Page 1

Side 1 av 20

SAMNANGER KOMMUNE

MØTEINNKALLING Utval: Møtedato Møtetid: Møtestad:

Formannskapet 02.10.2018 Kl. 09:00 Kommunehuset/Telefonmøte

Varamedlem skal ikkje møta utan nærare innkalling Forfall til møtet eller ugildskap må meldast snarast råd til ekspedisjonen (tlf. 56 58 74 00 eller e-post postmottak@samnanger.kommune.no), som vil kalla inn varamedlem. Me ber om at alle som kan vera ugilde i ei eller fleire saker på sakslista melder frå om dette til sørvissenteret. Dette er eit ekstraordinært møte i formannskapet.

Knut Harald Frøland ordførar


Side 2 av 20 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. 040/2018 041/2018 042/2018

Arkivsak 18/1497 18/1479 18/1479

Sakstittel Faste saker Tilleggsløyving ras Liavegen Tilleggsløyving - utbetring av Totrævegen i samband med brøyting til vinterparken/skianlegget

Merknad

Oversikt faste saker    

Godkjenning av innkalling og sakliste Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte Delegerte vedtak/referatsaker Utvalet sitt kvarter

Side 2 av 9


Side 3 av 20 SAMNANGER KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Jan Erik Boge Arkivsaksnr: 18/1497 Sakstype: Politisk sak

Arkivkode: FE-033 Løpenr: 18/7643

SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Formannskapet

Møtedato 02.10.2018

Saksnr 040/2018

Faste saker Rådmannen sitt framlegg til vedtak: ·

Møteinnkallinga og saklista vert godkjent.

·

Delegerte vedtak/referatsaker vert tekne til orientering.

Oversikt over faste saker: Godkjenning av innkalling og sakliste. Eventuelle merknader til protokoll frå førre møte. Delegerte vedtak/referatsaker. Utvalet sitt kvarter.

Side 3 av 9


Side 4 av 20 SAMNANGER KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Hilde-Lill Våge Arkivsaksnr: 18/1479 Sakstype: Politisk sak

Arkivkode: FE-153 Løpenr: 18/7552

SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Formannskapet

Møtedato 02.10.2018

Saksnr 041/2018

Tilleggsløyving ras Liavegen Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Ledige budsjettmidlar avsett til prosjekt - rekkverk på Liavegen vert omfordelt til sikring av Liavegen og utgjer om lag 70.000 kroner. I tillegg vert stipulerte utgifter på yttelegare om lag 230.000 kroner i samband med raset den 12. og 26. september dekka med unytta lånemidlar. Dokument som er vedlagt: Kommunegeolog - notat frå synfaring 12. sep.(1) Dokument som ikkje er vedlagt: Geolog rapport frå raset den 26 september – under arbeid og vert ettersendt. Kva saka gjeld: Tilleggsløyving i samband med to ras på Liavegen og finansiering av dette. Ras 12.09.2018. Logg teknisk driftssjef. Vart meldt ca 06.30 av ein nabo. Raset har mest truleg gått mellom 04.00 og 06.00. Entreprenør Odland var på plass med meg for synfaring ca 07.00. Me vurderte det som forsvarlig å starta opprydning så snart maskin kom på plass. Dei største blokkene var anslagsvis litt over 2 tonn. Geolog Tore Dolvik frå Kvam Herad var på plass kl 13.00. han vurderte at vegen kunne opnast men at snarlig rassikring må på plass. Må gjerast som ei hastesak. Det vil komma rapport frå han. Det bør minimun sikrast med 5-6 boltar, me må ha ei befaring med sikringsentreprenør og geologen for ny vurdering før nøyaktig kostnad kan leggast fram. Vegen vart opna for trafikk ca kl 14.00. Det vil sannsynligvis verta behov for litt grøftereinsk i ettertid då det vil komma litt meir jord frå rasstaden. Har fått hjelp frå statens vegvesen til å anslå ein ca pris på sikring. Me anslår ca 100 000,- eks mva for sikringa.


Side 5 av 20 Skuleborn vart følgt forbi raset både til og frå skulen. Skuletransporten gjekk til og frå oppsida av rasstaden i går. Vegbana ser for øvrig uskadd ut etter rydding.

Ras 26.09.2018 – Logg teknisk driftssjef. Raset har gått ca kl 07.00 i følge bebuar på staden. Eg vart varsla på Websak kurs ca kl 09.00. Det vart prøvd varsla til kommunen av bebuar men fekk ikkje svar før resepsjon på kommunehuset var bemanna. Me har sjekka anropslogg på vakt telefon. Det er registret 5 tapte anrop først kl. 08.33 som tydar på at noko har vore feil med dekninga. Det burde sjølvsagt ha vore ringt nød nr 110 i staden for kommunens tekniske vakt.


Side 6 av 20

TD var på rasstaden ca 09.40 og varsla deretter Samnanger brannvesen og politiet som var på Ådland grunna trafikkulukke der. Politiet overtok kommandoen på rasstaden og slo alarm til alle naudetatar ca kl 10.00. Geolog vart varsla når eg fekk meldinga og var på staden ca kl 10.00. Det vart gjennomført søk i rasområdet og sjøkanten med båt. Aksjon vart avslutta ca kl 13.00 og me fekk klarsignal til å rydda vegen. Odland maskin var på plass ca kl 14.00. Vegen vart opna kl 19.30 og arbeid med rydding fullført dagen etter.


Side 7 av 20

Vurderingar og konsekvensar: Vedlagt rapport frå geolog på raset som gjekk 12/9. Vedlagt prisoverslag på sikring frå Mesta. Dette arbeidet er starta opp i dag, 1 oktober. Kostnader på ras 12/9: Odland maskin Mesta Fjellsikring Kostander på ras 26/9: Odland Maskin Betong fundament på vegskulder ny mur pris Nytt betongrekkverk prisar tilbod Asfalt og maskin

98 150.- totalt

12 400,85 750,42 891,40 000,- overslag, må henta inn

45 000,- overslag, utfrå oppgitte 127 891,- totalt

Massar frå ras 12/9 vart nytta til støttemur på vegen 50m ovanfor raset. Vegen var i ferd med å rasa ned i ein hage. Om lag 70.000 av desse kostnadane kan belastast på prosjekt - rekkverk Liavegen (sidan anbodet ser ut til ligge lågare enn budsjettert): Odland maskin 36 184,Betong fundament for ny mur 10 000,- overslag, må henta inn pris Nytt betongrekkverk 21 000,- overslag, ut frå oppgitte prisar tilbod Asfalt og maskin Ca 500 m frå avkjøring til Liavegen er vegen i ferd med å rasa ut. Her trengs det å støypast betong fundament på utsida av vegen. Dette har me ikkje prisar på men håpar det kan dekkast av midlar same prosjekt.


Side 8 av 20

KVAM HERAD FOR SAMNANGER KOMMUNE

Notat frå synfaring Samnanger kommune – skredhending på kommunal veg Dato: 24.09.2018 Skreddato: 12.09.2018 Synfaring: 12.09.2018 Synfaring: 18.09.2018 Frå

Tore Dolvik, Kommunegeolog

Vår ref: 16/1597-12/N - 016/TORDOL

Samnanger - KV Liavegen - skredhending den 12. sep. 2018 Samnanger kommune er med i eit interkommunalt samarbeid om ein kommunegeolog. Einingsleiar Nils Jonny Skar tok kontakt med kommunegeologen litt over kl. 10 onsdag 12. sep. på grunn av eit ras ned på den kommunale vegen. Oppryddingsarbeidet var starta opp etter vurdering av entreprenør. Kommunegeologen kom på synfaring kl. 13. same dag. Vegen var stengt, men oppryddingsarbeidet var kome godt i gang.

Samandrag/vidare arbeid Det har losna eit bergparti i lokal skråning langs den kommunale Liavegen, like etter Liavegen 250. Kommunegologen, samen med entreprenør og Samnanger kommune, konkluderte på synfaringa at det truleg trengs hastesikring i bergpartiet, men at det ikkje er nødvendig å halde vegen stengt fram til sikringa er på plass. Samnanger kommune, kommunegeologen og Mesta var på synfaring 18. sep. for å vurdere skredsikring av bergpartiet som står igjen.

Figur 1. Samnanger kommune. Svart sirkel er plassert ved Frøland.

Mesta vil starte opp sikring og reinsk så snart som mogleg. Dei vil òg sjekke opp tidlegare sikring utført rundt 1996.

Mottakarliste: :Samnanger Kommune v/Nils Jonny Skar

Tyssevegen 217

Figur 2. Liavegen. Svart sirkel viser Kleppe 5650 TYSSE og Kvernes.

Kopi til: Mesta AS v/Olav Haugen Samnanger kommune v/Kenth Paul Opheim

Postboks 253

1326 5650

LYSAKER TYSSE


Side 9 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Figur 3. Bilde øvst viser skredhendinga den 12. september 2018. Kartutsnittet er henta frå skrednett.no. Til høgre er gråskalakart og til høgre er ortofoto. Små, grå firkantar viser registrerte skredhending i NVE sin skreddatabase.

Skredhendinga den 12. september 2018 Eit bergparti har losna i den lokale skråning oppom den kommunale Liavegen, like etter Liavegen 250. Bergpartiet tok med seg ein del jord og vegen vart sperra av skredmassane. Losnehøgda er truleg mindre enn 5 meter over vegen. Skredet har gått like ved ein støttemur som vart satt opp i etterkant av ein skredhending på 60tallet litt lenger sør. I den nordlege delen av støttemuren, heilt i toppen, har støttemuren blitt skada og skredhendinga. Det står igjen ein steinblokk som moglegvis støttar seg til den øydelagde muren. Skredhendinga vart meldt inn kl. 6.30 den 12. september. Bebuarar innanfor skredhendinga hadde fått dagens avis, som vanlegvis vert levert ca. kl. 4 om natta, så skredet må ha losna ein gong mellom kl. 4 og 6.30. Samnanger kommune tok kontakt med entreprenør som vurderte det var trygt nok til å starte oppryddinga. Ca. 20-25 m3 med skredmassar vart køyrd vekk (3 lastebillass). I tillegg til å rydde vekk skredmassane har dei grave vekk lausmassar vidare mot nord for å hindre utrasing av desse massane, samt for å få betre oversikt over skredfaren i etterkant av skredhendinga.

Side 2 av 10


Side 10 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Kommunegeologen vart kontakta einingsleiar på teknisk drift litt over kl. 10 og kom seg inn til skredhendinga kl. 13.00. Med på synfaringa var Nils Jonny Skar, einingsleiar teknisk drift i Samanger kommune og to frå entreprenørane. Ein nabo, som bur nede på Nedre-Kvernes, kom oppom og kunne informere om tidlegare skredhendingar i område, og hadde med seg ein skredvurdering utført av Noteby i 1996 (vedlagt).

Figur 4. Skredhendinga før oppryddinga starta. FOTO Samnanger kommune

Side 3 av 10


Side 11 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Figur 5. Skredhendinga før oppryddinga starta. FOTO Samnanger kommune

Side 4 av 10


Side 12 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Figur 6. Bilde viser kor skredet har godt (er rydda vekk av entreprenør). Raud stipla linje viser omtrent losneområdet.

Figur 7. Bilde viser område lenger sør. Stipla, raude piler viser to skredhending, den nærmaste var eit stort steinskred på tidleg 60-tal som øydela vegen og gjekk ned mot Nedre-Kvernes, og eit steinsprang som øydela deler av vegen på midten av 70-tallet. Støttemuren til høgre på bilde vart sett opp i etterkant av skredhendinga på 60-tallet, mens boltane er frå 1996 etter råd frå Noteby (vedlagt).

Side 5 av 10


Side 13 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Figur 8. Bilde tatt mot nord. Raud pil viser kor skredhendinga den 12. sep. trefte vegen (like nord for støttemuren). Raud stipla oval viser eit område kor det moglegvis har vore rørsle rundt same til som skredet gjekk (kan vere sikra i 1996?). Stipla pil viser deler av skredhendinga på 60-tallet, som tok vegen og gjekk vidare ned mot Nedre-Kvernes.

Figur 9. Losneområde og område vidare nordover var reinska av entreprenør før synfaringa. Blokka på bilde er delvis sprekkeoppløyst. I tillegg er det fleire parti som moglegvis på sikt kan bli ustabile.

Side 6 av 10


Side 14 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Figur 10. Bergpartiet kor det rasa ut den 12. sep. Partiet som losna var til venstre i bildekant. Entreprenør har i tillegg reinska resten av bergpartiet.

Figur 11. For ein del år tilbake (ca. 2005?) losna eit steinskred i område mellom skredet som gjekk 12. sep. (gravemaskinen) og innkøyringa til Liavegen 250. Skredmassane skal ha øydelagt vegen og ein brønn nede på Nedre-Kvernes.

Side 7 av 10


Side 15 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Registrerte skredhendingar Det var ikkje registrert nokon skredhendingar i NVE sitt skredregister, men etter synfaring den 12. sep. har kommunegeologen fått informasjon om tre andre skredhendingar på denne strekninga som no er registrert inn i databasen. Det er uklart om det òg kan ha gått eit skred i 1996 i forkant av rapport frå Noteby (sjå under), men sidan rapporten ikkje viser til denne skredhendinga, berre den på 60-tallet, så er eg usikker på om det har vore ein uromelding om skredfaren, moglegvis i samanheng med ein byggesak (Noteby refererte til byggeforskriften). Steinsprang 12. sep. 2018 ca. kl. 5.30 ObjektID: 80939 KV Liavegen /SAMNANGER Steinsprang (< 100 m3) 12.09.2018 05:30:00

+/- 1 time

Plasseringsusikkerheit: +/- 10 m Informasjon: Samnanger, KV Liavegen. Ein gong mellom kl 4.00 og 6.30 losna eit bergparti i vegskråninga og ned på den kommunale Liavegen. Ca. 20-25 m3 med stein og jord sperra dekka vegbana. Vegen vart rydda og opna i løpet av same dag (ca. kl. 15).

Steinsprang som øydela vegen og ein brønn (ca. 2005?) ObjektID: 80942 KV Liavegen /SAMNANGER Steinsprang (< 100 m3) 01.01.2005

+/- 10 år

Plasseringsusikkerheit: +/- 50 m Informasjon: Samnanger, KV Liavegen. Ut frå informasjon frå Samnanger kommune og lokalkjende så skal det på 2000-talet ha losna eit bergpart som øydela vegen og brønnen nede på Nedre-Kvernes. Dette skredet skal ha losna nord for skredet som losna den 12. september 2018.

Skredrapport av Noteby (1996) Skredhending, uromelding eller byggesak? Antatt at det ikkje gjekk eit skred, då det ikkje er nemnd spesifikt i rapporten frå Noteby.

Steinsprang på 70-tallet som delvis øydela vegen 80941 KV Liavegen /SAMNANGER Steinsprang (< 100 m3) 01.01.1975

+/- 5 år

Plasseringsusikkerheit: +/- 100 m Informasjon: Samnanger, KV Liavegen. Ut frå informasjon frå Samnanger kommune og lokalkjende så skal eit steinras har øydelagt deler av av den kommunale vegen på 70-tallet, truleg like sør for område kor det gjekk eit større skred på 60-tallet (ObjektID 80940).

Side 8 av 10


Side 16 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Steinskred på 60-tallet som øydela vegen og gjekk ned Nedre-Kvernes ObjektID: 80940 KV Liavegen /SAMNANGER Steinskred, uspesifisert 01.01.1961

+/- 10 år

Plasseringsusikkerheit: +/- 50 m Informasjon: Samnanger, KV Liavegen. Ut frå informasjon frå Samnanger kommune og lokalkjende så skal det tidleg på 60-tallet ha losna eit større bergparti som tok med seg deler av den kommunale vegen og fortsatte ned mot bebyggelsen på Nedre-Kvernes. I etterkant av raset vart det satt opp ein støttemur langs vegen nord for skredområde, og under eit bergparti oppom vegen sør for skredområde.

Tidlegare rapportar frå området Rapport frå Noteby, datert 13. mai 1996 (vedlagt) Frode S. Arnesen frå Noteby var på synfaring på Nedre-Kvernes, torsdag den 9. mai 1996, saman med Asbjørn Langeland frå teknisk etat i Samnanger kommune. Noteby har undersøkt område kor det gjekk eit fjellskred for ca. 30 år sida (ca. 1966 – same skred med Objekt-ID 80940 i skrednett). I ein rapport på to sider utan bilde eller kart vurdere Noteby at skredfaren mot Nedre-Kvernes er større enn 1/1000, men mindre enn 1/100. For å betre tryggleiken kjem dei med forslag til sikring, bolting i eksisterande støttemur og boltar i bergpartiet oppom den kommunale vegen. Denne sikringa er mest truleg utført som vist til i rapporten.

Side 9 av 10


Side 17 av 20

INTERKOMMUNAL KOMMUNEGEOLOG – SAMNANGER Skred på kommunal veg – Liavegen (gbnr. 15/14)

Skredvurdering Kommunegeologen vurderte at skredfaren er stor nok til at Samnanger kommune bør hastesikre nokre parti i området, men at skredfaren ikkje er så stor at vegen treng stengast fram til sikringa er på plass. Partiet sør for skredområde vart sikra i 1996 (ref. Noteby 1996) og er truleg stabil, men det er på tide å sjekke sikringa. Område oppom skredområde og lenger nord har parti som kan vere eller kan bli ustabile no som eit bergparti er rast ut. Det er eit parti med lausmassar, oppom område som er reinska, som bør sjekkast og moglegvis sikrast.

Konklusjon/vidare arbeid Kommunegeologen har råda Samnanger kommune til å få ordna ein synfaring med eit fjellsikringsføretak for å vurdere hastesikring. Samnanger kommune har tatt kontakt med Mesta som var på synfaring den 18. sep. kl. 13 saman med kommunen og kommunegeologen. Mesta skal få sendt over eit sikringsforslag med estimat til Samnanger kommune, og det var på synfaringa antyda at sikringa moglegvis kunne starte opp i midten av veka etter (veke 39). Det vil vere ein usikkerheit i kor mykje sikring som er nødvendig før bergpartiet er reinska for vegetasjon og mindre lause parti. Det er truleg nokon parti som bør sikrast (arbeidssikring) før vegetasjon og generell reinsk av område kan bli utført. I etterkant av reinsk kan resten av nødvendig sikringa utførast. Sikringa som er utført (ca. 1996) i bergpartiet like sør for skredhendinga skal sjekkast ut/prøvetrekkast når fjellsikringsentreprenør er på plass. I etterkant av sikringa bør kommunen få ein sluttrapport som viser til kva sikring som er utført, boltedimensjon og lengde, nett med meir.

Side 10 av 10


Side 18 av 20 SAMNANGER KOMMUNE

SAKSFRAMLEGG Sakshandsamar: Hilde-Lill Våge Arkivsaksnr: 18/1479 Sakstype: Politisk sak

Arkivkode: FE-153 Løpenr: 18/7542

SAKSGANG Styre, utval, komité m.m. Formannskapet

Møtedato 02.10.2018

Saksnr 042/2018

Tilleggsløyving - utbetring av Totrævegen i samband med brøyting til vinterparken/skianlegget Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Ut frå samfunnsnytten ski-anlegget har for innbyggarane og andre brukarar løyver kommunen inntil kroner 660.000 eks moms til å utbetre vegen på privat parsell på Totrævegen. Ski-gruppa held fram med å ha vedlikehaldsansvaret for den private delen av Totrævegen. Samnanger kommune inngår brøyteavtale med SIL v/ski-gruppa. Vedtaket vert gjort med heimel i hasteparagrafen i kommunelova § 13. jf punkt 6.3 i delegeringsreglementet. Dokument som er vedlagt: Totrævegen Kva saka gjeld: Søknad om tilleggsløyving på inntil 660.000 kroner til utbetring av privat parsell på Totrævegen opp mot ski-anlegget. Bakgrunn for saka: Denne delen av vegen er svært dårleg, smal og treng trafikksikring. Verneombodet for tekniske tenester har meldt inn HMS-avvik på vegen, og at personell ved teknisk drift ikkje får brøyte denne delen av vegen før vegen er utbetra med sikkerheitstiltak. Fakta: Den omtala parsellen er i privat eige, der SIL har avtale med grunneigar om bruk. SIL v/ski-gruppa har tidlegare hatt ønskje om å utbetre og legge om denne delen av vegen. Etter synfaring med teknisk drift tilråd dei ei langt mindre utbetring og rimelegare utbetring enn det som ski-gruppa først hadde tenkt. Vedlagt ligg prisoverslag på det som kan vera ei tilfredstillande og trafikksikker løysing. Utbetringa gjeld ca 165 meter av vegen der ein legg opp til noko masseutskifting, asfaltering og sikring av dårleg parti med rekkverk. Tiltaket bør verte utført før vintersesongen startar, og bør verte avklart poltisk før kommunestyemøtet i november.


Side 19 av 20

Totalt er utbetringa kostnadsrekna til kroner: 825.000 inklusiv moms. Teknisk drift er i ferd med å hente inn 3 anbod, der me tek attterhald om godkjent finansiering. Dersom kommune gjev tilskot til SIL til dette tiltaket får me ikkje refundert momsen. Me har derfor vore i kontakt med revisor vedr. spørsmål som gjeld moms og utbetring av privat veg. Kommunen kan krevje momskompensasjon på arbeidet som må utførast på den private vegen. Det som er viktig er at me ikkje tek betalt for brøytinga av vegen (på same måten som for idrettsanlegget – kan ikkje ta betalt fordi dette vil/kan påverke mottatt momskompensasjon) Utfører kommunen tiltaket sjølv med desse forutsetningane vert utgifta : Kr. 660.000 eks mva Kr. 165.000 mva Kr. 825.000 total kostnad Utgifta kan og førast i investering når det er snakk om utbetring og kommunen kan nytta lånemidlar. Vurderingar og konsekvensar: Ansvaret for å vedlikehalde denne delen av vegen ligg ikkje til Samnanger kommune. Den kommunale vegen og driftsansvaret vårt gjeld fram til den nedre parkeringsplassen. Resten av vegen og heilt opp i ski-anlegget er privat veg som ski-gruppa driftar i avtale med grunneigar. Ski-gruppa har og tatt på seg relativt stor lånegjeld ved å bygge ny veg heilt opp i anlegget. Kommunen har tatt på seg å og brøyta den private delen av vegen heilt opp i ski-anlegget. Ein del av denne kostnaden vert utgiftsført som tilskot til ski-gruppa og vert dekka med midlar over kulturbudsjettet. Denne delen av vegen opp til ski-anlegget det her er snakk om, har svært dårleg veggrunn og det er ingen sikring mot utforkøyring. Ski-anlegget er blitt svært populært og har hatt mange besøkande etter den kommunale del av vegen vart lagt om og sikra. Spørsmålet her vert om kommunen bør gå inn å dekke denne kostanden ut frå eit samfunnsnyttig synspunkt ? Ønskjer me at innbyggarane skal ha stor nytte av anlegget og at dei skal kunne ferdast trygt opp vegen? Eit anna spørsmål er om det er ansvarleg å legge brøytinga ut på andre når både kommunen og SIL er kjent med kor dårleg vegen er sikra ? Ønskjer me at kommunen skal halde fram med å brøyte for SIL ? Dersom me går inn med midlar bør ei utbetring som dette kunn verte knytt til dette tiltaket. Skigruppa vil framleis ha ansvaret for vedlikehaldet av den private delen av vegen. Ved nautskade kan private søkje naturskadefondet. Dette gjeld ikkje for den type vedlikehald som er omtalt i dette tilfellet, og framtidige parkeringsinntekter til ski-gruppa bør bl.a verte nytta til vegvedlikehald. Skigruppa har avtale med grunneigar om vegen. Både ski-gruppa og kommunen har i møte med grunneigarane sett fram eit ønskje om å få skipa eit felles veglag. Dette førte ikkje fram den gang, men det er ønskje om å ta opptatt desse drøftingane. Ved utbetring av vegen ønskjer teknisk drift å inngå brøyteavtale med SIL v/ski-gruppa.


Side 20 av 20

Odland Maskin A/S 5652 Årland Tlf. 56588700 Org.nr: NO 914 879 795 MVA, foretaksregisteret Kunde:

Samnanger Kommune, Økonomikontoret Tyssevegen 217 5650 TYSSE

Utbetring av Totrævegen Merk.: Prosjekt: Dykkar refr.: Nils Johnny Skar Periode: Prisoverslag

Overslaget gjeld masseutskifting, asfaltering og sikring av eit dårleg parti (165 m) av Totrævegen. Tekst

Mengde Eining A-pris

20 000,00

Rigg og drift Sprenging for og legge vegen inn

Sum

120 m

750,00

196 200,00

Masseutskifting av veg, snitt djupne på 0,5 m

Stikkrenner

2 stk

Reparere vegmur

1 RS

90 000,00

10 000,00

20 000,00 20 000,00

Avretting for asfaltering

660 m2

50,00

33 000,00

Asfaltering, 120 kg/m2

660 m2

180,00

118 800,00

Betongrekkverk 90 cm høgde

135 m

Mvh Frode Odland Odland Maskin AS Tlf 91632993 frode@odlandmaskin.no

1 200,00

162 000,00

Sum Mva Sum inkl mva

660 000,00 165 000,00 825 000,00

Profile for Samnanger kommune

Møteinnkalling formannskapet 2. oktober 2018  

Møteinnkalling formannskapet 2. oktober 2018

Møteinnkalling formannskapet 2. oktober 2018  

Møteinnkalling formannskapet 2. oktober 2018

Profile for samnanger