Misjonsbladet 1-10

Page 43

Eg har ei kjensle av at eg har fått tekstane frå Gud og av at eg ikkje har vore mottakeleg for bodskapen før eg fekk diagnosen. Terje Ramsåsen

– Det å ligge på sjukehuset etter operasjonane og vere handikappa, stengt ute frå verda, det er ei rar kjensle. Verda går vidare utan meg, eg er ikkje nødvendig. Seinare kjem eg ut att, og då er det dei same greiene som før. Folk lev og folk døyr, det er jo heilt normalt, men det var ei ahaoppleving å bli sett utanfor, fortel Terje.

Basisk mat. Etter at han vart sjuk, er

Terje blitt svært bevisst på kva han et. – Eg vart tipsa av ein lege om at det er viktig å ete basisk mat, og så fekk eg ei liste med anbefalt mat. Sukker er mellom anna heilt forbode fordi høgt blodsukker gjev gode vekstvilkår for kreft. Også kveitemjøl, gjær, meieriprodukt og kjappe karbohydrat er forbode. Kva blir att, vil du kanskje spørje? Det er faktisk att ein del. Hittil har eg fått eta kjøt og fisk. Vel og merke inne-

Mykje tid går med til bøkene.

ber tillatinga ikkje oppdrettsfisk og husdyr, men dyr som vel sin eigen mat. Men no har legen sagt at eg må kutte ut kjøtt og fisk også. Difor skal eg på kurs for å lære å lage god vegetarmat, seier Terje. – Opplev du at kosthaldet har positiv effekt? – Like etter at eg starta på opplegget, besøkte eg ein kamerat som har ei katte. Eg har hatt katteallergi heile mitt vaksne liv, så

M i s j o n s bladet 4 - 0 9

>>

43


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.