Issuu on Google+

OMSLAG 568x265 SOGNDAL:Layout 1 02.09.11 14.40 Page 1

www.sjøkantensogndal.no

35 sjølveigarleilegheiter med unik beliggenheit, rett ved fjorden høg standard – flott utsikt - rett ved sjøkanten - gode solforhold Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, avd. Sogndal. Postboks 286, 6852 Sogndal, Gateadresse: Parkvegen 5.

Jan Arild Rømmen tlf. 48 14 76 99 / 57 62 87 75 mail: jan.rommen@ssf.no

Jan Rune Årøy tlf. 95 04 42 40 / 57 62 87 76 mail: jan.aaroy@ssf.no


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 3

ILLUSTRASJON

KATALOGBILDE SIGDAL


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 4

LDE SIGDAL

ILLUSTRASJON

KATALOGBILDE SIGDAL

Staden der du bur blir ein del av deg


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 5

2

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 6

35 leiligheiter vert lagt ut for sal. No kan du velje frå øverste hylle Du skal like den staden der du bur. Alle kvalitetane i bustaden og området du bur i er viktige – dei påverkar deg, og blir ein del av din kvardag. Felles for alle leilegheitene er at dei har praktiske planløysingar og god arealutnytting. Vel den leilegheita som passar deg best ut frå planløysing og areal. Du kan velje mellom 2-, 3- og 4-roms leilegheiter frå 47 til 132 kvadratmeter. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime! Prosjektet vert bygd etter krav som sikrar deg gode tekniske, miljømessige og økonomiske løysingar du vil ha glede av så lenge du bur i leilegheita. Du kan glede deg til straumrekninga som kjem - med strenge krav til isolasjon og oppvarmingskjelder, vil du oppleve at leilegheita di gir deg eit lunt og varmt inneklima med vassbåren golvvarme, samstundes som straumrekninga blir lågare. Så snart du har valt den leilegheita som passar deg best, kan planlegginga byrja. Du vil få tilsendt komplett tilvalsliste med prisar og fristar. Du kan velje frå heile sortimentet til Norema når du skal skape ditt eige draumekjøkken. Vi tilbyr Norema kjøkken med kvit glatt front som standard, eik parkett i heile leilegheita og fleire alternative fargeval på veggene, utan tillegg i pris!

3


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 7

Føl deg heime på Sjøkanten No er tida inne for å flytte til ei splitter ny og moderne sjølveigarleilegheit. Leilegheitene ligg i sentrale omgivnader i Sogndal med sjøen som næraste nabo. Her beheld du alle godene ved å bu i ein einebustad, som grøntområde, privatliv, store balkongar og eigen parkeringsplass i garasje. Samstundes slepp du å uroa deg for alt som skulle vore gjort med huset. Her kan du med godt samvit overlate snømåking, vedlikehald av fasadar og plenklypping til andre. Leilegheitene er i fleire variantar, og blir overlevert med høg standard og fleire valmoglegheiter. Dei fleste leilegheitene får utsikt mot fjorden. Leilegheitene vert leverte med vassbåren golvvarme, balkong eller terrasse og heis frå garasjekjellar til alle leilegheitsplan. Hovudinngang er på bakkeplan med heis direkte til alle etasjar.

4


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.22 Page 8

ILLUSTRASJON

5


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 9

6

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 10

Nytt og gjennomtenkt for din trivsel Det er ei eiga kjensle å flytte inn i ei ny leilegheit. Det er reint og friskt i alle krokar – alt er nytt. Kjøp av ny leilegheit er god økonomi, samstundes får du ein bustad som ivaretar di investering gjennom gode materialval, enkelt og praktisk vedlikehald og god driftsøkonomi. Bruk av vassbåren golvvarme og balansert ventilasjon er både økonomisk lønsamt og positivt for inneklimaet. Sjøkanten gir deg alle desse tenlege løysingane i eit bygg med tidsmessig preg og utstrakt bruk av material som pussa mur, glas og tre. Alle leilegheitene får tilkomst frå innandørs trapperom eller heis til alle etasjar. Dette gir eit lunt og eksklusivt preg. Alle leilegheitene får sin eigen private balkong.

7


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 11

Sett ditt eige preg på di draumeleilegheit Leilegheitene får vassbåren varmeanlegg med golvvarme, eigen garasjeplass, med heis til alle etasjeplan og moglegheit for båtplass. Leilegheitene vert leverte med norsk kvalitetskjøkken frå Norema. Som standard vert tilbydd Norema med kvit glatt front. Du kan også velje mellom andre modellar mot tillegg i pris. Kjøkkenet vert levert med grå laminat benkeplate. Det kan veljast mellom 8 utvalde standardfargar på veggane, avgrensa til ein farge per rom. Det vert levert 14mm eikeparkett i stove, kjøkken, hall/entré og soverom. Det vil bli høve til å velje to alternative parkettypar utan tillegg i pris. Baderom vert flislagde. Det vert levert baderomsinnreiing i 90 eller 120 cm breidde, med kvite, glatte frontar og topplate med nedsenka vask. Katalogbilete frå Norema

8

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 12

Katalogbilete frå Norema ILLUSTRASJON

11 9


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 13

10


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 14

Nyutvikling og trivsel på gamle slakteritomta Auka trivsel og fleire innbyggjarar er hovudmålet til Sogndal kommune. Når du kjem til kommunegrensa, møter du eit skilt der det står: ”Bli med på laget”. Sogndal kommune ynskjer at innbyggjarane skal samarbeide for å skape utvikling og framgang for einskildmenneske, organisasjonar og verksemder. På gamle slakteritomta som har ei unik beliggenheit rett ved fjorden vil vi byggje nye sjølveigarleilegheiter som vil vere eit bidrag til Sogndal si vidareutvikling. Tomta ligg i rolege og naturskjønne omgivnader, med Sogndal sentrum berre ein kort spasertur unna. Utsikt frå bustadene mot sør-aust

11


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 15

Mange ynskjer seg ei leilegheit med gode materialval og god driftsøkonomi

Vassbåren golvvarme for eit lunt og godt inneklima.

Heis frå parkeringsgarasje til alle leilegheitsplan.

Moglegheit for båtplass berre få meter frå inngangsdøra.

Norema Areal Kvit, inkludert i prisen. (Katalogbilete frå Norema)

På ei hyggeleg tomt ved fjorden, legg vi no ut for sal 35 sjølveigarleilegheiter over fem etasjar, med heis, solrike terrassar og bilen trygt forvart i parkeringsgarasje.

12


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 16

ILLUSTRASJON

13 9


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 17

14

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 18

Arkitekten om Sjøkanten Sogndal Sjøkanten ligg på den gamle slaktehustomta, ved fjorden og ved innfallsporten til Sogndal frå Leikanger. Fjordstien, gangvegen frå Hagelin til Nes, er det einaste som ligg mellom blokka og fjordkanten, båtplassar og badelaguna. Prosjektet utvidar uteopphaldsarealet frå badelaguna med leikeplass og grøntareal. Bustadblokka er på 6 etasjar, ein parkeringsetasje og 5 etasjar med leilegheiter. Blokka ligg oppå eit næringsareal, fritt og med god utsikt til fjorden og omgjevnader elles. Alle leilegheitene har altanar. Dei brettar seg oppetter fasaden og er delvis lagt utanpå bygningskroppen. Materialbruken på blokka er fasadeplater, trespiler og glas. Parkeringa ligg i 2.etasje i forhold til bakkeplanet og leilegheitene har tilkomst både herifrå og frå Fjordstien. Det er heis og to trappeløp i bygningen. Leilegheitene har ulik storleik, men alle har store vindaugsflater frå opphaldsrom mot altanen og utsikten. Altanane er store og godt avskjerma frå naboleilegheitene.

Guri Fonsdal Sivilarkitekt MNAL - Arkitektkontoret 4B Pb 244

6852 Sogndal

Tlf. 57 62 77 50 Fax 57

15


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 19

16

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.23 Page 20

Tryggleik for gjennomføring Når ein kjøper ei ny leilegheit under oppføring er det viktig å vere trygg på at leilegheita vert som planlagt og at ein har tillit til utbyggjars gjennomføringsevne. Bak prosjektet står Profier AS, ein solid aktør i den norske bustadmarknaden. Profier AS er ein landsdekkjande eigedomsutviklar som dei siste 15 åra har realisert meir enn 3000 bustader i heile Norge. Bustadprosjekt som er utvikla av Profier er kjenneteikna av høg fokus på brukarvenlegheit, gjennomførte planløysingar og høg standard. Selskapet har ein sunn økonomi og solide eigarar.

17


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 21

ILLUSTRASJON

Områdeskisse 18

Illustrasjonen er ikkje eit kart, men berre meint for å orientere om planlagt opparbeiding og arrondering av tomta og er ikkje endeleg fastsett og kan bli endra.


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 22

19


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 23

Planteikningar

Sjøkanten 20

18

ILLUSTRASJON


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 24

21

19


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 25

Leilegheitstype L1 4/5-roms endeleilegheit med fantastisk utsikt Etasje: 1-5 • Leilegheit: 101, 201, 301, 401 og 501 BRA-S: 132 m² • P-rom: 126 m² • Balkong: 22 m² Tal soverom: 3/4

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

22


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 26

V N S Ø 23


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 27

Leilegheitstype L4 3/4-roms leilegheit med flott utsikt Etasje: 1-5 • Leilegheit: 102, 202, 302, 402 og 502 BRA-S: 92 m² • P-rom: 87 m² • Balkong: 9,8 m² Tal soverom: 2/3

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

24


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 28

N Ø

V S

25


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 29

Leilegheitstype L5 3/4-roms leilegheit med flott utsikt Etasje: 1-5 • Leilegheit: 103, 203, 303, 403 og 503 BRA-S: 92 m² • P-rom: 87 m² • Balkong: 9,8 m² Tal soverom: 2/3

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

26


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 30

N Ø

V S

27


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 31

Leilegheitstype L7 3-roms endeleilegheit med stor balkong Etasje: 1-5 • Leilegheit: 104, 204, 304, 404 og 504 BRA-S: 74 m² • P-rom: 71 m² • Balkong: 21 m² Tal soverom: 2

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

28


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 32

N Ø

V S

29


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 33

Leilegheitstype L6 3-roms endeleilegheit med praktisk planløysing Etasje: 1-5 • Leilegheit: 105, 205, 305, 405 og 505 BRA-S: 69 m² • P-rom: 65 m² • Balkong: 8 m² Tal soverom: 2

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

30


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 34

N Ø

V S

31


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 35

Leilegheitstype L3 2-roms leilegheit med flott utsikt Etasje: 1-5 • Leilegheit: 106, 206, 306, 406 og 506 BRA-S: 47 m² • P-rom: 43 m² • Balkong: 9 m² Tal soverom: 1

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

32


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 36

N Ø

V S

33


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 37

Leilegheitstype L2 2-roms leilegheit med flott utsikt Etasje: 1-5 • Leilegheit: 107, 207, 307, 407 og 507 BRA-S: 47 m² • P-rom: 43 m² • Balkong: 9 m² Tal soverom: 1

ØST

NORD

VEST

SØR

N S

34


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 38

N Ø

V S

35


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 39

Byggjespesifikasjon

BYGGJESPESIFIKASJON Denne spesifikasjonen er utarbeidd for å orientere om bygget sine viktigaste delemne og funksjonar. Det kan førekome avvik mellom byggjespesifikasjonen og planteikningane. I slike tilfelle er det byggjespesifikasjonen som er retningsgivande. Enkelte illustrasjonar i teikingsmaterialet kan vise forhold som ikkje er i samsvar med leveranse, som møblering, fargeval, dør- og vindaugsform, bygningsmessige detaljar, til dømes fasadedetaljar, fellesareal, materialval, blomsterkassar, beplanting, fargesetting etc. Vidare kan vindaugsplassering i den enkelte leilegheit avvike noko frå dei generelle planane som følgje av m.a. den arkitektoniske utforminga av bygget. Endeleg kjøkkenteikning vil bli utteikna av leverandør, og i denne prosessen kan det skje ei omfordeling av dei enkelte kjøkkenkomponentane. Leilegheitene vil bli oppretta som sjølveigarleilegheiter. Prosjektet er byggjemeldt i samsvar med Planog Bygningslova av 1985 med endring frå 1997.

KONSTRUKSJON Bygningane vert utførte med bærekonstruksjon i betong og stål. Etasjeskille utførast i betong eller betongelement. Fasadane vert bygde opp som isolerte stendervegger i hovudsak utvendig kledd med fasadeplater, pussa overflater, eller trekledning. Balkonggolv er i støypt/ prefabrikert betong og å sjå som utvendig konstruksjon. Mindre oppsamling av vatn vil difor kunne oppstå på golvflatar etter regnvær. Utforminga av rekkverk vil variere i prosjektet mellom tre, stål og glas. Innvendige vegger består av stålstenderar eller trestenderar, kledd med gipsplater. Leilegheitsskillevegger er i hovudsak i betong og enkelte andre vegger har overflate i betong, til dømes mot trapperom og enkelte stader i og mot fasaden.

36

STANDARD INNVENDIG BEHANDLING Golv: Alle rom vert leverte med 14 mm eik lamellparkett som standard. Det vil bli høve til å velje mellom to alternative parkettypar utan tillegg i pris (føreset byte i heile leilegheita og innan nærare fastsette fristar). Det vert levert keramiske fliser på bad og WC. Vegger: Vegger målast i lys farge. Det kan veljast mellom 8 utvalde standardfargar, avgrensa til ein farge per rom. På bad vert levert keramiske kvite fliser, eller fliser i samsvar med flisprogrammet tilrettelagt av utbyggjar. Himlingar: Måla betong eventuelt med synlege V-fuger i bustadrom. Der himling må fôrast ned, blir gipsplatehimlingen også måla. I øverste etasje kan himling bli utført i måla gips avhengig av konstruksjonsløysing. Nedfora himling/ innkassing: Røyrføringar vil i all hovudsak bli skjult bak innkassingar og som heilt eller delvis nedfora platehimlingar, fortrinnsvis i entrè, bad og over kjøkkenskåp. Nemnde konstruksjonar vil bli overflatebehandla som ein del av overflaten der konstruksjonen blir montert. Innkassingar er ikkje vist på prospektteikningane. KJØKKEN Kjøkkeninnreiing type Norema med kvit glatt front som standard. Benkeplater vert levert med grå overflate. Det vert levert med bøylar i blank eller børsta utføring som beslag. Utbyggjar kan velje å levere tilsvarande kvalitet frå annan anerkjent leverandør. Eiga kjøkkenteikning for den enkelte leilegheit vil bli utarbeidd og overlevert på tilvalsmøte med kvar enkelt bustadkjøpar. Det vert levert oppvaskbenk med nedfelt stålbeslag og avsett plass og opplegg for oppvaskmaskin, kjøleskåp og komfyr. Det er ikkje høve til å flytte på elektriske installasjonar eller avløp og vasstilførsel. Kvitevarer vert ikkje levert.

GARDEROBE Kvite skåp med frontar i Kvit glatt utføring. Det vert levert 1 meter skåp pr. seng i samsvar med planteikning. Det vert ikkje levert skåp eller innreiing i gang/entre. Garderobeskåpa vert leverte med bøylar i blank eller børsta utføring som beslag. INNVENDIGE DØRER Innvendige dører type kvit glatt, med kvite karmar og dørvridar i blank eller børsta utføring. BAD Innreiing vert levert med 120/90 cm (sjå planteikning for aktuell leilegheit) underskåp med glatte dører. Topplate med nedsenka kvit servant og eittgreps servantbatteri, spegel og lyslist med stikk. Vidare vert levert eitt greps dusjbatteri med dusjgarnityr og dusjvegger. Vegghengt klosett i kvit porselen. Det er avsett plass, og levert opplegg for vaskemaskin og tørketrommel (føreset kondenstørketrommel). Det kan bli terskel/ nivåskilnad frå bad til tilliggande rom. VINDAUGE/VINDAUGSDØRER 2-lags energiglas. Karmar vert leverte ferdig måla frå fabrikk med same farge ute og inne. HOVUDINNGANGSDØR LEILEGHEIT Hovudinngangsdør i måla utføring frå fabrikk med “dørkikkert”. FG-godkjend tryggleikslås vert levert. LISTVERK I rom med parkett vert levert golvlister i lakkert utføring. Alle gerikt rundt vindauge og dører vert leverte i måla utføring med synlege stifter. Lister på betongvegg vert innskrudde. Taklister vert ikkje levert. DIVERSE UTSTYR Brannslokkingsutstyr i samsvar med forskrifter. 1 stk brannslokkingsapparat eller brannslange vert levert i kvar leilegheit. Det vert også levert 1-2 stk røykvarslar pr. leilegheit avhengig av planløysing og leilegheitsstorleik.


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 40

ELEKTRISK Elektrisk anlegg ligg generelt skjult i leilegheitene, bortsett frå betongvegger der det kan bli ope anlegg. For lyspunkt i himling vert levert stikkontakt i overgang mellom himling og vegg. Lyslister monterast under overskåp på kjøkken. Som tilval kan det veljast ekstra punkt som kan bli ope trukke. Det vil bli montert 1 stk dobbel stikkontakt førebudd for vaskemaskin og tørketrommel. Stikk til komfyr skal vere tilrettelagt for induksjonstopp. Alle rom får stikkontaktar og lampepunkt som dekkjer eit normalbehov. Det vert levert lys i tak i entrè, under overskåp på kjøkken og i bod og over spegel på bad. SANITÆR Det vert montert opplegg for oppvaskmaskin i kjøkkenbenk, og opplegg for vaskemaskin på bad som vist på teikning. Varmtvassberedar i kvar leilegheit blir plassert i bod. OPPVARMING Oppvarming i leilegheitene vil bli levert som vassbåren golvvarmeanlegg. Der det er hensiktsmessig blir det levert panelomn. Dette gjeld i hovudsak for leilegheiter med gjeste-WC. TV/RADIO/TELEFON/RINGEKLOKKE Det vert leverte 1 stk. TV- og radiouttak utan avtale med signalleverandør. Kjøpar betaler tilknyting. Det blir klargjort for eitt telefonuttak, kjøpar bestiller sjølv abonnement. Som tilval kan monterast ekstra trekkjerøyr i vegger til rom for eventuell framtidig installasjon av punkt for TV/radio/telefon. TEIKNINGAR AV TEKNISKE ANLEGG Tekniske anlegg og framføringar til desse blir ikkje innteikna på teikningar som vert omfatta av kjøpekontrakt. Endeleg plassering av desse vert bestemt av kva som er hensiktsmessig og

naudsynt. Ein tar atterhald om endringar på planteikninger for framføring av sjakter for ventilasjonsanlegg og elektriske føringar. FELLESAREAL INNGANGSFORHOLD Det vert levert flis på golv i innvendige fellesareal. Postkassar vil bli montert der det er mest hensiktsmessig. HEIS Heis frå inngangsparti og parkeringskjellar til alle bustadetasjar. TRAPPER/TRAPPEROM Prefabrikerte eller plasstøypte trapper i betong. For øvrig vert levert vegger og undersider av trappeløp og repos i måla betong. Hovudtrapperom vert levert med keramiske fliser på golv, trappetrinn og repos. PARKERING Det etablerast eigen parkeringsetasje under bustaddelen i prosjektet. 27 leilegheiter vil få p-plass i den, resterande vil få utvendige p-plassar på utsida av p-etasjen. Parkeingsomfang er i samsvar med kommunen sitt krav til tal p-plassar. Parkeringsarealet i området er avgiftsbelagt i samsvar med kommunen sine bestemmelsar. Dette vil gjelde tilgjengelege gjesteplassar i prosjektet. Parkeringsplass som medfølgjer kvar leilegheit er ikkje avgiftsbelagt. UTOMHUSARBEID Endeleg utomhusplan er ikkje ferdigbehandla. Seljar tek atterhald om å bestemma endeleg utforming og materialval. Fellesområda vil bli tilplanta og tilsådde. Tilkomst til hovudinngangar vil ha fast dekke. Søppelhus / -behaldarar i grunnen vil bli plassert på endefasade av underliggjande næringsbygg. Det vert ikkje levert utemøblar, men sandkasse og leikeutstyr i samsvar med krav frå kommunen.

leverte med nettingvegger og dør som kan låsast med hengelås. Bodareal skal i sum utgjere minimum 5 m2 pr. leilegheit. Arealet kan framkome som sum av eksklusiv bod på minimum 3 m2 og del av fellesbod for alle leilegheitene. PORTTELEFON Det monterast ringetablå ved hovudinngangsparti og callinganlegg med automatisk låsopnar i kvar leilegheit. Det vert også levert ringeknapp utanfor kvar leilegheit.

Byggebeskrivelse

VENTILASJON Det vil bli montert balansert ventilasjon med lokalt aggregat plassert i bod/ skåp i kvar leilegheit. Avtrekk via kanalar over tak.

TILVALSMOGLEGHEITER Utover dei kostnadsfrie valalternativa som er omtala, vil det bli mogleg å gjere enkelte individuelle tilpassingar. Seljar vil i god tid før innreiingsarbeida startar utarbeide ein tilvalsmeny der prisar og fristar for å føreta val vil framgå. INNFLYTTING Stipulert ferdigstilling/innflytting vil vere 2./3. kvartal 2013. Dette under føresetnad byggjestart 4. kvartal 2011 eller 1. kvartal 2012. Byggjestart er også avhengig av at tilstrekkeleg tal leilegheiter er førehandsselde. Vidare er byggjestart avhengig av at igangsettingsløyve blir gitt. Overtakingsmånad vil bli varsla kjøpar ca. 3 månader før berekna overtaking. Kjøpar aksepterer at endelig overtakingsdato vil bli varsla kjøpar seinast 6 veker før overlevering. Kvar kjøpar vil ved overtaking få tildelt FDV-dokumentasjon som syner kva material, produkt og fargeval som er nytta, og i tillegg adresselister med oversikt over kontaktpersonar/firma som er ansvarleg for dei forskjellige arbeid og vedlikehald. ATTERHALD Alle opplysningar i denne spesifikasjon er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, eller som følgjer av offentlege pålegg, utan at den generelle standarden vert forringa.

BODER I tillegg til bod i leilegheita får kvar leilegheit 1 stk. sportsbod. Sportsbod plasserast i eige bodanlegg på utsida av p-etasje. Bod i parkeringskjellar vert

37


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 41

Andre opplysningar

ANDRE OPPLYSNINGAR FELLESUTGIFTER Storleiken på fellesutgiftene er ikkje fastsette, men stipulerte fellesutgifter skal dekkje sameiga sine ordinære driftsutgifter. Kor store kostnadene blir, vil avhenge av kor mange ytingar sameiga rekvirerer. Erfaringsmessig vil dette vera om lag kr. 25,- til 30,- pr. kvm. BRA/ mnd. Endelig fastsetting av første års driftsbudsjett og fellesutgifter vedtakast på sameiga si konstituerande generalforsamling. Eigedommen som prosjektet vert oppført på er ei festetomt. Det skal betalast ei årleg festeavgift per leilegheit basert på ei sameigebrøkfordeling. Sameigebrøken er ein funksjon av leilegheita sitt areal i høve til totalt leilegheitsareal i prosjektet.

KOSTNADER Gebyret for tinglysning av skøyte er f.t. kr. 1.548,-, og tinglysningsgebyr og attestgebyr for pantedokument i samband med etablering av eventuelle lån er f.t. kr. 2.142,- pr. pantedokument inkl. attest. I tillegg innbetalast à konto kr. 50,- pr. kvm BRA-S til sameiga for likviditet i oppstartsfasen. Det vert teke atterhald om endring av satsane for offentlege gebyr og avgifter i tida fram til heimelsovergang finn stad. Det skal ikkje betalast dokumentavgift ved kjøp av ny bustad på festetomt, men eit minimumsgebyr på kr. 250.- til Statens Kartverk.

BETALINGSPLAN 10 % av kjøpesummen innbetalast ved kontraktinngåing til meklar sin klientkonto for prosjektet. Rentene på innbetalt forskot tilfell utbyggjar. Den resterande del av kjøpesummen innbetalast seinast ei veke før overtaking av eigarseksjonen. . GARANTIAR Leilegheitene vert selde i samsvar med lov om bustadoppføring. Seljar pliktar å stille bankgaranti til kjøpar i samsvar med Bustadoppføringslova § 12 og § 47. Overføring av innbetalt forskot frå meklar til

38

seljar er avhengig av at seljar har stilt garanti i samsvar med bustadoppføringslova § 47. For øvrig gjeld Lov om eigarseksjonar for sameiga og drifta av dette.

REGULERING Tomta er regulert til bustad- og næringsføremål i godkjend reguleringsplan.

AREALOPPLYSNINGAR Areal oppgitt i prospektet er gitt i bruksareal (BRA) som er leilegheita sine mål innvendig, herunder innvendige boder og vegger, men ikkje medrekna yttervegg. I tillegg vert oppgitt P-rom som er leilegheita sitt BRA-areal fråtrukke innvendige boder og veggene til desse.

ADRESSE Adresser vert fastsett av Sogndal kommune etter at seksjoneringa er tinglyst.

LIKNINGSVERDI Likningsverdien er førebels ikkje fastsett. Denne vert fastsett av Skatt Vest etter overtaking og vil normalt vere på 25 - 30 % av førstegangs kjøpesum.

SAMEIGA Eigarseksjonane vil tilhøyre ei sameiga som også omfattar garasjeanlegg. Seksjonsnummer og eigarbrøk vert bestemt i samband med seksjoneringa. Sameiga vil ivareta forvalting av felles grøntareal innanfor eigedommen. Desse areal vil fremgå av eige kartutsnitt som syner uteareal tilknytta bustaddelen i prosjektet.

FORRETNINGSFØRAR Forretningsførar er BOiVEST.

FORSIKRING Bygg og eigedom vil vere forsikra av utbyggjar fram til overtaking, deretter teiknast fullverdiforsikring gjennom eigarseksjonssameiga. Kjøpar må sjølv teikne innbu- og lausøyreforsikring.

MATRIKKEL Gnr 64 Bnr 5 Fnr 35 i Sogndal kommune. Bruksnummer for eigedommen vil kunne endrast i samband med samanføying og grensejusteringar. Seksjonsnummer for kvar leilegheit vert fastsett ved seksjoneringa.

PRISAR Leilegheitsprisane fremgår av vedlagde prisliste. Seljar står til eikvar tid fritt til å endre prisen på uselde leilegheiter.

MEKLARPROVISJON Meklar har ein fast provisjon per leilegheit som vert selt i prosjektet.


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 42

Seljar tek generelt atterhald om myndigheitene si saksbehandlingstid og eventuell justering i framdrift for overtaking/innflytting, heimelsoverføring med vidare som følgje av dette. Det kan førekoma avvik mellom byggjespesifikasjon og planteikningar. I slike tilfelle er det alltid byggjespesifikasjon som er retningsgivande. Dersom det er avvik mellom prospekt/internettside og leveransespesifikasjon, er det den endelege leveransespesifikasjonen i kontrakten som gjeld. Omfanget av leveransen er avgrensa til denne.

Utbyggjar tek atterhald om retten til å akseptere eller forkaste eitkvart bod/ kjøpetilbod på fritt grunnlag. Sal av kontraktsposisjon er berre tillate etter godkjenning frå seljar. Seljar kan utan nærare grunngjeving nekte slik godkjenning. Ervervet vil etter slik godkjenning kunne tinglysast direkte til tredjemann, men seljar vil i høve til oppgjer og kontraktsvilkår for øvrig berre forhalde seg til kjøpar. Eventuelle bod må gjevast inn på seljar sin standard kjøpekontrakt som vil bli nytta ved alle sal. Sjå eige kontraktsdokument som vert føresett gjennomgått før bod vert gitt. Seljar tek atterhald om å føreta justeringar i kontrakten som følgje av offentlege krav m.m. Vidare har seljar høve til å avvise bod frå interessentar som måtte motsette seg å bruka eller krevje endringar i standard kjøpekontrakt. Skøyte vert tinglyst i kjøpar sitt namn. Dersom

kjøpar ikkje ynskjer tinglysing av skøyte, må han ta atterhald om dette i mellombels kjøpsavtale/ bod. Ved eventuell endring i eigarskap/namneendring frå kjøpar si side etter bod/aksept vil det påløpe administrasjonsgebyr til meklar på kr 15.000,- inkl. mva som innbetalast til meklar sin driftskonto. Eventuell endring krev utbyggjar sitt samtykke.

Atterhald

ATTERHALD Byggjestart er avhengig av at eit visst tal leilegheiter er førehandsselde. Vidare er byggjestart avhengig av at ramme- og igangsettingsløyve blir gitt frå myndigheitene i god tid før byggjestart. Det vert også teke atterhald om ein for utbyggjar tilfredsstillande avtale med entreprenør.

Seljar tek atterhald om retten til å føreta kredittvurdering av kjøparar. Eigedomsmeklar er underlagt Lov om kvitvasking. Dette medfører at meklar har plikt til å melde frå til Økokrim om evt. mistenkelege transaksjonar. Seljar tek atterhald om retten til å førestå fordelinga av P-plassar og boder. Det vert teke atterhald om trykkfeil i leveransespesifikasjon og prospekt.

Alle opplysningar i denne salsoppgåve er gitt med atterhald om rett til endringar som er hensiktsmessige og naudsynte, føresett at det ikkje reduserer den generelle standarden monaleg. Kjøpar aksepterer utan prisjustering at utbyggjar har rett til å føreta slike endringar. Døme på slike endringar kan vere innkassing av teknisk anlegg, mindre endring av bustaden sitt areal eller liknande. Seljar tek atterhald om retten til å organisere parkering og boder på den måten som han ser som mest hensiktsmessig, til dømes som ein del av sameiga sitt fellesareal med dertil tilhøyrande bruksrettar, seksjonert som tilleggsareal til den enkelte seksjon eller som særskilt anleggseigedom. Utomhusplanen i prospektet er ikkje eit kart, men ei illustrasjonsskisse frå landskapsarkitekt. Utomhusplanen er utarbeidd for å illustrere tomta si planlagde opparbeiding. Seljar står fritt til å endre leilegheitsnummer i prosjekteringsprosessen. Seljar tar også atterhald om eventuell endring av tal eigarseksjonar i bygningane.

Design: cogito design • Illustrasjonar: Oxivisuals AS / cogito design • Arkitektar: arkitektkontoret 4B AS • Prosjektselskap/Utbyggjar: Sjøkanten Utvikling AS • Foto: Falkeblikk AS / Shutterstock.com

39


SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 43

ILLUSTRASJON

KATALOGBILDE SIGDAL


LDE SIGDAL

SJØKANTEN SOGNDAL PROSPEKT.:Layout 1 05.09.11 08.24 Page 44

ILLUSTRASJON

KATALOGBILDE KATALOGBILDESIGDAL SIGDAL

Staden der du bur blir ein del av deg


OMSLAG 568x265 SOGNDAL:Layout 1 02.09.11 14.40 Page 1

www.sjøkantensogndal.no

35 sjølveigarleilegheiter med unik beliggenheit, rett ved fjorden høg standard – flott utsikt - rett ved sjøkanten - gode solforhold Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS, avd. Sogndal. Postboks 286, 6852 Sogndal, Gateadresse: Parkvegen 5.

Jan Arild Rømmen tlf. 48 14 76 99 / 57 62 87 75 mail: jan.rommen@ssf.no

Jan Rune Årøy tlf. 95 04 42 40 / 57 62 87 76 mail: jan.aaroy@ssf.no


Sjøkanten Sogndal - Prospekt