Page 1

• Kontakt internasjonal koordinator ved heimeuniversitetet og følg om nødvendig dei formelle klageprosedyrane • Dersom du framleis er misnøgd, kontakt SIU

SENTER FOR INTERNASJONALISERING AV HØYERE UTDANNING TLF: 55 30 88 00 FAKS: 55 30 88 01 E-POST: SIU@SIU.NO ADRESSE: POSTBOKS 7800, 5020 BERGEN BESØKSADRESSE: VASKERELVEN 39, 5014 BERGEN WWW.SIU.NO

• 24370 • Publiser t aug. 2007 • Tr ykk Molvik Graf isk as • Prof ilfoto David Zadig • Opplag 1.000

Dersom du får problem: • Undersøk kva rettar og plikter du har

ERASMUS STUDENTCHARTER RE T TA NE DINE SOM ER A SMUS -S T UDENT


Erasmus studentcharter Du får status som Erasmus-student om du oppfyller kriteria til og er vald ut av universitetet ditt til eit Erasmus-opphald i Europa. Opphaldet kan omfatte studier ved eit partnaruniversitet eller praksisopphald i ei verksemd eller ein organisasjon. Ved studieopphald må begge universiteta ha eit Erasmus universitetscharter frå Europakommisjonen. Ved praksisopphald må heimeuniversitetet ha eit utvida Erasmus universitetscharter (som omfattar rettar og plikter ved praksisopphald). *

Med ”universitet” meiner vi alle høgre utdanningsinstitusjonar som, i tråd med nasjonal lovgjeving eller praksis, tilbyr godkjende grader eller kvalifikasjonar.

Som Erasmus-student har du rett til å forvente:

• At du får same behandling og service ved vertsuniversitetet som universitetet sine eigne studentar

• At heime- og vertsuniversitetet har inngått ein institusjonsavtale

• At du har adgang til ditt heime- og vertsuniversitet sine Erasmus universitetscharter og ”Erasmus Policy Statement”

• At heime- og vertsinstitusjonen skriv ein studie-/opplæringsavtale med deg før du reiser. Avtalen skal gje nærare opplysingar om aktivitetane du har planlagt under Erasmusopphaldet, inkludert dei studiepoenga du skal ta

• At heimeuniversitetet ditt gjev full akademisk godkjenning av dei aktivitetane som du har gjennomført under Erasmusopphaldet, i samsvar med studie-/opplæringsavtalen

• At du ikkje betalar avgifter ved vertsuniversitetet for undervisning, registrering, eksamen eller tilgang til laboratorium og bibliotek i løpet av Erasmus-opphaldet

Som Erasmus-student vert det forventa at du:

• At du får med deg eventuelle stipend eller studielån du har i heimlandet medan du er utanlands • At du etter endt utlanandsopphald får ei eksamensutskrift (studieopphald) eller annan dokumentasjon (praksisopphald) som gjev oversikt over studia du har gjennomført eller arbeid du har gjort, underteikna av vertsinstitusjonen. Eksamensutskrifta viser resultata dine (studiepoeng og karakterar). Dersom praksisopphaldet ikkje går inn i vanlege læreplanar, vil opphaldet som eit minimum bli registrert i Diploma Supplement (som er eit engelskspråkleg tillegg til eksamensbeviset ditt)

• Respekterer reglar og plikter i Erasmus-avtalen du har med heimeuniversitetet ditt eller med nasjonalkontoret for Erasmus i heimlandet ditt (SIU) • Ser til at eventuelle endringar i studie-/opplæringsavtalen vert avklarte skriftleg med både heime- og vertsinstitusjonen så snart som råd • Gjennomfører heile studie- eller praksisopphaldet ved vertsinstitusjonen slik det er avtalt, fullfører eksamenar eller andre evalueringar og respekterer reglementet • Skriv ein rapport om Erasmus-opphaldet når du kjem heim og, på førespurnad, gjev tilbakemeldingar til heimeuniversitetet ditt, SIU eller Europakommisjonen

http://new.siu.no/eng/content/download/986/10111/file/Erasmus_studentcharter_nyn  

http://new.siu.no/eng/content/download/986/10111/file/Erasmus_studentcharter_nyn.pdf

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you