Fretheim Hotel - Brosjyre

Page 33

FRETHEIM HOTEL | 33

RIBBÅT-SAFARI – SJÅ MYKJE PÅ KORT TID Dette er ein glimrande måte å oppleva den berømte Nærøyfjorden, som er på UNESCO si verdsarvliste, og mange andre flotte stader langs fjorden. Vi anbefalar å kontakte Fjordsafari som har kontor på kaia i Flåm. KAJAKK – SMÅ BÅTAR – STORE INNTRYKK For deg som ønsker eit meir aktivt og tettare møte med fjorden og fjordlandskapet, er det mogeleg å leiga kajakk. Les meir på www.seakayaknorway.com og www. nordicventures.com.

ANDRE AKTIVITETAR OG OPPLEVINGAR I FLÅM

FJELLVANDRING – UT PÅ TUR ALDRI SUR Aurlandsdalen og Flåmsdalen – to fantastiske flotte dalar like i nærleiken. Gode forbindelsar med buss til/frå for dei som vil oppleva Aurlandsdalen. I Flåmsdalen kan du ta Flåmsbana og gå heile eller delar av Flåmsdalen, i kulturlandskapet langs bygdevegen ned mot Flåm. SYKKELUTLEIGE Har du lyst å oppleva Flåmsdalen eller nærområdet på to hjul, er det mogeleg å leiga sykkel i Flåm og på Myrdal stasjon. For meir informasjon og bestilling, ta kontakt med Café Rallaren på Myrdal eller Haugastøl Turistsenter i Flåm. OPPLEV FLÅM ZIPLINE, den lengste ziplinen i norden på heile 1381 meter. Kjenn pulsen stige når du set utfor det 305 meter høge stupet ved Vatnahalsen i nærleiken av Bergensbana og Flåmsbana. Ziplinen stoggar i Kårdalen ved “Rallarrosa Stølsysteri” i den øvste delen av Flåmsdalen. Velkomen til ei RÅ oppleving! DEN KALDE ÅRSTID – IKKJE LANGT TIL PUDDER Vinteren kan og by på mange aktivitetar. Med Flåmsbana kjem ein opp på fjellet til spektakulære langrennsmogelegheiter på Reinunga. Det flotte og moderne skieldoradoet Myrkdalen Fjellandsby er berre 45 minutts køyretur frå Flåm. Vi kan og anbefala vinterfjordsightseeing med båt på Nærøyfjorden. Vinteren er magisk ved fjorden og fjellet. Kulturatraksjonar som museum, kyrkjer og bygdetun finst det fleire av i området, der det er mogleg å ta inn over seg kulturen og tradisjonane som me har hatt her i århundre. Les meir: www.visitflam.com


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.