Røde Kors-avisa 1/2016

Page 28

SIGNERER: Unni Kiviranta, Eid Røde kors Hjelpekorps og Inger Johanne Brekke, Eid Røde Kors Omsorg, signerer avtale om beredskap saman med nestleiar Are Fagerli i Eid Røde Kors og ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

Beredskap i 100 EID ER KOMMUNE NUMMER 100 SOM HAR TEIKNA BEREDSKAPSAVTALE MED RØDE KORS. ganisasjon og ein av dei mest profesjonelle i Sogn og Fjordane. Dei er uvurderlege, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo, til lokalavisa Fjordenes Tidende. – Dette betyr at kommunen og Røde kors vil jobbe tett saman. Vi vil ha ei felles øving i året som går på kriseleiing og krisehandtering, forklarar Bjørlo. Eid Røde Kors har fleire omsorgsaktivitetar og eitt av fylkets mest aktive Hjelpekorps. I utgangspunktet er det kommunen sin risiko- og sårbarheitsanalyse som seier noko om kva behovet kan vere på beredskapsområdet.

Framfor ein fullsett kommunestyresal bøyer dei seg andektig over det to sider lange dokumentet. Let pennestroka markere at no, no har Eid Røde Kors og Eid kommune inngått ein avtale om å samarbeide om beredskap. No er ei viktig brikke på plass. – Denne avtala er ein svært viktig del av den overordna samfunnsberedskapen her i Eid, seier ordførar Alfred Bjørlo, som seinare i møtet skal legge fram kommunen sin eigen beredskapsplan for vedtak. Røde Kors er tydelege på at ei formalisering av beredskapssamarbeidet er viktig for at ressursane skal finne kvarandre om den store katastrofa råkar. Det er avgjerande for vellykka handtering.

50 PÅ VARSLINGSLISTA

INN I KRISELEIINGA

– Eg har vore med i Røde Kors sidan 1978. Vi har hatt eit godt samarbeid med kommunen heile tida, men det at vi no får formalisert eit samarbeid om beredskap er svært viktig for oss, seier nestleiar Are Fagerli. Det viktigaste, slik Fagerli ser det, er at Røde Kors no får plass med ein representant i kriseleiinga under hendingar der Røde kors vert brukt. Røde Kors får også ein definert plass i det kommunale beredskapsrådet, og får delta på årlege møte der. Dette er ein arena med helse, brann, politi og andre beredskapsaktørar, der ein oppdaterer kvarandre på planverk og ressursar. – No vert det meir truleg at vi vert brukte,

SAMAN OM BEREDSKAP: Are Fagerlid, nestleiar i Eid Røde Kors, Unni Kiviranta, Eid Røde kors Hjelpekorps, Inger Johanne Brekke, Eid Røde Kors Omsorg, har signert avtale om beredskap saman med ordførar i Eid kommune, Alfred Bjørlo.

og at vi vert rett brukte. Vi kan informere om dei kapasitetane vi har medan det skjer, seier Fagerli. – Dette er utruleg viktig for Eid kommune. Røde Kors sit på ein heilt spesiell kompetanse på å handtere situasjonar, både store og små. Eid Røde Kors er ein stor or-

– Vi er spesielt budde på naturskapte hendingar, men vi kan tilpasse innsatsen til svært mange typar scenario. På varslingslista har vi cirka 50 frivillige. Omsorg har trening og planar for mottak av folk i samband med evakuering og registrering, Hjelpekorpset har godt utstyr og er godt trena, med spesialiserte medlemmer som kan bistå brannvesenet innan krevjande lende og elveredning. Vi har båt, snøskuter og sambandsutstyr, seier Fagerli. Frå før av har Røde Kors i Svelgen-Bremanger, Førde og Aurland teikna beredskapsavtaler med kommunen, og fleire lokalforeiningar er i forhandlingar med kommunen. Nasjonalt er status den 10. mars 100 lokalforeiningar med Eid si avtale.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.