Issuu on Google+

27.2 – 11.3 2014

Lima ~ Ballestasøyene ~ Stillehavskysten ~ Arequipa ~ Titicacasjøen ~ Urumbamba ~ Machu Picchu ~ Cusco

Eksotisk tur til magiske Peru Reiseleder: Olav Magne Tonstad

Inkahovudstaden Cusco og «den gløymde Inkabyen» Machu Picchu var senter i det mektige Inkariket! For mange er Peru sjølve eventyrlandet i Sør-Amerika. Eventyrlege skattar og store sivilisasjonar går som ein rød tråd gjennom landet si historie. Kulturminna vart rasert og landet plyndra då spanjolane erobra landet på 1500-talet. Likevel har Peru nok gull, ruinar, mektige byggverk og kunstskattar til å trekke til seg over ein million turistar kvart år. Turistane kjem melom anna for å sjå inkafolket sin imponerande byggekunst og dei utrulege steinarbeida, men også for å oppleve den vakre og varierte naturen, med dei høge Andesfjella, jungelen, ørkenen, Titicacasjøen og Stillehavet. Inkaene var eit jordbruksfolk, og mais og poteter var Inkariket sine viktigaste ressursar. Gullet, som europearane søkte, hadde inkafolket meir enn nok av. Men gullet kunne ikkje etast, og potet og mais var derfor høgare verdsett enn gull! I Peru dyrkar bøndene fleire hundre potetsortar, dei mest hardføre veks heilt opp i 4 500 meter over havet! Inkaene var

flinke til å tilpasse jordbruket til eit hardt klima. Etter at spanjolane tok Inkariket i 1532, har europeiske husdyr kome i tillegg til lama og alpakka. Mjølk, ull og kjøttproduksjon er derfor blitt viktigare nå enn før. På turen skal vi besøke mange av dei kjente minnesmerka i landet og oppleve kulturen. Vi skal møte bønder i Andesfjella, og vi ser vi på ørkenjordbruket i dette vakre og kontrastfylte landet. Langs kysten er det ørken. Her har det dei siste tiåra vakse fram eit moderne jordbruk basert på kunstig vatning. Så skal vi ta oss god tid til å smake på den lokale peruanske maten. Den peruanske bonden er leverandør til stolte mattradisjonar, og det peruanske kjøkken er kjent som det beste i heile Amerika. Mange stader vil også lokale musikarar møte opp for å spele for turistane. På så mange område er Peru vel verdt eit besøk!


Peru

Les mer på www.sabra.no

Reiseleder: Olav Magne Tonstad Olav Magne Tonstad er jordbrukssjef i Hå kommune på Jæren. Han har arbeidd fleire år i ulike utviklingsprosjekt i Peru. Tonstad kjenner landet svært godt og har god innsikt i landbruk i Peru og Andesfjella. Han har fleire gonger tidlegare hatt med seg norske bønder og andre interesserte til flotte opplevingar i Peru. Sabra Tours

24 14 94 00

Olav Magne Tonstad 38 37 12 52 (privat ) / mobil 415 32 691 olav.magne.tonstad@gmail.com.

Dagsprogram Dag 1 - Torsdag 27. februar: Avreise frå Sola

Avreise med KLM frå Sola kl. 06:00. (Ved ynskje om utreise frå annan flyplass, sjå s. 4). Turen går via Amsterdam med ankomst til den peruanske hovudstaden Lima klokka kl. 19:10 lokal tid (minus 6 timer). Buss til Hotel José Antonio i bydelen Miraflores, som vert rekna for å vere den beste bydelen i Lima. (Mat på flyet).

Dag 2 - Fredag 28. februar: Lima - Ica

Etter frukost køyrer vi ca. 4 timar sørover langs kysten av Stillehavet. På den smale ørkenstripa vert det drive ørkenjordbruk i stor skala. Her får vi sjå moderne jordbruk basert på kunstig vatning midt i ein av verda sine tørraste ørkenar! Kysten av Peru er nemlig eit samanhengande ørkenbelte, i utgangspunktet tørt, ufruktbart og ugjestmildt! Men eit sinnrikt vatningssystem med elvevatn og grunnvatn-brønnar har skapt livskraftige gardsbruk med eksportretta produksjon av frukt og grønsaker. Det vert dyrka blant anna tomatar, paprika, chili, peanøtter, asparges, artisjokk, sitrusfrukter, bomull og oliven. På turen sørover vil vi besøke ein av dei mange kyllingfarmane, som ligg langs den panamerikanske hovudvegen. Ein stor del av den peruanske fjørfeproduksjonen er konsentrert her. I Ica vil vi besøke ein moderne ørkenbonde, som produserer grønsaker og sitrusfrukter for eksport. Det vert også ein tur innom Hotel Las Dunas, der det blir lunsj (inkludert), og oasen «Huaca China» der det vert tilbod om ørkensafari (ikkje inkludert). Seint om ettermiddagen sjekkar vi inn på Hotel San Augustin Paracas, som ligg vakkert til heilt ute ved Stillehavet. (Halv pensjon)

Dag 3 - Lørdag 1. mars: Naturoppleving på

Ballestas-øyane

I dag er det tid for ei fantastisk naturoppleving. Vi dreg med båt til øygruppa Ballestas, med sitt yrande fugle- og dyreliv. Rike plankton- og fiskeførekomstar i havet gir næring til store koloniar av sjøløve, sel, pingvinar, delfiner og millionar av sjøfugl. Herfrå blei det eksportert store mengder «guano» (fuglegjødsel) til Europa i åra 1840-1880, ofte med norske seglskuter. Store formuer blei skapt gjennom guanoboomen, både i Lima og London. Turen går med hurtiggåande båt ut til øyene som så vidt

kan skimtas frå land. På veg ut ser vi også ein kjempestor lysestake som er teikna i sanden. Ingen veit kor gammal han er, men ein stad mellom fem hundre og femten hundre år har han fungert som eit landemerke ved kysten. Etter båtturen dreg vi tilbake til hotellet, der vi kan slappe av fram til lunsj (inkludert). På veg attende til Lima besøker vi ein vingard for å sjå på prosessen frå druer til vin. Dette området er også senter for vinproduksjon i Peru. Etter besøket på vingarden. Om kvelden tilbyr reiseleiar besøk på ein betre restaurant for dei som ynskjer felles middag. (Halv pensjon)

Dag 4 - Søndag 2. mars: Frå Lima til Arequipa

Etter frukost går turen til flyplassen for å fly til Arequipa, den nest største byen i Peru. Arequipa vert kalla «den kvite byen» fordi dei fleste bygningane i sentrum er bygt av kvit lavastein. Byen ligg i ørkenen, ca. 2500 meter over havet, og er ein fin gammal by med stor katedral, kloster og mange andre historiske bygningar. Rundt byen er det eit moderne ørkenjordbruk (poteter, grønsaker, tomat, etc.) som også er basert på kunstig vatning. Etter lunsj på restaurant Montonero, besøker vi utsiktspunktet i Carmen Alto, der vi møter ein bonde og få orientering om det lokale terrassejordbruket. Seinare på ettermiddagen vert det omvising i byen og på Santa Catalinaklosteret, eit spennande kompleks frå kolonitida og «ein by i byen». Innlosjering på Hotel Posadas del Inca. Om kvelden legg reiseleiar til rette for middag på ein av byens mange restaurantar. (Halv pensjon)

Dag 5 - Mandag 3. mars: Arequipa

Arequipa ligg i ein ørken, men har eit godt utbygd jordbruk basert på vatning frå elva Chili. Klima og temperatur i Arequipa gir tre innhaustingar i året, og svært gode avlingar. Dei viktigaste produkta i Arequipa er mais, gulrot, løk og mjølk. Reiseleiar legg til rette for ein tur til den lokal marknaden. Her er det eit yrande liv og eit rikt utval av varer, dei fleste frå lokale bønder, og fisk frå Stillehavet. Vi får også sjå ein lokal grunnskole som er bygd opp av norske midlar bl.a. frå Norad. Så er vi invitert heim til ein god ven av reiseleiar som byd på typisk lokal lunsj. Det vil bli anledning til å bestille marsvin. Lunsjen er ikkje inkludert i turprisen, og vi betaler på staden. Om ettermiddagen vert

det tid til å rusle ein tur i byen og kanskje handle litt, sjå på folkelivet eller ta ein kopp nybrygga kaffi! Kvelden blir fri og reiseleiar inviterer som før dei som har lyst på middag (ikkje inkludert) på ein av byens mange og gode restaurantar! (Frukost inkludert).

Dag 6 - Tirsdag 4. mars: Frå Arequipa til

Titicacasjøen

Etter frukost besøker vi Tiabaya, eit jordbruksområde utanfor byen. På turen vidare opp i Andesfjella mot høglandet i Puno ser vi ennå typisk ørkenjordbruk. I Yura køyrer vi forbi ein av landets største sementfabrikkar, før det stig bratt opp i Andesfjella til over 4000 meters høgde. Vi køyrer gjennom nasjonalparken Salinas y Aguada Blanca der det lever mye vicuña, det minste og mest eksklusive dyret i kamelfamilien. Dersom vi er heldige ser vi dei flokkevis frå bussvinduet. Vicuñaen er totalfreda og ulla er svært dyr og eksklusiv! I dag passerer vi det høgaste punktet på turen, Crucero Alto, på 4528 meter. Vidare går reisa til byen Juliaca, eit yrande handelssenter for heile den sørlege Andes-regionen. Vi kjem til Puno tidleg på ettermiddagen. Byen er fylkeshovudstad i det sørligaste fylket i det peruanske høglandet, og ligg ved bredda av Titicacasjøen. Sjøen ligg på 3815 meter, er Sør-Amerikas største og har eit flateinnhald like stort som Rogaland fylke. Sjøen strekkjer seg langt inn i Bolivia, og både Peru og Bolivia har marinefartøy på sjøen. Det vert innkvartering på Hotel José Antonio. Vel framme i Puno vert det først ein lett lunsj, og så er det viktig å ta det med ro og kvile på grunn av høgda (3800 m). Ein forsiktig start på høgdeopphaldet er både fornuftig og påkravd! Vi rår alle våre deltakarar å ta det med ro, få i seg mykje væske og kvile resten av dagen! (Halv pensjon)

Dag 7 - Onsdag 5. mars: Båttur på Titicacasjøen Etter frukost besøkjer vi dei flytande sivøyane der Uros-indianarane lever sitt tradisjonelle liv. Dei byggjer øyane sine opp av totora-siv og held seg med både husdyr (ku og gris) og poteter frå eigen produksjon. Herifrå set vi kursen mot øya Taquile, som ligg eit par timars båttur borte. Etter kvart stig den store øya fram i synsranda. Her lever inka-indianarane sitt isolerte liv, upåverka av det meste som har skjedd i landet sidan spanjolane raserte


27.2 - 11.3.2014

inkakulturen for 500 år sidan. Samfunnet på Taquile er unikt. Vi kjem til ei øy i dobbelt forstand, ei øy i Titicacasjøen og ei øy i folkehavet – upåverka av støy og stress. Bøndene på øya lever saman i eit kollektiv, og alle har det dei treng! Dei har så absolutt noko å lære bort til vestlige turistar! Og deira gjestfridom er imponerande. Vi besøker ein bondefamilie på øya. Dei gjev oss innblikk i sine daglige sysler og sitt økologiske jordbruk. Blant anna strikker mannfolka på Taquile dei finaste huer og vantar i avanserte mønstre, og kvinnene vever band og belte med sterke naturfargar. Bøndene er sjølvforsynt med det aller meste av mat og kler! Taquile har ein fantastisk natur, – og ligg vakkert til med utsikt til Bolivia eine vegen og Peru andre vegen! Etter besøket på Taquile dreg vi med båten til landsbyen LLachon på Cabachica-halvøya, der vi et lunsj (inkludert) på en lokal familierestaurant. Om ettermiddagen er vi tilbake i Puno. Kvelden fri, og tilbod om bytur og felles middag. (Halv pensjon)

Dag 8 - Torsdag 6. mars: Frå Titicacasjøen til

Urubambadalen

Etter frukost set vi oss i bussen for å starte på køyreturen til Inkarikets «kornkammer», den svært fruktbare Urubambadalen. Undervegs skal vi innom ein lokal bonde. Her får vi sjå dei tradisjonelle reiskapane og produkta som indianerbonden har brukt og dyrka gjennom hundrevis av år. Køyreturen vidare til Urubambadalen går gjennom byen Juliaca, og vidare nordover gjennom eit vakkert fjellandskap som tilhøyrer fargerike indianarar og deira lama- og alpakka-flokkar. Turen er prega av vakre dalar og enorme vidder, – og himmelen – han er aldri så blå og fjella aldri så vakre som i Andes…! Etter den spanske erobringa på 1500-tallet vart all jord tatt frå indianarane, og det oppstod enorme gods der indianarane blei leiglendingar. I ein omfattande jordbruksreform i 1968 blei jorda ekspropriert, og det vart danna store kooperativbruk. Vi køyrer gjennom fleire slike i dag, og ser nærare på dette fenomenet. Imidlertid slo jordreformen feil og produksjonen gjekk drastisk ned. I dei seinare åra er det derfor sett i gang store prosjekt for å etablere en sjølveigande bondestand. Både reisa og stopp undervegs, vil gje oss ei god innføring i landbrukspolitikk gjennom århundra og konsekvensar for produksjon og livskraft hjå lokalbefolkninga. Vi køyrer gjennom fleire klimasoner med store variasjonar i jordbruksdrifta. Her er fruktbare dalar, enorme vidder og høge fjell kor alpakka og sau beiter heilt opp i snøgrensa. Undervegs et vi lunsj (inkludert) på restaurant Felipón. Vi besøker ruinane etter Inka-tempelet i Raqchi og dertter ei spesiell kyrkje i Andahuaylillas. I kveldinga er vi framme ved Hotel Casona de Yucay i Urubambadalen og «nede» på 2900 meter, etter å ha opphalde oss nokre dagar i høglandet. Det vert tilbod om middag (ikkje inkludert) på hotellet om kvelden. (Halv pensjon)

Les mer på www.sabra.no

Dag 9 - Fredag 7. mars: Dagstur i Urubamba-

dalen

I dag skal vi utforske Urubambadalen der elva Vilcanota renn på si ferd mot Atlanterhavet, tusenvis av kilometer mot aust. Først skal vi besøke eit potetprosjekt i ein av sidedalane til Urubambadalen, der dei lokale bøndene med hjelp av jordbruksuniversitetet i Cuzco og det internasjonale potetinstituttet i Lima, tek vare på gamle lokale potetsortar. Deretter dreg vil til Pisaq, ein fascinerande indianerlandsby øvst i Urubambadalen. På grunn av godt klima og steikande sol mellom bratte dalsider, var matproduksjonen i denne dalen av vital betyding for heile Inkariket. Endå i dag vert det eksportert mais bl.a. til USA og Japan. Urubambamaisen vert rekna for å vere verdas beste! Vi ser på jordbruk i dalen, vi handlar lokalt kunsthandverk på torget i Pisaq og nyt den indianske atmosfæren i landsbyen. I fjellsida over Pisaq vitjar vi storslagne inkaruiner og vandrar på ekte inkavegar gjennom eit tusen år gammalt terassesystem, der inkafolket dyrka potetene sine i fjellsida høgt over maisåkrane nede ved elvebredda. Etter lunsj på restaurant Tunupa (inkludert), som ligg ved Vilcanota-elva, går turen til Ollantaytambo, eit enormt militærkompleks frå inkatida. Det er bygd av kjempemessige steinblokker på opptil 30 tonn og er ein av dei få stadane der spanjolane tapte eit militært slag mot Inkariket. Dei fleste bøndene i dalen dyrkar fleire jordbruksprodukt til eige forbruk, og held nokre få husdyr, deriblant marsvin som vert rekna som den beste av alle delikatesser! Under besøket til lokale bønder får vi høve til å stille spørsmål og ta reiskap og avlingar i nærare augesyn. I kveldinga er vi tilbake på hotellet i landsbyen Yucay, der det vert tilbod om middag. (Halv pensjon)

Dag 10 - Lørdag 8. mars: Tog til Machu Picchu

I dag reiser vi med tog til det legendariske Machu Picchu, – den gløymte inkabyen langt inne i Andesfjella. Turen går langs Vilcanotaelva nordaustover mot Amazonasjungelen sitt grøne teppe. Som eit eventyrslott tronar Machu Picchu på eit høgdedrag mellom djupe dalar og høge fjell, der regnskogen møter fjellkjeda! Dei spanske conquistadorane fant aldri Machu Picchu, og byen ligg som eit urørt monument frå inkatida. Vi får ei kjensle av å vere sett fleire hundre år tilbake i tida. Machu Picchu er ei natur- og kulturoppleving av dei sjeldne! Også her var jordbruk viktigaste leveveg, men jord var ei mangelvare høgt oppe i fjella, og måtte hentast med lamakaravanar over 20 km borte. Kvar lama kan bere maks. 30 kg, og dei mange jordbruksterrassane på staden vitnar om titusenvis av lass som er brakt inn for å kunne dyrke mais og poteter til befolkninga. Ein eigen bondestand sørga for matproduksjonen til spesialistane som dreiv avansert forsking innan astronomi, og forholdet mellom jorda, sola og månen som var sentrale element i inkaene sin religion og livssyklus. Etter besøket et vi lunsj (inkludert) i stasjonsbyen Machu Picchu Pueblo

som ligg samanklemt mellom bratte, bromeliakledte fjellvegger ved elva djupt nedanfor Machu Picchu. Om ettermiddagen går togturen tilbake gjennom Urubamba-dalen og vidare med buss over eit fjellplatå til Inkariket sin gamle hovudstad Cusco, der vi i kveldinga er framme og tek inn på Hotel José Antonio. (Halv pensjon)

Dag 11 – Søndag 9. mars: Inkabyen Cusco

Cusco var politisk og religiøst senter for Inkariket som på sitt største strekte seg frå Colombia i nord til Argentina og Chile i sør. Cusco har ei rekke bygningar og minnesmerke frå denne tida. Dagens program gir oss eit godt innblikk i inkafolket sin imponerande byggekunst. Steinarbeida er heilt utrulege! Ennå er det ingen som kan gje eit fullgodt svar på korleis enorme steinblokker blei tilpassa kvarandre med millimetermål i innfløkte vinklar! Då spanjolane kom til Cuzco m��tte det dei eit mektig syn av flotte bygg og vakre parkanlegg, alt rikelig utstyrt med veggpynt og statuar i reint gull! I sentrum av byen besøker vil katedralen og soltempelet. Etter besøket tek vi turen til Sachsahuaman, eit imponerande seremonisenter bygt med kjempemessige steinblokker, som ligg ovanfor Cusco by. Etter lunsj (inkludert) vert ettermiddagen fri til å ta ein tur på byen eller slappe av. Om kvelden inviterer reiseleiar på ein betre middag (ikkje inkludert) på restaurant Plaza Grill. (Halv pensjon)

Dag 12 - Mandag 10. mars: Cuzco - Lima -

heimreise

Etter frukost går turen til flyplassen for å ta eit innanriks fly til Lima. Så vert det tur inn til gamle Lima sentrum, grunnlagt av dei europeiske erobrarane i 1535. Her ligg landets fremste katedral, regjeringskvartalet, kongressen og rådhuset. Vi prøver å danne oss eit inntrykk av denne byen som var sete for den spanske visekongen fram til frigjeringa i 1824 og som i dag er ein verdsby med ca. 8 millionar innbyggjarar. Lima blei den viktigaste byen på Amerikas vestkyst. Herifrå fant poteta vegen ut på havet og vidare til nye kontinent, som mat for slavar og straffangar! Spanjolane hadde bare forakt til overs for indianarane sine matvarer! Men slik nådde poteta til Spania omkring 1550, og 200 år seinare til Noreg! Etter byturen besøker vi eit indianermarked i bydelen Miraflores, før vi får servert lunsj på Larcomarsenteret, som ligg med flott utsikt over Stillehavet. Klokka 21:15 lettar KLM med kurs for Amsterdam. (Halv pensjon)

Dag 13 - Tirsdag 11. mars: Tilbake på Sola

Vi kjem til Amsterdam kl. 15:30 og dreg vidare til Stavanger kl. 210:10 der vi er framme på Sola kl. 22:40.


Vaksiner er ikke lovpålagt, men vi anbefaler gulfeber,

samt å være oppdatert på difteri/stivkrampe, polio og hepatitt (Twinrix). For oppholdet i Amazonas anbefaler helsemyndighetene malariatabletter. Ta kontakt med ditt lokale helsekontor i god tid! Ta med et lite reiseapotek i tillegg til evt. faste medisiner. Vi anbefaler tabletter mot reise­syke og hodepine, yoghurttabletter (regulerer fordøyelsen), kulltabletter og immodium (mot diaré), solkrem med høy faktor og leppepomade. Ta gjerne med en vekkerklokke. En liten lommelykt er nødvendig i Amazonas der lysaggregatet slukkes om natten. Håndhygiene er viktig. Vi anbefaler å ta med desinfeksjonsspray eller gel som fås på apotek.

Valuta: Det kan være greit å ta med litt US-dollar eller Euro i kontanter. Men de fleste bankkort er gangbare og det er god tilgang på minibanker. Den peruanske myntenhet heter «Nuevos Soles» og kan veksles på hoteller og vekslehus. (1 usd = ca. 2,6 / 1 euro = ca 3,5). Vær forsiktig med å veksle på gaten. Dette er legalt og tilbys «overalt», men det er relativt stor fare for å få falske sedler! Ved ankomst til Lima anbefaler vi å veksle eller kjøpe soles i bank eller minibank ved bagasjebåndet. All handel i Peru foregår i lokal valuta!

Shopping: Peru har et rikt utvalg av indiansk kun-

Tipsing: Det er vanlig at hver deltager gir tips til lokale guider og sjåfører. På denne turen utgjør dette totalt € 60,- pr. deltager og samles inn av reiseleder i forkant, slik at reiselederen fordeler tips underveis.

Bagasje: Fri bagasje på flyet er 1 kolli på inntil 23 kg.

Husk bagasjeplass til ting du kjøper med deg fra Peru. Til Amazonas trenger du en mindre sekk eller bag, da vi ikke får med oss store kofferter på båten. Koffertene oppbevares trygt i mellomtiden. Håndbagasje på KLM er inntil 12 kg pr. person.

(Mobil)telefon: Mobiltelefonnettet i Peru fun-

gerer bare med norske apparater med såkalt triband (900/1800/1900). Om din telefon har tre bånd, kan du sjekke i bruksanvisningen eller på produsentens internettside. Det er ellers god tilgang på telekort og telefonautomater i Peru, og alle hotellene har selvsagt telefon på rommet.

Litteraturliste: Mange har lyst til å lese seg litt opp

på Peru før avreise. Her følger noen boktitler som kan være aktuelle. Noen av titlene finnes bare på bibliotek. Steinar Anda/Jørgen Blitzner: Peru, skatter skjult i jungel, gjemt i sand. Eide Forlag, 2004.

Victor von Hagen: Highway of the sun, Brown and Company, 1955

David P. Werlich: Peru – a short history, Southern Illinois University Press, 1978

John Hemming: The Conquest of the Incas, Harcourt, Brace, Jovanovich, Inc., New York, 1973/2003

sthåndverk. Du får kjøpt håndstrikkede gensere og vevde tepper i lama- og alpakkaull, gull- og sølvarbeider, keramikk, hånddekorert lær og ellers typiske souvenirartikler, alt til meget hyggelige priser!

Nigel Davies: The Ancient Kingdoms of Peru, Penguin, 1998

Høyden: I Puno (3800 m) vil du merke den tynne luften. Hos noen kan det gi forbigående hodepine, kvalme og en følelse av ikke å få nok oksygen. «Høydesyken» kan motvirkes med reseptfrie medikamenter som fås kjøpt i Peru eller med druesukker (fra norsk apotek). Ved behov tilbyr vi dessuten oksygen fra flaske. Høydesyke kan forebygges og behandles med legemiddelet Diamox. Dette må du i så fall få av legen (på resept) før du reiser. Men den beste høydemedisin er å ta det med ro, drikke mye væske, gå sakte og unngå stress. Dersom du har hjerteproblemer eller høyt blodtrykk bør du kontakte lege før du bestemmer deg for turen. Erfaringsmessig er det ikke noe problem med høyt blodtrykk i høyden. Vi har lagt til rette for god høydeakklimatisering underveis.

Tore og Stoika Zetterholm: Stenene roper, Den norske Bokklubben 1991

Klima og klær: Klimaet i Peru veksler med høyden

og avstanden til havet. Februar er sommer og regntid i Peru. Det betyr vanligvis sol og pent vær med god dagtemperatur, men det kan gå en og annen regnbyge. Ta med lett bomullstøy, genser, anorakk og varme benklær til bruk i høyden. De fleste blir overrasket over temperaturen om kvelden og natten i Andesfjellene. Folk er vant til å ha det kaldt inne, og hotellrommene kan oppleves kalde. Derfor anbefaler vi godt og varmt undertøy og nattøy. Vanlig fritidstøy til middag på hotellene er greit. Husk gode tursko (gjerne joggesko). En lett regnjakke eller en liten paraply er fornuftig å ha på lur.

Mat: På inkluderte måltider kan du trygt spise det du

får servert bortsett fra råkostsalater og majones/remulade! Unngå å kjøpe mat på «gaten»! Ellers gjelder de samme forsiktighetsregler som i Syd-Europa: Drikk bare vann fra flaske, all frukt må vaskes og skrelles, og prøv å unngå mat som ikke er kokt eller stekt. Det er inkludert halvpensjon de fleste dager. Øvrige måltider blir tilrettelagt for dem som ønsker felles bespisning! På gode restauranter får man middag inkl. drikke for ca kr 90,-.

Strøm: Peru bruker 220 V med kombinert flate og

runde (tynne) strømuttak. De fleste norske apparater med originale stikkontakter kan brukes. Dersom du har en jordet kontakt (for eksempel til pc) må du ha adapter til flate plugger (US std. 10 mm) fordi slike plugger er litt for tykke.

Pris per person Kr 25 790,- + flyavgifter

Ronald Wright: Cut stones and crossroads. A journey in the two worlds of Peru. Viking Press, 2001

Thor Heyerdahl: Skjebnemøte vest for havet, Gyldendal 1992

Carsten Jensen: Jeg har hørt et stjerneskudd, Gelmuyden.Kiese 1999

Hugh Thompson/Cochineal Red: Travels through ancient Peru, Waidenfield & Nicholson, London 2006 Hugh Thompson: White Rock, Waidenfield and Nicholson, London 2005

James Higgins: Lima, Signal Books, Oxford 2005 Louis Baudin: Daily life of the Incas, Dover Publications Inc., New York 2007

Sikkerhet »»Etter mye uro og interne stridigheter på 1980-tal-

let er Peru nå inne i sitt tredje tiår med fredelig utvikling. Geriljaorganisasjonen «Lysende Sti» fikk aldri med seg grasrota og måtte gi opp sin kamp da deres leder og grunnlegger ble arrestert i 1992. Han sitter fortsatt fengslet i hovedstaden Lima »»Som i mange andre land i den 3. verden er det også i Peru en del lommetyver som ser seg om etter uforsiktige turister. Det er lurt å unngå store folkemengder, og vi anbefaler våre deltagere ikke å bære kontanter, pass og verdipapirer i ytterlommene, men i en egnet lomme/veske innenfor klærne. »»Flysikkerheten i Peru er på nivå med Europa. Vi bruker fortrinnsvis det veletablerte flyselskapet LAN Peru. De har ikke hatt ulykker og er underlagt vanlige internasjonale prosedyrer for flysikkerhet og teknisk vedlikehold.

Flyplass i Norge Turen går fra Gardermoen. KLM flyr

også fra Sandefjord, Kristiansand, Stavanger, Bergen og Trondheim. Vi kan søke om utreise fra en av disse. Husk i så fall å føre opp hvilken flyplass du ønsker å reise fra.

Andre ønsker Vi legger til rette for individuelle ønsker

om forlengelse av turen dersom noen vil bruke mer tid i Peru, eller kombinere turen med andre reisemål i Latin-Amerika. Hvis du ønsker å kombinere med badedager, har vi opplegg for det i Nord-Peru. Ta kontakt med oss dersom du har ønsker om tillegg utover grunnpakken i denne turen!

Tillegg for enkeltrom Kr 3 950,Prisen inkluderer

»» Flyreise med KLM Sola-Lima tur/retur og innenriksfly i Peru. »» 11 hotellovernattinger i dobbeltrom i god turistklasse. »» Frokost hver dag + måltider som oppgitt i programmet »» Inngangsbilletter og transport iflg. programmet. »» Norsk reiseleder på hele turen + lokale guider (engelsktalende).

Prisen inkluderer ikke

»» Flyskatt og oljetillegg på KLM, for tiden ca. kr 3 640,- (Kan endres) »» Lokale flyplassavgifter på ca. kr 50,- (Disse må betales kontant i Peru) »» Tips til guider og sjåfører underveis (€ 60,- pr. pers.) »» Drikke til inkluderte måltider

Hoteller:

Vi benytter følgende turisthoteller med god standard: Lima: Hotel Jose Antonio Tel + 511 445 7743 / 6870 www.hotelesjoseantonio.com

Paracas: Hotel San Agustin Paracas Tel +51 56 58 04 20 www.hotelessanagustin.com.pe Arequipa: Hotel Posadas del Inca Tel +51 51 21 55 30 www.sonesta.com Puno: Hotel José Antonio Tel +51 51 59 91 50 www.hotelesjoseantonio.com

Riobamba: Hotel Casona de Yucca Tel: +51 84 201116 / 20 14 55 www.hotelcasonayucay.com.pe Cusco: Hotel José Antonio Tel +51 84 23 90 30 www.hotelesjoseantonio.com

(Forbehold om bytte til tilsvarende hoteller. Oppdaterte opplysninger gis evt. før avreise).

Reiseleder:

Olav Magne Tonstad tel 38 37 12 52 (privat) mobil 415 32 691 e-post: olav.magne.tonstad@gmail.com

Vi tar forbehold om evt. trykkfeil.

Visum til Peru er ikke nødvendig for skandinaviske turister. NB: Husk pass som skal være gyldig min. 6 mnd. etter hjemreisen! Vi anbefaler å ta fotokopi av passet og oppbevare denne atskilt fra passet. I tillegg ber vi om at det sendes kopi av tittelsiden i passet sammen med påmeldingen!


Peru feb2014 tonstad web