2 minute read

Sjarmerande gardsovernatting & historisk landhandel i Skjåk

FJELLFRUKOST: Finst ein betre start på dagen enn egg frå eigne høner? 
Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

På historiske Nordigard Ramstad i fjellbygda Skjåk er du hjarteleg velkomen til både bords og til gards – eit meir innhaldsrikt gardseventyr skal du leite lenge etter!

STORE OPPLEVINGAR: Fjellbygda Skjåk har nasjonalparkane Jotunheimen, Breheimen og Reinheimen i nabolaget - og mange idyllar i bygda. 
Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

Hos oss kjem eventyret i mange formar. Frå fjøset, på garden, i naturen, ved matbordet, gjennom historia og i den storslåtte fjellheimen som omgir oss.

Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

I historisk eldhus eller leilighet i våningshuset – valet er ditt og på Nordigard Ramstad er gardsidyll garantert. Høner inkludert!

Landhandleriet Ramstadbue - sjarmbombe og sosial møteplass av ei anna tid.
Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

Ramstadbue er forundringskrukka som aldri sluttar å begeistre. Mellom dei historiske tømmerveggane midt på gardstunet finn du både landhandel, gardspub, historisk kafé og selskapslokale på eit nøye dandert brett. Nokre av dei autentiske godbitane i interiør og dekorasjon er til sal, så kan det hende du litt lettare klarer å rive deg laus.

LEGG EIT LITE EGG ....med plommar gule som gull. 
Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

På Nordigard Ramstad legg frittgåande høner egg med plommar gule som gull. Gudbrandsdalsegg finn du i delikatessebutikkar og lokale eggebuer – og i himmelsk Gudbrandsdalskaku bakt for hand av klinkegga.

GUDBRANDSDALSKAKU: Smaksbombe med klaggegg frå eigne, frittgåande fjellhøner.
Foto: Cathrine Dokken / Kreativ Strek

Garden vår ligg på solsida i fjellbygda Skjåk – midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjell- og matmekkaet Lom ligg ein svipptur unna – og vil du ta føtene ligg heile fjelleventyret rett utanfor dørstokken.

VELKOMEN TIL GARDS! Helsing Gudrun og Joar Ramstad
Foto: Fjuken

NORDIGARD  RAMSTAD

Gardsovernatting & historisk landhandel

Skjåk solside 502

Tlf: 48 01 90 51

post@gudbrandsdalsegg.no

nordigardramstad.no