Page 1

– Svært gjevande både fagleg og sosialt for studentar og tilsette, seier Sigmund Kvam, professor ved Høgskolen i Østfold.

Dei fire sektorprogramma: I 2006 leia Kvam eit Er asmus intensivprogram kalla Wisstrans, kor studentar frå fem europeiske land omset te tekstar frå tysk til såkalla små språk. – Vi valde diabetes som emne og tok utgangspunkt i ein akademisk tekst på tysk. Fyrste delen av jobben bestod i å omskrive teksten med tanke på ein allmenn lesar. Andre delen besto i å omsetje den populariserte teksten frå tysk til norsk og andre små språk, forklarar Kvam. I alt 24 studentar og sju tilsette frå universitet og høgskular i Noreg, Hellas, Danmark, Austerrike og Latvia møttest til intensivseminar på Det joniske universitetet på Korfu våren 2006. Forutan mykje praktisk tekstarbeid fekk studentane undervisning i mellom anna

omsetjingsteori og tekstlingvistikk. Opplegget var ein del av den regulære tyskunder visninga og gav ti studiepoeng. – Vi tilsette kjenner kvarandre frå tidlegare forskingssamarbeid, det trur eg var ein viktig føresetnad for at vi lukkast så godt. Vi slo saman den samla kompetansen vår, og der ligg den store bonusen. Ingen av oss kunne fått til dette på eiga hand, understrekar Kvam, og viser til at studentane såleis fekk reell forskingsbasert under visning, uvurderleg tyskpraksis og verdfulle sosiale møte. Dei to vekene på Korfu var nok høgdepunktet i Wisstrans. I tillegg kom både fagleg og administrativ for- og etterarbeid. Gruppa arbeider no med å ut vikle opplegget vidare. – Mellom anna jobbar vi med å etablere felleseuropeiske modular i omsetjing. Det håpar eg at vi kan få opp og gå om nokre få år, avrundar Sigmund Kvam.

SIU er eit forvaltingsorgan under Kunnskapsdepartementet og for valtar inter nasjonale samarbeidsprogram på alle utdanningsnivå, frå barnehage til høgare utdanning. 5 /ERASMUS

• Comenius for barnehagar, grunnskular, videregåande opplæring og lærarutdanning • Leonardo da Vinci for fag- og yrkesopplæring • Erasmus for høgare utdanning • Grundtvig for vaksnes læring

S E N T E R F O R I N T E R N A S J O N A L I S E R I N G AV H Ø Y E R E U T D A N N I N G TLF: 55 30 88 00 FAKS: 55 30 88 01 E-POST: SIU@SIU.NO ADRESSE: POSTBOKS 7800, 5020 BERGEN BESØKSADRESSE: VASKERELVEN 39, 5014 BERGEN WWW.SIU.NO

• 24056 • Publiser t april 2007 • Tr ykk Molvik Graf isk as • Prof ilFoto David Zadig • Opplag 10.000

Saman for små språk

Program for livslang læring er EUs samarbeidsprogram for utdanning i Europa 2007-2013. Over 30 europeiske land deltek i programmet, som omfattar formell og uformell læring på alle nivå.

ERASMUS FOR T IL SE T T E I HØGARE UT DANNING


Gjennom Erasmus kan tilsette ved universitet og høgskular få ei konsentrert internasjonal erfaring som ikkje krev altfor omfattande førebuingar. Eit Erasmus-opphald gir gode moglegheiter til å opprette eller følgje opp samarbeid med europeiske partnarinstitusjonar.

Erasmus – for tilsette i høgare utdanning

Kva gir Erasmus støtte til?

Korte kurs, store nettverk

Erasmus er EUs program for samarbeid mellom høgare utdanningsinstitusjonar i Europa. Eit hovudmål er å støtte utviklinga av eit europeisk område for høgare utdanning.

Gjennom Erasmus-programmet får både fagleg, administrativt og teknisk tilsette gode moglegheiter til å knyte og utvikle kontakt med europeiske kollegaer.

Høgare utdanningsinstitusjonar kan søkje om midlar til å utvikle og arrangere intensivprogram på tvers av landegrensene.

Erasmus har vore mest kjent som eit ut vekslingsprogram for studentar. Men Erasmus rommar også fleire aktivitetar spesielt retta mot tilsette ved universitet og høgskular.

Undervisningsopphald

Intensivprogram

Erasmus er for både fagleg, administrativt og teknisk tilsette. Fagleg tilsette kan til dømes ha undervisningsopphald ved ein europeisk partnarinstitusjon. For alle tilsette finst gode moglegheiter for studieopphald i Europa.

2 /ERASMUS

Om Erasmus Desiderius Erasmus Roterodamus (ca. 1467-1536), Erasmus frå Rotterdam, var filosof, teolog og filolog. Han var renessansetidas største humanist og reiste og studerte i England, Frankrike og Nederland. Han hadde ei svært omfattande litterær verksemd.

Fagleg tilsette kan få stipend for å undervise ved ein partnarinstitusjon i Europa. Opphaldet skal innehalde minst fem undervisningstimar og kan vare i opptil seks veker. Dette er den klassiske lærarmobiliteten innafor Erasmus-programmet.

Tilsette i høgare utdanning kan dessutan ha studieopphald i ei europeisk bedrift for å skaffe seg praktiske ferdigheiter og lære gjennom overføring av kunnskap. Slike opphald kan til dømes omfatte seminar, workshops, kurs eller praktisk opplæring.

Studieopphald

Studieopphald skal vare i minst ei veke, maksimum seks veker.

Både fagleg, administrativt og teknisk tilsette kan ha studieopphald i ein europeisk utdanningsinstitusjon for å få faglege og pedagogiske erfaringar.

For meir info: Kontakt internasjonalt kontor eller tilsvarande ved eigen institusjon. Sjå også: www.siu.no/erasmus

Eit intensivprogram (IP) er eit kortvarig kurs som samlar studentar og fagleg tilsette frå minst tre europeiske land. Føremålet er å gi moglegheiter til læring i eit internasjonalt miljø og skape eit forum for utveksling og testing av nye undervisningsmetodar. IP skal fremje fleirnasjonal undervisning i emne som det elles berre ville blitt undervist i ved svært få institusjonar. IP bør vere integrert i studieprogramma til studentane og forholdstalet mellom

studentar og fagleg tilsette må være slik at det sikrar aktiv deltaking i klasserommet.

Multilaterale prosjekt og nettverk Erasmus-programmet gir òg støtte til større multilaterale prosjekt, til dømes utvikling av felleseuropeiske studieprogram eller samarbeid mellom næringsliv og høgare utdanning. I tillegg blir det gitt støtte til store, tematiske nettverk. Søknader blir i begge høve handsama av EU-kommisjonen. For meir informasjon: http://eacea.ec.europa.eu ERASMUS/ 4

http://new.siu.no/nor/content/download/982/10017/file/Erasmusbrosjyre_ansatt_2007_web  

http://new.siu.no/nor/content/download/982/10017/file/Erasmusbrosjyre_ansatt_2007_web.pdf

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you