Page 1


bokbunad: Øystein Vidnes · oysteinvidnes.org Framsidefoto: Torgeir Bolstad Font: Essay Text, av Stefan Ellmer · ellmerstefan.net Papir: Munken Polar 120 g Trykk: Livonia Print, Riga dei følgjande forkortingane er brukte i bilettekstar: BB – Bagn Bygdesamling DHS – De Heibergske Samlinger NBF – Norsk institutt for bunad og folkedrakt NF – Norsk Folkemuseum SM – Sunnmøre Museum VBM – Vesterålsmuseet, Museum Nord VF – Valdres Folkemuseum Boka har blitt til med støtte frå Fritt Ord Norsk kulturfond Nord-Aurdal kommune Vang kommune Vestre Slidre kommune Øystre Slidre kommune Bergesenstiftelsen Professor Mikjel Sørlie og fru Aslaug Sørlies legat til gransking av gamal valdreskultur Valdres Natur- og Kulturpark Valdres ungdomslag Valdreslaget i Oslo ------------------------------© SKALD 2015 e-post: forlag@skald.no www.skald.no isbn 978-82-7959-227-3


INNHALD Føreord....................................................................................................... 7 Impuls og tradisjon. Folkedrakt, bunad og motedrakt.................................. 13 Dei eldste spora i norsk drakthistorie. Mellomalderen og renessansen............. 29 «De Saliges Gangklæder». Klede og skiftemateriale 1659–1730 .................... 43 I kalemank og stripa verken. Valdres ca. 1730–1780. . ..................................... 71 Mannleg trend og tradisjon. Tida frå 1780-åra og framover ......................... 87 Mannsbelta ............................................................................................. 116 Mann for sin hatt..................................................................................... 122 Renessanse i nord og rokokko i sør. 1780–1830........................................... 138 Det viktigaste plagget i garderoben ..........................................................169 Kvinnebelte, lomme og brystklut..............................................................196 Serk og skjorte ......................................................................................... 218 Sylv til pryd og nytte................................................................................229 Dronning for ein dag................................................................................247 «Eit barn er fødd». . ................................................................................... 270 Fotbunad .. ............................................................................................... 281 Vottar i helg og sykne. . ............................................................................. 288 Mot ei ny tid . . ..........................................................................................295 Utdrag av skifteprotokollar. . ..................................................................... 319 Kjært stoff har mange namn. Av Kristin Gulbrandsen............................... 342 Kjelder og litteratur.................................................................................. 367 Stikkordregister. . ..................................................................................... 374


toppekst

12


IMPULS OG TRADISJON -------------------------------------------------------

Folkedrakt, bunad og motedrakt

Impuls, tradisjon og skaparevne går i trespann når det gjeld folkekunst og folkedrakt. Kva for eit av dei tre stikkorda som får mest å seia, kjem an på tidsperiode og område. Konjunktursvingingane, kongelege forordningar, motane i samtida, handel og samkvem kunne til kvar tid setja sine merke på folkedraktene. Ordet folkedrakt er elles ei nyare, men godt innarbeidd nemning, brukt om lokalt særprega klede som bønder og allmuge bar i det førindustrielle samfunnet. Brukarane sjølve brukte ordet kledebunad om kleda dei bar på kroppen. Omgrep som hovudbunad og fotbunad var og er framleis brukte om delane som høyrde med for å kle kropp, hovud og føter. Eit anna ord for det same er «gangklede». Ei folkedrakt er ikkje det same som ein bunad; dei har til dels ulikt innhald og opphav. Det var Hulda Garborg (1862–1934) som tok i bruk namnet bunad, då ho kring 1900 prøvde å blåse nytt liv i delar av den gamle klesskikken. Ordet er ei avstytting av ordet kledebunad og er slett ikkje noko dårleg ord for kleda ho var med på å laga eller ta fram. I dag er ordet knytt til dagens bunader uansett bakgrunn eller feste i

13


Dei eldste sp ora i n orsk drakthistorie

er gjerne oppbygd med ruter, trekantar og ulike kors. Heile borden eller flata blir utfylt med motiv i stadig rytmisk gjentaking. Denne typen prydsaum har mange symbol og har levd omtrent uforandra i fleire hundre år utan å la seg påverke av skiftande stilartar.

Kåpa var ein viktig del av drakta. Teikning: Friedrich Hottenroth

Ytterplagga Kåpa er namnet på det vi i dag ofte kallar kep eller kappe. Kåpa var som ei ermelaus kappe, lang eller kort med opning til å stikke armane gjennom. Ho kunne ha fastsydd hette og vart hekta saman med band eller hekter i halsen. Så vel i nordisk som europeisk draktskikk høyrde kappa med til oldtidsdrakta, og heldt fram med å vera eit viktig plagg gjennom mellomalderen og framover mot empire. Under renessansen kom ei kort, vid, foldelagd eller rynka kappe på moten, ein mote som moteløvene av begge kjønn tok i bruk. Men det skulle gå ei tid før den korte kåpa slo an hjå kvinnene i Norden, seier Ellen Andersen (1977). Ho grunngjev dette med at «Det hittil havde været skøgernes kendetegn». Hjå oss vart kåpa eit mykje påkosta plagg som oftast høyrde den gifte kvinna til. At desse var ekstra gjæve, syner dei mange skifta som omtalar «kåper». Kåper i kalemank og vatra barkan finst i mange område.

38


Dei eldste sp ora i n orsk drakthistorie

Men dei var ikkje berre til kvinner, og ikkje berre til stas. Frå Nordfjord er kåper av grovt vadmål brukt av gjetargutar og -jenter som trong ly for regn og kulde. (Eide, 1981)

Størst er endringane for menn Mennene går over frå lang underkjortel og overkjortel til kort kledning. Brøkene er korte eller litt lengre, smale eller vide. Ulike land har ulike utgåver, kan det sjå ut for. Brøkene kan ha oppskoren ytterbrok eller bandpryd på kryss og tvers, noko som gjev broka vidde og farge. Broka er festa med hekter til underklede eller innsida av vamsen. Mannens edlare delar blir ekstra utstasa med smaragd og gullringar, «skamkapsel», og truleg ikkje berre for å halde varmen, slik det er nemnt frå Hardanger, der slike ekstra posar vart kalla «venekot». Brøkene som i Tyskland vart kalla «pluderhose», fekk i siste halvdel av 1500-talet internasjonal utbreiing i høgare lag av folket. Dei gjekk frå hofte til kne og bestod av lause stoffremser underfora med stoff som posa seg ut gjennom spaltene. Ei utstoppa kort graskarforma brok opptrer samtidig og avløyser pluderhosene. Men det fanst òg andre,

Mann med vams og tronge, oppslissa pose­brøker. Teikning: Carl Köhler

39

Mann med laust­ hengande trøye og vide posebrøker. Teikning: Carl Köhler


toppekst

Sivert i «brudgomsbunad». Kring 1900 vaks det fram eit spelemannsmiljø i Oslo, og med det ein brodert bunad for Hallingdal og Valdres. Frå gamalt hadde desse områda hatt ein svært lik draktskikk. Heimen i Oslo utarbeidde bunaden. Sidan brodering var sterkt ønskjeleg, vart ei gamal brok og ei trøye frå Nes i Hallingdal lagde til grunn. Broderte trøyer og brøker er så langt ikkje funne i Valdres. Foto: Solfrid Trydal

94


Mannle g trend o g tradisjon

Sidtrøye «Sidtrøya», òg kalla «sjartetrøya», som er bevart i aurdalsbygdene, har som steglatrøya ermebryningar, vinkelsaum og kilar, «steglar», i ryggen. Dette er klare renessansetrekk. Men trøya, som er nesten knesid, har knappestolpar framme og er ringa i livet med bakoverskrådde fram­kantar. Dette i lag med langt bakovertrekte ryggsaumar peikar mot mannsmoten på slutten av 1700-talet. Då kom det på moten å bera «jaket». Den kan nærast beskrivast som ein kort kjol, med avskorne framstykke. I moteverda stod jaketen i rang under kjolen, men over trøya. Vår sid­trøye ser ut til å kunna vera ein mellomting mellom kjol og jaket. Med dei nye motetrekka fekk aurdølen seg ei nesten moderne trøye ut av ein eldre modell – ei trøye som var godt brukande nokre tiår til, og som høvde til dei korte vestane som då kom på moten.

Sidtrøye frå Nord-Aurdal sydd i brun og blå melert vadmål. Privat eige

Sidtrøye brukt av Jul Toresson Hjellebråten under bryllaup i 1832. Trøya er sydd av brun og blå melert vadmål kanta med brun fløyel. Eigar: VF

Peder Søegaard, dommarfullmektig i Aurdal 1843–1855, har òg sett «sidtrøya». Han var til stades i eit bryllaup i Aurdal der han seier dette om brudgommen: «Når undtages de lange ’Burer’ (kaurar), var snittet på hans dragt det samme som fra gammel Tid have været brugt. Sidkuften som var av stålgraat Vadmel, havde i ryggen tre fine store folder (kaurar), imedens de smale sidestykker lode den med blanke knapper besatte verkensvest komme tilsyne.»

95


RENESSANSE I NORD OG ROKOKKO I SØR -------------------------------------------------------

1780–1830

Kledebunaden endrar sakte og sikkert stil òg hjå kvinnene. Men endringane kjem ikkje synkront til alle bygdelag. Frå førre periode såg vi konturane av ulik draktskikk i nord og sør. Det nyaste nye frå Sør-Valdres er i denne perioden på veg oppover i dalen, men det er likevel markante skilje frå Sør-Aurdal til Vang når det kjem til stakk, liv og hovudbunad. Medan mennene snappar opp det eine motetrekket etter det andre, har kvinnene ei meir blygsam tilnærming til den samtidige moten. Meir å seia har lokale skikkar og tradisjonar. Det er desse som blir lempa og tilpassa smaken i tida. Skiftematerialet er framleis eit viktig kjeldemateriale, men får følgje av kunstnarbilete og bevarte klesplagg. Når det gjeld klede frå dei sørlege delane i Valdres, manglar slike teikningar, og det er mindre som er bevart, så her må skiftematerialet framleis tre støttande til. Dette er perioden då fjellet vart oppdaga, og kunstnarar og vitskapsmenn reiste kongevegen frå Kristiania til Bergen. I bilete, kart og tekst dokumenterte kunsten og naturvitskapen dei til då ukjende delane av landet, og kom med kommentarar og teikningar av folk dei møtte. Forskarar og kunstnarar utveksla sidan teikningar, og kunne nok òg kopiere kvarandre.

138

draktskikk i nord – Mali og Kristin har bringeklutklede (den eldre livstakken) prega av rennesansen. Foto: Solfrid Trydal


toppekst

139


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

Liv frå 1830–1840 Empirestilen festar grepet. Livet blir endå stuttare og ryggen smalare. Framstykka får djup halsringing og blir hekta i hop oppe og nede. Brystkluten er det ikkje bruk for lenger. Men bandkantingar i avvikande farge held fram som før, og stakk og liv er framleis sydde av ulikt stoff og ulik farge.

Liv frå Vang sydd i blå silke brodert med silkegarn i mange farger, truleg omsydd av ein stakk. Privat eige

Liv frå Vang sydd i raudt klede. Privat eige

Liv av amiens. Omsydd for å passe inn i den nye stilen. Eigar: VF

146

«Klädedragt i Slidre», teikna av Anckarsvärd/Wetterling. Anckarsvärd teikna kvinner både frå Vang og Røn, og fekk fram ulike typar liv og trøyer som var i bruk i 1827. Røn var fyrst ute med lukka liv. Ei av kvinnene har dessutan lue med knipling. Han har òg teikna ei jente med krans, og to kvinner med limpeplagg (tørkle lagt i snipp (limp) knytt saman oppe på hovudet). Kan hende har dei valk under plagget.


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

147


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

T RØY E R Så langt bakover som skifta går, blir det fortalt om trøyer i raudt og svart, men òg i blått og grønt. Svarte trøyer er noko alle har, dernest raude. Dei raude har ofte tilleggsopplysningar om grøne eller gule band eller òg at dei har sylvhekter eller spenner. Spenner i sylv og messing kan òg dei svarte trøyene ha, men i skifta trer dei fram utan kanting. Heller ikkje dei grøne eller blå får kommentarar om slikt. Materiala er for det meste vadmål, filt og klede. Trøyer sydde av klede eller kersey er gjennomgåande høgst prisa. Skifta gjev ikkje svar på kva type trøyer det dreier seg om, berre at vi kan ha med to ulike typar å gjera, med og utan bandkanting, og med og utan trøyespenne.

Foldetrøyer Dei raude foldetrøyene kan ha hatt ein lang framvokster, der fleire mote­trekk har gjort seg gjeldande. Dei bevarte trøyene er truleg laga fyrst på 1800-talet. Rygg og langt bakovertrekte ermar og høg midje ber preg av empire, medan det heilklipte framstykket med innsette foldar mot ryggstykka like så gjerne kan gå attende til barokkmotane. I tillegg har dei renessansens hang etter avvikande bandkanting, og dessutan trøye­spenne. Berre fire raude foldetrøyer er bevarte. Den sistnemnde skal vera komen frå Røyne til Kvien i 1836.

Foldetrøye sydd av toskaftvove valka ulltøy, kanta med grøn silke med fleirfarga mønster. Eigar: VF

Foldetrøye sydd av raudt valka toskaft, kanta med gul og grøn silke. Eigar: VF

148

trøye sett bakfrå. Foto: Laila Durán


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

149


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

Forkle frå Vang. Kvit bomull trykt med raudt. Privat eige

Forkle i brunsvart bomull med fleirfarga trykk, gåve frå Marit Thune. Eigar: VF

Kvitt lerretsforkle Eldst og lengst levande er utan tvil det kvite linforkleet, som i skifta er oppteikna med og utan blonder og broderi. Det var ein forklemote som kom til under renessansen, og som i Valdres heldt seg til inn på 1800-­ talet. I delar av Hordaland er desse forklea framleis i ubroten tradisjon. Som vi tidlegare har sett, hadde Sigrid Sygarden Bøen (f. 1639, d. 1700) og hennar samtidige lerretsforkle, ikkje berre eitt, men fleire. Sigrids forkle var nemnt med ei kniplingsrand (bord). Fram gjennom 1700-talet og til 1820-åra er lerretsforkle med i mange skifte. Nokre er sydde i hamp, andre i lin eller strie. Det sistnemnde er i så fall kvardagsforkle. I 1827 teikna Anckarsvärd det som kan ha vore same type forkle. Forkleet ser ut til å ha ein bord i knipling, filering eller uttrekksaum (gluggsaum), noko vi oftast forbind med Hardanger. Slike forkle kom på nytt i bruk under nasjonaldraktperioden på slutten av 1800-talet. Då kunne bordane bli brukte opp att i nye kvite bomullsforkle. Det kan vera ei av årsakene til at kvite forkle ikkje har kome fram under draktregistrer­ ingar. Eller dei kan, som rullen og hetta, ha vorte med kvinna i grava.

158


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

Kvite forkle med uttrekkssaum har tidlegare vore vanlege i mange bygder. Fine, kvite forkle høyrde til ved altargang, innleiing (inngang i kyrkja etter ein barnefødsel) og bryllaup, ja endå til ved gravøl. Kvitt var sørgjefarga i visse periodar. Slike forkle kunne òg følgje kvinna i grava. Det same er sagt frå Hjartdal i Telemark (Trætteberg uprenta kjelde NBF).

Trykte bomullsforkle Forkle omtala som «kartun» eller kattunforkle (engelsk cotton) kjem inn i siste halvdel av 1700-talet. Dette forkleet kan ha overteke rolla til det kvite «knipleprydde» forkleet. Skifta nemner «blommede» forkle, blå og raude katuner, kvite og raude o.a. Skipstrafikken frå dei austindiske øyane har fått æra eller skulda for å ha innført trykte rosemønstra bomullsstoff, oftast omtala som «kartun». Dette materialet vart rokokkoens nye store slager. Så populær var denne vara at styresmaktene i 1777 forbaud innførsel av trykt lerret. Dette skulle hjelpe dei to eksisterande trykkeria i Bergen. I siste halvdel av 1700-talet var det registrert to faglærte kattuntrykkarar i Bergen, Carl Gustav Blumentahl frå Sjælland og Petter Pettersen frå Sverige. Blumentahl overtok leiinga av Jens Kahrs gullsmedfabrikk (skipa 1759) og søkte monopol på trykking av sirs, kattun og lerretstrykk. Fabrikken fekk tollfridom for nødvendige varer, men ikkje monopol, står det å lesa i «Borgerbok for Bergen». Blumentahl

Forkle frå Os, Hordaland. Privat eige

159


toppekst

162


Renessanse i n ord o g rokokko i sør

Storruste, som døydde i 1795, hadde to ulike kledningar – ein i «Hviid og rød Bommuls Klædning», og ein «Barkans Klædning». Ho har òg to luer i gyldenstykk, men ingen knipling eller «stremmel», som blondene òg vart kalla.

Kleda etter Olaug Storruste Holte: Liv sydd i raud og kvit ulldamask med brosjeringar i mørk blått, lys blått, gult og grønt. Stoffet er sterkt blanka og går under namnet «kalemank». Trøye i stormønstra trykt bomullslerret, fôra med linlerret. Kan ha vore del av ein kledning. Lue i blå silkedamask med kvit foldelagd blonde i framkant. Lue i brosjert silkedamask. Livet, trøya og dei to luene har tilhøyrt Olaug f. Storruste i Hedalen, gift til Holte. Kleda er i privat eige. draktskikk i sør – Ingrid og Sissel har klede prega av empire. Foto: Solfrid Trydal

163


Det viktigaste plagget i garderoben

Kristin lagar nyvler p책 Solfrid.

172


Det viktigaste plagget i garderoben

rullen som hetta kan ha røter attende til slutten av mellomalderen. Då var hovudbunadene under sterk omforming, og det kom på moten med store valkar av ulik fasong som «hovudlinet» (skautet) og hettene vart danderte over. Dei mest spektakulære typane var for spesielle høve, dei meir moderate for dagleg bruk, heitte det seg. Det er ein tydeleg link mellom dei europeiske hovudmotane og våre nordiske valkar og skaut. Mest tydeleg kjem dette fram i Midthordland, der det kvite skautet dekkjer ulike type valkar.

Hette Så langt tilbake som skifteprotokollane går, finn vi ordet linhatt (linhette) omtala. Dei aller fleste gifte kvinner i Valdres har etterlate seg dette. Enkelte har hatt mange hetter, andre har fåe. Korleis hettene på 1600- eller tidleg på 1700-talet såg ut, veit vi ikkje, heller ikkje om dei vart brukte åleine, under ei lue, eller over ein «rull» (valk). På 1800-talet trer hetta tydelegare fram, og då får vi vita at ho er til bruk over rullen (Ødegaard 1918). Bevarte hetter er laga av kvit lin eller bomull og eit rektangulært stykke i «filering» eller tyllbroderi som er rynka saman til ein runding, i skifta kalla «knippel» (knipling). Fileringsteknikken er ein svært gamal teknikk som er kjend i Tyskland frå 1200-talet. Ordet filet har fransk opphav og tyder nett. Grunnteknikken er den same som er brukt i fiskenett, men med å laga finmaska nett av tynn lintråd, og leggje til ekstra lykkjer og «holgangar», får ein eit «mønsterbunde» nett som så kan fyllast med ulik stopping. Teknikken har vore kjend i man-

173

I mellomalderen kom det på moten med store valkar som skaut og hetter kunne bli dan­ derte over. Teikning: Friedrich Hottenroth


Det viktigaste plagget i garderoben

med dun hvilken de kalde pannepute. De yngre koner bruke den i det trondhjemske såkalde høllike med brede kniplinger for og et silketørkle over i stedet for den omtalte Fløyelslue». «Høllik» (hylk) er namnet på den kvite lua (Heltzen 1843). Som før nemnt er det rimeleg å tru at vi i denne perioden har å gjera med både tobladsluer og litt ulike typar pulluer. At eldre kvinner heldt fast ved det som vanleg var i deira ungdom, gjeld ikkje berre hovudbunaden. Yngre kvinner, gifte som ugifte, kunne òg ha pannelin, men utan pannepute.

Pullua Pullua utgjer ei stor gruppe både i variasjon og utbreiing. Kriteria for at det skal vera ei pullue, er at lua har ein nakkepull (nakkestykke) sydd til eit pannestykke. Pullua kan ha mange namn etter alder, utvikling og tradisjon. Frå Valdres kjenner vi ord som «kjakalue» og «øyrelue». På Hadeland kallar dei lua si for «hånnlue», og i Gudbrandsdalen er namn som «botthue» og «strømmelhue» velkjende omgrep. Eit skjematisk oversyn viser utviklinga i dei bevarte pulluene i Valdres:

Skisser av tre ulike pulluer: 1770–1800, 1800–1830, 1830–1860. Teikning: Magny Karlberg

188


Det viktigaste plagget i garderoben

a

b

c

f

d

e

h

[a] Øyrelue med runda vattert nakkestykke med trekksnor nede. Lua er sydd i brun silkedamask med fleirfarga brosjeringar. Eigar: VF. [b] Øyrelue sydd av same type stoff, men med tilnærma rett nakkestykke, merke etter trekksnor nede. Eigar: VF. [c] Øyrelue i svart fløyel brodert med silketråd og knipling. Eigar: VF. [d] Lue i jacquardvoven silke med små brosjeringar, kanta med grøn silke. [e] Øyrelue i mønstervoven blå silke med brosjeringar. Eigar: VF. [f] Lue i brun bomull med lansert mønster i lilla og grøn silke. [g] Lue i halvsilke i brunt og rosa. [h] Lue i svart fløyel brodert med ullgarn i fleire farger.

g

189


Dronning f or ein dag

Denne bruderullen kom inn til Norsk Folkemuseum i lag med eit herdasylv av yngre dato og eit silketørkle. Eigar: NF

I tillegg kjem forma på rullen med øyrelauv, spengene med spiralar og liljemotiv. Spiralane er eldgamle motiv kjende frå helleristningar og eldre dekorativ kunst. Liljemotivet som er kjent frå 1400-talet, er knytt til jomfru Maria, den reine møya. Som type kan bruderullen gå rett inn i motebiletet på 1400-talet. Med dei sterke katolske motiva han har, er kan hende 1500-talet ikkje så langt unna sanninga. Dei to store øyresmykka er besette med 30 små firkanta spenger, alle med rett utståande tvinna stav med tjukk støypt skål. Spengene er sydde ned på eit damaskliknande rosaraudt ullstoff kanta med metallband. Øvst (på hjulet) er rullen prydd med ti store rektangulære sylvkister, kvar med fem store utståande stavar med krona Maria-monogram. På valken, tett inntil kistene, er det to rader med firkanta mindre spenger dels med liljemotiv, dels med spiralmotiv. Både spengene og kistene har vore forgylte. Hjulet er truleg laga av tæger, og trøsken ser ut til å vera laga av never. Valken er trekt med grovt linlerret. Over dette ligg eit tjukt ulltøy,

258


Dronning f or ein dag

Vang Bygdekvinnelag har kopiert rullen, som her blir utprøvd av Ragnhild. Kransen passar òg på denne.

kalla boi, og over dette att ein blåraud ulldamask. Hjulet er dekt med eit breitt metallband, og langs kanten av det er det ei perlesteinsrad med blå, blanke og svarte mangekanta perler. Dei to ullstoffa dekkjer ikkje valken framme. Det kan vera fleire grunnar til det: Han kan vera skada, eller han kan ha vore slik frå han var ny. I begge tilfelle har han måtta vore dekt av noko anna for å skjule det nakne partiet. At det til dette var brukt eit silketørkle, er nokså nærliggjande når det gjeld 1800-talet. Det var òg nytta framme på kjerringrullen. Men bruderullen er eldre enn som så, og må ha hatt noko anna enn silketørkle. Om vi på ny vender oss til Andris Eivindsson, seier han at rullen «var utstasa med sylvboro og perlebønd» – med andre ord det som høyrer til på ein «krans» (hovudkransen til jenta). Skiftematerialet som tidlegare har kome oss til unnsetning, er interessant no òg. I eit skifte i 1664 etter Marit Knutsdotter f. Hermundstad, som var gift med Torgeir Asgrimsson Oppdal, er det med:

259


BJØRG HOVLAND FOLKEDRAKTER OG BUNADER FRÅ SOGN

Draktskikke n i N ore g har røter langt attende i tid og vidt utanfor landegrensene. I Frå Versailles til Valdres – Ei drakthistorisk reise fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tek for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta, eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum ein impuls frå den europeiske rokokkomoten, eller også ei folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls?    Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg boka til ei utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Ho er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning. Frå Versailles til Valdres – Ei drakthistorisk reise er ei etterlengta bok – for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie. -----------------------------Magny S. Karlberg (f. 1942) kjem frå Øystre Slidre, der ho òg bur. Ho har heile livet hatt stor interesse for folkelege drakttradisjonar, og har mellom anna rekonstruert bringeklut­drakta frå Øvre Valdres. Ho har studert draktog tekstilvitskap, og var frå 1980 til 2006 direktør i Bunad- og folkedraktrådet.

ISBN 978-82-7959-227-3

Profile for Skald forlag

Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise  

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reis...

Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise  

Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reis...

Advertisement

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded

Recommendations could not be loaded