Repertoarmagasin våren 2018

Page 31

VALDENS HISTORIE

Teaterframsyninga av Édouard Louis´ første roman Farvel til Eddy Bellegueule blir også sett opp med nye framsyningar i vår. Her tek han eit oppgjer med oppveksten som ung homofil i ein liten fransk småby. Foto: Chis Erlbeck.

Emil Johnsen og Preben Hodneland leikar fram historia og glir inn og ut av ulike roller og forteljarstemmer i teaterversjonen av Valdens historie. Framsyninga hausta strålande kritikkar i pressa etter premieren i fjor haust. Foto: Gisle Bjørneby.

tiet eller rettsvesenet, så tilhøyrer historia di plutseleg staten. Først er kroppen din stolen frå deg av personen som forgreip seg på deg. Og så er kroppen din stolen igjen, av staten og rettsvesenet, seier forfattaren. Dette betyr ikkje at ein som offer ikkje skal fortelje og vitne om det ein har opplevd. Historiene som rulla ut i fjor under #metoo–rørsla, meiner han er utruleg viktige. Men for han er dette paradokset som gjer det vanskeleg. Ein mistar retten til eiga historie, og det kan vere nok eit overgrep, nok eit døme på vald. KVINNENES STEMME

I Valdens historie er Édouard på besøk hos søstera; han står gøymd bak ei dør og høyrer henne gjenfortelle historia til mannen sin. Gjennom hennar stemme får Édouard, og lesaren, høyre kva som skjedde denne natta, og i tida etterpå. Denne stemma er eit minne frå barndommen. – Eg vaks opp omringa av kvinner, og eg har tatt vare på minnet om stemmene deira.

Mor mi snakkar mykje, i lange setningar og lange svar. Da eg var liten var det irriterande, men i dag ser eg at det er eit språk fullt av sjel, metaforar og bilde, meiner Louis. Han tenkte at denne stemma eksisterer ikkje i litteraturen. For han blei det viktig å vise at desse kvinnenes stemme også kunne skildre verkelegheita, at ho kunne snakke sanning. Men vi får òg høyre Édouards korrigeringar og søstera sine tankar om Édouard og det han har opplevd. På denne måten blir forteljargrepet også ein kommentar til omgrepet ‘sanning’, og korleis historier endrar seg etter kven som fortel dei. FIKSJON ER LUKSUS

Mykje av samtalen rundt Louis’ to romanar har nettopp dreidd seg om at dette er forteljingar frå hans eige liv, og for han har det vore heilt sentralt at folk visste at dette var verkelegheit. – Etter at eg rømte frå landsbyen eg vaks opp i, begynte å studere og forstod at eg ville skrive bøker, innsåg eg at fiksjon var ein luksus eg ikkje hadde råd til, seier Louis. Han fortel om eit barndomsminne frå han var om lag 10 år. Den franske forfattaren J. M. G. Le Clézio vann nobelprisen i litteratur. Og sjølv om Louis’ familie ikkje visste kva som skjedde i litteraturverda – dei las ikkje bøker – blei denne hendinga vist og snakka om på TV. – Vi såg Le Clézio snakke om korleis han bygde karakterar, situasjonar og gav liv til karakterane sine. Og eg hugsar eg hadde denne veldig barnslege, naive tanken: ‘Kvifor snakkar du ikkje om oss? Vi er her. Vi lid. Ingen snakkar om oss! Og så kastar du bort den føkkings tida di på å lage ei kvinne som heiter Brigitte som vil ete ost?’ Eg trur dette minnet er eit slags traume som blei viktig for meg som forfattar. Eg trur sanninga er ein politisk styrke.

AV Édouard Louis OMSETJING Egil Halmøy DRAMATISERING Kjersti Horn og ensemblet TIL NYNORSK Carl Morten Amundsen REGI Kjersti Horn URPREMIERE 13. desember 2017 på Scene 2 MED: Emil Johnsen og Preben

Hodneland Édouard møter ein fascinerande mann, og tek han med heim. Etter kvart utviklar kjærleiksmøtet deira seg til brutal valdtekt og drapsforsøk. Kan eit liv i audmjuking forklare kvifor ein endar opp som valdsmann?

måtar å tvinge lesaren til å oppfatte det du ønskjer å seie, argumenterer Louis. Han vil ikkje at lesaren hans skal vere fri. – Når du les boka mi, vil eg ikkje at du skal sleppe unna. For meg er målet å finne ein litterær konstruksjon som konfronterer lesaren med det eg vil seie. Så det er ikkje berre ‘engasjert’ litteratur, det er konfronterande litteratur eg skriv. KONFRONTERANDE SANNING

Ein måte for han å vere konfronterande har nettopp vore i det å insistere på at det han skriv, er sant. Og det har han fått mykje kritikk for. – Når du snakkar om vald, trur ikkje folk på det. Det er ein grunnleggjande mekanisme, seier Louis. Han erkjenner at det er nokre sanningar som kan diskuterast, men fenomen som fattigdom, valdtekt, vald eller transfobi er objektive sanningar. – Smerte er sanning! Det finnes ingenting meir objektivt enn smerte. Eg snakkar om menneske som lid, menneske som lever, og vi kan ikkje seie at vi ikkje bryr oss. På same måte som vi snur oss vekk når vi går forbi ein heimlaus person på gata, kan fiksjonslitteraturen bli eit verktøy for å snu seg vekk. Og eg tenkte: Korleis kan eg endre det? Dette er sanninga, sanninga er ubehageleg og litteraturen skal vere ubehageleg.

Først er kroppen din stolen frå deg av personen som forgreip seg på deg. Og så er kroppen din stolen igjen, av staten og rettsvesenet.

HISTORIA OM VALD POLITISK LITTERATUR

For Édouard Louis er all litteratur politisk. Å publisere ei bok medfører at du har ei stemme i eit hav av diskursar, idear og meiningar. Men det filosofen og forfattaren Jean Paul Sartre kalla ‘engasjert litteratur’, er ikkje lenger nok, hevdar han. – Verkelegheita har endra seg veldig sidan Sartre skreiv om det. Til dømes er ikkje bøker forbodne lenger, dei blir ikkje brende, i det minste ikkje i dei vestlege demokratia. Det betyr at vi i dag kan seie kva som helst. Så å seie noko er ikkje lenger nok. Vi må gå lenger. Vi må prøve å finne litterære || VÅR 2018 ||

Louis meiner det er naudsynt å snakke om vald. – Når ein ser på historia, så er det når vi snakkar om vald, at vi gjer verda betre. Gjennom feminismen, homokampen, gjennom dei svartes kamp eller marxismen. Alle desse rørslene snakka om vald. Viss vi ser på livet til ei kvinne, ein homofil person, ein mørkhuda person eller ein arbeidar, – så er livet ditt bygd rundt eksklusjon, dominans og framandgjering. Eg trur at jo meir vi snakkar om denne valden, jo enklare kan vi skape ei betre verd, avsluttar Louis. 31


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.