Page 1

BKSF VÅRutstilling Kunstsenteret Førdehuset

2011

12. mai – 12. juni


Sogn og Fjordane Kunstmuseum Postboks 663 6804 Førde www.sfk.museum.no Tlf. Kunstsenteret: 57 72 19 36 Fotomontasje omslag: Steingrimur Eyfjörd, She-bear, 2010, skulptur, ca. 200x80x40 cm, plassert på byggetomta til det nye kunstmuseet i Førde Forord: Morten Johan Svendsen Foto og layout: Stein Sandemose Bårdsen Tekstar: Ingrid Norum


SOGN OG FJORDANE KUNSTMUSEUM Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane

Den 4. BKSF VÅRutstilling

Kunstsenteret Førdehuset 12. mai - 12. juni 2011


NY VÅR Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM) er i år spesielt glad for å kunne ønske velkommen til den 4. BKSF-VÅRutstilling. VÅRutstillinga er ei kollektiv medlemsutstilling for organisasjonen Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane (BKSF) og vart arrangert første gong i 2005. Som arrangør er kunstmuseet spesielt glad for to ting. For det første vert dette den siste vårutstilling i noverande lokale. Folk i Førde ser det nye kunstmuseet reise seg i Førde sentrum, og på plakat og i annonsar har vi gjort eit poeng av nettopp dette. Skulle kunstmuseet, som arrangør, ha eit ønskje måtte det vere at vårutstillinga femna alle kunstnarane i fylket, og ikkje berre dei som er organiserte i BKSF. For det andre presenterer den 4. utgåva av BKSF-VÅRutstilling ei rekkje “nye” namn. Biletkunstnarane i fylket vårt rekrutterer nye medlem. Dette skuldast særleg to tilhøve; At det kvart år vert utdanna nye unge kunstnarar med tilknyting til fylket og at det kjem kunstnarar frå utlandet og slår seg ned her for kortare eller lengre tid. I og for seg er dette ikkje noko nytt, men både verksemda til Nordisk Kunstnarsenter Dalsåsen og Sogn og Fjordane Kunstmuseum er faktorar som spelar med. BKSF-VÅRutstilling har i år eit internasjonalt tilsnitt i alt sitt mangfald. 28 kunstnarar har i 2011 innmeldt til saman 52 kunstverk innan fristen. I 2009 var tilsvarande tal 25 kunstnarar og 51 verk, og i 2007 27 kunstnarar og 54 verk. Dei innsendte arbeida skal vere laga dei to siste åra. Kunstnarane har hatt høve til å sende inn tre arbeid kvar, med lovnad om at minst eitt skal vere med i utstillinga. Ei utstillingsnemnd har gjort eit utval av dei innsendte arbeida og sett saman utstillinga for presentasjon. Utstillingsnemnd har vore: Biletkunstnar Astrid Wittersø BKSF Biletkunstnar Lisa Him- Jensen, NKS Dalsåsen Morten Johan Svendsen, avd.direktør Musea i Sogn og Fjordane (SFKM) Organisasjonen BKSF tek i vare biletkunstnarane i Sogn og Fjordane sine faglege og profesjonelle interesser og arbeider for auka bruk av kunstnarane sine tenester. BKSF arbeider for å auke forståinga for kunstnarleg arbeid i samfunnet.

Musea i Sogn og Fjordane Morten Johan Svendsen Avd.direktør

Biletkunstnarane i Sogn og Fjordane Maria Hjelmeland leiar


Katalog 1. Oddleiv Apneseth, Hanselv (still life), 2011, fotografi, 60x160 cm kr. 16.000,2. Arild Bergstrøm, Uten tittel 2, 2010, digital fotomontasje, 90x55 cm kr. 11.000,Uten tittel 3, 2010, digital fotomontasje, 90x55 cm kr. 11.000,3. Sigrid Bjørkedal, Skog, 2011, teikning på måleri, 90x70 cm kr. 8.000,4. Øyvind Botn, To tusen år, i dag?, 2011, blanda teknikk, 60x50 cm K.E. 5. Elsa Eikaas, Tablå med blått bakteppe, 2011, måleri, 92x72 cm P.E. 6. Gerd Endestad, Vintersang II, 2010, japansk tresnitt, 46x44,5 cm kr. 3.500,7. Steingrimur Eyfjörd, She-Bear, 2010, skulptur, ca. 200x80x40 cm pris e.a. Har Jesus såra deg?, 2010, måleri, 70x70 cm kr. 18.000,8. Fredrikke Astrup Geelmuyden, Brasilianskt ordtak, 2009, etsing, 45x35 cm kr. 3.600,9. Ingela Grov, Mellom deg og meg #2, 2009, måleri, 100x75 cm kr. 14.000,10. Jens Hauge, Hemsedal, 9.nov. 2010 kl.14:11:53 (7968), fotografi, 90x118 cm kr. 22.000,Balestrand, 10. mars 2011 kl. 10:15:29 (1408), fotografi, 90x118 cm kr. 22.000,11. Leif Hauge, Alme-kall 2, 2011, fotografi, 27x27 cm kr. 3.500,12. Solveig Haukaas, Båten, 2009, emalje og gull på kobber, 41x41x3 cm kr. 19.000,13. Katalin Hidas, Bergvegg med vekst I, 2010, akvarell, 50x70 cm kr. 5.000,Bergvegg med vekst II, 2010, akvarell, 50x70 cm kr. 5.000,14. Maria Hjelmeland, Close-up of a 200yr old kimono, well-worn & neatly mended, 2010, måleri, 240x360x60 cm kr. 47.000,15. Geir S. Hjetland, Utan tittel, 2011, skulptur, 220x80x40 cm kr. 45.000,16. Robert Jan Leerink, Utan tittel, 2010, måleri, 60x50 cm kr. 6.500,Utan tittel, 2010, måleri, 60x50 cm kr. 6.500,17. Karen Helga Maurstig, Reise i ring, 2010, installasjon, 80x40x40 cm+ 2 stk à 60 cm diameter kr. 10.000,18. Jorunn Mulen, Undervegs, 2011, serigrafi, 25x25 cm kr. 3.000,19. Karina Siegmund, The Mountain, 2010, biletvev og videoprojeksjon, 75x205 cm kr. 41.500,20. Inghild Sleire, Dags II, 2011, tresnitt, 13x10 cm kr. 1.300,21. Åge Steinset, Variert tilnærming, 2010, måleri, 90x75 cm kr. 20.000,22. Lena Stenseth, White Death/ Sigurd, 2011, fotografi, 102x82 cm kr. 15.000,23. Bjarne Svanøe, Utan tittel, 2011, måleri, 160x130 cm kr. 70.000,24. Merete Hol Tefre, Februar langs stien, 2010, serie linosnitt/ særtrykk, 8 à 19,5x19,5 cm kr. 7.600,25. Sarah Thingnes, Yr, 2011, måleri, 60x130 cm kr. 15.000,26. Marit Thingnæs, I grenseland I, 2011, serie fotografi, 4 à 73x18 cm K.E. 27. Magne Vangsnes, Evolusjon I, II og III, 2011, litografi, 3 à 50x65 cm kr. 10.500,28. Astrid Wittersø, Hjem 1, 2, 3 og 4, 2010, måleri, 4 à 30x30 cm kr. 12.000,For kunstverk over kr. 2.000,- kjem 5% avgift til Bildende Kunstneres Hjelpefond, i tillegg til prisen.


Oddleiv Apneseth Halbrendslia 6 F, 6800 FØRDE Tlf 41181861 oddapn@gmail.com

Apneseth er fødd i 1955 i Florø og bur no i Førde etter mange år i Jølster. Han er sjølvlærd som fotograf. Frå 1987 til 2007 var han fast tilsett fotograf i Bergens Tidende, sidan har han arbeidd frilans. Apneseth har blant anna vunne World Press Photo i 1997 og i 1994 og 2005 vann han førstepremie i «Årets bilde», ein årleg konkurranse for pressefotografar i Noreg. Han har vore festspillfotograf i Bergen tre


Hanselv (still life), 2011, fotografi (60x160 cm)

år på rad og har bidrege med illustrasjonar til eit titals bøker, mellom anna Bikubesong av Frode Grytten (1999). Han har undervist på Kunsthøgskulen i Bergen i fleire periodar frå 1998-2005. I 2008 gjennomførte han eit stort dokumentarfotoprosjekt kalla «Jølster 2008» etter å ha fått stipend frå Fritt Ord. Innbyggarane i Jølster vart fotograferte i ulike situasjonar gjennom eit heilt år. Prosjektet munna ut

i katalog, bok og fleire utstillingar: på Eikaasgalleriet, Jølster, Galleri Bouhlou, Bergen, Henie Onstad Kunstsenter, Bærum og Schæffergården, København. I 2010 arbeidde Apneseth med eit fotoprosjekt der han dokumenterte 150-årsjubileet til Florø by. Same år var han òg festivalfotograf for Rundballefestivalen i Fjærland i Sogn som han har vore involvert i på ulikt vis sidan 2002.


Arild Bergstrøm Haugland, 6968 Flekke Tlf 57737020/ 91331394 arildbergstrom@gmail.com

Bergstrøm er fødd i 1947 i Fosnavåg på Sunnmøre, men oppvaksen i Porsgrunn. I 1973 flytta han til Færøy i Solund og budde og arbeidde der fram til 1995, då han vart direktør for det nyskipa Nordisk Kunstnarsentar på Dalsåsen i Dale i Sunnfjord. Sidan har han budd i Flekke. Han er utdanna i keramikk ved Kunst- og handverksskulen i Bergen, skulptur ved Studieatelieret Bergen (seinare Vestlandets Kunstakademi) og ved Jan Van Eyck


Uten tittel 2, 2010, digital fotomontasje (90x55 cm) Uten tittel 3, 2010, digital fotomontasje (90x55 cm)

Academie i Nederland. Han debuterte på Vestlandsutstillinga i 1970 og har sidan stilt ut både nasjonalt og internasjonalt. På heile 1970-talet var Bergström medlem av «Lyn-gruppa», samansett av unge Bergens-kunstnarar. Saman med desse hadde han ei mengd utstillingar. I fleire år var han styreleiar for Sogn og Fjordane Kunstnarsenter og sidan for Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Bergstrøm har i lang

tid arbeidd med teikning, akvarell og collage, mellom anna med blyant og pastellkritt. Motiva er til dømes abstraherte landskap og supernaturalistiske røyndomsillusjonar. Sidan slutten av 1990-talet har han arbeidd med digitale fotomontasjar kor han manipulerer innhaldet i eit fotografi eller monterer i hop fotografi med kontrasterande innhald, ofte med eit visst samfunnsengasjement.


Øyvind Botn 6777 Stårheim Tlf 57683295

Øyvind Botn er fødd i 1928 og busett i Nordfjord. Han er sjølvlærd innan grafikk, teikning og måleri. Frå 1957 til 1970 var han ein flittig novellist i «Magasinet for alle». Han har òg gjeve ut diktsamlinga “Mellom dag og natt” med eigne illustrasjonar. I 1953 debuterte han på Vestlandsutstillinga, men først i 1973 hadde han si første separatutstilling: i UKS i Oslo. Sidan har han vore representert fleire gonger på fellesmønstringar som Haustutstillinga, Vestlandsutstillinga, Distriktsutstillinga

og hatt ei rekke separatutstillingar. Han har teke i mot fleire stipend og frå 1977 til 1995 fekk han Statens garanterte minsteinntekt for kunstnarar. Botn har vore innom fleire uttrykk og motiv opp igjennom kunstnarskapet som bilete med politisk engasjement måla på papir og “surrealistisk inspirerte landskap og figurasjoner”. Dei siste tiåra har han vorte kjend for sine fargesterke og abstraherte landskapsmåleri kor han, som han sjølv seier det, søkjer å: “besjele naturen gjennom farger”.

To tusen år, i dag?, 2011, blanda teknikk (60x50 cm)


Sigrid Bjørkedal Darresgt. 3, 0175 Oslo Tlf 91794251 sigrid.bjorkedal@gmail.com http://sigrid-bjorkedal.blogspot.com

Bjørkedal er fødd på Nordfjordeid i 1978 og bur no i Oslo. Ho har 6 års kunstutdanning frå Cumbria Institute of the Arts, Carlisle, England, og arbeider hovudsakleg med måleri, men òg med fotografi. Ho har delteke på ei rekkje utstillingar i Noreg og England. Måleria hennar er ofte teikna og måla på lerret med tusj og sterke akrylfargar i ein fotorealistisk stil. Photoshop-manipulerte fotografi ser ut til å vere skisseg-

runnlaget. Tema er ofte kvardagslege menneske lausreve frå sin samanheng og gjerne satt i hop i nye konstellasjonar. Nokre av bileta er portrett, andre er meir anonyme menneskeskildringar. Bjørkedal seier sjølv at ho er oppteken av identitet, roller, menneskelege relasjonar, sosial og kulturell samkjensle. I år deltek ho med eit metallic skimrande landskap i mørkt petrolblått.

Skog, 2011, teikning på måleri (90x70 cm)


Elsa Eikaas Storetrævegen 21, 6847 Vassenden Tlf 57727590 elsa.eikaas@gmail.com

Eikaas er fødd i Jølster i 1937 og bur no der etter mange år i Florø. Ho er utdanna innanfor vev og saum, men har dei seinare år òg arbeidd mykje med måleri. Ho har hatt mange tekstile utsmykkingsoppdrag, ofte i rom med sakrale funksjonar. Sidan 2000 har ho òg designa ei rekkje kyrkjetekstilar for Myklebust

Kunst og Handverk som ho var med å skipe. Uansett teknikk og media, er det lett å dra kjensel på Eikaas sitt abstraherte figurative formspråk. Fargane er ekspressive og innhaldet narrativt, gjerne basert på eigne livserfaringar. Gjennom heile karrieren har ho utfordra tradisjonane og søkt fornying.

Tablå med blått bakteppe, 2011, måleri (92x72 cm)


Gerd Endestad Rimstaddalen, 6711 Bryggja Tlf 57853219 / 97501198 gerdendestad@gmail.com http://gerdendestad.typepad.com

Endestad er fødd i 1960 i Nordfjord kor ho framleis bur. Ho er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo og Statens Høyskole for Kunsthåndverk og Design i Bergen. Ho har stilt ut regionalt og nasjonalt. Endestad arbeider hovudsakleg med fotografi og skulptur, men òg med måleri og installasjon. Ho har mellom anna portrettert

sauer med svart-kvitt fotografi og interiør med fargefotografi, men òg måla på interiørfotografia sine og slik skapt ei diffus, drøymande og nostalgisk stemning. Parallelt har ho arbeidd med organiske skulpturar og relieff i tre. Den siste tida har ho interessert seg for den japanske tresnitt-teknikken.

Vintersang II, 2010, japansk tresnitt (46x44,5 cm)


Steingrimur Eyfjörd Eidevik, 6977 BYGSTAD Tlf 97475053 loanerkomin@gmail.com www.eyfjord.com/

Har Jesus såra deg?, 2010, måleri (70x70 cm) She-Bear, 2010, skulptur (ca. 200x80x40 cm)

Eyfjörd er fødd i 1954 i Reykjavik på Island. Han bur no i Bygstad i Sunnfjord. Han har sidan midten av 1970-talet vore ein aktiv og ofte kritisk deltakar på den islandske kunstscena og er no ein av Island sine mest kjende samtidskunstnarar. Han har utdanning i mixed media frå Jan Van Eyck Academie i Nederland, i grafikk frå Ateneum i Finland og i støyping frå den Islandske kunst og handverkskulen. Han har stilt ut nasjonalt og internasjonalt i ei årrekke.

Han har arbeidd redaksjonelt i fleire kunstblad, vore med og stifta museum og galleri, dreve med grafisk design og han har undervist innanfor kunstfeltet. Eyfjörd har sidan byrjinga arbeidd konseptuelt med teikning, tekst og prosjekt kor publikum tek del i verket. Han arbeider i mange ulike media som skulptur, måleri, grafikk og teikning og med ulike material. Eit tema som går att hos Eyfjörd er kunstnaren si rolle i skapinga av meining.


Fredrikke Astrup Geelmuyden 6847 VASSENDEN Tlf 97102660

Geelmuyden er født i 1933 i Jølster og bur no etter mange år i Spania. Ho har arbeidd som yrkesteiknar og grafisk designar. Som grafikar har ho laga bokomslag og illustrasjonar, mellom anna for Gyldendal Forlag. Dei seinare åra har ho gått over til å måle. Uttrykket hennar er figurativt og narrativt, men hennar livlege fantasi kan til tider gje tilnærma surrealistiske resultat. Ho er dotter av ein prest, men det har ikkje stoppa ho

frå å lage fleire humoristiske bilete i eit naivt uttrykk med motiv frå det gamle testamentet, eller å kritisere religion og politikk. Elles måler ho en del stilleben, eller ”planteportrett” som ho kallar dei, da ho ser på planter som komprimert natur med personlegdom. Ho nytter gjerne sterke fargar og enkle komposisjonar. Sjølv seier ho at ho er prega av den fransklatinamerikanske målarstilen ho fekk innblikk i ved ein kunstskule i Brasil.

Brasilianskt ordtak, 2009, etsing (45x35 cm)


Ingela Grov Oddliveien 22, 3513 Hønefoss Tlf 90095261 ingelagrov@gmail.com www.ingelagrov.com

Grov er fødd i Florø i 1972 og oppvaksen i Førde. No bur ho på Hønefoss. Ho er utdanna både i kunsthistorie og fransk, men har si kunstutdanning frå Kunstakademiet i Trondheim og Accademia di belle Arte di Brera i Milano, Italia. Ho har delteke på utstillingar i

Noreg, Sverige og England og motteke ei rekke stipend. Grov arbeider med måleri innanfor ein abstrakt og tidvis lyrisk retning. Kunstnaren søkjer mot draumen og det umedvitne og sjølve målingsakta er for ho like viktig som det ferdige måleriet.

Mellom deg og meg #2, 2009, måleri på plexiglas (100x75 cm)


Balestrand, 10. mars 2011 kl. 10:15:29 (1408), fotografi (90x118 cm)

Jens Hauge Hauge , 6887 Lærdal Tlf 99453331 jens.hauge@online.no

Hauge er fødd i Lærdal i 1953 kor han framleis bur. Han gjekk på formingslina ved Manger Folkehøgskule på 1970-talet, men er sjølvlærd fotograf. Han har sidan 1989 hatt Statens garanterte minsteinntekt for kunstnarar. Han har hatt stor utstillings-aktivitet i inn- og utland. Sidan den spede by-


Hemsedal, 9.nov. 2010 kl.14:11:53 (7968), fotografi (90x118 cm)

rjinga har Hauge eksperimentert og arbeidd langs fleire parallelle og tidvis kryssande aksar. Han er kan hende mest kjend for sine stillferdige og nærast sjølvlysande landskapsbilete i svart-kvitt, men parallelt har han arbeidd med surrealisme i iscenesetjin-

gar, kvardagen, organiske former og landskap. Hauge var ein av fornyarane av det norske landskapsfotografiet på 1980-talet, noko som i 1987 kulminerte i nybrottsprosjektet Norsk Landskap 87 i lag med tre andre fotografar. I den seinare tid er det landskap med leike-

hytter og landskap tekne i fart frå buss som har teke Hauge si tid parallelt med dei nære landskapa frå Lærdal, for som mange andre fotografar, arbeider Hauge med seriar parallelt og/eller etter kvarandre, over mange år.


Leif Hauge Skulevegen 44, 6887 Lærdal Tlf 57666369 / 97566485 leif.hauge@hisf.no

Leif Hauge er fødd i Lærdal i 1956 kor han framleis bur. Han er sjølvlærd fotograf og arbeider til dagleg ved Høgskulen i Sogndal på avdeling for ingeniørog naturfag. Han har stilt ut i inn- og utland. Som bror sin er han fascinert av landskapet i Lærdal, og mange av motiva er derifrå. Motiv og tittel av året gjev klare assosiasjonar til Nikolai Astrup sitt bilete Vårnatt og Seljekall.

Alme-kall 2, 2011, fotografi (27x27 cm)


Solveig Haukaas Skrovlene, 6899 Balestrand Tlf 57691419 shaukaas@online.no www.solveighaukaas.no

Haukaas er fødd i Bergen i 1940 og er utdanna gullsmed. Sidan 1970-talet har ho budd og virka i Balestrand. Ho har delteke på mange internasjonale utstillingar med sin emaljekunst og i 2009 vann ho ein “Special Award” på The International Exhibition of Japan Enamel Artist Association. Haukaas arbeider hovudsakleg med samansette og fargerike abstrakte biletkomposisjonar på emalje, men òg med måleri. Titlane er narrative og er slik med på å påverke tilskodaren si tolking.

Båten, 2009, emalje og gull på kobber, (41x41x3 cm)


Bergvegg med vekst I, 2010, akvarell (39x46 cm)

Katalin Hidas Drage, 6750 Stadlandet Tlf 57856702 hidasskorpen@c2i.net


Bergvegg med vekst II, 2010, akvarell (36x49 cm)

Hidas er fødd i 1936 i Budapest i Ungarn og busette seg på Stadlandet i år 2000. Ho er utdanna ved Skulen for Kunst og Kunsthandverk i Budapest og ved Valands Konsthögskola i Gøteborg. Ho har hovudsakleg stilt ut i Sverige og Noreg. Hidas arbeider mykje med

akvarell i duse fargar. Hennar naturalistiske og detaljrike uttrykksform gjer at akvarellane kan minne om teikningar. Motivkrinsen er ofte spor etter menneskeleg aktivitet som spikar, tau og gamle murar, men òg element frå naturen som sprekker i berg eller rur.


Maria Hjelmeland Fredrik Meltzersgate 18, 5007 BERGEN Tlf 97037644 mariahjelmeland@gmail.com http://mariahjelmeland.com

Hjelmeland er fødd i Bergen i 1976 og oppvaksen på Sande i Gaular. Ho har budd i England og Portugal i mange år, men bur no i Bergen. Ho er opphavleg utdanna glasblåsar, men arbeider som sjølvlærd målar. Ho har hatt studieopphald i Japan, og to gonger på Nordisk Kunstnarsenter i Dale i Sunnfjord. Frå 2011 til 2013 er ho styreleiar for BKSF.

Hjelmeland måler store fargesterke bilete innanfor sjangeren “abstrakt ekspresjonisme” og har hatt utstillingar i inn- og utland. Målarstrøket går frå tynne eteriske lag til tjukke strimer rett frå tuben, og ho går ikkje av vegen for å ta med maskeringstape der det passar seg slik.

Close-up of a 200yr old kimono, well-worn & neatly mended, 2010, måleri (240x360x60 cm)


Geir S. Hjetland Kvamsøy, 6899 Balestrand Tlf 48182628 post@geirhjetland.com www.geirhjetland.com

Hjetland er fødd i Høyanger i 1955 og bur no på Kvamsøy i Balestrand. Han er utdanna ved Bergen Kunst- og Håndverksskole og Vestlandets Kunstakademi. Han har stilt mykje ut på Vestlandet, men òg nasjonalt og internasjonalt. Utsmykkingsoppdrag og store prosjekt i landskap har det etter kvart vorte mange av. Hjetland arbeider med skulptur og landskapskunst i ulike material, særleg metall. Han har gjennom heile

karrieren eksperimentert med nye material og arbeidsprosessar. Han søkjer løysingar i grenselandet mellom det mekaniske og det organiske. Uttrykket er allsidig: noko er figurativt, impresjonistisk og kjenslevart, noko er minimalistisk, stramt og dekorativt og noko gjev assosiasjonar til industri. Ein velutvikla humoristisk sans skin tidvis igjennom.

Utan tittel, 2011, skulptur (220x80x40 cm)


Robert Jan Leerink Postboks 18, 6898 Balestrand Tlf 97772821 rjleerink@gmail.com

Leerink er fødd i 1952 i Nederland og bur no i Balestrand. Han har ni års utdanning innanfor måleri, fotografi, design og scenografi frå Nederland. I mange år arbeidde han for nederlandsk fjernsyn med scenografi og spesialeffektar. Han hadde òg eige fyrverkerifirma. No arbeider han til dagleg som frilans fotojournalist. Innanfor kunstfeltet arbeider

han hovudsakleg med måleri, fotografi og performance. Leerink har eit godt auge for rare samanstillingar i røynda sitt kaos og komponerer fargefotografia sine ut i frå det. Måleria, med bruk av sterke fargar, lagt kant i kant, kan gje assosiasjonar både til latinamerikansk måleri og amerikansk 1960-tals Pop Art.

Utan tittel, 2010, måleri (60x50 cm) Utan tittel, 2010, måleri (60x50 cm)


Karen Helga Maurstig Liavegen 41a, 6800 FĂ˜RDE Tlf 95171614 karenhelga.maurstig@gmail.com www.maurstig.com http://karenhelga.typepad.com


Reise i ring, 2010, installasjon (80x40x40 cm+ 2 stk à 60 cm diameter)

Maurstig er fødd i Nederland i 1959 av belgisk mor og far frå Solund. No bur ho i Førde. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Rotterdam og har hospitert ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. I tillegg har ho utdanning innan illustrasjon, teatersminke, papirlaging og ”artist’s books”. Ho har delteke på mange utstillingar i Noreg og Neder-

land. Japansk kunst og filosofi har lenge vore til stor inspirasjon for ho, og i 2006 hadde ho eit lengre atelieropphald i Japan. Maurstig arbeider med naturalistiske etsingar av naturen sine små detaljar, origami kor ho bretter med eigne trykk, japansk tresnitt, kikeboksar og ”artist’s books” kor ho nyttar fotografi, papir og origami i lag.


Jorunn Mulen Tlf 41173148 jmulen@hotmail.com www.almostapril.com

Mulen er fødd i Førde i 1973 kor ho no bur. Ho er utdanna illustratør i England, og har jobba der sidan avslutta studiar ved University College Falmouth. Ho har stilt ut ved ulike galleri i Noreg og England. Kunstnaren arbeider med pastellfarga, poetiske, figurative og impresjonistiske måleri, serigrafi, teikningar og ”artist books” kor ho illustrerer sine eigne forteljingar. Motivkrinsen og ut-

trykket går som ein raud tråd igjennom kunstnarskapen, uansett teknikk. Det er ofte diffuse, drøymande, melankolske og introverte kvinnelege framtoningar som går att frå verk til verk som ein slags romanfigurar, i ei samansmelting av røynd og draum. Overlappingar, flekker, fargar som er lagt over og i kvarandre og hennar raske, faste strek gjev eit skjørt og forgjengeleg inntrykk.

Undervegs, 2011, serigrafi (25x25 cm)


Karina Siegmund Pb 48, 6961 Dale i Sunnfjord Tlf 41724428 contact@karinasiegmund.com www.karinasiegmund.com

Siegmund er fødd i 1979 i Tyskland, og bur no i Dale etter fleire år i Bergen. Ho er utdanna i tekstil- og overflatedesign ved Kunsthochschule Berlin Weißensee, ved Universität der Künste Berlin og ved Kunsthøgskulen i Bergen. Ho har arbeidd med grafisk design og som prosjektleiar for Nordic Materials for Ralston&Bau ved Transplant, Dale. Sidan 2010 har ho satsa på eigne prosjekt. Ho har vore pros-


The Mountain, 2010, biletvev og videoprojeksjon (75x205 cm)

jektleiar for workshops og delteke på ei rekke utstillingar regionalt, nasjonalt og i Estland og Tyskland. Siegmund arbeider med installasjonar av biletvev eller tekstile objekt kombinert med multimediaelement som lyd, lys og/ eller video. Ho ønskjer å appellere til sansane og minna våre med sine utklipte stemningar. Ho seier sjølv: ”Tekstil har nomadiske røter og tekstilkunst har lang tradisjon. Vevde tep-

per kan fortelje historier som ein person har opplevd. Historier bli bevart for lang tid - og kanskje fortalt igjen? Mitt arbeid er ei fortsetjing av den tanken, berre sett med dagens auge i eit moderne samfunn”. Målet er å skape ein ikkje-stad som reflekterer element frå røynda i ein annan samanheng. Siegmund kallar det for poetisk realisme.


Inghild Sleire Presteholten 11, 6800 Førde Tlf 91819549 ingsleir@online.no

Sleire er fødd i 1951 i Bergen, men er oppvaksen i Masfjorden. I 1984 busette ho seg i Førde. Ho er utdanna adjunkt i mellom anna kunst og handverk, og har lært teikning, måling og grafikk ved Kunstskulen i Førde. Elles har ho etterutdanna seg i stadkunst, papir og japansk tresnitt. Ho har stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Sleire arbeider med grafikk, teikning, handstøypt papir og

installasjonar. Tresnitta og etsingane hennar er figurative, men abstraherte, fargeskalaen er ofte dempa eller i svartkvitt. I tillegg nyttar Sleire ein del tekstfragment i sine verk, ein god del av dei stammar frå Ivar Aasen si skriftsamling. Sidan 1999 har Sleire vore ein del av Gruppe MIM, i lag med Marit Thingnæs og Merete Hol Tefre. (Sjå biografi om Thingnæs)

Dags II, 2011, tresnitt (13x10 cm)


Åge Steinset Botnavegen 56, 6900 Florø Tlf 57745188 age@agesteinset.no

Steinset vart fødd i 1938 i Svelgen og bur no i Florø. Han er psykolog og biletkunstnar. Han er mellom anna utdanna ved Sogn og Fjordane Kunstskule. Han har delteke fast på Distriktsutstillinga frå 1981, i fleire kollektivutstillingar i Galleri Leikvin, og Bærum Kunstlag. Har hatt ei rad separatutstillingar ved galleri og kunstlag i Sogn og Fjordane. Steinset er Innkjøpt av Norsk Kulturråd og Sogn og Fjordane Kunstmuseum, samt ei rekke offentlege bygg i Sogn og Fjordane. Måleria hans er fargerike, figurative og symbolladde. Han nyttar ofte element frå sirkusverda som for å fortelje oss at vi alle er artistar på livet si scene.

Variert tilnærming, 2010, måleri (90x75 cm)


Lena Stenseth Bøhmergaten 26, 5057 BERGEN Tlf 95745159 lena.stenseth@gmail.com

Stenseth er født i Florø i 1969 og oppvaksen der. Ho har studert både kunsthistorie og film- og fjernsynsproduksjon, men tok hovudfag i fotografi frå Kunsthøgskulen i Bergen i 2005. Til dagleg bur ho i Bergen og underviser i foto og filmproduksjon på studieretninga media og kommunikasjon ved Årstad VGS. Stenseth har hovudsakleg stilt ut i Hordaland og Sogn og Fjordane. Her deltek ho med eit frontalt halvfigurpor-

trett av ein ung mann. Det jamne lyset, den nøytrale bakgrunnen og det rolege andletsuttrykket er med på å skape eit ny-sakleg og realistisk uttrykk som får tankane til å gå til Mette Tronvoll sine heilfigurportrett av venner og kjende. Det direkte blikket gjev ei sterk kjensle av nærvær, medan øyretelefonane halvveis gjømt i håret indikerer at den unge mannen er i si eiga verd.

White Death/ Sigurd, 2011, fotografi (102x82 cm)


Bjarne Svanøe Havrenesvegen 67, 6900Florø Tlf 90508773 bsvano@frisurf.no

Svanøe er fødd i 1954 i Florø kor han framleis bur. Han er utdanna ved Vestlandets Kunstakademi i Bergen og har gått eitt år ved Statens Kunstakademi i Oslo. Han har hovudsakleg stilt ut på Vestlandet, men òg ved fleire høve i London. Svanøe er teiknar og målar, og arbeider innanfor eit naturalistisk og figurativt uttrykk. Motiva spenner frå storslagen natur til gatescener i bymiljø.

Utan tittel, 2011, måleri (160x130 cm)


Merete Hol Tefre Postboks 9, 6801 Førde Tlf 57720884 / 91331649 merete.hol@tefre.com www.tefre.com

Hol Tefre er fødd i Bergen i 1953, oppvaksen på Askøy og har budd i Førde sidan 1970-talet. Ho er utdanna adjunkt i forming og musikk, og har teke mellomfag i kunst og handverk ved Høgskulen i Sogndal. Ho har gått på Kunstskulen i Førde for å lære teikning, måling og grafikk. I 2004 vidareutdanna ho seg innanfor ”land art”. Ho har stilt ut i inn- og utland. Hol Tefre arbeider med bilete, installasjon og kunst i landskap. Arbeidsprosessane hennar

er ofte arbeidskrevjande og langsame. I dei skulpturelle verka står gjerne kaldt metall i kontrast til trebitar av ymse slag som i ulik grad er tilverka og forma. Elles arbeider ho med små abstraherte etsingar i svart-kvitt og abstrakte måleri i ein mørk fargeskala. Naturen er som regel motivet på ein eller annan måte. Sidan 1999 har Hol Tefre vore ein del av Gruppe MIM, i lag med Marit Thingnæs og Inghild Sleire. (Sjå biografi om Thingnæs)

Februar langs stien, 2010, serie linosnitt/ særtrykk (8 à 19,5x19,5 cm)


Sarah Thingnes Vevring, 6817 Naustdal Tlf 57819693 / 41521777 sarah@thingnes.no


Yr, 2011, måleri (60x130 cm)

Thingnes er fødd i 1937 i Rochester, New York, men har budd i Vevring i mange år. Ho har utdanna seg ved Kunstskulen i Rogaland og Oslo teikne- og maleskole. I 2000 fekk ho sin avsluttande diplom frå sitt femårige studium ved Gerrit Rietveld Academy of Art and Design, Amsterdam. Ho har stilt ut i Noreg, Danmark, Nederland og USA. I 1979 var ho med på å skipe Vevringutstillinga.

Thingnes arbeider med teikning, måleri og performance. Ho nytter modige fargar og sterke kontrastar i måleria sine. Motiva hennar er klårt framstilte og ofte symbolske eller metaforiske. Kunstnaren er oppteken av dei usynlege kreftene som rår i mennesket, naturen og kosmos. Performancane hennar er særs fysiske og eksistensielle.


Marit Thingnæs Vevring, 6817 Naustdal Tlf 57818909 / 95105731 marit@thingnes.no

Thingnæs er fødd i 1938 i Vevring kor ho framleis bur. Ho er opphavleg kosthaldsøkonom, men har kunstutdanning frå Kunstskulen i Førde og i Kabelvåg. Ho debuterte i mogen alder i 1993. Ho har for det meste stilt ut på Vestlandet, men òg andre stader i Noreg. Thingnæs arbeider med objekt og kunst i landskap, men òg med fotografi, tusjteikningar og installasjon. Motivkrinsen spenner i frå det ho finn i fjæra til minne frå draumar. Uttrykket er abstrahert, men figurativt.

Sidan 1999 har Thingnæs vore ein del av Gruppe MIM, i lag med Merete Hol Tefre og Inghild Sleire. Dei arbeider med kunst i landskap og har felles utstillingar. Ho og resten av Gruppe MIM er oppteken av naturen som kunstarena, å forme natur til kultur og å nytte naturmateriale og naturinntrykk i kunsten. Dei ønskjer å skape noko nytt, men med inspirasjon frå den vestlandske kulturarven i vid forstand.

I grenseland I, 2011, serie fotografi (4 à 73x18 cm)


Magne Vangsnes Ottehaugane, 6894 Vangsnes Tlf 57696684 / 41226215 magnetfrio@hotmail.com


Evolusjon I, II og III, 2011, litografi (3 à 50x65 cm)

Vangsnes er fødd i 1945 i Vik i Sogn og bur på Vangsnes og i Spania. Han er sjølvlærd som kunstnar. Han har vore lærar på Statens høgskule for handverk og design i Bergen, amanuensis ved Høgskulen i Sogn og Fjordane og leiar for Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane/ Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Sidan 1996 har han motteke Statens garanterte minsteinntekt for kunstnarar. Han har stilt ut nasjonalt og internasjonalt. Vangsnes arbeider med grafikk, måleri, ”skulpturell grafikk” (sjølvlaga

papir nytta i skulptur) og til sist ”land art”. Grafikken hans er figurativ, men abstrahert. Motivmessig er kunstnaren interessert i det som skjer rundt oss, i oss og mellom oss, som han seier i eit intervju i 1983. Dei siste ti åra har han mellom anna fylt ein heil sal i Bergens Kunstforening med blomande epletre i desember, måla epletre sjokkrosa utandørs i Leikanger og vore både kunstnarleg rådgjevar for, og hovudkunstnar bak ”land art” med rundballar i Fjærland.


Astrid Wittersø Kvieneset, 6800 Førde Tlf 57720474 witt@as.online.no

Wittersø er fødd i 1944 i Tønsberg, oppvokst i Larvik og bur no i Førde. Ho er utdanna ved Bergen kunsthåndverkskole i tekstil, ved Statens Lærerskole i forming, teikning og biletvev, ved Universitetet i Oslo i kunsthistorie og ved Vestlandets Kunstakademi som hospitant i måleri. Ho har òg fått opplæring i glasmosaikk i Barcelona. Ho har sidan 1971 undervist i teikning og kunsthistorie. Ho har stilt ut regionalt og nas-

jonalt, men òg på Færøyane. Arbeidsfelta hennar er hovudsakleg måleri og glasmosaikk. Stikkord for arbeida hennar innanfor begge teknikkar er farge, rytme, intuisjon, balanse og lys. Ho arbeider med mjuke, asymmetriske og abstrakte former. Fargane er sterke og fargebruken sikker. Breie penselstrøk gjev energi til bileta. Biletspråket er non-figurativt.

Hjem 1, 2, 3 og 4, 2010, måleri (4 à 30x30 cm)


Profile for Sogn og Fjordane Kunstmuseum

BKSF VÅRutstilling 2011  

Utstillingskatalog

BKSF VÅRutstilling 2011  

Utstillingskatalog

Profile for sfkm
Advertisement