Page 1

P책 dod og liv i asfaltjungelen


2


På dod og liv i asfaltjungelen

Kjære publikum Jungelboka av Rudyard Kipling på Hovudscenen på Det Norske Teatret er ein heilt ny og ung versjon. Denne gongen er handling og karakterar flytta frå Disney-jungelen til den urbane storbyjungelen. T-banen har kollapsa og delar av byen ligg i ruinar, berre grafitti vitnar om liv. I denne framtidssagaen finst berre restar av sivlisasjon - her er livet hardt, farefullt og grensa mellom liv og død er hårfin.

- Velkommen til Jungelboka

3


Skinhead og Kill Bill I denne versjonen av Rudyard Kiplings Jungelboka er dyra i jungelen menneskeliknande karakterar vi kjenner att frå dagleglivet, frå film, TV-spel, frå populærkulturen og frå ulike ungdomsmiljø: apene er rike, moteriktige kids frå vestkanten, ulvane er street-smarte hiphoparar, slangen Kaa har klar likskap med Uma Thurman i filmen Kill Bill, Shere Khan er ei skremmande kjempe frå skinhead-miljøet, og Baghera er ein middelaldrande transvestitt.

4

Betongjungel

Frå fødselen av er Mowgli fritt vilt i betongjungelen. Tigeren Shere Khan har banna på at han skal utrydde Mowgli og resten av menneskeslekta. Men med hjelp frå bjørnen Baloo og panteren Bagheera blir Mowgli adoptert av ulveflokken, det frie folket, og veks opp i eit hardt, men rettferdig miljø som lører han at det viktigaste er jungellova og felleskapet. Staden er ein mareliknande framtidsjungel, i ruinane av ein by som menneska har reist vekk frå for lenge sidan. Skal Mowgli klare seg, må han lære seg jungellova og meisterordet. Han blir dregen mello dei harde krava læremeistrane Baloo og Baghera stiller til han og dei ville


festane som dei rike og overflatiske apene invitere han til. Hovudpersonen Mowgli (Adil) er ein ung gut som gjennom ei rekkje prøvingar, går frå barn til vaksen. Han snakkar alle dyras språk, men blir dratt mellom dei ulike miljøa. Han kjempar for at det gode skal sigre over det vonde, og at alle skal få lov til å vere seg sjølv. Heile tida prøver han å finne ut kven og kva han verkeleg er, dyr eller menneske. Da Shere Khan vender tilbake til jungelen og krev livet hans, må Mowgli møte lagnaden sin i ein kamp på liv og død.

Kultframsyning

Hovudrolleinnehavar Adil er mest kjend for å ha vunne Dansefeber på

TVNorge i 2006, men han har òg vunne Scandinavian Battle Of The Year i 2001. I dei seinare åra har han utmerka seg på diverse norske scener, han har mellom anna medverka i West Side Story og Nøtteknekkeren på Oslo Nye Teater, for tida er han med i framsyninga @ lice på Riksteatret. Manuset er ein omarbeidd versjon av originalstykket laga av Alexander Mørk Eidem, og regissør Erik Ulfsby skal i samarbeid med musikarar og koreograf sørgje for at dette skal bli ei god blanding av konsert, teater og danseframsyning. Stykket er fullt av fart og humor og har i Stockholm vore ei utseld kultframsyning og svært populær hos ungdom. Peter Baden og Lars Lars-

sen Naumann er ansvarlege for musikken. Sistnemnde er kanskje mest kjend for å vore med i bandet Multicyde, medan Peter Baden er elektronikamusikar. Koreografen Belinda Braza har tidlegare mellom anna laga koreografi på Riksteatrets turn\eversjon av Dansefeber, og er i tillegg dansar og lærar innan hiphop og jazzdans ved fleire skolar i Osloområdet. Scenograf Even Børsum har tidlegare gjesta Det Norske Teatret som scenograf for Som du vil i 2000. I tillegg har han mellom anna stått for scenografien på musikalane Rent og West Side Story på Trøndelag Teater, og sist Elektra på Oslo Nye Teater.

5


Kvinnen bak korigrafien Korigraf- Belinda Braza voks opp i ein heim fylt av karaokesong og filippinsk folkedans og enda opp som Mor Hiphop i landet. «Kidsa» kallar meg berre Mama B, flirer Belinda Braza der ho sit i solskinet med store gullfarga øyreringar som blenkjer, jakke som skin i gull og blått og med romsleg dongeribukse i lågt tyngdepunkt på den spinkle kroppen. Belinda Braza er ein av Noregs hottaste koreografar for tida. Ho får folk til å svinge seg på fjernsyn, ho

6

held kurs på danseskular og kunsthøgskular og «kidsa» ho snakkar om, det er alle ungane, studentane og dei godt vaksne som kjem under dei luftige dansevengene hennar. Denne hausten skal Belinda Braza få ulvar og apar til å danse på den rette måten. Ho er hyra inn til å vere koreograf i framsyninga av Rudyard Kiplings Jungelboka, ein asfaltjungelversjon av klassikaren. Apane er rike og snobbete vestkantungdom medan ulvane er street-smarte hiphoparar. - Eg skal bruke sommaren på å finne det rette rørsleuttrykket. Dei tøffe, overkule ulvane skal få store danseutfordringar gjennom «battles» og kanskje litt «street jumping».

Dei snobbete, noko nerdete apane derimot er ikkje så flinke til å røre på seg, trur eg. Det skal bli mykje humor òg. Det passar jo eigentleg ikkje så godt saman med den kule hiphop«attituden», men her skal eg hente fram revysida i meg, smiler Braza. Fire år gammal byrja Belinda Braza å danse filippinsk folkedans. Musikken var òg ein følgjesven tidleg i barndomen. Midt i stova heime i Bergen sto det ein karaokemaskin. - Alle filippinske heimar har ein karaokemaskin, ler Braza. Det gjekk frå karaoke til hiphop. I dag er det koreografi som girar ho mest opp, og ho blir svært stolt når ho ser sitt eige rørslemønster hjå andre dansarar. - Eg får kick når eg dansar sjølv òg,


men koreografikicket er gonger hundre. Kvifor er det eit større kick? - Kvar einskild dansar har sitt eige rørslemønster. Det å klare å få ein dansar til å sjå, forstå og ikkje minst like mitt rørslemønster er ei stor utfordring. Og det er svært lett å sjå om dansarane ikkje likar det eg held på med. Det er lett å sjå om dei ikkje gidd å puste liv i koreografien. Derfor er det eit så stort kick når det lukkast. Om det ikkje blir bra, er det mi rumpe som heng der, det er ikkje dansarane si skuld. Er det stor skilnad på å jobbe med profesjonelle og uprofesjonelle dansarar? - Når eg jobbar med uprofesjonelle dansarar dreier det seg om rein

danseglede. Eg vil sjå at «kidsa» har det gøy. Dei profesjonelle har ofte jobba med mange ulike koreografar, og veit meir kva dei likar eller ikkje likar. Responsen frå dei profesjonelle dansarane kan dermed vere kvassare. Samstundes kan eg setje høgare krav til dei. Eigentleg handlar det alltid om danseglede. Om dei profesjonelle dansarane ikkje har det gøy på scenen, blir det heller ikkje eit bra resultat.

til det opprørske i ungdomskulturen. Eg voks opp med strenge reglar, gjekk på katolsk skule i Bergen, og blei veldig rebell. Samstundes gav hiphopmiljøet meg ei kjensle av tryggleik. Hiphop-dansen hjelpte meg å byggje opp sjølvtillit, fortel Braza. Tekst MARGUNN VIKINGSTAD

Kva er det med hiphop som tiltrekkjer deg? - Hiphop er jo så mykje, det er musikk, det er mote, det er dans, med mange underkategoriar som streetdance, breaking osb, det er ein kultur og ei haldning. Hiphop stilen passar

7


Å treffe ungdommen heime

Ungdomstilbud Er du mellom 13 og 19 kan du både sjå teater, vere med bak scenen og treffe skodespelarar for ei billeg penge! I januar 2009 lanserer Det Norske Teatret eit nytt rabattkort som skal gjere det lett og sosialt å oppleve teater hos oss.

Ja, det er overskrifta på alle teatersjefars største draum, og aldri blir vi så veltalande utan grunn som når vi kjem inn på dette temaet. Derfor har eg no i haust gått fleire turar eins ærend ned i billettluka berre for å sjå ungdommar med saggebukser ned i knehasen og rullebrett under armen, vase rundt i foajeen for å kjøpe billettar til Jungelboka. Og ikkje i lag med vaksne: gjengar på tre og fire, jenter og gutar, og etter hudfargane å dømme, eit tverrsnitt av det moderne Oslo. Det har vore ein sann svir og ei stor glede å sjå teatersalongen totalt forandra både på scenen og i salen. Vi har verkeleg fått ein leksjon i kva det betyr å ha levande rollemodellar på scenen. Dette skjer ikkje kvar sesong, det er sant, men det er muleg, det gir oss blod på tann, og det gir perspektiv på dei andre ungdomsprosjekta våre, så nokre ord om dei. DUS, Den unge scenen, har sin base på Det Norske Teatret, driven fram av entusiastar og ein svært effektiv ide som er så god at prosjektet har kome på statsbudsjettet. DUS aktiviserer unge dramatikarar, ungdom får møte eit sjangermessig breitt utval av dramatiske tekstar av god kvalitet, ungdommar med svært ulik bakgrunn får snust på teatermagien, dette er i det heile tatt eit storarta rekrutterings-

8

prosjekt både for smak og handverk. Men skrytelista mi er ikkje slutt: Kvart år er Det Norske Teatret vertskap for Norsk Dramatikkfestival, som tar til å bli ein godt innarbeidd tradisjon. Innsende kortdrama blir juryerte og sette opp i eit program der ulike institusjonsteater og festivalen sjølv produserer framsyningane. Festivalen er ein viktig møtestad for ny norsk dramatikk og for dramatikarar med sine framtidige produsentar. Det Norske Teatret har sitt utspring i ei stor og sterk amatørteaterrørsle, denne kunstnarlege navlestrengen vil vi ikkje klippe av. Kvart år, rundt St Hans, arrangerer vi saman med Noregs Ungdomslag ein festival for amatørteatergrupper frå heile landet. Variasjonen er stor, og talenta, som kanskje ein gong kjem til å stå på akkurat desse scenane, er mange.

• Kortet blir eit medlemskort som gir rabatt på alle ordinære framsyningar for både deg og ein venn/venninne. • Du får ikkje berre billigare teater, men også eigne ungdomskortaktivitetar i samband med eit utval framsyningar • Saman med andre på same alder får du kvar sesong tilbod om særskilde teaterkveldar • Du får tilbod om å treffe skodespelarar frå aktuelle stykke, omvising på teatret, høve til å bli med bak scenen og delta på workshopar • Vi sender deg informasjon på e-post/over Facebook om kva stykke vi presenterer og oppdateringar om dei ulike ungdomsarrangementa våre


9


På Scenen Skodespillerane

• Adil Thathtaal - Spelar Mowgli • Svein Roger Karlsen - Spelar Shere Kahn • Lars Jacob Holm - Spelar Bagheera • Geir Kvarme - Spelar Baloo • Jonas Georg Digerud - Spelar Candy • Niklas Gundersen - Spelar Danny • Ulrikke Hansen Døvigen - Spelar Kaa • Bernhard Ramstadakela • Yavuz Topuz - Spelar Tuhuu • Jon Eivind Gullord - Spelar Tabaqui • Elisabeth Sand Raksh • Liv Ellen H - Spelar Karhs Gribb

10


11


P책 dod og liv i asfaltjungelen

Speledag og framsyningar Dato 02/05-09 05/05-09 06/05-09 07/05-09 08/05-09 09/05-09 12/05-09 13/05-09 14/05-09 15/05-09 16/05-09 19/05-09 20/05-09 22/05-09 23/05-09 26/05-09 27/05-09 28/05-09

Dag La Ty On To Fr La Ty On To Fr La Ty On Fr La Ty On To

Tid 18.00 17.30 17.30 17.30 17.30 14.30 17.30 17.30 17.30 17.30 18.00 17.30 17.30 17.30 14.30 17.30 17.30 17.30

Dato Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka

29/05-09 02/06-09 03/06-09 04/06-09 05/06-09 06/06-09 09/06-09 10/06-09 11/06-09 12/06-09 13/06-09

Dag Fr Ty On To Fr La Ty On To Fr La

Tid 17.30 17.30 17.30 17.30 17.30 14.30 17.30 17.30 17.30 17.30 14.30

Premieredato: 9.10.2008 Pris: 340 kr ( Ungdom 150 kr ) Speletid: 2 timar inkl pause

Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka Jungelboka

Jungelboka, Hanne Haugland 2MKB  

Jungelboka, Hanne Haugland 2MKB

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you