Page 1


Innhald

1. Tanken bak opplegget 2. Vi som har laga opplegget 3. OppgĂĽver knytte til framsyninga Pan 4. OppgĂĽver knytte til Hamsun som forfattar 5. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun 6. Forankring i lĂŚreplanen


1. Tanken bak opplegget

Opplegget tek utgangspunkt i romanen og framsyninga Pan. Fleire av oppgåvene er tenkt brukt før ein ser framsyninga, mens andre er tenkte som etterarbeid. Fleire av oppgåvene er tenkt å ikkje vere så tidkrevjande (to til fire timar), mens andre oppgåver går meir i djupna og krev meir tid og arbeid. Tanken bak opplegget er at det skal vere mogleg å finne oppgåver som passar for den enkelte lærar og klasse. Undervisningsopplegget rettar seg mot 10. klasse i grunnskolen og på dei ulike trinna i vidaregåande skole. Opplegget tek utgangspunkt i formålet med norskfaget, der det mellom anna står at ”norskfaget etablerer seg i spenningsfeltet mellom det historiske og det samtidige, det nasjonale og det globale”, og at ”faget skal hjelpe elevane til å orientere seg i mangfaldet av tekster og gi rom for oppleving, læring, refleksjon og vurdering”. Derfor vil det vere i tråd med læreplanen å bruke tid på Hamsun. I tillegg tek framsyninga utgangspunkt i både novelle- og dramasjangeren, og desse sjangrane skal elevane jobbe med både på ungdomsskolen og i vidaregåandeskole.

2. Vi som har laga opplegget Bjørnar Hagen underviser i norsk, historie og samfunnsfag ved Nøtterøy vidaregåande skole. Bjørnar hugsar godt sitt første møte med Pan på gymnaset, og har sidan vore oppteken av Knut Hamsun som forfattar. Etter eit foredrag med Ingar Sletten Kolloen om bruk av Hamsun i undervisninga fekk han og fleire kollegaer ideen om eit Hamsunprosjekt. Prosjektet vart ei spennande reise gjennom fleire av Hamsuns mest kjende romanar. 18-åringane likte det dei las, og da tilbodet om å lage eit undervisningsopplegg knytt til Pan og fleire av Hamsuns noveller kom, var det ikkje vanskeleg å seie ja.

Anniken Hotvedt Sundby underviser i norsk og religion ved Nøtterøy vidaregåande skole. Anniken sitt møte med Hamsun var gjennom romanen Victoria; ho hugsar enno omslaget


på boka, store trykte raude hjarte, og det var kan hende meir omslaget enn forfattarnamnet som trekte til seg lesaren den gongen. Seinare har fascinasjonen for Hamsun vakse. Ingen kan skildre kjensler som Hamsun. Og det er nettopp desse kjenslene, forelskinga, og skiftingane dette fører med seg, som ungdommen kjenner seg att i. Hamsun er ein av våre viktigaste forfattarar, og det er viktig at nye generasjonar blir kjende med forfattarskapen hans.

3. Oppgåver knytte til Pan: Resymé av handlinga i Pan: Knut Hamsun er ein meister i skildring, og i romanen Pan frå 1894 når han eit verkelig høgdepunkt. Her skildrar han den intense gleda eit menneske kan ha over å leve i pakt med naturen, og han skildrar erotikk og kjærleik på ein måte som det ikkje finst sidestykke til i norsk litteratur. I eit vakkert og poetisk språk gir Hamsun liv til ein av dei mest underlege og samansette figurane i litteraturen: Løytnant Glahn. Løytnant Glahn bur aleine med hunden Æsop utanfor den vesle nordlandsbygda Sirilund. Han lever av jakt og fiske, eit enkelt og ukomplisert liv. Sirilund er styrt av den mektige rikmannen Mack og den vakre dotter hans, Edvarda. Mack er ein velståande handelsmann som bruker alle middel for å få det som han vil, og dotter hans, Edvarda, er ei kvinne som er vant til selskapsliv og som kjenner det sosiale spelet. Så kastar ho auga sine på Løytnant Glahn… Nordlandsnaturen med hav, skog og fjell er Glahn sitt rike. Som den greske skogguden Pan ferdest han aleine. Naturen skaffar han det vesle han treng for å leve, og er ei kjelde til intens lykke. Dei lyse nettene i nordlandssommaren set sitt preg på jegeren. Men i møte med Edvarda blir tilværet for ”naturmennesket” Glahn snudd opp ned. Dei fell for kvarandre, og forelskinga deira speler seg ut i takt med årstidene: frå den yrande, blomstrande våren, via «nordlandssommarens evige dag» med midnattssol og varmt vêr. Men sommeran i Nord-Noreg er stutt, og så snart han er på hell, går det også nedover med kjærleiksforholdet mellom Glahn og Edvarda.

Pan er ein hyllest til kjærleiken, naturen og erotikken, og blir rekna som eitt av Hamsun sine viktigaste verk.


Oppgåver i forkant av framsyninga:

1. Tekstanalyse/-arbeid Les utdraget frå kap.13 nedanfor (eit sentralt kapittel fordi det som skjer mellom Edvarda og Glahn her, er viktig for resten av handlinga). Kva skjer mellom Edvarda og Glahn i dette kapittelet? Kvifor handlar Glahn som han gjer? ”Og uten å si mere kastet hun sig hæftig om min hals og så på mig, stirret inn i mit ansigt mens hun pustet hørlig. Hendes blik var ganske sort. Jeg reiste mig brat og sa i min forvirring bare: Jaså, skal din far til Rusland?(…).”

2. Tekstanalyse/-arbeid Vel eitt eller fleire av desse utdraga frå romanen. •

Glahn skyt seg sjølv i foten (kap.17)

Evas død (kap. 32)

Edvarda ønskjer å ta over Æsop når Glahn skal dra (kap. 36/37)

Glahn kastar skoen til Edvarda i vatnet (kap.15)

A) Jamfør tekstutdraga i romanen med tilsvarande scener i framsyninga. Sjå på likskapar og skilnader. B) Kva trur du personen/personane ønskjer å oppnå i denne scenen? Korleis trur du konflikten endar?

3. Typar og karakterar kontra individuelle tilfelle På byrjinga av 1890-talet heldt Hamsun ei foredragsrekkje om ”det ubevisste sjeleliv”. I dette foredraget seier han at han ikkje vil lage typar og karakterar, men beskrive individuelle tilfelle. Les igjennom teksten nedanfor, som omhandlar dette foredraget, og diskuter:


A) Kva trur du han meinte med at han ikkje vil lage typar og karakterar, men heller beskrive individuelle tilfelle? B) I dette foredraget kritiserer Hamsun nokre andre forfattarar. Kven var desse? C) Kva er det Hamsun kritiserer?

Knut Hamsun: Fra det ubevidste sjæleliv Den 7.oktober 1891 møtte Kristianias samfunnselite opp i Brødrene Hals` konsertlokale. Mange av hovudstadens kulturpersonlegdommar og politikarar var samla; Fridtjof Nansen var til stades, ekteparet Edvard og Nina Grieg hadde funne plassane sine, og på første rad, plass 1, sat sjølvaste Henrik Ibsen. Alle, i alt rundt 700 menneske, var komne for å høyre på Knut Hamsuns foredrag om den nye litteraturen. Hovudpersonen sjølv entra scenen til applaus, og frå talarstolen retta den unge diktaren hardt skyts mot ”den verdensberømte norske litteratur”. Hamsun ville ”rydde plass til noe som mangler” hos landets fire storheiter: Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Alexander Kielland og Jonas Lie. Spesielt hardt gjekk angrepa ut over Ibsens dramatikk, men på første rad, plass 1, fortrakk ikkje Ibsen ei mine… Hamsuns program retta seg mot det han oppfatta som dei fire store si typedikting, og i programartikkelen Fra det ubevidste sjæleliv (1894) utdjupar Hamsun kritikken sin: ”Hva om nå litteraturen i det hele tatt begynte å beskjeftige seg litt mer med sjelelige tilstander enn med forlovelser og baller og landturer og ulykkeshendelser som sådanne? Man måtte da ganske visst gi avkall på å skrive “typer” – som alle sammen er skrevne før – “karakterer” – som man treffer hver dag på fisketorget.” I staden for typeskildring ville Hamsun trengje inn i menneskesjela, han ville beskrive ”individuelle tilfelle” i større grad enn karakterar, han ville skildre ”de hemmelige bevegelser som bedrives upåaktet på de avsides steder i sjelen, (…) selsomme nervevirksomheter, blodets hvisken, benpipenes bønn, hele det ubevisste sjeleliv”. Og Knut Hamsun følgde sitt litterære program i perioden som etter kvart fekk namnet

nyromantikken. Hamsun analyserte sitt ”sjæleliv” og skapte den moderne psykologiske romanen. I dei mest kjende verka hans frå 1890-talet, Sult (1890), Mysterier (1892), Pan (1894) og Victoria (1898), trengjer vi inn i karakterane sine indre tankar og umedvit, og med Hamsuns 1890-talsromanar går litteraturen bort frå å skildre ”den billige ytre psykologi, som aldri trevler en tilstand opp, aldri dukker ned i den sjelelige ransakelse”.


Oppgåver i etterkant av framsyninga:

1. Klassediskusjon A) Korleis likte du stykket? Kommenter skodespelarar/ljos/kostyme/språk/scenografi. Kva hugsar/likte du best – kvifor? Noko du ikkje forsto? Songane – korleis fungerte dei i framsyninga?

B) Med tanke på romanen Pan, korleis vart forventningane dine innfridde?

2. Refleksjons- og skriveoppgåve Oppgåva munnar ut i at ein anten individuelt eller i grupper skriv ei teatermelding på bakgrunn av framsyninga som ein har sett. Men før elevane skriv ei teatermelding, bør det først diskuterast felles i klassen: ‐

Kva for ei mottakargruppe er meldinga meint for?

Kva for konkret informasjon om oppsetjinga bør vere med?

Skal anmeldaren si objektive eller si subjektive oppleving/forståing av stykket ta mest plass?

Til det siste punktet kan elevane ta utgangspunkt i desse sitata frå kjende anmeldarar: ”Når jeg skriver, skal det vere sant, min subjektive beskrivelse er den sanneste.” (Hans Rossiné) ”Det viktigste – og det vanskeligste (...) – er å møte oppsetningene med åpent sinn og se etter hva

dei på scenen vil si meg – ikke lukke meg inn i det jeg forventer å se.” (Astrid Sletbakk)

(Begge sitata er henta frå Nationaltheatrets jubileumsbiografi fra 1999)

A) Etter diskusjonen/samtalen kan klassen, for å komme i gang med skrivinga, gjere ei øving felles.


Finn ein scene som anten provoserte deg, rørde deg, gjorde deg glad eller fekk deg til å føle medliding. – Læraren kan hjelpe elevane i gang med å stille spørsmål som: Kven var med i scenen? Kva slags kostyme hadde dei på seg? Korleis var scenebiletet (kulisser, rekvisittar, ljos, lyd..)? Kven sa kva til kven? Spesielle ord eller sitat?

Skriv ned denne scenen slik du hugsar den, og les opp for ein medelev. Snakk saman om kvifor de valde nettopp denne scenen.

B) Skriv så ei teatermelding – med dei sjangerkrava de har blitt samde om i klassen.

C) Etter at du har skrive ei melding, kan du sjå på dei ulike meldingane som stykket Pan fekk etter premieren på Hålogaland teater (hausten 2008). Kva for ei melding er du mest samd eller usamd i?


4. Oppgåver knytte til Hamsun som forfattar

Oppgåve 1 På denne nettstaden http://www.dagbladet.no/hamsun/ får ein fleire opplysningar om Hamsun som forfattar. Les igjennom sida og svar på spørsmåla: a) Korleis vart Knut Hamsun forfattar? b) Kva kan ha vore Hamsun si beste lesaroppleving? c) Kven var Hamsun sine litterære førebilete? d) Korleis jobba Hamsun?

For å svare på spørsmåla over har du berre brukt éi kjelde. Drøft om dette er problematisk.

Oppgave 2 Ved å gå inn på denne sida http://www.nrk.no/nyheter/kultur/1.3760914 får du informasjon om debatten som gjeld om Hamsun skal få ei gate eller ein plass oppkalla etter seg. Kva for tankar gjer du deg om dei ulike sidene av saka? Drøft med dei andre i klassen: Kva meiner klassen om saka?

Oppgåve 3 I 2009 er det eit 150-årsjubileum for Hamsun. Kva slags jubileum er det, og korleis skal det markerast? Bruk for eksempel nettressursen under for å finne informasjon. www.nb.no/hamsun2009


5. Tips til vidare arbeid med eller lesing av Hamsun

Bøker: Faldbakken, Knut (1985) Glahn. Hamsun, Tore (1970) Knut Hamsun Ferguson, Robert (1987) Gåten Knut Hamsun Hansen, Torkild (1978) Prosessen mot Hamsun Rottem, Øystein (1996) Hamsuns liv i bilder. Vige, Rolf (1963) Knut Hamsuns Pan

Film:

Gåten Knut Hamsun (1996) Regi Bentein Baardson Pan (1995) Regi Henning Carlsen

Hamsun på Internett: http://www.aftenposten.no/alex/litterat/forfatte/hamsunkn.htm www.nb.no/hamsun2009 www.nrk.no/litteratur/forfattere/1591758.html www.dagbladet.no/hamsun/ www.hamsun-selskapet.no/


6. Forankring i læreplanen

Kompetansemål etter 10. årstrinn i Kunnskapsløftet: Muntlege tekster: • delta i utforskande samtaler om litteratur, teater og film. Skriftlege tekster: • lese og skrive tekster i ulike sjangrar • formidle muntleg og skriftleg eigne leseerfaringar og leseopplevingar basert på tolking og refleksjon • (vise korleis tekster i ulike sjangrar kan byggjast opp på ulike måtar) Samansette tekster: • vurdere estetiske verkemiddel i samansette tekster henta frå informasjons- og underhaldningsmedium, reklame og kunst, og reflektere over korleis vi blir påverka av lyd, språk og bilete. Språk og kultur: • presentere viktige tema og uttrykksmåtar i sentrale samtidstekster og jamføre dei med framstillinga i klassiske verk frå norsk littaraturarv: kjærleik og kjønnsroller, helt og antihelt, røyndom og fantasi, makt og motmakt, løgn og sanning, oppbrot og ansvar.

Kompetansemål etter Vg1 studieførebuande og Vg 2 yrkesfagleg utdanningsprogram: Muntlege tekster: • meistre ulike roller i gruppesamtaler, foredrag, dramatisering, presentasjonar og framføringar som aktørar og tilhøyrarar. • bruke kunnskap om språk og tekster i utforskande og vurderande samtaler om litteratur ut frå eiga oppleving. Skriftlege tekster: • gjere greie for eit breitt register av språklege verkemiddel og forklare kva for funksjonar dei har


Samansette tekster: • tolke og vurdere samspelet mellom muntleg og skriftleg språk, bilete, lyd og musikk, rørsle, grafikk og design, og vise samanhengen mellom form og formål. • beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjonar knytte til språk og bilete.

Kompetansemål etter Vg2: Skriftlege tekster: • analysere tekster i ulike sjangrar for å kunne ta stilling til spørsmål tekstene tek opp og verdiane dei representerer. Jamvel om det å jobbe med Hamsun lett kan grunngjevast ut frå læreplanmål i både 10. klasse, Vg1 og Vg2, er det spesielt i Vg3 at Hamsun er på sin plass.

Kompetansemål etter Vg3: Språk og kultur: •

gjere greie for den modernistiske tradisjonen i norsk og internasjonal litteratur frå siste halvdel av 1800-talet og til i dag.

Drøfte det moderne prosjektet slik det blir uttrykt i tekster av sentrale forfattarar frå opplysingstida via realismen og til i dag.

Skriftlege tekster: •

 

Lese og tolke eksperimenterande og modernistiske tekster og bruke desse som utgangspunkt for eigen tekstproduksjon.

Skolemateriell  

Skolemateriell Pan Nynorsk