Norsk polarhistorie 3 – del 2

Page 12

til fangstfolka utgjorde årlig mellom ti og tolv millionar kroner i åra 1947–50. Salet av skinn og pelsprodukt gjekk først og fremst til utlandet, noko som innebar tilgang på viktige valutainntekter i gjenreisingsfasen. Når det gjeld Kvitsjø-fangsten, hadde forskingssamarbeidet med Sovjetunionen tatt slutt etter at feltet blei stengt for norske fangstmenn. Men i 1958 kom det i stand ein ny avtale mellom Noreg og Sovjetunionen. Samtidig blei ein ny norsk-sovjetisk selfangstkommisjon oppretta, som møttest årlig for å drøfte tiltak for å regulere fangsten, basert på praktiske og vitskaplige undersøkingar. Avtalen omfatta alle områda med norske og sovjetiske fangstinteresser: Vestisen, Nordisen, Austisen og Danmarksstretet, og var eit viktig tilskot til forvaltninga av selstammane til dei økonomiske sonene blei oppretta i siste halvdelen av 1970-åra. At representantar for organiserte næringsinteresser og staten sat saman rundt same bordet, gjerne saman med vitskapsfolk, var ikkje uvanlig i etterkrigstida. Selfangstrådet er eit typisk eksempel på det som blir kalla «den korporative organiseringa» i arbeidarpartistaten. Men rådet fekk ei særlig sterk stilling, og det har i praksis styrt den norske selfangstnæringa utan innblanding frå politikarane. Rådet er blitt leia dels av forskarar, dels av byråkratar. I 2000 blei det nedlagt, men samtidig blei det oppretta eit nytt sjøpattedyrråd. Det nye rådet har eit breitt mandat, og har ansvaret for fangstreguleringar og forvalting av vågekval, selfangsten i Vestisen og Austisen, og kystselfangsten. Den politiske merksemda i Noreg omkring selfangsten har vore påfallande fråverande i heile etterkrigstida, men i mars 2004 blei den første stortingsmeldinga som samla tar for seg norsk sjøpattedyrpolitikk lagt fram, og der har selfangsten fått ein stor plass.18

Sørishavet blir tømt

Då krigen braut ut i september 1939, ville Storbritannia stoppe all norsk oljeeksport til Tyskland. Kvalolje blei sett på som opplagt kontrabande, så britane ville berre la Noreg importere 50 000 tonn til eige bruk. Tyskland, derimot, hevda at det nøytrale Noreg sjølv måtte få avgjere kva dei ville gjere med oljen. For Tyskland var kvaloljen så viktig at dei ville la både den norske og den britiske kvalflåten få fangste i fred, om dei berre fekk størstedelen av kvaloljen, som i fredstid. I februar 1940 inngjekk Noreg handelsavtalar, først med Storbritannia, så med Tyskland, blant anna om sal av kvalolje. Fangsten blei drive utan omsyn til fangstreguleringar, no var det berre om å gjere å utvinne mest mulig olje raskast mulig. Likevel vart det ikkje sløsa så mykje, i Antarktis heldt utnyttingsgraden, målt i oljefat per BWU, seg på eit forholdsvis høgt nivå.19

326 n y e g r e n s e r


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.