Rapport plannemnd fleirbrukshall

Page 3

3

Føreord

Samnanger kommune har nedsett ei tverrfagleg plannemnd som skal vurdere tomte- og lokaliseringsalternativ for ein ny fleirbrukshall lokalt. Nemnda skal også identifisera kostnader og areal for andre kommunale utbyggingsbehov. Norconsult Bergen er engasjert som konsulent av Samnanger kommune ved plannemnda for å oppsummere nemnda sine interne drøftingar og vurderingar. Norconsult har difor delteke i plannemnda sine interne drøftingar og vurderingar. Norconsult har delteke i 3 møter inklusiv 1 synfaring på aktuelle tomtelokaliseringar i kommunen. Fyrste møte vart gjennomført fredag 09. oktober og siste møte vart avhalde onsdag 28. oktober. Tomtevala tek utgangspunkt i tilrådingane frå Skulebruksplanen. Det er desse alternativa som dannar grunnlaget for plannemnda sine samla vurderingar og drøftingar. Fleirbrukshallen har hatt hovudfokus og det er utarbeidd eit eige arealprogram for denne funksjonen. Frå Norconsult Bergen har planleggjar Terje Gregersen vore oppdragsleiar. Vidare har Jannicke Neteland Olsen teke del i dei innleiande vurderingane i oppstartsfasen. Seksjonsleiar HansPetter Duun har delteke i analysane og i dei faglege vurderingane. Seksjonsleiar Dan Lysne har vurdert kostnadsoverslag og kalkylar i rapporten. Norconsult har ikkje vurdert tilstanden i skulane. Dei skulefaglege vurderingane i rapporten er tufta på kommunen sine eigne konklusjonar i framlegg til ny Skulebruksplan 2009-2020. Norconsult Bergen takkar for oppdraget og ynskjer lukka til med realiseringa av ny fleirbrukshall og dei vidare utfordringane lokalt.

Bergen, 04. november 2009

n:\501\42\5014238\4 resultatdokumenter\41 rapporter\rapport.doc3

18.11.2009


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.