Norsk polarhistorie 1

Page 198

Alle ville ha ein bit av «Fram». Berre Tromsø, Trondheim, Bergen, Kristiansand, Larvik og Kristiania blei æra med besøk, medan Harstad og ei rekkje andre byar måtte nøye seg med å helse polarskuta i skipsleia.

framfor nokon andre skulle gje uttrykk for folkets kjensler. Brøgger gjekk også ut mot Dagbladet og hevda at mannskapet på «Fram», med Nansen og Sverdrup i spissen, sette seg heilt mot å forpeste «Nationens Stemning» med partipolitikk på denne måten.79 Kongen demonstrerte sjølv kor omstridd posisjonen hans var ved å gjere sin eigen representativitet til eit eksplisitt tema: «Norges Konge føler det at være en hellig Pligt, men ogsaa en ubestridelig Ret, at tolke sit norske Folks Følelser i denne Stund. Modtager altsaa ved mig det ganske Folks inderlige og varme Tak for, hvad I har gjort, for den Glæde, I har beredt norske Hjerter, for den Æresglans, I har spredet over eders Fædreland.»80 Kongen kunne ikkje seie vårt fedreland, og stadfesta dermed det som var Dagbladets poeng, at bernadottane aldri kunne bli noko anna enn «fremmede Gjæster».81 Tyske blad trykte også nokre antinorske utfall kongen skulle ha kome med. M.a. blei det påstått at han hadde fått Nansen til å love å ikkje delta meir i norsk politikk. Dette blei dementert av båe, og mykje av det andre var også opplagde misforståingar. Men venstreavisene kunne slå fast at kongen ikkje hadde greidd å nytte høvet til å styrke posisjonen sin i Noreg.82 Det kan synast som om «Fram»-feiringa var noko alle ville ha del i, at ho verkeleg innfridde fantasien om den totale overskridinga av alle forskjellar, for ei stund: « … her er alle like,» skreiv Den 17de Mai, «ingen klasseskilnad.

198 h e l t e t i d e r


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.