Issuu on Google+

Tekst: Randi Jannet Nordnes

Foto: Joakim Larsen

UKM 2011 etterlater sine spor

8. februar 2011 | Featurereportasje | 1


«UKM deltakarane vil etterlate sine spor i det fargerike talent-lyset.» Det er mykje bråk i salen, og det er varmt. Nervøsiteten stig, og spenninga er på topp. Anna Elise Sørdal Klungre som er ein av deltakarane, sett seg raskt ned ved sidan av meg. Salen byrjar å bli full, og mannskapet må ut for å hente fleire stolar. Andre deltakarar spring rundt i salen for å riste av seg nervøsiteten. - Eg er ikkje nervøs. Eg var kanskje det for nokre dagar sidan då eg øvde, men eg er ikkje det no lenger. No gler eg meg til det er min tur å vise talentet mitt på scena, men det er ikkje min tur før etter pausen. Eg er deltakar nummer 13, og eg veit at 13 er eit ulykkestal, så eg håpar på at eg ikkje snublar i alle leidningane som ligg på scena når det er mørkt. Men eg følar i meg at alt kjem til å gå bra. Etter pausen skal eg bak scena til noko som vi kallar for “greenrommet”, og der skal eg vente til det er min tur. Der kjem eg til å fokusere på songen min, og gå gjennom den ein gong før eg går opp og syng den, fortel Anna. - Har du laga songen sjølv? - Ja, eg har laga den sjølv. Eg har gjort det ein god stund no, men eg har ikkje framført nokon av dei. Denne songen eg skal synge, er den songen eg likar best av alle eg har laga, og er også den første eg kjem til å framføre. Klokka er 04:05 og opninga er 5 minutt forsinka. Etter kvar blir det mørkare, og salen som rommar rundt 150 personar er heilt full. Etter nokre sekundar blir det heilt mørkt. Salen blir stille og ventar. Scena er heilt mørk med mykje røyk. Brått går lyset opp i blått, og diskomusikk på full gass. To programleiarar står midt på scena og dansar, presenterer seg sjølv, og ynskjer alle velkomne til UKM 2011. Publikum 2 | Featurereportasje | 8. februar 2011

Alle saman på scena: Alle deltakarane og mannskapa samla på scenen med programledarane for å bukke og takke for seg, og for å bli tatt bilete av. Dei får alle saman ein stor applaus for eit stort og godt samarbeid mellom vaksne og born. klappar og brølar ut. Anna er like spent, og gir prog ram lei arane e i n stor appl aus. Programleiarane ynskjer ordføraren av Vanylven kommune, Jan Helgøy velkommen, og ordføraren held ein tale for publikum, og erklærer UKM 2011 for offisielt opna. Publikum jublar, ordføraren får rose og UKM skjorte, og programleiarane presenterer den første deltakaren. Deltakar nummer ein er to jenter som skal danse til Michael Jackson musikk. Musikken startar, og mykje røyk med blinkande og fargerike lys skin over heile scena og utover mot publikum. Aldri har UKM i Vanylven vert så fargerikt før, og Anna er i topp humør. Ho tar opp handa og peikar mot scena og snur seg mot meg. - Der vil eg vere. Der lyset er på det høgaste, der alle kan sjå meg. Det er drømmen min. Orda brenn seg inn i meg, og får meg til å skjønne at dette er verkelig noko Anna drøymar om. Tida går fort, og fleire deltakarar har vert på scena og vist kva dei kan i glitter og lys. Anna klappar og er i godt humør. Programleiarane kjem fram på scena og sleng på ein vits om tomaten som blei påkøyrd og blei kalla for ketchup. Vanlegvis er det ein ganske vanleg vits, men programleiarane slengte på ein god og rar latter på slutten som gjorde det morosamare og fekk heile salen til å le. Klokka er 16:45, og

programleiarane sei at det er pause til klokken blir 17:15. I mens kan vi kjøpe oss noko mat, som kake eller pizza, og samstundes sjå på utstillinga son nokre deltakarar har stilt ut. Over halvparten av salen går ut for å ta seg ein pause. Anna går blant mengda og møter mange kjente fjes som ynskar henne lykke til. Ho går bort og stillar seg opp i køa for å få kjøpt eit stykke pizza. Køa er ganske lang. Anna må vente ein stund, men ho er fortsatt i godt humør. Etter å ha kjøpt seg eit stykke pizza, går ho bort til utstillinga og ser på bilda og teikningane. Ho er ganske imponert, og smilar fornøgd. - Dei er veldig flinke! Eg likte ganske godt denne teikninga og dette bilete! Dei er utrulige fine! Anna peikar på ein teikning og eit bilete ho likar ganske godt, og eg er ganske einig med at teikninga og bilete er flott teikna og flott tatt. Pausen er over, og salen er full igjen, og Anna må straks gå til “greenrommet“ for å gjere seg klar. Fleire gode deltakarar har vist talentet sitt, og endelig er det Anna sin tur. Programleiarane presenterer Anna og fortel at ho skal synge og spele gitar til ein song ho har laga sjølv som heiter “Do you remember“. Publikum gir ho ein applaus, og programleiarane forlet scena. Anna sett seg på ein stol som står midt på scena og gjer seg klar. Mannskapet hjelpar ho med å plassere mikrofonen framfor munnen og gitaren. Salen er heilt stille. Mannskapet forlet


Programleiarane gir stolt frå seg blomar til Ordføraren og nokre viktige personar i mannskapet.

scena, og leikande røyk kjem opp bak Anna i lys som er like raudt som blodet. Anna startar å spele på gitaren, og startar med å synge. Heile scena er raudt med mykje røyk. På dei høge tonane høyrast det ut som om det er ein engel son syng, og gir oss frysningar. Gitaren skin ut mot publikum, og ekkoet frå stemma og gitaren sit igjen i hovudet. Nokre byrja å grine, og nokre slappar av og nyt songen. Melodien er nydelig, og teksta har mykje meining i seg. Etter kvart avsluttar ho songen rolig, og publikum gir henne ein kjempestor applaus, og eg kan høyre plystre og rope til ho at dei er stolte av ho. Anna smilar fornøgd på scena, og tek med seg gitaren og går tilbake til “greenrommet“. Resten av deltakarane visar sitt beste, og fleire band morar seg på scena. Til slutt kjem programleiarane fram på scena med nokre blomsterbukettar. Programleiarane ropar opp dei personane som er dei viktigaste i mannskapet og gir dei rosar. Alle deltakarane og alle i mannskapet blir ropt opp på scena og stillar seg opp så dei kan bli tatt bilete av. Alle bukkar, og UKM 2011 er slutt. Anna spring ned, og får ein kjempeklem frå John Willy Klungre som er faren, og heile familien til Anna smilar godt.

John Willy Klungre er stolt av dottera si Anna Elise Sørdal Klungre etter å ha vist talentet sitt på scena, og gir ho ein kjempestor klem.

- Eg håpar at familie og vennane mine er stolte av meg! - Skal du fortsette med å synge og lage dine eigne songar? - Ja, sjølvsagt! Det er dette eg elskar å gjere! Eg vil følgje draumane mine, og vil gjere mitt beste for å få dei oppfylt. I kveld er eg eit steg nærmare den eg har lyst å bli, og eg kan ikkje vente til eg er enda eit steg nærmare! Eg håpar også at eg kjem vidare så eg kan få synge meir.

Eg fekk også eit spørsmål om eg kunne synge på Kostarikjedagane som er ein liten feiring i Syvde nærmare pinsedagane. Eg takkar gjerne ja til det! Men no må eg gå og pakke saman og hjelpe til, vi snakkast sikkert! Anna Elise Sørdal Klungre avsluttar dagen med eit stort smil, stolte familiar, og stolte vennar. Gode deltakarar, og godt samarbeid vil sette sine spor i Vanylven UKM 2011. 8. februar 2011 | Featurereportasje | 3


UKM 2011 etterlater sine spor