelde til opplevingar for bergensarar i alle aldrar i fleire generasjonar. Med universitetsaulaen på plass i sørfløyen er denne bygningen også blitt Vestlandet si nye storstove, ein viktig møtestad mellom Universitetet i Bergen og samfunnet. Denne monumentale bygningen og det vitskaplege arbeidet som føregjekk her i regi av Bergens Museum, la grunnlaget for universitetet som vart vedteke oppretta i 1946. Plasseringa av dette nybygget oppe på Nygårdshøyden vart førande for at universitetet blei liggjande i sentrum. Naturhistorisk museum er ein klassisk museumsbygning frå slutten av 1800-talet, symmetrisk forma med eit opphøga midtparti. Anlegget er påkosta med materialbruk av høg kvalitet og godt utført handverk. Bergens Museum hadde akutt trong for nye lokale til dei overfylte samlingane sine. Ein fjellknaus på Rakkerhaugen blei sprengd vekk og Rakkerdammen fylt att. Nybygget som reiste seg, var teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong. Han ville pryda muséet med klebersteinsinnrammingar rundt vindauga. Men dette tillét ikkje økonomien i prosjektet som med tida hadde vakse seg større og langt meir kostbart enn først tenkt. Motvillig gjekk Nebelong med på å setja inn jarnvindauge i staden. Muséet vart teke i bruk til den internasjonale fiskeriutstillinga i 1865, men ikkje ferdig innflytta før i 1867. Her var det plass

til både naturhistoriske og kulturhistoriske samlingar, bibliotek og verkstader. Då bygningen vart utvida med eit tilbygg i kvar ende i 1898, vart det meir rom for den vitskaplege aktiviteten. No vart det lagt meir vekt på undervising og muséet inviterte til opplysande vitskaplege møte i den store, nye føredragssalen. Biblioteket fekk nye og større rom i sørfløyen og lengre opningstid. I ytre utforming er sidefløyene frå 1898 nærast ein kopi av den opphavlege bygningen. I tillegg sytte arkitekten for utvidinga, Hans Jacob Sparre, for at muséet vart stasa opp med ein balustrade i kleberstein mot sør over ein runehall med bogegangar i hoggen gneis. Det gjekk berre ti–femten år etter utvidinga før det på ny kjendest trongt i lokala til Bergens Museum. Heile tida kom det inn nye bidrag til samlingane, både dei kulturhistoriske og dei naturhistoriske. Ønsket om nybygg for kulturhistoria vart lansert og realisert, men først i 1927 var dei antikvariske og kulturhistoriske samlingane på plass på andre sida av den botaniske hagen. Det auka heile tida på med bøker i biblioteket som etter kvart fylte opp store delar av sørfløyen. Behovet for nytt bibliotek var meir enn prekært då alle bøkene i 1961 kunne flytta over vegen til nye UB saman med studentane som brukte biblioteket som arbeidsplass. Eksteriøret til Naturhistorisk museum er langt på veg uendra, brorparten av vindauge og dører er dei originale. Inne i

MUSÉPLASSEN 3

31


32

Naturhistorisk museum sett frå Muséhagen med sørfløyen nærast.


bygningen finst det også mange opphavlege overflater og bygningsdetaljar, samt heile opprinnelege interiør, ikkje minst i utstillingsromma. Sørfløyen var i 1965 gjennom ei omfattande ombygging for å skaffa dei tilsette på museet meir tidsmessige arbeidsrom. Ved denne ombygginga mista muséet den store føredragssalen. Den vitskapelege tradisjonen frå dette historiske rommet er no vidareført i den nye Universitetsaulaen som opna her i 2015. Sørfløyen var i åra 2014 og 2015 gjennom ei total indre renovering. Alle gamle innvendige konstruksjonar er rivne og erstatta med eit nytt, frittståande beresystem som er støypt i betong. Ytterveggene er dei originale med opphavlege vindauge. Nye søyler og kalkmåla vegger i Universitetsaulaen skaper kulturhistorisk kontinuitet. På ny har universitetet opna eit rom for møte mellom akademia og folk flest. Frå 2016 til 2018 blei det gjennomført full renovering og rehabilitering av midtbygget og nordfløyen. I vestibylen er overflatene delvis som i 1930. Ved renoveringa blei alle overflater i dette rommet restaurerte. Vestibylen er muséets mest dekorerte rom med fleirfarga fliselagt golv, måla marmorering på vegger og lister med sjablongmåla dekor. Hovudtrappa vart bygd om kring år 1900, men dette trapperommet har likevel mange originale bygningsdelar frå 1865. Ein ny heis i vestibylen bind no alle etasjar frå kjellar til tårnsal saman. Slik blir no landets eldste museumsbygning tilgjengeleg for alle. Dei tilbakeførte utstillingsromma i 2. etasje med originale utstillingsmontrar har spesielt stor antikvarisk verdi. Når Naturhistorisk museum opnar att for publikum i 2019, vil publikum i denne delen av bygningen kunna kjenna att det gamle muséet. Mange av dyra som blei utstoppa og plasserte i montrar her for meir enn hundre år sidan skal tilbake på plass, kvalskjeletta vil hengja under taket i kvalsalen som dei har gjort sidan huset vart opna til fiskeriutstillinga i 1865. Byens dyremuseum vil halda fram med å formidla kunnskap og opplevingar til nye generasjonar. Tårnsalen øvst i midtbygget er eit av muséets svært spesielle rom med ekstra høg verneverdi. Her er mange originale overflater intakt. Dette rommet blei først brukt for utstilling av måleri, seinare for zoologiske samlingar. I samband med denne omdisponeringa blei det bygd eit galleri i rommet, seinare endå eit. Tårnrommet har lenge vore lukka for publikum, men er opna att i samband med renoveringa.

MUSÉPLASSEN 3

33


38


Universitetsaulaen vart etablert i samband med ombygginga av sørfløyen i 2015. Heile eine endeveggen i dette rommet er utsmykka med eit monumentalt tekstilarbeid av Kari Dyrdal. Verket «Ornament» er med på å skapa høgtid i rommet. Aulaen er møblert med stolen «Lui» av Hallgeir Homstvedt som vann ein designkonkurranse utlyst av UiB. Overflatene i aulaen er prega av materialar av høg kvalitet som blir vidareført i etasjen under der det er kafé og rom for større mottakingar, samt i kjellaren som toalett og garderobe. Kari Dyrdal har også utsmykka den nye glasheisen i denne enden av bygningen. Foto side 39: Anders Dyrdal.

MUSÉPLASSEN 3

39


40

Vestibylen, trapperommet og kvalsalen er ferdig restaurert og ventar pĂĽ opning i 2019.


MUSÉPLASSEN 3

41


VE KST HUS ET 1 900 ID É E N OM Å REIS A eit veksthus av glas i den nye museumshagen kom frå ein av muséets velståande velgjerarar, kornhandlar Conrad Mohr. På ei forretningsreise i Tyskland let han seg imponera under eit veksthusbesøk. Ein slik bygning måtte vera noko, også for Bergens Museum, meinte han. Mohr kontakta ein tysk produsent og planla bygget før han presenterte gåva for museumsleiinga. Direktøren fekk ikkje berre tilbod om veksthuset, Mohr ville også betala det som trongst av planter. Bygningen kom til Bergen som byggesett, muséet bestilte planter. Veksthuset blei montert i 1900 og var eit imponerande syn til opninga året etter. «Bygningen bestaar udelukkende af Jern og Glas, og den tager sig glimrende ud, som den ligger der i vakre Omgivelser oppe paa Bakken bag Museet,»20 skreiv Aftenposten sin utsende. Veksthuset hadde opphavleg tre rom; det kuppelforma palmehuset med ti meters takhøgde, eit oppvarma lågare rom på eine sida og eit kjøleg på den andre. Alt til opninga var ulike palmer på plass, dei fleste kjøpte i utlandet, pluss ei meir enn 90 år gammal palme som var gåve frå Universitetet i Oslo. Journalisten frå hovudstaden let seg også begeistra av ei rik samling med orkidear, innkjøpt i Brussel. «Det er en samling til hvilken Tøienhaven ikke kan opvise Magen. Den bestaar af over 90 forskjellige arter, hvoraf et par for Øieblikket staar i Blomst.» 21 Avisa opplyser elles at Bergen kommune har påteke seg vedlikehald og driftskostnader for veksthuset, og avsluttar den omfattande omtalen slik: «Bergens Museum er en voxende Institution; der underlægger sig stadig flere og flere Omraader og tiltrækker sig Aar for Aar større Opmærksomhed. Aarsagen hertil er i første Række den dyktige og energiske Ledelse, og dernæst den Interesse, Byens Borgere viser det.»22 Fram til på 1980-talet var det framleis liv i nokre av dei gamle palmane. Også i dag er plantehuset inndelt i tre klimasoner, framleis med palmer i midten. I ei fuktig sone mot sør står mindre planter som orkidear, mot nord har huset ein avdeling for sukkulentar og kjøtetande planter. Lite er att av dei originale bygningsdelane, men hovudforma er den same og inne under palmane har ikkje stemninga endra seg nemneverdig på hundre år. Veksthuset er viktig i forteljinga om Muséhagen. Huset er freda som del av eit verdfullt kulturhistorisk miljø, men har på grunn av tryggleik vore stengt i ein periode. UiB renoverer bygningen med delvis tilbakeføring til opphavleg storslått stil.

52


MUSÉPLASSEN 3

53


56

I veksthuset finn vi originale bygningselement blant anna i form av golvfliser, rister og dører.


MUSÉPLASSEN 3

57


L E I I N G A V E D B E RG E N S M U S E U M hadde håpa å ha nybygget for dei historiskantikvariske samlingane ferdig til hundreårs-jubileet i 1925. Slik gjekk det ikkje. Muséet var enno uferdig på jubileumsdagen, men kong Haakon vart likevel teken med på omvising i bygget. Opningsfest blir det på stiftingsdagen til muséet, 25. april i 1927. Og publikum let ikkje venta på seg. Mange kjem for å sjå, både nybygget og samlingane som held ope kvar søndag i sommarhalvåret, frå 1. juli også om kvardagane med inngangspengar. Men det er ikkje pengar nok til å halda bygningen oppvarma om vinteren. Det er «hårdt å gå her og se muséet dødt og innefrosset, og måtte avvise folk som kommer langveisfra for å se det, folk på reise til og fra fiske, unge karer som kommer sjøkledt, små flokker…»,24 skriv styraren Haakon Shetelig til kollega Brøgger i Oslo.

88

Kong Haakon og direktør Carl Fredrik Kolderup ved Historisk museum 25. april 1925.


Portal til det akademiske landskapet H I STO RIS K M USE U M 1927 H A AKON S H ET EL IGS P LAS S 1 0 I 1915 SLO leiinga ved Bergens Museum alarm. Då, berre sytten år etter at muséet var utvida med to nye fløyer, var samlingane blitt så store og plassen så liten at det var vanskeleg både å driva godt vitskapleg arbeid og å formidla kunnskap. Det trongst eit nybygg til dei historisk- antikvariske samlingane. Ei pengeinnsamling skaffa raskt ein pen sum, men dei som jobba med kulturhistoria måtte smørja seg med tolmod. Først ei tid etter at Egill Reimers i 1917 hadde vunne arkitektkonkurransen om eit framtidig universitetsområde på Fastings Minde, vart det fart i byggjesaka. Professorane Haakon Shetelig og Einar Lexow reiste til Stockholm, Gøteborg og Kristiania for å studera museumsbygningar. Då Reimers fekk jobben med å teikna det nye muséet, drog han og Shetelig på ny studietur. Arkitekten hadde professorane sine planar for nybygget som utgangspunkt for sitt arbeid med denne bygningen som blei eit markant landemerke i det bergenske universitetslandskapet. Den monumentale, borgliknande bygningen ruvar øvst og lengst sørvest på Sydneshaugen. Med denne nye museumsbygningen etablerte Bergens Museum seg for alvor i det området som no var regulert til undervisningsføremål. Med si plassering

i landskapet og sitt ragande tårn definerer Historisk museum framleis denne delen av campus. Med eit tårn også på Geofysisk institutt som stod ferdig i 1928, skapte Reimers ein visuell kontakt mellom to av Bergens Museum sine monumentalbygg i sør og nord. To ugler vaktar inngangen til universitetsområdet frå vest. Dei er teikna og plasserte i tårnfoten til Historisk museum av arkitekten. Han tok omsyn til byens gamle ferdslevegar i universitetsplanlegginga. Slik knytte han den nye institusjonen til det historiske landskapet. Slik var arkitekten med på byggja identiteten til byuniversitetet. Historisk museum er omtala som ein av landets vakraste museumsbygningar. Anlegget er eit gjennomarbeida kunstverk der arkitekten har teikna alle detaljar Bygningen er samansett av to fløyer, ein mot aust og ein vestfløy som blir avslutta med eit åtte etasjar høgt tårn. Den slemma murfasaden framstår som opphavleg, dei fleste vindauge og dører er originale. Originale balkongar er intakte, det er også bygningens spir. Dekorative smijarnsgitter og detaljar i kleberstein rundt vindauge, mange krysskvelvingar og hovudtrappa som bind fløyene saman, er med på å understreka monumentale

HAAKON SHETELIGS PLASS 10

89


94

Historisk Museum er plassert i bymiljøet med oentlege passasjar rundt og gjennom bygningen.


HAAKON SHETELIGS PLASS 10

95


96

Den vakkert utforma Krypten er samlingsplassen i musÊet. Biletet frü Egypt-utstillinga viser ein kopi av eit kistelok tilhøyrande ein mumie.


HAAKON SHETELIGS PLASS 10

97


162


K N UT FÆ G RIS HUS 1 885 VI LLAV EIEN 9 A LT I 19 6 0 kjøpte UiB denne svært påkosta og rikt dekorerte villaen som sidan 1996 har vore universitetet sin representasjonsvilla og som på fleire måtar er eit historisk hus. Det norske oljeeventyret starta nemleg her i 1963 då professor Markvad Sellevoll og hans folk ved Jordskjelvstasjonen til UiB, med adresse i villaen, påviste at det kunne finnast olje og gass på Kontinentalsokkelen. Villaveien 9 ligg lengst vest i det nye fasjonable bustadmiljøet som vaks fram mellom Nygårdsparken og muséet. Parkselskapet selde bustadtomtene i den nyetablerte Villaveien for å finansiera det som skulle bli eit attraktivt friområde for både nybyggjarane på Nygårdshøyden og byen elles. Same året som Nygårdsparken opna, kunne skipsreiar Joachim E. Lehmkuhl (far til Kristofer D. Lehmkuhl) flytta inn i bustaden som parken sin aller næraste nabo i nord. Eigedommen hans var ein av dei største i området. Her fekk han etablert eit hageanlegg i same stil som parken på andre sida av smijarnsgjerdet. Villaen teikna arkitekt Schak Bull med tårn, to loggiaer og fasadar rikt utstyrte med joniske søyler,

pilastre, ornament og markante gesimsar. Villaen er omtalt som eit høgdepunkt i bustadarkitekturen i nyrenessansestil frå 1880-åra. Dagens restaurerte interiør er frå 1905 då arkitekt Bull bygde om for ein ny eigar som skaffa seg meir påkosta og dekorerte stover. Vestibylen vart utsmykka i jugendstil. I 1933 blei villaen gjort om til to-mannsbustad. Frå 1961 tok Jordskjelvstasjonen til UiB i bruk heile huset til kontor for professorar og hovudfagsstudentar. Ein seismograf, som før var plassert på Naturhistorisk museum, blei montert i kjellaren. Då Realfagbygget var ferdig i 1977, flytta Jordskjelvstasjonen vidare dit og universitetet si audiovisuelle avdeling overtok Villaveien 9. I samband med at Villaveien 9 vart renovert på 1990-talet, vart det innreia to bustader i andre etasje. Dette er i dag utleigeleilegheiter for gjesteførelesarar. Resten av huset blir brukt til møter og representasjonar. I 2001 fekk villaen namnet Knut Fægris hus, oppkalla etter UiB-professoren som vart rekna for å vera ein av verdas fremste botanikarar.

V I L L AV E I E N 9

163


Trådane som bind saman desse bygningane vert synleggjorde gjennom forteljingar om så vel universitetshistorie som byhistorie. Lesaren vert invitert inn i hus som representerer eit mangfald i bergensk arkitekturhistorie og spenner vidt både i stilartar og føremål – alle utpeika som kulturminne med nasjonal verdi.

ISBN 978-82-7959-264-8

SKALD

9 788279 592648

BYUNIVERSITETET I BERGEN

UNIVERSITETET I BERGEN er landets einaste byuniversitet. Eit annleis universitetsområde som er vove tett saman med det historiske bymiljøet på Nygårdshøyden, frå Florida i sør til Dragefjellet i nord.

Byuniversitetet i Bergen FREDA OG I FULL VIGØR


Millions discover their favorite reads on issuu every month.

Give your content the digital home it deserves. Get it to any device in seconds.