Begrav meg i snø

Page 1

ISBN 978-82-7959-247-1


g r afi s k de s i g n : Øystein Vidnes s e t t m e d : FF Dora, av Slávka Paulikov pap i r : Munken Kristall 150 g tr y k k : Livonia Print, Riga © s k ald 2016 e- p o s t : forlag@skald.no www.skald.no isbn 978-82-7959-247-1


k r i s t i a n f i n b o ru d & gudmund skjeldal

BEGRAV MEG I SNØ

skald 2016


[4]


Prolog Du treng sjølvsagt ikkje lengta etter snø heile året. Du skal ikkje det. Fjella skal mista alle kvite flekkar sommartid. Bjørkene skal kle seg i lysegrønt flor om våren som dei alltid har gjort, og graset skal spira igjen, og syrinen skal anga, og fuglane lokka, som dei har gjort sidan dei først begynte å synga. Sauene skal beita og lamma skal springa sine intervalløkter om kveldane. Og det lyslette lauvet skal bli mørkare, og fuglane skal tagna, og snøfennene i fjellet skal skrumpa inn. Og du fell på kne i lyngen av krekling, trekker den søte angen inn og vil ikkje vera nokon annan stad. Lyse sommarkveldar i lyngen, kanskje kjærasten din. Og om hausten skal alle slags fargar brenna. Ospa skal stå i flammer, himmelen skal vera heilt eigenfarga djup og blå.

[5]


21. november Sei kva du vil: Om fortaua du elskar tørre, og dei låge skorne av kalveskinn du gjerne vil gå med. Komforten du er van med og dei milde dagane heilt inn i januar. Frontruta du slepp å skrapa, og dei irriterande spinnande hjula og lastebilane framfor deg i grøftene. Forseinka avgangar. Kald vind og våte klede. Det kvite og livlause som kan minna om (og omtrent rimar på) død. Altså snø. Det er ikkje rart at du vil vera tørr og varm på føtene: Du har funne ut at det er lukka i livet, om aldri så lita, kanskje den einaste som verkeleg held.

[8]





[ 34 ]


20. desember Du er med son din og hentar joletre i djup snø og tar med dotter di i same vendinga. Naboen har køyrt med preppemaskinen også i lysløypa. De er heldige slik, det ville ikkje gått utan: Berre det vesle stykket utanfor løypa er søkkandes tungt og umogleg å trakka seg fram i. De må grava treet ut, det som blei bunde raudt band rundt i november, like før snøen kom. De ville ikkje ha oppdaga kva tre som dugde, og kor mykje stamme dei hadde under snøen, utan den raude silkesnora. Elg har fare og ete kvistar. De ser dei magedjupe fara hans. De diskuterer om det er synd på dyra med all snøen, og om det i så fall veg tyngre enn skigleda folk kan ha i jola. Berre fire dagar igjen. De talar om gåvene. Du har allereie fått det du ynskjer deg aller mest.

[ 35 ]


Du kunne flådd dei levande! Bilen du lånte av naboen, den som ikkje hadde bremsar, og den umoglege svingen mot høgre ned frå nettopp Hodnaberg. Grøfta du hamna i, og stod der fortvilt og kulsa. Skuterslitet før trakkemaskina kom. Dei sikkert tusen gongene ein måtte av skuteren, som hadde skjena utanfor traséen og stod der og spann i laussnøen. Kva var det eigentleg godt for, alt i hop? Men så den fresen som naboen fann på å kopla til traktoren. Han trylla knallhard is om til skøytesnø. Dei lukkelege dagane med jol som liten når det var halvmeteren snø. Dei ulukkelege dagane med silregn og med snøen som forsvann på tre dagar. Du vakta gradestokken meir enn pakkene då du var liten. Marerittet frå draumane dine den gongen er det du kan vakna til i jolene no – heile jola igjennom grøn og våt.

[ 40 ]


[ 41 ]


[ 58 ]


Og for onsdag, og nyttårsdagane torsdag og fredag (Vestlandet og Trøndelag): Regn og regnbyger, fredag overgang til snø i indre og høyereliggende områder. Fredag lavere temperatur, ellers uendret.

[ 59 ]


17. mars Det er vårstemning i bygda, men vintervêr i åsen. Snøen er våt, og kornete, nesten som sløsj. Men han gjev god glid, merkeleg nok. Det er eit herleg klisterføre med Rode Rossa. Du kan dundra opp alle bakkar. Du stivnar og gler deg ved det. Eit stikk og eit hogg i hjarta. Eit glimt av sikkert tusen stjerner. Og så hovudstups i snøen. Det ville då ikkje vore den verste død?

[ 88 ]


[ 89 ]


Kva er det med vinteren? Kvifor slik lengt etter snøen og skispora? Kva er det godt for, når alle far skal bli viska ut? I denne dagboka tumlar Gudmund Skjeldal med slike spørsmål. Illustrasjonane til Kristian Finborud gir nokre svar: Det blå lyset i skumringa. Dei ville skiturane. Den kriblande kjensla på sparken med gutungen. Inga anna årstid kjem så brått, og så stille. Begrav meg i snø er gjensynet med den lunefulle vestlandske vinteren.

9

7 882 7 9 592 47 1 ISBN 978-82-7959-247-1