Page 1

Ordninga for Noregskunnskap ved høgare lærestader i utlandet Retningsliner for stønad til arrangement Føremål Stønaden skal medverka til å profilera Norge i utlandet og styrka norskundervisninga ved utanlandske lærestader. Det skal og bidra til at personar som arbeider innanfor norskundervisning ved utanlandske lærestader, får høve til fagleg påfyll, å treffa kollegaer og utveksla erfaringar. Tilskot kan gjevast til: • • • •

Arrangement som regionale konferensar, fagmøte og seminar som har eit relevant fagleg innhald Reise- og opphaldsutgifter for lektorar som deltek på slike arrangement Ekskursjonar, studentsamlingar, o.l. for utanlandske studentar Sommarkurs ved norske universitet og høgskular.

Kven kan søka? •

Utanlandslektorar og andre som underviser i norsk ved eit utanlandsk universitet, kan søka om å få dekka utgifter ved å delta på regional konferansar, fagmøte, seminar, o.l. Det kan og søkast om dekking av utgifter til studentarrangement, ekskursjonar o.l. Dei instansar som arrangerer regionale konferansar, fagmøte og seminar for utanlandslektorar og andre som utfører norskundervisning ved utanlandske lærestader. Slike instansar er først og fremst lærestader eller utanriksstasjonar Norske lærestader som arrangerer sommarkurs for utanlandske studentar

Søknadsfrist Det er søknadsfrist to gonger pr. år: • •

1. mars 1. november

Søknadsfristane vert kunngjort på SIU si internettside for utanlandslektorata. Ekstraordinære tiltak kan vurderast utanom søknadsfristane. Krav til søknad og rapportering


Dersom det vert søkt om stønad til eit arrangement, opphald eller ei reise på forskot, skal søknaden innehalda oversikt over berekna kostnader. Det må og opplysast om det vert søkt om å få dekt heile kostnaden eller delar av den. Dersom stønad til reise- og opphaldsutgifter for lektorar vert utbetalt som forskot, skal dette vera ein à-konto-sum. Det er eit krav/ein føresetnad at vedkommande sender inn rekneskap med dokumentasjon og kvitteringar i etterkant på faktiske utgifter. Evt. differanse mellom à-kontosum og faktisk kostnad vert deretter utbetalt. Dersom det ikkje vert sendt inn slik rekneskap, skal heile stønaden (à-konto-summa) krevjast tilbakebetalt. Dersom det vert søkt om stønad til eit arrangement, opphald eller ei reise i ettertid, skal søknaden innehalda oversikt over faktiske, dokumenterte utgifter. Kvitteringar for utgiftene skal leggast ved søknaden. Det skal brukast standardskjema for søknad om tilskot til konferansar, fagmøte og seminar som ligg på nettstaden til SIU. Klage på vedtak Vedtak fattet av SIU kan påklages. Klagefristen er 3 uker fra vedtaket er mottatt. Klagen må være skriftlig og rettes den som har fattet vedtaket. For mer klageinformasjon, se kapittel VI i Forvaltningsloven. Utbetaling •

Stønad til lektorar som søker om dekking av utgifter innan denne ordninga, vert utbetalt til lektoren sin konto. Føresetnaden er at dei omsøkte utgiftene vert dokumenterte, dersom dette ikkje vert gjort, skal evt. à-konto-tilskot tilbakebetalast. Dokumenterte utgifter kan utbetalast til privat konto Tilskot til instansar (lærestadar, utanriksstasjonar, o.l.) vert utbetalt til instansen sin konto som er oppgjeve i søknaden. Ein rapport som innheld program for arrangementet, talet på deltakarar og rekneskap skal sendast inn til SIU i etterkant, seinast ein månad etter gjennomføring Utgifter skal dokumenteras og ubrukte midler skal tilbakebetalas

http://new.siu.no/nor/content/download/2946/29049/file/Retningslinjer%20for%20st%C3%B8nad%20til%20ar  

http://new.siu.no/nor/content/download/2946/29049/file/Retningslinjer%20for%20st%C3%B8nad%20til%20arrangement.pdf