Anna og Solmann

Page 1

Dummy av heile omslaget sett saman. Skal ikkje trykkjast.

anna og solm ann

Kvar dag køyrer Anna og Solmann på tur. Dei køyrer mellom helsetunet og Tusenårsstaden i Gulen. Solmann har sjølv skrudd saman den spesielle doninga, men så er han også ein spesiell mann. Denne boka er om Solmann og Anna Einebærholm, begge 81 år, om det gode samlivet og om det vonde slaget som råka Anna så brått. Det er Solmann som fortel om ein kjærleik stødigare enn Tusenårsstaden. ISBN 8279591825

Skald 2013 9

788279 591825

ISBN 978-82-7959-182-5

omsl ag: bl æst | au d gloppen

Anna og Solmann Erna Osland ✶ Oddleiv Apneseth [foto]







solmann fortel om 15. januar 2006 «Det var eg som laga frukost. Alltid eg. Eg sette på kaffien. Og først når det begynte å lukte godt, kom Anna på kjøkkenet. Men denne dagen kom ho ikkje. Kaffien var ferdig. Det lukta så inderleg godt. Likevel kom ikkje Anna. Da fór eg inn for å vekkje henne. – Anna, sa eg. Ho berre såg på meg. Ho kunne ikkje gjere greie for seg. Ho kunne ikkje snakke. Men ho var ikkje død! Eg såg jo at ho ikkje var død, eg forstod det. Og likevel greidde eg ikkje gjere noko. Eg var heilt lamma, som i sjokk. Det einaste eg greidde, var å trive telefonen og ringje til dotter vår. – Du må komme, sa eg til henne. – Du må komme, eg får ikkje ordentleg liv i mor!»

21


nÆr Hybelen til Solmann låg berre eit ørlite stykke frå sjukehuset. Kvar dag gjekk han frå hybelen og ned til Anna. Han hjelpte henne med å drikke. Han heldt flaska slik at sugerøyret blei godt å ha i munnen. Han delte opp maten hennar og oppmuntra henne til å svelgje, enda det gjorde vondt. Solmann var hos Anna heile dagen. Når ho låg vondt, hjelpte han henne å finne nye stillingar. Det var når han løfta henne og ho hadde armane sine kring han, at han kjende det som om ho famna han igjen. Og ikkje berre med ein arm! Ikkje berre med den armen som var begynt å få styrke igjen. Solmann kjende eit fast trykk også frå den veike armen. Sjeldan hadde han kjent slikt eit godt trykk. Han blei så glad. Kom Anna verkeleg til å få igjen styrken i begge armane sine?

26



anna er anna Anna ville så gjerne bu i huset sitt på Byrknes. Men da ho kom heim, blei det ikkje slik som ho hadde tenkt. Ho kunne ikkje gå. Ho kunne ikkje stelle seg. Og ho kunne ikkje snakke. Men ho kunne høyre og forstå! – Korleis er det med Anna? spurde naboane. – Vettet har ho i behald, sa Solmann. – Det gode vettet sitt, det har ho behalde. Likevel var alt snudd om! Heile livet var snudd om både for Anna og Solmann, det såg jo alle. Og dei undra seg, og beundra Solmann, for dei såg jo kor mykje han stelte med den sjuke kona si. – Anna er Anna, sa Solmann, – same korleis du snur på det.

30


solmann bYggjer om Anna hadde fått ein elektrisk rullestol med frå Førde. Denne stolen hadde sterk motor, så han kunne køyre langt. Han kunne brukast både ute og inne. Og han var like stødig i vind som i regn. Men … det var eit men: Anna torde ikkje å køyre stolen sjølv. Ho ville at Solmann skulle køyre henne. Og Solmann kunne gjerne køyre, men han kunne ikkje gå! Solmann, med det «gode» hjartet, hadde nemleg dårleg hjarte. Det var operert i 1993. Fire bypassar var sette inn. Men sidan to av dei var tette, måtte han vere forsiktig. Beina hans var heller ikkje gode. Dei var også opererte. For tette årer. To gonger, faktisk. Så om han skulle køyre, måtte han stå på stolen på eit vis. – Vi byggjer om stolen, sa Solmann til Anna.

31


Slik gjorde Solmann: Først festa han ei plattform bak på stolen. På den kunne han sjølv stå og styre. Deretter festa han eit sete på plattforma. Setet tok han frå ein trimsykkel. No kunne han sitje og styre. No kunne turane bli lange! Kvar dag var dei to på tur. For da kulda kom, laga Solmann piggdekk. Han sette inn skruar som grov seg ned i isen. Slik køyrde dei trygt i all slags vêr. Han og Anna. Heile året.

32



i vinden Kvar dag brukte Anna og Solmann den spesielle rullestolen. Kva slags vêr det var, spelte inga rolle, for Solmann hadde skaffa eit trekk. Og dette trekket gav Anna ly for vinden, same kvar han kom frå. Men dei snakka alltid om vêret likevel. – Kva vêr får vi i dag? undrast dei. – Kva veg blæs vinden? Vinden og regnet gav variasjon. Dei ulike vêrtypane skapte spenning. Så dagane blei ikkje like, kvar ny tur hadde noko å by på. Livet begynte liksom på nytt! Der dei før hadde fare på sterke føter, tok dei seg no fram med den elektriske køyredoningen sin. Dei køyrde i alle retningar, opp bratte bakkar og ned i kvar hamn. Igjen tok dei øya si i bruk.

38





tre ting til anna Solmann har skaffa til vegar tre livsviktige ting. Dei er på rommet til Anna i Eivindvik: 1 Ei elektronisk fotoramme der fotoa stadig skifter. Slik blir det alltid noko nytt å sjå: gamle foto og nye foto. Foto av Anna slik ho er no, og slik ho var før. Foto av barna. Foto av barnebarn. Foto frå byturen i fjor. Foto frå turen dagen før, frå hagen, frå heimturen til Solmann. 2 Ein PC der dei kan dei lese aviser. Eller google. Eller skype. Dei snakkar med son sin ute i Nordsjøen. Eller dei snakkar med barnebarnet som studerer i England. 3 Ein ørliten iPad med trekkspelmusikk. Tonar frå den tida da Anna svinga seg i dansen. Ho svinga seg med sin Solmann, sjølvsagt!

72




alt for anna Solmann gjer alt for Anna: Han køyrer henne. Han stør henne. Han kler henne. Og han vaskar henne. På laurdagar er det hårvask. Anna set seg i rullestolen, og Solmann trillar henne bort til vasken. Heilt inntil vasken trillar han henne. Deretter tar han eit forkle av plast rundt halsen hennar, eit slikt som pleiarane bruker, og som dei har hengt att. Inst mot halsen hennar legg han eit handkle. Ytst legg han ei kappe, den som han dekkjer stolen med i ruskevêr. Så begynner han å vaske. Etterpå tørkar han håret hennar. Han fønar det. Ho blir så fin! Håret blir mjukt og blankt. Men kvitt blir det ikkje! Det var i bedehusbakken for lenge sidan at håret hennar var heilt kvitt. Om dei kyssar?

77



sÅ lengtar eg str aks til Henne Solmann går i sitt åttiførste år, på røykjeføter. Han har ei kone, ein son, tre døtrer – og eit dårleg hjarte. Somme gonger knurrar døtrene til han. Dei er urolege for far sin. Dei er redde at han skal bli for trøytt. Dei vil at han skal ta det med ro. – Ikkje løft så mykje på mor, seier døtrene. Solmann svarer ikkje. Han gjer som han vil. – Ikkje reis så ofte til Eivindvik, seier døtrene. Solmann smiler. Han må jo reise! For ikkje før er han heime, så får han lyst til å reise tilbake. Før sola er gått ned, har han alt begynt å lengte etter Anna. Solmann må reise til Anna. Det er det han må. Så ofte han kan. Så lenge han kan. – Det er noko eg må gjere, seier han. – Det gjer meg oppstemt og glad at Anna har det godt, at eg framleis kan gjere henne godt.

81



foto: Oddleiv Apneseth. Foto side 8 og 9: Frå privat album. font: Mercury papir: Munken Lynx, 150 g grafisk design: Blæst | Aud Gloppen repro og trykk: Elanders Fälth & Hässler utgitt med støtte frå Fritt Ord Leser søker bok Norsk kulturfond

© SK ALD AS 2013 Tel. 57 65 41 55 www.skald.no isbn 978-82-7959-182-5


Dummy av heile omslaget sett saman. Skal ikkje trykkjast.

anna og solm ann

Kvar dag køyrer Anna og Solmann på tur. Dei køyrer mellom helsetunet og Tusenårsstaden i Gulen. Solmann har sjølv skrudd saman den spesielle doninga, men så er han også ein spesiell mann. Denne boka er om Solmann og Anna Einebærholm, begge 81 år, om det gode samlivet og om det vonde slaget som råka Anna så brått. Det er Solmann som fortel om ein kjærleik stødigare enn Tusenårsstaden. ISBN 8279591825

Skald 2013 9

788279 591825

ISBN 978-82-7959-182-5

omsl ag: bl æst | au d gloppen

Anna og Solmann Erna Osland ✶ Oddleiv Apneseth [foto]