Page 1

STUTTGÅTT. LETTBEINT. HEILT REINT.

Kvalitet frå øvste fjellhylle


HØGE FJELL. HØG KVALITET.

Stuttgått. Breibeint. Heilt reint.


Måltid med meining.

KVALITET FRÅ LOM OG JOTUNHEIMEN

Vi byr deg kjøt frå øvste fjellhylle. Krydra med gode historiar å servere gjestane dine.


Smaken av fjell Gitt deg av fjellbønder med klokketru på kvalitet og tradisjon frå heimfjellet.

JOTUNMAT er på sett og vis eit resultat av treflis. Fyrste selskapet vi starta i lag var nemleg Lom Biovarme, som leverer varme til bygg i fjellbygda Lom frå lokal treflis. To av oss selde litt kjøt privat, og over ein kopp pulverkaffe i fyrhuset kom vi på at det var ein god idé å satse litt meir på kjøt frå høgfjellet. Resultatet vart Jotunmat: Kvalitet frå øvste fjellhylle. I FJELLBYGDA LOM har utmarka og høgfjellet til alle tider fødd både folk og fe. Betre beite, reinare næring og betre mosjon er det knapt mogleg å finne for kjøtfe og reinsdyr noko du sjølv kjenner når du får kjøtet vårt på tallerkenen. Godt skifte!

Helsing Rolv, Odd Helge og Hallvard


Tanken bak Vi ønskjer å ta foredling av kjøt litt attende til det opprinnelege. Der dyra nyttar fjellbeitet i Jotunheimen om sommaren, og blir fora med gras om vinteren. I dag blir dette kalla grasfora kjøt. Eller internasjonalt; grass feed beef. Vi kan garantere at dyra våre har vore på utmaksbeite i dalsidene og fjellområda i Jotunheimen minimum fire månader i året. Framforing av storfe utan bruk av kraftfor og utstrakt bruk av utmarksbeite fører til at dyra veks litt seinare og ikkje blir like store og tunge som med intensiv framforing. Kjøtet er til gjengjeld dokumentert sunnare og mørare. Alt foret dyra som er foredla av Jotunmat har ete, er dyrka lokalt og vi prøvar å få til så lite transport som mogleg Bonusen er at mindre transport av både dyr og dyrefor gir mindre utslepp og eit betre reknskap også for miljøet. Det enkle er ofte det beste.


DYRA ...beiter ute ...et lokalt ...trivs i fjellet ...finn maten sjølve ...er i toppform ...et gras som vinterfôr ...gir kjøt av suveren        kvalitet


FOLKA

Hallvard Helland

FJELLGEIT, SKOGSARBEIDAR OG BIOENTREPRENØR.

Hallvard har ammekubesetnad på garden Furuheim i Lia i Lom, der kunstnaren Gustav Wentzel også budde. Driv i tillegg til garden med noko skogsarbeid, trefelling og ein og annan tur som breførar. Er medeigar og dagleg leiar i Lom Biovarme.

GARD: Furuheim STAD: Lia i Lom BUSKAP: Hereford BEITE: Smådalen i Jotunheimen

HALLVARD HELLAND


FOLKA

Rolv Vaagaasar Rolv er heiltidsgardbrukar som leverer ca 400 tonn mjølk frå nybygd fjos. Det betyr at om lag 55 kyr kalvar kvart år, noko som gjev ein god del kjøt i tillegg. Rakk å bli tømrar før han overtok heimgarden.

GARD: Vaagaasar STAD: Bøverdalen BUSKAP: Hereford og Norsk raudt fe. BEITE: Hovde i HALLVARD Jotunheimen HELLAND


FOLKA

Odd Helge Kvamme

FJELLBONDE OG BIOENTREPRENØR

Odd Helge er også heiltidsgarbrukar. Med det meiner vi det som kallast 24/7 i butikkbransjen. Leverer 200 tonn mjølk og har i tillegg noko sau og ein besetnad med Høglandsfe. Arbeidde tidlegare som tømrar og gravemaskinsjåfør.

GARD: Nordgard Kvamme STAD: Bøverdalen BUSKAP: Høglandsfe med innslag av anna kjøtfe BEITE: Lomseggen

HALLVARD HELLAND


HEIMFJELLET

Til alle tider har Jotunheimen og Lomseggen vore  vårt nådelause og gavmilde spiskammers. Våre forfedre jakta her, braut seg jord her og setra her. I dag fører vi arva vidare med grasfora kjøtfe og Noregs mest velfødde rein. 

Jotunheimen Lomseggen

Kvalitet frå øvste fjellhylle


FJELLBEITET Den næringsrike berggrunnen i Jotunheimen gir ein flora som er særskild rik på både næring og smak - i eit terreng som tvingar fram toppformen hos både folk, fe og reinsdyr. SÅ SNART VÅRSNØEN tinar rundt gardane nede i fjellbygda, slepp vi storfeet ut på beite. Utover våren og inn i sommaren går både fe og reinsdyr så og beitar heilt i snøkanten medan han smeltar stadig høgare, lokka av dei fyrste ekstremt næringsrike knoppane som skyt opp solvarm jord, overrisla med krystallklårt fjellvatn.   BEITET I ULENDT TERRENG gir suveren mosjon for dyra, som utviklar ein motorikk ei fjellgeit verdig. Bonusen for deg som et kjøtet er at det har høg andel umetta feittsyrer, som gjev eit sunt kjøt med fantastisk marmorering. FJELLURTAR, FERSKE KNOPPAR OG BLØMANDE LYNG er dagleg kost i det rike matfatet dyra finn i Jotunheimen og Breheimen - noko som gir kjøtet ein unik smaksrikdom. Denne middagen er så saftig og smakfull at du kan droppe krydderet!


STORFE Eit storfeslakt består av ca 2% indrefilet. Om lag halve slaktet er best egna til kokkjøt eller kjøtdeig. Og nesten ein tredel av eit slakt er kraftbein. Dette kjøtet har gått frå å vera ein ressurs og ei god næringskjelde til å bli restavfall i moderne kjøtforedling. Vi ønskjer å foredle heile slaktet og ta vare på dei næringsstoffa dette kan bidra med i eit sunt kosthald. Kjøtproduksjon krev meir ressursar enn planteproduksjon. Da bør vi ta vare på og bruke heile slaktet best mogleg. Til det beste for oss sjølv og miljøet.

HØGLANDSFE Fjellbeite: Lomseggen Gard: Nordgard Kvamme i Bøverdalen Bonde: Odd Helge Kvamme HEREFORD Fjellbeite: Smådalen i Jotunheimen Gard: Furuheim i Lie i Lom Bonde: Hallvard Helland KRYSSING HEREFORD OG NRF Fjellbeite: Hovde i Jotunheimen Gard: Vaagaasar i Bøverdalen  Bonde: Rolv Vaagaasar


REINSDYR Lågt, sunt fettinnhald og høgt innhald av vitaminar og mineral gjer reinsdyrkjøt til det aller sunnaste kjøtet du kan få på middagstallerkenen. Årsaka er å finne i høg fysisk aktivitet på beite året rundt, og eit kosthald sett saman av lav, lyng, urter og bær - som er proppfulle av antioksidanter. Slaktevekta på reinsdyra frå Lom tamreinlag er dei høgaste i landet - nok ein indikasjon på at dyr som har det godt blir god mat.

BEITE

LEVERANDØR

Jotunheimen

Lom Tamreinlag


kvalitet frü øvste fjellhylle

Set deg godt til bords, vi byr deg fjellheimen.


I Jotunmat er vi opptekne av å nytte heile fjellet og heile dyret slik tradisjonane er i fjellbygda Lom. Inntil steikeplata gjorde sitt inntog på norske kjøken vart nær all mat kokt - og denne opphavlege kokekunsten gir både smaksrikdom, næringsinnhald og mørheit av suveren kvalitet. 

VÅR FAVORITT // OPPSKRIFT

LANGKOKT GRYTEKJØT Mellom alt det gode som er å ete frå fjellet er grytekjøt som har stått og godgjort seg på låg varme i timevis vår favoritt. Så mørt at du knapt treng å tygge, her er det berre å nyte smaksrikdomen frå høgfjellet. Vissheita om at kjøt frå heile dyret blir nytta gir ein ekstra god ettersmak!

Slik går du fram Kokkjøt av storfe eller reinsdyr i toppform etter ein lang sommar i fjellet gir svært smakfull og næringsrik kraft. Kjøtet blir utruleg mørt - berre det får stå å trekke over lang tid. Kjøtet er ferdig kokt når det løysnar frå beinet - etter alt frå 2-3 timar til ein dag avhengig av kva koketemperatur du nyttar. 

Bergensarane har sitt sosekjøt, Ungarn sin gulasj, Italia sin Osso Bucco og Frankrike sin Boeuf Bourguignon. I fjellbygda Lom likar vi å ete mørt kokkjøt i lag med ureiste rotgrønsakar, flatbrød og godt smør. Beint fram nydeleg!


Vi vonar i tekst og bilete å ha gitt deg ein liten smak av kva Jotunmat har å by på. Vil du krydre eigne måltid med historiar om våre stuttgåtte og breibeinte råvarar, står du fritt til å bruke tekst og bilete som du vil. Du kan laste ned begge delar ved å klikke deg inn HER.  Godt skifte!

kvalitet frå øvste fjellhylle

Vær så god, server di eiga historie.


Prisar Alt kjøt frå Jotunmat leverast som vakuumpakka stykningsdelar frå Jotunmat sitt fryselager i Lom. Kjøt          Storfe per kilo:    Rein per kilo: Kjøtdeig:                170,-                      220,Ytrefilet:                410,-                      535,Indrefilet:              610,-                      790,Grytkjøtt:               200,-                     260,Surra steik:            300,-                     390,Høgrygg:                350,-                     420,Flatbiff:                  350,-                     455,Lårtunge:               300,-                     240,Bankekjøt:              300,-                     300,Mørbrad:                400,-                     520,-  Nakkekotelett:       200,-                      --Entrecote:               ---                        480,-      Alle prisar er inkludert mva.             

Bestilling Enkelt og greit: Klikk deg inn på lenka HER for å sjå oppdatert lagerbehaldning for Jotunmat. Noter deg kva kjøt du ynskjer å tinge, og send handlelista til post@jotunmat.no Foretrekk du telefonen, ring gjerne eller send oss ei melding.  

E-post: post@jotunmat.no Telefon: 412 29 220 (Rolv) Lageroversikt - klikk HER


STUTTGÅTT. BREIBEINT. HEILT REINT.

Kvalitet frå øvste fjellhylle

Profile for Sigurd Rønningen

Jotunmat - kvalitet frå øvste fjellhylle  

I fjellbygda Lom har utmarka og høyfjellet til alle tider livnært både folk og fe. Bedre beite, sunnere næring og bedre mosjon er det knapt...

Jotunmat - kvalitet frå øvste fjellhylle  

I fjellbygda Lom har utmarka og høyfjellet til alle tider livnært både folk og fe. Bedre beite, sunnere næring og bedre mosjon er det knapt...

Advertisement