SenterAvisa utg.4 2017

Page 32

FRISK SATSINg Senayt Dawit er ein real energibunt. Ingenting passar då betre enn at ho skal selje frisk og energigivande drikke i sin nye kafé «New In Town». – Eg har lenge hatt ein draum om å opna min eigen plass. Når eg gjekk på kafé, pleidde eg alltid å sjå etter ting eg ville gjort annleis. I tida eg studerte på Knarvik vidaregåande skule, pleidde vi å ete her på senteret. Då lengta eg etter ein plass kor eg kunne få kjøpt ting som var annleis frå dei vanlege plassane ein finn stort sett over alt, fortel Senayt. No er draumen blitt verkelegheit, i form av kafeen «New In Town» som snart opnar på Knarvik Senter. Der skal Senayt servere herlege smoothies, friske juicer, oppkvikkande frappé og noko godt å bite i. Driftig dame Då Senayt fekk ein liten baby i mars, blei mammapermisjonen fort til ein inkubator for hennar idé om å starte ein eigen kafé. – I byrjinga var det berre ein tanke. Om lag ein månad etter at eg hadde fødd byrja eg så smått å gjere litt research. Finne ut kor mykje det ville koste, sjå på moglege lokale, og så vidare, seier Senayt og ler, før ho fortsett: – Eg starta denne bedrifta medan eg gjekk i mammapermisjon, for å utnytta tida mi mest muleg. Eg trur eg er litt for hyperaktiv. Eg vil liksom gjere alt, seier ho muntert.

32 – SENTERAVISA | Oktober 2017

Ho presenterte ideen sin for leiinga ved Knarvik Senter, og dei oppmuntra ho til å gjennomføre den. – Dei var veldig interesserte og positive. Når dei skubba meg framover og motiverte meg, gjorde det at ideen gjekk frå hovudet mitt, og ut i praksis. Eg hadde fleire møter, og kvar gong virka dei meir interessert, kan Senayt fortelje. Etter kvart var det berre å samle saman nokre gode hjelparar, og setje i gong. Hjelparane blei heile Senayt sin familie. – Dei har hjelpt med alt. Heile familien har vore med sidan starten. Eg vil i grunn kalla det ein familiebedrift.

Ikkje heilt «New In Town» Senayt kom til Noreg allereie i 2010, da ho og mora søkte asyl. I eitt år budde ho nokre timar utanfor Tromsø, før turen gjekk sørover til Lindås kommune, og resten av familien hennar som budde her. – Foreldra mine kjem eigentleg frå Eritrea. Sjølv er eg fødd og oppvaksen i Saudi Arabia, og budde i grunn heile min ungdom i Midtausten, fortel ho. Vegen har med andre ord vore lang for den driftige lindåsingen, men i oktober opnar altså hennar aller første kafé på Knarvik Senter. Og sjølv om det å starte for seg sjølv er skummelt, gler ho seg til fortsetjinga: – Lindås kommune har vore ein fantastisk plass for meg, og eg håpar det fortset slik, seier ho smilande.


Issuu converts static files into: digital portfolios, online yearbooks, online catalogs, digital photo albums and more. Sign up and create your flipbook.