Page 1

TID

Q LE

FIL

M

FO KIC R 1 KO 0.G E U K N T FE K E O O FA STIV URR KIN FF N G G A A O DA LS NS JE ER G Q F AR F PR IL IS MI NF O

G AR

Sandane 13.-18. november

MAGASIN


LEIAREN HAR ORDET

2

Gjer deg klar for ei heidundrande veke. Qfilmfestivalen blir arrangert for tiande gong, og dette skal feirast! Dette skal vi gjere ved hjelp av gode, nordiske filmar, aktivitetar, latter og moro. Inviter med ei veninne eller ein kompis, foreldre, borna dine eller kanskje bestemor. Slå deg ned i kinosalen med popcorn og melkesjokolade, og gjer deg klar for å smake på kva godbitar filmn-norden har å by på. I år har vi filmar som passar til alle. Blant dei mange finn du både animasjon, drama og thriller. Sjølv om vi syner filmar og har barneaktivitetar søndag, er avsparket for Qfilm måndags kveld. Kick-off held til i den koselege kjellaren på Gloppen hotell. Det vil bli god underhaldning, framsyning av innsendte kortfilmar, quiz, nordisk musikk og matservering.

Mathilde Dahl Igland

LEIAR

Mail: leiar@qfilm.net Tlf: 92241846

Til tross for kulda arrangerer vi i år utekino. Då riggar vi oss til i Sandane sentrum, der det vil bli sal av kakao, grilling av pølser og marsmallows. Det einaste du treng er ei eit teppe for å halde varmen. Ta med deg kjærasten eller ein god venn, og bli med på ein kino utanom det vanlege.

galla-aften der vi skal servere eit forrykande show med prisutdeling, raud løper og god mat. Vi ser fram til å dele ut prisar til dei beste filmane som vert levert inn til konkurransen. Det er utruleg inspirerande å vere med på å dyrke fram filminteresse blant unge menneske, noko vi gjer med glede.

«Slå deg ned i kinosalen med popcorn og melkesjokolade, og gjer deg klar for å smake på kva godbitar film-norden har by på» For oss tolv studentane som arrangerer Qfilm er dette ei veldig lærerik og spanande oppleving. Det er veldig mykje arbeid som ligg bak filmfestivalen, men det er dette vi lærer av, og vi vil ta med oss erfaringa vidare. Vi gler oss veldig til Qfilmveka, og håpar du gjer det same. Gjer deg klar for ein festival du seint vil gløyme!

I slutten av veka arrangerer vi Qpris, som er ein

QFILM 2011

Anja Egge

Karoline Strand

Heidi Hygen Skoghei

NESTLEIAR

SEKRETÆR

PRESSE

Lise Brendefur Halnes

Håkon Eltvik

Amalie Skrede

ØKONOMI

SPONSOR

GRAFISK

Synneve Øien Frøyen

Eirik Djupegot

Elise Amalie Løvland

KICK-OFF

SPESIALKINO

QPRIS

Iver Heen Ask

Kåre Bruvoll Alme

FILM

TEKNISK


LEIAREN HAR ORDET // SIDE 2 STARTEN // SIDE 5 TIDLEGARE QFILM-LEIARAR // SIDE 6-7 KICK OFF OG FAGDAG // SIDE 9 PROGRAM // SIDE 10-11 FILMAR // SIDE 12-16 AKTIVITETAR UNDER QFILMVEKA // SIDE 17 QPRIS // SIDE 19

Festivalband 100 kr Enkeltbillett 40 kr Born/Student 50 kr Born/Student 20 kr «Blåfjell 2: Jakten på det magiske horn» selgast til vanleg kinopris. Enkeltbillettar seljast på www.billetluka.no og kantina i Trivselshagen. WWW.QFILM.NET


5

13. - 18. NOVEMBER 2011

FESTIVALEN SOM SKAPER SJEFAR I ti år har elevane på medium og kommunikasjon (MK) på Firda vidaregåande skule arrangert filmfestival for ungdom. Dei har organisert, marknadsført, finansiert og gjennomført arrangementet på eiga hand frå start til slutt. Den viktigaste læringar elevane får gjennom Qfilm handlar om leiing- og organisasjonserfaring. Sidan starten i 2002, då nokre entusiastiske elevar på seinhausten fekk tilbod om å arrangere festivalen gjennom kinosjef Kjersti Rønningen, har stadig nye kull sisteårselevar teke over og arrangert Qfilm. Med erfaringane frå tidlegare elevar har dei starte på nytt og teke ansvar for alt som må gjerast for å gjennomføre ein filmfestival over ei heil veke. Den eldste filmfestivalen i fylket starta med midlar frå EU, men då dei heldt fram året etter måtte ungdomane finne økonomi til festivalen på eiga hand. «Film og Kino» og «Frifond» har vore viktige bidragsytarar heile vegen, men like viktig har det vore at lokalt næringsliv, skule, kommune og etterkvart fylkeskommune gjennom åra på ulike måtar har bidrege til økonomi og gjennomføring av arrangementet. Stadig i utvikling Festivalen har gitt sitt til å synleggjere og auke fokus på film og filmproduksjon i Sogn og Fjordane. Fagdagen med kjende folk som forelesarar har vore med frå første festival, noko også elevane på MK i Jølster og Sogndal har fått vere med på. Ungdomane utviklar festivalen kvart år, noko de kan

lese om i intervjua med tidlegare festivalsjefar i avisa. Viktigaste nyvinninga var nok introduksjonen av Qprisen i 2005. Her har lokale filmskaparar fått høve til å få filmane sine vurdert og premiert, og frå 2007 fått vise dei på nettsidene til NRK, som også har vorte ein god samarbeidspartnar. Den viktigaste grunnen til at nye elevar like entusiastisk går inn og tek over eit såpass ambisiøst prosjekt er at dette er ein festival dei «eig» sjølve. Den er av ungdom, og først og fremst for ungdom. Eigarskapet gjer at dei må ta, og tek, ansvar for alt som skal gjerast, frå det første initiativet til dei siste rapportane og rekneskapen. Suksessopplevingar Det skal samarbeidast med sponsorar, NRK og andre media, Firda og elevar på Firda, og den kommunale kinoen. Tidsskjema og fristar skal setjast og haldast, budsjett og planar skal stemme, marknadsføring skal ut på ei rekke kanalar, og alt det praktiske frå festivalspass til den raude løparen til filmpris-utdelinga skal vere på plass. Og ikkje minst skal dei samarbeide internt, og leve vidare saman, etter at små og store ting har vore heftig diskutert og avgjort. Gjennom ti år med Qfilm har eit dusin festivalsjefar og over hundre ungdommar brukt den sjansen dei har til å lede sitt eige storarrangement. Vi har sett dei ta rollene, ta ansvaret, lukkast, og vakse stort på det. Slik er Qfilm ikkje berre ein suksess frå festival til festival og for filmaktiviteten i Sogn og Fjordane, det har også vore ein suksess som tener elevane, Firda og fylket.

Geir Skagen, medielærar ved Firda vidaregåande skule, har fulgt utviklinga av Qfilm frå starten.

STIMULERER FILMINTERESSA Hadde det ikkje vore for Kjersti Rønningen hadde det kanskje aldri blitt noko Qfilm-festival. Ho kom med forslaget om ein filmfestival, og sidan den gong har medielinja ved Firda vidaregåande skule arrangert Qfilm. Kjersti Rønningen er kinosjef i Gloppen. I 2003 søkte ho etter midlar frå EU og fikk heile 60 000 kroner. Då kontakta ho medielinja for å høyre om dei hadde lyst til å arrangere ein filmfestival. Dermed var Qfilm i gang, og Kjersti har hjelpt til med kinodelen sidan den gang. Kjersti meinar at Qfilm gir eit godt skulemiljø, og bidrar til at Firda vidaregåande skule og Sandane er eit attraktivt skulevalg.

- Dessuten stimulerer det filminteressa blant ungdom, både til å sjå meir film og til å lage eigne filmar, seier Rønningen. Ho tykkjer det er flott at Firda markerar seg på fylkesbasis, og samarbeidet med NRK Sogn og Fjordane er viktig for å nå ut til heile fylket. Kjersti er alltid imponert over kor stilige prisutdelingane er, og likar godt at ho kan dra på kino ei heil veke for kun ein 50-lapp. – Dessutan har dei jo hatt ein del artige stunt med filmframsyningar på uvanlege stadar, legg ho til. Kjersti trur at Qfilm vil halde fram i mange år, men det er viktig å heile tida utvikle seg og prøve ut nye idéar.

WWW.QFILM.NET


6

MAGASINET

DEN FØRSTE Elise Grytten var Qfilm-leiar saman med Lars Erik Eikenæs Hansen i 2003, det første året Qfilm vart arrangert. Dette var ei stor utfordring for Qfilm leiarane, sidan dei var førstemann ute og alt var heilt nytt. Av: Vanja Birkelid

– Vi hadde ikkje andre sine «feil» å lære av, og vi måtte rett og slett prøve oss litt fram,seier Grytten. Det beste minnet Elise har frå Qfilm var når fyrste filmen skulle visast og dei såg kinosalen fylte seg opp. – Eg hugsar eg var ein smule nervøs for kva folk ville synes, og glad for at folk møtte opp på det vi hadde jobba så hardt med i fleire måneder. Spennande utfordring Grytten såg på stillinga som Qfilm-leiar som ei spanande og morosam utfordring, og ho meinte at det var fint å lage til eit slikt arrangement i ei lita bygd som Sandane. – Det var mykje arbeid, men veldig kjekt. Klassen eg gjekk i var heilt super, og alle var flinke å hjelpe til.

Europeisk Temaet dei hadde dette året var «Europeisk film». Dette valde dei fordi dei meinar at det er mange flotte filmar frå Europa og fordi dei hadde lyst å vise noko anna enn alle dei typisk amerikanske filmane. Opningsfilmen vart litt for sær for ein heil del av publikum, så leiaren frå 2003 meinar at dette kanskje skremde vekk ein del fra å komme på seinare førestillingar. – Eg såg i ettertid at det var ein del ting vi kunne gjort annleis, men forhåpentlegvis kunne dette vere med på å gjere neste festival endå betre. Elise Grytten meiner at Qfilm har utvikla seg mykje, og ho tykkjer det er kjekt å tenke på at ho har vore med på å starte ein så flott festival. – Eg synes dessutan det er kjempebra at det vert arrangert kortfilmkonkurranse. Dette er ein fin måte for ungdom å vise fram arbeidet sitt på, i ein ellers tøff filmbransje, legg ho til. Ho håpar og trur at Qfilm vil halde fram i mange år.

Elise Grytten Leiar i 2003

TRUA PÅ QFILM – Eg ser ingen grunn til at det ikkje skal fortsette. Så ja, Qfilm kjem til å halde fram! Det seier ein sikker Kristoffer Joachim Sivertsen om hans inntrykk av Qfilm. I 2004 fekk han prøve seg som sjef for festivalen. Av: Stine Myklebust

Qfilm vart arrangert to gongar i 2004. Den andre gongen var det Sivertsen som vart leiar. Det er byrja å bli lenge sidan og er difor ikkje lett å hugse alt som hendte rundt festivalen sju år tilbake. Men derimot lærte han mykje av leiar-jobben og syns det var ei kjekk og lærerik utfordring. – Eg lærte at det å vere leiar handlar meir om å engasjere sine medarbeidarar enn å lage konkrete oppgåver. Eg lærte óg at det å hente inn sponsorpengar tar mykje meir tid enn forventa.

Designar I dag, sju år seinare, kan Kristoffer Joachim fortelje at han fortsatt held seg innanfor medieverdenen som interaksjonsdesignar (Webdesignar) i Origogruppen AS. Kva er ditt beste Qfilm-minne? – Sjølve festivalen blei så hektisk at vi ikkje fekk tid til å nyte stunda og som leiar var det mykje som måtte ordnast. Så det må vere når vi var ferdige og kunne sjå tilbake på alt det vi hadde gjort. Kristoffer har fortsatt trua på Qfilm og meinar at dette er noko medielinja på Firda vgs bør halde fram med i fleire år.

Kristoffer Joachim Sivertsen Leiar i 2004

QFILM 2011


7

13-18. NOVEMBER 2011

KAKAO, PLEDD OG «GURIN MED REVEROMPA» – Vi var usikre på korleis publikum ville ta imot ein utekino i november, men folk trassa snøen og møtte opp. Det vart ein fin kveld, fortel dåverande leiar Birthe Bergh Eide. Av: Johanne Nygård

Gjengen i 2007 arrangerte nemleg utekino for fyrste gong på Sandane, noko som vart suksess med «Gurin med reverompa» på lerretet og kjempegod Qfilm-stemning. Animasjon Dette årets Qfilm-tema var animasjon, og det var leiaren spesielt glad for. – Vi ville vise kor variert, og ikkje minst kor bra animasjonsfilm kan vere. Ho oppfordrar alle til å sjå nærare på andre animerte filmar enn dei masseproduserte blockbusterane folk flest assosierer med animasjon.

Birthe Bergh Eide Leiar i 2007

Lik logo, ny maskot Eit av fokusområda var marknadsføringa. Dei ville reklamere for festivalen generelt og ikkje berre Qfilm det året.

Tidlegare år hadde det vore vanleg å utarbeide ein ny logo og eit nytt design for kvar gong. – Vi valde å føre vidare logoen frå året før, slik at publikum skulle kjenne igjen logoen år etter år. I tillegg laga vi ei maskot-drakt som vi blant anna brukte på stands. Birthe synest det er veldig kjekt at maskoten framleis vert brukt i marknadsføringa. Sterke meiningar Ho seier det var ei utfordring å vere Qfilm-leiar, men at ho visste det på førehand. – Vi var ei klasse med sterke og ulike meiningar, og det var mange diskusjonar vi måtte kjempe oss gjennom. Likevel var dette positivt. Før festivalveka kom var omtrent kvar detalj grundig diskutert, og når vi endeleg var einige var vi sikre på at avgjerdene var rette. Trur du Qfilm vil halde fram i mange år? – Det håpar eg verkeleg. Det er eit stort ansvar og mykje jobb med å arrangere ein festival, og då er det ekstra kjekt å sjå at elevane kvart år frivilleg har teke på seg dette ansvaret. Heldigvis består medielinja som oftast av engasjerte folk som bryr seg om det dei studerer. Og engasjerte folk er noko av det flottaste som finst, dei får til alt dei vil!

FILM I TAKET I 2010 var Malina Kirkeeide leiar for Qfilm. Dette året vart det publikumsrekord og takkino med filmen «Taken» vart godt mottatt. Av: Linda Myklebust

Malina tok på seg oppgåva som leiar både fordi ho hadde lyst til og fordi ho syntes det var ei oppgåve ho fint kunne klare å gjennomføre. – Det var utruleg kjekt og lærerikt å vere leiar for Qfilm. Man lærer utrolig mye forskjellig, seier Malina. Kirkeeide syns det har vert ein lærerik periode, spesielt innan leiing.

Malina Kirkeeide Leiar i 2010

Action Temaet i 2010 var Action. Til fagdagen hadde dei fått tak i stuntmannen John Smith Kabashi, som viste nokon av sine triks og stunt til dei frammøtte i kultursalen. Det beste Qfilm-minnet hennar var når dei viste kino i taket i aulaen. Då låg publikum på store madrasser med dyner og tepper der dei såg på filmen som vart vist frå taket.

– Det blei ein veldig koseleg og kjekk opplevelse, seier ho. Malina fortel at klassa hennar ikkje forandra så mykje på sjølve opplegget i Qfilm dette året, men dei brukte mykje tid på marknadsføring for å få flest mogleg besøkande til Qfilm. I 2010 vart det publikumsrekord for festivalen, noko klassa vart godt nøgd med. Noko for alle Tidlegare var fagdagen kun for medielinjene i fylket og inviterte. Men dette året var fagdagen for alle som ville komme - Fokuset vårt for fagdagen var at alle skulle får vere med og oppleve filmbransjen på nært hold. Man skal kunne få et innblikk både som kamerateam, men og som produsent for film, fortel Kirkeeide.

WWW.QFILM.NET


9

13. - 18. NOVEMBER 2011

KICKOFF Dato: Måndag 14.november Klokka: 18.00 Stad: Gloppen Hotell

Ein koseleg hotellkjellar med blomstrete tapet og levande lys, taffelmusikken skapar den perfekte stemninga. Folk har tatt vegen frå den kalde novemberfrosten og inn i varmen og no sit dei klare og ventar i spenning. Måndag startar det! Avsparket! Det store Kick-Off for den tiande Qfilm festivalen! På denne kvelden vil alle dei innsende kortfilmane bli vist, og du får moglegheita til å gje di stemme på kva film som stikk av med årets publikumspris. Er du heldig, kan du og vinne feite premiar på loddtrekning, og vise dine beste kunnskapar under årets Quiz. Og for å gjere stemninga endå betre enn den er, blir det musikkinnslag med herleg nordisk musikk. Så kvifor ikkje bruke måndagskvelden i ein koseleg kjellar med god underhaldning og festelegheitar. Ta turen innom kjellaren på Gloppen Hotell måndag kl.18.00, og få med deg starten på ei fantastisk veke fylt med spennande innhald og mykje moro! Få og med deg den svenske filmen ‹‹Jagärna 2›› i kinosalen i Trivselshagen, kl 21.00!

FAGDAG Dato: Fredag 18. november Klokka: 09.30 Stad: Kultursalen

Under Qfilm-veka har vi ein fagdag der føredragshaldarar kjem for å snakke om ulike erfaringar innan filmbransjen. I år kjem det alt i frå folk som lagar musikkvideoar til profesjonelle skodespelarar. Målet med fagdagen er å skape enda større filmglede blant ungdom. Vi vil inspirere til større interesse for film og filmbransjen. Firda vgs, ungdomsskulen på Sandane og alle medielinene i fylket vert invitert, og elles er fagdagen open for alle. Årets føredragshaldarar er Eivind Taksrud, Inia James, Kyrre Sydness og i tillegg ein spesiell gjest som vi annonserer cirka ei veke før festivalen. Eivind Taksrud og Inia James har jobba i Hippie Studios sidan mars 2010. Hippie Studios er Norges største firma innan det å lage musikkvideoar. Dei har jobba med store artistar, som for eksempel Timbuktu, A1, Stella Mwangi, og ikkje minst Erik & Kriss. Dei har produsert videoen til «Ølbriller» som er den mest sette norske musikkvideoen på YouTube! Kyrre Sydness er ein norsk skodespelar som har spelt i fleire norske storfilmar. Han har blant anna spelt i «Max Manus», «Hodejegerne», «Varg Veum, «Kvinnen i mitt liv», «Mørke Sjeler», «Lønsj» og «Vegas». Han har óg spelt i norske TV-seriar som «Honningfellen», «Kaptein Sabeltann og Pinky» og «Åse Tonight». Vi for også besøk av ein spesiell gjest som vi kjem til å annonsere cirka ei veke før festivalen. Dette blir ein spanande og ikkje minst lærerik dag, som du bør få med deg!

WWW.QFILM.NET


13:30

Qfilm-eventyr

14:00

Orla frøsnapper

15:30

Natursti

17:00

Den kjempestore bjørnen

20:00

Varg Veum - I mørket er alle ulver grå

G A D N Ø G S A D S N O 11:55

Anolit - Kortfilm

18:00

Oslo 31. august

20:00

Utekino i Sandane sentrum: Rare Exports

MÅN

DA TO

12:00

Operasjon BM72 - Kortfilm

20:00-22:00

Q-pris

22:30

Varg Veum - I mørket er alle ulver grå


11:50

12.00

Snøhulemannen

Xercise - Kortfilm Glimt - Kortfilm Solstikk - Kortfilm

16:00

Matservering

18:00

17:00

Kick-off

Ronal Barbararen

18:30.-19:45

20:30

Aktivitet i Trivselshagen

Jägarna 2 - Falske spor

20:00

AG ORS

Being There

DAG

G A D S Y G T A D FRE Fagdag

09-30-10:30 Eivind Taksrud & Inia James 10:40-12:00 Kyrre Haugen Sydness 12:30-14:00 Ein spesiell gjest!

18:00

Premiere: Blåfjell 2 Jakten på det magiske horn


12

MAGASINET

ORLA FRØSNAPPER

DEN KJEMPESTORE BJØRNEN

Sjanger: Animasjon/familiefilm Aldersgrense: Open for alle, anbefalt frå 6 år Regissør: Peter Dodd Nasjonalitet: Dansk

Sjanger: Animasjon/eventyr/familiefilm Aldersgrense: 7 år, anbefalt frå 8 år Regissør: Esben Toft Jacobsen Nasjonalitet: Dansk

Søndag 15.00

Søndag 18.00

O

« rla Frøsnapper» av Gert Fredholm og Peter Dodd, er ein dansk animasjonsfilm basert på Ole Lund Kirkegaard si populære barnebok. Familiefilmen handlar om ein ti år gamal gut med namnet Victor. Han bur i ein liten søvnig by og har ein hund som heiter Pølse. Den ekle bølla, Victor sin bitre fiende, Orla – betre kjent som Frøsnapper, bur der òg.

P

eter Dodd er ein animasjonsregissør frå Australia og Danmark. Peter har frå før animert filmen frå «The gummybear song», «Corpse bride» og «The tales of Desperaux»

D

et er ikkje greitt å vere minst. Det er noko dei fleste småsyskjen har erfart. For Sofie er det ekstra ille. Storebror Jonathan får gjere alt som er kjekt, medan ho nesten ikkje får lov til nokon ting. Så ein dag får ho bli med opp til morfar saman med Jonathan. No må han dele morfars merksemd med ho. Etter ankomsten til morfar får dei streng beskjed om å ikkje gå inn i den skumle skogen utanfor eigendomen. Sjølvsagt gjer dei det. Etter eit uhell med å ha rive brorens trehytte, stengjer han ho ute. I neste sekund er ho vekke. Jonathan legg av gårde ut i skogen, på leit etter Sofie. Han må likevel passe seg, det er store farar som truar ute i skogen.

E

sben Toft Jacobsen vart fødd i Danmark 1977. Han utdanna seg ved Danmarks Designskole og National Film School of Denmark i 2006. Han jobbar som freelance artist, og har i tillegg til å ha regissert «Den kjempestore bjørnen» og «Carsten og Gittes Filmballade» laga nokre kortfilmar og animert fleire dataspel.

KORTFILM XERCISE

REGISSØR: GEIR GRENI

«Xercise» er inspirert av videospel, fylt med spenning og action. I denne fantasifulle kortfilmen ser vi ein person som spring overalt. Men kvifor spring han, og kvifor gjer han så mykje rart?

Geir Greni er ein kortfilm-type med mange kortfilmar på CV-en; den første kom ut i 1999, og heiter «Etter Filmen». Seinare har han laga ti kortfilmar, blant anna «Xercise» i 2003 som vi viser på Qfilm-festivalen. Dei fleste av desse var han også manusforfattar og produsent for. Greni har også vore framfor kamera; i 1991 som programleiar

Måndag 12.00

saman med Robert Stoltenberg for TV-serien «Giga wah-wah», og hadde i 2004 ei mindre rolle i filmen «Alt for Egil». I 2011 tok Greni ei vending og lagde ein spelefilm, «Umeå4ever», ein film han er regissør, manusforfattar og produsent for.


13

13. - 18. NOVEMBER 2011

VARG VEUM

- I MØRKET ER ALLE ULVER GRÅ

JÄGARNA 2 - FALSKE SPOR

Sjanger: Krim Aldersgrense: 15 år Regissør: Alexander Eik Nasjonalitet: Dansk/norsk

Sjanger: Thriller Aldersgrense: 15 år Regissør: Kjell Sundvall Nasjonalitet: Svensk

Søndag 20.00 & torsdag 22.30

Måndag 20.30

V

15

A

K

arg Veum vaknar av eit drønn som rystar heile Bergen, då eit våpenlager utanfor byen går i lufta. Fleire liv går tapt i det som blir Varg Veum sin største sak. Same natt blir Varg sin gamle ven Hjalmar funne brutalt myrda i leilegheita si, og Varg innser raskt at dei to hendingane har ein samanheng. Før Varg veit ordet av det, har han forflytta seg til Budapest, trukke inn i eit livsfarleg spel mellom ein internasjonal paramilitær organisasjon og ein mektig våpenprodusent. Varg innser at han denne gongen har teke seg vatn over hovudet i det kjærasten Karin forsvinn. «I mørket er alle ulver grå» er den tiande filmen i Varg Veum-serien, skrive av Gunnar Staalesen.

lexander Eik er fødd 1972. Han er kjend for å vere ein av Noregs mest produktive, unge regissørar, og har regissert både spelefilmar, musikkvideoar og kortfilmar. Eik vann Amandaprisen for beste kortfilm for filmen «Første akt» i 2001. Alexander Eik har òg regissert «Varg Veum – Kvinnen i kjøleskapet» og «Varg Veum – Begravde hunder».

år etter braksuksessen «Jägarna» kjem oppfølgjaren. «Jägarna 2» tek oss inn i handlinga, mange år etter at Erik i all hast blei tvungen til å forlate politijobben sin i Norrland. No, 15 år seinare, bur han i Stockholm og har jobba seg opp til ein posisjon som det statlege mordavsnittets beste etterforskar. Eit brutalt mord tvingar han til å setje kursen mot gamle heimtrakter, og det som først ser ut som ei enkel sak, viser seg å vere noko anna. Jegerar, lokale politimenn og sjølv Erik sine nærmaste bekjente er antatt å vere innblanda. Jo meir det dreg seg til, di djupare blir konflikta mellom Erik og det lokale politiet. Det heile byrjar å likne eit mykje styggare mareritt enn Erik nokon sinne kunne ane.

jell Gösta Sundvall vart fødd i 1953 i Ederfors i Sverige. Han er ein kjend regissør her i Norden, der han fleire år har regissert politiserien «Beck» og dei kjende filmane «Grabben i graven brevid», «Ulvenatten» og ikkje minst «Jägarna» som denne filmen byggjer vidare på.

GLIMT

REGISSØR: CHARLOTTE S. HOEL

Ein sjarmerande og humoristisk kortfilm som tar plass på ein barneskule, fylt med utspekulerte gutar som er nysgjerrige på kva som er under kjolen til lærarinna.

Charlotte Schram Hoel debuterte som regissør med kortfilmen «The Caretaker» i 1999. Denne filmen deltok ho med på kortfilmfestivalen «BBC» i London. To år seinare fekk ho jobben som regissør for TV-serien Hotel Cæsar, og regisserte over ein sesong av serien. Ho var også produsent for «Time with Nyenne», ein kortfilm

Måndag 12.00

frå 2000. «Glimt» som vi viser på festivalen er med i samlinga «Fra ni til tretten» som består av ti norske kortfilmar for barn og unge.


14

MAGASINET

FØ RP RE MI ER E

SNØHULEMANNEN

RONAL BARBAREN

Sjanger: Dokumentar Aldersgrense: Open for alle Regissør: Fridtjof Kjæreng Nasjonalitet: Norsk

Sjanger: Action/animasjon/eventyr Anbefalt aldersgrense: 13 år Regissør: Christoffersen, Einstein og Andersen Nasjonalitet: Dansk

Tysdag 11.50

Tysdag 17.00

I

denne dokumentarfilmen møter vi Sverre som er lei av det einsformige kvardagslivet. Han ynskjer utfordringar, og reiser vekk for å bu på fjellet, heilt åleine som ein stille protest mot samfunnets forbrukskultur og materialistiske jag.

F

ridtjof Kjæreng har over 20 års erfaring som regissør og produsent i film- og fjernsynsindustrien. Han arbeida fleire år i NRK før han grunnla sitt eige produksjonsselskap. Kjæreng har hatt stor suksess med fjernsynsseriane «Canada på tvers» og «På tur med Lars Monsen». I 2005 vann han den europeiske TV-prisen «Prix Europa» for beste multikulturelle dokumentar for filmen «Kong Hussain av Pakistan – Dronning Asia av Norge». Han vann tre prisar under Gullruten 2011 for fjernsynsserien «Snøballkrigen»: beste regi enkamera, beste foto enkamera og beste dokusåpe.

F

ilmen har kinopremiere 25.12.11. Ronal er ein ung barbar med eit betydelig mindreverdskompleks som - heilt motsett av sine muskuløse og oljeinnsmurte stammefeller i landsbyen - diverre er ein real svekling. Skjebnen vil det slik at barbaranes overleving kjem til å kvile på Ronal sine spinkle skuldre, når ondskapens fyrste Volcazar bortfører kvar einaste levande barbar - utanom Ronal. Difor må Ronal gje seg ut på ei farleg reise for å redde sine forsvunne landsbyfeller og stogge Volcazars jakt på verdsherredømme.

F

ilmen er regissert av tre ulike regissørar. Thorbjørn Christoffersen vart fødd 1978 i Danmark. Han er ein sjølvlært 3D animatør og illustratør. Philip Einstein vart fødd 1974 i Danmark. Han var med på å regissere «Terkel i knipe» og «Jenta som lekte med ilden». Kresten Vestbjerg Andersen vart fødd i Danmark i 1978. Han er ein sjølvlært 3D animatør. Han var òg med på å lage «Terkel i knipe».

KORTFILM SOLSTIKK

REGISSØR: ELLEN LANDE

På ein varm sommardag på stranda møter vi ein desperat mann som gjer alt for å vinne tilbake dama han var i lag med. Uheldigvis er han ikkje den einaste. Greier han å få merksemda til eksen sin? Dette er ein kortfilm du definitivt kjem til å hugse.

Ellen Lande har regissert 23 dokumentar- og kortfilmar, og fått fleire prisar for filmane sine. Kortfilmen hennar «Human Race» (2003) er vist på over 16 filmfestivalar både i innland og utland, og er sett av over ein million menneske. Ho har òg laga eit drama for NRK, med namnet «Drama på overtid», som hadde 240 000 sjåarar.

Måndag 12.00

Kortfilmen vi viser på festivalen, «Solstikk», hadde premiere for over 2000 menneske på Zoominn-festivalen i Kontraskjæret i Oslo, 2004.


15

13. - 18. NOVEMBER 2011

BEING THERE

OSLO 31. AUGUST

Sjanger: Action/sport Aldersgrense: Open for alle, anbefalt frå 9 år Regissør: Filip Christensen Nasjonalitet: Norsk

Sjanger: Drama Aldersgrense: 15 år Regissør: Joachim Trier Nasjonalitet: Norsk

Tysdag 20.00

Onsdag 18.00

N

A

F

J

orske Field Productions er verdskjent for sine ekstreme skifilmar. «Being There» er deira åttande filmproduksjon og har allereie blitt ein prisvinnar. Filmen inviterer deg på ei reise saman med filmteamet og nokre av verdas beste skiutøverar. Dei lovar ein underhaldande film der dei og tar deg med bak kulissane. Du vil få sjå spektakulære scener frå vakre Lofoten, Sogndal, Strandafjellet og Japan. Dette er ingen filmtriks, berre reint mot. Med i filmen er kjende profilar som Aleksander Aurdal, Jon Olsson, PK Hunder og Aksel Lund Svindal.

ilip Christensen frå Lørenskog har i sitt korte liv regissert fleire filmar. Med åtte filmar på CV-en slår han mange kjende Hollywoodprofilar. Han er blitt ei stjerne i skimiljøet saman med Field Productions og har vunne mange prisar. På skifilmens «Oscar», IF3, vann også storfilmen «Being There» pris for beste europeiske film.

nders Danielsen Lie spelar hovudrolla i denne filmen; Anders, ein tidlegare lovande forfattar frå ein velståande familie. Han er ein 34 år gamal mann, og har vore fri for narkotika i om lag eit år. Han nærmar seg slutten av sitt opphald i avrusningsklinikken. Etter eit avbrote sjølvmordsforsøk får han lov til å kome på eit jobbintervju i Oslo. Han benyttar seg av tida han har, går rundt i byen og besøkjer gamle vener og bekjente. Sjølv om Anders meiner livet hans er over, prøver han å få eit resultat ut av moglegheitene han har sløst vekk. Filmen handlar om Anders på dagen 31. august i Oslo.

oachim Trier er ein norsk filmregissør fødd 1974. Han debuterte med filmen «Reprise», og vann Amanda og Aamodt statuetten, i tillegg til prisar i Toronto, Istanbul, Rotterdam og Milano.

ANOLIT

REGISSØR: STEFAN FALDBAKKEN

Ein kortfilm med kjende filmfjes, blant anna med Aksel Hennie og Ane Dahl Torp. Ein vaksen, men ungdommeleg gjeng, som finn på mykje rart for å halde spenning i kvardagen. Ei jente kjem inn i bilete, og Stefan blir betatt, men kven er ho eigentleg?

Stefan Faldbakken har skrive og regissert to kortfilmar; «Anolit» og «Kosmonaut». Han var òg assisterande regissør og produsent for kortfilmen «Stora och små mirakel», som vart nominert til Oscar for beste kortfilm. I 2006 debuterte Faldbakken som spelefilm-regissør med filmen «Uro», som vart teken ut til den prestisjetunge

Onsdag 11.55

filmfestivalen i Cannes. I 2009 tok den meir og meir anerkjente regissøren til på arbeidet med den første filmen av Varg Veum, «Skriften på veggen», som kom på kinolerretet i 2010. «Skriften på veggen» er Faldbakken sitt hittil dyraste prosjekt, med eit budsjett på 21 millionar kroner.


MAGASINET

UT

EK

IN

16

PR

EM

O

IER

E

RARE EXPORTS -EI JULEFORTELLING

BLÅFJELL 2

-JAKTEN PÅ DET MAGISKE HORN

Sjanger: Fantasy/svart komedie/spenning Aldersgrense: 11 år, anbefalt frå 13 år Regissør: Jalmari Helander Nasjonalitet: Finlandsk/fransk/norsk/svensk

Sjanger: Eventyr/familiefilm Aldersgrense: Open for alle Regissør: Arne Lindtner Næss Nasjonalitet: Norsk

Onsdag 20.00

Fredag 18.00

R

N

J

A

are exports fokuserer på ei gruppe lokale reineigarar som har fått jula forstyrra av utgravingar på fjellet. Ein vitskapsmann har fått tak i eit team arbeidarar til å grave det han kallar «Den største gravhaugen i verda». Reinen, som er viktig for lokalbefolkninga, blir mystisk drepen, og forsyningar byrjar å forsvinne frå byen. Kven er det som står bak alt dette? 486 meter inne i Korvatunturifjella i Finland, ligg den største hemmelegheita om Julenissen. Tida er inne for å avsløre den. Denne jula vil alle tru på Julenissen.

almari Helander er ein finsk regissør fødd i Helsinki 1976. Frå før har han laga kortfilmar som «Maximillian Tarzan» og «Ukkonen».

o er oppfølgjaren til «Julenatt i Blåfjell» ute. Historia byrjar med Dronning Fjellrose, som synst det stadig blir vanskelegare å vere blånissedronning. Pugging og forståing av blånissereglar hindrar Dronninga i å gjere det ho sjølv vil. Når Dreng og dei andre raudnissane havnar i fare på garden, trassar Dronning Fjellrose ein av dei aller strengaste reglane. Ho går på leiting etter det mystiske Blåhornet, eit magisk instrument som kan påverke veiret og redde raudnissane.

rne Lindtner Næss er fødd i 1944, og er ein norsk skodespelar, regissør, TV-produsent og manusforfattar. Arne Lindtner Næss har regissert blant anna «Hotel Cæsar»-serien, «Vazelina Hjulkalender» og fleire av filmane om «Olsenbanden junior».

KORTFILM OPERASJON BM72

REGISSØR: ESPEN VIDAR

I «Operasjon BM72» tar ein bestefar med seg barnebarnet sitt på ei lita og fantasifull reise i det kalde vinterveret. Ein koseleg kortfilm om forholdet mellom to sjelevenar.

Espen Vidar var først ute som regissør med kortfilmen «Nord og Ned» i 1996. Sju år seinare, i 2003, var Espen Vidar både regissør og manusforfattar til «Operasjon BM72», som vi viser på festivalen. I 2005 regisserte han kortfilmen «Tango Zippo». Vidar har i lengre tid vore knytt til filmbransjen. Allereie

Torsdag 12.00

tidleg på 90-talet var han undervisningsansvarleg for Oslo Film- og TV-akademi.


13. - 18. NOVEMBER 2011

AKTIVITERAR PÅ QFILM Søndag, før filmen «Orla Frøsnapper» blir vist, blir det fortalt eit spanande eventyr for borna. Eventyret handla om den mykje omtalte Q-en, og korleis den vart til her på Sandane. Eventyret blir fortalt i kinosalen 14.30. Kom og høyr!

Tysdag klokka 18.30 - 19.45 blir det ulike aktivitetar i kantina i Trivselshagen.

Natursti Søndag etter filmen «Orla frøsnapper» har blitt vist, blir det arrangert natursti. Naturstien er meint frå 6 år og oppover. Møt oss utanfo kinosalen klokka 16.30. Vinnaren får ein premie!

Filmsti Det blir filmsti på tysdag. Vinnaren får ein premie! Møt oss utanfor kinosalen.

Grautservering Tysdag ettermiddag, klokka 16.00, blir det grautservering i gamle kantina på Firda. Det kostar ti kroner for skåla. Påmeldingslister vil de finne i kantina i Trivselshagen og på Facebooksida vår.

Skattejakt Her skal fleire Q-ar gøymast, store som små. Vinnaren får ein premie!

Catch a Q! Ei bøtte med Q-ar blir tømd over den frivillige, og den som får tak i flest Q-ar vinn ein premie! Set hale på Q-en Her får den frivillige bind for auga før han eller ho skal setje hale på Q-en. Den som set den riktig, vinn ein premie! Kom og leik med oss, store og små. Dette skal bli artig!

17

UTEKINO Kva er vel meir koseleg enn å samle heile vennegjengen på utekino ein dag i november? Ta på deg varme kle, finn fram ullteppet og ta vegen til årets spesialkino! Onsdag 16.november arrangerer vi nemleg utekino! Vi kryssar fingrane for at fineveiret er med oss. Bygdekinoen stiller med utstyr, og vi riggar til i Sandane sentrum. Vi viser då «Rare Exports», som er ein litt annleis julefilm. Du kan lese meir om filmen på filmsidene. Det blir sal av kakao og grilling av pølser og marsmallows. Det er ikkje kvar dag du har denne moglegheita, så grip sjansen, og få ei litt annleis kinooppleving! Aldersgrense: 11 år Inngang: GRATIS!


TOK FESTIVALEN EIT STEG VIDARE

19

QPRIS 2011 Ute snør det, og folk går fortast mogleg inn i varmen. Publikum set seg, og mørket dempar seg i kultursalen. Danserane, musikarane og arrangørane ventar i spaning på at det skal byrje. Lyset går på, og musikken flyt ut i trivselshagen. Stemninga står i taket. Kvelden har starta. Torsdags kveld er det berre å dra fram finstasen, for då blir det Qpris! Dette er ein gallaaften med prisutdeling, raud laupar, musikk, og kanskje nokon kjendisar? Vi skal denne kvelden dele ut prisar for:

BESTE ANIMASJON

Leiar i 2005: Ida Solheim Olsen. Saman med klassa kom dei opp med idéen om Qpris. Høyrer du det? Den lyden, den spenstige lyden av spenning og forventing. Alle er klare, er du? 1, 2, 3 og vi er i gong! Kamerane ruller, programleiarane entrar scena og nok ein gong går Qpris – Gallakveld av stabelen for sjette gong i Qfilm si historie. Under kan du lese korleis Qpris vart til! Sjenert og usikker, melde ho seg frivilleg som leiar for Qfilm. I dag kan Ida Solheim Olsen mimre tilbake til då ho tok festivalen eit steg vidare. Av: Stine Solhaug Myklebust

- Eg hugsar eg skulle opp på scena for å ynskje alle velkomen til opninga av årets festival. Eg tryna midt i trappa og låg langflat på scena foran alle dei frammøtte. Det seier ein lattermild Ida i det ho skrur tida seks år tilbake til Firda Vidaregåande Skule. I 2005 sto nemlig Qfilm-festivalen igjen for dør då Ida Solheim Olsen melde seg som festivalsjef. - Eg vart leiar fordi ingen andre melde seg og eg tenkte: «Jaja, kvifor ikkje?». På vidaregåande var eg veldig liten, usikker og sjenert. Då tenkte eg festivalsjef-rolla var noko eg kunne gjere for å utfordre meg sjølv.

Så det var slik Qprisen vart til. Dei heimelaga gullprisane vart laga dagen før festivalen. Trolldeig vart brukt som materiale og deretter spraya med gullspray. - Vi fekk mykje merksemd for prisutdelinga der aviser og lokalradio kalla det for «Fylkets første filmpris». Det er gøy å sjå at den framleis eksisterar og blir større for kvart år som går, seier Olsen. Ho har stor tru på at festivalen kjem til å halde fram og avsluttar med kor mykje ein slik festival faktisk betyr for ungdomen. - Så klart kjem det til å halde fram! Det har blitt ein viktig del av undervisningsopplegget til Media og kommunikasjon på Firda, og ikkje minst eit årleg høgdepunkt for tredjeklasse. Eg sjølv vaks mykje det siste året på Firda og fekk mykje personlig lærdom ut av festivalen. Eg trur og håpar at det kan bli ein viktig arena for nye, nysgjerrige filmskaparar i fylket. Og det likar eg!

BESTE DOKUMENTAR

BESTE FIKSJON

BESTE REGI

BESTE SKODESPELAR

BESTE NYBYRJAR

PUBLIKUMSPRISEN

Publikumsprisen er det folket som skal bestemme, og vinnaren vil få ein flott premie frå NRK Sogn og Fjordane. Det vil også bli heldt tale av festivalleiaren, mykje nordisk live-musikk, dans og gourmet-mat med nordisk preg. Ta med godt humør, ein ven eller eit familiemedlem, og gjer deg klar for eit storarta show. Kanskje avslutninga på Qfilmveka blir større enn du

Og korleis var den utfordringa? - Veldig gøy! Det var nytt, lærerikt, spannande og kreativt. Samstundes var det veldig mykje å halde styr på, og når alt skulle leverast til ei bestemt tid, vart det grådig stressande. Men eg hugsar det var stas, herlegheit! Fylkets første filmpris For å gjere den ellers så kalde haust varmare, fekk Ida og resten av klassa ein idé. - Vi ville skape glitter og glamour i ein elles så kald og mørk vinterdag- derfor presenterte vi folk for gallakvelden med raud løpar og heimebaka gullprisar.

2005: Slik såg den aller første Qprisen ut.

Elise Amalie Løvland er ansvarleg for Qpris.

HAR DU NOKON GONG LURT PÅ KVIFOR FESTIVALEN HEITER QFILM? Kristoffer Joachim fortel: – Vi delte klassen opp i grupper der vi hadde idèmyldring. Vi prøvde oss litt fram, og «Q» kom frå at vi var på bygda og at der finnest det mykje kyr. Det virka óg kult med tanke på den første grafiske profilen, sidan ein då kan bruke ku-mønster og kule bilder av kyr . Til slutt satt vi igjen med to navn: «Film ala europa» og «Qfilm» som vi til slutt stemde over. Eg meinar å hugse at Qfilm vant med ei stemme. Eg er fortsatt glad for at festivalen fekk det navnet.


Du finn oss på Facebook! «Qfilm 2011 13.-18. november» www.qfilm.net

Q MAGASIN  

Festivalmagasinet for Qfilm-festivalen på Sandane, Gloppen!

Read more
Read more
Similar to
Popular now
Just for you