Issuu on Google+

Nyhendemagasinet Nr. 2 - 2011

Informasjon om Valet 12. september Side 6-7

Eit møte med førsteklassingar Side 5 Brukarundersøkinga s 8-9 Å byggja bruer i Øygarden s 13 Korleis kan lokalpolitikken spegle samfunnet? s 12

– brubyggjaren


Innleiing Innhald 2  3 3-4 5 6-7 8-9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19

Kjære innbyggjar! Algar i Stegeviksvatnet Kortnytt Første skuledag  Kommunevalet 2011 Brukarundersøkinga Tilskuddsportalen Kulturskule og SFO Kvinner i politikken Brubyggjaren Folkehelse på kartet i Øygarden Turar og aktivitetar Øygarden si eiga kokebok Presentasjon av fagleiarar Kommunen informerar 5 på servicetorget

Sea Dream I seglar inn i solnedgangen. Foto: Lise Kvalvik

Kjære innbyggjar!

Redaksjonen Bernt Hjørnevik Liv Edel Mikkelsen Christel Møvik-Olsen Eva Olsvold Tekstredigering: Egil Olsvold Ansvarleg utgjevar: Øygarden kommune ved Bernt Hjørnevik, kulturleiar Ide, utvikling og produksjon: PCG Bergen Trykk: Prinfo Unique Papir: Nyhendemagasinet er trykt på Cyclus offset papir. Det er eit 100% resirkulert naturkvitt papir. Opplag: 2200 stk., og NyhendeMagasinet vert distribuert til alle husstandar i kommunen.

24

1

Ø M E R KE T ILJ

0 Trykksak 7

Kommunevalet står for døra, måndag 12. september. Bruk røysteretten. Demokratiet slik det fungerer i Noreg, gjer det Foto: Privat foto mogleg for deg som veljar å påverka samfunnsutviklinga. Unge og førstegongsveljarar: nytt deg av røysteretten. I Øygarden har me hatt særleg fokus på å få fleire kvinner inn i politikken. Partia/gruppene har arbeidd med dette, og eg ber om at du tek omsyn til det dersom du gjer endringar på røystesetelen. Brukarundersøkingar vert gjennomførte for å avstemma kvaliteten på tenestene kommunen leverer. Det er viktig å få ein peikepinn på avvik mellom forventningar hos våre innbyggjarar og det me leverer av tenester. Kvalitet har ein pris og nok pengar er som kjent ei utfordring. I framtida må me nok vurdera kvalitetsnivået nøye og gjera kvalitetsnivået kjent for deg som innbyggjar slik at du veit kva du får levert. Eg ønskjer deg ein fin haust i denne vakre kommunen vår.

9

M

Fredag 22. juli, var fram til kl. 15.25 lik mange andre fredagar. Folk såg fram til helga, alt var slik det skal vera ein fredag ettermiddag i juli. Så kom katastrofen. Først vart Regjeringskvartalet rasert av ei bombe og menneske vart drepne og skada. Deretter vart forsvarslause ungdommar og vaksne skotne ned på Utøya. Tragedien var eit faktum. Me måtte konstatere at både livet og samfunnet er sårbart når eit menneske bryt alle sperrer og går laus med bombe og skytevåpen for å drepa systematisk. Me sørgjer med dei sørgjande etter denne tragedien. Mange har skrive i kondolanseprotokollen, og ofra vart minna under høgmessa i Blomvåg kyrkje 31. juli.

Desse har medverka Frå kommunen: Olav Martin Vik, Torgeir Sæter, Bernt Hjørnevik, Liv Edel Mikkelsen, Christel Møvik-Olsen, Silvia Haugland, Jarle Kåre Oen, Bente Guntveit og Ingunn Teigen. Framsidebilete: Silvia Haugland Baksidebilete: Øystein Skålevik 4 Nyhendemagasinet Øygarden

Med venleg helsing

Olav Martin Vik Ordførar


Nyhende ned Toftøy vassverk inntil vidare. Ein provisorisk vassleidning frå Rong over Rongesund bru til Toftøy kom på plass same kveld, slik at innbyggarane på Toftøy kunne få trygt og godt drikkevatn frå Blomvåg vassverk.

Toftøy vassverk. Oppdatert informasjon finn du på kommunen sine heimesider.

Algar i Stegeviksvatnet Vassforsyninga på Toftøy Tysdag 21. juni vart det lagt merke til algeoppblomstring på overflata i Stegeviksvatnet. Dette er vasskjelda til innbyggjarane på Toftøy. Kommunen fekk fort mistanke om at det kunne vera blågrønalgen Anabaena. Ein alge som kan vera giftig. Både Mattilsynet, NIVA (Norsk institutt for

vannforskning) og Folkehelse-instituttet vart kontakta. Etter tilrådingar frå dei fremste ekspertane i landet på algar i ferskvatn, avgjorde kommuneleiinga i samråd med kommunelegen å stengja

Øyvind Bohne seier at vassprøver frå Stegeviksvatnet vart sendt til NIVA og Folkehelseinstituttet. Dei stadfesta kommunen sin mistanke om at algeoppblomstringa skuldast blågrønalgen Anabaena. Det vart og teke ein test for å undersøkja om oppblomstringa var giftig. Testen viste at algane heldigvis ikkje hadde giftstoffet microcystin i seg. I prøver tekne på 12 meters djupne (inntaket til Toftøy VBA) er det ikkje funne giftige algar. Algeoppblomstringa har etter kvart avteke, og det er no tydeleg mindre algar i overflatesjiktet. Ekspertane har likevel vore eintydige i at fram til no har det vore ein reell fare for ny oppblomstring. Når Stegeviksvatnet er friskmeldt vil Toftøy vassverk verta opna for ordinær drift. Til alt hell har vi hatt ein våt sommar slik at det har vore nok vatn frå Blomvåg. Informasjon om vassforsyninga til Toftøy finn ein og på Øygarden kommune sin heimeside.

OL i London i august 2012. Det er naudsynt med god planlegging. Saman med teamet rundt Alexander skal slagplanen leggjast.

Ordføraren og verdsmeisteren

Verdsmeister frå Øygarden

Alexander ”den store” var på gjesting hjå ordførar Olav Martin Vik Årsaka til invitasjonen var gullmedaljen han vann i VM i symjing i Shanghai. Alexander er den første nordmannen som har teke gull i eit symje-VM for Noreg. Diverre vart han sjuk mot slutten av opphaldet. Han sa medalje kunne vore innan rekkevidde på 200m om han hadde halde seg fri for halsvondet han vart plaga med. “No skal eg vera heima og slappa av før eg tek litt ferie”. Målet framover er klart:

Øygarden kommune ønskjer lukke til med medaljen, og ikkje minst: planlegginga fram mot OL 2012 i London.

Kloakkarbeid i Kvernebekken på Toftøy

I september startar arbeidet frå Torsvik kai til Husdalen I Kommunestyretmøtet i juni vart det gjort vedtak om å byggja kommunal infrastruktur på strekninga Torsvik kai til Toftøy skule. Prosjektet vert delt i to etappar. Første delen frå Torsvik kai til Husdalen startar opp i september i år. Tor O. Kleppestø seier at arbeidet som skal gjerast er omfattande, men han ser fram til at ein kan starta opp første fase no. Informasjonsmøte med grunneigarar og

Sea Dream på veg inn til Nautnes andre vil verta halde før oppstart.

Cruiseskip på Nautnes

I byrjinga av juni vart Nautnes Fiskevær vitja av Sea Dream I, eit flott og eksklusivt lite cruiseskip. I nokre hektiske timar vart det arrangert sykkelturar og spaserturar og vel 100 gjestar fekk servering. Øygarden vonar på fleire visittar i åra som kjem

DnB NOR ny bank for kommunen

Kommunen har hatt avtale om hovudbank på anbud våren 2011. Det er gjort avtale med DnB NOR, som vert kommunen sin nye hovudbank. Avtaleperioden er 3 år, med opsjon på ytterlegare eit år. Nyhendemagasinet Øygarden 3


Nyhende laga kulturnaust i Toftevågen. Dei har renovert eit naust, der robåtar har vorte overhala og blankpussa. I naustet finn ein og tønner og andre fiskereiskapar. Det er gjort eit flott og omfattande arbeid.

Områdeplan for Tjeldstø Frivillig Eiliv Lønning heisar kommunen sin nye vimpel.

Kommunen sitt sørlegaste punkt

På kommunen sitt sørlegaste punkt Svelgen, vaiar kommunen sin vimpel. Velforeininga har sett opp flaggstong på kanonstillinga. Kanonstillinga er ein populær stad med bord og benkar. Mange står nede på neset og fiskar. Det er Eiliv Lønningen som frivillig har tilsyn med plassen, og som saman med nokre andre held området ryddig. Diverre er det slik at ikkje alle ryddar etter seg. Feilparkering i området er òg eit problem. Ta omsyn til at dette er eit bustadområde når du vitjar staden.

Her kjem den nye barnehagen.

Ny barnehage på Toftøy. Grunnarbeidet er i gong

Opparbeiding av tomta for den nye barnehagen på Toftøy er komen godt i gong. Det er Harkestad Entreprenør AS som står for arbeidet. NLM Barnehagar AS skal byggja ein barnehage med fem avdelingar. Dersom alt går etter planen kan barnehagen stå ferdig hausten 2012.

Kulturnaust på Toft

Områdeplanen har no vore ute til høyring, og det har kome inn merknader om arkeologiske funn. Kommunen er og gjort merksam på at det er nødvendig å ta omsyn til fuglelivet i området. Planutvalet har i møte 29. juni 2011 handsama alle merknadane. Det er og gjort endringar i samsvar med krav i høve dei arkeologiske funna. Det er og teke omsyn til formalitetar i høve utnyttingsgrad i området. Grunna endringane må planen ut på ei avgrensa høyring. Planutvalet reknar med å kunna slutthandsame planen utpå hausten.

Eldsjeler i Nærmiljøutvalet på Toftøy har Vestny

I samband med Kystsogevekene inviterer Kystmuseet til museumsdag der ein får besøk av galeasen ”MS Loyal”. Loyal er den praktfulle galeasen som er stasjonert i Forlandsvågen i Sund. Denne hausten dreg Loyal på ”kystsogeseilas” til vår region.

28. juni

2011

hele Loyal te Nå blinren sin sku regio

tue 2 ak

Loyal på Kystmuseet

tt tysdag

lt

elt tku ltur blir kys l, Loyal ip for Fjel og flag gskØyg ard en jeg Sun d, – Det te har Ask øy. for i alle år, per job bet glad skip sier en Hau sbe rg. er – Jeg Aud un

en Loyal ergaleas vakker ssted i blir med tilhold gen. Nå nen Forlandsvå hele regio Y: skipet flaggskip, i OG ASKØ tiden vil RDEN med sitt eget ulturell , ØYGA i regiLoyal på at større verdi og når en ny tverrkatsing. sikker e og æring g har kystkulturs Jorun K. i oppl idlin Når få en størr Arkivfoto: Både rform onen. er kultu å by på. er de Øgaard mye det gjeld veldig ombord herskipper knytLoyal sier mer n kostnader og å rien, l, Audu driften. er store mannskap folk kom e nær histo Loya dag komm – Det å holde veldig av galeasen typisk l . Vi må , for tet til bådelde båten ads-driften seg nen. Enbruker Loya og eier regio keho dugn skolen g på dag- vedli Hausberg. brenne livet i at for kan være at ingsoppleg er den oss vekk fra folk kan og kommutiden kysttokt rende at gg vi rvisn vet bruk Skal på n opplever forsiden han helt avgjø ����������� til unde næringsli kveldstid, sier det gjørtror at når en et oppleoss hatt ���at samm vil det gi ektet var ���������� ut. Jeg Skippere han har ����������� , tid, og building på musikt, gere nene får sydd i, prosj ��������eren. drømmer ����������munene Fjellnå til team . t tidli og lang omi. Kom n å ta tak t ������ s-led på kort stabil økon en helt anne inter vjuen Hausberg ��������fire kom Askøy harnye Hjørnevik naturligrden, Bern r sier Ikku gnytt k pne og mest De ten Mon Vest er å søke en mer Øyga leder for het: Øygarden skal bli det ���- som var er Audu Hjør nevi Grethe på at nene har dessudet gjeld Loyal er e en dørå rsjef i Bernt e sentrale i vår skipp Sund, at Loyal ����������� ssa- sier kultu . Han er også ���������� Vær skjul vil samboer r. For raft når håper andr innlem����� bestemt ���������� nde amba og hans De la ikke tivt å drivee slagk ulike stede prosjektet På sikt Vestgar og bli Hjørnevik����������r styret. ����� Haus en. lukra dette seile kan at fra støtte på at ����� en slags Hans for mang skap fremt også i regionen nger, sier det ���������ene utgjø innen jeg viss også det var langt til tross . bruk onen, sjøen. båter i år betyr har kommunløfter nå i felles ringvirkni. særlig kute, l. at dette som blir prosjektet gi store istisk dør på mmeren sen, som en seils spillere, – Vi skute her ute alle- met i er klart omi for Loya 933 optim støtte stisk kjøp 416 02 Det På senso e galea i Forla ndsberg alle – l, men økon ad, men av gode fanta vet. D gaml n sin Jeg tror til Loya ekler om kysttokt en K. ØGAAR ngig at den næringsli avne nomi JORUN o på et Perife- for lite. et forhold dette prosj i hand blir ingen dugn er avhe estnytt.n il øko berg at øko, skal hjem meh jorun@v Loyal for å bli den Dette idig at posisjon på rede har Under i Sund Da Mer stab itet n Haus e bit av vågen i regionen: skut a ligge a- jeg tror samte skuten sin r vi frem av tjenester. skal bli. n. r Audu en letter og aktiv bli rundt Nå håpe øymarkn øy tet vil styrkSamtidig løfteutradisjo- økonomi vil at den e på bane en vil man litt dør- nomien kan Lang rifestival under Lang . skuten unene komm mme vil regionen. en, på en være en Glesvær,skuta anko og skut a y og kystkultur sier Hjørnevikat fylkes- må komm prøve å mot nærings, også att av Vi vil ogsåLoyal inn den vil rsenter, på Askø nell måteopplever g oppt for kyst kultue opp både Han en er særli åpner ����dette mun ������ også ankr i ���� rden. ene kom ultur. mentet i Øyga ���������dager. Den kultur-ele ������ nde i to få være kystk – Kyst elever ten liggeskal skole på skuten. dagen et opplegg men med på l ungdom glad for planen at Loya i hver Mest år er t en uke ����� Til neste til mins ����� ����� og skal holde ������ næringsliv ���������� klasser, at t enn med skolelevelser. glad for l alt anne e faross gjen-g kulturopper aller mest er Loya ute i kjent tokt med – Jeg ommene Jeg er veldi For tidennens seilsk sitt lengste r. og ungd vi får en regioLoyal er på sinne, i Øste prosjektet opplæring ikke å gjøre dem nom dette vann: ertokt noen en vender av å gi g. Bare det , er før 9. opptatt idlin somm på sjøen g, et. Skutndsvågen båten vikti trygge t kulturform sjø-områd unge veldig til Forla ag kaste ni barn og mener er tilba ke Sist torsd satte snute renoe jeg berg. august.fra Sund, og estyrerep k, på kom mun nar Buvi sier Haus anker Stockholm. skal båten ����� kom, Gun Det var retning Stockholm ���������� ni Fjell lurte på omLoya l. nt ����� Fra på senta et møte fra Købefått ���� n å tenk t Nederst som i ����������er hjemturen nytt har og hadde nte karu sellekulfra fra Fusa. munene det siste Bergen. Vest maritimtsom Strønenvik, Stina Graaf nye inter ed begy regitil det i eles , Jo Leif s, Derm Ikku havn skapet e et særd arbeidet fra Stord Eide fra Orma snur re. kultursam seg med beggre tilsendt bilde av mann n Brask Helge f.v: Adria fra Forland, raf. turelle tok ideen til s fått hund solfylt på turen. med åtte knop og en ar. Bak fotog vi med r onen, Nå har Ikku nale mider rsjøe n seile mot Kalm Mong Hans berg er der – Her Åhu s i Øste Der seilte på vei es, Grethe Audun Haus never. fylk esko mmubølgja», I tilar. for. t på Loyales fra Øksn Kaptein tuse n prosjektet «Ta uten for er for Kalm i 1887 i et dag rediensen og Mannskape Øksn fra Fair Isle. en last rstid. I ler til er hoveding sogevekene kurs silde m, f.v: Ole Andre med med vinte Tom Best Loyal r Kyst Loyal vært på til Stockhol org og sekken legg bidra relle skole rundt i regirykende vi frem Mong-Ha nsen Gøteb mer oktet he Den kultu kom kystt Gret til midler år. forteller på Loyal. onen i ombord en kystkultufrem skut Løfte ønsker å sette l var det Loya s – Ikku dagsorden. ren på

SOTRA

på las Loyal lang sei rekord sjøen i Øster

Faksimile frå Vestnytt 28. juni 2011

Programmet for dagen: Kl 12 – 13 og 15 – 16: Open båt med omvising om informasjon om Loyal, kulturinnslag Kl 13 – 14: Høve for tokt med Loyal. Pris kr 100,- . Påmelding til kystmuseet@museum.vest.no /avgrensa plassar ombord. Turen er vær-avhengig. Kystmuseet har ope kl 12 – 17 med sal av fiskesuppe, lappar m.m. Loyal skal liggje i Øygarden også måndag – men då er det skuleelevar som får høve til å ha undervisning om bord gjennom den kulturelle skulesekken.

Ærverdige Lojal kjem til Øygarden 18. september.

4 Nyhendemagasinet Øygarden


Nils Artu r

ndsen

r ra

u Am

Bert

in

e

1. klasse ved Blomvåg skule. Snart er skulekvardagen meir enn ein draum. Foto: Silvia Haugland

om Bl

Første skuledag Nye rutiner

16 verdensvante skuledebutantar set avslappa og fint på stolane sine og lyttar til lærar Nils Artur Amundsen. Han forklarar dei ferske elevane rutinane rundt lunsj. Alle bøker skal i sekken og pennalhuset skal opp i venstre hjørnet av pulten, og elevane gjer som dei får beskjed om. Første skuledag er og litt spanande for lærar Nils Artur som for første gong skal væra kontaktlærar for 1.klassen. Han har tidlegare vore lærar på ungdomsskulen og mellomtrinnet. På spørsmål om det har vore sommarfuglar i magen og om dei har sove godt om natta, svarar Marte Dale at ho har sove utruleg godt og ikkje vore

e al

Har venta på denne dagen

Bertine Blom har sett fram til denne dagen heile sommaren og er ikkje det minste nervøs for å begynne på skulen. Ho har ein storebror på skulen og meiner at han nok kjem til å passa på ho. Ho fortel at det kjekkaste med første skuledag var då læraren las i boka og dei sang songar saman. Litt skuffa fortel jentene at dei enno ikkje har fått lekser, eller bøker, men at dei håpar på å få det i morgon. Skuleklokka ringjer og dei tre ferske første klassingane spring mot døra til klasserommet og er klar for sin første ordentlege skuletime.

Si

g jøstrøm dS ri

Nytt for både elev og lærar

noko nervøs. Besteveninna, Sigrid Ellisiv Sjøstrøm, innrømmer at ho har hatt litt sommarfuglar i magen, men dei forsvann då ho fekk friminutt og fekk leika med dei nye klassekameratane.

Mart

Redaksjonen tok turen til Blomvåg skule for å snakka med nokre av dei ferske elevane.

eD

Den 22. august starta omlag 57.000 born i første klasse, av desse begynte det 68 første klassingar i dei fire barneskulane i Øygarden.

Nyhendemagasinet Øygarden 5


Nyhende

Informasjon til veljarane om

kommunevalet 2011 12. september Røystestadane i Øygarden på valdagen:

Valdagen

Desse 6 partia /gruppene stiller valliste til kommunevalet i Øygarden: Tverrpolitisk Valliste, TVØ Det Norske Arbeiderparti, DNA Kristeleg Folkeparti, KrF Fremskrittspartiet, FrP Sosialistisk Venstreparti, SV Høgre, H

Røystelokale og opningstider

Manntalslister og valkort

Førehandsrøysting

Manntalslistene er lagt ut på servicetorget i rådhuset på Rong. Her kontrollerer du om du står i manntalet. Alle registrerte veljarar som står i manntalet har fått tilsendt valkort i posten. Valkortet gjev m.a. nærare informasjon om kor du kan røysta på valdagen.

Hugs legitimasjon

Om røystemottakar i vallokalet ikkje kjenner deg, må dei krevja legitimasjon. Hugs at det tilsende valkortet ikkje gjeld som legitimasjon. Alle bør difor ta med gyldig legitimasjon, til dømes førarkort, bankkort, pass eller liknande når ein skal røysta ved førehandsrøysting, heimerøysting (ambulerande) eller på valtinget 12. september.

6 Nyhendemagasinet Øygarden

På valdagen må du røysta i den kommunen du er manntalsført, det vil seia den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett pr. 30. juni 2011. Skal du røysta på førehand kan du gjera det i kommunar kvar som helst i landet. Tida er sett frå 10.08.11 til 09.09.11 I Øygarden vil førehandsrøystinga for valet 2011 finna stad på Servicetorget i rådhuset på Rong, og Tednebakkane omsorgssenter (TBOS). Hugs at du må ha med legitimasjon for å røysta. Det er ikkje nødvendig med valkort, men det er fint om du tek det med fordi det gjer røystemottakar sitt arbeid i vallokalet enklare. Har du førehandsrøysta, kan du ikkje røysta på valdagen. Du kan heller ikkje førehandsrøysta fleire gonger.

01 Toftøy - Toftøy skule KL. 12.00 – 20.00 02 Rong - Rong skule KL. 12.00 – 20.00 03 Blomvåg - Blomvåg skule KL. 12.00 – 20.00 04 Breivik - Breivik barnehage KL. 12.00 – 20.00 05 Alvheim - Alvheim skule KL. 12.00 – 20.00 06 Hatten - Skjergardsheimen KL. 12.00 – 20.00 07 Bakken - Bakken skule KL. 12.00 – 20.00 08 Hernar – Hernar skule KL. 14.00 – 17.00

Kven kan røysta? • Norske statsborgarar som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, og som er, eller har vore, registrert busett i Noreg • Statsborgarar i andre nordiske land, som har fylt 18 år innan utgangen av 2011, og som har vore registrert busett i Noreg 30. juni 2011 • Andre utanlandske statsborgarar som har vore registrert busett i Noreg samanhengande dei tre siste åra føre valdagen


Heimerøysting

Stad og tid for gjenståande førehandsrøysting 1. Øygarden Rådhus, Servicetorget, Rong 10/8 - 9/9 - Kl. 09.00 - 15.00 Utvida opningstid desse dagane: Torsdagane: 11/8, 18/8, 25/8, 1/9, 8/9 - Kl. 09.00 - 18.00 Laurdagane: 27/8, 5/9 - Kl. 09.00 - 14.00 2. Tednebakkane omsorgssenter, Rong Onsdag 7. september Kl. 09.00 - 14.00

Veljarar som av ymse årsaker ikkje kan førehandsrøysta, eller røysta på valdagen 12. september, kan be om å få røysta heime. Valfunksjonærar vil då kome til veljaren privat. Dei som ønskjer å røysta heime kan ringja kommunen: tlf. 56 38 20 00 måndag - fredag i ekspedisjonstida 08.00 – 15.30.

heimesida valnatta. Valstyret i Øygarden står elles til rådvelde for veljarane ved å svara på spørsmål, gje avklaringar omkring vallova med meir. Du når oss på tlf 56 38 20 00 e- post: post@oygarden.kommune.no

Bruk røysteretten!

Ei høg valdeltaking er den beste garantien for eit levande folkestyre.

Frist for å tinga røysting heime er sett til onsdag den 7. september kl.15.00.

Særleg er det viktig å få med alle som kan bruka røysteretten ved kommunevalet for første gong.

Informasjon om valet

Til alle veljarar: Bruk røysteretten!

Her finn du nyttig og meir detaljert informasjon om kommune- og fylkestingsvalet: www.oygarden.kommune.no (Øygarden kommune si heimeside) www.valg.no (Kommunal- og regionaldepartementet) Valstyret i Øygarden vil leggja ut resultata av kommunevalet i Øygarden på

Velkomen til vallokalet. Godt val! Med venleg helsing Olav Martin Vik Leiar i Øygarden valstyre Jarle Kåre Oen Valkoordinator

Kyrkjevalet 2011 Valet fell i år saman med Kommunevalet. Samstundes med val til sokneråd vert det også direkteval til bispedømerådet.

Valdagar:

Etter godkjenning frå Kyrkjedepartementet er Hjelme og Blomvåg sokn i ei prøveordning med felles sokneråd: Øygarden sokneråd.

Måndag 12.september er vallokale ope i begge kyrkjene frå kl 12.00 til kl 20.00.

Det skal veljast tre faste og fem varamedlemar frå kvart av sokna.

Førehandsrøysting:

Frå 10. august til 10. september på kyrkjekontoret i ekspedisjonstida. 28. august etter gudstenesta i Blomvåg kyrkje, og 4. september etter gudstenesta i Hjelme kyrkje

Søndag 11.september etter gudstenesta i Blomvåg kyrkje.

Aldersgrensa for å røysta i kyrkjevalet er 15 år. Alle som har røysterett til kyrkjevalet får tilsendt valkort frå sentralt hald. Kandidatliste for valet er presentert på side 8 i ØyNytt nr 3/11 og på: www.kyrkja.net og www.oygarden.kommune.no

Nyhendemagasinet Øygarden 7


Nyhende

Brukarundersøkinga Brukarundersøkingar er viktig for å få fram kva oppleving og erfaring brukarane av dei kommunale tenestene i Øygarden har. Tilbakemeldingane frå brukarane er naudsynt for at kommunen skal bli betre, og justere arbeidet der det trengs. Brukarundersøkingane er standardiserte og samanliknbare sidan dei vert nytta i dei fleste kommunar i landet.

Ros og ris

Rådmann Torgeir Sæter fortel om varierte tilbakemeldingar med både ros og ris. Resultatet er nært knytt til kva forventningar brukarane har, og på nokre område er gjerne forventningane høgare enn det som er rimeleg kommunal standard. – Difor treng vi å få avklart kommunale standarder. Generelt ser eg at vi har forbetringspotensiale på fleire tenesteområde, seier rådmannen.

Handlingsplan og fokus i arbeidet

PLEIE- OG OMSORGSTENESTA I pleie- og omsorgstenesta opplever bukarane: • stor grad av trivsel • å verta møtt med respekt • at personalet er tilgjengeleg Undersøkinga syner også at pleieog omsorgstenesta bør informera og involvera brukarane meir i tenestetilbodet. Det er difor iverksett ulike tiltak som skal betra kontakten mellom brukar, pårørande og omsorgstenesta. – Me lagar no ein månadleg informasjonsbrosjyre om aktivitetstilbod på omsorgssenteret. Denne vert sendt både til brukarar og pårørande, noko me har fått god respons på, seier einingsleiar Britt Jorunn Landro.

8 Nyhendemagasinet Øygarden

- Den enkelte eining lagar ei handlingsplan med tiltak basert på dei viktigaste funn frå brukarundersøkinga. Tiltaka vert arbeidd med over tid, og ved neste undersøking forventar vi at resultata vert betre. Der vi allereie er gode er det viktig å halde fokus

slik at vi opprettheld det gode arbeidet.

Måle utvikling over tid

Rådmannen fortel at kommunen ønskjer eit resultatfokus på tenestene. Målet er å verte betre enn landsgjennomsnittet. Gjennom systematisk bruk av målingar og samanlikningar med andre kommunar, skal vi ha eit kvalitetssystem som i stor grad er faktabasert og som kan måle utvikling over tid. - Dei gode resultata vil me få med kompetente og engasjerte tilsette, som får og tek ansvar. Tydelege mål, avklarte forventingar – gjerne med politisk vedtekne standarder på nokre tenester – og resultatfokus. Samtidig må vi ha god brukardialog i det daglege, oppsummerar Torgeir Sæter.

NAV Svarprosenten i NAV var så låg (7 av 80 svara) at opplysningane som kom fram ikkje kan reknast som representative. NAV har evaluert gjennomføringa av undersøkinga, og vil til neste år informera brukarane betre på førehand. –På den måten vonar me å auka svarprosenten og få fram opplysningar om korleis tenesta fungerer for brukarane, seier leiar Vidar Sangolt.

SKULEFRITIDSORDNING (SFO) I Øygarden går dei fleste borna i 1 – 4 klasse på dei fire barneskulane i SFO. Brukarundersøkinga viser at foreldra i stor grad er nøgde med det varierte tilbodet borna får både inne og ute, men at det er variasjon skulane imellom.

Det er registrert ønskje om å få meir fysisk aktivitet ute i friluft. Medverknad, informasjon og bygningsmessige forhold er område foreldra meiner bør forbetrast på nokre av skulane. På to av skulane er det difor bestemt at det skal gjennomførast faste samtalar med foreldra, og lagast månadlege brev som syner kva som skjer i SFO.


BREIVIK BARNEHNAGE Foreldra er svært nøgde med tilbodet dei får i Breivik barnehage. På samtlege spørsmål i brukarundersøkinga (32) ligg barnehagen over landsgjennomsnittet. På oppsummeringsspørsmålet om kor nøgd foreldra er med barnehagen, er scoren 5,5, mot 5,1 på landsbasis. – Me har som mål at både foreldre og born skal verta endå meir nøgde med tilbodet dei får i Breivik barnehage, seier leiar, Anne Merete Tøssebro, i barnehagen som har visjonen “ med stjerner i auga, og skrubbsår på knea”.

FAMILIENS HUS Brukarane opplever å verta møtt med respekt i Familiens Hus. Dei opplever også tenestetilbodet som tilgjengeleg. Det er klar tilbakemelding at tenestene bør involvera

brukane i større grad og at dei ulike tenesteområda vert betre samarordna. Einingsleiar, Anna Nesje Nes, fortel at det no er sendt ut informasjonsbrosjyre om Familiens Hus til alle husstandar, og at det elles er iverksett ulike tiltak for å sikra at tenestene kan imøtekoma behovet hos brukarane.

TEKNISK PLAN OG FORVALTNING Det er tre hovedfunn i svara frå Teknisk plan og forvaltning. Etterlysing av raskare tilbakemelding i byggesaker. Fokus på om likebehandling av saker. Like saker synes løyst ulikt avhengig av saksbehandlar. Tredje funnet gjeld informasjon om byggesaker. Leiar Øyvind fortel om ei rekkje planar som er lagde og tiltaksliste som er laga. Informasjonsarbeidet er betra med oppgradering av heimesida og ei målsetting om at alle e-postar skal svarast innan tre dagar. I saker det tek tid å handsame, er det eit mål no at innbyggjarane skal få tilbakemelding om saka tek meir enn 30 dagar å handsame. Det er iverksatt planar og sjekklister for likebehandling av saker. På grunn av stor aktivitet med kundekontakt er det vanskeleg å kunna overhalda denne fristen til ei kvar tid.

TJELDSTØ BARNEHAGE Barnehagen får gode tilbakemeldingar frå foreldra når det gjeld: • skuleførebuande aktivitetar • mattilbodet • medverknad for foreldra • opningstider Forbetringsområde som kom fram i undersøkinga er fysisk innemiljø, uteområde og medverknad frå borna. –Det er iverksett tiltak for å gjera desse tilhøva betre, seier styrar Hilde Ervik.

Nyhendemagasinet Øygarden 9


Folk og fritid

Tilskuddsportalen

– eit godt verktøy for lag og organisasjonar Infomøte 19. sept

NY KULTURPLAN

Har du lyst å vere med å påverke?

Register deg og ditt lag på Tilskuddsportalen

Øygarden kommune tilbyr no lag og organisasjonar tilgang til Tilskuddsportalen sin lagsmodul. Kommunen har lisens på denne portalen som syner til ei kvar tid oppdatert informasjon om over 2100 ulike ordningar. Du får oversikt over søknadsfristar og du kan lesa nyhende om tilskotsordningar. I vår inngjekk kommunen avtale om levering av Tilskuddsportalen – til tilsette i Øygarden kommune. Samstundes vart det gjort avtale om lisens på ei tilsvarande nettside som alle lag og organisasjonar kan nytte seg av. Her kan du finna økonomiske tilskotsordningar som ditt lag kan søkje på.

Organisasjonsnummer naudsynt

For å kunne nytte seg av denne portalen er ein avhengig av å ha eit organisasjonsnummer. Dei fleste lag og organisasjonar har dette. For dei som ikkje har eit slikt organisasjonsnummer kan dei få det ved å registrere seg i ”Frivillighetsregisteret”. Som kjent kan dei som er registert i Frivilligregisteret søkja om momskompensasjon og delta i Grasrotandelen.

10 Nyhendemagasinet Øygarden

Kurs og pliktig oppmøte

Den 19. september vert det kurs og innføring i bruk av tilskuddsportalen for alle organisasjonar i Øygarden. Då kjem det representantar frå Scan4news som vil gjennomgå alt ein treng vita om denne portalen. NB ! For å kunne ta i bruk denne portalen må dei organisasjonane som vil ha tilgang til portalen møta denne dagen. Møte vert 19.september kl.17002000 på Øygarden Rådhus på Rong. Kulturleiar Bernt Hjørnevik seier at denne nettportalen med oversikt over kva, og ikkje minst kor ein kan søkja om ulike typar tilskot, vil vere eit godt verktøy både for organisasjonane, men og for kommunen. Særleg nyttig er det at ein kan få e-postvarsel når fristar nærmar seg.

2012 vil vere året då ein skal starta arbeidet med å laga ny kulturplan. Gjeldande kulturplan går inn i sitt siste år og då er det ønskje om å få lagd ny overordna kulturplan. I første omgang no, er vi interessert i personar som kan tenkje seg å vera med i ei ressursgruppe der det er stor takhøgde og rom for gode diskusjonar. Vi ønskjer oss representasjon frå ulike typar organisasjonar og sjølvsagt er og einskildpersonar velkomne til å vera med – ta kontakt for nærare informasjon. Har du lyst å vera med på ei slik spennande reise? Ta kontakt med kulturleiar Bernt Hjørnevik. bernt.hjornevik@oygarden..kommune.no 56 58 20 00


Kulturskule og SFO

– hand i hand

Jens Holstad med elevar i kulturskule. Arkivfoto: Øygarden kommune

No når skulane og SFO startar opp att vil det og vere tilbod om kulturskuleaktivitetar i SFO-tida på alle skulane. I vår var det påmelding til dette ”gratis”-prosjektet for kommande haust. Responsen var overveldande og det er godt over 90% av alle elevar i klassetrinna 1.-4. som har meldt seg på. Aktivitetane som vert tilbydd er kunst/drama/musikk og dans. Ikkje alle hovudønskja kan verta oppfylt med den enorme påmeldinga, men me lovar alle eit tilbod. I forarbeidet til dette prosjektet har det og vore godt samarbeid med skulekorpsa på Toftøy og Rong med tanke på

aspirantopplæring. Den gode dialog har ført til at me vil kunna tilby 2 timar med aspirantopplæring til kvart korps denne hausten. Øygarden samarbeidar tett og godt med Fjell kulturskule om dette prosjektet.

Møter med lag og organisasjonar Kulturkontoret vil invitera dei ulike gruppene av lag til eit dialogmøte utover denne hausten. Det vil koma innkalling spesifikt til kvar gruppe av lag om dette. Det vil vera viktig at laga kjem på dette møte for utveksling og dialog rundt alt som har med kulturlivet å gjera.

Ein har og fått tilskot frå Utdanningsdirektoratet, både for 2010 og 2011 som gjer at prosjektet no er ein realitet.

Nyhendemagasinet Øygarden 11


Det politiske hjørnet Fakta På Statistisk Sentralbyrå sin likestillingsindeks for 2006 ligg Øygarden på 334. plass blant landets 430 kommunar. Ein av indikatorane er talet på kvinnelege kommunstyrerepresentantar, som for Øygarden sin del var fire av 23 representantar i forrige valperiode. I formannskapet var ein av fem representantar kvinne, og blant fem hovudutvalsleiarar var det ei kvinne. Øygarden kommune er med i prosjektet ”Utstillingsvindu for kvinner i lokalpolitikken” i regi av Kommunal- og regionaldepartementet, saman med 21 andre kommunar i landet. Prosjektperioden er frå 2007 til og med 2012. Målet er å auke talet på kvinner i politiske styre og utval etter valet den 12. september. Kommunestyret i Øygarden er klar på at kvinner skal, på lik line med menn, ha viktige posisjonar i øygardspolitikken. Det sikrar mangfald og gode tenester. Med økonomisk støtte frå departementet, har ei tverrpolitisk prosjektgruppa gjennomført ulike tiltak som kan gjera det meir attraktivt for kvinner å delta i politisk arbeid. • Kommunestyre på dagtid • Føreseielege møtetider • Godtgjersle til barnepass • Skulering i : korleis takle herskarteknikkar, ta ordet kurs, mediatrening, styrekurs • Nettverksbygging • Styrking av politikarrolla • Mentorordning for nye kvinnlege listekanditatar

Målsetting for arbeidet

Målet for kommunevalet i Øygarden er at ein skal ha annan kvar kvinne og mann i kommunestyret og at kvinner skal få reel makt når politiske verv vert fordelt! Godt val!

Brosjyrematriell for AnnanKvar-kampanjen: Ordførarkandidatane Aud Karin Oen, Trine Overå Hansen og Anne-Grethe Solbakk. Bak: Silvia Haugland - Tvø, Mette Skaar Østgulen - FrP, Liv Edel Mikkelsen - AP. Illustrasjon: Tor Stian Ramsøy

Antall kvinner i politikken bør spegle samfunnet Ved valet den 12. september avgjer innbyggjarane i Øygarden korleis lokalsamfunnet skal formast dei neste fire åra. I år kan dei velja mellom 46 kvinnelege listekanditatar som vil gjera ein forskjell og bidra til utvikling av kommunen. Ved førre kommuneval vart det valt inn 8 kvinner. Målet er å koma så nær annan kvar kvinne og mann som mogeleg. Kommunestyret i Øygarden, der det i dag er overvekt av menn, er heilt klar på at kvinner på lik line med menn skal ha viktige posisjonar i øygardspolitikken, kommunestyret, formannskap og andre politiske verv. Difor har Øygarden vore med i eit fire år langt prosjekt kalla Utstillingsvindauge for kvinner i lokalpolitikken.

Valet – eit demokratisk ansvar

Nominasjonskomiteane har fått med seg 46 kvinner på listene. Av desse er 3 kvinner på topp og det er 10 kvinner med stemmetillegg (kumulert). – Dette er me godt nøgd med. Veljarane har også eit demokratisk ansvar for å syte for at lokalpolitikken også bør spegle

12 Nyhendemagasinet Øygarden

samfunnet. Kvinner har andre røynsler enn menn, kan tilføra politikken perspektiv og setje nye saker på dagsorden, seier prosjektleiar Aud Karin Oen til NyhendeMagasinet.

Personrøyster frå veljarane

På nettstaden til regjeringa.no finn ein informasjon om korleis ein kan gje personrøyster. Veljarane kan gje éi personrøyst til så mange av kandidatane på lista som dei ønskjer. Dette gjer dei ved å setje eit merke ved namnet på kandidaten på røystesetelen. Også kandidatar som står med utheva skrift, kan få ei personrøyst. Veljarane kan også gje personrøyster til kandidatar som står på andre lister enn den lista dei røystar på (slengjarar). Dette gjer dei ved at dei skriv namnet på desse kandidatane i eit eige felt på røystesetelen.


Visjonar

Foto: Julian Bell

n e r a j g g y b u r B • inn mot sentrale strøk

• mellom øyane

• mellom reiselivsaktørar

• mellom innbyggjarane

• inn mot nabokommunane

• mellom næringslivsaktørar

• inn mot sentrale styresmakter

• mellom yrkeslivet og pensjonisttilværet

• mellom barndomen og vaksenlivet

• mellom kommune (tenester) og innbyggjar

- Ein fokuserer først og fremst på å posisjonera rolla til Øygarden som eit sentrum for all aktivitet på øyane der det går bruer ut frå sentrum til alt som skjer i regionen. - Merkevara Øygarden er bygt på at Øygarden er ein handlekraftig kommune som skapar verdiar for lokalsamfunnet både gjennom eige virke og som ein katalysator for ekstern aktivitet – eit nav i lokalsamfunnet. - Ein går ut frå teorien om at verdiar og synergiar vert skapt når menneske møtest, og

at det difor er viktig med ein aktiv brubyggjar som sørgjer for at det oppstår samhandling.

Pleie, omsorg helse – byggjer bruer mellom pleier og pleietrengjande.

- Ein byggjer like mykje status på dei ulike einingane som for kommunen som ein heilskap:

Teknisk – byggjer bruer mellom det offentlege ansvar og dei private ønskja/ behova.

Servicetorget – byggjer bruer mellom kommune og innbyggjar og mellom aktørar. Barnehage og skule – byggjer bru mellom barn og vaksne, mellom barndom og vaksenliv.

Barnevern og sosial – byggjer bruer mellom eit problem og ei løysing. Øygarden kommune – Brubyggjaren – navet som får lokalsamfunnet til å vekse og bløme.

Nyhendemagasinet Øygarden 13


Tema

Du har vel merka det du og! Folkehelse på kartet i Øygarden Folkehelse er i fokus og vi høyrer stadig om kor viktig det er å ta vare på helsa vår. Ei ny lov om folkehelse trer i kraft om kort tid. Denne gjev kommunar og fylkeskommunar eit større ansvar i høve til folkehelse enn tidlegare.

Personalet ved Familiens Hus henter inspirasjon ved Skogsøy. Helse vert skapt der folk lever og bur. Gjennom kommunen sine ordinære verksemder og planar for t.d skular, barnehagar, kultur, bygg og anlegg , helse, osv skal kommunane leggje til rette for trygge og helsefremjande miljø og stimulere innbyggjarane til ein sunn livsstil. Helseadferd er det vi aktivt kan gjere for å redusere risiko for sjukdom, få overskot i kvardagen og fleire gode leveår.

Dagleg risiko og førebygging

Risikofaktorar som tobakk, alkohol, kosthald, fedme og fysisk inaktivitet påverkar førekomsten av folkesjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, kroniske lungelidingar, diabetes og kreft. Type 2 diabetes er dobla dei siste 30 åra. Ein av fem vaksne har fedme. Den gode nyheita er at så mykje som 80 % av hjarte- og kar sjukdommar, 90 % av type 2 diabetes, og 30 % av krefttilfella kan førebyggjast.

Resept for alle, uansett alder, er auka fysisk aktivitet!

Alle menneske bør vere fysisk aktive minst 30 min kvar dag. Intensiteten børe vere minst middels, t.d ein rask spasertur, og den skal vere slik at hjartet ditt slår ein del hurtigare enn vanleg. God kondisjon gjev meir energi i kvardagen.

Stor helsegevinst

Du reduserer sjansen til å få tette blodårer,

14 Nyhendemagasinet Øygarden

høgt blodtrykk og hjartesjukdom, kreft, beinskjørheit osv. Det gir betre søvn, og det førebyggjer muskel og skjelettplager. Forsking viser og at fysisk aktivitet kan hjelpe ved psykiske lidingar, og den kan betra funksjonsevna ved kroniske sjukdommar som astma og diabetes. Ei anna god nyheit er at risikoen for hjarteinfarkt vert redusert berre 24 t etter at du sluttar å røykje, og etter 2-4 år er faren for hjarte-karsjukdom betydeleg redusert.

Førebygg tidleg

Definisjoner begrepsavklaringer om folkehelse Frisklivstilbod

Frisklivstilbod kan definerast som individog grupperetta tiltak for å fremje god helseåtferd og for å sikre sosiale fellesskap.

Frisklivssentral (FLS)

Ein frisklivssentral (FLS) er eit kommunalt kompetansesenter for rettleiing og oppfølgingprimært innanfor helseåtferdsområda fysisk aktivitet, kosthald og tobakk.Frisklivssentralen har eit strukturrert ”vise til” - og oppfølgingssystem for personar med behov for å endre helseåtferd. Sentralen kan i tillegg fungera som ein ressurs og eit kontaktpunkt for andre helsefremjande tiltak i kommunen.

Frisklivsresept: GRØN RESEPT En frisklivsresept er ein blankett for henvisning til ein frisklivssentral etter ein helse- og sosialfaglig vurdering. Denne gir tilgong til tidsavgrensa og strukturert rettleiing og oppfølgingstiltak innan fysisk aktivitet, kosthald og tobakk.

Nyleg høyrde vi på nyheitene at overvekt og fedme blant born i 3.klasse er eit større problem i Norge enn i USA. Årsak er lågare aktivitetsnivå. Born blir i stor grad kjørt til skular og fritidsaktivitetar. Undersøkingar viser at born i 11 års alderen sit ca 3 timer framfor pc-en kvar dag, og dei brukar ca 20 timer pr veke framfor tv. Skal vi lukkast med folkehelsearbeid i Øygarden er det viktig at kommunen, frivillige lag og organisasjonar, politikarar og innbyggjarane generelt er med og tek eit tak. Kom gjerne med innspel og idear. Det er mykje godt folkehelsearbeid i kommunen vår allereie, og meir skal det bli.

Helseåtferd

GRØN RESEPT på Frisklivssentralen

Sjukdomsførebyggjande arbeid er innsats for å forhindra eller utsette sjukdomsforløp (primærførebygging), alternativt forhindre forverring eller vidareutvikling av sjukdom (sekundær førebygging), alternativt minske konsekvensane sjukdommen får for funksjon og livskvalitet (tertiær førebygging).

Ein Frisklivssentral er under utarbeiding i kommunen. Her kan du koma å få vegleiing og oppfølging innan helseadferd. Frisklivssentralen kan gje deg ein såkalla GRØNN RESEPT hos lege, (og andre) for deretter å få hjelp til å starta endra adferd. Det vil koma informasjon ut til alle innbyggjarane i kommunen når Frisklivssentralen er på plass. Ha ein fin haust, og ta vare på helsa di!

Helseåtferd er åtferd og levevanar som har stor påverknad for helsa. Noen av de mest kjente eksempla er kosthald, fysisk aktivitet, tobakksbruk, alkoholbruk, seksualvanar og bruk av illegale rusmidlar.

Folkehelsearbeid

Folkehelsearbeid er samfunnets totale innsats for å oppretthalde, betre og fremme Innbyggjarane si helse gjennom å svekke faktorar som medfører helserisiko, og styrke faktorar som bidrar til betre helse.

Helsefremmande arbeid

Helsefremmande arbeid er en prosess som gjør at den enkelte så vel som fellesskapet får meir kontroll over forhold som verkar inn på helsa, og som dermed gjør den enkelte i stand til å betre sin egen helse.

Sjukdomsførebyggjande arbeid

Låg terskeltilbod

Kjenneteikna for låg terskeltilbod er at dei er lett tilgjengelege fysisk, sosialt og kulturelt. Barrierar for deltaking er redusert slik at det blir enklare å delta. Låg terskeltilbod krev ikkje attestering frå lege, dei er opne for alle.


Kultur MIN TUR program hausten 2011 Dato 25-aug 01-sep 08-sep 15-sep 22-sep 29-sep 06-okt 13-okt 20-okt 27-okt 03-nov

Tur Mot Anekletten Tjeldstømarka Vikåsen til bølgekraftverket Knarviksmarka Rundt Steinsvatneet Ditlef hytta Ingen tur denne dagen Oen Gravplassen på Bakken, Seløy Stien ved Hjelme kyrkje Ormhilleren

Turleiar Olav Martin Vik Otto Harkestad Villie Petro Nygård Liv Edel Mikkelsen Silvia Haugland Kjetil Rong Aud Karin Oen Anne Lise Grøm Trine Hansen Overå Børge Haugetun

Oppmøte Kaien på Vik Bedehuset på Tjeldstø Parkeringsplassen på Teknologisenteret Blomvåg Kyrkje Parkeringsplassen ved bussterminal på Blomvåg Rong Laks Oen bedehus, på parkeringsplassen Ved gravplassen Bakken skule Parkeringsplassen på Ormhillerern

KUL-TUR program hausten 2011 Dato 17-aug 24-aug 31-aug 07-sep 14-sep 21-sep 28-sep 05-okt 12-okt 19-okt 26-okt 02-nov 09.nov 16.nov 23.nov 30.nov

Tur Vikåsen Ditlefhytta Tjeldstø Blomvåg Ormhillern Oen / Herdlevær Sæle/Hjelme Vikåsen Ditlefhytta Oen / Herdlevær Hellesøy Ormhillern Blomvåg Tjeldstø Ditlefhytta Sæle/Hjelme

Det skjer i Øygarden hausten og vinteren 2011

Her finn du ei oversikt som syner mange av aktivitetane som føregår i kommunen dei næraste månadane fram mot jul. Her vil det vera noko for ein kvar smak vil vi tru. Følg også med i lokale media, oppslag, arrangør- og kommunen si heimeside for meir detaljert informasjon.

Har du arrangement som skal vera med i kulturkalenderen?

Lag og foreningar som ønskjer å publisere arrangement i kalenderen kan kontakta kulturkontoret, det er gratis arrangementoppføring i kalendaren.

Turleiar Norvald Vik Odd Rong Berit og Håkon Østgulen Kåre Blom Roald Atle Furre Eleri Mai Oen Fossem Robert Sæle Norvald Vik Odd Rong Eleri Mai Oen Fossem Sissel Hellesøy Roald Atle Furre Kåre Blom Berit og Håkon Østgulen Odd Rong Annbjørg Sæle

Oppmøte Toftøy Vassverk Parkering ved Rong laks Busstermminalen på Tjeldstø Parkering i Blomåsen Parkeringsplassen på Ormhilern Parkeringsplassen ved Kystmuseet Gamle butikken på Sæle Toftøy Vassverk Parkeringsplass ved Rong Laks Parkeringsplassen ved Kystmuseet Skilt til Sprengsneset Parkeringsplass på Ormhillern Parkeringsplass på Blomåsen Bussterminalen på Tjeldstø Parkering ved Rong laks Sælekryssen

Frivilligsentralen Frivilligsentralen er med på ulike aktiviterer og arrangement sammen med andre frivillige organisasjoner i Øygarden. Denne kalenderen gjeld fram t.o.m desember (utenom helligdager). Kvar fredag Seniortreff på Rong senter kl. 11.00 - 13.00 Kvar onsdag KUL - TUR, turer med lokake guider kl. 11.00 Den første tydsdagen kvar månad Strikke- og Heklekafe På Tednebakkane Omsorgsenter kl. 18.00 - 21.00

Du kan sende e-post til: chmo@oygarden. kommune.no eller ringja servicetorget på telefon 56 38 20 00.

Anna kvar tysdag Handyklubb på Tjeldstø kl. 18.30 - 21.30

Oppføring i nettutgåva skjer etterkvart på www.oygarden.kommune.no

Anna kvar tysdag Matklubb på Øygarden Ungdomsskule kl. 17.30 - 20.30

Øygarden kommune Annakvar torsdag (t.o.m 8. des) Småbarnstreff på øygarden helsestasjon kl. 10.30-12.30 Kvar torsdag (t.o.m 03. nov) Min tur - tur saman med politikarane Sjå turglede-brosjyra for detaljar kl.18.30 23. oktober TV Aksjonen

Annakvar torsdag

SMÅBARNSTREFF

Nyhendemagasinet Øygarden 15


Kommunen informerar

Cindy og Anette ventar på oppskrifta di… Foto: Øygarden Media

Har du ei oppskrift til

Øygarden si eiga kokebok? Sidan januar i år har matklubben ”kokkelert” annan kvar tysdag på Rong skule. To eldsjeler, Anette Rong og Cindy Bibow, starta matklubben. For hausten 2011 ønskjer dei to driftige damene at oppskriftene frå matklubben skal verta ei kokebok for Øygarden. Alle kan ta del og få med favorittoppskrifta si!

Korleis oppstod ideen om matklubb?

Anette svarar. Mange har ulik kompetanse og røynsler. Å dela matoppskrifter har med vidareføring av tradisjonar å gjera. Matklubben kan vera ein måte å føra vidare god kunnskap. Cindy svarar. Kvardagsmaten er viktig. Oppskrifter på klubbmat og festmat er vi flinke til å dela på, men dei kjappe og greie rettane vi har på tysdag og torsdag er ofte rettar vi ikkje snakkar så mykje om. I matklubben er vi opptekne av å ikkje stressa, og laga den heilt vanlege kvardagsmiddagen.

Kvifor er det viktig for dykk å lage maten saman?

Med deltaking lærer vi meir. Vi hugsar på ein annan måte enn om vi berre ser på at andre lagar mat. Klubben er på Rong

16 Nyhendemagasinet Øygarden

skule. Der får vi ein felles arena som alle har ansvar for å gjera triveleg. Ved å samlast på nøytral grunn treng ikkje den einskilde å vera vert eller vertinne. Alle deltek ut frå sine føresetnader. Ein person er rettleiar for oppskrifta for dagen. Det avtalar vi frå gong til gong. (Neste rettleiar avtalar vi etter at vi har ete.)

Har de nokre ønskje for framtida?

Vi har ein visjon om at matklubben skal ha eit større aldersspenn, betre kjønnsfordeling og fleire nasjonalitetar. Vi vert begge inspirert av å skapa ein sosial møteplass. Det er inspirerande å vere ein del av ein samlande aktivitet. Gjennom matklubben set vi større pris på kvardagsmaten i Øygarden.

Ønskje om fleire unge

Matklubben er ingen “hønseklubb”, det er ein MAT klubb. Det kan vera ein fin familieaktivitet, ein arena for å gjera noko i lag. Vi ønskjer fleire ungdomar med oss, gjerne saman med far eller mor.

Opplegget er slik:

• Anette eller Cindy møter kokken for dagen på Rong senter. Saman går vi og handlar. Matpengane vert dekka av Frivilligsentralen i Øygarden. • Alle møtest på skulen til kl. 17.30. Kokken for dagen, Anette eller Cindy går gjennom oppskrifta. Slik får vi heilskapen i retten tydeleg med oss. • Vi deler oss i grupper. • Gruppene deler oppgåvene seg i mellom. • Når maten er klar, dekkar vi bordet og et. • Etter maten ryddar alle, slik at lokalet er like reint og fint som då vi kom. • Anette og Cindy ser over lokalet og gjev beskjed når vi er ferdig med ryddinga.

Fakta Det er inga påmelding til matklubben, og inga forplikting i deltakinga. Gratis er det og. Første gongen du vil koma kan du gjerne ta ein telefon om du lurer på noko. Anette Rong: 926 81 868 Cindy Bibow: 413 11 790 Frivilligsentralen: 56 38 20 23


Helge Kleven

Fagleiar barnevern Alder: f. 1969 Sivil stand: gift, 3 born Bur: Brattholmen

Bakgrunn/ erfaring

Utdanna sosionom med vidareutdanning i rettleiing. Har arbeidd som sakshandsamar og fagrettleiar i barnevernstenesta i Bergen, Laksevåg bydel i 13 år.

Kvifor jobba i Øygarden?

“Stillinga var freistande då Familiens hus er tilrettelagt for tettare samarbeid mellom dei ulike avdelingane som jobbar med målgruppa til barnevernstenesta. Det var og attraktivt å virka i ein mindre kommune.”

Tankar om jobben

“Eg ønskjer at Barnevenstenesta skal ha tillit hos innbyggjarane i Øygarden. At folk opplever at vi er til hjelp når dei treng det. Vi skal vera eit lågterskeltilbod, der t.d. foreldre sjølve kan kontakta oss for drøfting av spørsmål å få råd når dei treng det.”

Stian Christer Hansen

Fagleiar psykiatri Alder: f. 1980 Sivil stand: gift, 1 barn Bur: Drotningsvik

Bakgrunn/ erfaring

Utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri. Har arbeidd ved Sandviken sykehus, akuttmottak, psykiatrisk ambulanse, forsvaret, vakt/ tryggleik, troppssjef i sivilforsvaret og ambulansesjåfør.

Kvifor jobba i Øygarden?

Stian søkte stillinga fordi han syntes måten Familiens hus jobbar på, med tverrfagleg innfallsvinkel, er svært spennande.

Tankar om jobben

Det er ein spennande jobb, der eg har mykje å læra. Eg ønskjer å få bruka meg

sjølv og bidra positivt med det eg har av kunnskap og erfaring. Målet for tenesta er at det skal vera lett for innbyggjarane å ta kontakt når dei treng det. Dei må tora å ringja når livet går dei i mot og dei treng hjelp.

Jarle Kvalvik

Kommunalsjef tekniske tenester Alder: f. 1969 Sivil stand: sambuar, eit barn Bur: i Fjell

Bakgrunn/ erfaring

Master i eigedomsutvikling/forvaltning, off-shore ingenør, Teknisk fagskule, fagbrev i finmekanikk, leiarutdanning frå forsvaret, økonomiutdanning frå NHH. Arbeidd i Bergen og omegn boligbyggelag, leiarteamet. Universitetet i Bergen, eigedomsavdelinga. Offshore og i militæret, med kapteins grad.

driven på er framtida. Tidleg hjelp til dei som treng det i eit tverrfagleg samarbeid, gjer at folk lettare klarar seg sjølve, utan profesjonell hjelp. - “Livet er av og til vanskeleg for alle. Då treng vi alle drahjelp, seier ho.”

Tankar om jobben

Martha gler seg til å ta fatt på arbeidet i Familiens hus. Ho har mykje å læra av øygardsfolket, og ser fram til å bidra med kunnskapen sin til dei som treng det og samstundes få auka eigen kompetanse i samhandling med andre.

Odd - Terje Karlsen IKT- sjef Alder: f. 1960 Sivil stand: gift Bur: Askøy

Bakgrunn/ erfaring

Jarle er ei rastlaus sjel som stadig søkjer nye utfordringar og menneske å bli kjend med. Kombinasjonen av nysgjerrigheit og ei oppfatning av ei spennande kommunal forvaltning, førte han til Øygarden.

Terje er ein nysgjerrig, sjølvlærd it-mann med mykje kursing og realkompetanse. Han har vore med å byggje opp Posten sitt nettverk frå PC-ens tidlege start. Driftsansvarleg i Posten frå 1987 og avslutta i Ergo-group som sikkerheitskoordinator.

Tankar om jobben

Kvifor jobba i Øygarden?

Kvifor jobba i Øygarden?

“Her er mykje å ta fatt i. Spesielt å forvalta eigedomsmassen på ein effektiv måte med m.a. fokus på miljøet. Eg er oppteken av å definere kva andlet vi skal ha ut mot publikum og korleis vi kan samarbeida på ein god og konstruktiv måte”

Martha Landro

Rådgjevar, førebyggjande tiltak, Familiens hus Alder: f. 1962 Sivil stand: einsleg, 1 barn Bur: Fjell

Odd Terje vart headhunta til stillinga. Han finn det svært spennande og utfordrande å ta til i ei stilling i Øygarden, og ser at her kan han ha ei framtid.

Tankar om jobben

Odd Terje ønskjer å etablera eit IKT-forum i kommunen. Han tenkjer heilskapleg og er opptatt av effektivisering, automatisering og samhandling, både mellom menneska han samarbeidar med og verktøyet han har ansvar for. Gode rutinar og tidleg involvering i alle prosessar. Han ser positivt på ei harmonisering av programvarene - knytt til framtidig samarbeid mellom kommunane: Askøy, Fjell, Sund og Øygarden.

Bakgrunn/ erfaring

Utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatrisk sjukepleie og rettleiing.

Kvifor jobba i Øygarden?

Martha søkte stillinga fordi ho meiner at ideen bak måten Familiens hus vert

Nyhendemagasinet Øygarden 17


Kommunen informerar Faktainformasjon om Øygarden kommune Øygarden kommune har 5 kundevertar på Servicetorget: Ingunn Teigen, Torill Hellesund, Silvia Haugland og Inger Helen Hellesund, Thor Wilthil

Innbyggjarinitiativet – din sjanse til påverknad I 2003 fekk Kommunelova eit nytt kapitel om inbyggjarinitiativ. 1

Telefon: 56 38 20 00 mandag til fredag mellom kl 08.00 og 15.30 Ordførar: Olav Martin Vik (TVØ) Rådmann: Torgeir Sæter Folketalet pr 1.7 2011: 4300 Areal: 64,2 km2 Næringsareal: 1500 dekar (Naturgassparken vest) Industri ca 1100 dekar (Kollsnes og Sture) Tal nye bustadar i 2011: ca 30 Ledige tomtar hus: om lag 800 Ledige tomtar hytter: om lag 10 Tilsette i kommunen: 379 årsverk Elevtal ved skulane: 613 Antal ungdomsskular: 1 Øygarden Ungdomsskule Antal borneskular: 5 Alvheim skule, Bakken skule, Blomvåg skule, Rong skule, Toftøy skule Born i bornehage: 248 Antal bornehagar: 3 kommunale / 4 private Kommunale: Tjeldstø barnehage, Terna barnehage, Breivik barnehage Private: Havly barnehage, Spurven familiebarnehage, Knappen familiebarnehage, Brum familiebarnehage Born i kulturskulenpr aug-11: om lag 230 Anlegg 2 fotballstadion med krøllgras: Rong Stadion og Nesemyra Stadion Symjehall i Kulturhuset Terapibasseng i Øygarden Rådhus Nyttig kontaktinformasjon Sentralen: 56 38 20 00 Øygarden Bibliotek: 56 38 22 20 Kystmuseet i Øygarden: 56 38 50 50 Viktig kontaktinformasjon: FAX: 56 38 22 31 Legesenter dagtid: 56 38 21 10 Legesenter ettermiddag/kveld: 56 38 93 00 Viktige nettstader www.oygarden.no www.godesirklar.no www.naturgassparken.no Send oss e-post til: postmottak@oygarden.kommune.no Organisasjonsnummer: 938 766 223 Besøksadresse: Øygarden Rådhus, Ternholmvegen 2, 5337 Rong Postadresse: Øygarden kommune, 5337 Rong

18 Nyhendemagasinet Øygarden

2

Initiativtakarane skal informerast om dei avgjerder som vert gjort og dei tiltak som eventuelt skal gjennomførast som følgje av forslaget.

Der står det: Kommunestyret eller fylkestinget pliktar sjølv å ta stilling til eit forslag som gjeld kommunens eller fylkeskommunens verksemd, dersom minst to prosent av innbyggjarane, alternativt 300 i kommunen eller 500 i fylket, står bak forslaget.

3 Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til forslaget seinast seks månadar etter at det er fremja. Initiativtakarane skal informerast eventuelle avgjerder eller tiltak.

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til forslaget seinast seks månadar etter at det er fremja.

4 Eit forslag kan ikkje påklagast med mindre dette følgjer av andre reglar.

Send oss forslag på postmottak@oygarden.kommune.no - Merk forslaget med “Innbyggjarinitiativet”

Ut på tur Dei som er frå Øygarden kjenner til mange av dei fine tur-løypene. Fleire veit om stiar i sitt eige nærområde og brukar desse flittig. Vi har ønskt å få ut meir informasjon om korleis ein kan finna fleire av stiane i Øygarden. Ofte kan inngangen til ein sti vera vanskeleg å finna, sjølv om den er godt merka. Me skal dela på naturen og gjera den tilgjengeleg for andre. Me vil dele dei gode turopplevingane. Fleire eldsjeler har vore guidar på turar i skog og mark onsdag formiddagar. Desse turane kallar vi KUL-TUR. Entusiastiske politikarar er guidar på Min Tur torsdag ettermiddagar i haust. No er mange stiar registrerte med GPS. Lokale turentusiastar har gjort dette arbeidet for oss, slik at me har fått fine kart knytt til kvar tur. Dei har teke gode informative bilete.

konkurranseheftet med merkeklipperane er du med i trekninga av fine premiar. Premie er ein GPS for vaksne og ein Ipod for born. Hugs å rydda etter deg. Bandtvang gjeld heile året. Bålbrenning er ikkje lov fram til 15.oktober. Kart og meir informasjon får du på servicetorget. Det er allereie registert mange på tur og ikkje minst ser ein det igjen at personar har satt sitt namn i turbøkene som ligg i postkassane rundt ikring på stiane. God tur og husk klippekort:-)

Turglede

I kvar artikkel står det og kvar ein kan parkera bilen. På heimesida, under kultur og fritid, finn du alle turane med turomtale, bilete og kart. Fram til 30.november har vi lansert ein tursti konkurranse. Går du alle 10 turane og klipper i

for store

Øygardoeg små i n KUL-TUR

Øygarden

satsar på

folkehels 3 TursTi kon a: 3 Min Tur kurranse med klip pek : 3 Kul-Tu Politikarane invitere ort r: Formid r dagsturar med guide

19. okt – Ny oppmøteplass, parkeringsplassen v. Kystmuseet. – brubyggja

ren


5

på servicetorget

Nyhendemagasinet har lodda stemninga før valkampen startar. Eit kommuneval som har fått ein heilt uvanleg og vanskeleg start. Vil dette påverka øygardsværingane undrast redaksjonen.

Spørsmål: Har 22. juli endra di haldning til valet denne hausten? Trond Trygg 33, Torsvik

Nei. Sympatistemme vil nok ikkje koma frå meg – i alle høve er det viktig å bruka røysteretten.

Bente Eknen

25, Austemarka Nei, eg har alltid røysta.

Margit Karlsen Nautnes

Eg har alltid brukt røysteretten slik ein skal gjera. Slik sett har eg ikkje endra meg, men eg kjenner meg utrygg desse dagane.

Anne Helen Drange Torsvik 27, Torsvik

Nei. Eg synest politikarane har takla situasjonen flott, og er har alltid brukt røysteretten min.

Renate Herdlevær 28, Nordre Sæle

Nei. Eg står på mitt, og har alltid brukt røysteretten.

TV-aksjonen 2011 – arbeid mot miner Årets TV-aksjonen er tildelt Norsk Folkehjelp. Dei innsamla pengane skal gå til arbeidet med å rydda miner og klasebomber som ligg igjen etter krig og konflikt. Kulturkontoret og Frivilligsentralen er ansvarlege for gjennomføringa.

Nyhendemagasinet Øygarden 19


Nyhendemagasinet

ei heil rekkje øyar og eit ope samfunn knytt saman av bruer himmel og hav med vill og ekte natur ein stad for gamal og ung eit stolt folk der framtid og historie gür hand i hand ein stad der arbeid og fritid skaper gode dagar her vil vi bu

– brubyggjaren


Nyhendemagasinet 2011 nr. 2