Begrav meg i snø

Page 11

20. desember Du er med son din og hentar joletre i djup snø og tar med dotter di i same vendinga. Naboen har køyrt med preppemaskinen også i lysløypa. De er heldige slik, det ville ikkje gått utan: Berre det vesle stykket utanfor løypa er søkkandes tungt og umogleg å trakka seg fram i. De må grava treet ut, det som blei bunde raudt band rundt i november, like før snøen kom. De ville ikkje ha oppdaga kva tre som dugde, og kor mykje stamme dei hadde under snøen, utan den raude silkesnora. Elg har fare og ete kvistar. De ser dei magedjupe fara hans. De diskuterer om det er synd på dyra med all snøen, og om det i så fall veg tyngre enn skigleda folk kan ha i jola. Berre fire dagar igjen. De talar om gåvene. Du har allereie fått det du ynskjer deg aller mest.

[ 35 ]


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.