Page 1

LITT LENGRE FRÅ BYEN LITT NÆRARE HIMMELEN

LEDIG KALL SOM PREST I FJELLBYGDA VÅGÅ


EIT STORT STEG NÆRARE SKAPERVERKET ...OG LIVET DU DRØYMER OM? Å flytte til fjellbygda Vågå sletter brorparten av boliglånet, frir deg frå tidsklemma og gir deg unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko for deg – omgitt av natur i den absolutte Norgestoppen. Eit høgst levande sentrum med nisjebutikkar, kvalitetskafear og sambygdingar i triveleg prat i gatebildet har vi og. Og midt i kvardagen: Vågåkyrkja. Med si unike historie, arkitektur og utsmykking - og sentrale plass i den vitale fjellbygda Vågå. Ein kan faktisk bli lykkeleg av mindre.


FJELLBYGDA VÅGÅ Midt i Sør-Noreg, omgitt av grøne enger, høge fjell og ofte skyfri himmel, ligg den høgst levande fjellbygda Vågå. Verdskjend for Besseggen og Gjende, med Rondane, Jotunheimen og Dovrefjell som nære naboar. Eit liv litt lengre frå byen, men veldig mykje nærare himmelen. Med rikt friluftsliv, blomstrande reiseliv, unikt landbruk, levende kulturarv, enormt aktivitetstilbod - og eit sjarmerende og innhaldsrikt bygdesentrum der tre generasjonar omgår kvarandre i kvardagen. Ser ut som Skomakergata gjer det og. Og midt i bygdeidyllen: Vågåkyrkja. Ei kulturhistorisk openbaring, der dei eldste stavane skriv seg attende til tidleg middelalder. Eit gudshus som bygdefolket er stolte av, hegnar om, vitjar og gladeleg syner fram - med Vågåkrusifikset frå 1250 som sjølve smykket. 


STILLING LEDIG: SOKNEPREST I NORD-GUDBRANDSDAL  MED HOVUDANSVAR FOR VÅGÅ SOKN I Vågåkyrkja er målet vårt å byggje opp ei levende folkekyrkje og opne kyrkja for folk si tru i deira kvardag. I den unike tradisjonsbygda nord i Gudbrandsdalen er Vågåkyrkja del av ein unik kulturarv der handverk, musikk, kunst og anna kultur er i dagleg hevd hand i hand med eit særs aktivt idretts- og organisasjonsliv.  Om du skulle vere i tvil: Vi er sjølve vilt begeistra over det gode livet i smellvakre og vitale Vågå. Kjenner du på lengselen etter å vandre på over grøne enger og slå inn på smale stiar oppunder ein høgare himmel, vil vi våge påstanden at du no er bønhøyrd. Gjer som mange før deg her i fjellbygda: Våg å satse.


VÅGÅ I VERDA Vågå er del av NordGudbrandsdal prosti, som ligg i hjarta av Sør-Noreg og omfattar kommunane Lesja, Dovre, Sel, Nord-Fron, Vågå, Skjåk og Lom, og store deler av dei mektige fjellområdane Jotunheimen, Breheimen, Dovre og Rondane.  Pilegrimsleden frå Oslo til Nidaros er på sitt mest storslåtte her nord i Gudbrandsdalen, og kyrkjehistoria er både rik og høgst levande.


VÅGÅ I FJELLHEIMEN

Frå Vågå når du Jotunheimen, Rondane og Reinheimen på en halvtime, Dovrefjell og Breheimen på ein time - og fjordane i Sogn og Romsdalen på eit par. Besseggen, Glittertind, Galdhøpiggen, Rondeslottet og Snøhetta er nokre av dei ikoniske fjella som ligg i nabolaget - og derimellom ligg eit knippe smellvakre fjelldalar der vi bur, trivs og lev svært aktive daglegliv i eit kulturlandskap du elles berre finn i folkeeventyra. 


VÅGÅKYRKJA - MIDTPUNKT I BYGDA I den unike tradisjonsbygda nord i Gudbrandsdalen er Vågåkyrkja del av ein unik kulturarv der handverk, musikk, kunst og anna kultur er i dagleg hevd hand i hand med eit særs aktivt idrettsog organisasjonsliv.  I Vågåkyrkja er målet vårt å byggje opp ei levende folkekyrkje og opne kyrkja for folk si tru i deira kvardag. Om du skulle vere i tvil: Vi er sjølve vilt begeistra over det gode livet i smellvakre og vitale Vågå. Kjenner du på lengselen etter å vandre på over grøne enger og slå inn på smale stiar oppunder ein høgare himmel, vil vi våge påstanden at du no er bønhøyrd. Som vi likar å seie her i fjellbygda: Våg å leve.


KYRKJEKUNSTEN Vågåkyrkja er einaste gudshus i soknet, reist i åra 1625-30. Men delar av bygningen og inventar som portalar og døypefonten går attende til tidleg middelalder (kring 1130 ). Vågåkyrkja rommar svært mykje flott kyrkjekunst frå 1600 tallet. Preikestolen er frå seinrennesansen (kring 1625) og er ved sia av preikestolane i Mariakyrkja i Bergen og domkyrkja i Stavanger rekna som den flottaste i landet frå denne tidsperioda. Johannes Skråstad si altertavle i bruskbarokk frå 1674 og Henning Munch si syndefallforteljing i kormåleriet frå kring 1685 er og vidgjeten kyrkjekunst. I 1710 måla Eggert Munch sine bilder av dydene på den historiske storgarden Håkåstad - eit kunsverks som no er del av veggen i kyrkjeskipet.

SOKNET Vågå sokn husar 3700 sjeler og er identisk med kommunen Vågå. Staben består av kyrkjeverge, organist, trusopplærar, kyrkjetenar, klokkar og kyrkjelydsekretær i større og mindre stillingar. Kyrkjekontoret held til i Vågå rådhus med kontor og for soknepresten.


LYST TIL Å HALDE DIN EIGEN

BERGPREKEN? Er du den nye presten i Vågå?


ARBEIDSOPPGÅVER Vågå sokneråd har høge mål for kyrkjearbeidet. Med gudstenesta som sentrum blir det arbeidd målretta med å inkludere folk og kultur i kyrkja si verksemd. Målet er å knyte lærdom, folk, kvardagsliv, høgtid og gudsteneste saman. Soknerådet legg stor vekt på arbeidet med trusopplæring for barn og unge, og oppslutnaden er god. Prostiet har stort sett innført alle fasane av trosopplæringsplanane. Vågåkyrkja har mellom 30 og 40 konfirmantar i året som deltek på felles konfirmantleir i Kragerø. Soknepresten førebur og deltak og på andre fellestiltak for konfirmantene - som og deltek som medliturgar på gudstenestene gjennom konfirmanttida.

FELLESSKAPET Soknepresten deler kontorfellesskap med kyrkjeverje, trusopplærar, og sekretær. Det er og organist, kyrkjetenar/klokkar og kyrkjegardsarbeidar i staben. Vi jobbar med ei plan for meir samarbeid mellom presten i Vågå og prestane i nabokommunen Sel slik at ein nokre gongar delar på gravferder og gudstenester. Vågåkyrkja samarbeidar godt med kommunen. I aktive og vitale Vågå omgår tre-fire generasjonar kvarandre i kvardag og helg på ei stor mengde sosiale areanaer, møteplassar og samlingspunkt. Her går praten lett, omgangen er uformell og folk inkluderande og positive - og difor lette å kome i kontakt med.


GUDSTENESTER Forutan gudstenester i sjølve Vågåkyrkja vert det heldt gudstenester på sjukeheimen Vågåheimen. Om sommaren og i påska er det tradisjon med utemesser og fjellgudstenester. Til mange av gudstenestane er det knytta trusopplæringstiltak som 4-årsbok og 6årsbok, Tårnagenter, Lysvaken, osv. Gode planverk for gudsteneste og planar for trusopplæring er no innarbeidd i Kyrkjelyden. Det er oppretta gudstenesteutval, diakoniutval og trusopplæringsutval, der soknepresten sit som medlem. Alle fasene i trusopplæringa er knytt til gudstenestelivet. Det er god oppslutnad om kyrkjelege handlingar, litt meir variabelt til vanlege gudstenester. Det er etablert eit variert samarbeid med lokale lag og foreiningar som deltek på ymse gudstenestar.  I kyrkje og skule vert det nytta nynorsk. Søkjarar må opplyse om dei kan nytta båe målformer.


KLAR FOR Å UTVIDE DEN SMALE STI

MED BREIE SKI?

Bli kjend med friluftseldoradoet Vågå på

www.vågåleve.no


DIN DRAUM - VÅR KVARDAG LIVET I FJELLBYGDA Visst er det mogleg å hoppe av karusellen, til eit tilvære fylt med livskvalitet frå øvste hylle. I vitale og småviltre Vågå finn du unike arenaer til samvær med dei som verkeleg betyr noko. Postkortbygda mellom dei majestetiske fjella er eit himmelrike for friluftsfolk, lokalmatentusiastar og kulturinteresserte i alle aldre og ambisjonar. Her er jorda grøderik, skogsliene bugnar av vilt og vekster, og fjellørreten er så talrik og mettande at…, ja du veit. Attpåtil er vegen kort til vidgjetne Bakeriet i Lom. Her i ly av Jotunheimen er soldagane talrike og regnbygane velsigna få. Fire fantastiske årstidar rammar inn kvardagsliv og heilage stundar i Vågå, toppa av gode, gamaldagse vintrar. Her er tilbod for alle: Imponerande idrettstilbod, eventyrleg kulturskule, unikt musikk- og handverksmiljø, klatrevegg og buldrerom - og den råaste sykkelparken i landet. Og rett til fjells sjølve sjølve prikken over skien: Tumleplassen Lemonsjøen med milevis av skiløyper, smørblid baristabudeie og landets trivelegaste alpinsenter med verdas dyktigaste frikøyrarar. Gled deg til oppdagingsferd!


SKULAR I idylliske og innhaldsrike Vågåmo sentrum finn du heile skulegangen på eit brett: Nyrenovert barneskule med utruleg flott uteområde, vegg i vegg med ungdomsskule med fulle årstrinn. I tillegg finn du barneskule på Lalm og vidaregåande skular i tre nabobygder. Skulane i Vågå er langt framme, og alle elevar får eigen PC fyrste skuledag. Vi vågar påstanden: I Vågå finn du det beste, mest varierte og lettast tilgjengelege skuletilbodet i BygdeNoreg!

BARNEHAGAR Barnehagane i Vågå er – bokstavleg talt – i Noregstoppen. Her lev ungane aktive og spanande dagar i tett kontakt med leikne husdyr, eventyrleg natur, rik kulturhistorie og unik matkultur. 


BUSTAD OG SAMBYGDINGAR Oppveksteldoradoet Vågå byr på bustadfelt og storgardar, småbruk og leiligheiter, utleieboligar og draumetomter med Jotunheimen utanfor panoramagaldet på eventyrlege Kvarbergåsen. Ta gjerne ein titt på www.kvarberg.no - og treng du hjelp med bustad så hjelp vi deg sjølvsagt til å finne heimen din midt i fjellheimen. Å slå rot i Vågå og finne sin plass i fjellbygda er enkelt for både små og store - av di så mange har gjort det før dykk. Her finn du raskt likesinna, og eit enormt aktivitetstilbod som gjer oppveksta trygg, aktiv og smått eventyrleg. Vi vågar veddemålet: Vågå er den mest aktive bygda i Noreg. ... og vil du absolutt ut av landet går toget frå nabobygda til Gardermoen på tre effektive timar.


DETTELIVET KALLAR

SØKNADSFRIST: 4.APRIL KONTAKT: PROST PAUL SKULAND T: 90290322 RÅDGIVAR ELI BEKKEN T: 62550356 UTLYSING PÅ KIRKEJOBB.NO


FÅ ER FORUNT Å GÅ PÅ VATNET

I VÅGÅ TEK VI GJENDEBÅTEN

FJELLET KALLER - ER DU PRESTEN?

Sokneprest // Fjellbygda Vågå  

Midt i skaperverket og fjellbygda Vågå ventar ei unik kyrkje og eit særs levande, aktivt og inkluderande bygdesamfunn på sin nye sokneprest....

Sokneprest // Fjellbygda Vågå  

Midt i skaperverket og fjellbygda Vågå ventar ei unik kyrkje og eit særs levande, aktivt og inkluderande bygdesamfunn på sin nye sokneprest....

Advertisement